69. Bergo (Hallsteinsberg).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 410 ---

Namnet vert i 1695 skrive Berge under østre Løne, i 1723 Halstenberg. Garden vert no vanleg kalla Bèrgó2; han búr pao, è tao Bèrgo, ska tì Bèrga eller Bèrgó(?). Matrikkelnamnet

--- side 411 ---

Hallsteinsberg er samansett med mannsnamnet Hallstein. Daglegnamnet er dativ fleirtal av berg n.

Landkommisjonen har i 1661 ført Hallsteinsberg upp som øydegard med skyld 12 mark og ein brukar. Der var ingen lunnende er det sagt. Skyldi var 9 mark i 1723. Garden var høgt tilfjells, heiter det, tungvinn og hadde noko brennefang. Kornavlingi var uviss. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 1 dalar. Då var det vedaskog til eige bruk. Samanlikningstalet var 150.

Matrikkelen 1865 har ført upp 4 mål åker, 9,5 mål god, 6 mål medels natureng og 4 mål skrapebø. Medels hamnegang som låg lagleg til. Skog til husbruk. Garden var svært tungvinn, men dyrka som vanleg. Kornavlingi mislukkast sume år. I 1918 var det 4,5 mål open åker, 3 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Det budde 2 menneske i 1801, 6 i 1865 og 4 i 1920 på Bergo.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bergo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     4   6   1 ½    
1865 1   5   14   9   12  
1918 1   4   9          

Bergo er einbølt gard uppe under Svartahorgjæ. Tunet ligg 344 m. over havet.

Fyrste gong me finn Bergo (Hallsteinsberg) nemnd, er i 1661, då det er sagt at skyldi var 12 mark, og at Vangens prestebol var eigar av det. Laurits var brukar. I manntalet 1664 er ikkje ført nokon upp på Bergo. Olav var brukar i 1691 og Knut Løno i 1695. Skyldi er då og seinare ført upp med 9 mark som Vangens prestebol åtte. Sjur Knutson f. 1665, var leiglending i 1701. Olav Hermannson bygsla garden i 1708. Han var g. m. Marta Andersdr. og hadde dotteri Anna f. 1714.

Sverkve Torleivson har vore leiglending ikr. 1715, var g. m. Barbrå Mikkjelsdr. og døydde 1719. To døtter: Ragnhild f. 1711 og Anna f. 1715, død 1769. Ho Barbrå styrde so garden til 1721, då Anders Person bygsla han. Anders var g. m. Brita Nilsdr. f. 1679. Ho døydde 1762 utan born. Lars Knutson bygsla av soknepresten i 1768. Lars var g. 1759 m. Barbrå

--- side 412 ---

Andersdr. Fenno og døydde 1802, 84 år gl. Olav Botolvson har so vore leiglending. Han var g. m. Marta Olavsdr. Medan dei budde der, fekk dei borni Ingebjørg f. 1783 og Synneva f. 1789. I 1791 avstod Olav bygsli til Styrk Knutson Taulen og kjøpte av han 9 mark i Taulen. Styrk var g. m. Gunnhild Brynjulvsdr. og var leiglending til 1799. På Bergo fekk dei tri søner: Knut f. 1793, Brynjulv f. 1794 og Anders f. 1797.

Gudleik Eirikson f. 1770, g. 1800 med Gjertrud Persdr. Ygre f. 1780, bygsla i 1799. Medan dei budde der, fekk dei tri born: Gjertrud f. 1804, Eirik f. 1807 og Per f. 1811. Klas Larsson Glymme f. 1751, g. 1773 med Ragnhild Torbjørnsdr. Rogne bygsla garden i 1816. Olav Larsson Gjukastein f. 1793, g. 1820 m. Anna Isaksdr. Lekve bygsla i 1820 Bergo og fekk kongeskøyte i 1838 for 150 spd. og jordavgift 3 skjeppor 2 fjerdingkar bygg. Han selde i 1840 til Johannes Kolbeinson, g. m. Anna Torgeirsdr., som atter selde 1843 til Lars Olavson for 400 spd. Han flytte til Hylle og selde 1845 Bergo til Jon Bergeson for 200 spd.

Sjur Larsson frå Evanger kjøpte garden i 1862. Han var f. 1832, g. m. Sigvor Helgesdr. og døydde 1900. Åtte born: Brita f. 1862, Ingebjørg f. 1865, Anna f. 1868, død 1889 ugift, Kari f. 1870, g. 1902 med Olav Sjurson Fletre, Lars f. 1872, død 1907, Guri f. 1874, Helena f. 1877, g. 1908 med Gudleik Nilsson Taulen, Ingjerd f. 1880, g. 1908 med Olav Ivarson Fjellby. Gudleik og Helena fekk garden i 1907 for 1000 kronor.

Bergo (Hallsteinsberg) var fyrr mtrnr. 69, lnr. 143 med gamal skyld 9 mark, urevidert 1 dalar, revidert 4 ort 15 skill. Ny skyld mark 1,35.

Bergo hadde i 1749 saman med Høyland og Afdal sak mot Tvinno. Godviljug utskifting vart halde 1838. Sumarsstølen er Løyning.

Bumerke.

Bumerke har Anders Bergo teikna 1729 tavle 4 nr. 43.