9. Bergshaugen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 76 ---

Gamle skriftformer er ikkje funne. Namnet vert no sagt Bèrshaujén1; han búr pao, è tao Bèrshaujæ, ska pao Bèrshaujén. Det er samansett av berg n. og haug, og skulde i gamalnorsk form heita Bergshaugr, i bundi form Bergshaugrinn.

Gudleik Bergeson Flògo selde i 1792 til Steffa Monsson plasset Bergshaugen, som Gudleik åtte, med «tilliggende ager og tomter hvorpaa husene staar». Steffa hadde fyrr vore husmann på Bergshaugen som høyrde under Flògo. Som umtala under Berge gjekk gamle postvegen um Bergshaugen. Mest all ferdsel millom Voss og Bergen gjekk då um her. Der har vore utsal av øl og brennevin, sume tider med løyve av øverheiti og sume tider utan. Han Steffa fekk gastgjevarløyve i 1793. Han selde alt i 1796 eigedomen til Nils Jonson Gjerstad som fekk gastgjevarløyve i 1798. Noko retteleg gastgjevargard har det nok ikkje vore, men berre handel med brennevin og øl. Det er fortalt at ein gong amtmannen kom reisande der og gjekk i støvlar med høge skaft utanpå buksa, kom han inn på Bergshaugen. Kona vilde då som skikken var gjeva han mjølkedrikka. Ho vart kann henda noko forfjøtra av seg. Nok er, då ho kom burt til amtmannen med mjølkekolfota, kanta ho og kvelvde kolfota i fanget på amtmannen so han fekk styvlane fulle med mjølk.

Nils selde eigedomen «med gjestgiveri» i 1805 til Ingebrikt Larsson. Han let att i 1811 til Aslak Åmundson. So kjøpte Mattis Person i 1830 for 170 spd. Han døydde i 1870, 87 år gl. og var gift med Sigvor Olavsdr., død 1878, 82 år gl. Han var med i krigen mot Sverike og er skriven for Uppheim på veteranbautaen. Deira son Olav fekk eigedomen i 1876 for 200 spd., men selde alt i 1881 til Johannes Brynjulvson Væte for 1960 kronor. Han selde i 1885 for 2000 kronor til Mattis Olavson Bergshaugen som hadde eigedomen til 1912 og let han då til Knut K. Bergshaugen for 1600 kronor. - På Bergshaugen budde det 4 menneske i 1801, 8 i 1865 og 9 i 1920.

Ved matrikkelen i 1830-åri er samanlikningstalet 20. Skyldi er då førd upp med 16 skill., var sett upp i 1865 til 18 skill. og er no 22 øre. Der var i 1865 ½ mål åker, 1 mål eng, 2½ mål god natureng og 3 mål skrapebø. Hamnegang vantar. Det var lite ved og ikkje timberskog, garden var lettbrukt og dyrka

--- side 77 ---

betre enn vanleg. Dei fødde ½ hest, 2 kyr og 2 sauer. I 1918 var der 2,2 mål åker, 1,5 mål kunsteng og 4 mål natureng og fødnaden 8 sauer og 3 gjeiter. Det har vore kvernhus åt garden, men det er burte for fleire år sidan. Garden har ikkje støl.

Ovanfor Bergshaugen er Olavstonæ, der ferdslevegen har gått i gamal tid. Ein trur at Olav den Heilage reiste den vegen i 1023 og at toi har namnet etter han.

Bumerke.

Åmund Bergshaugen 1783 tavle 1 nr. 37.