7. Berge.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 63 ---

Namnet er i 1317 skrive i Berghe. Det vert no sagt Bèrjé2; han bur pao, è tao Bèrjé, ska tì Bèrs eller Bèrjé. Det er same ordet som eit berg, gn. berg n., i dativ bergi.

Landkommisjonen i 1661 melder um Berge, at det var heil gard, med skyld 6 laup 1 spann, at kyrkja åtte 1 spann og resten høyrde til Finnegodset. Timberskog og vedaskog var der til gardsbruk. Dei tri brukarane betalte skatt tilsaman 9 rd. 1½ ort. I 1723 er upplyst at ein teig som fyrr var upprudd og kalla Øvre-Berge, no var under fefot. Teigen hadde vore skyldlagd 12 mark, som no skulde falla burt. Berge hadde då litt skog til husbruk i «Halv-fjerdings-teigen» og turvande vedaskog. Ikkje fiskje eller kvern. Garden var årvand med kald og tungvinn fjelljord, uviss til korn. I 1723 og 1777 er skyldi 6 laup 30 mark. Der var to kvernar i 1776 og 1791. Ved ma-

--- side 64 ---

trikkeleringi 1838 er samanlikningstalet 2460, og der er vedaskog. Like eins vassfall til kvernbruk. Det var same skyldi til 1838, då ho vart umskrivi til 16 dalar 1 ort 12 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp 435/6 mål åker, 5 mål dyrka eng, 52,5 mål god, 35,5 mål medels natureng og 12 mål skrapebø. 2 à 3 mål høvde til dyrking. Medels vårhamn, ring sumarhamn, turvande vedaskog med undantak til bruk 2, litt timberskog på bruk 1 og 2. Garden var medels lettbrukt, hadde ingen serlege lunnar, og var vanleg godt dyrka. I 1918 var der 43,8 mål åker, 40 mål kunsteng og 91 mål natureng.

På Berge var det 33 menneske i 1801, 58 i 1865 og 52 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Berge.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   37   41          
1723 4   37   36   48      
1865 6   48   102   116 ,5 84 ,5
1918 12   34   103          

Berge er umtala i fleire diplom i 1300-talet. 26. juli 1317 (DN. I. nr. 151) er utferda skiftebrev millom Thorer Sigurdson og syskini Odd på Røte og Ingebjørg. Thorer fekk då m. a. 8 mamatabol i «Latran» i Berge. To brev av 10. mars 1340 (DN. III. nr. 200, 201) melder at Jorunn (Asbjørnson) på Berge og Brynjolf Brynjolfson kunngjer vitnemål um fiskeretten i Niderå (truleg elvi frå Evangervatnet til Bolstadfjorden). Brev av 4. mai 1321 (DN. IV. nr. 149) umtalar at Besse var stemnd av versonen Jørund (Arneson), fordi han ikkje hadde fått som medgift med Halfrid, kona si, 1½ mmb. i Berge.

Brev av 2. september 1340 (DN. V. nr. 142) kunngjer at Thora Steingrimsdr. selde til sira Bård Halldorson og Eirik Hermundson 9 mmb. i Berge. Jørund på Berge kunngjer i brev av 9. september 1340 (DN. I. nr. 268) eit prov um fiske ved Vassenden og «Gryfie». I brev av 9. juni 1342 (DN. I. nr. 281) melder Jørund på Berge saman med 16 andre til lagmannen i Bjørgvin, at alle bøndene på Voss alltid skiftevis har vore med i vegarbeidet. På brev av 17. mars 1387 (DN. I. nr. 507) er ein merknad um at Odd, Jorunn sin son, på Berge

--- side 65 ---

har samtykt i at Margreta Sveinsdr. gav Ragnhild Thoresdr. ½ laupsbol i Ullestad. Odd på Berge var 6. november 1365 (DN. VI. nr. 266) saman med 5 andre for å døma i ein strid millom Valtjov på Rogne og soknepresten på Voss, Jon Trondson, um kvernretten ved Tvildeslandet.

Ivar «på Bergrim» budde der i 1521 og betalte ½ mark i skatt og 2 mark i breffbrot. I Skattemanntalet 1563 er ført upp 2 brukarar: Tormod som betalte 2 lodd sylv i skatt og Sjur 1 dalar. Diplomatariet X har 1. mars 1563 eit brev nr. 761 um at Torfinn og Mons Hallesøner stadfester eit makeskifte, deira far, Halle Monsson, hadde gjort med bror sin, Per Monsson, um 8 mmb. i Løno, 1 mmb. i Lofthus, 3 mmb. i Lemme og 4 mmb. i Ukvitno imot 8 mmb. i Nesheim, 4½ mmb. i nedre tun i Berge og 4 mmb. i Vetla Saude i Viki. Diplom av 29. juli 1564 (DN. IX. s. 817) melder um at Gunnhild Ivarsdr. vilde bjoda fal til systerne sine, Gyrid og Sigvor Ivarsdr., alt odelsgodset på Voss ho hadde fått etter foreldri sine. Derimillom 1/3-part av 5 mmb. Berge som Gyrid fekk. Ho hadde sonen Gudlaug Lauritsson.

Sjur er brukar av 4 laup i 1567, men i 1591 og 1597 er det Endre. Han betaler landskyld i 1591 til stiftet av 3½ laup smør, «fredholdt» med 1 kalvskinn og tridje års bygsel i 1597 for 4 laup, som var stifts- og krungods, med 5 mark 5 skill. Etter kyrkjerekneskapane 1585-1616 betalte Berge til Vangskyrkja som årleg landskyld 3 askar korn og ½ pund smør. Villiam og Arne er leiglendingar i 1603. Arne er nemnd som leiglending fleire gonger framover til 1640. Truleg er det den same som Arne Velomson i koppskattemanntalet 1645, der det heiter, at han var gift med Sigrid og hadde døtterne Sigrid og Ingebjørg. Det kann henda han er son åt fyrrnemnde Villiam. Arne åtte i 1611 2½ pund i garden og betalte odelsskatt 1 mark 11 skill. Han var brukar av 2 laup i 1635. Tormod er førd upp fleire gonger som leiglending i tidi 1611-1629, sistnemnde år med 1 laup 9 mark, og i 1635 som eigar av 2 laup.

Leidangsboki 1624 syner, at Berge betalte i leidang ½ laup smør, 1 geitskinn og 1 sauskinn. Det er tilført at jordi var tenleg til avling, men der var ikkje fiske eller skog til gardsbruk. Ivar, Arne og Tormod var brukarar. Stiftet åtte 4 laup i garden i 1627. Tormod var då leiglending på 1 laup 9 mark og betalte i ryttarskatt 2½ dalar 3 skill. Ivar brukte ½ laup og betalte

--- side 66 ---

1 dalar 3 ort og Arne brukte 1 laup og betalte 2 dalar 1 ort i ryttarskatt.

Ivar var leiglending ogso 1611 og 1614 og betalte siste året fyrste års bygsel for 3 spann og tridje års bygsel for 1½ laup. Han vart då utskriven med byrse og sverd til Svinesund. Arne og Tormod betalte 1 rd. kvar i «knegtskatt», av di dei slapp reisa. Ivar er seinare førd upp som leiglending fleire gonger 1621-1636, brukte 4 laup 1 spann i 1635, gav 2 rd. i tridje års bygsel i 1636 for 2 laup og brukte då ialt 4 laup. Han åtte ½ laup i Tren i 1621. Steen Olavson har i 1614 leigt 2 laup, som han skulde gjeva 11 dalar for i fyrste års bygsel. Som eigarar er ført upp i 1621 Jørgen Mosafinn med 1 spann, Knut Graudo og Anders Rykke 1 laup og Styrk Møn 1 laup. I ymse skattemanntal i fyrste halvparten av 1600-talet er Bergens stift ført upp som eigar av 4 laup i Berge og har nok ått dette fyrr og. Eirik Gitleson er vorten brukar i 1636 i staden for Tormod og var fyrr 1645 g. m. Fennie? og hadde dotteri Kari.

Folkvard Broderson har 1649 late noko i Berge saman med anna jordgods til kongen ved makebyte og fått att Gravdal gard og mylne. Ved makebyte med kongen i 1649 fekk Hannibal Sehested leidangen av Apostelgodset i Berge ½ laup 9 mark smør, 2 bukkskinn, 1 geitskinn og 1 sauskinn. Sehested åtte 1650 6 laup, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det ½ laup 9 mark smør, 2 bukkskinn, 1 geitskinn og 1 sauskinn i leidang, 6 dalar i skatt, 1½ dalar i fornødspengar, 1½ dalar i arbeidspengar og 2 dalar i avgift til jordeigaren. Eirik, Per og Torgaut var leiglendingar. Sehested laut skøyta desse 6 laup attende til kongen i 1651, som i 1657 skøytte det til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 syner og at Finnegodset åtte 6 laup i Berge. Kyrkjerekneskapen for 1654 syner at Vangskyrkja fekk i årleg landskyld av Berge 6½ aske korn og 1 pund smør. I 1661 og 1676 åtte Finnegodset 6 laup og Vangskyrkja 1 spann, som ho ogso var eigar av 1691, 1695 og 1714. Klas Miltzow åtte 6 laup i 1691, som Henrik Miltzow åtte 1695 og 1714. Laurits Miltzow var 1714 eigar av 12 mark i Øvre Berge. Eigedomen åt kyrkja selde kongen saman med henne i 1723.

Per Erlingson, Lars Eirikson og Torgaut Arneson var brukarar 1657 og 1664. Lars var skyss-skaffar i 1658. Han er stemnd for di han skulde ha teke betaling av ålmugen og stukke til

--- side 67 ---

seg for «flytning og førerskab» vedkomande Finnegodset, truleg for skyssing av ein tilsynsmann for dette godset. Per har i 1664 sonen Erling, 20 år gl. som kom til Rekve. Lars er truleg son åt Eirik Gitleson. Torgaut må vera son åt Arne Velomson og hadde i 1664 sonen Mons 23 år. Som vitne i den store skogsaki åt Klas Miltzow vitna Mons at han hadde hogge 5 tylvter sagtimber i Almenningen. Futen tok sikring i midelen etter mor hans Lars for di kona åt Lars Bokkatun skulde ha 4 dalar. Rokk midelen ikkje til, skulde brørne Lars, Nils og Magnus leggja frå seg til henne, sidan dei hadde fått bryllupsgjerd men ikkje ho. Erling Berge har i 1660 fått avskil som soldat.

Sokneprest Gjert Miltzow stemnde i 1669 Mons Torgautson til tings for di han ikkje hadde lært sin barnelærdom og forklaringi og ikkje gjekk til altars. Mons var vaksen og møtte. Han vilde gjerne læra, sa han, men kunde ikkje. Det vart pålagt han å læra noko til fyrstkomande pintsedag. Gjorde han ikkje det, skulde han straffast og stengjast ute frå kyrkjelyden.

Lars og Mons Torgautssøner og Lars Eirikson var stemnde til tings i 1672 for overfall på Mons Bang, då han kom og krov skatten og onnor gjeld som dei var skuldige. Saki vart utsett. Lars Eirikson stemnde Torgaut i 1674 fordi han skulde ha sagt um Lars at han hadde «bedrevet både mord og hor». Både Torgaut og vitne upplyste at Lars sin bror, Mons Rekve, var komen til Lars ein sundagskveld, men dei hadde ikkje set, at Mons reiste derfrå. Lars svarde, at Mons gjekk frå han um måndagsmorgon og hadde fylgt han innover brui. Ingen hadde sidan set Mons. Torgaut vitna vidare at Lars ein gong hadde slått bror sin til blods med ei skjering. Saki vart sett ut.

I 1691 er Jakob og Mons brukarar av 1½ laup 9 mark kvar, Oddmund og Per brukar kvar 1½ laup, men i 1695 brukar Jakob 3 laup 21 mark og Mons 3 laup 9 mark. Folketeljingi i 1701 har desse brukarar: Knut Torfinnson 77 år, Jakob Nilsson 48 år, Erling Knutson 33 år, Endre Mikkjelson? 39 år og Lars Torgautson 61 år, den siste på Øvre-Berge. Jakob er nemnd som lagrettemann i 1700. Erling hadde sønene Knut 6 og Anders 3 år gamal. I 1715 er det berre tri brukarar: Jakob,. Erling og Sjur. Likeins i 1723, so nær som at i staden for Jakob (død 1718) er komen sonen Knut f. 1688, som bygsla 1 laup 9 mark i 1720, men døydde alt 1725. Erling Knutson døydde 1724. Sjur Oddson hadde i 1708 bygsla 2 laup av H. Miltzow,

--- side 68 ---

men døydde 1725. Det må ha vore smittsom sjukdom på garden med di at alle tri brukarane då er døde i sovidt ung alder. Sjur er 1724 idømd 3 lodd sylv i bot for å ha vore drukken ein sundag. Kjel Berge er umtala 1724 at han saman med Lars S. Skutle skulde reisa til Kjøbenhavn for å tala med kongen um ei sak for vossane.

I 1730 er ført upp som eigarar og brukarar Johannes Styrkson og Johannes Larsson. Den siste var frå Gjerde og makeskifte i 1729 med Erling Rognaldson uti 2 laup i Berge. Jo-


Berge
Bilete 8. Berge. Fot. P. Braaten 1935.

hannes er soneson åt Johannes Sverkveson Seve, som var gift med fyrste kona åt lensmann Mass Seve. Johannes Larsson døydde 1778, 80 år gl., var g. m. Steinvor Kolbeinsdr. død 1752, 51 år gl. og hadde seks born. Han selde garden 1748 til Arnved Jonson Skjerve. Framhald bruk 1.

Johannes Styrkson Rue var g. 1. m. Brita Styrksdr., 2. m. Brita Kolbeinsdr., som døydde 1783, 87 år gl. Han kjøpte 1727 2 laup i Berge. Ved skiftet etter han 1743 er ført upp seks born: Styrk, Eiliv, Kolbein, Hallstein, Synneva og Brita. Styrk var g. 1746 m. enkja Barbrå Jakobsdr. Lisseim. Kolbein f. 1736 gifte seg 1765 m. Kari Knutsdr. Lunde. Hallstein

--- side 69 ---

f. 1730 var g. 1766 m. Kari Andersdr. Lisseim. Brita gifte seg 1750 m. Per Olavson Lisseim. Eiliv var f. 1728, døydde 1802, og var g. 1753 m Sigvor Velomsdr. Eide. Dei hadde 10 born etter seg. Eiliv fekk i 1757 skøyte frå syskini på 2 pund 8 mark, i 1773 skøyte frå mor si på 1 laup, kjøpte av Hallstein Lisseim, bror sin, i 1773 6 mark i Øvre-Berge, og kjøpte i 1760 løysningsretten til 2 laup i Berge for 33 rd. 66 skill. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. I 1783 let Eiliv til eldste sonen, Johannes, 1 laup og i 1788 til sonen Velom 1 laup.

Johannes f. 1755, døydde 1810, og var g. 1783 m. ek. Marta Ivarsdr. Bø. Dei hadde ikkje born. Han let garden til Velom, bror sin. Han har so late 1 laup att i 1798 til systermannen Kolbein Person Gavle. Framhald bruk 4. Velom kjøpte dessutan i 1798 av far sin 12 mark i Øvre-Berge. Velom f. 1759, døydde 1810, var g. 1798 m. Kari Olavsdr. Tesdal, død 1808. I 1804 var han for retten for å ha slått Mattis Monsson Berge med ein kornstaur, so han døydde um lag ein månad deretter. Velom vart dømd til å «arbeida i jarn» i 5 år på Bergenhus festning. Han skulde dessutan betala godtgjering etter skyn og sakskostnader. Framhald bruk 5.

Løytnant Johan Koren Dal selde i 1778 2 laup 9 mark i Berge, som han hadde fått med kona si, Else Alstrup. Enkja etter kancelliråd Nils Alstrup åtte dette jordgodset i 1761, då ho fekk kongeskøyte på løysningsretten til 2 laup for 33 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt dette jordgodset i 1657. Erling Knutson Berge kjøpte halvparten og Gudleik den andre halvparten. I 1780- og 1790-åri har desse gardpartane skift eigar fleire gonger til dess Sjur Josefson i 1796 er vorten eigar av bruk 2 og Anders Knutson Graudo i 1786 kjøpte bruk 3. Han bytte same året med Anders Vikingson uti 1 laup i Indre Flògo. Framhald bruk 2 og 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Berge. Arnved Jonson Skjerve har som ovanfor meldt kjøpt 2 laup i Berge i 1748. Det vart bruk 1. Til bruket høyrer 9 mark, som Vangskyrkja åtte. Arnved var andre mannen åt lensmannsdotteri Soffi Massdr. Seve. Arnved fekk 1760 kongeskøyte på løysningsretten til 2 laup i Berge for 33 rd. 66 skill. Gabriel Marselis hadde kjøpt sjølve jordgodset i 1657. Arnved og Soffi hadde døtterne Marta, Brita, Soffi.

--- side 70 ---

Marta f. 1739 var g. m. 1. Lars Steffason Skjerve, 2. m. Lars Larsson Bjørku. Brita f. 1743, var g. m. Mattis Monsson Bokkatun, død 1804, 71½ år gl. Soffi f. 1747, gifte seg med Erling Olavson Grovu.

Mattis og Brita fekk garden på Berge hjå foreldri og hadde borni: Arnved, Ragna, Soffi. Ho Ragna vart g. m. Anders Vikingson Berge på bruk 3. Soffi vart g. m. ekm. Jon Bårdson Rokne. Arnved døydde 1826, 60½ år gl. g. m. Mari Gudleiksdr. Seve fekk garden etter foreldri. Ved skifte i 1827 var garden verdsett 680 spd. og skogen 40 spd. Arnved var med i krigen mot Sverike og må ha vore ein kraftig kar. På heimreisi bar han nemleg med seg frå Austlandet ein smidjestede. Han hadde borni Brita, Mattis, Gudleik og Eli. Eli vart g. m. Jon Jonson Botnen frå Fyksesund, som vart husmann på Eimstad.

Mattis var f. 1818, døydde 1906 og var g. m. Marta Brynjulvsdr. Væte som døydde 1872. Dei fekk farsgarden hans i 1828 og hadde borni: Arnved, Maria, Brynjulv, Brita, Olav, Brita. Brita d. e. f. 1860 var g. 1881 m. Johannes Bergeson Væte, gardmann på Gjerstad, Brita d. y. f. 1868 var g. 1896 m. Anders Eirikson Veka, gardmann på Berge. Mattis hadde og ei dotter Maria f. 1854 som vart g. m. Brynjulv Sjurson Rene. Brynjulv f. 1859, g. m. Guro Nilsdr. Vestrheim f. 1850, fekk garden i 1878 for 4000 kronor. Brynjulv har late garden til sonen Mattis i 1932. Han er f. 1881 og g. 1918 m. Brita Bergesdotter Lisseim f. 1890.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 7, lnr. 18, gamal skyld 2 laup 9 mark urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 3 ort 7 skill. Ny skyld mark 6,79.

Bruk 2. Berge. Som fyrr nemnt er Sjur Josefson vorten eigar av 1 laup i dette bruket i 1796. Vangskyrkja åtte 4½ mark. Sjur bytte i 1800 med Kolbein Person uti 1 pund i Gavle. Kolbein selde garden att i 1816 til Olav Andersson Væte. Han var i 1805 g. m. Brita Eilivsdr. Berge, syster til kona åt Kolbein og dotter åt fyrrnemnde Eiliv Johannesson. Olav selde 13 mark i 1822 til Aslak Aamundson, men Anders Olavson kjøpte heile bruket i 1826 og budde der til han døydde som kårmann i 1881, 76 år gl. Han var g. 1. 1827 med Ingebjørg Monsdotter. Lunde, 2. 1873 med Anna Gusskalksdr. Vestrheim og hadde med henne sonen Olav f. 1874, som er stasjonsmeister. Anders var god felespelar. Garden selde han 1859 til Simon Knutson for 600 spd. Han let garden i 1868 for 750 spd. til

--- side 71 ---

Gusskalk Bergeson Lisseim som budde på Berge til han døydde i 1921. Han let garden til sonen Berge i 1899 for 1400 kronor og kår. Av han kjøpte Lars Andersson Ringheim, som no bur der, i 1909 for 3000 kronor. Frå bruket er i 1909 fråskilt bruk 9, Bergsteigen.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 7, lnr. 18, gamal skyld 1 laup 4½ mark. urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 1 dalar 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 2,86, men er no mark 2,81 etter at bruk 9 er skilt frå.

Bruk 3. Berge. Anders Vikingson fekk som fyrr umtala dette bruket i 1786. Han døydde i 1801, 44½ år gl. og var g. m. Ragna Mattisdr. Ved skifte etter han var bruttomidelen 613 rd. Dei hadde borni Guri, Brita, g. m. Halle Erlingson Væte og Soffi, g. m. ekm. Anders Larsson Flògo. Guri fekk garden i 1810 og vart 1819 g. m. Lars Person Haga. Dei åtte og 18 mark i Haga. Ved skifte etter Lars var garden på Berge verdsett 350 spd. og skogen 10 spd. Born: Brita f. 1821, Anders f. 1823, Per f. 1825, g. m. Marta Gusskalksdr. Berge, Ragna f. 1828, Marta f. 1831. Per fekk garden på Haga og Anders garden på Berge ved skifte etter faren i 1836 og ved skøyte frå mori i 1844.

Anders selde att i 1844 til Eirik Knutson, som same året let til Nils Gudleikson Bergslien. Han var fødd på Seve 1789, døydde 1852 og g. 1820 m. Sigrid L. Berge. Nils og Sigrid hadde borni Eli f. 1820, Sigvor f. 1826, Marta f. 1834 og Lars f. 1837. Sigvor vart g. m. Nils Larsson Bergslien f. 1823, død 1913. Han var då korporal og steig etterkvart til kommandersersjant, var med i heradsstyret og ymse anna kommunalt arbeid. Nils var bror åt kunstnarane Brynjulv og Knut Bergslien. Born: Kristense f. 1846, g. m. Åmund Larsson Uppheim, Sigrid f. 1863, g. m. Svein Person Lydvo, og Nils f. 1853, død 1929, budde i Eidfjord, var g. m. Johanna Myklatun, og var ein av våre beste kunstmålarar. Nils Larsson selde garden i 1879 til Eirik Eirikson Berge for 4000 kronor og tok seg kår. Olav B. Mestad kjøpte garden av Eirik i 1921 for 10000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 7, lnr. 19 med skyld som bruk 2, med undantak av at den nye skyldi er mark 2,86.

Bruk 4. Berge. Kolbein Person Gavle fekk som fyrr fortalt dette bruket i 1798, men ved makeskifte i 1800 fekk Olav Johannesson det. Han let garden i 1823 til sonen Gusskalk,

--- side 72 ---

som hadde han til 1855, då dotteri Marta fekk garden. Ho vart i 1859 g. m. Per Larsson Haga og far hennar fekk att garden i 1861. Han bytte so i 1865 uti bruk 2 Haga med Anders Larsson som selde garden året etter til Helena Helgesdr. Meland for 650 spd. Ho selde i 1879 til Lars Olavson Gjøastein for 5400 kronor. Han budde der til 1891 då han selde til Svein Person Lisseim for 6000 kronor. Sonen Per har no eigedomen. Han er f. 1886 og g. m. Brita Brynjulvsdr. Berge.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 7, lnr. 20 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 10 skill. Ny skyld mark 3,33.

Bruk 5. Berge. Ovanfor er fortalt at Velom Eilivson vart eigar av dette bruket. Han hadde berre dotteri Sigvor f. 1800 og let garden i 1811 til Styrk, bror sin, for 1000 rd. Sonen Eiliv Styrkson fekk so garden i 1825. Han reiste 1857 til Amerika og selde då garden til Ingebrikt Olavson for 1050 spd. Eiliv var f. 1806 og g. 1823 m. Guri Nilsdr. Røte. Ein son deira, Knut, f. 1838, som skreiv seg for Bergh, var professor ved Luther College, Decorah. Han døydde i Granvin 1875. Ingebrikt let garden att i 1860 til Olav Brynjulvson, som var g. m. Kristi, dotter åt Eiliv Styrkson, nemnd ovanfor. Dei selde att i 1865 til Olav Johannesson Hovda for 550 spd. Enkja etter han, Marta Brynjulvsdr. vart g. m. Svein Andersson Kvåle, som fekk skøyte på garden i 1874. Etter at bruk 6 var skilt frå, selde dei bruk 5 til Lars Olavson Berge for 4000 kronor. Han selde i 1891 til Mikkjel Larsson Lisseim for 3000 kronor. Garden vart so seld på auksjon i 1895. Kjøparane selde noko i 1897 og resten i 1908 til Anders Eirikson Veka. Sonen Eirik har no garden.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 7, lnr. 21 med gamal skyld 1 laup 12 mark. Etter bruk 6 var skilt frå, var den reviderte skyldi 4 ort 7 skill., og den nye skyldi mark 1,25.

Bruk 6. Berge (Vetlestølen). Utskilt frå bruk 5. Johannes Bergeson Væte kjøpte det i 1880 av Svein A. Kvåle og selde det 1888 til Anders Halleson Berge. Frå bruk 6 er skilt ut bruk 7 i 1890, bruk 8 i 1891 og bruk 10 i 1930. Skyldi er deretter mark 1,24 på bruk 6. Anders har i 1929 late garden til versonen Martin Mattisson Dagestad for 2000 kronor.

Bruk 7. Bergsteigen. Utskilt frå bruk 6 med skyld 4 øre. Knut Andersson Berge kjøpte det i 1890 av Anders Halleson.

Bruk 8. Berge. Utskilt frå bruk 6 med skyld mark 1,26.

--- side 73 ---

Olav Mattisson Skylje kjøpte det i 1891 av Anders Halleson og bygde der.

Bruk 9. Bergsteigen. Utskilt frå bruk 2 i 1909 med skyld 5 øre. Ivar Knutson Berge fekk gåvebrev i 1901 på denne eigedomen frå Anders Person Berge.

Bruk 10. Sjursplasset. Skilt frå bruk 6 i 1930 med skyld 2 øre og skøytt til Johannes A. Ullestad.

Husmannsplass.

I 1614 har ei enkje betalt ½ dalar i skatt for øydegard eller husmannsplass. Der var 2 husmenn i 1664, Nils Eirikson og Daniel Arnfinnson. Laurits er husmann i 1672. I 1701 er ført upp husmann Mons Torgulfson (Torgautson?) 62 år gl. På Jorena var 2 husmenn i 1865: Sjur Bårdson, død 1899 og Per Andersson, død 1875. Sjur var smed og gift med Brita Bergesdr. Flògo. Det eine plasset er vorte sjølveigedom. Det andre fall attende til garden.

Støl.

Stølen var det ei mil til, heiter det i 1723. Det var sak i 1736 med to på Vetla Røte, som hadde teke seg til støl i «Berges stølsmark nemlig Løvdalsstølen». Ivar Person Hosås kjøpte stølen Bergsteigen i 1807 av mennene på Berge, men dei tok undan skogteigen, som framleies høyrer til Berge. Berge har no støl på Laudalen ved Laudalselvi.

Ymse.

Gamle postvegen gjekk upp over Hagabakkane, fylgde umlag bygdevegen som no er nedlagd, til Lidalen, gjekk so over Bruhaugen og Bergshaugen ned gjenom Bergsbakkane um Joro til postvegen etter akstrevegen som no er der. Anna Lisseim som døydde 1865, 69 år gl., har fortalt, at ho såg dei kom køyrande frå Evanger den vegen med vetla kyrkjeklokka åt Vangskyrkja. - Ragnhild Andersdr. Berge har dikta ei vise, som vart prenta, um ulukka i januar 1829 då 8 ungdomar bleiv i Vangsvatnet.

Offentlege forretningar.

Bergemennene hadde åstadssak seg i millom 1794. I 1796 og 1798 hadde dei sak mot Væte. Um Bergsteigen var det sak i 1810. På Berge har det vidare vore odelssak i 1818, utskifting 1823, «åværksag» 1828 og utskifting av innmarki 1887. 3 bruk laut då flytta husi sine. Fyre utskiftingi var tunnamni på Berge: Uppigaren, Utigaren, Burtigaren, Innigaren og Nedigaren. Millom Bergslidi og Berge var det kommisjonsforlik i 1841.

Kvern.

Ikring midten av 1800-talet var det 5 kvernhus, men no er dei alle burte. Vass-sag har det vore solangt attende folk kann hugsa. Den fyrste folk no veit um, var ei «tre-krumtapp-sag» som stod på austsida av elvi. So vart ho flytt til Hypedl'n

--- side 74 ---

på austsida åt elvi og bygd upp som uppgangssag. I 1895 vart ho laga um til sirkelsag. Lenger nede i elvi er Bergsfossen, som ein har mælt til å vera 80 alner høg.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Berge.

Erling Berge 1710, 1720, 1722 tavle 1 nr. 26. Teikna 1721 som t. 4 nr. 51. Jakob 1711-1714 t. 1 nr. 27. Olav (Hallsteinsberg?) 1715 t. 1 nr. 28. Anders 1722 t. 1 nr. 29. Johannes Styrkson 1736 t. 1 nr. 30. Eiliv Johannesson 1782 som t. 4 nr. 51 sett på hovudet. Knut teikna 11 gonger 1737 til 1763 t. 1 nr. 31. Johannes 1749, 1750 t. 1 nr. 32, teikna som t. 2 nr. 59 i 1754. Bjarne 1765 t. 1 nr. 34. Mattis 1766 t. 1 nr. 35. Teikna MB med ein kross over M i 1770.