111. Bokkatun.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 196 ---

Namnet vert i 1563 skrive Buckethun. Det vert no sagt Bòkkatún2; han búr pao, è tao Bòkkatún, ska tì Bòkkatúns. Namnet er samansett av bokki m., eit tilnamn som em finn på Voss i 1300-talet (eig. storkar, og visst same ordet som bukk) og tún n. Sml. det gamle Kablatún i Hylle 1564 og tilnamnet kafli som og finst på Voss.

Bokkatun er i 1661 ført upp under Finnegodset. Der var timberskog og ein liten humlagard. Skyldi er førd upp med 6


Bokkatun og Hylle
Bilete 24. Bokkatun og Hylle. Fot. P. Braaten 1936.

laup og der budde tri brukarar. I matrikkelen 1723 er garden ogso skriven saman med Finnegodset med skyld 5 laup 1 pund. Dei to brukarane var sjølveigarar. Der var humlagard og noko lite vedaskog. Jordkyndi var likeins som på Hylle. Skyldi var 4 laup 2 pund 12 mark i 1777 og 1838 og vart i 1838 umskrivi til 10 dalar 3 ort. Der var vassfall og god skog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 1600.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 31 mål åker, 4 mål dyrka eng, 40 mål god, 11 mål medels natureng og 10 mål skrapebø. Medels vårhamn og god sumarhamn. Skog til husbruk, og på kvart brak kunde seljast timber for 32 spd. Garden

--- side 197 ---

var medels lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 41,7 mål åker, 67,5 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Det budde 19 menneske på Bokkatun 1801, 26 i 1865 og 42 i 1920. Auken siste året skriv seg serleg frå helledrifti ovanfor Tymbraodlane.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bokkatun.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   20   30          
1723 2   30   24   28      
1865 2   25   64   82   52  
1918 2   25   81          

På Hylle er umtala at Bokkatun truleg er skift ut frå Hylle og har kan henda fått namnet etter ætti Bukk eller Bokke på Finne.

Oluf budde på Bokkatun i 1563 og betalte 2 lodd sylv i skatt. Laurits var leiglending 1591, Torgeir og Mons i 1603, Laurits, Brynjulv og Mons i 1611 og 1614. Brynjulv vart utskriven 1614 til Svinesund med byrse og sverd. Mons og Nils var leiglendingar 1621. Mons åtte 6 mark i Mo'o i Granvin i 1621 og 1629. Brukarane Mons og Nils betalte garnisonsskatt i 1635 og Mons dessutan pendingskatt. Den tridje brukaren, Antonis, var so utarma at han slapp skatta. Mons, Olav og Nils var brukarar i 1640.

Leidangsboki for 1624 over Apostelgodset syner at leidangen var ½ laup smør og 2 bukkskinn med brukarane Antonis, Nils, og Mons. Jordi var tolleg god, men der budde mange bønder, er det sagt. Ryttarskatt var i 1627 lagt på 6½ mark i Bokkatun med 14 skill.

Hannibal Sehested kjøpte 1649 av kongen leidangen til Apostelgodset ½ laup smør og 2 bukkskinn. Sehested fekk kongeskøyte 1648 på 6 laup som var av Giskegodset. På det var det ½ laup smør og 2 bukkskinn i leidang, 6 dalar i skatt, 1½ dalar i fornødspengar, 1½ dalar i arbeidspengar og 2 dalar i avgift til jordeigaren. Det var då seks leiglendingar: Lars, Olav, Mons, Olav Arnbjørnson, enkja Sigrid og Nils. Sehested

--- side 198 ---

laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som selde det 1657 til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 for Finnegodset står at det var 5 laup som høyrde til dette, med leiglendingane Olav, Olav, Knut og Ivar.

Leiglendingane i 1645 var Olav Monsson, g. m. Kristi og Nils Brynjulvson, g. m. Ragnhild. Dessutan var der to tenestgjentor Dordei og Sigrid, to enkjor Sigrid og Brynhild og hennar son Olav Antonisson. Det var fire leiglendingar i 1648: Nils som brukte 1½ laup, Anders 1 laup, Olav 1½ laup og Olav 2 laup. Dei betalte då 2 dalar for laupen i skatt.

Leiglendingane i 1661 var Olav Andersson, Jakob Knutson og Nils Torgeirson, som alle vart stemnde i 1662 for di dei ikkje hadde betalt skatten. Nils var stemnd i 1663 av di han hadde vore med og rykt upp tingstovedøri under tinget. Dei storma inn i stova og skipla retten. For det vart han dømd til å «staa kirkens disciplin» og gjeva eit såld korn til dei fatige. Forutan dei nemnde Olav, Jakob og Nils var Per Torgeirson leiglending i 1664. Svein, Eirik og Ivar var leiglendingar 1669, Dei vitna då at dei hadde vore med og hogt timber i Raundalens Almenning. Svein hadde hogt 7½ tylvt og Eirik 11½ tylvt. Knut som var brukar 1674, vart stemnd for di han var tilsagd, men ikkje hadde møtt for å skyssa bispen. Knut skulda på at grannen hadde lovt å skyssa, men var ikkje komen. Båe to laut bøta.

Skyldi er både 1691 og 1695 førd upp med 4 laup 2 pund 12 mark. Olav og Svein Olavson var leiglendingar 1691 og hadde kvar sin halvpart av garden.

Svein var g. 2 m. Brita Torsteinsdr. som levde etter han. Svein hadde med fyrste kona fire born: Nils (i Hallingdal), Olav f. 1684, Anna, g. m. Asgrim og Brita, g. m. Laurits Kvitno. Med Brita hadde Svein tri born: Ågota f. 1688, g. 1733 m. Gitle Vikingson Davidhaug, Sigrid f. 1691, g. 1725 m. Knut Nilsson Haga og Guro f. 1694. Ingjerd Miltzow var eigar i 1695. Johannes og Knut brukte då halve garden kvar.

I folketeljingi 1701 er ført upp desse tri leiglendingane: Bjarne Monsson, 33 år, Asgrim Eirikson, 34 år med sonen Mikkjel, 2 år, Olav Arneson, 37 år. Brita Johannesdr. var for retten 1709 for di ho hadde fått barn med Olav Bokkatun. Ho vart dømd til «at staa aabenbar skrifte» og til å bøta 12 lodd sylv. Kunde ho ikkje betala, skulde ho sitja i «spindehuset»

--- side 199 ---

til dess det var betalt. Odelsskattemanntalet 1714 segjer at skyldi var 5 laup 1 pund. Laurits Miltzow åtte 2 laup 2 pund, Knut Gjerde 1 laup 1 pund og Arnfinn, brukaren, resten.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bokkatun. Bjarne Monsson f. 1667, g.m. Brita Øysteinsdr. Tesdal f. 1662 død 1732, var leiglending i 1701. Han kjøpte 1718 av Ditlov Miltzow 2 laup 2 pund i Bokkatun med odelsrett. Skatteboki etter han syner at i åri 1720-1730 betalte han skatt frå 8 rd. 3 mark 11 skill. til 10 rd. 2 mark 12 skill. for året. Bjarne døydde 1730 og hadde dotteri Brita og sonen Mons. Brita gifte seg 1719 m. ekm. Anders Larsson Nedre Ygre. Mons var f. 1702, g. 1727 m. Ragna Torgeirsdr. Nedre Hylle f. 1708 og døydde 1753. Ho vart attgift 1754 m. Halldor Knutson Rokne f. 1717. Han åtte 18 mark i Vetla Rokne og døydde 1773. Ragna døydde 1770.

Mons Bjarneson fekk i 1724 skøyte frå far sin på 1 laup 1 pund i Bokkatun, kjøpte 1732 av Anders Karlson Ygre 18 mark og åtte i 1735 ialt 2 laup 2 pund, som då var heile bruk 1. Mons og Ragna hadde sju born: Torgeir f. 1729. Mattis f. 1732, g. m. Brita Arvesdr. Skjerve, kjøpte gard på Berge, Bjarne f. 1734, g. m. Ragnhild Brynjulvsdr. på Rue, Giljane, og vart leiglending der, Johannes f. 1734, g. m. Marta Olavsdr. Rokne og budde ei tid på Hæve, Brita f. 1736, g. m. Lars Larsson gardmann på Fenno, Sjur f. 1740, døydde i livgarden i Kjøbenhavn 1772, Torbjørg f. 1747, g. m. Per Olavson som var gardmann på Vetla Rokne.

Torgeir Monsson f. 1729 gifte seg 1755 m. Ingebjørg Steffadr. Skjerve, f. 1727, dotterdotter åt lensmann Mass Seve. Torgeir fekk skøyte på bruk 1 i 1754. Han døydde 1777 og Ingebjørg 1780. Tri born: Mons, Torbjørg f. 1757 og Ragna f. 1767, g. m. gardmann Nils Åmundson på Jernes. Mons var f. 1763, g. 1786 m. Anna Andersdr. Fadnes, f. 1763. Det er fortalt at det var farbror hans Mons, Mattis Berge, som rådde Mons til å fri til Anna, ho er so viseleg, sa han. Det synte seg og at ho vart ei sers forstandig kone. Mons fekk skøyte på garden i 1780. Han døydde 1834, og Anna 1848. I 1830 vart han stemnd til tings for ulovleg brennevinsbrenning som so mange vart hekta for dei tider. Han vart frikjend, men laut betala sakskostnader.

--- side 200 ---

Ved skifte etter Mons var garden taksta 690 spd. og skogen 150 spd. Bruttomidelen var 1958 spd. Fem born: Torgeir, Anders, Sjur, Ingebjørg og Anna. Anders f. 1801 døydde ugift på Lærdal under ei reis til Oslo. Han lærde fyrst gravørarbeid hjå Odd Gjelle, reiste seinare til Kjøbenhavn og fekk betre utdaning, og vart ein framifrå dugande gravør. Han har laga ei mengd signet både til private og til det offentlege. Koparstikk laga han mange av både til kart, t. d. av Europa, av Trondheim og fleire, bilete, prøveskrifter og ymist anna. Broren Sjur var f. 1806, g. m. Guri frå Sogndal, var den fyrste frå Voss som tok eksamen ved landbruksskulen og vart styrar av større gard ved Haugesund. Han reiste med huslyden til Amerika i 1858 og vart farmar der. Han har dikta mange visor og songar. Systri Ingebjørg f. 1798 dreiv mykje med tepeveving og døydde ugift 1874. Systeri Anna f. 1803 gifte seg 1829 m. ordførar David Larsson Hustveit.

Torgeir Monsson f. 1795, gifte seg 1826 m. Anna Åmundsdr. Fjose, f. 1805 og fekk garden ved skifte etter far sin i 1835. Han var ein kunnande arbeidar og god signetstikkar. Det er fortalt at han har måla den eine minnetavla i skipet i Vangskyrkja. Torgeir var med i Tranerørsla og var saman med Odd Klyve på «Vesle-tinget» som Tranefolket heldt i Oslo 1850. Sjå meir um det på Klyve. - Nokre kvækarar vitja Voss i 1855 og heldt fyrste møtet sitt hjå Torgeir. Både han og fleire der i grendi vart med i kvækarrørsla, og det vart til det at dei melde seg ut or statskyrkja. Det er fortalt, at Torgeir ein gong kom i sterkt ordskifte med kapellan Hagen på kontoret hans. Hagen var ein grustar og ordskiftet enda med at Hagen kasta Torgeir ned gjenom troppi. Det vart avskilet hans Torgeir med statskyrkja, og han var sidan ivrig kvækar. Torgeir døydde i 1860, og ho Anna i 1878. Dei hadde ti born: Mons, Åmund, Anna, Nils, Ingjerd, Soffi, Sjur, Anders, Knut og Mattis. Mons fekk garden 1867 og døydde ugift 1904. Mons dyrka mykje på garden. Broren Åmund f. 1829 var saman med nokre andre på reis til Kalifornia skulde grava gull, men alle so nær som ein vart drepne på vegen. Systri Anna f. 1828 døydde ugift 1856. Broren Nils f. 1831 var typograf i Amerika, kom heim att til Voss 1870, tok her til med å gjeva ut bladet Vossingen, som han fyrr saman med andre hadde gjeve ut i Amerika 2 år. Nils reiste til Amerika att og døydde der ugift.

--- side 201 ---

Systerne Ingjerd og Soffi og brørne Sjur og Knut reiste til Amerika. Mattis døydde i 17-årsalderen med di han kom burt på vegen til stølen.

Anders Torgeirson f. 1846, g. 1873 m. Marta Knutsdr. Ygre f. 1852 fekk farsgarden hjå Mons, bror sin, i 1879 for 4000 kr. Anders døydde i 1930 og Marta i 1929. Dei hadde åtte born: Torgeir, Anna, Knut, Ingebjørg, Ingjerd, Anders, Lars og Sjur. Knut f. 1880, g. m. Marta Gusskalksdr. Liland fekk i 1906 farsgarden for 3000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 112, lnr. 221 med gamal skyld 2 laup 1 pund 6 mark, urevidert 5 dalar 1 ort, 12 skill., revidert 5 dalar 4 ort 8 skill. Ny skyld mark 8,55, sett ned til mark 5,89 etter at bruk 8 er skilt frå.

Bruk 2. Bokkatun. Olav Torbjørnson, g. m. Gjertrud Sjursdr., syster åt Torgeir Sjurson Hylle, fekk skøyte i 1706 frå Laurits Miltzow på 2 laup i Bokkatun. Olav var stemnd til tings i 1709 for di han hadde fått barn med Anna M. Egdetveit, som hadde tent hjå han i tri år. Mor hennar var halvsyster åt kona hans Olav. Både han og Anna vart dømde til dauden, men «om det skal ske med halshuggelse eller annen naadigere og mildere straf paa livet indstilles til hans majestæts dispensation». Olav og Anna sin eigedom skulde gå til kongen. Olav og Gjertrud hadde fire born. Ho Gjertrud sa upp bygsli i 1713 på 2 laup 2 pund for at Arnfinn Åmundson Mo'o skulde få bygsla det. Ho fekk i kår 1 mål «sæd» av ein medels åker, eit kyrafoster og to smalafoster. Gjertrud døydde 1728, 59 år gl. Arnfinn var g. m. Sigtru Monsdr. og dei fekk i 1714 sonen Knut.

Nils Person har i 1720 bygsla 2 pund og av Knut Larsson Bø kjøpt 1 laup 26 mark i Bokkatun for 99 rd. I 1721 kjøpte Nils 22 mark av Eirik Endreson Gjerde og bygsla 1723 av Knut Kvitno 23¾ mark. Nils døydde som ekm. 1744, 74 år gl. og let etter seg to born: Guri som då var enkje, og Knut som var gift 1739 m. Rannveig Olavsdr. Ronve og sidan m. Marta Olavsdr. Knut bygsla 1738 23¾ mark i Bokkatun, fekk hjå far sin 1 laup 2 pund og kjøpte 1740 1 laup av Knut Halldorson Nedre Kvitno. I 1759 kjøpte Knut og medeigarar løysningsretten til 51/3 laup for 71 rd. Mons Knutson Græe tretta i 1761 på odelen til den laupen som Knut N. Bokkatun hadde kjøpt av Knut H. Kvitno, men fekk ikkje eigedomen av di garden var krongods som det ikkje kunde fangast odel på. Knut Nilsson døydde 1779, 70½ år gl. og ho Marta 1757. Ved

--- side 202 ---

skifte etter henne åtte dei 2 laup 2 pund taksta 384 rd. Bruttomidelen var 660 rd. Tri born: Nils f. 1744, Olav f. 1752 og Brita f. 1741, g. 1763 til Mølster med Bjarne Mattisson. Nils fekk 1762 skøyte frå far sin på 2 laup 9 mark. Han døydde 1777 og hadde nok ikkje etterkomarar.

Knut Eirikson har so kjøpt garden, 2 laup 2 pund, og let han 1778 til Olav, son sin, som i 1780 gifte seg m. Brita Nilsdr. Møn. Dei vart skilde ved kongeleg resolusjon i 1785 av di han var so drikkekjær. Han døydde same året 33 år gl. Brita gifte seg att 1786 m. Ivar Nilsson Jørdre, som då budde på Stuarjo. Han fekk skøyte på bruk 2 Bokkatun i 1787. Olav og Brita hadde borni Knut f. 1781 og Nils f. 1784, som vart g. m. Ingjerd Rykke. Med Ivar hadde Brita fem born: Nils f. 1804 som bleiv i Granvinsvatnet, Anna f. 1791, Guro f. 1794, Ingebjørg f. 1797, g. 1823 m. Lars Torkjelson Uthus, som ei tid budde på Stuarjo, Brita f. 1800, g. 1. m. Mikkjel Steffason på Skjerve, 2. m. Torstein P. Såkvitno på Kinne. Nils Olavson var med i krigen mot Sverike.

Knut Olavson f. 1781, g. 1803 m. Kristi Trondsdr. Tveiti f. 1783 fekk skøyte frå stykfaren på garden i 1796 og 1803. Ho Kristi var dotter åt Trond og Kirsti Nilsdr. Istad som hadde gard på Tveiti. Knut og Kristi hadde elleve born: Olav f. 1815, Trond, Nils, Brita, Kirsti, Rannveig, Guro, Kirsti, Anna d. e., Anna d. y. og Ingebjørg. Brita vart g. m. Olav Ivarson Bygd, vaktmann i Bergen. Rannveig gifte seg med Svein Knutson Takla, husmann i Takladokki. Guro f. 1808, vart gift med David Åmundson Himle. Alle syskini sonær som Olav, Brita, Rannveig og Guro reiste til Amerika.

Olav Knutson f. 1815, g. 1837 m. Ragnhild Larsdr. Nedkvitno f. 1805, fekk 1836 skøyte frå far sin på halve garden. David Åmundson Himle, nemnd ovanfor, fekk same året den andre helvti. Olav reiste til Amerika og skøytte etter odelssøknad sin halvpart til Eiliv Steffason, g. m. Kari Magnesdr. Rykke. Eiliv selde i 1853 sin part til David Himle, som då vart eigar av heile bruk 2. Eiliv kjøpte seg gard på Haugo. David var f. 1799. Han døydde 1881 og Guro 1889. Han planta frukttre og var visst den fyrste på Voss som sende eple til utstelling i Bergen og fekk premi. Born: Kristi f. 1847 og Torbjørg f. 1850, som er g. m. Anders Knutson på Rykke.

Kristi Davidsdr. gifte seg 1868 m. Josef Nilsson Bjørku,

--- side 203 ---

f. 1843. Dei fekk farsgarden hennar i 1875 for 600 spd. Josef var g. 2. 1899 m. ek. Marjo Arnfinnsdr. Kinne f. 1865, og døydde 1912. Josef var med i heradsstyret, i forstandarskapet for Voss Sparebank, hadde fleire andre tillitsyrke og var mykje med på utskiftingar og skyn. Med Kristi hadde han sju born: David, Guro, Nils, Anders, Knut, Lars og Ingebjørg. Josef og Marjo fekk fire born: Nils, Guri, Lars, Ragnhild. David er f. 1869, g. m. Kristense Johannesdr. Fadnes, f. 1864 og fekk farsgarden 1900 for 3000 kronor. Han har vore med i heradsstyret, skulestyret, er overformyndar, kyrkjeverje og revisor i Voss Veksel- og Landmandsbank og har fleire tillitsyrke. Sonen Josef f. 1899, g. 1925 m. Ingebjørg Andersdr. Møn har no garden.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 112, lnr. 222 med gamal skyld 2 laup 1 pund 6 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 5 dalar 4 ort 8 skill. Ny skyld mark 8,55. Då lnr. 216 b Bø vart lagt til bruk 2 i 1876, vart den reviderte skyldi 5 dalar 1 ort 21 skill. og den nye skyld mark 8,67, som er sett ned til mark 5,37 etter at bruk 17 er skilt frå.

Bruk 3. Bjørgum Skule. Skilt frå bruk 2 i 1893 med skyld 1 øre og selt til Voss herad til tuft åt skulehuset i Tymbraodlæ.

Bruk 4. Skilt ut frå bruk 1 i 1899 med skyld mark 1,90 og ført saman med Bømoen gardsnr. 92 bruk 5. Det var 230 mål utmark med skog som vart oreigna av militæretaten til eksisplass.

Bruk 5. Utskilt frå bruk 2 i 1899 med skyld mark 1,80 og ført saman med gardsnr. 92 bruk 5. Militæretaten oreigna det til ekserserplass. Det var 210 mål.

Bruk 6. Bjørgum Skule. Skilt frå bruk 2 i 1906 og selt til Voss herad. Skyldi er 1 øre.

Bruk 7. Bømoen. Utskilt frå bruk 1 i 1907 og late til militæretaten. Skyldi er 1 øre.

Bruk 8. Oreigna til jarnbanen av bruk 2 i 1910. Skyldi er 35 øre.

Bruk 9. Oreigna til jarnbanen i 1910 av bruk 1 med skyld 55 øre.

Bruk 10. Nybø. Skilt frå bruk 2 i 1920 med skyld 12 øre og ervefest til Andreas A. Hjørnevik.

Bruk 11. Myrvoll. Skilt frå bruk 1 i 1922 med skyld 3 øre og ervefest til Styrk O. Rokne.

Bruk 12. Stuarjoteigen. Utskilt frå bruk 1 i 1922 med skyld 12 øre og ervefest til Knut J. Røte.

--- side 204 ---

Bruk 13. Høgheim. Utskilt frå bruk 1 i 1924 og ervefest til Johs. N. Sandal. Skyldi er 5 øre.

Bruk 14. Sævik. Skilt frå bruk 8 i 1925 og selt av Ingebjørg Frivoll til baneformann Sævik. Skyld 7 øre.

Bruk 15. Bjørgum Skule. Skilt frå bruk 2 i 1928 med skyld 1 øre og selt til Voss herad.

Bruk 16. Tymbrålen. Utskilt frå bruk 2 i 1932 med skyld 37 øre og ervefest til Olav J. Eikefjord.

Bruk 17. Oddahaugane. Skilt frå bruk 2 med skyld 13 øre. Eigar David Bokkatun.

Husmenn på Bokkatun.

Øystein Monsson var husmann i 1664. Husmannskona Kristi stemnde Svein Bokkatun i 1674 for di han ein sundag hadde rive ned stovedøri hennar, jagt borni under sengi og slått ei gjente med eit økseskaft. Svein vedgjekk det, men sa at Kristi hadde slept fe og smale i lin- og hampeåkeren hans. Kristi sa at det var berre ei liti stund. Svein vart dømd til å betala halv bot 5 mark sylv for døri og 1 mark sylv for økseskaftslaget. Svein stemnde same året henne Kristi til å flytta frå plasset. Ho upplyste at mannen hennar hadde rudt plasset og ho hadde «befalingsmandens seddel» på at ho skulde ha plasset for levetidi. Domen gav henne medhald. Eirik Monsson f. 1621 var husmann i 1701 og hadde sonen Nils f. 1680.

I Tymbraodlæ har vore husmannsplass i lange tider. På tinget er upplyst at i 1697-1699 låg husmannsplasset øyde, og i 1709 heiter det at det hadde vore øyde i mange år og var då lagt ut til febeite. So har det vorte bygt att og Eirik Olavson har butt der og døydde 1736, 64 år gl. Olav Olavson vitna i ei sak på Møn 1780 og fortalde at han då var 68 år og hadde havt plasset sitt i 26 år. Olav var fyrst gift med Synneva Ivarsdr. og andre gongen 1775 m. ek. Synneva Arnesdr. Bø og døydde 1799, 88 år gl. Nokre av borni deira døydde unge, men. Per og Herbrand vart vaksne. Per f. 1757 døydde 1790. Herbrand som var f. 1776, har havt ei sjeldsynt livssoge. Han tente 10 år i Kjøbenhavn som ridande artillerist, vart 1807 teken til fange av engelskmennene, seinare fanga av ein fransk kaprar, tente so i den franske hæren under Napoleon i krigane mot Østerrike og Spania, der han atter vart fanga. I 1815 kom han til Voss, gifte seg 1816 m. Anna Hallsteinsdr. Grinda-

--- side 205 ---

land og budde på Rekve. Dei kom på fatigkassa og var tilslutt på umgangslegd. Herbrand døydde på Flògo 1847. To søner var det etter dei, Mons som døydde på Voss og Olav som reiste til Nordland.

Olav Larsson f. 1718, husmann på Bokkatun, var vitne i ei sak på Leiddal 1762. Sjur Sjurson Kvitno, g. 1. 1769 m. Eli Andersdr. Hylle, 2. 1796 m. enkja Guri Bjarnesdr. Øvre Vinjo og døydde 1810, 66 år gl. Sjur hadde borni: Torbjørg, g. m. Olav Nilsson Nesbøen, Kari f. 1771 og Marta f. 1781. Både Sjur og Eiliv Olavson, som døydde 1832, 97 år gl. hadde plass i Tymbraodlæ. Likeins Lars Isakson, g. m. Kristi Knutsdr. som budde der i 1820-åri. Per Olavson Nesheim møtte i retten 1831 og lyste at Olav Person Bokkatun var son hans og skulde erva han. Per hadde ikkje born med kona si. Olav var f. 1795, g. m. Ingebjørg Olavsdr. Jernes, var god smed og snikkar og nokre år husmann i Tymbraodlæ. Reiste 1847 til Sunnfjord og har talrik ætt etter seg.

I 1865 var det tri husmenn på Bokkatun. Sjur Knutson Tyrlingateigen f. 1794, g. 1829 m. Brita Nilsdr. Bokkatun, hadde plass i Tymbraodlæ. Han var staotarekonge og hadde på seg å jaga ut or bygdi utanbygds tiggarar og fantar som kom i hans distrikt. Som løn for det fekk han noko korn hjå kvar gardbrukar i det strok han var tilsett. Staotarekongen bar massingskilt med den norske løva på bringa når han var ute i «embets medfør». Sjur dreiv mykje med garving. Han døydde 1882 og hadde borni: Knut f. 1829, g. 1863 m. Marta Persdr. Berge, Arnfinn f. 1833, husmann i Mønshaugen, Anders f. 1839, gardmann på Bauthus, og Gjertrud f. 1851. Olav Ivarson f. 1806, g. m. Marta Larsdr. budde og i Tymbraodlæ og hadde borni Olav, Lars, Knut og Anna, fødde 1853-1861. Olav Gudleikson Veiso f. 1824, best kjend under namnet Veisegubben, var g. 1. m. Ragna Larsdr. 2. m. Anna Torbjørnsdr. og døydde 1905. Deira dotter Guro gifte seg m. Arnfinn Steffason Græe på Vangen. Andreas Slåtten er no husmann i Tymbraodlæ.

Husmannsplasset Magnehaugen nedanfor Møn høyrer noko til bruk 2, men mest til bruk 1. Det skal vera rudt av ein Magne. Sigrid, dotter hans, g. m. Sjur Nilsson Jerald hadde plasset etter Magne. Sigrid hadde dotteri Brita Knutsdr. f. 1846, som i 1873 gifte seg med Lars Klasson Selheim. Ei Kari hadde deretter plasset og deretter systersonen hennar, Anders Knutson

--- side 206 ---

f. 1864, g. m. Maria Olavsdr. Olde og døydde 1927. Husi brann i 1900, men vart bygde upp att. Maria har no plasset.

Stølar og teigar.

Stølen var ½ mil frå garden, heiter det i 1723. Hòrald er no vårstøl og Budalen sumarsstøl åt Bokkatun, båe er på Hòraldsdalen. Segni fortel at desse stølane har høyrt til Bjørku i gamle dagar og at Stuarjo var vårstøl og Bulko sumarstøl åt Bokkatunane (sjå på Bulko).

Dei to bruki har kvar sin teig i Tymbraodlæ. Bruk 10, 12 13 og 16 ligg i desse teigane. Bruk 1 har no eit husmannsplass og båe bruki kvar sin skogteig der. Bruk 2 har dessutan skogteigen Oddahaugane. Dei to bruki har kvar sin slåtteteig, Kristitræe, nedanfor Osgjerd.

Den gamle skulestova på Bokkatun stod i Haugasunde. Ho vart rivi då dei bygde ny skulestove på Palmafossen i 1892.

Kvern og sag.

Der var to flaumkvernar i 1723, 1777 og 1791. Bruk 1 hadde ei kvern i Ygresgilæ til ikring 1900, då ho vart rivi. Bruk 2 hadde to i same gilæ. David Åmundson bygde den eine og mol åt andre og. Som umtala på Graudo har ein av Graudamennene havt kvern i Oddahaugen på Bokkatun sin eigedom.

Nils L. Møn og Jon L. Bjørku har på tinget skrive under eit vitnemål, at det i 1780 på deira og medeigarar si sag på Bokkatun var skore 2096 bord til bruk i bygdi. Av timberet som gjekk med, var 63 stokkar komne or benifiserte skogar, men resten or skogar åt sjølveigarar. Slik melding laut gjevast frå alle sager i dei tider, og det vart betalt skatt etter so mykje det var skore for året. Folk hugsar enno godt um denne sagi i Horjolo som stod på eigedomen åt bruk 2 i Oddahaugen til i 1870-åri. Det syner endå litt av lòi. I skifte 1836 på Bokkatun etter Kristi Trondsdr., g. m. Knut Olavson, er sagt at dei åtte halvparten i Bjørkesagi i Odden. I 1854 er sett upp kontrakt med bruk 2 um Bjørkesagi. Josef Bokkatun bygde uppgangssag i 1879 på Hòrald. Sonen David gjorde henne til sirkelsag. Anders K. Magnehaugane kjøpte seinare sagi. På bruk 2 sin eigedom i Odden har fyrr stått ei stampe.

--- side 207 ---

Offentlege forretningar.

Merkeskilsforretning mot Tverberg 1758, steiningsforretning 1791 i medhald åstaddom same år, skyldsetning 1839, semje 1878 med Osgjerd og Bø um steingard, utskifting 1886, overutskifting 1888, oreigning 1897 av Bømoen, gjerdeforretning 1903 mot Bømoen, jarnbanetakst 1900 og 1907, semjor med militæretaten um veg i 1906, i 1910 um skjotebane, og i 1916 um vassleiding over Magnehaugane. Utskiftingi i utmarki var halde 1921 og semje vart gjord 1923 um å lægja Bøløkjen. Ved utskifting 1886 og 1888 vart bruk 1, som fyrr låg saman med bruk 2, lagt på vestsida av Hylle.

Ymse.

I ei handskrivi skildring av Voss i Den Geografiske Opmaling er fortalt at på ei florstuft på Bokkatun vart i 1828 funne 10 armringar av sylv. Dei var laga av samansmelta stenger og skriv seg frå den yngre jarnalder. Det var ikkje gravfund, men ein nedgraven skatt. På bruk 2 er eit skriv frå Bergens Museum um det same med tillegg at der og var funne to sylvperlor og stykke av ei sylvkjede. I 1890 var gjort eit gravfund, to spyd og eit leirkar, frå ikring 500-talet.

Bumerke.

Bjarne 1714, 1717 tavle 5 nr. 78, noko brigda 1718, Arnfinn 1715 t. 5 nr. 79. Nils mange gonger 1719-1744 t. 5 nr. 80. Mons 1736, 1738 t. 5 nr. 81, noko brigda 1739, 1745. Knut 13 gonger 1750-1775 t. 5 nr. 82. Same bumerket brukte Torgeir 1769 og Olav Knutson 1782. Knut har 1777 teikna K B dregne saman som bumerke.