132. Bø (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 333 ---

Namnet vert i 1695 skrive Bøe. Det vert no sagt Bø út í Dalè; han búr pao, è tao Bø, ska tì Bøja. Namnet er same ordet som ein bø, gn. bær m. (genitiv bæjar) gard, bustad.

--- side 334 ---

Bø hadde 2 pund i skyld i 1661 skriv Landkommisjonen og der var ein brukar. Matrikkelen 1723 har ført skyldi upp med 2 pund 6 mark. Garden var tungbrukt og årvand, hadde ei flaumkvern og det som trongst av vedaskog. Skyldi var 1 laup 1777 og 1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 3 ort 6 skill. Der var nok vedaskog til eige bruk. Samanlikningstalet var 700.

Matrikkelen 1865 har ført upp 18 mål åker, 18 mål god, 22 mål medels natureng og 34 mål skrapebø. Der var ring hamnegang, turvande vedaskog, men ikkje timber. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 19 mål åker, 17 mål kunsteng og 47 mål natureng.

På Bø budde det 14 menneske i 1800, 16 i 1865 og 30 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bø.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   6          
1723 1   10   9   6      
1865 2   18   40   46   32  
1918 3   16   44          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup i Bø. Jordboki 1585-1616 for Vangens prestebol syner at prestebolet fekk i landskyld tri askar korn og eit pund smør for eigedomen sin på Bø.

Velom Bø var brukar 1611 og vart 1614 utskriven til Svinesund med øks og sverd. Johannes var leiglending 1614 og Oluf 1621, då han betalte ½ dalar i skatt. I 1635 brukte han 3 spann, men var fatig so han slapp fri for garnisonsskatt. Leidangsboki 1624 fortel at leidangen var 6 mark smør og 1 sauskinn og Oluf var leiglending. Willem var leiglending 1640 og betalte skatt «efter evne» med ½ ort. Lars Olavson, g. m. Ragnhild hadde 1645 tenestgjenta Åsa og er nemnd fleire gonger som leiglending 1645-1659. F. Broderson let noko av Bø 1649 til kongen ved makabyte. Lars åtte 1655 28½ mark i Skiple og 1659 24 mark.

Skyldi er i manntalet 1652 og 1659 førd upp med 2 pund 15 mark. Derav åtte i 1652 Vangens prestebol ½ laup, presten Anders i Kinsarvik 18 mark og F." Broderson 9 mark. Land-

--- side 335 ---

kommisjonen har som fyrr nemnt i 1661 ført skyldi med 2 pund; men Vangens prestebol åtte ½ laup og Munkelivgodset 18 mark som lagt saman vert 2 pund 6 mark. Ei enkje, truleg etter Lars, var då leiglending. Lars Olavson var leiglending på parten åt Munkelivgodset. I 1662 låg 1 spann øyde. I 1668 er skrive at garden Bø låg øyde. Truleg var det Bø i Rd.

H. Garmann fekk kongeskøyte 1662 på 1 spann Munkelivgods og selde det att same året til Klas Miltzow som hadde det til han døydde 1692. Torstein var leiglending 1691 og 1695 på heile garden. I matrikkelen 1695 står at Vangens prestebol


Bø i Raundalen
Bilete 41. Bø i Raundalen. Fot. P. Braaten 1936.

åtte ½ laup og Ingjerd Miltzow ½ laup, men i matrikkelen 1714 er sagt at prestebolet åtte ½ laup og Henrik Miltzow 18 mark.

Folketeljingi 1701 har tri brukarar: Ivar Ivarson 45 år, Knut Endreson 47 år og enkja Kari Herbrandsdr. med sonen Endre Torsteinson 8 år. Mannen hennar Kari, Torstein Knutson, var død 1700 og hadde forutan Endre ein son til, Berge f. 1688. Ivar Ivarson var g. m. Marta Olavsdr., døydde 1706 og hadde dotteri Brita f. 1700, som gifte seg 1722 m. Nils Gudleikson Heimberde. Lars Oddson bygsla av soknepresten 27 mark i 1712 og Knut Larsson Bidne bygsla noko i 1713.

Torleiv Knutson Villand f. 1680, umtala på Kolvu, var g.

--- side 336 ---

m. Sigrid Hallesdr., som var f. 1679 og døydde 1749. Torleiv bygsla 1708 av soknepresten 3 spann på Bø og kjøpte 1724 18 mark av Henrik Miltzow. Torleiv døydde 1769. Bladet Bergens Adressekontors Efterretninger skreiv då at Torleiv hadde alltid havt god helse, gjekk dei to milene til kyrkje mest kvar preikedag og arbeidde inntil 15de dagen fyrr han døydde. Torleiv var lagrettemann 1723 ved matrikkuleringi. Me veit um tri born: Brynhild, Marta, g. 1732 m. Knut Kjelson Store Skiple og Ingjerd, g. 1731 m. Kjel Larsson Lid. Han budde fyrst på Lid, seinare på Gjukastein, der det framleies bur etterkomarar på bruk 1.

Brynhild Torleivsdr. var fyrst g. 1722 m. ekm. Sjur Larsson Vålo og deretter 1731 m. ekm. Styrk Mikkjelson Lid, truleg frå Rong. Brynhild døydde 1752, 46 år gl. på Lid, Rd. Sjur var fyrste gong g. m. enkja Anna Brynjulvsdr. Vålo. Styrk gifte seg upp att 1752 m. enkja Ragnhild Larsdr. Bø. Han bygsla 1738 1 laup 13 mark på Bø, Rd., kjøpte 1750 2 pund 6 mark i Lid, bytte 1752 3 spann i Lid med Jon Olavson Bø uti 2 pund 3 mark i Bø, Tjukkeb. Styrk kjøpte 1759 løysningsretten til 1 laup 30 mark i andre tunet på Bø, Tjukkeb. og døydde 1775, 70½ år gl.

Brynhild fekk tri born med Sjur: Mattis f. 1725, g. 1748 m. Eli Larsdr. Lid, 2. 1752 m. Sisselja A. Kolvu, sjå på Vålo, Guri og Anna, båe døydde ugifte. Med Styrk fekk ho Brynhild fem born: Ingebjørg f. 1733. Mikkjel f. 1735, g. 1768 m. Ragnhild Mattisdr. Lekve, Brynhild f. 1736, død utan etterkomarar, Ingjerd f. 1740, Guri f. 1743, g. 1785 m. ekm. Lars Arveson på Selheim.

Ingjerd Styrksdr. f. 1740 gifte seg 1774 m. Lars Larsson Kvåle d. e., Tjukkeb., f. på Haugen 1744. Lars fekk skøyte 1774 frå far hennar Ingjerd på 1 laup 30 mark på Bø, Tjukkeb. Sjå vidare Bø i Tjukkeb.

Knut Kjelson Store Skiple, nemnd ovanfor, bygsla 1733 1 spann og kjøpte 1750 av Torleiv, verfar sin, 1 spann. Knut og Marta, kona hans, døydde 1772 og hadde sju born: Eli f. 1734, g. m. Olav Nilsson Lid, som flytte til ein stad i Nordhordland, Kjel f. 1735, Knut f. 1737, g. 1762 m. Maria Gitlesdr. Graudo og budde på Grovu, Marta f. 1744, g. m. Olav Gitleson Graudo, Olav f. 1746, g. 1772 m. Gjertrud Gitlesdr. Graudo, Ingebjørg f. 1748, g. 1770 m. Per Gitleson Graudo, Lars f. 1750,

--- side 337 ---

g. 1782 m. Brita Eilivsdr. Skiple, var husmann på Bryn og døydde 1813 som sluttar på Vangen.

Kjel f. 1735 var i Kjøbenhavn i 1772. Geheimråd og overpresident Gothard Braem har 1779 gjeve pass til «Kjel Knutson Bø, Voss, Klokker». Sokneprest Meldal, Voss, har teikna på at Kjel hadde gått til alters i Vangskyrkja 1780. Passet er 1784 påteikna av vedkomande embetsmann i Bergen. Ved skifte 1772 etter Knut Kjelson vart hans 18 mark i Bø skift millom versonen Per Gitleson på bruk 1 og sonen Olav Knutson på bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bø. Per Gitleson åtte 9 mark i bruket og Vangens prestebol 27 mark, som Per hadde bygsla 1768. Han døydde 1822 og Ingebjørg døydde 1815. Dei hadde borni Gitle f. 1770, Marta f. 1773 og Ragnhild f. 1780, g. 1808 m. Isak Hermundson Ygre. Gitle gifte seg 1817 m. Guri Jonsdr. Heimberde, fekk 1822 tvillingane Knut og Marta og bygsla 1810 prestebolgodset, som Knut Person hadde bygsla i 1807. Gitle fekk skøyte 1813 frå far sin på 9 mark og selde dei att 1821 til Åmund Arneson Øyjord. Gitle er skriven for Ødegård i 1823. Åmund bygsla 1821 prestebolgodset og fekk kongeskøyte på det 1837 for 400 spd. og jordavgift 1 tunne 1 fjerdingkar bygg. Åmund var g. m. Ingebjørg Kjelsdr. og døydde 1856, 77 år gl. Ingebjørg døydde 1858, 80 år gl. Dei hadde borni Ingebjørg f. 1820, g. 1848 m. Knut Trondson Brekku, Olav f. 1821, Arne f. 1822 og truleg fleire. Åmund må ha havt ei stykdotter Marta Olavsdr. f. 1811 på Vossastrondi. Olav Åmundson gifte seg 1842 m. Marta Nilsdr. Kvåle og er umtala på Saude, Borstr. der han budde i Saudeshaugen.

Nils Jonson f. på Lid 1810, g. m. Marta Olavsdr. fekk 1838 skøyte frå verfaren Åmund på garden for 400 spd. og hadde med Anna borni Ingebjørg f. 1838, Gjertrud f. 1840, g. 1869 m. Lars Eirikson Almenningen, Ingebjørg f. 1842, Olina f. 1844, Synneva f. 1847, Jon f. 1850, Åmund f. 1853 og Eli f. 1856. Kommandersersjant Anders Andersson Hellesnes kjøpte garden 1877 for 300 spd. Han var f. 1831, g. 1861 m. Tora Olavsdr. Kvarakvål og døydde 1915. Seks born: Olav, Knut, Ivar, Marta, g. m. Knut Hegle, alle i Amerika, Olav d. y. jordamann

--- side 338 ---

på Austlandet, Kirsti f. 1864, g. 1894 m. Johannes Larsson Bø f. 1870.

Johannes fekk skøyte frå verfaren på garden i 1902 for 4400 kronor og selde att 1906 til Anders Jonson Heimberde for 6000 kronor. Han er f. 1872 og g. 1903 m. Henrikka Norvik frå Kinn f. 1868.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 133, lnr. 262 med gamal skyld 1½ pund, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 18 skill. Ny skyld mark 3,42.

Bruk 2. Bø. Olav Knutson, nemnd ovanfor, vart g. 1772 m. Gjertrud Gitlesdr. Graudo og fekk skøyte frå far sin 1772 på 9 mark. I 1768 hadde han bygsla 27 mark av soknepresten. Olav døydde 1794. Gjertrud gifte seg uppatt 1795 m. Lars Ivarson Kolvu og døydde på Kolvu 1798. Olav og Gjertrud hadde fire born: Knut f. 1773, Torleiv f. 1775, Olav f. 1782, og Marta f. 1785, g. 1811 m. Anders Øyulvson Vetla Hyrt. Torleiv var g. 1800 med Brita Rasmusdr. Graudo. I 1813 var han sinnssjuk og drap då eit barn på Graudo med ei øks. Han vart dømd til å betala «full mannebot» 18 lodd sylv til ervingane åt barnet, betala alle kostnader og setjast i sikker forvaring for levetidi. Bruttomidelen ved skifte 1794 etter Olav var 712 rd., deri medrekna 9 rd. for 9 mark i Bø. Olav Olavson, nemnd ovanfor, var med i krigen mot Sverike.

Knut Olavson f. 1773 gifte seg 1. 1795 m. Sigrid Ivarsdr. Kolvu og 2. 1820 m. Torbjørg Arnesdr. Urdland. Han bygsla 1794 prestebolet sin part som mor hans då sa upp. Knut og Sigrid hadde fem born: Gjertrud f. 1796, g. 1825 m. Olav Sjurson Rogne, Olav f. 1799, g. m. Anna Davidsdr. Skjervheim, Marta f. 1802, død ugift 1837, Ivar f. 1806, g. 1827 til Rokne med Brita Gusskalksdr., Kjel f. 1811, g. 1. 1845 m. Kari Tormodsdr. Ringheim, 2. 1886 m. Elen Brynjulvsdr. Haug, gardmann på Indre Takla. Med Torbjørg fekk Knut borni Sigrid, Ingebjørg, Eli, Arne, Arnbjørn, fødde 1821-1830, Sjur f. 1833 som var skulelærar og g. 1869 m. Ingjerd Olavsdr. Håve, Anders f. 1836, g. 1866 m. Marta Kolbeinsdr. Helgeland. Knut Olavson døydde 1840 og Torbjørg, kona hans, 1867, 69 år gl.

Anders Knutson hadde garden etter mor si og fekk 1867 kongeskøyte på prestebolgodset for 600 spd. og jordavgift 1 tunne, 1 skjeppe 2¾ fjerdingkar bygg. Anders og Marta fekk på Bø borni Maria f. 1865 og Torbjørg 1868. I 1868 selde dei

--- side 339 ---

garden til Lars Johannesson Brekku for 600 spd. og reiste til Amerika.

Lars Johannesson f. 1845, vart gift 1869 m. Sigrid Knutsdr. Reime og døydde 1929. Dei hadde borni: Ingerid, Johannes, Guri, Sigrid, tvillingane Jon og Maria, Ragna, Knut, Lars, Styrk, Olav, Marta og Eli fødde 1869-1893. Johannes gifte seg 1894 m. Kirsti Andersdr. Bø, Maria vart g. 1901 m. Johan Emil Janson frå Sverike f. 1867 og Lars er g. 1902 m. Anna Larsdr. Lid. Johan Janson fekk skøyte 1907 frå verfaren på garden for 1800 kronor. Maria, kona hans, selde garden 1929 til Eirik K. Røyrlidi for 7500 kronor. Han er f. 1897 og g. 1923 m. Ingerid Larsdr. Dukstad.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 233, lnr. 236 med gamal skyld 1½ pund, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 18 skill. Ny skyld mark 1,83 etter at bruk 3 er fråskilt.

Bruk 3. Bø. Skyld mark 1,59. Utskilt frå bruk 2 i 1877 og selt til Lars Torgeirson og Gudve Torgeirsdr. Kolvu for 2800 kronor. Ho selde parten sin 1889 til Lars. Han var f. 1837, gifte seg 1. 1862 m. Guri Larsdr. Auro og 2. 1890 m. Anna Arnesdr. Skiple. Lars hadde med Anna borni Brita f. 1891 og Anders f. 1894 og døydde 1920. Brita vart g. 1916 m. Martin Andersson Vivås f. 1892, og dei fekk garden hjå far hennar i 1917 for 500 kronor.

Bruk 4. Ljosbø. Skyld 50 øre. Skilt frå bruk 2 i 1916. Lars Johannesson selde det 1916 til dotteri Ragna for 1000 kr. Ho er g. m. Eirik K. Røyrlidi. På eigedomen var det hus då dei kjøpte han.

Bruk 5. Kòvaflòten. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1928. Maria Karlson gav det til Raundalens Ungdomslag som same år bygde møtehus.

Husmenn.

Asle Knutson, g. m. Brita Larsdr. var husmannsfolk då dei 1728 fekk dotteri Sigrid. Dei bygsla seinare på Reime. Brynjulv Gitleson Store Grovu, g. m. Kari Knutsdr. hadde plass 1779. Brynjulv fekk 1795 nytt feste frå soknepresten på plasset og døydde 1826, 73 år gl. Han hadde fire born: Knut, Gitle, Ragnhild og Maria (eller Marjo). Knut f. 1779, g. m. Kristi Andersdr. var husmann på Lauvhovden og i Repålshagen. Dei var besteforeldre åt Jon Andersson, utgjevar av bladet Skandinaven i Amerika. Gitle, g. m. Marta

--- side 340 ---

Johanna Andersdr. var hattemakar. (Millom borni deira var Larssina, g. m. Theodor Schlanbusch på Vossavangen.) Ragnhild Brynjulvsdr. var g. m. skreddarmeister Mørk i Bergen. Maria (Marjo) f. 1790 gifte seg 1817 m. Svein Styrkson Vetla Hegg f. 1782. Dei hadde plasset Bøteigen som er på sørsida av dalen, der han døydde 1839, 58 år gl. og ho 1865. Dei fekk dotteri Kristi f. 1818 som hadde plasset etter foreldri og døydde 1892 ugift. Svein var framsynt. Det vil segja at han såg sumt som skulde henda seinare. Ved å sjå under eine armen sin såg han gravferdi fyreåt når nokon kom til å døy. Etter Kristi har det ikkje butt nokon på Bøteigen.

Lars Knutson, g. m. Brita Eilivsdr. fekk dotteri Marta f. 1782. Lars Olavson, g. m. Sisselja Nilsdr. fekk sønene Olav f. 1830, Nils f. 1834 og Åmund f. 1836. Gjertrud Persdr. f. 1815 døydde 1883 som husmannskone. Ljostræe var eit plass i vest for husi på garden.

Støl.

Stølen var ¼ frå garden i 1723. Sumarsstølen er på Haoset, som ligg ovanfor Bø og Kolvu. Bruk 1 har vårstøl i Kovane ved Bøfossen. Husmennene på Bøteigen støla på Blomset, som ligg attmed Lindbergsstølen.

Kvern og elektrisitetsverk.

I 1776 og 1791 var der ei kvern og seinare var der to i Bøgroæ, men båe er no burte. Ei kvern stod ved Bøfossen. Bøjarfoss Kraftlag bygde 1929 kraftstasjon ved Bøfossen i Storelvæ på 50 kilowatt og gjev elektrisk kraft til ljos og drivkraft for gardane Grovu til Kvåle, båe medrekna. Dei er 26 parteigarar og betalar kvar 60 kronor for året. Ingeniør Oddmund Melve var byggjeleidar og parteigarane gjorde mesteparten av arbeidet sjølve.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1838, utskifting 1867, jarnbanetakst 1899, semje 1906 med jarnbanen um overgang, semje 1920 um Lindbergsbrui og kontrakt 1927 med Bøjarfoss Kraftlag um vassrettar i Lindbergsfossen.

Bumerke.

Torleiv mange gonger 1729-1761 tavle 3 nr. 6. I 1716 og 1746 brukte han merket t. 2 nr. 28. Nils 1738 t. 6 nr. 34. Knut 1759 t. 6 nr. 35. Per Gitleson 1775 t. 6 nr. 36. Han brigda mykje på merket 1777. Olav Knutson t. 6 nr. 37.