Bø (i Tjukkebygdi).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 168 ---

Namnet vert i 1326 skrive Bær. Det vert no sagt Bø (i Tjukkebygd'né); han búr pao, è tao Bø, ska tì Bøja, sms. Bøjamódn. Det er same ordet som ein bø, gn. bær m. (gard), genitiv bæjar.

Diplomatariet har eit brev dagsett 13. mai 1326 (DN. I nr. 186) som fortel at Gudbrand Peterson på Finne let Gudrid Audfinnsdr. få fleire gardar på Voss som vederlag for hennar medgift med Orm Peterson, og millom anna 10 mmb. i Bø. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 12½ mmb. og prestebolet åtte 2½ mmb. i Bø. I brev av 9. august 1417 (DN. I. nr. 653) kunngjer to lagrettemenn på Voss at Sigurd Halldorson gav Håvard Botolvson (på Finne) m. a. 6 laup i Bø og det som han hadde ervt etter Gudrid Torsteinsdr. mot at Håvard skulde halda Sigurd med mat og klæde solenge han levde og skulde kosta jordferdi hans. Kva Bø på Voss dei to brevi gjeld, er det ikkje sagt noko um, men det må vera Bø anten i Tjukkebygdi eller på Dyrvedalen.

På Bø budde i 1563 tri menn Jon, Hollgeir og Olav, som kvar betalte 1 dalar i skatt. Hollgeir var leiglending i 1567 på 3 laup, som stiftet åtte. Jon betalte same året landskyld for 1½ laup. Gyrvild Fadersdr. (Gyldensparre) selde i 1582 til kongen 1 laup 1 spann på Bø av Finnegodset. Ingebrikt betalte i 1591 leiglendingskatt for 3 laup og i 1597 tridje års bygsel for det med 1 dalar og landboutredsel ½ dalar. Det var stiftet og kruna som åtte dette jordgodset. I 1603 var det tri leiglendingar: Endre, Laurits og Torstein. Same året er ført upp Erling som eigar av 2½ laup i Bø med skatt 5 mark og Ingebjørg som åtte 2 laup med 1 mark i skatt. Truleg er det Bø i

--- side 169 ---

Tjukkebygdi, men kann og vera Bø på Dyrvedalen. Torstein betalte tridje års bygsel i 1610 med 3 dalar for 3 laup.

Rekneskapen for 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 5½ såld korn og 1 laup smør og Vangens prestebol 2 askar korn og 12 merker smør i årleg landskyld av sine eigedomar på Bø.

I 1611 er det 4 leiglendingar: Styrk, Henrik, Ingebrikt og Torstein. Han har framleies 3 laup som stiftet åtte, eig 1½ spann odelsgods i garden og betalte for det 15 skill. i odelsskatt. Eirik åtte 2 laup i Bø og betalte 1 dalar i odelsskatt. Mikkjel


Bø i Tjukkebygdi. Gamletunet
Bilete 23. Bø i Tjukkebygdi. Gamletunet. Fot. P. Braaten 1936.

Melckersen betalte fyrste års bygsel i 1613 med 13 dalar til kongen og stiftet for 3 laup. Forutan Mikkjel er det i 1614 tri leiglendingar på Bø: Torstein, Sverkve og Laurits. Mikkjel betalte 1616 tridje års bygsel for 3 laup med 3 dalar. Ingjerd Monsdr. har i 1619 betalt 12 dalar i fyrste års bygsel til kongen for 3 laup i Bø, truleg i Tjukkeb.

Fire leiglendingar var det på Bø i 1621: Sverkve, Lasse, Hans og «hustru» Ingjerd. Ho hadde 3 laup. Mons Tverberg åtte 1 spann i Bø og Kolbein Tøn ½ pund. Sverkve åtte 1½ spann i Berem (Berde?), 1½ spann i Fenno, 1 spann i Hylle, 3 spann

--- side 170 ---

i Osgjerd, 3 spann 4 mark i Hylle, Ulvik, 1 spann i Selheim og ½ pund i Dale. Som odelsskatt betalte Sverkve 1 dalar 1½ mark 102/3 skill. Han er umtala på Osgjerd 1621-1636 og på Bjørku 1603. Sverkve er kann henda etterkomar etter Sørkver Ormson på Hylle. Olav var 1621 dreng med halv løn og betalte 1 ort i skatt.

Leidangsboki 1624 melder um to eigedomar som Apostelgodset åtte. Leidangen var ½ laup smør og 2 bukkskinn på kvar, med Sverkve og Oluff som brukarar på den eine og Ivar og Laurits på den andre. Dessutan var der ein part med 3 mark smør og 1 kalvskinn i leidang, der Mons var leiglending. Jordi på dei bar godt, men der budde mange bønder er det tilført. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 4 laup odelsgods med 9 dalar.

Der var fire leiglendinger på Bø ogso i 1629: Sverkve, som brukte 4 laup, Ivar 3 laup, Lasse og Steffa. Dei tri sistnemnde var då so utarma at dei slap skatta. Garnisonsskatt er i 1635 betalt av Sverkve med 1½ ort 8 skill. for 2½ laup 1 spann, av Olav 1 ort 8 skill. for 2 laup og av Nils ½ dalar for 3 laup. Nils betalte dessutan 1 dalar som pendingsskatt. Leiglendingen Knut slapp for di han var so utarma. Samson og Bjørne var i 1635 halvgardsmenn, øydegardsmenn eller husmenn, heiter det. Kvar betalte ½ dalar i pendingskatt. Um det er Bø i Tkb. eller Rd. er ikkje sagt. Dei er og førde upp i 1636 og 1640. Lasse Bø som 1635 brukte 5 spann, slapp og skatta av di han var fatig, men det er uvisst um han budde på Bø i Tjukkeb. Nils er leiglending i 1636 og likeins Samson på 3 laup.

I 1645 budde på Bø Samson Bårdson, g. m. Jorunn, Velom Velomson, g. m. Gjertrud, Bjørn Arveson, g. m. Sigrid, Nils Magneson, g. m. Kari, Lasse Olavson, g. m. Gunnvor, enkja Berete og tenestgjenta Anna. Skattemanntalet 1652 har ført upp som eigarar: Vangskyrkja 4½ laup 1 spann, Sjur Aga 1 spann, prestebolet 1 spann, F. Broderson 1½ spann, Nils Horvei 1 laup 1½ spann, Alv Svanga 1 spann, tilsaman 7 laup 1 spann. Brukarane var: Samson «Giermoe», Velom og Luchas. Etter Skattemanntalet 1659 åtte Vangskyrkja som fyrr 4½ laup 1 spann, Jørgen Bø 1 spann, prestebolet 1 spann, Munkeliv 1½ spann, Nils Horvei 2 pund 3 mark og Alv Svanga 1 spann.

--- side 171 ---

Hannibal Sehested fekk 1648 kongeskøyte på 1 laup 1 spann av Finnegodset, og i 1649 på leidangen 1 pund smør og 2 bukkskinn og 4 merker smør og 1 kalvskinn av Apostelgodset. Folkvard Broderson har ved makebyte med kongen i 1649 late til han noko i tridje tun. Sehested åtte i 1650 4 laup 1 spann i Bø. Derav var av Finnegodset 1 laup 1 spann og 3 laup som Sehested hadde bytt til seg frå kongen. Den årlege utloga på det var 1½ pund smør og 2 bukkskinn i leidang, 5 dalar 1 ort i skatt, 5 ort 6 skill. i fornødspengar, 5 ort 6 skill. i arbeidspengar og 1½ dalar 1 ort i skatt til jordeigaren. Nils og Lasse var leiglendingar. Dessutan åtte presten på Voss 1 spann, F. Broderson 1½ spann og bonden 1 pund 3 mark, Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen. Han selde det i 1657 til Gabriel Marselis. Skattemanntalet for Finnegodset har ført upp 4 laup på Bø med leiglendingar Nils, Lars og Olav.

Etter kyrkjerekneskapen 1654 fekk Vangskyrkja i årleg landskyld 11 såld korn og 6 laup smør av dei 4½ laup som ho åtte i Bø.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp som eigarar Vangskyrkja 4½ laup 1 spann, bondegods 2½ spann, prestebolet 1 spann, Munkeliv 1½ spann, Finnegodset 4 laup. Øyde var 1 spann. Kvar eigar bygsla burt sin eigedom. Tilsaman vart det 10 laup 1 spann. Brukarane var: Sylfest, Sjur, Nils, Olav, Lasse og Knut. Skatt tilsaman 15 rd. 1½ ort. Olav, Lasse og Nils var stemnde i 1662 for di skatten ikkje var betalt. Kongen selde i 1662 1½ spann i tridje tun av Munkeliv klostergods til Hermann Garmann, som atter selde til Klas Miltzow.

Brukarane i 1664 var etter presten sitt manntal: Sylfest Olavson med sonen Olav f. 1651, Sjur Andersson, Isak Monsson, Knut Jensson og Olav Larsson. Ivar var lagrettemann 1668 og Gudleik fleire gonger 1668-1671. Isak vitna 1669 i den store skogsaki, at han hadde hogge 11 tylvter sagtimber i Raundalens Almenning. Arve hadde og hogge. Sylfest brukte i 1670 3 laup, Sjur 2 laup, Isak, Olav og Arve tilsaman 5 laup 1 spann. Arve var stemnd til tings i 1679 for di han hadde slått Halldor Hylle. Arve vart dømd til bot, men fekk henne ettergjevi av di han var so fatig.

Klas Miltzow åtte 1676 2½ spann og Olav Horvei 27 mark. Gjert Miltzow åtte i 1680 1 spann og Klas Miltzow 4 laup 15

--- side 172 ---

mark. Vangens prestebol åtte 1691 4 laup 2 pund 6 mark, Klas Henrikson 3 laup 2 pund 6 mark, Fatighuset ½ laup og brukarane 18 mark. Mons og Josef var leiglendingar. Matrikkelen 1695 har som eigarer: Hans Person i Sogn 3¾ laup, Vangskyrkja 4 laup 3 spann, Svein Bokkatun 1 spann og Ingjerd Miltzow ½ laup. Leiglendingane var: Olav og Lars som kvar brukte 2½ laup, Mons ½ laup, Laurits 1 laup, Einar 1 laup 18 mark og Jakob 1 laup 2 pund.

Folketeljingi 1701 har desse 5 leiglendingar: Lars Erlingson, 44 år, Lars Olavson, 40 år med sonen Lars, 4 år, Jørgen Olavson, 48 år, Gullov Trondson, 50 år med sonen Trond, 14 år og Lars Åmundson, 70 år, med sonen Sjur, 11 år.

Odelsskattemanntalet i 1714 skil millom fyrste, andre og tridje tunet på Bø. Det fyrste tunet er no gard nr. 108 og dei to andre er gard nr. 109.

108. Bø (i Tjukkebygdi, fyrste tunet).

Ovanfor er umtala eigarar og brukarar på Bø som Landkommisjonen har skrive upp i 1661. Um garden er elles berre sagt at der var humlagard. Matrikkelen 1723 fortel at skyldi var 5 laup, at der var to brukarar, noko lite ring vedaskog og ein humlagard. Garden var tungvinn, hadde mager skinnæm og årvand jord. Skyldi var den same i 1777 og 1838, då ho vart umskrivi til 9 dalar 3 ort 1 skill. Samanlikningstalet var 1450. Der var noko fureskog jamvel til sal. Bruk 5 hadde «eit pottebruk».

I matrikkelen 1865 ser me at der var 311/6 mål åker, 4½ mål dyrka eng, 39 mål god, 39 mål medels natureng og 24 mål skrapebø. 13 mål var skikka til uppdyrking. Vårhamni var ring, sumarhamni medels, men langt burte for bruk 1. Bruk 1 og 4 kunde selja timber for 16 spd. kvar og bruk 5 for 18 spd. um året. Bruk 5 hadde hellebrot og kunde selja hellor for 5 spd. um året. Garden var sers lettbrukt. Bruk 1 og 4 var dyrka som vanleg men bruk 5 mindre godt. Ved uppteljingi 1918 var det 33,3 mål åker, 50 mål kunsteng og 26 mål natureng.

Folketalet på heile Bø, gard nr. 108 og 109, var 39 i 1801, 42 i 1865 og 39 i 1920.

--- side 173 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på fyrste tunet på Bø.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   23   12          
1723 2   32   30   40      
1865 3   21   40   78   48  
1918 4   13   25          

Vangskyrkja åtte i 1714 4 laup 2 pund 6 mark i garden og brukarane 18 mark, tilsaman 5 laup i skyld. Brukarane var i 1715: Lars Erlingson og Nils Ivarson. I 1723 var det same eigarane som i 1714.

Lars Erlingson f. 1657 var leiglending i 1701 og 1715 og var g. m. Brita Nilsdr. (syster til Sjur Grjotland). Dei hadde to born: Hallvard f. 1713 og Signy f. 1697. Lars kjøpte 1708 5 spann av Per Lemvig og i 1712 ½ laup av Knut Finne. Brita gifte seg andre gongen 1718 m. Anders Olavson Geitle, som var leiglending etter Lars og åtte 1 laup 1 pund 6 mark i garden. Anders var g. andre gongen med Marta Mikkjelsdr. og døydde 1736 utan born. Askjel Mikkjelson vart då leiglending og kjøpte 1737 1 pund 7 mark av Werner Hosewinckel i Bergen og i 1738 1 pund 8 mark av myndling Synneva Larsdr. for 54 rd. Askjel hadde borni Synneva f. 1735, Steffa f. 1737, Nils, Mikkjel og kann henda fleire. Ho Synneva vart gift 1759 m. Nils Andersson Nedre Ygre. Nils Askjelson gifte seg 1759 m. Ingjerd Gudleiksdr. Møn og Mikkjel var gift 1750 m. Andri Torgeirsdr. Melve.

Nils Olavson, g. m. enkja Ragnhild Larsdr. vart so leiglending og kjøpte i 1744 av Nils Ivarson 1 laup 1 pund 6 mark i Bø for 195 rd. Nils døydde 1752 og hadde ikkje born. Ho Ragnhild var gift fyrste gongen 1742 m. Trond Sjurson Ystås, som var død 1744 utan etterkomarar, og tridje gongen m. ekm. Styrk Mikkjelson Lid. Ragnhild kjøpte i 1752 av sin mederving Jon Olavsson den halvparten som han hadde fått, 2 pund 3 mark. Jon skulde vera paktar på den parten og han skulde ha rett til å løysa han inn att um Ragnhild gifte seg eller når ho døydde. Jon kjøpte seinare i 1752 1 pund 16 mark av ervingane etter skøyte 1752. Styrk døydde 1775, 70½ år gl. og Ragnhild døydde 1779 utan born. Etter dei kom Gudleik Larsson, g. m. Sigvor

--- side 174 ---

Knutsdr. som leiglending og budde der til dess Klas Larsson bygsla 1 laup 27 mark som Vangskyrkja åtte. Framhald bruk 1.

Lars Olavson f. 1661 var som fyrr nemnt leiglending på Bø i 1701, var g. m. Brita Davidsdr. og døydde 1709. I januar 1709 hadde han kjøpt av Knut Brynjulvson 18 mark i Bø. Lars og Brita hadde fem born: Lars Fenno f. 1698, Svein f. 1705 (Hallingdal), David Rue f. 1707, enkja Ragnhild Bø f. 1701 og Bryttva f. 1703. Ved skifte etter Lars i 1709 åtte dei 18 mark i Bø og 2½ spann i Tren etter skøyte 1648.

Ho Brita vart attgift m. Nils Ivarson f. 1685, som vart leiglending etter Lars. Han kjøpte i 1738 av myndling Hallvard Larsson 3 spann 9 mark for 106 rd. og i 1740 av Askjel Mikkjelson 2 pund 15 mark. I juni 1744 kjøpte Nils 4½ spann i andre tunet av ervingane etter skiftebrev 1744 og selde seinare same året 1 laup 1 pund 6 mark til Nils Olavson for 195 rd., sjå ovanfor. Nils Ivarson kjøpte i 1759 løysningsretten til 18 mark i fyrste tun for 34 rd. G. Marselis hadde kjøpt dette jordgodset i 1657. Brita Davidsdr. døydde 1744, 74 år gl. Ved skifte etter henne i fyrste tunet står at dei åtte 18 mark i Bø fyrste tun og 5 spann 12 mark i andre tunet, og at ho rned Nils Ivarson hadde sønene Lars og Åmund f. 1717. Skifte etter Nils Ivarson er halde 1762. Sonen Lars budde då på Lemme. Buet åtte då 2 laup i Graudo etter skøyte 1760, verdsett 400 rd. og part i Raundalens Almenning etter skøyte 1727.

Åmund Nilsson f. 1717 fekk skøyte i 1760 frå far sin på 18 mark i fyrste tunet. Han var g. 1. 1747 m. Gunnvor Arnesdr. Fenno, 2. 1751 m. Ingerid Brynjulvsdr. Høyland og døydde 1766. Dei åtte då 1 laup i Graudo etter skiftebrev 1762 og 1 laup i Graudo ved skiftebrev etter bror hans Åmund, Lars Lemme, båe laupi verdsette tilsaman 432 rd. Åmund åtte dessutan 18 mark i Bø taksta 72 rd. og part i Raundalens Almenning, taksta 1 rd. 3 mark. Bruttomidelen etter Åmund var 883 rd. og netto 784 rd. 15 skill. Åmund hadde ikkje born med Gunnvor, men tri born med Ingerid: Gunnvor f. 1752, Brynjulv f. 1758 og Brita f. 1762. Ho Ingerid gifte seg uppatt 1769 med Knut Sjurson Tøn og dei hadde so garden. Brynjulv Åmundson kjøpte 1738 av stykfar sin 18 mark i Bø og selde 9 mark 1795 til Sjur Person f. ikring 1743. Framhald bruk 4.

Sjur Steffason, frå Bø på Dyrvedalen f. 1730, g. 1. m. Brita Larsdr., som døydde 1785, 57 år gl., 2. 1787 m. Anna Gudleiksdr.

--- side 175 ---

Bø, vart leiglending ikring 1750. Sjur døydde 1813, og hadde tri born med Brita: Steffa f. 1767, Marta, g. m. Lars Larsson Kvåle, Bø, og Kristi f. 1768, som 1796 gifte seg med Jon Olavson Graudo. I 1815 var Lars Kvåle i Lindås og Jon Graudo på Kleven i Nordhordland. Med Anna hadde Sjur fire born: Gudleik, sjå bruk 5, Brita f. 1794, Sigvor f. 1796, g. m. Knut Monsson Endeve og Ingebjørg f. 1799, som vart andre kona åt Knut M. Endeve. Steffa var f. ikring 1766 og g. 1794 m. Marta Knutsdr. Grovu. Framhald bruk 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bø. Klas Larsson Glymme bygsla ikring 1790 som ovanfor umtala 1 laup 27 mark av Vangskyrkja og kjøpte 1795 9 mark i Bø av Gudleik Larsson. Klas var f. 1751 og g. 1773 m. Ragnhild Torbjørnsdr. Rogne f. 1750. Han selde gardparten sin i 1816 til Gudleik Eirikson Bergo og vart leiglending på Bergo. Gudleik bygsla same året kyrkjegodset i bruk 1. Han var g. m. Gjertrud Persdr. Ygre f. 1780 og døydde 1853, 83 år gl. Dei hadde fem born: Gjertrud f. 1804, g. m. ekm. Brynjulv Larsson Lirhus, Eirik f. 1808, g. m. Sigrid Olavsdr. En, Per f. 1811, Guri f. 1817 og Brita f. 1820. Dei to siste reiste til Amerika.

Per Gudleikson f. 1811 gifte seg 1831 m. Anna Larsdr. Bø og døydde 1890. Han bygsla kyrkjegodset i 1833 og fekk skøyte på det i 1864 for 700 spd. Per fekk i 1835 skøyte på 9 mark hjå far sin og hadde då heile bruk 1. Sjå og gardsnr. 109 bruk 2. Fem born: Gjertrud f. 1832, g. m. Knut Andersson Sygnaberde d. e. på Øvre Rykke, Ingebjørg f. 1835, g. m. Knut Andersson Sygnaberde d. y. på Bø, Anna f. 1837, gift til Hydningen med Olav Ingebriktson, Arngunna f. 1841, g. m. gardmann Lars Ivarson Lydvo, Lars f. 1846, g. m. Synneva Larsdr. Hylle f. 1851. Lars fekk farsgarden i 1868 for 500 spd. og budde der til 1890 då systri Ingebjørg og Knut, mannen hennar, fekk garden for 7800 kronor. Lars kjøpte gard ved Haugesund og vart seinare huseigar i Bergen. Knut Andersson døydde 1909 og ho Ingebjørg skøytte i 1910 garden til Knut Arnfinnson Graudo for 3000 kronor. Han er f. 1884 og gifte seg 1913 m. Ragnhild Sjursdr. Bø.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 108, lnr. 212 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 2 dalar 2 ort 14 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38 eller mark 3,00 etter at bruket sin part i Bømoen og bruk 5 er skilt frå.

--- side 176 ---

Bruk 2. Bø. Det er skogteigen Kyrkjeteigen som i 1864 vart skilt frå bruk 1, 4 og 5 og selt til Voss herad samstundes som heradet kjøpte Vangskyrkja.

Bruk 3. Gudmundset og Fyrjo. Desse stølane var skilde frå bruk 1 i 1889 og selde til Eirik Erlingson Bø for 150 kronor. Botolv Steffason Ullastad kjøpte dei i 1899 for 1000 kronor.

Bruk 4. Bø. Som ovanfor umtala kjøpte Sjur Person dette bruket i 1795 og bygsla resten av det. Han var g. m. Guri Torgeirsdr., døydde 1824, 80 år gl. og hadde to søner Eirik f. ikring 1778, g. 1819 m. ek. Rannveig Larsdr. på Store Røte, der han vart buande, Lars f. ikring 1780, g. 1819 m. Guri Andersdr. Røte. Sjur skøytte i 1808 sine 9 mark i garden til sonen Eirik, som let dei att i 1821 til Lars, bror sin. Lars bygsla i 1819 1 laup 1 pund 3 mark i bruk 4, budde der og døydde 1850. Fire born: Guri f. 1819, Sjur f. 1821, Anders f. 1825 og Per f. 1828 (Amerika). Sjur fekk dei 9 mark hjå far sin i 1843, bygsla resten av bruket og kjøpte det av Fleischers ervingar i 1875 for 900 spd. Sjur selde garden til Eirik Brynjulvson Lid, Kv. og døydde ugift 1880. Eirik var f. 1837, gifte seg 1882 m. Maria Hallesdr. Kinne, men hadde ikkje born. Han let garden i 1915 til brordotter hennar Maria, Guro Andersdr. Kinne, for 2000 kronor. Ho selde att 1918 til Halle, bror sin, for 4000 kronor. Han døydde ugift 1923 og systri Guro fekk atter garden for 9000 kronor. Ho er f. 1891, var g. 1919 m. Eirik Johannesson Røte f. 1883, som er død. Han dreiv mange år med hellebenk.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 108, lnr. 213 av skyld som bruk 1 sonær som at den nye skyldi er mark 3,34 etter at bruket sin part i Bømoen er skilt frå.

Bruk 5. Bø. Gudleik Sjurson nemnd ovanfor f. ikring 1788, g. m. Gudve Styrksdr. Hyrt, bygsla i 1817 bruk 5 av Fleischer. Gudleik var uvanleg stor og sterk og dei kalla han Store-Gudleik. Storevikjen sa ein gong: «Her æ'kje noko te kara pao Voss, dan einaste æ han Guleik Bø, men han har slikje kalvakjæka». Gudleik og Gudve reiste til Amerika og likeins dei fleste borni deira. Ei dotter Anna f. 1828 vart g. m. Knut Kjelson Helleve på Sonve.

Eirik Erlingson Rykke kjøpte bruket i 1864 for 1800 spd. Han var f. 1828, g. 1857 m. Barbrå Sjursdr. Endeve og døydde 1911. Dei hadde borni: Brita f. 1859, g. 1883 m. Hermund Her-

--- side 177 ---

mundson Himle f. 1860, Ingjerd f. 1861, Anna f. 1865, Marta f. 1868 og Olina f. 1870, g. 1905 m. Jon Ivarson Sygnaberde f. 1861. Hermund og Brita fekk garden i 1888 for 6000 kronor. Eirik Erlingson kjøpte garden att i 1905 for 5050 kronor og selde i 1906 til Lars Knutson Rykke for 8000 kronor. Lars er f. 1860 g. m. Guro Larsdr. Haugo. Deira son Lars fekk garden i 1927 for 6000 kronor. Han er f. 1887 og g. m. Ingebjørg Knutsdr. Sonve.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 108, lnr. 214 med gamal skyld 2 laup, urevidert 3 dalar 2 ort 21 skill., revidert 4 dalar 1 skill. Ny skyld mark 5,84.

Bruk 6, 7 og 8 er lagt saman med Bømoen, gard nr. 92 bruk 5.

Bruk 9. Bø. Skilt frå bruk 5 i 1910 med skyld 30 øre. Det var oreigna i 1899 av statsbanane.

Bruk 10. Ytrebø. Skilt frå bruk 4 i 1920 med skyld 40 øre og selt til snikkar Knut Knutson Bø, som har bygt og bur der.

Bruk 11 Bø. (Insteteigen.) Skilt frå bruk 4 i 1920 med skyld 50 øre og selt til Ivar H. Bø.

Bruk 12. Djupeteigen. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 4 i 1926 og selt til systerne Brita og Ingjerd Åmundsdøtre Fjose. Dei har stove og bur der.

109. Bø (i Tjukkebygdi, andre og tridje tunet).

Eigarar og brukarar i 1661 på denne garden er upprekna tidlegare. Um garden elles i den tid er berre sagt at der var humlagard. I matrikkelen 1723 er meldt at skyldi var 4 laup 18 mark, at der var tri brukarar og humlagard, men ikkje skog. Jordi var ringare enn i fyrste tunet, men elles likt det med umsyn til bruk av jordi. Skyldi vat den same i 1777 og 1838 og vart då umskrivi til 8 dalar 1 ort 2 skill. Samanlikningstalet var 1240. Det er tilført i 1838 at der var fureskog.

Matrikkelen 1865 har ført upp 243/5 mål åker, 1½ mål dyrka eng, 39 mål god, 25½ mål medels natureng og 3 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels men langt burte. Skog til husbruk og timberskog kunde kvart bruk selja for 20 spd. um året, men skogen på bruk 2 var noko ringare. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 35½ mål åker, 58 mål kunsteng og 16 mål natureng.

--- side 178 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på andre og tridje tunet på Bø.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   29   22          
1723 3   27   24   24      
1865 3   21   36   81   48  
1918 3   10   18          

Eigarane i 1614 var Vangens prestebol som tilsaman åtte 2 pund 6 mark, Nils Weinvich ½ laup, Vangens fatighus 2 laup og brukarane 1 laup 2 pund 6 mark. Ialt 5 laup.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bø. Tormod var leiglending i 1715, 1723 og lenger. Han hadde dotteri Abelone som var g. 1734 m. Olav Monsson Rykke og døydde 1757. Dei var leiglendingar etter far hennar og hadde fem born: Brita f. 1735, Ragnhild f. 1738, g.m. Samson Steffason Nedre Auro, Tormod f. 1740, Guro f. 1743, g. 1765 m. Jon Steffason Grevle, Mons f. 1746. Mons gifte seg 1765 m. Kristi Brynjulvsdr. Høyland og vart leiglending etter foreldri sine, men i 1779 laut dei segja upp av di dei var so fatige.

Knut Monsson Kvarakvål bygsla då det som dei hadde havt, 1 laup 2 pund 15 mark som Vangens fatighus åtte. Knut var g. m. Kari Steffadr. f. 1737 og døydde 1800. Det var tri born etter dei: Lars f. 1774, Ingjerd, g. 1791 m. Viking Vikingson Repål, og Mål f. 1776. Lars vart g. 1817 m. Kari Bårdsdr. Osgjerd og vart leiglending etter foreldri sine i 1801 og døydde 1833. Dei åtte 2 pund 13½ mark i Nyre, verdsett 500 spd. ved skifte etter Kari 1833. Fire born: Knut f. 1818, Bård f. 1820, Ivar f. 1822 og Steffa f. 1826. Alle reiste dei til Amerika. Ivar skreiv seg for Iver Lawson i Amerika, dreiv med skreddararbeid på Voss og hadde skreddar- og klædeforretning i Chicago. Han kom der mykje med i politikken, hadde fleire tillitsyrke, spekulerte i jordeigedomar i Chicago og vart svært rik. Ei tid var han medeigar i bladet Skandinaven og andre blad. Sonen Victor f. 1850 var eigar av bladet «The Chicago Daily News», døydde 1925 og var då god for over 20 millionar dollars.

Sjur Knutson Hylle, f. 1811 kjøpte bruk 1 i 1837 for 740 spd. og var g. 1838 m. Ingebjørg Persdr. Vinjo f. 1809. Medan

--- side 179 ---

dei budde på Bø fekk dei borni Brita f. 1839 og Knut f. 1844. Sjur var organist i Vangskyrkja, ei tid skulelærar, eit tak konstituert som kyrkjesongar og reiste med huslyden til Amerika. Olav Bjarneson Henjum frå Luster kjøpte garden i 1844 for 800 spd. Han var f. 1802, g. m. Kari Johannesdr. og døydde 1893. Deira dotter Torbjørg f. 1838 gifte seg 1858 m. Eirik Nilsson Saude f. 1837. Dei fekk garden i 1866 for 196 spd. og budde der ei tid, men flytte so til farsgarden hans på Saude i Borstr., der det er fortalt meir um dei. Eirik selde garden på Bø i 1882 til Sjur Johannesson Fadnes frå Evanger for 8600 kronor. Sjur var f. 1851, g. m. Guro Gudleiksdr. Horvei og døydde 1913. Sjur dreiv mykje med handel og hadde frå tid til onnor huseigedomar på Vangen. Sonen Gudleik f. 1886, g. 1921 m. Ingebjørg Andersdr. Dagestad, fekk garden i 1905 for 5000 kronor saman med bruk 2. I 1918 brann flor, løe, avling og noko innbu. Ny løbygning vart sett upp att.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 109, lnr. 215 med gamal skyld 1 laup 1 pund 129/17 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill., revidert 3 dalar 19 skill. Ny skyld mark 4,60, som er sett ned til mark 3,21 etter at bruk 12 er skilt frå.

Bruk 2. Bø. Jørgen Olavson f. 1653, nemnd ovanfor, var brukar i 1701 og 1715. Han var g. andre gongen 1710 m. Ingebjørg Steffadr. Ukvitno, tridje gongen 1714 m. Sigrid Knutsdr. Grovu, og døydde 1716. Dei åtte 26¼ mark i Osgjerd som dei hadde fått i skifte 1716. Ved skifte etter Jørgen var nettomidelen 102 rd. 5 mark. Jørgen hadde med Ingebjørg to born: Steffa f. 1711 og Brita f. 1713, og med Sigrid dotteri Ingebjørg f. 1715.

Ho Sigrid gifte seg att med Nils Knutson som vart leiglending, og fekk med han borni: Jørgen f. 1718 og Knut f. 1720. Nils gifte seg andre gongen med Guri Velomsdr. og dei fekk to born: Ingebjørg og Ragnhild f. 1739. Ingebjørg vart g. 1765 m. Nils Knutson Vinjo f. 1738 og døydde 1773. Nils gifte seg att 1775 med Anna Gulbrandsdr. Mølsterteig, som døydde 1814, 67 år gl. I 1768 bygsla han 1 pund på Bø av soknepresten. Med Ingebjørg hadde Nils to born: Torbjørg f. 1769 og Nils f. 1773 og med Anna dotteri Ingebjørg f. 1776. Nils Knutson døydde 1806.

Ingebjørg Nilsdr. f. 1776 vart gift 1798 m. Lars Jonson Øvre Klyve. Same året bygsla han av soknepresten 1 pund i bruk 2 som verfaren då avstod. Lars var f. 1777 og døydde i Bergen

 --- side 180 ---

1809. Han var på festningen i soldatteneste og vart stukken i låret av ei fengenål, fekk kolbrand og døydde snart etter. Skifte er halde 1810. Lars skulde vera so god til å rekna. Ein kveld han hadde rekna langt ut over kvelden, sa han til kona si: Eg har no rekna ut at eg får ikkje leva til dess borni våre vert vaksne, og soleis vart det. Fem born: Brita f. 1799, g. m. gardmann Knut Arnfinnson Rykke, Anna f. 1801, g. m. Per Gudleikson Bø, Jon f. 1804, Torbjørg f. 1806, g. m. Anders Olavson Gjerdåk, Arngunna f. 1810, g. m. Ivar Johannesson Møn på Lydvo.

Jon Larsson f. 1804 gifte seg 1833 m. Ingebjørg Persdr. Vinjo og bygsla garden etter foreldri sine. I 1832 fekk han kongeskøyte på garden for 380 spd. og jordavgift 3 tunnor 5 skjeppor 1/3 fjerdingkar bygg og bytte i 1843 med Steffa og Mikkjel Torleivsøner uti bruk 2 Gjerdåk. Dei selde att same året til Ivar Ivarson Lemme for 600 spd. Framhald um Ivar på bruk 4. Lars Larsson kjøpte garden på auksjon i 1854 for 300 spd. Lars var f. 1802 og døydde ugift 1882. Han selde i 1868 til Per Gudleikson Bø for 1000 spd. Sjå meir um Per på gardsnr. 108 bruk 1. Olav Bjarneson Vålo, fødd i Luster 1802, kjøpte bruket i 1875 for 1500 spd. og døydde på Bø 1893. Han selde i 1880 til Sjur O. Erdal frå Eidfjord for 5200 kronor. Sjur var sersjant, g. m. Johanna Jonsdr. og er død. Sjur J. Fadnes kjøpte bruk 2 i 1882 for 4600 kronor og let sonen Gudleik få garden i 1905 saman med bruk 1 for 5000 kronor. Sjå meir um Sjur og Gudleik på bruk 1.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 109, lnr. 216 med gamal skyld 1 laup 1 pund 410/17 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 1 skill., revidert 2 dalar 3 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,98 eller mark 2,83 etter at bruk 11 er skilt frå.

Bruk 3. Krossateigen. Skilt frå bruk 2 i 1881 med skyld 50 øre og selt til Olav Hallvardson Bryn. I 1884 selde Olav til snikkar Ivar Ivarson Lydvo og kjøpte sidan gard på Lekve i Ulvik. Ivar er f. 1849, g. 1883 m. Gjertrud Eiriksdr. Graudo f. 1856.

Bruk 4. Bø. Lars Oddson var leiglending i 1715, g. m. Barbrå Monsdr. døydde 1718 og hadde fire born: Synneva f. 1707, Mons f. 1711, Mattis f. 1714 og Torbjørg f. 1717. Bruttomidelen ved skifte etter Lars var 38 rd. Synneva gifte seg 1742 m. Lars Larson Dukstad. Torbjørg var gift 1747 m. Lars Mikkjelson Øvre Lemme. Styrk Monsson Norekvål, g. 1724 m.

--- side 181 ---

Brita Eiriksdr. Bø vart leiglending etter enkja åt Lars Oddson.

Ovanfor nemnde Lars Mikkjelson og Torbjørg bygsla etter Styrk. Ho Torbjørg døydde 1755 og Lars vart attgift m. enkja Guri Velomsdr., som døydde 1776, 62 år gl. Ho hadde fyrst vore g. m. Nils Knutson sjå gard nr. 109 bruk 2. Lars døydde 1779, 67 år gl. Han og Torbjørg hadde fem born: Lars, Mikkjel, båe fødde 1747, Kolbein f. 1750, Maria (Marjo?) f. 1752 og Ragnhild f. 1753. Mikkjel vart g. 1775 m. Atla Larsdr. Vivås. Maria gifte seg 1781 m. Knut Olavson Brynahagen.

Styrk Mikkjelson Bø, Dyrved. kjøpte 1752 2 pund 3 mark i andre tunet på Bø, Tjukkeb. og 1759 løysningsretten til 1 laup 1 pund 6 mark for 21 rd. Styrk budde der og i 1770. Han var g. 1739 m. Torbjørg Ivarsdr. Gjerstad og døydde 1782, 76 år gl. Torbjørg døydde 1803, 86 år gl. Dei hadde åtte born, som alle døydde ugifte.

Lars Larsson Kvåle, Tjukkeb. f. 1747, vart fyrst g. 1774 m. Ingjerd Styrksdr. Bø i Rd. og andre gongen 1780 m. Marta Sjursdr. Bø i Tjukkeb. Han kjøpte i 1774 av Styrk, verfar sin, 1 laup 1 pund 6 mark for 300 rd. og i 1780 1 laup 1 pund av Mechtele Fleischer, som ho hadde fått ved skiftebrev 1780. Lars kjøpte løysingsretten til 1 laup 30 mark for 30 rd. av Mikkjel, bror hennar Ingjerd. Sjur Steffason Bø fekk 1780 semje med Lars um at han skulde ikkje selja garden sin utan at Marta, kona hans, var samd i det. Døydde Lars fyre henne Marta skulde ho og ervingane ha garden. Lars hadde med Ingjerd sonen Lars f. 1777 og med Marta fem born: Sjur, Olav, Brita, Ingjerd og Knut f. 1780-1790. Lars døydde 1811. Ved skifte etter Ingjerd i 1780 var deira jordgods 1 laup 1 pund 6 mark taksta 480 rd. og bruttomidelen var 605 rd. Lars selde i 1790 1 laup 1 pund 6 mark til Samson Hansson Utne, som var g. m. Helga Asbjørnsdr. Samson selde att 1792 til Steffa Sjurson Bø.

Steffa bytte i 1811 m. Samson Person Ygre uti bruk 3 på Nedre Ygre. Han var f. 1771 og g. 1801 m. Gjertrud Olavsdr. Ygre. Dei bytte 1826 med Lars Larsson uti Mæringi. Han var f. 1768 og g. 1790 m. Sigrid Larsdr. Eggjareid. Ho døydde 1829 og dei hadde seks born, som er upprekna på Mæringi. Dotteri Rannveig fekk garden. Ho var f. 1798, g. 1. 1830 m. Lars Ivarson Fenno, 2. 1841 m. Torgis Arneson Skiple. Skifte etter Lars er halde 1840. Garden er då taksta 430 spd. og skogen

--- side 182 ---

50 spd. Rannveig døydde 1870 på Bø, Tjukkeb. Dei hadde fire born: Sigrid f. 1831, Guri f. 1832, Brita f. 1835 og Lars f. 1837. Bruttomidelen var 885 spd. Rannveig og sonen Lars fekk garden, men selde han i 1843 til Ivar Ivarson Lemme. Sjå um han på bruk 2.

Ivar var f. 1792, g. 1843 m. Brita Olavsdr. Ukvitno og hadde borni Anna f. 1845 og Ivar f. 1847. Ho Anna gifte seg 1866 m. Anders Torsteinson Kyte og dei fekk garden same året for 200 spd. Anders var god smed og dreiv ofte i smidja. Dei hadde tri døtter: Brita f. 1866, g. 1888 m. Klas Arnfinnson på Gjukastein, Synneva f. 1868 og Marta f. 1871 g. m. snikkar Nils Hollgeirson Lemme. Dottersonen åt Anders og Anna, Ivar Hermundson, f. 1895 fekk skøyte på garden i 1915 for 2100 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 109, lar. 217 med gamal skyld 1 laup 1 pund 15/17 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 19 skill. Ny skyld mark 4,60, sett ned til mark 3,41 etter at bruk 10 er skilt frå.

Bruk 5. Vetlestølen. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1897 med skyld 40 øre og selt til Knut Larsson Vinjo, som selde halvparten av stølen til Gudleik Sjurson Bø.

Bruk 6, 7, 8 og 9 er partar av Bømoen som i 1899 er skilde frå garden og førde saman med gardsnr. 92 bruk 5.

Bruk 10. Bø. Skilt frå bruk 4 i 1907. Skyld 1 øre. Militæretaten er eigar.

Bruk 11. Taklahagen. Skilt frå bruk 2 i 1910 med skyld 15 øre og selt til Lars K. Takla i 1911.

Bruk 12. Ytrebø. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1924 med skyld 38 øre og selt til Knut Knutson Rykke.

Um alle tri tuni på Bø er å merka:

Husmenn.

Husmenn var det ikkje i 1723 er der sagt. Heller ikkje er funne melding um husmenn seinare, men etternemnde har havt stove på Bø: Knut Andersson Rykke f. 1820, g. 1847 m. Bryttva Olavsdr. Gjerdåk og død 1897. Nils Andersson, fødd på Leiddal 1816, g. m. Rannveig Nilsdr. Kolvu og døydde 1906, hadde stove på Rindarøysæ. Sigtru Larsdr. f. ikr. 1824, enkja etter Josef, hadde stove ved merket mot Bokkatun. Sonen Olav f. 1860 vart gardmann på Nedre Fenno bruk 7.

Stølar og skogteigar.

Bruk 4 og 5, gardsnr. 108, har støl på Gudmundset og Fyrjo. Bruk 1 har selt sin støl der, sjå fyrste tun, bruk 3. Bruk 1 og 2 på gardsnr. 109 har skogteig under Osgjerd

--- side 183 ---

til merkes med Kyrkjeteigen og ein mindre skogteig i Bjørkemodn. Bruk 4 har skog- og slåtteteig under Osgjerd.

Ymse.

Ein leiglending som heitte Sjur, tok til å flekkja hellor i Kyrkjeteigen i 1808. Fleischer, som då åtte garden, forbaud Sjur å halda fram med arbeidet og stemnde han til tings. Ho Anna, kona hans, møtte i retten for han og fortalde at han hadde kløyvt hellor og late andre og kløyva mot å betala 1/3 part av det dei arbeidde ut. Ved dom fekk Fleischer medhald. Ingjerd Sjursdr. Bø som var fødd 1799 og g. m. Knut Monsson Endeve, har fortalt at fyrr ho flytte til Endeve i 1819 såg ho at han Knut køyrde store uskanta hellor or Kyrkjeteigem til løbygningen sin. Åmund Ronve tok dei ned i 1885. Hellone låg på lektor som var nagla på sperrone med trenaglar. I øvre kanten av hellone var det eit eller to hol etter som dei var store til, og dei var nagla på lektone med trenaglar.

I Kyrkjeteigen er Sverresholo. Sume meiner at namnet kjem av at kong Sverre har stogga der då han var på Voss.

Kvern

Kvern var det ikkje på Bø i 1723 er det sagt, men fyrste tun hadde to kvernar i 1776 og 1791. I grovi or Tønademmo har Bø havt kvernar, men dei er no burte. Kverni åt bruk 4 gardsnr. 109 er flytt til museet på Mølster. Bruk 5 på gardsnr. 108 betalte 40 øre i leige til Bokkatun.

Offentlege foretningar.

Sak i 1679 mot Bryn, Tvilde og Rokne um stølsbeite, forretning 1732 millom Bø, Melve og fleire gardar um Vetlestølen, sak i 1733 saman med Melve mot Sundsvål og Øyjord um støl og utmark, forretning um skogteigen Nåli i 1794. Sak har det vore um eit hellebrot, men årstalet vantar. Takst var halde 1811, åstadsak 1826, semje var gjord 1846 um beiting på Fyrjo og 1648 semje um vegar. I 1849 var det utskifting, semje i 1851 um gjerdehald millom Bø og Tundal, utskifting 1868-69, semje i 1878 um steingard millom Bokkatun og Osgjerd, oreignstakst 1897 over Bømoen, gjerdeskyn 1903 mot Bømoen, semje 1910 med militæretaten um skjotebane, semje 1922 um å lægja Bøløkjen, utskifting 1924 og overutskifting 1925.

Ymse.

Bergens Museum har i 1929 late opna to graver på Bø. Den eine er ei barnegrav ovanfor husi på bruk 4 gardsnr. 109. Ho er 1-1½ meter på kvar kant. Hellor er reist umkring og lagt uppå. Den andre gravi er i Trosshaugen og er 2-3 mtr. lang med mur umkring og hellor uppå. Det er steinrøys uppå gravi. Der vart funne eit bryne, som skal vera frå fjorde hundradtalet, men i den andre gravi var ikkje noko. Lustringen på Bø skal ha funne noko oldsaker på Trosshaugen.

--- side 184 ---

Styrk Larsson Fjose på bruk 2 Øvre Lemme, f. 1771 og død 1840, har fortalt at ei farsyster hans minnest at Bøjamodn var ein einaste bjørkeskog.

Segn.

Ymse segner knyter seg til byggjingi av Vangskyrkja. Ei fortel soleis at det fyrst var på Grjotland dei tok til å byggja, men det dei bygde um dagen, vart av usynlege hender rive ned att um natti. So tok dei til å byggja på Bø i Tjukkebygdi. Her gjekk det likeins som på Grjotland. Ein mann sa då til bygningsfolket at han um natti hadde høyrt ei undarleg røyst som sa at det var gagnlaust å halda fram med arbeidet der. Kyrkja måtte byggjast på ein stad der fire dalføre kom saman. Folk tok det som eit påbod um at det var på Vangen kyrkja skulde stå. På Bø skal for ikkje lenge sidan ha synt merke etter arbeidet er det fortalt.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Bø i Tjukkebygdi.

Jørgen 1710 tavle 5 nr. 62. Nils svært ofte 1716-1747 t. 2 nr. 31. Nils Ivarson fleire gonger 1750-1759 t. 2 nr. 31. Tormod 1720 t. 5 nr. 63. Lars Larsson 1778-1781 t. 5 nr. 64. Nils Knutson 1774-1781 t. 1 nr. 49. Styrk 1726-1734 t. 5 nr. 66 og merket sett på hovudet fleire gonger 1742-1751. I 1758 og 1765 har han eit merke laga av samanfletta S M. Askjel 1734 t. 5 nr. 67, og har brigda merket på fire måtar 1736-1756. Olav 1742-1744 t. 5 nr. 68 og mykje brigda i 1747 og 1763. Lars Mikkjelson 1758 t. 5 nr. 69. Åmund 1759- 1761 t. 2 nr. 31. Sjur 1765-1772 t. 5 nr. 70. Sjur Steffason 1779 t. 5 nr. 70 og i 1780 S S.