Auro.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 87 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Aurom. Det vert no sagt Auró2 (øvre, nere); han búr pao, è tao Auró, ska tì Aura, sms. Aurasalsaoè. Namnet er fleirtal av ein aur, gn. aurr m. (grus), gamalnorsk form Aurar, dativ Aurum, um ein stad med mykje aur (som det er på Nedre Auro).

Auro er i matrikkelen 1661 ført upp med skyld 1 pund 18 mark og ein brukar. Elles er berre sagt at det var brennefang. I 1723 var skyldi på Øvre Auro 2 pund med ein brukar. Garden var sers lettbrukt, hadde vedaskog til husbruk, men det var usikkert med kornavlingi. Garden var ofte skriven for Store Auro. På Nedre Auro var skyldi 18 mark og ein brukar. Garden var noko lettbrukt, hadde god jord og litt skog i ein teig. Skyldi var likeins 1838 og vart då umskrivi til 2 dalar 1 ort 15 skill. for Øvre Auro og 2 dalar 2 ort 15 skill. for Nedre Auro, Saman-

--- side 88 ---

likningstalet var 350 for Øvre Auro og 380 for Nedre Auro. På båe var noko fureskog og turvande vedaskog.

Matrikkelen 1865 melder at på Øvre Auro var 11 mål åker, 13½ mål god, 40 mål medels natureng og 50 mål skrapebø. 3 mål høvde til dyrking. Sumarhamn vanta og Vårhamni var ring. Skog til husbruk, og timber kunde seljast for 1 spd. årleg. På Nedre Auro var 11½ mål åker, ½ mål dyrka eng, 9 mål god, 31½ mål medels natureng og 40 mål skrapebø. 5 mål var høvelegt til å dyrka. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk. Både Øvre og Nedre Auro var lettbrukte og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det på Øvre Auro 9,7 mål åker, 4 mål kunsteng og 18 mål natureng og på Nedre Auro 15,8 mål åker og 28 mål kunsteng.

Folketalet var 9 i 1801, 16 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Auro.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   6   2          
1723 1   9   12   8      
  1   8   6   5      
1865 1   8   16   25 ½ 14  
  1   8   16   27   16  
1918 2   7   18          
  2   12   41          

For 1723, 1865 og 1918 gjeld fyrste tali Øvre Auro og siste tali Nedre Auro.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at 7 laup på Auro var prestegods. I jordboki 1585-1616 er skrive at «skolemesteren i Bergen» fekk 1 spann smør og 1 bukkskinn i landskyld. Per var leiglending 1591 og 1611. Oluff åtte 1611 3 spann. Nils var husmann eller øydegardmann 1611 og 1614 og vart 1614 utskriven til Svinesund med øks og sverd. Leidangsboki 1624 har ført upp som leidang 4 merker smør og 1 sauskinn. Jakob var leiglending då og 1635 på 1 pund 18 mark og vart 1635 fri for garnisonsskatt på grunn av fatigdom.

Endre Håkonson, g. m. Gjertrud var leiglending 1645. Der budde då husfolki Mons g. m. Anna og enkjone Marta og Guri.

--- side 89 ---

Rektoratet i Bergen er skrive som eigar av 1 pund 18 mark 1652-1661. Ivar Lid åtte 1655 og 1659 1 spann i Nedre Auro. Berge var leiglending 1652, 1659, Torfinn 1655 og Anders 1657 og 1661. Han er umtala 1664 i saki um stølen Krossaset. Auro er ikkje ført upp 1664. Frå 1691 er det skilt millom Øvre og Nedre Auro,

182. Øvre Auro.

Bruk 1. Øvre Auro. Skyldi på Øvre Auro var 2 pund i 1691. Det har vore einbølt gard til 1921. Rektoratet i Bergen er skrive som eigar og har ått det til 1846. Styrk Larsson f. 1662 var leiglending 1701 og til 1727 då han døydde. Han hadde dotteri Anna som 1741 vart g. m. Lars Brynjulvson. Olav Bjørku bygsla 1727 garden, var g. m. Andri Torgeirsdr. og fekk borni Arngunna, Sigrid, Torbjørg og Sigrid f. 1729-1738, og hadde truleg fleire. David var deretter leiglending og fekk dotteri Anna, som 1764 vart g. m. Torbjørn Samsonson Auro, gardmann på Skutle. Lars Oddson, g. m. Torbjørg Olavsdr. er so vorten leiglending. Dei fekk borni: Andri, g. 1. 1789 m. Lars Jonson Olde, Gunnvor, g. m. husmann Gusskalk Larsson Møn, Kari f. 1768, Dordei f. 1772, Magli f. 1780, g. 1816 m. Lars Nilsson Flatekvålsteigen.

Lars Monsson Dale fekk 1794 bygslesetel på garden og utferda kårbrev til Lars Oddson og Torbjørg, kona hans. Han døydde 1824, 85 år gl. og Torbjørg 1800, 66 år gl. Deira dotter Kari var 1794 g. m. Lars Monsson. Ho døydde same året og han gifte seg att 1801 m. Anna Larsdr. Takla f. 1777. Dei hadde fire born: Mons f. 1802, g. 1836 m. Gjertrud Arnvedsdr. Skutle, Lars f. 1805, død ugift 1865, Knut f. 1811, g. 1843 m. enkja Gjertrud Olavsdr. Rokne, men hadde ikkje born, Anders f. 1815, g. 1845 m. Ragnhild Styrksdr. Rokne. Lars Monsson døydde 1840, 77 år gl. og Anna, kona hans, 1860. Anders fekk 1846 kongeskøyte på Øvre Auro for 450 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 3½ fjerdingkar bygg. Anders bytte 1850 med Olav Larsson uti bruk 2 Midt Skutle og kom seinare til Rjodo.

Olav var g. m. Ingeleiv Ivarsdr. og fekk fem born: Gjertrud f. 1840, g. 1875 m. Olav Ivarson Stuarjo, Lars f. 1843, g. 1873 m. Helga Sjursdr. Nesbøen, Ivar f. 1846, Anna f. 1848, g. 1888 m. Johannes Janson Skjerve, Sjur f. 1851, g. 1883 n. Marta

--- side 90 ---

Nilsdr. Græe, gardmann på Grovu. Olav døydde 1855, 47 år gl., og Ingeleiv vart attgift 1856 m. Nils Olavson Grovu som styrde garden til dess Lars tok styringi. Nils og Ingeleiv fekk sonen Olav f. 1857. Ved skifte etter Olav var garden verdsett 400 spd. og sonen Lars fekk han 1869 for denne pris. Helga døydde 1927 og Lars 1928. Deira son Olav f. 1874 fekk 1921 garden for 3000 kronor og gifte seg 1922 m. Anna Nilsdr. Lillegraven.

Øvre Auro var fyrr mtrnr. 179, lnr. 346 med gamal skyld 2 pund, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 2 ort 6 skill., Ny skyld mark 3,57.

Bruk 2. Hagen. Utskilt 1921 frå bruk 1 med skyld 15 øre og selt til Sjur Andersson Skutle.

183. Nedre Auro.

Bruk 1. Nedre Auro. Nedre Auro var einskilt bruk til 1892. Torbjørn var 1691 og 1695 eigar og brukar av garden som hadde 18 mark i skyld. I folketeljingi 1701 står at Nedre Auro då var brukt under Vike. Nils Josefson stemnde 1701 Jon Vike for at han skulde ta imot pengar for 1 spann i Nedre Auro. Jon la fram skøyte frå Torbjørn Olavson. Gitle Torbjørnson hadde lyst pengemangel til jordgodset. Jon Kinne påstod at han var nærmare til å løysa jordgodset enn Jon Vike. Dom vart avsagd, so at Jon Vike skulde ta imot pengane av Jon Kinne som skulde lata jordgodset att til Torbjørn sine born når dei kunde ta imot det.

Gitle Torbjørnson tente 1701 på Skjerve og fekk 1707 skøyte hjå far sin på 1 spann. Gitle var g. m. Ingebjørg Larsdr. og døydde 1743, 60 år gl. Ho døydde 1768, 90½ år gl. Etter Gitle er eit «Calendarium» med årstalet 1736 som Voss Folkemuseum no har. Fyrst i boki er utdrag or bibelen um dei fyrste menneske og deira skyldskap framover til syndflodi, men so er noko burte i boki. Deretter kjem sjølve kalenderen som er over 20 blad der det er sagt at han er rekna ut etter den Julianske kalender. Der er fleire tabellar, m. a. ein som syner dato for påskedag frå 1701 til 2231.

Det er fortalt at Gitle skal ha rekna ut denne kalenderen. Meir truleg er det at. Gitle har skrive han av etter ein annan.

--- side 91 ---

Kalenderen er skriven med ymse slags skrift og er sers fint gjort. Ei forteljing går ut på at Gitle i sine unge dagar var ute i krigen og vart teken til fange. Han kom til å bu hjå ein prest som likte Gitle godt og let han få upplæring saman med borni sine. Der lærde Gitle å skriva og fekk kjennskap til astronomiske utrekningar. Etter ei onnor forteljing reiste Gitle ei tid til sjøs og fekk av skipskapteinen læra rekning, astronomi og anna.


Nedre Auro
Bilete 15. Nedre Auro. Fot. P. Braaten 1937.

Gitle og Ingebjørg fekk fem døtter: Marta, Gjertrud g. 1736 m. Lars Halleson Lid, Dønåt f. 1719, g. 1739 m. Gudleik Ivarson Berde, Brita g. 1761 m. Ivar Ivarson Øvre Vinjo, Kristi g. 1763 m. Rasmus Andersson Rokne. Marta gifte seg 1. 1729 m. Samson Samsonson Øvre Lid, 2. 1755 m. ekm. Viking Torgeirson Øvre Rykke, 3. 1764 m. ekm. Styrk Gitleson Mala.

Samson og Marta fekk 1730 skøyte frå far hennar på Nedre Auro for 100 rd. Samson døydde 1754, 50 år gl., og dei hadde sju born: Josef f. 1731, Torbjørn f. 1733, g. 1764 m. Anna Davidsdr. Auro, budde på Midt Skutle, Per f. 1736, g. 1761 m. enkja Synneva Askjelsdr. på Ygre, Rannveig f. 1740, g. 1767 m. Olav Eirikson Tvinno, Ingebjørg f. 1744, g. 1770 m. Halle

--- side 92 ---

Brynjulvson Øvre Lid, Gitle f. 1746, g. 1777 m. Herborg Nilsdr. Fenno, budde på Nedre Fenno, Sigrid f. 1752, g. 1776 m. Svein Larsson Grovu. Josef vart g. 1756 m. Kari Vikingsdr. Øvre Rykke og fekk 1755 skøyte på Nedre Auro. Josef døydde 1768 og hadde tri born etter seg: Samson f. 1759, Kari f. 1764 og Marta. Ved skifte etter Josef var garden taksta 98 rd. Ho Kari vart uppattgift 1770 m. Torleiv Olavson Øvre Rykke og døydde på Auro 1784, 58 år gl. og åtte då 7 mark i garden. Dei fekk sonen Josef f. 1772.

Samson Josefson gifte seg 1779 m. Ragnhild Olavsdr. Bø og fekk 1775 11 mark i garden og odels- og løysingsrett til dei andre 7 mark. Samson makabytte 1782 med Torgeir Vikingson uti hans eigedom på Byrkjo. Torgeir bytte att 1784 med Sjur Olavson uti Yksnabjørg. Sjur skøyte 1797 garden til dotterdotten Eli Gudleiksdr. Auro og døydde 1804, 81½ år gl. Eli vart g. 1805 m. Ivar Styrkson Fjose, som 1832 bytte med Olav Eirikson uti bruk 2 Vike.

Olav var frå Stora Saude og g. 1801 m. Mari Jonsdr. Vike. Båe døydde 1843, han 69 og ho 62 år gl. og hadde seks born: Ingjerd f. 1806, Marta f. 1809, g. 1834 m. Brynjulv Knutson Mølster, som reiste til Nordland, Ingebjørg f. 1811, død ugift 1853, Jon f. 1816, død 1856, Eirik f. 1819 og Anders f. 1822. Eirik gifte seg 1841 m. Guri Larsdr. Kolvu f. 1808 og fekk 1841 skøyte på garden. Eirik døydde 1861 og hadde sonen Olav f. 1850. Ho Guri vart attgift 1862 m. Lars Torgilsson Kolvu som styrde garden til Olav tok imot han. Olav vart g. 1866 m. Sigrid Torsteinsdr. Kinne og fekk 1862 garden ved skifte etter faren for 500 spd. Olav døydde 1869 og hadde tri born: Eirik f. 1866, Brita f. 1867, g. 1892 m. Per Johannesson Olde og Olav f. 1869. På skifte etter Olav 1869 var garden taksta 600 spd. og bruttomidelen var 1055 spd. Sigrid vart attgift 1871 m. Ivar Hallsteinson Kolvu, som kjøpte gard på Helland. Olav Olavson gifte seg 1887 m. Sigrid Guttormsdr. Kjerland og fekk borni Margreta, Olav, Ingebjørg og Gurina f. 1891-1901.

Eirik Olavson fekk farsgarden, men selde han 1888 til Eirik Oddson Klyve for 3000 kr. Han selde att 1896 til Olav Olavson Auro d. y. for 2600 kronor. Olav Olavson d. e. fekk garden 1898 for same pris. I 1903 vart garden seld på auksjon for 5660 kronor til Nils Eirikson Vinjo, som selde att 1911 til Johannes Janson Skjerve for 8000 kronor. Han var f. 1854,

--- side 93 ---

g. 1888 m. Anna Olavsdr. Auro og døydde 1925. Deira son Kristian f. 1890 gifte seg 1921 m. Kari Jørgensdr. Lien og fekk 1922 skøyte på garden for 4000 kronor.

Nedre Auro var fyrr mtrnr. 178, lnr. 345 med gamal skyld 18 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 4 ort 9 skill. Ny skyld mark 4,19 fyrr bruk 2 vart fråskilt.

Bruk 2. Nedre Auro. Skilt frå bruk 1 i 1892 med skyld mark 2,10 og selt til Anders Oddson Nyre for 2600 kronor. Han er f. 1863, g. 1888 m. Marta Styrksdr. Kvitno, Bord. og er snikkar. Sonen Odd f. 1892 fekk 1933 skøyte på garden saman med bruk 9 Midt Skutle for 5000 kronor.

Bruk 3. Vetlestølen (ved Bulko). Utskilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 15 øre og selt til brørne Abel og Andreas Ramsdal.

Husmenn på Auro.

Mons Erlingson, g. m. Sigvor Larsdr. fekk dotteri Ingebjørg f. 1714 og var då til hus på Nedre Auro. Lars Tormodson Dale f. 1687, g. 1721 m. Johanna Hallvorsdr. Øvre Auro var då til hus på Øvre Auro. Brynjulv Knutson, g. m. Marta Olavsdr. fekk 1837 dotteri Marta. Snikkar Olav Larsson f. 1821, g. m. Kari Nilsdr. fekk borni: Lars f. 1858, Marta f. 1860 og Olav f. 1864. Olav Nilsson f. 1857, g. 1877 m. Guri Larsdr. Vinjo, Vossastr. fekk borni Ingebjørg f. 1877 og Lars f. 1879. Nils Person hadde plass ved Skutlesmerket. Han var g. m. Anna Gautesdr. og fekk borni: Katrina, Ingebjørg, Brita og Nils f. 1881-1889.

Støl.

Støl hadde ikkje Auro i 1723, men har seinare havt Vetlestølen, som er seld, sjå bruk 3.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, men i 1776 og 1791 var det ei på Øvre Auro og ei på Nedre Auro.

Offentlege forretningar på Auro.

Åverkssak 1811. Utskifting 1846. Semje 1859 um gjerde. Utskifting 1908 med Takla av utmarki.

Bumerke.

Styrk 1712 tavle 7 nr. 59, Olav 1738 t. 1 nr. 43. Samson 1741 t. 7 nr. 60. David 1750 t. 7 nr. 61. Brynjulv 1752 t. 7 nr. 62.

Ymse.

På Nedre Auro vart 1835 opna ein gravhaug der det var eit gravkammer av hellor 7½ alner langt, 1⅜ al. breidt og 1¼ al. høgt. Dei fann restar av to menneske, spydodd av jarn, stykke av store dreia treskåler, foten av ei smørstett av tre, bjørnahud, ullty, harpiks, to glasperlor og ein trestol av dreia stykke. I ein annan haug med stort gravkammer var

--- side 94 ---

leirurnor med brende bein. Alt dette skal vera frå den yngre jarnalder. To gravhaugar hadde vore opna tidlegare. I den eine var timbra gravkammer. I kring 1888 var funne i ein av gravhaugane eit stort sverd, men kvar det er vorte av, veit ein ikkje.