40. Brekku (i Gullfjordungen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 256 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Brekku eller Brekko (Brekkom). Det vert no sagt Brèkkù; han búr pao, è tao, ska tì Brèkkù. Det er same ordet som ei brekke (gn. brekka f. i genitiv, dativ og akkusativ brekku).

Brekku er førd upp som halv gard i 1661 med skyld 3 laup

--- side 257 ---

1 spann og tri brukarar. Der var vedaskog er det sagt. Det var tri partar på Brekku i 1723. Den fyrste er kalla Midtunet, og det var rudt sidan fyrste matrikkelen og teke frå Bauthus. Skyld 1 pund 12 mark. Der var ein brukar og korkje skog eller kvern. Garden var tungvinn med ring «fjelljord». Den andre parten var klokkarjord med skyld 1 pund 18 mark, og der var ikkje hus. Klokkaren brukte garden, som hadde ring «fjelljord». Der var heller ikkje skog eller kvern.

Den tridje parten hadde to brukarar og skyld 2 laup 2 pund. Det var knapt um vedaskog og ikkje humlagard eller kvern. Garden hadde medels god jord og var sers lettvinn. Der var ei kvern i 1776 og 1791, som var skattlagd 4 skill. Det vanlege elles var 2 skill. I matrikkelen 1838 er skyldi 3 laup 2 pund 6 mark og umskrivi til 7 dalar 2 ort 20 skill. Samanlikningstalet var då 1140. Der var lite vedaskog og vassfall berre på bruk 3.

Matrikkelen av 1865 fører upp 212/3 mål åker, 2 mål dyrka eng, 31 mål god, 83 mål medels natureng og 11 mål skrapebø. Hamnegangen var ring, og bruk 2 vanta sumarhamn. Der var vedaskog, men ikkje timber. Bruk 1 og 3 var lettvinne og dyrka som vanleg. Bruk 2 var medels lettvint og dyrka betre enn vanleg. Alle bruki var utsette for sviding og hadde ingen lunnar. I 1918 var det 21 mål åker, 10,5 mål kunsteng og 40 mål natureng.

Det budde 18 menneske på Brekku i 1801, 23 i 1865 og 22 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Brekku.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   15   14          
1723 2   20   24   25 ¼    
1865 3   23   54   52 ½ 43  
1918 3   18   40          

I diplom av 1324 (DN. I. nr. 178) er kunngjort at Torgeir på Tvilde og Sigrid, kona hans, vedgjekk at dei hadde fått betaling for ymse jordgods selt til Odd Oddson, m. a. 3 mmb. i Brekku. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte ½ laup i Brekku. To menn vitnar i brev av 1389 (DN. I. nr.

--- side 258 ---

512) at Thorgaut Ketilson på Lekve makabytte til seg garden Brekku frå Steingrim Haakonson på Flògo, som i staden fekk garden Bolstad. Eirik Thorfinson melder i brev av 1428 (DN. I. nr. 719) at han sel eit laupsbol i Brekku til Håvard Botolvson for 2 kyrlag. Den same Eirik makabytte 1428 (DN. I. nr. 720) 2 laupsbol i Brekku til brørne Håvard og Odd Botolvsøner mot 2 laupsbol i «Lakhusi» i Leiddal. Tri menn. kunngjer i brev av 1438 (DN. I. nr. 763) at Håvard Botolvson på si sotteseng etter testamente frå Odd, bror hans, gav til kyrkja og presten på Vangen for si sjel 1 laupsbol i Brekku og ymist anna jordgods.

Sjur budde på Brekku i 1521 og betalte 1 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. I 1563 bur Olaf der. Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 til kongen 2½ laup Finnegods i Brekku. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 1 såld korn og 1 pund smør i landskyld av eigedomen sin på Brekku. Gudbrand er fleire gonger skriven som brukar 1591-1614 og åtte 1 laup i garden. Knut og Nils var og brukarar i 1614. Nils er førd upp fleire gonger 1614-1636 og åtte 1629 1 spann. Han var fatig i 1635, og slapp betala «Pendingskat». I 1621 åtte Åsa Brekku 16 mark i Kinne, 16 mark i Århus og 2 mark i Bergstad. Mons Saude åtte 15 mark i Brekku og Arnbjørn Bryn med syskin 8 mark i Brekku.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen av Brekku var 1 spann smør og 1 kalvskinn og for Heggjavad 4 mark smør. Det er tilført, at jordi på Brekku var «temmelig god til avl». Hannibal Sehested kjøpte denne leidangen i 1649. Etter søknad frå sokneprest Henrik Miltzow vedtok kongen i 1636 at bøndene på Rekve, Brekku, Raustad, En, Rykke og ein gard til skulde skyssa presten til og frå anneksi og difor vera fri for onnor skyssplikt.

Hannibal Sehested åtte i 1650 2½ laup ¼ pund Finnegods i Brekku som han hadde kjøpt av kongen i 1648. På denne eigedomen var det 1 spann smør og 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar 1 ort i skatt, 3 ort 6 skill. i fornødspengar, 3 ort 6 skill. i arbeidspengar og 1 dalar 8 skill. i avgift til jordeigaren. Dessutan var det 4 skill. i leidang for Heggjavad. Erling var brukar. Sehested laut lata dette jordgodset att til kongen i 1651. Han selde so i 1657 til Gabriel Marselis. Torstein og Erling var då leiglen-

--- side 259 ---

dingar. I Skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte 2½ laup i Brekku.

Erling Knutson er ofte skriven som leiglending 1640-1664. Kona hans heitte Eli. Ei enkje er òg brukar i 1645 og Torstein Olavson i 1661 og 1664. Eigarane i 1661 var: Vangskyrkja ½ laup 6 mark, som klokkaren brukte, Finnegodset 2½ laup 1 pund, står det, men skal visst vera 2½ laup ½ pund, som det står seinare. Klas Miltzow åtte det i 1691 og Henrik Miltzow i 1695.

Matrikkelen 1723 har som eigarar: Henrik Miltzow 2 laup 2 pund, bispestolen ½ laup og Vangskyrkja 1 pund 18 mark som var klokkargard. Kongen selde dette i 1723 saman med kyrkja. I 1701 var det tri brukarar: Knut Erlingson, 45 år gl., som hadde butt der frå fyre 1691, Halldor Andersson, 50 år gl. og klokkaren Kasper Larsson Normann, 54 år med sonen Lars, 9 år. Knut Erlingson var g. m. Brita Eilivsdr., døydde 1711 og hadde to born: Arnbjørn, som 1711 var ute i kongen si teneste, og Eli f. 1685. Halldor bygsla i 1721 av Henrik Miltzow 1½ laup, var gift som enkjemann 1717 med Bothilde Andersdr. og hadde sønene: Anders f. 1717 og Viking f. 1720. Bothilde gifte seg att 1730 med Lars Bergeson Jerald. Han gifte seg andre venda 1739 med Marta Eiriksdr. Gjerstad. Lars døydde 1754, 51 år gl. Ho Marta gifte seg då 1755 med enkjemann Erling Rognaldson Jernes. Lars og Marta hadde tri born: Jon f. 1740, Knut f. 1745 og Jørgen f. 1747.

Etter Knut Erlingson kom Anders Åmundson som leiglending og deretter Mikkjel Andersson, som bygsla ½ laup i 1718 av bispen. Mikkjel døydde 1738, 57 år gl., var g. m. Gjertrud Andersdr., som levde etter han, og hadde fem born: Lars, Kristi f. 1714, Gudve f. 1715, Anders f. 1721 og Kristbjørg f. 1723. Mikkjel bygsla i 1726 klokkarparten i Brekku. Gudve gifte seg 1721 med Nils Bergeson Jerald. Kristbjørg var gift 1748 med Odd Knutson Brekku, umtala nedanfor. Lars Mikkjelson, gift 1743 med Jorunn Olavsdr., bygsla klokkarparten etter foreldri sine og døydde 1786, 74 år gl. Dei hadde ikkje born. Bård Eirikson Osgjerd bygsla i 1788 av bispen ½ laup og av Herman Fleischer 1 pund 18 mark. Framhald bruk 1.

Odd Torgeirson Hylle gifte seg 1711 med enkja Brita Eilivsdr. Brekku og døydde 1775, 94 år gl. utan born. Dei bygsla 1½ laup i Brekku 1711 av Kristense Stud. I 1749 sa Odd upp bygsli,

--- side 260 ---

fekk kår på garden, og Odd Knutson fekk då bygsla i staden. Han var gift 1748 med Kristbjørg Mikkjelsdr. Brekku og 1772 med Marta Steffadr. Bø. Odd døydde 1799, 77½ år gl. Med Kristbjørg hadde han 4 born: Mikkjel f. 1759, Gjertrud f. 1750 Kristi f. 1755 og Brita f. 1762. Med Marta hadde Odd dotteri Kristbjørg f. 1755, som i 1800 vart gift til Vetle Ringheim med enkjemann Knut Andersson. Mikkjel var gift 1791 med Kristi Andersdr. Ringheim. Gjertrud gifte seg 1792 med Knut Andersson «Broen». Odd Knutson fekk 1760 kongeskøyte på løysningsretten til 2 laup 2 pund 12 mark. I skøytet står at Gabriel Marselis hadde kjøpt dette jordgodset i 1657. Odd betalte 141 rd. 64 skill. for løysningsretten. Odd kjøpte 1723 2 laup 2 pund i garden for 413 riksdalar og 2 mark på auksjon etter Nils Gris Alstrup. Same året selde Odd 1 laup 12 mark til Mikkjel Johannesson Hornve for 324 riksdalar 48 skill. og hadde då att 1½ laup.

Mikkjel Johannesson var gift 1. med Anna Sjursdr. og 2. 1773 med Brita Knutsdr. Staup. Med Anna hadde han borni Herborg f. 1767 og Nils f. 1770. Med Brita hadde han dotteri Anna f. 1774. Mikkjel selde i 1780 til Eirik Torgeirson Ringheim 1 laup 12 mark. Framhald bruk 2.

Mikkjel Oddson, umtala ovanfor, som var g. m. Kristi Andersdr. Ringheim, fekk skøyte i 1783 frå Fleischer på 1 laup 1 pund 8 mark, som han må ha fått av Odd Knutson. Framhald bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Brekku. Lars Knutson Raustad bygsla dette bruket ikring 1790, var g. m. Anna Bjarnesdr. Røte og døydde 1830, 70 år gl. Lars var tambur. Det var 4 born etter dei: Knut f. 1791, Ragnhild f. 1793, Guro f. 1797 og Ingjerd f. 1808. Ragnhild var gift 1837 med Nils Andersson Ygre, Guro gifte seg med Knut Bjarneson Mølster og Ingjerd med Anders Nilsson Væte. Knut Larsson gifte seg 1811 med Ragnhild Knutsdr. Dolve, 1821 med Brita Tormodsdr. Gjerstad og 1838 med Anna Sjursdr. Giljarhus. Knut budde fyrst ei tid på Dolve, bygsla so 1830 bruk 1 i Brekku og hadde med Ragnhild sønene Lars f. 1811, og Knut f. 1815. Lars vart buande i Bergen, og Knut vart husmann på Monsbakken, Rekve. Då han gjekk for presten i 1831 og det vart orskilt, laut Knut gå heim att. Faren

--- side 261 ---

skulda då presten Münster for at han tok stikkpengar av konfirmantane. For dette stemnde Münster faren, som laut ta attende skuldingane og betala kostnaden, 9 spd. 108 skill.

Nils A. Ygre bygsla bruket i 1839. Han var ei tid lensmannsdreng, var med i krigen mot Sverike og døydde 1865, 77 år gamal. Enkja etter Nils fekk i 1860 kongeskøyte på bispestolen sin part for 160 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 22/3 fjerdingkar bygg. Knut Sveinson Ullestad kjøpte i 1865 kyrkja sin part for 300 spd. og Ragnhild sin part for 211 spd. 92 skill. med kår til henne. Knut let i 1868 ein part til bruk 2 og selde i 1869 bruk 1 til Olav Olavson Gjerme for 600 spd. Dotteri Marta f. 1852 fekk garden i 1891 for 400 kronor. Ho gifte seg 1908 med enkjemann Arnfinn Eirikson Rekve. På fleire utstellingar har ho fått premie for einskjefte. Marta selde garden til Johannes Davidson Vivås, som no bur der. Han er f. 1880 og g. m. Ingjerd Andersdr. Hegle.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 40, lnr. 90 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 1 ort 12 skill. Herfrå gjekk for den parten som i 1868 vart seld til bruk 2 urevidert skyld 1 ort 6 skill., og revidert 21 skill. Den nye skyldi er mark 1,64.

Bruk 2. Brekku. Eirik Torgeirson Ringheim kjøpte som fyrr nemnt dette bruket i 1780. Han var f. 1744, gifte seg 1771 med Åsa Guskalksdr. Brekku og døydde 1828. Han skulde vera større og sterkare enn folk flest. I si tid tenestgjorde han ved livgarden åt kongen i Kjøpenhamn. Det er fortalt at då han hadde tent i 12 år og kom heim att vetla jolafta til Vangen, skulde han sjølvsagt inn på Skrompestova. Han var då i full mundur. Mange vilde helsa og spandera på denne stramme kongskaren. Det vart mykje drukke og tilslutt slagsmål. Eirik jagde då alle på dør og «rudde Skrompen» som dei kalla det. Store ord gjekk det um slike som greidde det. Då den siste fór ut gjenom døri, hogg Eirik sabelen sin i beiteskia. Dette hogget synte so lenge huset stod. Eirik let etter seg tri born: Lars, Torgeir, Brita. Brita var f. 1778, g. m. Torgeir Sjurson Hornve.

Torgeir Eirikson fekk farsgarden 1810, men let han 1811 til Lars, bror sin, som døydde ugift 1816, 40 år gl. Far hans fekk då att garden og skøytte han 1820 endå ein gong til Torgeir son sin. Torgeir gifte seg 1822 med Ragnhild Bjarnesdr. Mølster og døydde 1848, 74 år gl. Dei hadde borni: Eli f. ikring 1820, Brita f. 1823, Eirik f. 1825 og Bjarne («Store-Bjedne») f. 1828.

--- side 262 ---

Ho Eli gifte seg 1857 med enkjemann Torstein Person Vassenden. Eirik var gift 1849 med Herborg Torgeirsdr. Gjukastein og døydde 1904. Eirik fekk skøyte frå far sin på garden i 1847 for 450 spd. og kjøpte i 1868 ein part av bruk 1. Eirik har fortalt at då han var i utskrivingsalderen, let faren han få eit rjomebytte og sa han skulde gå til kapteinen og gjeva det til han. Eirik so gjorde, og han vart ikkje soldat. Eirik var ein velvaksen og før kar.

Det var to born etter Eirik og Herborg: Ragnhild f. 1850 og Torgeir f. 1852. Han var gift 1874 med Ingerid Olavsdr. Ulven og hadde farsgarden. Torgeir døydde 1883 og let etter seg fire born: Eirik f. 1875, Olav f. 1877, Ingebjørg f. 1880 og Lars f. 1882. Eirik fekk i 1891 skøyte frå godfaren på garden for 2000 kronor og selde han 1893 til Eirik Aslakson Flatekvål for 5200 kronor. Han var f. 1842 og g. m. Anna Nilsdr. Fitjo. Då han reiste til Amerika, kjøpte Jakob Mikkjelson frå Lindås garden. Han er f. 1867 og g. m. Anna Nilsdr.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 40, lnr. 92 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 23 skill., revidert 2 dalar 4 skill. I 1855 vart bruk 4 skilt frå bruk 2. Eirik T. Brekku kjøpte i 1868 av bruk 1 ein part med skyld 1 ort 6 skill. som vart lagt til bruk 2. Den nye skyldi på bruk 2 er deretter mark 3,10.

Bruk 3. Brekku. Mikkjel Oddson fekk som ovanfor fortalt dette bruket i 1783. Han døydde 1813. Av borni vart berre Anders gift. Han var f. 1794, g. 1821 med Ingerid Davidsdr. Hylle og døydde same året, 27 år gl. utan etterkomarar. Anders hadde fått garden hjå mor si i 1815. Då han døydde, fekk Odd, bror hans, garden, men døydde ugift 1825, 19 år gl. og lensmann Ringheim kjøpte då garden. Bruket vart so selt i 1829 på auksjon til Knut Bjarneson Mølster. Han var gift 1825 med Guro Larsdr. Brekku, var vaksinatør, vart 1796 frigjeven frå militærtenesta og teken til skulehaldar i 1. krins (Kolle-Flatekvål). Krinsen vart seinare minka noko. Knut slutta 1841 og var sers velleten. Bisp Pavels skreiv um han i dagboki si 1820-22, at han var «av temmelig plumpt udseende, en saare flink karl». Stemnevitne var han frå 1813 til 1829. Knut og Guro hadde fire born: Bjarne f. 1825, Anna f. 1827, Lars f. 1830, Brita f. 1833. Anna gifte seg med Anders Larsson Tren, gardfolk på Hovda. Lars, g. m. Kristi Knutsdr. Nedkvitno, var

--- side 263 ---

skulemeister på Voss og seinare i Amerika, Brita var g. m. Olav Larsson Finnesteigen, farmar i Amerika.

Bjarne Knutson gifte seg 1853 med Margreta Knutsdr. Raustad, fekk garden ved skifte etter far sin i 1841 og døydde 1909. To born: Knut f. 1854 og Ingjerd f. 1858. Knut var gift 1878 med Brita Nilsdr. Afdal, fekk garden i 1889 for 1000 kronor, og døydde 1900. Dei hadde mange born. Knut dyrka upp mest heile garden på kort tid og hadde visst den finaste buskapen på Voss. Han var medlem i styret for sokneselskapet og arbeidde mykje for fremjing av jorddyrking og betring av feslagi i bygdi. Ho Ingjerd systri var gift 1887 med Olav Person Berge. Dei kjøpte garden i 1899 for 9500 kronor. Olav Berge er sers kunnande med ymse slag arbeid, har fleire arbeidsmaskinor med elektrisk drift og er ein framifrå felespelar. Olav og Ingjerd har tri born: Per, Marta f. 1897 og Bjarne f. 1891. Per er f. 1887 fekk garden i 1930 for 10 000 kronor og er g. m. Borghild Emilie Lid. Han er ein uvanleg god felespelar, har halde konsertar med upplesing mange stader i landet og har fått mykje ros i bladi for det.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 40, lnr. 91 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 2 dalar 2 ort 19 skill. Ny skyld mark 3,73.

Bruk 4. Kviting. Denne stølsparten var seld i 1839 av Torgeir Eirikson til Steffa Jonson Yksnabjørg og utskilt frå bruk 2 i 1855. Steffa selde stølen 1857 til Svein Ivarson Lydvo, som selde att 1861 til Lars Nilsson Yksnabjørg. Han selde so 1877 til Nils Olavson Elje, som let stølen i 1892 til Olav, son sin. Olav Knutson Uppheim kjøpte stølen i 1911. Han let stølen att 1932 til Martin, son sin, saman med bruk 2 Uppheim. Skyldi var 12 skill. Ny skyld 12 øre.

Støl.

Bruk 1 har vårflor i bøjagarden og hadde fyrr sumarsstøl på Valberg, men han er no nedlagd. Bruk 2 har vårstøl på Heggjavad og sumarsstøl på Kinnarbakken, kjøpt saman med støl åt bruk 2 Lydvo. Bruk 3 har vårstøl på Heggjavad og sumarsstøl på Kviting.

Offentlege forretningar.

Sak mot Finne i 1732 um stølen Heggjavad og 1733 um støl, beite og eit slåttetrede, 1747 sak mot Mølster og fleire um stølen Valberg, 1773 sak mot Gjerstad, 1777 forretning um merke, 1795 åstadsak mot Dolve, 1821 takstforretning, 1854 sak um Kvitingstølen, utskifting 1884-85, forretning um merki mot Raustad 1903 og semje um veg 1915. I 1738 brann husi på Brekku. Berre ein flor og ei lode stod att.

--- side 264 ---

Bumerke.

Odd 1713-1749 tavle 2 nr. 91. Odd Torgeirson. 1752-1755 same merke, men 1763 t. 1 nr. 45. Dette merket brukte Odd Knutson òg i 1790. Lars 1732, 1736 t. 2 nr. 92 og med noko brigde i 1743. I 1763 er det ein L og B samandregne. Mikkjel Johannesson 1784 t. 2 nr. 93. Isak 1733 t. 2 nr. 94. Jon 1736 t. 2 nr. 95. Lars 1754 t. 2 nr. 96. I 1755 er det B og M samandregne. Erling 1761 t. 2 nr. 98. Olav 1767 t. 2 nr. 98. I 1767 brukte han O og K samandregne. Eirik 1774 t 2. nr. 99. Eirik Torgeirson 1782, 1790 det same merket.