158. Bjørku.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 485 ---

Namnet er i 1300-talet skrive Biarka. Det vert no sagt Bjørkù2; han búr pao, è tao, ska tì Bjørkù. Namnet gn. Bjarka (gen., dat., akkus. Bjọrku), må vera ei avleiding av bjọrk f., soleis som ein ofte finn i teigenamn.

Matrikkelen 1661 melder at skyldi var 3½ laup, at der var to brukarar og turvande vedaskog. I 1723 er det likeins med tillegg at der var humlagard og nok skog til husbyggjing. Kornavlingi var årviss, men garden var noko tungbrukt. Skyldi 3½ laup vart 1838 umskrivi til 9 dalar 4 ort 17 skill. Der var fureskog til eige bruk, humlagard og vassfall. Samanlikningstalet var 1500.

Matrikkelen 1865 melder at der var 37 mål åker, ½ mål dyrka eng, 32½ mål god, 57 mål medels natureng og 87 mål skrapebø. 12 mål var skikka til dyrking. Der var ring hamnegang, skog til husbruk og det kunde seljast timber for 12 spd. årleg på bruk 1 og for 30 spd. på kvart av bruki 2 og 3. Bruk 1 var medels lettbrukt og dyrka minder godt. Bruk 2 og 3 var lettbrukte og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 47 mål åker, 98 mål kunsteng og 18 mål natureng.

Folketalet var 31 i 1801, 35 i 1865 og 40 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bjørku.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   14          
1723 1   24   24   33      
1865 3   23   55   88   46  
1918 3   20   73          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Olavskyrkja i Bergen åtte 6½ mmb. (eller laup) i Bjørku. Askjel Torsteinson er den fyrste bunadsmannen på Bjørku som me veit um. Han var

--- side 486 ---

g. m. Ragna Bårdsdr. sonadotter åt Svein Arneson, som åtte mykje jordgods. Askjel er nemnd fleire gonger som lagrettemann på Voss, soleis 1427, 1428, 1438 (sjå ND. I nr. 716, 763, 764, II nr. 773) og fleire. Askjel er oftare nemnd i diplomatariet som stor jordgodseigar og han hadde eigedomar fleire stader i landet. Askjel har saman med fleire hengt seglet sitt på skriv til kong Karl av Sverike, dagsett 21. september 1449 med bøn um hjelp av kongen mot den danske kongen.

Askjel har truleg vore i skyld eller inngift med framståande ætter på Vestlandet. I diplom frå Opedal 1558 er meldt at


Bjørku set frå Ygre
Bilete 62. Bjørku set frå Ygre. Fot. P. Braaten 1936.

godset etter Svein Arneson vart tildømt ei Ragna Bardorsdotter. Ho hadde ein son Torstein og ei dotter Gunnhild. Torstein hadde dotteri Inga. Der vart arven ståande. Gunnhild hadde ei dotter Bodille og ho hadde to døtter, Ingeborg og Stenuor. Dette diplomet stadfester soleis at Askjel og Ragna hadde borni Torstein og Steinvor. Ho vart g. m. Havtor Gjermundson Gjerdskvål, umtala på Gjerdskvål. Dei har etterkomarar på Voss.

Torstein Askjelson Bjørku, ofte kalla Rike-Torstein, har butt på Bjørku 1521. Han er truleg fødd umkring 1440-åri og nemnd som «salig» 1534. På Bjørku er 1563 ført upp leiglen-

--- side 487 ---

dingen Torstein, men det må då vera ein annan. Namnet Rike-Torstein fekk han av di han åtte stormykje jordgods spreidt over Vestlandet, Sørlandet, Romsdalen o. s. b. I eit diplom er sagt at han ervde ein del etter foreldri sine, ein del etter sine «blodsforvandte» og noko kjøpte han. Sume meiner at han var g. m. Kristina Andersdr. til Vatne, dotterdotter til Svale Jonson Smør. Andre segjer at han var g. m. Åsa Hugnesdr. Kann henda at han har vore g. m. båe som sume meiner. Han hadde visst berre ei dotter Inga, g. m. Sigurd Mattson på Tolga. Ho har fått arven etter Svein Arneson som far hennar hadde sak um. Ho døydde umkring 1555 utan born. Det har sidan vore mange prosessar um midelen etter Inga og Torstein.

Fru Gyrvhild Fadersdotter skøytte 1582 4 laup i Bjørku eller Byrkjo til kongen. Namni på desse gardane er stundom so likt skrivne at det er vanskeleg å vita kva for ein det gjeld. Jordboki 1585-1616 melder at «skolemesteren» (rektoren) i Bergen fekk ½ laup smør og 1 hud i landskyld av Bjørku.

Sverkve og Kåre var leiglendingar 1603. Sverkve er umtala på Bø, Tjukkeb. Erling var leiglending 1611, 1614 og 1621 og åtte 2 laup i 1611. Eirik var leiglending 1621 og 1635. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Jordi var god er det sagt, men der var ikke noko lunnende. Ei enkje var leiglending. Tormod Gunderson, g. m. Sigvor budde der 1636 og 1645, åtte 1636 2 laup og hadde dotteri Gunnhild. Tormod Gunnarson er nemnd i ei sak på Skulestad 1656.

Torkjel Olavson Uppheim, Ulvik, og kona hans selde 1644 1 pund smør 1/3 hud i Jødno, Kinsarvik, og 1 tunne salt i Åkre til Gunnar Ivarson Jødno og fekk i staden 1 laup i Bjørku, som var Gunnar sitt odelsgods, og betalte i millomlag 80 rd., 6 såld korn og ei øks verd 1 dalar. Dessutan hadde Torkjel betalt 10 rd. til Tormod Bjørku som han hadde lånt Gunnar.

Skyldi er førd upp med 3½ laup i Skattemanntalet 1652. Rektoratet i Bergen åtte 1 laup, Torkjel Uppheim 2½ laup. Tormod var leiglending. Det var likeins 1655 og 1659. Tormod åtte 1655 2½ laup i Gjerdåk. I 1661 var det to leiglendingar Tormod og Gudleik Tormodson. Gudleik var og brukar 1664 og hadde sønene Johannes og Halle, båe fødde 1648. Johannes var lagrettemann 1670 og var vel då leiglending. Gudleik vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Almen-

--- side 488 ---

ningen. Han var lagrettemann 1662. Nils Torgeirson, g.m. Torbjørg var leiglending 1668 og seinare. På Rekve er umtala at han var med Nils Reff på skattekrevjing. Nils Torgeirson var lagrettemann fleire gonger 1656-1668.

Odelsskattemanntalet 1676 har som eigar Olav Uppheim, Ulvik, 1 laup, Arnoldus de Fines ervingar 2 pund smør 1 tunne korn, Olav Horvei 1½ laup. I 1680 åtte Olav Uppheim 5 spann og Olav Horvei 5 spann. Askjel var leiglending 1680. Eigarane i 1691 er førde upp soleis: Rektoratet 2 laup, Olav Horvei 18 mark og Sjur Møn 1 laup 18 mark. Matrikkelen 1695 har som eigarar rektoratet 2 laup og lensmann Viking Tvilde 1½ laup. Torbjørg og Lars var leiglendingar 1691 og 1695.

Folketeljingi 1701 melder at der var to leiglendingar Lars Bårdson f. 1645 og Gullaug Larsson f. 1669. Lars var soneson til Sverkve umtala på Bø, Osgjerd og Selheim. Lars var g. 1. m. Rannveig Larsdr. Bjørku, som døydde 1695, 2. m. enkja Dønåt Hallvardsdr. Han vitna 1669 i den store skogsaki at han hadde hogge 4 tylvter sagtimber i Almenningen og selt til Klas Miltzow for 2½ mark tylvti. Under ei rettssak 1722 på Selheim er upplyst at Lars var brukar på Bjørku 1682. Lars døydde 1703 og hadde med Rannveig fem born: Lars f. 1676, Sigvor f. 1679 og Ingebjørg f. 1683, Bård f. 1684, Olav f. 1688. Ved skifte 1695 åtte buet 4½ mark i Skjerve. Av krøteri vart ein ukse verdsett 1 rd. 2 mark, ei tri år gamal kvige 1 rd. 3 mark, eit hors (merr) 3 rd., ein hest 2½ rd. og ein sau 2½ mark.

Lars Larsson f. 1676, g. 1. m. Gjertrud Arnesdr. Rene, død 1725, 2. 1725 m. Anna Mikkjelsdr. Lirhus, bygsla 1702 av rektoratet 1 laup. Lars åtte 14 mark i Selheim der han og borni hans er umtala. I 1714 åtte Bergens Latinskule 1 laup, Jon Vestrheim 1 laup 18 mark og lensmann Viking Tvilde 1 laup 18 mark. Lars og Ivar var brukarar både då og 1723. Henrik Miltzow er fyre 1621 vorten eigar av 1 laup 2 pund 6 mark. Han bygsla 1721 2 pund 15 mark til enkja Anna Åmundsdr. og 1726 1 laup 2 pund 6 mark til Eirik Eirikson som 1732 fekk dotteri Herborg. Styrk Oddson Graudo f. 1706 gifte seg 1736 m. Anna Mikkjelsdr. Bjørku, enkja etter Lars Larsson, og bygsla 1 laup av Latinskulen.

Hermann Knutson, g. m. Botilda Trondsdr. har vore leiglending til han døydde 1745 og hadde borni Knut som var utanlands i 1752, og Lars som gifte seg 1748 m. Sigrid Nilsdr. Løno.

--- side 489 ---

Hermann døydde 1744, 52 år gl. og Botilda gifte seg att 1745 m. Eirik Nilsson Løno. Botilda døydde 1749, 70½ år gl. og Eirik gifte seg att med Anna Mikkjelsdr. Han døydde 1760, 49 år gl. utan etterkomarar og åtte då 3 spann 3 mark i Sausjord. Alle var leiglendingar.

Sjur Steffason, g. 1756 m. Orlog Ivarsdr. Berde var leiglending. Ho døydde 1772, 36 år gl. og Sjur gifte seg att 1773 m. Dordei Jørgensdr. Nedre Graudo. Han kjøpte i 1756 av ervingane etter skiftebrev 1739 og 1749 1 laup i Øvre Ygre, bytte 1764 m. Mikkjel Ivarson Store Rokne uti Fagnastølen, selde han 1768 til Tormod Torsteinson Bjørku, som avstod til Sjur garden han brukte på Bjørku. Dordei døydde 1793, 66½ år gl. og Sjur 1792, 60½ år gl. Med Orlog fekk han fire born: Steffa, framhald bruk 1, Knut, g. 1810 m. Marta Halldorsdr. Kjønnagard, Kristi f. 1763, død 1847 og Brita f. 1767, død 1789.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bjørku. Dette bruket er ofte kalla Vetla Bjørku. Steffa Sjurson f. 1759, g. 1790 m. Kari Rasmusdr. Vinjo bygsla garden. Kari døydde 1803, 44½ år gl. og Steffa 1804, 45 år gl. og hadde borni Sjur f. 1796, g. 1830 m. Anna Magnesdr. Teigen, Setre, f. 1802, og Sigrid f. 1793. Bård Mikkjelson Store Rokne var deretter leiglending. Han gifte seg som ekm. 1801 m. Marta Nilsdr. Lid. Han døydde 1815, 76 år gl. Ved skifte etter Bård var bruttomidelen 1157 riksbankdalar, som etter lovi um penge-nedslaget vart 115 spd. Marta gifte seg att 1816 m. Knut Brynjulvson som bygsla bruket i 1819. Han døydde 1833, 42 år gl. og Marta 1858, 82 år gl. Dei var barnlause.

Bård hadde med Marta sonen Nils f. 1806. Han gifte seg 1835 m. Steinvor Eiriksdr. Hydningen f. 1803 og fekk 1832 kongeskøyte på garden for 547 spd. og jordavgift 2 tunnor 1½ fjerdingkar bygg. Nils døydde 1859 og Steinvor 1886. Dei fekk sonen Bård f. 1837, som fekk garden ved skifte etter far sin for 625 spd. Bård var gift 1859 m. Brita Nilsdr. Ygre eller Lunde f. 1837. Han døydde 1863 og Brita 1915.

Deira dotter Anna f. 1860 gifte seg m. Nils Olavson Ygre f. 1861. Dei fekk 1885 farsgarden hennar for 900 kronor. Nils har vore med i heradsstyret, skulestyret, styret for sokneselskapet, styret for skoglaget og har vore skogplantar for laget, aksjonarius og med på skylddelingar og skyn. Frå 1905 då han tok

--- side 490 ---

til å planta gran, har han planta ut fleire tusen gran og har rykta skogen sin framifrå godt. Sju born: Brita, Olav, Sara Marta, Sigrid, Nils, Anna fødde 1883-1902. Olav er gardmann på Ygre. Nils f. 1899, g. 1923 m. Sigrid Olavsdr. Bjørgum har no garden. Han er med i heradsstyret, likningsnemndi og ymse anna kommunalt arbeid.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 159, lnr. 308 med gamal skyld 1 laup, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 2 dalar 2 ort 22 skill. Ny skyld mark 3,76.

Bruk 2. Bjørku. Det er ofte kalla Store Bjørku. Enkja Torbjørg var leiglending 1691 og 1695. Ho hadde vore g. m. Nils Torgeirson, umtala ovanfor som leiglending 1668. Han var truleg frå Auro og har nok butt på Bjørku til hans døydde fyre 1691. Dei hadde tri born: Knut f. 1659, som vart gardmann på Repål, Steffa f. 1678 som budde på Skjerve, og Arngunna.

Arngunna Nilsdr. gifte seg med Gullaug Larsson Uppheim, Vestbygdi, f. 1669. Han døydde 1704 og Arngunna gifte seg att m. Ivar Johannesson Nesheim, Vossastr. f. 1670. Gullaug og Ivar var leiglendingar på Bjørku. Arngunna døydde 1722 og Ivar gifte seg uppatt m. Brita Sjursdr. Nedre Skutle og vart gardmann på Saude, Borstr. Ivar var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. Arngunna hadde fire born med Gullaug og ei dotter med Ivar: Nils f. 1694, g. 1724 m. enkja Brita Bjarnesdr. Veka og 1740 m. Borghild Oddsdr. Lunde, gardmann på Veka, Olav f. 1697 som var på Auro 1741, Lars f. 1700, g. 1736 til Øvre Klyve m. Anna Andersdr., Torbjørg f. 1704, Torbjørg Ivarsdr. f. 1706, g. 1726 m. Lars Jonson Vestrheim, Ulvik.

Lars Jonson f. 1699 var son til Jon Olavson Vestrheim, f. 1661 og Marta Larsdr. f. på Spildo 1661. Ho var av Losnaætti. Jon ætta i tridje leden frå Olav Knutson Jødno, Kinsarvik, som truleg var av Rogneætti på Voss. Jon kjøpte 1704 5 spann på Bjørku og budde der. Han var ei tid presten sin medhjelpar. Lars fekk 1726 gåvebrev frå far sin på hans 5 spann i Bjørku. Lars døydde 1744 og ho Torbjørg gifte seg att 1745 m. Torstein Olavson Tverberg. Ved skifte etter Lars var garden taksta 135 rd. og nettomidelen var 517 rd. som vart til skiftes millom borni og enkja. Torbjørg døydde 1750 og hadde med Lars fått tri søner: Jon, Nils, f. 1735, g. 1770 m. Åsa Andersdr. på Dukstad, og Lars f. 1742, g. 1767 m. enkja Marta Arnvedsdr. på Skjerve. Med Torstein hadde Torbjørg sonen Lars f. 1746.

--- side 491 ---

Jon Larsson f. 1732, g. m. Sigvor Ivarsdr. Nesheim, Granvin, fekk 1750 skøyte på 5 spann. I 1774 fekk dei skøyte frå bror hennar, Pål Nesheim, på 5 spann i Bjørku for 650 rd. Pål hadde fått det ved gåvebrev. Jon åtte då 2½ laup på Bjørku. Han åtte og 1/3 part i sagi og stampa som stod på Bokkatun sin grunn. Jon og Sigvor let etter seg ein biletbibel som er på bruk 2 med uppteikningar um dei og borni. Jon skulda lensmann Gusskalk Ringheim for ulovleg sportulering og det vart ei umstendeleg sak. Mange vitnemål studde Jon sin påstand, men lensmannen vart frikjend og Jon fekk bøter. Domen vekte stor harme hjå folk som meinte at Jon hadde rett. Jon døydde 1795 og Sigvor 1813. Ved skifte 1795 vart 1 laup 18 mark taksta 800 rd. og bruttomidelen var 1272 rd., heri medrekna 3 mark i Kvitno, Rd. Fire born: Lars f. 1766, Torbjørg f. 1760, g. 1782 m. Lars Sveinson på Øvre Lid, Ivar f. 1775, g. 1805 m. Marta Josefsdr. på Nedre Lid og fekk farsgarden hennar, Lisbet f. 1772, g. 1794 til Jørdre med Johannes Nilsson.

Lars Jonson f. 1766, g. m. Ingebjørg Nilsdr. Jørdre f. 1772 fekk 1788 skøyte frå far sin på 1 laup 18 mark med 1/3 part i sagi og stampa for 600 rd. og fekk seinare resten av farsgarden. Han åtte og tri fjordepartar av Fagnastølen og kjøpte Olavsholmen i Krokavatnet. Lars var oftast kalla Store-Bjørken og skulde vera ein av vossabygdi sine mest velhaldne menn. Han reiste med hestar og krøter til Bergen, hadde mykje krøter som han hyrde burt og dreiv mykje med brennevinsbrenning. Lars selde brennevin ankervis, m. a. til gastgjevar Kongstun på Eide for 12 skill. flaska. Kongstunen tok att ei ort. Lars reidde fisk og slepte i Justdalsvatnet, der det fyrr ikkje hadde vore fisk.

Ho Ingebjørg var stor og ferm. Der kom ikkje fermare kvinna i vossakyrkja, er det hermt etter henne Anna Rene. Lars skifte garden 1831 millom sønene Jon og Nils. Lars døydde 1831 og Ingebjørg 1860. Ved skifte etter Lars var nettomidelen 2230 spd. Fire av borni fekk kvar 282 spd. i bryllupsgjerd, som dei andre hadde fått fyrr. Hestar var verdsette 8-14 spd. og kyrne 8-12 spd. Åtte born: Sigvor f. 1794, g. 1818 til Takla med Lars Kjelson, Jon f. 1796, Nils f. 1799, framhald bruk 3, Ivar f. 1804, sjukleg, død ugift, Anna f. 1807, g. 1832 m. Jon Johannesson Jørdre på Lid, Kv., Brita f. 1810, g. m. Lars Larsson Skjerve, Torbjørg f. 1812, g. m. Nils

--- side 492 ---

Gudleikson på Kinne, Lars f. 1816, gardmann på Øvre Graudo.

Jon Larsson f. 1796, g. 1841 m. Kari Gudleiksdr. Tvilde f. 1807, fekk 1831 skøyte frå far sin på bruk 2. Jon døydde 1864 og Kari 1888 og hadde to born: Ingebjørg f. 1844 og Lars f. 1847. Ingebjørg vart g. 1894 m. ekm. Andreas Trondson Dagestad på Mala. Lars gifte seg 1871 m. Guri Josefsdr. Lid. f. 1847. Dei fekk 1870 farsgarden hans for 500 spd. og hennar farsgard på Nedre Lid i 1878 for 3200 kronor. Åtte born: Jon, Kari, Anna, Josef, Ingebjørg, Ivar, Marta, Lars fødde 1871- 1892. Jon f. 1871, g. 1899 m. Guro Josefsdr. Bokkatun f. 1871 fekk skøyte 1902 frå faren på bruk 2 Bjørku for 4000 kronor. Jon døydde 1912 og Guro 1914. Deira son Nils fekk skøyte 1934 på garden for 10 000 kronor og 4000 kronor for lausøyre.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 159, lnr. 309 a med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,57.

Bruk 3. Bjørku. Utskilt frå bruk 2 i 1831. Nils Larsson, nemnd ovanfor, f. 1799 fekk skøyte frå far sin på bruk 3. Nils vart gift 1837 m. Guri Josefsdr. Lid f. 1810. Ho døydde 1852 og han 1883. Dei fekk seks born: Ingebjørg f. 1838, død ugift 1888, Lars f. 1840, Josef f. 1843, Brita f. 1845, Sigvor f. 1848 og Anna f. 1848. Josef var gift fyrst 1868 m. Kristi Davidsdr. Bokkatun og andre gongen m. Marjo Arnfinnsdr. Kinne og hadde gard på Bokkatun og Kinne. Brita gifte seg 1866 m. Knut Torkjelson Opeland på Setre. Sigvor vart gift 1890 m. ekm. Josef Nilsson på Nedre Lid. Anna vart g. m. Olav Olavson på Tundal.

Lars Nilsson f. 1840, g. 1897 m. Kristi Olavsdr. Rokne f. 1873, fekk 1872 farsgarden for 800 spd. Han døydde 1909 og Kristi gifte seg att 1926 m. ekm. Sjur Larsson på Istad. Lars og Kristi fekk borni Nils, Guro, Olav, Lars og Anna. Nils var f. 1898, g. m. Elisa Olavsdr. Helland, Ølve i Sunnhordland f. 1891. Nils fekk skøyte på garden og stølen i 1923 for 6000 kronor. Nils døydde 1925, og ved skifte etter han vart garden lagd på dotteri Ella for 9000 kronor. Elisa gifte seg uppatt med Olav Steffason Elvebakke frå Gloppen f. 1909. Dei styrer no garden.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 159, lnr. 309 b med gamal skyld som bruk 2.

Bruk 4. Pullmannsholmen. Lars Jonson Bjørku kjøpte 1808 denne holmen som er i Krokavatnet av Olav Brynjulvson

--- side 493 ---

Flatlandsmoen. Holmen er då skriven for Ola-Holmen. I 1893 er holmen skild ut att frå bruk 2 og 3 med skyld 4 øre og seld til konsul Rieber i Bergen for 100 kronor. Ved skifte etter han 1893 fekk døtterne holmen.

Bruk 5. Bjørkheim. Utskilt 1911 frå bruk 2 med skyld 13 øre og ervefest til Bendik Knapstad. Han bygde og budde der til 1926 då han selde bruket til lærar Lars Brakestad, som bur der.

Bruk 6. Bjørkheim. Skilt frå bruk 2 i 1921 med skyld 6 øre. Det er sidan ført saman med bruk 5.

Bruk 7. Fagnastølen. Skilt ut frå bruk 2 og 3 i 1922 med skyld 20 øre og selt til Lars H. Fagnastølen.

Bruk 8. Bjørkhaug. Skilt ut frå bruk 2 i 1932 med skyld 26 øre. Ivar J. Bjørku fekk ervefeste på det i 1933.

Bruk 9. Bòr'na. Skyld 21 øre. Skilt frå bruk 2 i 1934. Eigar er Eli A. Bjørku.

Husmenn på Bjørku,

Adtzle og Gunnhild, kona hans, var husmannsfolk i 1645. Folketeljingi 1701 melder um to husmenn Styrk Jonson f. 1631 og Mons Torgeirson f. 1651 med sonen Olav f. 1700. Torgeir Olavson Bulko f. 1763, g. 1786 m. Brita Knutsdr. Ygre. Anders Magneson, g. 1782 m. Arngjerd Steffadr. Bjørku fekk sonen Magne 1782. Olav Torsteinson budde på plasset Bjørkebød'n og fekk 1793 dotteri Brita. I 1801 var det to husmenn: David Torgeirson f. 1756, g. m. Brita Knutsdr. og borni Torgeir, Sjur, Marta og Eli, den siste f. 1788. Den andre husmannen var Anders Larsson f. 1739 og kona hans, Marta Andersdr. og deira to søner Lars f. 1784 og Anders f. 1788.

Forutan Bjørkebød'n har det vore desse plassi: Tuftna, Velesplasse, Bjørkerendna, Toramod'n, Leiro, Bjørkebòrna og Bjørkehagen. Den siste er framleies i bruk. Det er vel ikring 100 år sidan nokon budde på Tuftna. Velesplasset er truleg rudt av Ivar Olavson f. 1790, g. m. Bryttva, som budde der til 1865, då han kom på legd. Han var uppalen på Velesplasse på Nedkvitno, var vanleg kalla Vel'n, og plasset hans på Bjørku har fått namnet etter han. Sidan har det ikkje butt nokon der. Bjørkerendna er ei rand langs med Taklaelvæ. Ein som var kalla Randaosen, skal vera fødd der. Gitle Helgaset budde der fyrr han kom til Helgaset ovanfor Dale. Jon Person Hyrt og Brita,

--- side 494 ---

kona hans, budde og der. Ho var flink jordmor og var ofte hjå barselkonor.

Olav Salamonson Horvei, g. m. Guri Tròbare på Rong budde i Leiro og døydde der. Han var ein kunnande arbeidar, var bygningssnikkar, smed, skreddar og arbeidde ymse ting av kopar og sylv. Dei hadde fire døtter: Kari som budde på Magnehaugen og hadde døtterne Anna Brurestolen og Kari, Anna som reiste til Amerika, Marta g. m. Knut Odden budde på Veiso, og Torbjørg Magnehaugen. Torbjørg fekk sonen Anders Knutson f. 1864, som og budde på Magnehaugen, umtala på Bokkatun. Etter Olav Horvei budde Ivar Johannesson Svartveit i Leiro og var g. m. Jorunn Davidsdr. Sidan budde dei på Bruplasset på Skjerve. Sidan budde Samson Olavson Tverberg i Leiro. Han var f, 1836, g. 1. 1867 med Gjertrud Andersdr. Kvitno, Rd. som døydde 1891 og 2. 1892 m. Elen Brynjulvsdr., enkja etter Kjel Indre Takla. Samson døydde 1903. Med Gjertrud hadde han sonen Anders f. 1867 og med Elen borni Gjertina og Ivar.

På Bjørkebòrna budde Halldor Sjurson Tverberg, g. 1823 m. Synneva Johannesdr. Øvre Graudo. Lars Nilsson budde der i 1830-åri og hadde fire born: Nils, Henrik, død ugift 1872, Sigvor død ugift 1896 og Nils d. y. som var husmann på Fjose og reiste med huslyden sin til Amerika i 1857. Nils d. e. f. 1798 var husmann på Bjørku 1865 og seinare på plasset Mønshus på Møn. Sjå vidare på Møn.

Olav Knutson f. 1814 i Vassliæ på Gjerdåk vart husmann på Bjørkebòrna ikring 1850. Han var g. m. enkja Marta Johannesdr. f. 1812 på Spildo. Ho var g. fyrst med Magne Istad. Olav var ein upplyst mann, skreiv brev og stundom dokument åt folk og lærde døtterne sine til å skriva. Marta døydde 1890 og Olav 1891. Dei fekk fire born: Per og Knut som reiste til Amerika, Brita f. 1847, g. 1883 m. skreddar Johannes Olavson på Endeve, Elisabet, g. 1888 m. husmann Johannes Eliasson på Opeland.

Bryttva Godvinsdr. døydde 1865 som husmannskone, 75 år gl. Anders Samsonson f. 1867, g. m. Helga Andersdr. har plasset Bjørkehagen, der han bygde 1895. Han har drive mykje med hellearbeid og var arbeidsformann på Hardangerbanen. Bård Johannesson Skjerve har fest plasset Nyheim av bruk 1 og bygt der. Han er f. 1861 og ved sida av arbeidet

--- side 495 ---

på eigedomen driv han med snikkerarbeid, bokbinding og hønsehald.

Stølen.

Det var ei mil til støls, heiter det 1723. Justdalen har frå gamal tid vore Bjørkestøl. Han er ovanfor og vestanfor Lindberg. Han ligg noko høgt so dei har ikkje brukt han sidan i 1860-åri. Ei snøskride har sopt burt husi. Styrk Oddson kjøpte 1741 av Hermann Knutson Kvåle ein part i Store Øvrestølen på Hòraldsdalen for 32 rd. Lars Nilsson på bruk 3 kjøpte 1885 støl av Tverberg på Grotveit, bruk 2 Tverberg.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Alle tri bruki har havt kvern ved Hòrjolo, men no er dei alle burte. Sagbruk har det vore i lang tid, men har nok vore flytt eit par gonger. Sjå på Bokkatun der Bjørkesagi og er umtala. Bruk 3 bygde i 1880-åri uppgangssag ved Hòrjolo, seinare umbygd til sirkelsag. På andre sida av elvi ved Oddahaugen stod fyrr ei gamal sag.

Offentlege forretningar.

På Selheim er fortalt um ei sak med Bjørku i 1627, Åstadsak 1721 millom Takla og Bjørku um ein skogteig. Semje 1801 um beiting på stølen. Semje med militæretaten 1909 um skjotebanen, I 1910 har Anders Møn gjort semje med bruk 3 um regulering av Hòrjolo.

Ymse.

Paul Akre i skogstellet har skrive i ei melding at i Bjørkemodn er dei største og finaste furetre som er å finna på Vestlandet. Furone har stort toppmål på store lengder og det har vore selt mykje til mastetre den tid seglfarty var i bruk og til båtbygjing. Den største fura i Bjørkemodn vart freda 1935. Ho er på bruk 3, er 2,40 meter umkring i brysthøgd, umlag 30 meter høg og skal vera det finaste furetre på Voss, segjer ein skogmann som er godt kjend i skogane. Nils Larsson gav fura til dei borneborni som heitte Nils. Av dei kjøpte Lars Nilsson f. 1847 fura for 200 kronor.

Store Bjørken hadde for vis når det var framande hjå han, og dei var komne på hiren, å fylgja dei ut på tunet peika ned mot Bjørkemodn å segja: Dar ser du krambuæ mi.

Mange av Bjørkemennene har vore sers redde for skogen. Det fortelst um ein at når han um morgonen med arbeidskarane sine kom åt skogen, gjekk han rundt tre etter tre og kom endeleg til eit som dei laga seg til å hogga. Men når han so såg upp etter treet, fann han det for godt. Slik gjekk han stundom heilt til middags utan å finna noko som var avfalt. Alle granplantar i skogen sin øydelagde han av di gran var ugras, sa han. Ei

--- side 496 ---

tid skulde det ikkje vera fleire furor i Bjørkemodn enn at dei kunde teljast når ein stod i Mønstunet. Det skal ha vore berre bjørkeskog og noko osp i Bjørkemodn i gamal tid. Timbret til den gamle stova som vart rivi skal vera kome frå stølsmarki på Stuaset. Storeløa på bruk 2 fyre 1833 var av ospetimber.

På bruk 3 er eit skriv frå 1881 underteikna av brørne Lars Bjørku og Josef Bokkatun som segjer at dei trur «Gamlalofte» skal vera frå 14de hundradåret. Det er av rundtimber og Lars flytte det til tufti som det har no. Loftet har same storleiken som fyrr, 12 x 14 alner, men andre høgdi vart gjord litt høgare. Det hadde svoler på båe sidor. Golv og lem var av kløyvde og øksa bord, sume av fure og sume av osp. Ikring 1700 har vore sett inn fire faste sengjer på kvar side i loftet.

Frå gamal tid har det gått veiter frå Hòrjolo til vatning av bøen på alle tri bruk. Noko helledrift har det vore i seinare tid.

Bjørkebruæ er truleg eldste brui på Voss. Ho fører over Raundalselvæ nordanfor Skjerve. I vegabotbrev frå 1343 er sagt at mennene i Bøjar åttung skal halda i stand heile Uppbru på båe sidor so nær som åt Myrkdølene ovanfor Vinje kyrkjesokn skal leggja den eine langstokken på djuplaget for di dei og har saltrett i Anger (Granvin). Dessutan skal bøndene i Bøjar åttung halda i stand ein fleke nedanfor Fivelhella og ha alt vegarbeid ved Svelgjande.

Uppbru må ha vore umlag der Bjørkebruæ no er. Fivelhella må vera den same som no er kalla Fibreldehedlo på vestsida av elvi framanfor Flatlandsmoen. I jordi der har til nyleg lege trestokkar etter fleke for vegen. Der umkring veks fivel som kann henda har gjeve Fivelhella namnet sitt. På Istadmyrane er ei myr kalla Flekamyræ. Der må ha vore fleke for ein veg.

På Kyte er umtala den gamle vegen frå Vossastrondi og Raundalen til Vangen. Ein stad millom Tvildeskleivæ og Brunsberge på Rykke må vegen til Hardanger ha teke av og gått over Bjørkebruæ, Bjørku, Møn, Opeland, Flekamyræ, Flatlandsmoen til Fibreldehedlo (eller Opeland, Håtveiti, over elvi nedanfor Flatlandsmovatnet til Fibreldehedlo) og til Svelgo. Namnet Tjodgòtu på Bjørku skriv seg truleg frå denne vegen. Likeins den i brev frå 1348 (på Møn) umtala «alfarvegen - - - frå Ordølavadet og fram til Halmskrinde-ledet» (Halmsgrinde-ledet?). Vegen må ha gått vidare frå Svelgo over Bulkehagen, Krokavatnet, Olastølen, Dalheiæ og til Folkedal i Granvin.

--- side 497 ---

I storflaumen 26. juli 1921 reiste Bjørkebruæ og ny bru er bygd litt lenger nede. Det spøkte fælt umkring brui fortel dei gamle, serleg ved Sponavikjæ.

Lars Nilsson grov ut Lækjehaugen og fann då to jarnøksar som er i Bergens Museum. Der er visst fleire gravhaugar, og ein av dei tett ovanfor husi har truleg ikkje vore opna. Ei segn fortel at der skal vera ein haug som er like mykje verd som heile garden elles.

På toppen av Hòraldsveten er noko gamalt timber som er leivningar etter vaktstova som var der. I gamle dagar var der bygt varde som dei sette eld på for å varsla når fiender nærma seg landet vårt.

Millom bakkehallet og skogen er ei lang rimse som segni segjer skal vera brukt til eksisplass i gamle dagar. Plasset Leiro er der, og sume har sagt at det må ha fått namnet frå at der var leirplass.

Segn.

I gamle dagar skal Bjørku ha ått heilt til Hòraldsveten og stølseigedomen Justdalen. Bjørku åtte då heile Hòraldsdalen. Rykke og Bokkatun skal ha fått av Bjørku som fadragåve stølseigedomane sine der. Eit onnor segn fortel at Bjørkeeigedomen gjekk frå elv til elv over fjell og fynne. Meiningi må vel vera at eigedomen gjekk frå Raundalselvæ ved Takla til elvi att i Raundalen og tok vel då med Lindberg eller teigane åt Grovu og Vålo på sørsida av Raundalselvæ.

Bumerke.

Ivar 1712, 1714 tavle 6 nr. 102, brigda 1721 og 1723. Lars 1714, 1726 t. 6 nr. 103, mykje brigda 1726. Lars Jonson 1733 og Lars Larsson 1733 teikna andre merke. Torstein 1752 t. 6 nr. 104. Jon 1760 teikna I B, men eit anna merke nokre gonger 1763-1783. Sjur 1782 t. 7 nr. 5.