84. Alland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 485 ---

Namnet vert i 1620 skrive Almland. Det vert no sagt Alland2; han búr pao, è tao Alland, ska tì Allans. Namnet er samansett av trenamnet alm og land.

Alland var i 1661 ført upp som øydegard med ½ laup i skyld og ein brukar. Der var brennefang og ei liti bekkekvern. I 1723 var det same skyldi, skog til husvøling, brensel og ei flaumkvern. Garden hadde medels god jord og var sers lettvinn. Skyldi var 1 laup i 1777 og 1838, som vart umskrivi i 1838 til 4 dalar 13 skill. Der var fureskog og vedaskog til eige bruk og ein humlagard. Garden kunde lett betrast, er det sagt. Samanlikningstalet var 620.

Matrikkelen 1865 melder at der var 11,5 mål åker, 17 mål god, 48 mål medels natureng og 34 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk og timber kunde seljast for 20 spd. årleg. Garden var medels lettvinn og mindre godt dyrka. I 1918 var der 12¼ mål open åker, 17 mål kunsteng og 9,5 mål natureng.

På Alland budde 9 menneske i 1801, 11 i 1865 og 21 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Alland.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   8   13          
1723 1   10   12   10      
1865 1   12   24   30   16  
1918 2   10   35          

Bruk 1. Alland. Det har vore einbølt gard til 1907, då bruk 2 vart skilt frå.

Alland har eg ikkje funne noko um fyrr i 1600-talet. Lasse og ei enkje budde der i 1621 og 1629. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 mark smør og 4 skill. i pengar. Stiftet åtte 9 mark i garden. Lasse Sjurson betalte tri års bygsel i 1636 for 1 spann. Han var g. fyre 1645 med Ågota. I 1645 var forutan han ogso Knut Bjarneson, g. m. Kari, brukar. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen i Alland 3 mark smør og 4 skill. i pengar. Sehested åtte 1650 1 spann på Alland,

--- side 486 ---

som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det 4 mark smør og 4 skill. i leidang, 1 ort i skatt, 6 skill. i fornødspengar, 6 skill. i arbeidspengar og 8 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata eigedomen att i 1651 til kongen, som 1657 selde han til Gabriel Marselis. I skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte ½ laup på Alland.

Skyldi på Alland er 1661 ført upp med ½ laup, som høyrde til Finnegodset. Olav Vikingson var leiglending. I 1679 upplyste han på tinget at husi hans hadde gått med ved lauseld.


Bilete 57. Alland. Fot. P. Braaten 1935.

Han bad godt folk um hjelp til å få hus upp att og um å sleppa skatta. Det går ei segn um at folket på Alland var i barnedåp då det brann. Alle husi skulde vera nedbrunne då dei kom heim. Klas Miltzow var eigar av Alland i 1680 og 1691 og Henrik Miltzow i 1695. Baste var leiglending i 169,1 og enkja hans i 1695.

Henrik Miltzow selde i 1708 Alland, som då og var ½ laup, til Johannes Herlaugson Flatekvål. I 1701. var Jørgen Larsson leiglending og var då 45 år gl. Han hadde to døtter: Ågota og Sigrid og kann henda fleire born. Sigrid gifte seg, 1736 med ekm. Nils Haugo. Ho Ågota vart g. m. Ivar Mikkjelson. Han var leiglending i 1715, 1723 og til ikr. 1750. Ågota døydde 1751

--- side 487 ---

og dei hadde då fire born: Mikkjel f. 1715, Lars, Anders f. 1731 og Sigrid f. 1728. Mikkjel gifte seg 1748 med Brita Jonsdr. Nesheim og fekk same året sonen Jon.

Johannes H. Flatekvål let i 1751 Alland til Jon, yngste son sin. Han kjøpte i 1759 av kongen løysningsretten til 18 mark i Alland for 61 rd. Jon gifte seg 1752 med Magli Larsdr. Grovu og døydde 1769, 46 år gl. Ho gifte seg att 1770 med Viking Gusskalkson Dukstad, som døydde 1794, 47½ år gl. Magli hadde med Jon to born (a-b) og med Viking to (c-d): a. Lars f. 1767, b. Brita f. 1758, g. 1797 med grenader Olav Andersson Lid, Rd., c. Jon f. 1771, d. Marta f. 1774, død ugift 1828. Lars Jonson f. 1767, g. 1798 med Gjertrud Larsdr. Tøn, døydde 1845. Han fekk skøyte på garden i 1789 og 1797. Ved skifte etter han var nettomedelen 829 spd. Sju born: Jon f. 1801, Lars f. 1804, Brynjulv f. 1810, g. 1843 med Eli Davidsdr. Vestrheim, kjøpte gard på Løno, Arnfinn f. 1813, Magli f. 1799, g. 1847 med Torstein Andersson Gjerde, Marta f. 1802, g. 1840 med Svein Sjurson Dukstad, Brita f. 1808.

Jon Larsson f. 1801, g. 1846 med Gunnhild Knutsdr. Lid, døydde 1848. Han fekk garden ved skifte etter far sin i 1846. Lars, bror hans, fekk garden i 1848 for 1200 spd. Lars gifte seg 1851 med Ingjerd Nilsdr. Vålo og døydde 1884. Åtte born: Jon f. 1852, Nils f. 1853, g. 1877 med Eli Brynjulvsdr. Løno, Lars f. 1855, død 1928 ugift, Olav f. 1857, Gjertrud f. 1858, Steffa f. 1860, død 1921, Knut f. 1861, g. 1890 med Sisselja Larsdr. Haugo, gardmann på Øvre Lid, Kv., Arnfinn f. 1866, g. 1889 med Hansina Hansdr. Sivle, sjå bruk 6 Ukvitno. Jon Larsson f. 1852, g. 1881 med Anna Olavsdr. Endeve, fekk farsgarden i 1882 for 3600 kronor. Deira son Lars fekk garden i 1917 for 4700 kronor. Han er f. 1882 og g. m. Marta Sjursdr. Midtun, Vinjo.

Alland var fyrr mtrnr. 84, lnr. 165 med gamal skyld 1 laup, urevidert 4 dalar 13 skill., revidert 4 dalar 13 skill. Ny skyld mark 5,91 etter at bruk 4 er skilt frå. (Den gamle skyldi var i 1723 ½ laup, men i 1777 og seinare er ho 1 laup.)

Bruk 2. Knapstad. Skyld 18 øre. Skilt frå bruk 1 i 1907 og selt til Rasmus Jakobson Knapstad, f. 1876, g. m. Anna Johannesdr.

Bruk 3. Lindheim. Skyld 21 øre. Skilt frå bruk 1 i 1913

--- side 488 ---

og skøytt til Nils A. Hårklau, f. 1884, g. m. Ingjerd Jonsdr. Alland. Han driv hellebenk.

Bruk 4. Allandshaugen. Skyld 7 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1926 og selt 1927 til Kolbein L. Herheim.

Husmenn, støl, og Ymse

Lars Mattisson, g. m. Ågota Alvsdr., fekk sonen Anders i 1780 då dei var husmannsfolk på Alland. Stølen var 1 mil frå garden i 1723. Det var visstnok stølen Helgaset på Langedalen, der Alland stølar no. Godviljug utskifting var halde på Helgaset i 1827. Grenseforretning var halde 1857 på Helgaset og 1882 mot Nedkvitno. Semje um beiting i Vinjaåsen var gjord i 1877. På Alland var flaumkvern i 1723 og 1776. Ho har stått til den seinare tid. Sirkelsag var det ei tid til ikring 1926.

Bumerke på Alland.

Ivar 1727-1748 tavle 4 nr. 75. Jon 1758 og 1761 t. 3 nr. 81. Viking 1777 t. 4 nr. 76.