23. Arhelleren.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 155 ---

Namnet vert i 1723 skrive Aarhelleren. Det vert no sagt Arhèdlér'n; han búr í (eller ùndé) Arhèdléræ, è ór (eller ùndao) Arhèdléræ, ska ùpp í (eller ùndé) Arhèdlér'n. Namnet er samansett, etterlekken er ein heller, fyrelekken kunde vera ein are (øm), men er trulegast genitiv av ei å (elv). Den gamalnorske form skulde då vera Arhellirinn (elve-helleren).

I matrikkelen 1723 er sagt um Arhelleren at det var ein rydningsplass frå garden Veka. Han er ikkje nemnd tidlegare i matrikkelen og har fyrr kanskje vore stølen deira Veka. Marcus Faye åtte 4½ mark og Hans Risbrigt 4½ mark i Arhelleren, altso tilsaman 9 mark skyld. Der var nok vedaskog og ei flaumkvern. Med kornavlen var det uvisst. Det var god fórgard, men tungvinn. Ein brukar. I 1776 og 1791 var der ei kvern. Ved matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet for Arhelleren 90, og skyldi framleies 9 mark.

Matrikkelen 1865 fører upp 3 mål åker, 1,5 mål dyrka eng,

--- side 156 ---

10 mål god, 6 mål medels natureng og 26 mål skrapebø. Hamnegangen var ring, knapt um vedaskog, ikkje timberskog og hadde ¼ mil klyvveg til bygdavegen. Garden var tungvinn, kornet vert sjeldan moge og frys sume år. Vanleg godt dyrka. Ved uppteljingi 1918 var det 4 mål åker, 5 mål kunsteng og 15 mål natureng. - Tunet i Arhelleren ligg 424 m. o. h.

I Arhelleren budde 6 menneske i 1801, 6 i 1865 og 4 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Arhelleren.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   6   6   2 ¼    
1865     5   10   5   12  
1918 1   5   7          

Segni fortel at på Arhelleren budde ein Gaute, som skulde vera so fæl til å stela smale medan dei gjekk i beite um sumaren. Han vart difor av grendi tvinga til å flytta til Gautetufti på Seve. Edvard Hansen i Bergen skøytte i 1712 4½ mark i Arhelleren til Marcus Davidson Faye. Den fyrste ein med vissa veit budde i Arhelleren, er Sjur Larsson, nemnd i folketeljingi 1701. Han var då 50 år gamal og hadde sonen Knut som var 16 år. Sjur budde der òg 1723, var gift fyrst med Ragnhild Aslaksdr. Ho hadde fyrr vore gift med Knut og hadde borni Johannes og Magli med han. Sjur gifte seg andre venda med Marta Olavsdr. og døydde 1736, 84 år gl. utan born. Ho Marta vart attgift 1737 med Per Knutson Lunde. Sjur hadde kjøpt Arhelleren 1726 og Per fekk garden etter Sjur. Då ho Marta døydde 1747, fekk systerson hennar, Mikkjel Endreson Tesdal, garden og budde der til han døydde i 1790, 74 år gamal. Han var gift med Marta Andersdr. og fekk med henne sonen Endre som gifte seg 1774 m. enkja Hallbjørg Andersdr. Uppheim og fekk garden, men let han 1803 til Kolbein Larsson. Endre var nemleg leiglending på Uppheim, Gullfj. Kolbein var gift fyrst med enkja etter Sjur Setre, Brita Helgesdr., og deretter i 1814 med Guri Jonsdr. Gjerstad.

Kolbein selde garden i 1817 til Johannes Vikingson Dolve for 156 spd. Han budde der til 1838. Då kjøpte Helge Olavson Fadnes garden for 300 spd. Han var gift fyrst med Brita Andersdr. og sidan i 1846 med Brita Nilsdr. Mestad. Helge og

--- side 157 ---

andre kona hans døydde i november 1875. Han hadde 5 born: Ragnhild, g. 1860 m. enkjemann Eirik Davidson Rekve, Anders, Lars, Synneva og Nils. Ho Synneva var fødd 1844 og vart gift med enkjemann Lars Davidson Rekve i Amerika. Ho har gjeve 7000 kronor til Voss Barneheim. Nils Helgeson var fødd 1848, gifte seg med Torbjørg Helgesdr. Århus og fekk garden hjå far sin i 1872 for 200 spd. I 1902 vart garden seld på auksjon til Knut Bårdson Olde for 2010 kronor, men han let han att 1909 til Anders Olavson Nese. Enkja hans selde att 1915 til Lars Herlaugson Kvilekval eller Gjerme for 3200 kronor. Han er f. 1862 og g. m. Ragnhild Olavsdr., f. 1860.

Garden var fyrr mtrnr. 23, lnr. 64 med gamal skyld 9 mark, urevidert 3 ort, revidert 2 ort 10 skill. No er skyldi 70 øre.

Støl.

Støl var det ikkje til garden i 1723.

Offentlege forretningar.

Sak i 1876 med Veka, Gjerme, Giljarhus, Hæve og Vetla Røte um beite. Utskifting på stølen Indre Dale i 1887.

Ymse.

Umkring året 1800 skal stova i Arhelleren ha brunne. Stova som no er der skal tidlegare ha stade i Prestegarden.

Segn.

Nærmaste grannen til Arhelleren var i gamle dagar ein huldrahuslyd. Der var ei vakker gjente som ein gut på Gjerstad vart so glad i, og han skulde gifta seg med henne. Då presten lyste signingi over dei, datt rova hennar av. Dei andre huldrafolki vart då redde og flytte or Arhelleren.

Bumerke.

Sjur 1722 tavle 1 nr. 99. Mikkjel 1766 t. 1 nr. 100. I 1774 er S'en slyngd um høgre beinet i M'en.