28. Bø (på Dyrvedalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 190 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive (i dativ) . Det vert no sagt Bø (i Dyrvedalè); han búr pao Bø, è tao Bø, ska tì Bøja. Det er same ordet som ein bø, gn. bær m. (gen. bæjar).

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Bø som heil gard med skyld 4½ laup 16 mark og ein brukar. Der var noko lite humleavling. Skyldi er likeins i 1723, men det er då to brukarar, ein humlagard, ingen skog og ikkje noko fiske. Garden var sers lettvinn og medels god korngard. Ved matrikkeleringi i 1830-åri var Samanlikningstalet for Bø 1840 og skyldi framleies 4½ laup 16 mark, som då vart umskrivi til 12 dalar 1 ort.

I matrikkelen 1865 er ført upp 32,5 mål åker, 1 mål dyrka eng, 501/3 mål god, 63 mål medels natureng og 77 mål skrapebø. Hamnegangen var ring, for lite vedaskog og inkje timberskog. Garden var lettvinn og godt dyrka Undanteke bruk 2, som var mindre godt dyrka. Ikkje fiske eller anna lunnende. I 1918 var det 31 mål åker, 22 mål kunsteng og 66 mål natureng.

Folketalet på Bø var 28 i 1801, 27 i 1865 og 28 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bø.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   12   17          
1723 4   34   24   36      
1865 4   40   70   84   56  
1918 5   25   67          

--- side 191 ---

Kyrkja på Vangen åtte 1 laup i Nedre Bø heiter det i Bjørgynjar Kalfskinn. På Bø i Tjukkebygdi har eg teke med to brev, eit frå 1326 og eit frå 1416, men det er uvisst kva for ein gard Bø dei gjeld.

I 1521 er ført upp 6 menn som budde på Bø. Det var Endre som betalte 11 lodd sylv og 1 mark i skatt og breffbrot, Arne som betalte 9½ lodd sylv i skatt, Odolff, ilagd 4 lodd sylv i skatt og 3 lodd sylv og 1½ mark i pengar som skatt, Jon, 1½ mark i skatt og 6½ lodd sylv 1½ mark i breffbrot,


Bø.
Bilete 23. Bø. Fot. P. Braaten 1935.

Arnfinn på Nedre Bø, 1 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, Kolbein, 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Kven av dei som budde på Bø på Dyrvedalen, i Tjukkebygdi eller i Raundalen er uvisst. I 1563 var Laurits brukar og betalte 1 dalar i skatt. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja hadde i landskyld 2 askar korn og ½ spann smør av sin eigedom i Bø. Det var likeins 1654.

Frå 1603-1659 er Oluff (stundom står Olle) ofte nemnd som leiglending. Han var lagrettemann 1648, åtte ½ laup i garden i 1611 og 1614, og 1621 1 laup i Fadnes og ½ laup i Rong. I 1635 betalte han garnisonskatt for 4½ laup 15 mark og odelsskatt

--- side 192 ---

for 4 laup. 1645 er han skriven for Oelle Thomeson, var gift med Steinvor og hadde sonen Jon Oelleson, gift med Kari. Han er nemnd som lagrettemann mange gonger frå 1654 til 1664. I 1659 er Oelle brukar av 4 laup 16 mark og eig 1½ laup 6 mark i Liland, ½ laup 15 mark i Rue, ½ laup 1 spann i Rong, ½ laup i Flògo og 15 mark i Århus i Teigdalen. I 1611 var der og ein brukar Knut. Jon Oelleson er nemnd som brukar 1652, 1657 og 1661.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Bø var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Det er tilført at jordi var «temmelig god» til avling. Oluff var leiglending. Under Bø står ogso Yksnabjørg med leidang 4 mark. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset med 5½ dalar ½ ort. Oluff var leiglending. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1648 på ½ laup som høyrde til Finnegodset i Bø, men laut lata det att til kongen 1651. Han selde det so i 1657 til Gabriel Marselis. Enkja etter kancelliråd Nils Alstrup kjøpte løysningsretten i 1761 til dette jordgodset. I skattemanntalet 1657 står at ½ laup i Bø var Finnegods.

Eigarane av Bø var i 1661: Domkyrkja i Bergen 4 laup, Vangskyrkja 16 mark, og ½ laup høyrde til Finnegodset. Jon var brukar av alt. I 1664 var det to leiglendingar: Jon Olavson og Lars Jonson. Der var og ein dreng Knut Olavson, 15 år. Klas Miltzow var 1691 eigar av den halve laupen som Finnegodset hadde havt. Eirik var då brukar av heile garden. Likeins i 1695. Henrik Miltzow åtte då den parten som Klas Miltzow hadde i 1691. Av det som Domkyrkja åtte, var 3 laup «assigneret» løytnanten ved Vossakompaniet i tidi umkring 1675-1713. Løytnanten hadde då rett til å bu der og bruka dei 3 laup mot å svara landskyldi, men dette jordgodset var då friteke for skatt. Løytnant Henrik Biernet hadde det 1694-1713 saman med frigard på Kvåle, Gullfj.

Folketeljingi av 1701 fører upp tri leiglendingar: Olav Monsson, 64 år, Eirik Endreson, 42 år og Mikkjel Gudleikson, 36 år gl. Eirik var gift med Kari Oddsdr. og hadde med henne borni Brita f. 1689 og Gudve f. 1691. Ho Kari hadde fyrr vore gm. Mikkjel og hadde seks born med han. I 1715 og 1723 var det berre to leiglendingar: Knut og fyrr nemnde Mikkjel Gudleikson. Knut var son åt Lars Bidne og hadde i 1713 bygsla 2 laup i Bø av Domkyrkja i Bergen og 1 spann av Henrik

--- side 193 ---

Miltzow og betalt 12 riksdalar i bygsel. Mikkjel Gudleikson var gm. Rannveig Styrksdr., døydde 1744 og hadde fem born: Steffa, Gudleik, Styrk, Herborg og Kari. Gudleik kom til Tveito i Nordhordland, Styrk gifte seg 1739 med Torbjørg Ivarsdr. Gjerstad. Herborg var gm. Knut Brynjulvson Giljarhus og Kari var gm. Øystein Sjurson Skjelde. Dei 16 mark som Vangskyrkja åtte i Bø, selde kongen saman med kyrkja i 1723.

Steffa Mikkjelson f. 1699, død 1782, vart 1727 gm. Kristense Knutsdr. Finne (av Miltzowætti). Han bygsla 1727 2 laup 1 pund 2 mark i Bø, og hadde seks born: Mikkjel, død ugift, Sjur f. 1730 som kom til Bø, Tjukkeb., Marta f. 1732, gm. Odd Knutson Brekku, Gullfj., Knut, Klas, Ingjerd f. 1747, gift 1767 med Sjur Nilsson Gjukastein. Dei bygsla garden etter foreldri hennar og hadde åtte born: Nils, Brita f. 1771, Margreta f. 1774, Kristense f. 1776, Rannveig f. 1778, gm. Knut Halldorson Lunde, Ingebjørg f. 1780, gm. husmann Lars Ivarson Løno, Kari f. 1782, gm. Olav Nilsson Afdal, Anna f. 1788, gm. Knut Torkjelson Skogstad. Eldste sonen Nils f. 1767, bygsla garden foreldri hans hadde havt. Framhald bruk 2.

Styrk Andersson gm. Barbrå Monsdr. var leiglending til 1748 og hadde åtte born: Gjertrud, Ivar, Ragna, Mikkjel, Gjertrud, Jon, Rannveig, Klas, fødde 1740-56. Styrk og Barbrå fekk i 1748 kår på garden då dei let han.

Eirik Ivarson Fære vart gift 1734 med Brita Monsdr. Bø og døydde 1770, 70 år gl. Dei var leiglendingar på Bø til 1754 og avstod då garden til versønene Olav Hansson og Åmund Nilsson heiter det i tingboki. Ho Brita var fødd 1687 og døydde 1777, og må ha vore enkja etter ein Knut, då ho gifte seg med Eirik. Eirik hadde berre ei dotter Marta, som han 1745 lyste i «kuld og kjøn». Ho vart gift 1753 med nemnde Olav Hansson Gjerstad. Han døydde 1779, 52 år gl. og hadde tri born: Hans f. 1756, Gudleik f. 1765, og Eli f. 1753. Eli var gm. Velom Person Rekve eller Ullestad. Framhald bruk 1. Framhald um Hans under bruk 4.

Ovanfor nemnde Åmund Nilsson, g. 1754 med Sigrid Knutsdr. Bø, hadde tri born: Ragna f. 1759, Ingebjørg f. 1761 og Synneva f. 1766. Ho Ragna vart gift 1786 med Gudleik Bergeson Dolve. Dei bygsla nokre år garden som foreldri hennar hadde havt.

--- side 194 ---

Dei hadde to born: Jon og Sigrid. Ingebjørg gifte seg 1788 med Mons Erlingson Gjerme og Synneva vart 1799 gift med Nils Bergeson Dolve. Synneva og Nils bygsla garden, då Gudleik sa upp bygsli. Framhald bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bø. Velom Person Rekve eller Ullestad, nemnd ovanfor, gm. Eli Olavsdr. Bø bygsla i 1786 av Domkyrkja i Bergen noko av garden, som foreldri hennar hadde havt, nemleg 1 laup 13 mark. Velom døydde 1815, 68½ år gl. og hadde seks born: Per, Olav, Ivar, Marta f. 1789, Brita f. 1793, Rannveig f. 1801. Ho vart gift 1820 med overjeger Jens Knutson Gjerme. Ivar var fødd 1785, gift 1817 med Ingjerd Ivarsdr. Gjerstad og døydde 1864. Born: Knut f. 1820, Ivar f. 1823, Styrk f. 1826. Han Ivar gifte seg 1860 med Margreta Knutsdr. Eide og fekk gard på Eide. Knut vart gift 1846 med Ingjerd Oddsdr. Hæve og døydde 1881. Han fekk i 1856 kongeskøyte på bruket for 600 spd. og jordavgift, som er løyst med 215 spd. 93 skill. Tri born: Ingjerd f. 1851, Ivar f. 1855 og Odd f. 1857. Ho Ingjerd gifte seg 1884 med Torbjørn Vikingson Seve. Ivar fekk farsgarden. Han døydde 1922 og Odd 1921, båe ugifte. Arne Olavson Skeie frå Kvam kjøpte garden i 1922 for 27 000 kronor. Han er styrar av Bulkens Meieri. Skeie har bygt ny uthusbygning. I løda som då vart rivi, stod årstalet 1618. Bruk 1 og 4 åtte og brukte kvar sin ende av løda.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 28, lnr. 65 med gamal skyld 1 laup 13 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 2 dalar S ort 4 skill. Ny skyld mark 3,50 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 2. Bø. Nils Sjurson bygsla, som ovanfor umtala, dette bruket. Han var fødd 1767, gift 1801 med Brita Bergesdr. Væte, og døydde som kårmann på Bø 1840. Ni born: Steffa, som bleiv på heimreis frå Bergen i 1831, Sjur f. 1805, gm. Brita Monsdr. Gjerme, husmann på Bø, Berge f. 1812, gm. Ingebjørg Knutsdr. Giljarhus, Klas, Olav, som reiste til Nordland, Ingjerd f. 1801, gm. Mikkjel Olavson Jernes, Brita, Kristense, gm. Ivar Nilsson Lavik, og Anna. Mikkjel Jernes fekk kongeskøyte på garden i 1836 for 450 spd. og jordavgift 2 tunnor 3 skjeppor bygg, men selde året etter for 500 spd. til Knut Andersson Gjerstad. Knut var gift fyrst med

--- side 195 ---

Gudve Arnfinnsdr. og 1844 med Ingebjørg Knutsdr. Gjukastein. Han døydde 1848, 49 år gl.

Sonen Anders Knutson fekk garden ved skifte etter faren i 1848, men selde han 1856 til Askjel Johannesson for 800 spd. Han selde att 1865 til Gusskalk Ivarson Rokne for 950 spd. Han var fødd 1830, gm. Rannveig Johannesdr. Rogne og døydde 1914. Nokre år var han med i heradstyret. Sju born: Brita f. 1855, Ivar f. 1864, Johannes f. 1868, Anders f. 1870, Eirik f. 1871, Knut f. 1874 og Klas f. 1879. Ivar er gm. Olina Jakobsdr. frå Bergen og fekk garden i 1907 for 2000 kronor. Han har drive mykje med murararbeid.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 28, lnr. 66 med gamal skyld 1 laup 13 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort. Ny skyld mark 3,54 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 3. Bø. Nils Bergeson fekk som ovanfor nemnt i 1798 bygsla dette bruket, som Gudleik, bror hans, hadde brukt nokre år. Tidlegare hadde foreldri åt kona hans Nils havt det. Nils var gm. Synneva Åmundsdr. og døydde i 1823, 63 år gl. utan born. Ho Synneva fekk kongeskøyte på bruket i 1823 for 450 spd. og jordavgift 2 tunnor 3 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg, men selde att 1835 til systersonen Jon Gudleikson for 300 spd. Han vart gift 1831 med Kari Nilsdr. Ved skiftet etter han i 1841 vart garden utlagd til dotteri Ingebjørg for 450 spd. Ho vart gift 1842 med Knut Andersson Røte. I 1845 selde dei til Johannes Halldorson for 400 spd. og kår.

Johannes som var fødd 1790 på garden Nese i Eksingedalen, gifte seg med Dønåt Jonsdr. og døydde 1880, 90 år gl. Johannes var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Han fortalde ymse hendingar frå krigen. Ein gong hadde ei kule gått gjenom våpenkjolen hans under armen utan å skada han. Ein gong dei hadde vore utan mat eit døger og kom til ein gard, fekk dei ei ku, som dei slakta. Men då dei hadde kokt, kom fienden, og dei laut slå maten ned og røma. Men so kom det ordre um å gå på fienden, og dei slo han attende. Etterpå kom dei til ein liten bekk og sprang då over einannan for å få drikka. For då var dei mest ifrå seg av torste og svolt, sa han. Det var siste slaget han var med i. Johannes let garden i 1858 til Halldor Jonson for 400 spd. og kår. Han var fødd i Hosanger 1829, gifte seg 1860 med Magli Olavsdr. Skutle og døydde 1913. Born: Jon f. 1861 og Olav

--- side 196 ---

f. 1863. Jon vart gift 1883 med Margreta Gudleiksdr. Gjukastein og fekk garden i 1893 for 1300 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 28, lnr. 67 med gamal skyld 1 laup 13 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort. Ny skyld mark 3,79.

Bruk 4. Bø. Hans Olavson, f. 1756, nemnd ovanfor, bygsla dette bruket, som foreldri hans fyrr hadde havt. Hans gifte seg 1789 med Sisselja Knutsdr. Gjukastein og døydde 1833. Han åtte ein part i Raundalens Ålmenning. Dei hadde 3 born; Olav, Ivar f. 1796 og Marta f. 1794. Olav var fødd 1790, gift 1822 med Ingjerd Larsdr. Gjukastein og døydde 1832. Olav bygsla garden i 1812 av Domkyrkja i Bergen. 5 born: Hans f. 1824, Lars f. 1827, Sisselja f. 1822, Ingebjørg f. 1826 og Marta f. 1830. Lars vart gift 1871 med Anna Bjarnesdr. Væte og vart gardbrukar på Seve. Ingebjørg gifte seg med Eirik Torsteinson Seim. Marta vart gift 1861 med Knut Andersson Røte, gardmann på Uppheim, Gullfj. Hans Olavson f. 1824, var gm. Marta Larsdr. Veka og døydde 1884. I 1860 fekk han kongeskøyte på garden for 800 spd. og jordavgift 3 tunnor 3 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg. To born: Ingjerd f. 1859 og Olav f. 1861. Olav er gm. Dønåt Johannesdr. Dolve og fekk skøyte på garden i 1926 for 2000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 28, lnr. 68 med gamal skyld 1 laup 13 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 4 skill. Ny skyld mark 3,83 etter at bruk 5 var skilt frå.

Bruk 5. Bø, utskilt frå bruk 4 og selt til Voss herad i 1899. Skyld 1 øre.

Bruk 6. Øvre Bø. Utskilt frå bruk 2 og selt i 1907 til Knut Gusskalkson Bø f. 1874 som bygde der. Skyld 25 øre.

Bruk 7. Nedre Seve. Skilt frå bruk 1 i 1922. Skyld 34 øre. Eigar Torbjørn V. Seve, sjå bruk 1 Seve.

Husmannsplass.

Rannveig Styrksdr., enkja etter leiglending Mikkjel Gudleikson, hadde plass då ho døydde 1751. Sjur Nilsson f. 1805, død 1846, gm. Brita Monsdr. Gjerme hadde plass på Bø. Gudve Arnfinnsdr. døydde 1842, 45 år gl. som husmannskone. Mannen hennar, Knut Andersson, vart som fyrr fortalt attgift 1842 og kjøpte gard på Bø. To av bruki på Bø hadde kvar sin teig uppe under Seve, «Bøjateigen» dei kalla. Sjur og Brita var husmanns-

--- side 197 ---

folk der. Sidan han døydde 1846, har der ikkje vore nokon husmann. Det er no bruk 6 og 7.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden heiter det i matrikkelen av 1723. No er vårstølen på Indre Dale og sumarsstølen på Hedlo.

Kvern.

Der var ei flaumkvern i 1661 og 1723, og tri i 1776 og 1791. Turvande kvernavatn var der er det sagt i matrikkelen i 1830-åri. Bø har kvernane sine nedst i Rekveselvi, men dei har ikkje vore i bruk på fleire år. I eine kvernhuset står: Hertil gjekk vatnet 5. desember anno 1747. Dette merket skal vera um lag 1½ meter høgare enn dei siste storflaumane i Vangsvatnet.

Offentlege forretningar.

Semje um gjerde i 1823, godviljug utskifting 1832, fredlysing 1851, jarnbanetakst 1878 og utskifting av innmarki 1913-14. Bruk 2 og 3 laut då flytta husi sine. Fyrr stod alle husi i ein krull med stovehusi i ei rekkje på øvre sida åt postvegen, som gjekk midt gjenom tunet.

Bumerke.

Mikkjel 1710, 1715 tavle 2 nr. 26. Eirik 1710, 1756 t. 2 nr. 27. Anders 1722 t. 2 nr. 29. Knut 1723, 1727 t. 2 nr. 30. Nils 1734, 1759 t. 2 nr. 31. Ivar 1735-1740 t. 2 nr. 32. Han teikna dette merket i 1744 utan tverrstrek uppe, i 1757 t. 1 nr. 23 utan tverrstrek uppe, og i 1746, 1752 og 1758-1767 sistnemnde merke sett på hovudet. Ivar 1741 t. 2 nr. 33. Steffa teikna og dette i 1744, 1745. Åmund 1776 t. 2 nr. 34. Åmund Nilsson teikna same merket 1778, 1780, men med den skilnad at på toppen står ein kross i staden for tverrstrek og at tverrstreket inne i bokstaven er bøygt ned på midten. Sjur Nilsson 1780 t. 2 nr. 35. Det er ofte uvisst anten det er på Bø på Dyrvedalen, i Tjukkebygdi eller i Raundalen sume av desse har butt. I løda på bruk 1 som vart rivi ikring 1920, var bumerket t. 2 nr. 37. På eine stokken stod årstalet 1618. I botnen på eit kjerald var merket t. 2 nr. 38.

Ymse.

Ovanfor jarnbanelina på bruk 2 er ein stor gravhaug som var granska av professor Shetelig ikring 1908. Han fann nokre spyd som han tok med seg til Bergens Museum. Fyre utskiftingi 1913 var haugen på Byrkjo sin eigedom bruk 3.