18. Bergslidi.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 74 ---

Namnet vert i 1695 skrive Bergslj. Det vert no sagt Bèrslíæ1; han bur i Bèrslíéné, è ór Bèrslíéné, ska ín í Bèrslíæ. Det er samansett av berg n. og lid f., og skulde i gamalnorsk heita Bergshlíð, i bundi form Bergshlíðin.

Det er fyrst i matrikkelen av 1695 me finn Bergslidi nemnd og garden er då førd upp under Finnegodset. Me må difor tru at garden då nyleg er rudd, og at den fyrr har høyrt til garden Berge. I matrikkelen 1723 er umtala, at Bergslidi er ein ring fjellplass, utan vedaskog «eller videre», ikkje fiske eller kvern. Ved matrikkelen i 1830-åri var Samanlikningstalet 100. Vidare er då tilført, at der var vedaskog men ikkje fjellhamn. Etter matrikkelen 1865 var der 4,2 mål åker, 2 mål dyrka eng, 6 mål god, 9 mål medels natureng og 9 m. skrapebø, medels vårhamn, simpel sumarhamn, hadde brennefang, men ikkje timber. Der var ingen sers lunnende, men garden var dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 3 mål åker, 4 mål kunsteng og 8 mål natureng.

I Bergslidi budde 5 menneske i 1801, 4 i 1865 og 4 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bergslidi.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     5   6          
1865 1   5   10   10   10  
1918 1   4   4          

Henrik Miltzow åtte garden i 1695. Brukaren heitte Mons. Folketeljingi 1701 har Endre Mattisson, 47 år, som brukar. Han har fått nya upp att bygsli i 1720. Skifte er halde etter han 1739. Kona hans, Åsa Olavsdr. frå Bjørgo i Evanger, levde att med sju born. Endre var frå Bergstad i Evanger. Nils Olavson har so vorte leiglending til 1760, då han kjøpte garden av Inger Worm Fürstenberg og budde der til 1762, då han døydde, 70 år gamal. Var g. 1. m. ek. Mari Andersdr., død 1749, 86 år gl., 2. m. Kari Eiriksdr. Gjerde. Ho var g. 2. m. Odd Larsson Gjerstad. Han døydde 1781, 59¾ år gl. Erling Brynjulvson Seim kjøpte då garden i 1782. Han var gift to gonger og hadde åtte born etter seg. Ved skifte etter han vart garden seld til Sjur Josefson Græe for 270 rd. Han bytte i 1796 med Anders Knutson uti bruk 2 Berge. Anders døydde som husmann på Kvernhushaugane i 1808. Ei arbeidsmanns enkje, Torbjørg Massdr. fødd umlag 1740 budde på Bergslidi ikring 1800. Då klaga ho over at lensmannen var komen og hadde halde registrering etter mannen hennar fyrr han var død og hadde selt alt som fanst der fyrr mannen var jorda.

Ein Olav Andersson kjøpte garden i 1805, bytte so med Kolbein Person Berge i 1816. Då han var død, kjøpte Nils Gudleikson Seve i 1839 garden av ervingane for 200 spd. Då han kjøpte gard på Berge, selde han Bergslidi i 1846 til Torgis J. Vaksdal, som selde att 1848 til Anders O. Ulsnes for 300 spd. Han hadde garden til 1868, selde so til Gusskalk Mattisson for 600 spd. Garden gjekk vidare til Knut Bergeson Lisseim i 1872, til Nils Brynjulvson Væte i 1881 for 3000 kronor, til Anna Brynjulvsdr. i 1889 og til Askjel Bergeson Fadnes i 1890. Etter han var død, har garden skift eigar nokre gonger. Knut Larsson Lisseim kjøpte han i 1925 for 5000 kronor.

Det har vore utskifting med Berge i 1825, semje med Berge um beitingi i 1841, og utskifting med Berge i 1888.

Støl.

Støl var det ikkje til garden i 1723.

Ymse.

Skyldi er både i 1695, 1723 og 1838 førd upp med 12 mark. Ho er umskrivi i 1838 til 3 ort 8 skill. og vart sett upp i 1865 til 3 ort 12 skill. No er skyldi mark 1,02.

Bumerke.

Nils Bergslidi 1754 t. 1 nr. 33. Odd 1778 t. 1 nr. 36.