149. Almenningen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 437 ---

Namnet vert i 1695 skrive Alminden, 1723 Almendingen. Det vert no sagt Almènnìnjén2; han búr í, è or Almènnìnjè, ska út í Almènnìngjén. Namnet tyder ålmenning, jord som ikkje er sereige, men som bygd eller konge eig.

Garden er ikkje førd upp i matrikkelen fyrr 1723. Skyldi var førd upp med 18 mark, men vart då sett ned til 12 mark. Der budde ein brukar. Det var ringt med vedaskog, og korn kunde ikkje veksa der. I 1838 vart skyldi umskrivi til 4 ort 16 skill. Samanlikningstalet var 140. Garden var svært frostnæm, hadde turvande fureskog og vedaskog og godt vassfall. I matrikkelen 1865 er ført upp 10 mål åker, 13½ mål god, 6 mål medels natureng og 126 mål skrapebø. Der var medels hamnegang, og timber kunde seljast for 4 spd. um året. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. I 1918 var der 1 mål åker og 10,1 mål natureng.

I 1801 budde der 6 menneske, i 1865 13 og i 1920 25.

Fødnad og avling (i tunnor) på Almenningen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     5   6   inkje      
1865 2   14   32   12   12  
1918     4   39          

Raundalens Almenning var Apostelgods og vart saman med dette lagt under kronen eller kongen som det heitte etter at reformasjonen var førd inn i Norge. Det vart tilsett styrar

--- side 438 ---

eller fut, som han sume tider var kalla, til å føra tilsyn Apostelgodset på Voss og dermed og tilsyn med Almenningen. Klas Miltzow er vorten styrar av Apostelgodset i 1668, men har slutta alt i 1671. Det er nok ikkje friviljugt at Klas har gjeve dette umbod frå seg, det skriv seg vel frå den store skogsaki som styremaktene la upp mot han. Denne saki er vel ei av dei største og romfregaste saker på Voss som har vore førd for rettane.

På vossatinget 1664 fredlyste futen alle skogar åt kongen og serleg kongen sin almenning i Raundalen. Korkje sagtimber eller byggjingstimber måtte hoggast utanfor det som lovi gav rett til. Kommissær Hans Hansson kunngjorde 1669 at dersom ålmugen hadde rett etter lovi til å hogga til betaling av skattar, so kunde dei selja det til kven dei vilde som betalte mest for det. Elles skulde Raundalens Almenning vera fredlyst for skoghogster. Klas Miltzow let og medan han var styrar fredlysa Almenningen.

Då stiftamtmannen for Bergenhus høyrde gjete at skogane åt kongen og Voss prestebol var skamhogde nokre år, påla han futen, skrivaren og lagrettemenn at dei nøgje skulde røkja etter korleis det var. Det vart gjort i juni 1670, og det synte seg då at i Raundalen Almenning var 7231 stubbar etter hogde tre, og i skogen åt Hegg, Reime, Brekku og Øvsthus (som for ein part var geistleg eigedom) var det 3160 stubbar.

I november 1670 vart ålmugen på Voss stemnd for å gjeva greide på kven som hadde hogt. På tinget vart upplyst at dei hadde hogt etter løyve frå Klas Miltzow og andre, både fyrr han fredlyste og seinare. Klas hadde kjøpt mest alt det hogde timberet av bøndene for 1-2½, høgst 3 mark 12 skill. tylvti, selt det att for 6½-7 mark og hadde tent store pengar på det. Klas orsaka seg med at bøndene hadde fått lov so dei skulde kunna betala skattane.

Klas Miltzow vart sett under tiltale. Under saki påstod Klas at Mjølbot'n var hans odel. Sorenskrivaren avsa to domar i 1676, som båe gjekk Klas imot. Saki kom for lagmannsrett og fekk same utfall, Ein ny sorenskrivardom 1681, lagmannsdom 1681 og 1683, to overhoffrettsdomar 1683 gjekk alle Klas imot. Etter at alle rettar hadde dømt Klas, kjem det difor uventa at han ved to høgsterettsdomar i 1683 vart frikjend, den eine domen mot to og den andre mot tri røyster.

--- side 439 ---

Ny overfaring var gjord 1678 av sorenskrivaren med lagrettemenn og futen. Dei fann ut at sidan fyrre overfaring i 1670 var det hogge 2626 tre i Almenningen. Statholder Gyldenløve fekk 1683 skriv frå kongen med pålegg å setja ned ein kommisjon for å granska dei gamle heimelspapiri åt Klas og nøgje røkja etter dei umstridde plassar og skogar og kor mykje Klas hadde betalt for garden Brekku i Rd. Kommisjonen samansett av mange høge herrar hadde møte på Vossavangen og på dei umstridde plassar i Raundalen 22. juni til 3. juli 1684.


Almenningen
Bilete 55. Almenningen. Fot. P. Braaten 1936.

Kommisjonen skriv i sin «betenkning» 28. juli 1684 millom anna: Bønder som ikkje har skog kann hogga i kongens almenning det dei treng til husi sine. Kven som vil kann slå graset i almenningen eller støla der. Vil nokon rydja skog for å dyrka jordi, må dei ha serskilt løyve til det. Millom kongen sine almenningar er Raundalens Almenning, der dei umtvista plassane ligg som Klas Miltzow vil eigna til seg. Dei har i nokre hundrad år lege under Apostelgodset og etter samrøystes vitnemål av ålmugen på Voss har dei nemnde plassar Nygryten, Mjølbotn og Veset frå alders tid vore og er endå kongens almenning. Denne almenning er av Klas på kongen sine vegner fredlyst

--- side 440 ---

medan Klas var styrar av Apostelgodset, men han vil no likevel eigna til seg nemnde plassar med skog og herlegdom under Brekku. Han har og for gåvor gjeve ymse bønder lov til å hogga i Almenningen.

Då Klas Miltzow var klår over at hans odelsrett til nemnde skogar i Almenningen stod dårleg, har han, segjer kommisjonen, i 1676 lagt fram i retten eit gamalt brev utan segl, underskrift og dato som var radert og makulert, og kalla det sin adkomst. Det er vitna av Amund Eide i Hardanger at han etter uppmoding av Klas Miltzow hadde ført til i nemnde brev, at dei umstridde plassane var kjøpte til støl åt Brekku.

Kommisjonen segjer vidare at då Klas Miltzow såg at det nemnde brev ikkje førde fram, la han fram i høgsterett tri andre dokument, som han fyrr ikkje hadde lagt i retten, og dei var heller ikkje tinglesne. Klas hadde utanpå heimelsbrevi skrive kven som var hans heimelsmenn, men dei var alle døde og ingen kjende til at Klas Miltzow hadde fått slik heimel. Kommisjonen grunngjev so at dei tri brevi ikkje gav Klas nokon rett på dei umtvista plassane Nygryten, Mjølbotn og Veset. Klas var ved tidlegare domar pålagd å betala 3537 rd. i skogbøter, kommisjonen stadfester dette, men bed likevel kongen um å slå noko av.

Rentekammeret skreiv i oktober 1687 til futen at kongen hadde bestemt at det skulde betalast 100 rd. til Klas Miltzow for garden Brekku, og at han skulde betala til kongen 3567 rd. 32 skill. i skogbøter. Betalte Klas ikkje, skulde det haldast eksekusjon. Då han ikkje betalte, vart det teke 120 laup jordgods i 59 gardar eller jordpartar hjå han og selt ved offentleg auksjon 1688. Kongen fastsette 1689 at boti skulde setjast ned til 2000 rd.

På tinget 1670 spurde futen til ålmugen um ikkje Gryt-aonæ var merke millom Eggjareid og kongen sin almenning og um ikkje almenningen gjekk frå Gryt-aonæ til «Ryffue elv», derfrå til Liusan-aonæ, derfrå til Opset-aonæ, derfrå til «Mjeelbot'n hvor Almenningen ender». Dei eldste menn på tinget svara at solangt attende dei kunde minnast og etter det deira forfedre hadde fortalt, var merki soleis. Dei la til at Veset-aonæ var merke millom Almenningen og Hagen, og Gryt-aonæ merke millom Eggjareid og Almenningen.

Raundalens Almenning er for fyrste gong førd upp i skatte-

--- side 441 ---

manntalet 1676 under Apostelgodset. Det er sagt at Almenningen no var lagd i landskyld 1 pund, men i 1680 er skyldi førd upp med 12 mark. Olav upplyste 1670, at han hadde butt der 6 år og hadde betalt i fyrste bygsel 1 rd. og 2 pund smør. Same år har Olav som vitne i den store skogsaki upplyst at han to gonger hadde vore med og talt upp stubbar etter hogde tre i Almenningen.

Kommissær Hans Lillienskjold har 1678 fått kongeskøyte på Raundalens Almenning. Versonen kommissær Folkvard Broderson (Riisbrich) var eigar 1691 og deretter sonen Hans Riisbrich. Endre var brukar 1691 og 1695 og Pål 1701, som då var 53 år gl. I 1714 var Vangens prestebol og Riisbrich eigarar og Lars Andersson var leiglending 1710, 1723 og fekk 1747 nytt bygslebrev. Han var f. 1683, g. 1710 m. Marta Olavsdr. Nygryten og døydde 1751 på Kolvu, der han var gardbrukar. Far hans Lars var husmann i Almenningen.

Ivar Gjerstad har 1725 saman med fem andre vossabønder på eigne og ålmugen sine vegner fått sorenskrivar Fabricius til å skriva klage til stiftsbefalingsmannen for di Riisbrich hadde selt Almenningen og Nygryten til Kristoffer og Sjur Øydvin. Stiftsbefalingsmannen sende klagen til Riisbrich, som i si påteikning tilslutt sa seg viljug til å hjelpa ålmugen på Voss til å få eigedomen når kjøparane fekk sine utlagde pengar attende. Hans Riisbrich har so den 18. juni 1727 gjeve skøyte på «2de gaardspladse Gryten 12 mark og Almenningen 12 mark samt den der beliggende Raundals Almending» til 28 bønder i Gullfjordungs åttung, 7 i Borstrand, 9 i Vinjar, 10 i Bøjar, 10 i Dyrvedals, 6 i Kvitlar, og 6 i Bordals Åttungar, tilsaman 76, for 120 rd.

I ovanfor umtala klage er vist til eit gamalt «sognevidnesbyrd» dagsett 13. mars 1681. Deri er sagt at Raundalens Almenning har lagt og høyrer til dei gardar som ligg i etternemnde åttungar: Dyrvedals åttung ovanfor Gjermesbruæ, heile Gullfjordungen og Borstrand åttungar upp til Fitjakloppæ, Vinjar åttung nedanfor Kyte, Bøjar åttung til Bjørkebruæ, Kvitlar åttung nedanfor Rokshaugen. Dei gardane hadde havt rett til å bruka det dei trong av skogen i Almenningen.

Åtte luteigarar selde 1733 Gryten til Herbrand Andersson, og i 1740 bygsla han Almenningen. I 1745 selde ti luteigarar til Sjur Gunnarson Hjeltnes ein støl kalla Vossastødl'n i Uppset-

--- side 442 ---

dalen på nordsida åt Langavatnet. Henrik Miltzow selde sin. part til verbroren, kaptein Albrekt Barchlay. Han let kunngjera 1755 at alle luteigarar skulde møta på tinget for å få greida på kven som då var luteigarar i Almenningen. 28 menn møtte og viste heimelsbrevi sine. Dei åtte kvar 1/76. Dei andre 48 har ikkje møtt.

Sjur Hjeltnes og tri menn på Håheim i Ulvik fredlyste 1747 Øvre og Nedre Slondals stølsmark som ligg ovanfor Raundalen» Almenning.

Arnved Torbjørnson var leiglending etter Lars og var g. m. Brita Ivarsdr. som døydde 1761, 54 år gl. Arnved gifte seg att same året med Brita Herbrandsdr. Lindberg. Arnved og Brita hadde fem born: Mari, g. 1767 m. Steffa Andersson Kyte, Jorunn, Sigrid, Guro og Marta fødde 1743-1750.

Dei 28 menn som møtte på tinget 1755, har 1766 gjeve nytt skøyte til dei 48 som ikkje møtte eller til deira ervingar på deira lutar i Almenningen. Alle 76 namn er då førde upp. Lars Andersson Takla som var uppsynsmann over Almenningen, bad på hausttinget 1777 um ny liste over alle luteigarane, og dei vart då skrivne upp.

Jon Vikingson Graudo, g. m. Kari Gudleiksdr. bygsla 1772 halve Almeningsgarden og 1773 den heile og fekk sønene Viking i 1775 og Olav i 1780. Jon er død truleg umkring 1790 og Kari døydde 1831, 92 år gl. Lars Knutson bygsla 1769 heile Almenningsgarden og 1772 den halve. Eigarane av Almenningen bygsla 1794 eit fjellbeite kalla Bjørndalen til Isak og Åmund Vambheim, Sjur Frøstein og Sjur Tveito i Ulvik. Arnfinn og Per Rokne og Torgeir Mølster bygsla 1795 på eigne og medeigarane sine vegne Almenningen til Knut Eirikson. Hans Ivarson Urdland og Arnfinn Torgeirson Brattåker bygsla 1795 beite i Almenningen. I 1797 er alle luteigarar i Almenningen upprekna att i tingboki.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Almenningen. Knut Eirikson var gift 1. 1796 m. Ingjerd Bårdsdr. Rokne, 2. 1832 m. Ragnhild Monsdr. Nedkvitno og døydde 1848, 80 år gl. Ragnhild døydde 1862, 82 år gl. Knut fekk med Ingjerd fire born: Eirik f. 1798, Gudve f. 1803, g. 1831 m. Gjert Person Kårdal, Kari f. 1806, g. 1831 m. Olav

--- side 443 ---

Torgisson Voll, Gudleik f. 1809, g. 1845 m. Ingebjørg Larsdr. Øyaflòten og budde på Skiple.

Eirik Knutson f. 1798 gifte seg 1832 m. Ragna Monsdr. Ettesvoll f. 1807, og vart leiglending på halvparten av garden. Han døydde 1855 og Ragna 1879. Ni born: Knut f. 1833, Gjertrud f. 1835, død ugift, Lars f. 1836, g. 1869 m. Gjertrud Nilsdr. Bø (Amerika), Mons d. e. f. 1839, g. 1881 m. Gudve Nilsdr. Skiple, sjå bruk 13 på Finne, Ingjerd f. 1844 (Amerika), Ragnhild f. 1846, Eirik f. 1848 (Amerika), Mons d. y. f. 1851, g. 1892 m. Anna Olavsdr. Hegg, urmakar, Marta f. 1855, g. 1882 m. Mons Olavson på Kolvu.

Gjert Person Kårdal, g. m. Gudve Knutsdr. nemnd ovanfor, bygsla 1831 halvparten av Almenningen og budde der ei tid, men reiste so til Amerika. Dei fekk borni: Ingjerd, Guro, Per f. 1832-1845. Olav Larsson Kleivane bygsla halve garden etter Gjert. Olav var f. 1829, g. m. Anna Ivarsdr. Skaftedal f. 1824, som døydde 1901, og hadde fem born: Lars, g. 1880 m. Marta Sjursdr. Lid, gardmann på Lid, Olav, g. m. Kristi Larsdr. Uppheim, Ulvik, sjå bruk 3 Eggjareid, Ivar f. 1864 (Amerika), Ingebjørg f. 1867, g. 1893 m. Lars Andersson Hagen, Synneva f. 1870 (Amerika).

Sume lutene i Almenningen har fylgt med gardane frå mann til mann medan andre partar har vore selde frå tid til onnor. Odd Davidson Klyve kjøpte 1862 nokre partar og fekk 1865 skøyte på 60/67 frå Styrk A. Finne på eigne og medeigarane sine vegne og Odd vart eigar av heile Almenningen. Han skøytte eigedomen 1909 til sønene Eirik og Lars for 1600 kronor. Eirik var f. 1854, g. 1881 m. Eli Brynjulvsdr. Kyte f. 1853, dreiv mange år hellebenk på Øvrebergi ovanfor Norheim og var ei tid gardmann på Gjerdskvål. Både han og Eli døydde 1927. Ein son deira døydde ugift. Lars Oddson var f. 1866, g. 1898 m. Gjertrud Andersdr. Kvarakvål, f. 1875. Han hadde ei tid landhandel under jarnbanearbeidet i Raundalen. Lars døydde 1921 og enkja har no garden.

Almenningen var fyrr mtrnr. 150, lnr. 298 med gamal skyld 12 mark, urevidert 4 ort 16 skill., revidert 1 dalar 1 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,89. Derav 75 are på bruk 1 etter at bruk 5 var skilt frå.

Bruk 2. Almenningen. Skilt frå bruk 1 med skyld 56 øre og selt til Viking N. Urdland for 1880 kronor. Han skøytte

--- side 444 ---

1914 eigedomen til døtterne Kristi og Marta etter at bruk 13 var skilt frå.

Bruk 3. Almenningen. Utskilt frå bruk 1 i 1876 med skyld 23 øre og selt til Nils B. Norheim som støl til Norheim. Sonen Brynjulv Norheim fekk skøyte på eigedomen 1904. Eigedomen ligg i Rjoandalen, er kalla Fossen og har vore støl til Norheim, men er ikkje i bruk no. Ei snøskride reiste med husi.

Bruk 4. Liasæt. Utskilt frå bruk 1 1898 med skyld 35 øre og skøytt til David Oddson Klyve. Det er støl til Nedre Klyve, vanleg kalla Klyvsstødl'n. Sjå og bruk 2 av Hellene. David skøytte eigedomen etter at bruk 9 var skilt frå, til sonen Odd saman med Nedre Klyve.

Bruk 5. Liasæt. Utskilt frå bruk 4 med skyld 2 øre og selt til staten saman med bruk 3 av Hellene for 4000 kronor. Frøken Hanna Taraldsen kjøpte bruk 5 og likeins bruk 3 av Hellene og bygde elektrisitetsverk for hotellet.

Bruk 6. Almenningen. Utskilt 1910 frå bruk 1 med skyld 11 øre og oreigna av jarnbanen. Mjølfjell jarnbanestasjon er der. Stasjonsmeisteren er ogso postopnar. Rikstelefonstasjonen er på Mjølfjell Hotell. Ingeniør C. Mohn fekk 1912 feste hjå jarnbanen på tuft til sports- og feriebygningar ved Mjølfjell stasjon. Han skøytte 1924 og 1926 husi på eigedomen utan godtgjering til Bergens kommune.

Bruk 7. Lieli. Skilt frå bruk 4 med skyld 2 øre og selt til Andreas A. Stadheim for 1000 kronor.

Bruk 8. Almenningen. Utskilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 2 øre og selt på auksjon til ingeniør Hans E. Mohn for 1200 kr. Han selde 1918 noko av eigedomen til frk. Helena Wilhelmsen for 1500 kronor. Ho har bygt hus der.

Bruk 9. Almenningen. Skilt frå bruk 1 med skyld 2 øre og selt på auksjon til Eirik O. Klyve, som selde att 1912 til ingeniør Henrik Mohn for 400 kronor. Han selde so til frk. Wilhelmsen.

Bruk 10. Glimtet. Skilt ut frå bruk 1 med skyld 1 øre og selt på auksjon 1912 til Eirik Klyve, som selde att same året til telegrafmeister E. Keiserud. Han selde 1919 til frk. Henrikke Hagerup Nielsen for 4000 kronor. Keiserud bygde ein liten villa.

Bruk 11. Arildsløkka. Skilt frå bruk 1 med skyld 1 øre og selt på auksjon 1912 til Eirik O. Klyve, som same året

--- side 445 ---

selde att til telegrafuppsynsmann A. Horg. Han bygde villa og selde i 1919 til materialforvalter Edv. Sævig for 1500 kronor.

Bruk 12. Mjølfjell Skule. Skyld 1 øre. Eirik Kløyve skøytte det 1914 for 225 kronor til Voss herad som bygde skulehus der.

Bruk 13. Urdlandsstølen. Utskilt frå bruk 2 i 1914 med skyld 23 øre og skøytt saman med garden Urdland frå Viking Nilsson til versonen Lars Tormodson Grovu.

Bruk 14. Fjellhaug. Skilt ut frå bruk 1 med skyld 1 øre og selt 1917 til materialforvaltar Edv. Sævig for 500 kronor. Han bygde seg villa der.

Bruk 15. Liastøl. Utskilt 1918 frå bruk 1 med skyld 1 øre og skøytt 1920 til Jonas Stalheim for 5000 kronor. Der er bygt villa.

Bruk 16. Knausen. Utskilt frå bruk 8 i 1919 med skyld 1 øre. Eigar: Frk. Wilhelmsen.

Bruk 17. Guttehaugen. Skilt frå bruk 8 i 1919 med skyld 1 øre og selt av Mohn til Sigurd E. Grindstad for 4000 kronor. Der er bygt villa.

Bruk 18. Signhaug. Utskilt frå bruk 1 med skyld 1 øre og selt 1920 saman med bruk 15 for 5000 kronor til Jonas Stalheim.

Bruk 19. Fjelltveit. Skilt ut frå bruk 1 med skyld 1 øre og skøytt 1920 til Th. Fjeldtvedt for 1500 kronor.

Bruk 20. Glimtet. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld 1 øre. Eigar: Frk. Hagerup Nielsen.

Bruk 21. Fjellheim. Skilt frå bruk 7 i 1926. Eigar: Alfred Larssen. Anders L. Klyve kjøpte det 1936 på auksjon og let det att til Anna L. Klyve for 500 kronor.

Bruk 22. Helsebot. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1934 og skøytt til laget åt kontorfolki ved Bergensbanen.

Husmenn.

Lars Andersson f. 1683 umtala ovanfor som leiglending, er skriven som husmann 1701. Ein annan Lars er skriven som husmann og hadde fem born: Kristoffer, Gunnhild, Anders, Per og Kristi, fødde 1748-1756. Eirik Eirikson, g. m. Brita Larsdr. fekk borni Marta, Marta, Brita og Nils, fødde 1821-1832. Lars Larsson Tverberg, g. m. Margreta Jonsdr. fekk 1830 dotteri Kristi og døydde 1832, 78 år gl. Anders Andersson Hellene, g. 1883 m. Ingebjørg Nilsdr. Kleivane hadde husi sine ved gardstunet. No er det ikkje noko husmannsplass i Almenningen.

--- side 446 ---

Støl.

Støl var der ikkje i 1723 er det sagt i matrikkelen. Garden. Almenningen hadde fyrr støl på bruk 2 Almenningen. No stølar dei på Hellene.

Kvern.

Kvern var ikkje nemnd i 1723. I 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. I ein utskiftningsforretning i Almenningen skal vera umtala at Almenningen og Hagen åtte kvar sin halvpart i demma i Rundevatnet.

Offentlege forretningar.

Synsforretning 1679, forretning 1681 vedkomande Mjølbot'n, Veset og Nygryten. Vitneprov 1771 um eit merkebrev vedkomande Gryten. Utskifting 1830. Jarnbanetakst 1896 og 1900. Semje 1933 med jarnbanen um brunn og vassleiding.

Ymse.

Um hausten 1890 var det lauseld på Almenningen. For Olav Larsson brann 4 hus og for Anders ei stove.

Bumerke.

Lars 1756 tavle 6 nr. 90. Jon Vikingson 1780, 1781 t. 6 nr. 91.