70. Ytre Afdal.

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 412 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Apdale og i Aftale. Det vert no sagt Affdal eller Afftal2; han búr pao, è tao Affdal, ska tì Affdals. Namnet er samansett av gn. aptr (attover, tilbake) og dalr m. (dal), og meiningi som ligg i det, er vel at dalen liksom går attover frå hovuddalen.

--- side 413 ---

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Ytre Afdal som øydegard med skyld 28 mark og ein brukar. Elles er berre sagt, at der var brennefang og ei bekkekvern. I 1723 er skrive at der var skog til husvøling og brensel, ei flaumkvern, men ikkje humlagard. Det var fjellgard, noko tungvinn og uviss til kornavling. Skyldi var i 1777 2 pund, som i 1838 vart umskrivi til 3 dalar 3 ort 6 skill. Fure- og vedaskog til eige bruk og til sal. Vassfall var der og.

Matrikkelen 1865 fører upp 13,2 mål åker, 2 mål dyrka eng, 18 mål god, 19 mål medels natureng og 37 mål skrapebø. Medels hamnegang. Skog til husbruk. Timber kunde seljast for 8 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 11,7 mål åker, 15 mål kunsteng og 10 mål natureng.

Det budde 13 menneske på Ytre Afdal i 1801, 14 i 1865 og 13 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ytre Afdal.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 6 12
1723 1 10 12 6
1865 1 ½ 15 30 36 30
1918 1 8 15

På Afdal og i grendi plar dei i dagleg tale kalla Ytre Afdal for Utigaren og Indre Afdal for Innigaren.

Det som her vert fortalt um Afdal fyre 1652, gjeld heile garden Afdal når ikkje anna er sagt.

Bispen i Bjørgvin gjev i brev frå 1349 (DN. XVI. nr. 9) presten Jon i Evanger lov til å selja 1 mmb. i Afdal som Evanger kyrkja åtte, mot at han for pengane kjøpte att anna jordgods. Bjørgynjar Kalfskinn melder, at Vangskyrkja åtte 1½ laup i Afdal. Torfinn Henrikson, lagrettemann på Voss, kunngjer i brev skrive på Flatekvål 1455 (DN. XVI. nr. 187) at han har gjeve 5 mmb. i Øvre Afdal til Vangens prestebol med skogen som høyrde til. Han gav det, segjer han, for si og foreldri sine sjeler. Gåva skulde fullførast, når han var død. Dette brevet var lese upp i tingstova på Vangen 1626 og 1627, og det vart

--- side 414 ---

lagt fram ved utskiftingi i 1904, men kom burt under åstadgonga.

På Vangens «kirkestræde» vart i 1562 upplyst at Laurits Eilufsen Hefte åtte m. a. i «Nedre Afdal i Årtunet» 4 mmb., som var odelsgods åt farfar hans Laurits. Det ser og ut til at han åtte 2 mmb. i same tunet som han hadde ervt etter syskini åt farfaren. Leidangsboki for 1624 syner at leidangen på Afdal var 4 mark smør. Steffa var leiglending i 1621. Oluf Rokne åtte då 6 mark i Afdal. Knut var brukar i 1629 og Nils i 1635, men båe slapp betala skatt av di dei var fatige. Nils Steffason, g. m. Anna budde der i 1645.

Bruk 1. Ytre Afdal er i 1652 og 1655 ført upp med skyld 1 pund 4 mark, som F. Broderson åtte og Nils hadde bygsla. Broderson har ved makebyte med kongen i 1649 late noko til han i Ytre Afdal. Presten Miltzow fekk skøyte på garden i 1650. Skyldi var den same i 1661. Vangens prestebol er då skrive som eigar og Torfinn som brukar i 1659 og 1661, men i 1664 var det ei enkje. Presten Gjert Miltzow har fått skøyte på garden i 1670. I 1691 og 1695 var det Henrik Miltzow som åtte garden med Lauritz som leiglending. Skyldi er då 2 pund, Eirik Larsson f. 1670, g. m. Marta Eiriksdr. døydde 1738. Han var leiglending i 1701 og kjøpte garden i 1723 av Henrik Miltzow. Fire born er førde upp ved skifte 1738: Halldor, Olav Gjerdskvål, Eirik Bjørku og Mattis Gjerdskvål, gift der med enkja Abelone Steffadr.

Halldor Eirikson f. 1699, var g. 1. 1724 med enkja Guro Andersdr. Liland, 2. 1755 med Brita Brynjulvsdr. Høyland og døydde 1771. Brita vart g. 2. 1772 med Lars Knutson Kvårmo. Halldor fekk skøyte på Ytre Afdal i 1738. I 1762 vitna han i ei sak på Leiddal. Halldor og Brita hadde to born: Brynjulv f. 1764 og Guro (Guri?) f. 1757. Guro vart g. 1782 med Nils Knutson Kvårmo. Brynjulv fekk skøyte på garden i 1784 og 1786, men bytte i 1793 med Nils Knutson uti Vestre Løno. Nils var f. 1758, g. m. Gjertrud Brynjulvsdr. og døydde på Afdal 1835. Tri born: Olav f. 1787, Knut f. 1790 og Gunnvor f. 1797. Knut vart g. 1812 med Anna Sjursdr. Bø. Gunnvor gifte seg 1826 med Olav Vikingson Rene.

Olav Nilsson fekk skøyte på garden frå far sin i 1809. Han vart g. 1811 med Kari Sjursdr. Bø, og døydde 1874. Dei hadde tri døtter: Gjertrud f. 1812, Ingjerd f. 1814 og Kristense f. 1823.

--- side 415 ---

Ingjerd gifte seg 1834 med David Larsson Saude, gardmann på Gjøastein. Kristense vart g. til Høyland i 1852 med Olav Styrkson. Gjertrud gifte seg 1833 med Knut Larsson Saude f. 1805. Dei fekk farsgarden hennar i 1837. Knut døydde 1886 og hadde seks born: Nils f. 1833, Ingebjørg f. 1835, g. 1863 med Lars Jensson Myrkve, Kari f. 1837, Olav, Kristi, Ingerid. Dei tri siste var i Sunnfjord i 1887.

Nils Knutson var gift 1. 1855 med Anna Steffadr. Tvinno, 2. 1889 med enkja Gudve Sjursdr. Gjerdskvål, og døydde 1927. Han fekk garden i 1866 for 600 spd. Born med Anna: Gjertrud f. 1855, g. 1876 med Sjur Nilsson Saude, Brita f. 1857, g. 1878 med Knut Bjarneson Brekku, Gullfj. Knut f. 1859, g. 1884 med Ragnhild Jørgensdr. Leiddal. Faren skøytte garden til Knut i 1889 for 3600 kronor. Knut selde att 1905 til Jon Buene og Mons Frønningen for 5000 kronor. Jørgen K. Afdal f. 1889 mangla på garden og fekk odelsskøyte i 1909 for 5500 kronor.

Ytre Afdal var fyrr mtrnr. 70, lnr. 144 med gamal skyld 2 pund, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,69.

Bruk 2. Skyld 20 øre. Skilt frå bruk 1 i 1916 og selt til Lars Larsson Hustveit for 1200 kronor.

71. Indre Afdal.

Landkommisjonen skriv i 1661 at Indre Afdal var øydegard med ½ laup i skyld og ein brukar. Timber- og vedaskog var der til husbruk. Det var likeins i 1723. Vidare er då sagt: Garden var tungvinn, hadde ikkje humlagard og med kornavlingi var det misleg. Skyldi er den same til 1838 og er då umskrivi til 2 dalar 4 ort 7 skill. Det var to brukarar, skog til eige bruk og vassfall. Samanlikningstalet var 430.

I matrikkelen 1865 er ført upp ein brukar, 12,5 mål åker, 2,5 mål dyrka eng, 22 mål god, 29 mål medels natureng og 22 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk, og timber kunde seljast for 5 spd. um året. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 15,5 mål open åker, 20 mål kunsteng og 8 mål natureng.

På Indre Afdal budde i 1801 9 menneske, i 1865 10 og i 1920 9.

--- side 416 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Indre Afdal.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 10 11
1723 1 7 12 6
1865 1 ½ 14 30 33 21
1918 2 11 22

Indre Afdal var i 1652 på ½ laup. Lars (ein stad skriven Lars Rong) er førd upp fleire gonger som eigar og brukar 1652-


Indre Afdal.
Bilete 45. Indre Afdal. Fot. P. Braaten 1935.

1661. Skyldi var ½ laup ogso i 1661. Per Andersson var brukar i 1664 og Knut Ringheim eigar i 1676, 1680 og 1695. Olav Nilsson f. 1637, g. m. Gudve Jonsdr. døydde 1707 utan etterkomarar. Olav var leiglending sidan 1691. I 1714 åtte Steffa Ringheim 1 pund 3 mark og Sjur Flatekvål 9 mark i garden. Endre Oddson bygsla i 1718. Han var g. 1. 1729 med Marta Sjursdr. Boseim, 2. m. Guro Sveinsdr. og hadde med henne dotteri Gudve f. 1733.

Bruk 1. Indre Afdal. Styrk Sjurson f. 1696, kjøpte i 1731 18 mark og bygsla seinare resten. Lars Gudleikson Tillung

--- side 417 ---

kjøpte i 1740 12 mark og av Styrk Sjurson i 1751 18 mark. Eirik Larsson Tillung fekk i 1783 semje med Styrk um at han skulde avstå bygsleretten sin til 1 pund 3 mark til Eirik mot å få kår. Likeins skulde Eirik få bygsla 9 mark i garden som Styrk då åtte. Styrk hadde borni: Olav f. 1742, gift 1782 med Guro Sjursdr. Mosafinn, Ingebjørg f. 1745, g. 1774 med Eirik Olavson Gjerdskvål, Sjur f. 1748, Gudleik f. 1752.

Eirik Larsson Tillung f. 1749 gifte seg 1785 med Guri Larsdr. Tillung og var brukar av heile Indre Afdal. Dei hadde dotteri Rannveig f. 1788. Halle Larsson Tillung, bror hans Eirik, har i 1792 fått skøyte på 1 pund 3 mark i Indre Afdal og let det same året til Guri og Eirik. Dei har selt garden til Jon Samsonson. Jon var f. 1759, g. m. Gjertrud, syster åt Halle og døydde 1823. To born: Sigvor, g. m. Anders Larsson Draugsvoll, og Guri f. 1799. Hans Eirikson, systerson åt Halle, kjøpte so bruk 1 i 1806. Han var f. 1781 og døydde 1848. I 1839 selde han garden til Knut Ingebriktson Ringheim og tok seg kår.

Knut var f. 1817, g. 1838 med Ingjerd Andersdr. Gjerde og døydde 1869. Seks born: Olav f. 1843, Ingebrikt f. 1846, Ivar f. 1852, død ugift 1921, Odd f. 1855, død ugift 1929, Margreta f. 1840, g. m. Brynjulv Styrkson Fjose, Ingjerd f. 1842, død ugift 1877. Olav fekk farsgarden i 1869 for 800 spd. og let han 1879 til systermannen Brynjulv Fjose for 8000 kronor. Deira dotter Brita f. 1880, g. 1903 med Lars L. Hustveit, fekk garden i 1908 for 400 kronor. Hustveit er ordførar, ettersynsmann i Voss Sparebank, medlem av forliksrådet og har fleire andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 71, lnr. 145 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 7 skill., revidert 3 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,96.

Mtrnr. 71, lnr. 146. Som ovanfor nemnt åtte Styrk Sjurson 9 mark i Indre Afdal. I 1796 har Olav Styrkson Afdal og Eirik Olavson Tveito som einaste ervingar etter Styrk selt desse 9 mark til Lars Jonson Afdal, som i 1821 let det til Sjur son sin. Han selde det same året til Johannes Gudleikson, som atter selde 1826 til Mons Knutson. Brynjulv Larsson kjøpte so i 1828 og selde i 1833 til Jens Johannesson, som skulde vera frå Nordland. Jens bytte i 1834 med Botolv Larsson, som same året selde til Olav Knutson Afdal. Han selde i 1839 til

--- side 418 ---

Knut Ingebriktson Ringheim, som i 1869 let det til Olav son sin. Eigedomen er so ført saman med bruk 1.

Um Ytre og Indre Afdal kann elles meldast:

Husmenn.

Olav g. m. Anna var husmannsfolk i 1645, og i 1701 Lars Halldorson f. 1641. Styrkar Hallsteinson f. 1757 var g. m. Ingebjørg Brynjulvsdr. f. 1763. Arne Oddson, g. m. Gjertrud Ivarsdr. er nemnde 1773, då sonen Olav var fødd. Eirik Eirikson f. 1790, døydde 1840. I siste halvparten av 1800-talet budde ein Mikkjel som husmann på Moldbakken.

Ymse och segn.

Skiljet millom Ytre Afdal (Utigarden) og Indre Afdal (Innigarden) går etter elvi. Segni segjer at husi på Utigarden, som no ligg på sørsida av elvi, fyrr låg på nordsida attmed husi på Innigarden. Utigarden åtte til nyleg ein teig inn til husi på Innigarden. 9. februar 1928 tok ei snøskride husi på Ytre Afdal bruk 1.

Kvern.

På Ytre Afdal var ei flaumkvern i 1723 og i 1776 ei på Ytre og ei på Indre Afdal. På Øvre Afdal syner etter kvernestøde. Det har ikkje vore kvern på Ytre Afdal sidan ikring 1900. På Indre Afdal er framleies ei kvern i bruk. Der er sirkelsag òg no. Ei stampe har stade på Stampøynæ. Det syner endå etter vassleidingi.

Stølar.

Ytre og Indre Afdal har kvar sin støl, båe kalla Afdalsstølen, ein halv times veg frå garden. Indre Afdal hadde støl i 1723, men då hadde ikkje Ytre Afdal støl ser det ut til. Prestegarden har stølen sin på Øvre Afdal. På prestegarden er fortalt meir um det. Stølen Moldbakken høyrer og til Øvre Afdal. Likeins stølane til tri bruk på Indre Ringheim. Segni segjer at Øvre Afdal var gard for ikring 500 år sidan, og at mannen som sist budde der, gav garden til kyrkja. Det høver godt med det som ovanfor umtala brev frå 1455 melder.

Offentlege forretningar.

Sjur Oddson Flatekvål stemnde i 1706 Steffa Ringheim og Gudleik Tillung til å ta imot pengar for ½ laup i Afdal som Sjur gjorde krav på odelsretten til. Av andre offentlege forretningar på Afdal kann nemnast: Odels- og bygslesak i 1731, sak med Tvinno i 1749 um Tvinnatuftæ, sak 1766 mot Tvinno og 1792 med Prestegarden um stølen Øvre Afdal, sak i 1800 og steiningsforretning i 1801.

Ymse.

Vegen frå Vangen til Vossastrondi gjekk i gamal tid um Høyland, Bergo, Afdal, Moldbakken og ned Hydningadalen. Gamal reidsleveg frå Afdal går gjenom Smogje og Tvinnatunet.

--- side 419 ---

Det er og ein gongeveg gjenom Stigane til Tvinno, men han er ikkje brukande i hålkeføre. Køyrevegen til Afdal vart bygd i 1860-åri. Det var prost Smitt som var den drivande kraft for å få det gjort.

Bumerke på Afdal.

Eirik 1729 tavle 2 nr. 78. Halldor 1738-1752 t. 4 nr. 44. Styrk 1755 t. 4 nr. 45. Lars 1778 t. 2 nr. 51.