175. Bjørgo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 44 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive vnder Biorghum. Det vert no sagt Bjørgó2; han búr pao, è tao Bjørgó, ska tì Bjørga, sms. Bjørga-èlvè. Formi Bjørgó er dativ fleirtal av ei bjørg (berglag), gn. bjrg f. (fleirtal bjargir, dativ bjrgum).

Bjørgo har alltid vore einbølt gard. I 1661 er skyldi førd upp med 1½ laup, og der var ein brukar. Der var timberskog og brennefang. Det var likeins 1723. Garden var tungbrukt «dog siels til sin avling med korn». Skyldi er 1777 og 1838 1 laup 18 mark og vart 1838 umskrivi til 3 dalar 6 skill. Samanlikningstalet var 460. Vedaskog til eige bruk og fureskog til sal. Der var vassfall på garden.

I matrikkelen 1865 er ført upp 111/6 mål åker, 5½ mål dyrka eng, 10 mål god, 8 mål medels natureng og 43 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Vårhamni var medels, men det vanta sumarhamn. Skog til husbruk og timber kunde dei selja for 18 spd. um året. Garden var medels tungbrukt, utsett for å svida og dyrka betre enn vanleg. Vassfallet vart sett til 2 spd. årleg innkome. Ved uppteljingi 1918 var der 23,6 mål åker, 46 mål kunsteng og 24 mål natureng.

Folketalet var 7 i 1801, 17 i 1865 og 18 i 1920.

--- side 45 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Bjørgo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   11   6          
1723 1   11   9   12      
1865 1   9   22   25   22  
1918 2   14   34          

Bjørgo
Bilete 9. Bjørgo. Fot. P. Braaten 1937.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 1 laup i Bjørgo. I jordboki 1427 over Munkeliv klostergods er skrive: «4 mmb. i Biorguin på Voss gav Steinvor, som døydde i Rom, til Munkeliv for si sjel.» I jordboki for 1463 står at Munkeliv åtte 1 pund i Biorghom. I jordboki 1480-90 er ført upp millom Munkeliv sitt gods: 3½ mmb. i Biorg som Steinvor gav for si sjel. Eg har brev på det, er det ført til med ei onnor hand. Steinvor har altso gjeve dette jordgodset for si sjel til Munkeliv, er so reist til Rom og døydde der. Arnfinn Sigurdson klagde 1557 til rikskanslaren og høvedsmannen på Bergenhus over at

--- side 46 ---

jordgodset som Steinvor hadde gjeve burt, høyrde til farfar hans Arnfinn. Dom vart avsagd 1558 at dei 4 mmb. skulde vera Arnfinn og hans etterkomarar sin eigedom.

Sigurd og Askjel var leiglendingar 1521. Sigurd betalte 3 mark i skatt og 8 mark i breffbrot og Askjel 6 mark og 2½ lodd sylv i skatt og breffbrot. Son hans Sigurd må vera Arnfinn som var leiglending 1563 og betalte ½ laup smør i landskyld. Sjur var leiglending 1591. Jordboki 1585-1616 syner at Vangens prestebol fekk 12 merker smør i landskyld. Leidangen var etter leidangsboki 1624 8 merker smør og 1 geitskinn. Odd er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1621, Arnbjørn 1611, Oluf mange gonger 1614-1659, og Knut 1652. Oluf var g. fyrr 1645 m. Anna og hadde då sonen Johannes og tenestgjenta Marta. Oluf vart utskriven 1614 til Svinesund med øks og sverd. Han åtte 1½ laup i 1635.

Samuel på Os åtte 4 pund i 1652 og 1659 og Vangskyrkja 12 mark. Oluf Sørensen, borgar i Stavanger, tilbaud 1657 dei som hadde odelsrett i Bjørgo å få løysa garden. A. de Fine er 1661 skriven som eigar av 1½ laup. Denne skyldi er Bjørgo førd upp med både 1652 og 1661. Johannes Olavson er skriven som leiglending 1659, 1661 og 1664 og har truleg vore det lenger. Han hadde sonen Per f. 1648. Lars Larsson var leiglending på ½ pund i 1664 og hadde sonen Lars f. 1651. I 1670 vitna Johannes (Øysteinson?) at han hadde hogge timber i Almenningen. Han var lagrettemann i 1671. Kinsarvik kyrkje åtte 1691 noko i Bjørgo og Johannes var leiglending. Skyldi er 1695 førd upp med 1 laup 18 mark. Derav åtte Vangens prestebol 18 mark og Maren Søfrensdr. 1 laup.

Johannes Øysteinson f. 1642 er skriven som odelsbonde i 1701. Han hadde i 1698 kjøpt 2 pund smør og 12 askar korn i Biergum av enkja Maren Søfrensdr. i Trondheim. Johannes var då g. m. Karen Torbjørnsdr. og vart 1716 g. m. Marta Larsdr. (Melve?) og døydde 1725. Ved skiftet etter han åtte dei 5 spann på Bjørgo, verdsett 75 rd. Bruttomidelen var 300 rd. Det er fortalt at Johannes var av hallingætt og kom frå Raundalen då han kjøpte på Bjørgo. Ei segn segjer at medan Johannes var i Raundalen hadde han pengane sine i ei hit gøymt i ei innhol osp. På Bjørgo gøymde han pengane i ei kolfote som han grov ned. Då han trudde at døden var nær og vilde syna kona si kvar pengane var, fekk: han slag og døydde. Ho Marta, enkja

--- side 47 ---

etter Johannes, vart attgift 1725 m. Knut Nilsson Berge og døydde 1735. Ho fekk ikkje born med han. Ved skifte etter henne åtte dei 2½ spann i Bjørgo og 4½ mark i Mæringi. Knut gifte seg att 1736 med Bryttva Olavsdr. Tverberg.

Trond Johannesson f. 1719, gifte seg 1. 1737 m. Ingebjørg Davidsdr. Klyve, 2. 1739 m. enkja Kari Ivarsdr. Store Hegg (frå Midberde) f. 1714. Trond har fått 1 laup 18 mark ved skifte etter mor si 1736 og ved skøyte 1737. 25. februar 1738 var det lauseld på Bjørgo og då gjekk med «borgstuen», eldhus, loft og underbu, ei skykkje full med høy, stabbur, smalflor, vedhus, «med hans ringe formue» og 7 tunnor korn. Ingebjørg fekk slik ein støkk at ho fødde for tidleg og døydde. Trond søkte um fritaking for skatt eit par år. Ved skifte etter Ingebjørg åtte dei Bjørgo 4 mark på Nedre Klyve og 2 mark i Røyrlidi. Bruttomidelen var 232 rd. Trond døydde 1755 og hadde fått fem born med Kari: Ingebjørg f. 1739, g. 1785 m. ekm. Lars Kolbeinson Dukstad, husmann på Dukstad, Hermund f. 1744, Johannes f. 1747, død ugift på Bjørgo, Ivar f. 1751, g. 1774 m. Gunnhild Brynjulvsdr. Grovu, og Marta f. 1753, g. 1790 m. Brynjulv Jonson Vossabakka. Ivar budde i Grønlidi, og sidan budde Marta og Brynjulv der.

Kari, enkja etter Trond, vart uppattgift 1756 m. Ivar Johannesson Espeland og døydde 1781, 67 år gl. Dei fekk dotteri Sisselja f. 1760 som vart g. m. Karle Larsson Dymbe. Ivar var eigar av 1 pund 21 mark. Han gifte seg att 1783 m. enkja Margreta Eilivsdr. Kolvu. Hermund Trondson f. 1744 vart g. 1. 1774 m. Ragna Brynjulvsdr. Grovu, 2. 1777 m. Synneva Knutsdr. Haga f. 1750. Hermund fekk 1769 og 1781 skøyte på garden. Han døydde 1802 og Synneva 1831, 81 år gl. Dei hadde fem born: Ragna f. 1778, død 1837, Kari f. 1781, g. 1823 m. Nils Levorson Store Hegg, Lars f. 1784, Knut f. 1792 og Knut f. 1795, død 1845. Ragna fekk med Jørgen Kolbeinson Sonve, Dale, sonen Trond f. 1809, som 1833 vart g. m. Eli Oddsdr. Håtveiti og vart gardmann i Grønlidi. Ved skifte etter Hermund vart garden taksta 600 rd. Bruttomidelen var 771 rd.

Lars Hermundson gifte seg 1820 m. Mari Arnbjørnsdr. Haugo f. 1780 og fekk 1807 farsgarden. Det er fortalt at han kjøpte ein omn som han betalte 600 riksbankdalar for. Pengane hadde lite verd då. Dei fekk dotteri Brita f. 1821. Mari døydde 1865, og Lars 1866. Brita gifte seg 1843 m. Josef Torleivson Bryn f.

--- side 48 ---

1817. Han var med i kommunale gjeremål, dreiv i yngre år mykje med sylvsmedarbeid og var kunnande med ymse andre arbeid. Han arbeidde m. a. såmaskine, og ein navar, til å bora vasspringlurar med, som no er i museet på Mølster. Brita var god misjonsven og var den fyrste som gav pengar til ein barneheim på Voss. Josef døydde 1876 og Brita 1906. Dei hadde borni: Anna f. 1844, g. 1868 m. Nils Larsson Finnesteigen, Lars f. 1845, g. 1870 m. Ingjerd Josefsdr. Lid, Gudve f. 1848, g. m. Nils Davidson Gjerdåk på Løno, Steffa f. 1851, død i Amerika, Maria f. 1855, g. m. Olav Gitleson Opeland på Øvre Lid, Brita f. 1858, død ugift 1906, Olav f. 1861, Nils f. 1864.

Eldste sonen Lars fekk gard hjå foreldri på Øvre Lid og er umtala der. Olav tok mot farsgarden i 1884 og fekk 1904 skøyte på han for 4800 kronor. Han er g. 1. m. Kristi Persdr. Vike f. 1870 død 1898, 2. m. Anna Oddsdr. Grønlien f. 1876. Olav har no huseigedom på gnr. 192, bruk 45 i Haugamoen der dei bur. Han var ordførar i 14 år, lang tid varaordførar og har havt mange tillitsyrke i heradet og fylket. Var med og skipa Voss Sagbruksinteressentskap, Voss Veksel- og Landmandsbank, l/l Trelastforretningen og Palmafossen kraftstasjon. Stortings-varamann 1898-1900 og 1910-15 og stortingsmann 1922-1927, bankstyrar, medlem av landsstyret i Noregs Bondelag, av landbruksrådet, den departementale kornkommisjonen, arbeidsløysenemndi, formann i Hordaland Landbruksselskap, i styret for Hordaland Landbruksskule og Vestlandske Salslag. Born med Kristi: Josef f. 1892, Brita f. 1893, g. m. Ivar Refsdal på Gjerdåk. Maria f. 1895, g. m. Nils N. Mala, Sigrid, f. 1897, g. m. Nils N. Bjørku; og med Anna: Bergljot og Oddvar. Josef fekk garden i 1920 (skøyte 1929) for 15 000 kronor med bu og bøling og utan kår. Han er g. m. Synneva Oddsdr. Grønlien, Haugo.

Nils Bjørgum er g. m. Johanne Bertelsen frå Horsens i Danmark. Han gjekk 1880 på Knut Bergsliens målarskule i Oslo og sidan to år på kunstakademiets teikneklasse i München. Alt i 1885 fekk han eit landskapsbilete inn på statens kunstutstelling i Oslo og sidan kvart år til han i 1889 fekk kunstnarstipend til verdsutstellingen i Paris. Frå den tid vart han interessert for konstruksjon av skjotevåpen og arbeidde sidan i lang tid dels på våpenfabrikken på Kongsberg og dels i Sverike med nykonstruksjon av automatiske gevær og mitraljøser. I 1890-åri var han mykje politisk interessert og styrde fleire år «Vosse-

--- side 49 ---

bladet», som då fekk namnet «Hordaland». Sidan 1919 har han teke upp att målingi, både landskap og portrett og har m. a. måla portrett av ordførarane på Voss.

Bjørgo var fyrr mtrnr. 186, lnr. 359 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38.

Bruk 2. Liateigen. Denne skogteigen vart skilt frå bruk 1 i 1880 og skøytt saman med bruket på Øvre Lid til Lars Josefson Bjørgo. I 1889 kjøpte Olav Bjørgum teigen.

Bruk 3. Bjørgum Skule. Utskilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 2 øre og selt til Voss herad til tuft åt skulehuset.

Bruk 4. Bjørgum Skule. Skilt frå bruk 1 i 1906. Skyld 1 øre. Selt til Voss herad.

Bruk 5. Utskilt 1929 frå bruk 1 med skyld mark 1,35. På bruk 5 som ligg på Tymbraodlsida og Grovesida er ikkje bygt hus. Det vert brukt av eigaren Olav Bjørgum som bur i Haugamoen.

Bruk 6. Bjørgøyni. Skilt ut 1932 frå bruk 5 med skyld 12 øre og selt til Nils O. Hellene, som har vore husmann der frå 1894.

Bruk 7. Granheim. Utskilt 1936 frå bruk 1 med skyld 4 øre. Olav K. Hegg som er baneformann kjøpte det og har bygt seg hus der.

Husmenn.

Mons Erlingson, g. m. Sigvor Larsdr. fekk 1726 dotteri Brita, som døydde 1734. Erling Monsson hadde sønene Nils og Olav, båe fødde 1739. Kåre fekk 1742 dotteri Marta. Lars Hermannson fekk 1750 sonen Anders. Steffa Monsson fekk 1752 dotteri Gjertrud. Dei ovanfor nemnde har vore «til hus» på Bjørgo. Knut Hermundson, nemnd ovanfor, budde på plasset i Bjørgatymbraodlæ og fekk to born Guri og Olav. Guri reiste til Nordland. Olav fekk plasset Bjørkebor'na. Ein Knut døydde 1845 i Bjørgatymbraodlæ. Etter han kom Lars Olavson Bolstad frå Evanger. Han var f. 1820, g. m. Ragnhild Nilsdr. Brekku or Bergsdalen. Lars var slaktar og reiste til Bergen med slaktebeist og burdakyr. Dei hadde borni: Kari, Olav, som vart regnhattemakar i Bergen, Brynjulv, Kirsti og Ingebjørg. Lars reiste med huslyden sin til Amerika i 1870-åri, og stova deira vart flytt til Øvre Fenno.

--- side 50 ---

Etter Lars budde ikkje nokon i Bjørgatymbraodlæ fyrr Jon Knutson Røte kom der. Han var f. 1847, g. 1879 m. Ingjerd Vikingsdr. Seve. Dei hadde fyrr gard på Store Røte. Ingjerd døydde 1925 og Jon 1928. Dei fekk fleire born. Sonen Knut har no husi. Gudleik Larsson Grovu fekk 1904 feste på eit jordstykke i Bjørgatymbraodlæ. Han reiste til Amerika og Brynjulv Halldorson Veiso kom 1906 i staden. Han var f. 1866 på Styve og g. 1894 m. Guri Monsdr. Fenno f. 1873. Brynjulv døydde 1921, og enkja har no jordstykket.

Støl.

Støl hadde ikkje Bjørgo i 1723. Det er fortalt at Bjørgo skal ha havt stølen sin på Bjørgatræe i gamal tid. Elles hadde ikkje garden støl fyrr Lars Hermundson i 1832 kjøpte støl av Store-Roknane på Kùlset for 200 spd. Denne stølen som er gnr. 200, bruk 2, har sidan vore i bruk. No høyrer den eine tridjeparten til bruk 5.

Kvern og sag.

Kvern var der ikkje i 1723, men 1776 og 1791 var der ei flaumkvern som har stade til langt fram i 1800-talet. Kvern vart sett upp att ikring 1926. Josef melde på tinget 1853 at han hadde sett upp ny vassag med eit sagblad for å skjera timber or eigen skog, og åt grannar timber or deira eigen skog. Han vilde ikkje skjera kjøpt timber. Berre i flaumtider var det vatn til sagi Vadmålstampe var der og i 1880-åri.

Offentlege forretningar.

Sak 1686 mot Ronve og Flatlandsmoen um stølen Kleppe. Åstadsak 1840. Skyn 1842 um gjerde. G-renseuppgang 1848. Semje 1908 med Flatlandsmoen um gjerdehald for Bjørgatræe. Semje 1908 med Nitroglyserinkompaniet um leige av tuft.

Bumerke.

Knut 1726 tavle 7 nr. 34, mykje brigda 1735.

Ymse.

Hjedlafuro stod nordanfor Solstad og var ei av dei største trei på Voss. Ho vart hoggi 1927 og var umlag 200 år gamal. Ho hadde desse toppmål: 3 meter frå roti 28 turnar, 10,5 m. 24 t., 14 m. 20 t. og 17 m. 12 turnar. I 1921 var ho 1,25 mtr. frå roti 2,63 mtr. og i 1924 2,65 mtr. umkring.

Til garden Bjørgo har frå gamal tid høyrt Bjørgatræe, ein skog- og slåtteteig ovanfor Dale, og Bjørgøyane (Tatrøyane) og ein skogteig ved elvi millom Istad og Mala. Desse teigane har vore skyldlagde saman med garden. Tatrøyane vart utskilde i 1932. - I 1858 kjøpte Josef Torleivson ein snauhogd skog- og myrateig, Tjødnateien ved Opelandstjødnæ, av Knut A. Øvre Rykke for 15 spd. Denne teigen ligg inn til den andre skogen

--- side 51 ---

på Bjørgo, men har gnr. 91, bruk 3 og ei skyld på 22 øre. Sidan har Tjødnateien fylgt med garden og høyrer no til bruk 5. Ovanum garden er det øvst i Bjørgaberget ein stor bergnolt dei kallar Nolten. Til ikring 1820 sende dei på Bjørgo kvart år ein ramost til Spetalen i Bergen, det skulde gjera at Nolten ikkje kom til å detta ned over garden.