142. Brekku (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 395 ---

Namnet vert i 1611 skrive Brecke. Det vert no sagt Brèkkù2 (út í Dalè); han búr pao, è tao, ska tì Brèkkù. Namnet er same ordet som ei brekke, gn. brekka f. (genitiv, dativ og akkusativ brekku).

Landkommisjonen skriv 1661 at det var ein brukar på Brekku og skyldi var 1 laup 9 mark. Det er ført upp likeins i matrikkelen 1723. Vidare heiter det då at der var nok brennefang og litt skog til husvøling. Garden var tungbrukt og det var misleg med kornavlen. Skyldi var likeins 1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. Samanlikningstalet var 700. Der var då noko fureskog, nok vedaskog, never til sal og vassfall.

Matrikkelen 1865 har ført upp 261/3 mål åker, 14/5 mål dyrka eng, 44½ mål god, 18 mål medels natureng og 35 ½ mål skrapebø. 5 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels, skog til eige bruk, men ikkje noko til sal. Bruk 2 var lettbrukt, men bruk 1 og 7 tungbrukte. Bruk 1 og 2 var dyrka som vanleg, men bruk 7 var mindre godt dyrka. Kornet fraus sume tider og for bruk 7 er dessutan sagt at ofte vart kornet

--- side 396 ---

ikkje moge. I 1918 var der 18,9 mål åker, 6 mål kunsteng og 57 mål natureng.

Folketalet på Brekku var 22 i 1801, 30 i 1865 og 56 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Brekku.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   13          
1723 1   12   12   6      
1865 3   29   51   51 2/3 51  
1918 5   15   41          

Viking er fyrste brukaren på Brekku som me veit namn på. Han budde der 1591 og 1611. Ketil var øydegardsmann 1611 og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Jakob var øydegardmann 1614 og Sjur 1621. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 6 mark smør og 1 kalvskinn og Sjur var brukar. I 1635 heiter det at brukaren av 3 spann var so arm at han slapp betala garnisonsskatt. Olav Bårdson, g. m. Guri budde der 1645 og hadde tenestdrengen Mikkjel.

F. Broderson let noko i Brekku 1649 ved makebyte med kongen. Broderson åtte 1652 1 pund 21 mark, og ei enkje var leiglending. Skatten vart ettergjeven av di ho var so fatig. Olav var leiglending 1655. Munkeliv åtte Brekku 1659 og 1661. Mons Sjurson var leiglending 1657-1664 og truleg lenger. Levor var leiglending 1672 og 1679. Skyldi er førd upp med 1 laup 9 mark 1659, 1661 og 1695. H. Garmann har 1662 fått kongeskøyte på Munkeliv sin eigedom i Brekku og selde att til Klas Miltzow. Han var og eigar av Brekku 1676 og 1691 og Ingjerd, enkja hans, i 1695.

Brekku var innblanda i den store skogsaki i 1670-80-åri mot Klas Miltzow og i domen vart fastsett at Klas skulde avstå Brekku til kongen for 100 rd. Dette ser ikkje ut til å ha vorte gjenomført. Under saki prøvde Klas på å få det til at Mjølbot'n og Vesete hadde høyrt under Brekku, som han åtte, men det vart vitna at båe eigedomane hadde høyrt til Almenningen og vore kongen sin eigedom. Vidare er upplyst at lensmann Olav Saude åtte Brekku i 1633. Han hadde fortalt at forfedrane hans hadde ått garden. Seinare i domen står at Olav Grøve

--- side 397 ---

hadde sagt at far hans, Lasse Grøve (fødd på ein gard tett ved Brekku), hadde fortalt at han skulde gifta seg med dotter åt Mons Larsson, som var odelsmann på Brekku og at Mons hadde tilbode Lasse garden Brekku. Levor Brekku var spurd i retten 1679 kven som åtte det saltet han selde. Levor svarde, at det var Klas Miltzow, husbonden hans. Då skogsaki var fyre i 1669 vitna Erling Brekkehagen at han hadde hogge fire og ei halv tylvt sagtimber i Almenningen, og Torstein Brekkehagen vitna at han hadde hogge 7 tylvter.


Brekku i Raundalen
Bilete 50. Brekku i Raundalen. Fot. P. Braaten 1936.

Olav Larsson var leiglending 1691 og 1695. Han var f. 1651, gift fyrst med Kristi Persdr., som døydde 1707, og andre gongen med Jorunn Brynjulvsdr. Det er fortalt at då ho var død og dei reiste på Vangen i gravferd, overnatta dei på Vinjo. Borni hans sutra og gret for dei hadde mist mor si. «Å gråt ikkje born,» sa Olav, «eg kann vel skaffa dykk ei mor i staden. Kva segja de, um eg spyr den gamla hurpo som sit der burte i benken.» Då dei um kvelden kom frå Vangen til Vinjo att, tala Olav med den gamle hurpa og fekk halvt um halvt ja. Seinare kom ho på andre tankar, men han Magne, far hennar, sa at det som

--- side 398 ---

var lovt skulde stå, og gifte vart dei, segjest det. Eg har ikkje funne noko i kyrkjebøkene um at Olav var gift tri gonger, men difor kann det godt vera so.

Olav skulde ætta frå Villandætti i Hallingdal og vera fødd på Brekku. Han var ikkje so lite over tri alner høg, uvanleg førlema og svær og hadde kjempekrefter. Vanleg kalla dei han Store-Brekken eller Sterke-Brekken. Ei mengd forteljingar er der um hans umåtelege krefter. Han åt for fleire, men kunde og vera utan mat eit par døger når det høvde so. Ein gong han skulde på Vassenden i Granvin for å kjøpa korn og var komen til Klyvshuset, sette han seg ned for å smaka på nista, og slutta ikkje fyrr ho var gått i han. Reiste so på Vassenden kjøpte ei tunne korn som han bar på ryggen heim til Brekku og smakte ikkje meir mat fyrr han kom heim. Olav dreiv ei tid med krøterhandel.

Ho Kristi døydde 1707 og skifte etter Olav var halde 1725. Jordgodset var då verdsett 86 rd. Olav hadde med Kristi fem born og med Jorunn fem: Kari f. 1691, g. m. Lars Knutson Brekku, Lars f. 1693, Brita f. 1696, Sigrid f. 1698, g. m. husmann Jakob Sveinson Brekku, Synneva f. 1700, død ugift 1741, Kristi f. 1709 og Marta f. 1711, Brynjulv f. 1713, Eirik f. 1716, Alv f. 1718.

Eldste sonen Lars Olavson fekk 17 mark av farsgarden som han selde 1726 til verbroren, Lars Knutson, nemnd ovanfor, for 18 rd. og budde 1741 i Lærdal. Lars Knutson kjøpte vidare 34½ mark av ervingane ved skifte 1725 etter verfaren. Lars var f. 1686, døydde 1763 og Kari kona hans døydde 1740. Dei hadde sju born: Knut, Torkjel som budde på Tverberg 1763, Mikkjel f. 1723, Olav f. 1729, Per som var soldat i Kjøbenhavn 1763, Anna g. 1753 m. Eirik Tunshelle i Aurland og Kristi, g. 1757 m. Olav Åmundson Skutle. Lars skifte garden millom sønene Knut og Mikkjel.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Brekku. Mikkjel Larsson f. 1723, nemnd ovanfor, fekk 1751 skøyte frå far sin på 27 mark på Brekku som vart bruk 1. Mikkjel gifte seg 1750 m. Marta Knutsdr. Voll og døydde 1814. Ved skifte 1791 etter Marta er ført upp fem born: Knut, Kari f. 1750 død ugift, Brita f. 1752 var ugift 1791,

--- side 399 ---

Olav f. 1757, sjå under husmenn, Bjarne f. 1762, g. 1790 m. Elisabet Olavsdr. Skiple.

Knut Mikkjelson f. 1753 gifte seg 1786 m. Brita Knutsdr. Vetla Hegg f. 1758 og fekk 1781 skøyte frå far sin på bruk 1. Brita døydde 1825 og Knut 1838. Ved skifte etter henne er garden taksta 350 spd. og skogen 50 spd. Bruttomidelen var 554 spd. Fire born: Marta d. e. f. 1790, Marta d. y. f. 1793, g. 1814 m. Brynjulv Torleivson på Heimberde, Anna f. 1797 og Synneva f. 1800, g. 1826 m. Askjel Herlaugson Øvsthus, leiglending på Øvsthus.

Marta Knutsdr. d. e. f. 1790 vart gift 1814 m. Trond Håkonson Reime. Dei fekk farsgarden hennar ved skifte 1825 etter mor hennar og ved skøyte 1826 frå far hennar. Trond bytte 1857 m. Lars Eilivson uti bruk 5 Skiple. Han selde att 1862 til Johannes Olavson Skiple. Johannes var f. 1820, g. 1845 m. Ingerid Larsdr. Nesheim, Granvin, døydde 1905 og hadde sju born: Lars f. 1845, Sigrid f. 1847, død 1873, Ragna f. 1851, g. 1881 m. Endre Torgeirson Brekku, sjå bruk 5, Kari f. 1854, Herborg g. 1882 m. Ivar Eilivson Øvsthus, Olav f. 1859, Brita f. 1862, g. 1891 m. Hans Arneson på Skiple. Olav gifte seg med Gjertrud Hansdr. og dei hadde so garden. Deira son Johannes fekk i 1896 skøyte frå bestefaren for 2400 kronor. Johannes er f. 1892 og g. m. Ingebjørg Olavsdr. Skjerve.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 143, lnr. 284 med gamal skyld 27 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort. Ny skyld mark 2,49 etter at bruk 26 var skilt frå.

Bruk 2. Brekku. Knut Larsson f. 1712, g. 1737 m. Ingjerd Olavsdr. frå Aurland f. 1710, fekk skøyte frå far sin 1743 på 2 pund 6 mark av Brekku. Ingjerd døydde 1774 og Knut 1794 og hadde fire born: Olav, Lars f. 1739, g. 1773 m. Barbrå Monsdr. Svanga, Knut f. 1748, g. 1725 m. enkja Ingebjørg Pålsdr. Vålo, fødd Spildo. 1736, og Kari f. 1750.

Olav Knutson var f. 1738 og g. 1. 1762 m. Brita Olavsdr. Store Hegg, 2. 1785 m. Gudve Rasmusdr. Vinjo f. 1740 og 3. 1790 m. Anna Tomasdr. Skutle f. 1742. Olav fekk skøyte frå faren 1767 og 1775 på bruk 1. Ho Brita døydde 1785 47 år gl. og Olav 1821. Han hadde sju born med henne og ikkje nokon med dei andre to konene: Knut f. 1765, Lars f. 1768, som 1821 var på Simodal i Eidfjord, Svein f. 1771 var 1821 på Augunset i Hallingdal, Ingjerd f. 1774, g. 1799 m. Olav Larsson Eggjareid,

--- side 400 ---

på Kolvu i 1821, Guttorm f. 1776 budde 1821 på Lilleås, Kvam, Hardanger, Magli f. 1779, g. 1815 m. Knut Kolbeinson Midberde.

Knut Olavson f. 1762, g. 1797 m. Mål Torsteinsdr. Kyte f. 1770 fekk skøyte 1795 på 27 mark av bruk 2. Han døydde 1816 og ho 1832. Ved skifte etter han åtte buet heile bruk 2 som var taksta 600 spd. Bruttomidelen var 810 rd. Fire born: Torstein f. 1800, Olav f. 1803, Anders f. 1807, g. 1837 m. enkja Kari Olavsdr. Hegle og budde på Hegle, Brita f. 1810, død ugift. Torstein fekk 1820 skøyte frå syskini sine på 3339/100 mark. Det vart utskilt som bruk 7.

Olav Knutson f. 1803, g. 1827 m. Marta Knutsdr. Store Grovu f. 1800, fekk skøyte 1825 frå mor si på 2061/100 mark. Han døydde 1866 og ho 1885. Det var to born etter dei: Ingjerd f. 1828 og Knut f. 1833. Han gifte seg 1861 m. Ingebjørg Hansdr. Heimberde og fekk gard på Store Grovu. Ingjerd vart gift 1856 m. Asle Davidson Reime f. 1824. Dei fekk skøyte 1871 frå mor hennar på bruk 2 for 200 spd. Asle døydde 1897 og hadde fire born: Olav, Marta f. 1856, g. 1883 m. Brynjulv Olavson Reime f. 1859, gardmann på Eggjareid, Synneva f. 1858, g. 1881 m. Sjur Arnfinnson Sygnaberde f. 1852, Brita f. 1862, død ugift.

Olav Asleson var f. 1866, g. m. Ingebjørg Torisdr. og fekk skøyte frå far sin på garden for 1800 kronor. Olav døydde 1909 og Ingebjørg skøytte garden 1911 til dotteri Ingjerd f. 1890 og mannen hennar Olav Brynjulvson for 1500 kronor. Han var f. 1884 og er skriven for Eggjareid då dei gifte seg 1907.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 143, lnr. 285 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 4 skill., revidert 1 dalar 10 skill. Ny skyld mark 1,55 etter at bruk 24 er skilt frå.

Bruk 3. Brekku. Skilt frå bruk 7 i 1862 med skyld mark 1,07 fyrr bruk 6 var skilt frå. Sjur Askjelson Øvsthus kjøpte då bruket. Han var f. 1824, g. 1861 m. Guro Gjertsdr. Almenningen og hadde borni Askjel, Anna og Ingjerd. Askjel var fødd 1862 og fekk bruket 1869 og selde att 1870 til Gusskalk Larsson Veka på Skutle. Han var f. 1830 og g. m. Kari Herbrandsdr. Takla. Sjå meir um dei på Øvre Klyve. Gusskalk selde att 1881 til Per August Ekros for 1720 kronor. Han var f. i Örebro 1838, g. m. Ingeleiv Nilsdr. og døydde 1909. Ekros

--- side 401 ---

hadde bakeri og landhandel. Sonen Johannes har no garden, er f. 1878 og g. m. Anna Jensdr. Øvsthus f. 1882.

Bruk 4. Brekku. Utskilt frå bruk 3 i 1877 med skyld 5 øre og selt til Eirik Erlingson Bø. Han selde att 1896 til Martin Person Kaland, som atter selde 1918 til fru Ågot Torp. Ho selde so 1931 til Ivar Larsson Kvarakvål for 2700 kronor. Han er f. 1905, og g. m. Brita Eilivsdr. Øvsthus f. 1910.

Bruk 5. Brekku. Skilt frå bruk 3 i 1875 med skyld mark 1,12 og selt til Endre Torgeirson Heimberde for 400 spd. Han var f. 1850, g. 1881 m. Ragna Johannesdr. Skiple, som var f. 1851 og døydde 1884. Endre selde bruket 1912 til Emanuel Søgård for 3000 kronor. Han selde att 1915 til Klas Anthonisen for 5000 kronor. Disponent Chr. B. Torp kjøpte 1918 bruk 5, 7 og 9 for 37 500 kronor og selde att 1931 bruk 5, 7, 15 og 21 til Ivar Larsson Kvarakvål for 500 kronor.

Bruk 6. Brekku. Utskilt frå bruk 3 i 1871 med skyld 10 øre og selt til Kolbein Larsson Midberde og Per Hansson Heimberde. Han selde sin part 1884 til sonen Hans, som atter selde 1916 til Per, son sin.

Bruk 7. Brekku. Skilt frå bruk 2 i 1826 med gamal skyld 3339/100 mark. Den nye skyldi er 8 øre etter at bruk 3 var skilt frå i 1862. Som umtala på bruk 2, fekk Torstein Knutson skøyte 1820 på bruk 7. Han var f. 1800, g. 1825 m. Ragnhild Olavsdr. Kvåle f. 1806. Då han på sine gamle dagar hadde arbeidskår, brydde han seg ikkje med å låna hest, men drog sjølv gjødsli ut på marki og veden heim or skogen. Torstein døydde 1873, Ragnhild 1876 og dei hadde sju born: Knut f. 1825, Marta f. 1826, g. 1856 m. Olav Herlaugson Øvsthus d. y., Ingjerd f. 1830, g. 1867 m. ekm. Olav Herlaugson Øvsthus d. e., Ragnhild f. 1833, g. 1858 m. Tormod Ivarson Lekve, skriven for Norheim 1873, Brita f. 1836, Nils f. 1839, Olav f. 1842, sjå under husmenn. Nils,. Knut og Brita reiste til Amerika.

Torstein selde garden 1846 til Anders Jonson Lid som selde att 1845 til Torgis Magneson Reime. Erlend Jonson Lindberg kjøpte so 1853 og let att 1897 til dotteri Olina, som selde 1911 til meklar Klas Anthonisen for 1000 kronor. Disponent Chr. B. Torp kjøpte eigedomen 1918 og selde att 1931 til Ivar Larsson Kvarakvål.

Bruk 8. Birkelund. Skilt frå bruk 2 i 1897 med skyld 2 øre og selt til Per Monsson Ekeberg. Ved skiftet etter han

--- side 402 ---

fekk sonen Martin Kaland eigedomen, som han selde 1918 til fru Ågot Torp for 5000 kronor. Ho selde so 1931 til Ivar Ivarsson Kvarakvål.

Bruk 9. Fossheim. Skilt frå bruk 1 i 1900 med skyld 1 øre og selt på auksjon til Nils Person Brekku med husi for 1725 kr. Han selde att 1916 til Klas Anthonisen for 3750 kronor. Disponent Chr. B. Torp kjøpte eigedomen saman med fleire bruk i 1918 og selde 1919 til enkjefru H. T. Hansen for 13 500 kronor. Ho selde 1922 til Halfdan Pedersen for 7000 kronor.

Bruk 10. Vonheim. Utskilt frå bruk 3 i 1903 med skyld 2 øre. Eigar: Per Ekros.

Bruk 11. Småbrekku. Skilt ut frå bruk 5 i 1903 med skyld 1 øre og late til Anna Maria Persdr. Ekros i 1916. Ho selde til Nils Person Brekku for 1000 kronor.

Bruk 12. Fossli. Utskilt frå bruk 5 i 1903 med skyld 1 øre. Eigar: Per Ekros.

Bruk 13. Handeland. Skilt ut frå bruk 1 i 1904 med skyld 6 øre og selt til Maria Persdr. Sjo. Henrik Erlingson Fære kjøpte eigedomen på auksjon 1911 for 620 kronor og selde 1917 for 1800 kronor til fru Ågot Torp, som i 1931 selde att til Ivar L. Kvarakvål.

Bruk 14. Lyngheim. Utskilt frå bruk 2 i 1908 med skyld 2 øre og selt for 300 kronor til Torstein Olavson Brekku, som selde 1909 til professor C. F. Kolderup, Bergen, for 3800 kronor.

Bruk 15. Handeland. Skilt ut frå bruk 1 i 1919 med skyld 2 øre og selt til disponent Chr. B. Torp for 800 kronor, som selde att 1931 til Ivar L. Kvarakvål.

Bruk 16. Birkelund. Skilt frå bruk 4 i 1919 med skyld 2 øre og selt til Johan A. Hauge for 8000 kronor.

Bruk 17. Brekkemo. Utskilt frå bruk 1 med skyld 1 øre. Knut Asleson Øvsthus kjøpte det 1919 for 1000 kronor.

Bruk 18. Heggheim. Skilt frå bruk 1 i 1921. Skyld 1 øre. Eigar: Olav Olavson Hegg.

Bruk 19. Lyngheim. Skilt ut frå bruk 5 i 1921-22. Skyld 2 øre. Eigar: Professor C. F. Kolderup, Bergen.

Bruk 20. Slåtta. Skilt frå bruk 4 i 1928 med skyld 2 øre. Eigarar: M. Hauge, A. Seterdal, M. Olsen og O. Tornquist.

Bruk 21. Teigane. Utskilt frå bruk 5 i 1930. Skyld 80 øre. Eigar Ivar L. Kvarakvål.

--- side 403 ---

Bruk 22. Fredheim. Skyld 2 øre. Utskilt 1933 frå bruk 21 og selt til Andreas Havre.

Bruk 23. Bergheim. Skyld 6 øre. Skilt ut frå bruk 21 i 1934 og selt til Per Nilsson Brekku.

Bruk 24. Bjørkely. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1934 og selt til Karl Hansson.

Bruk 25. Kalvatræe. Skyld 1 øre. Skilt 1935 frå bruk 21 og selt til Inger Torp Sæbø og Georg Torp.

Bruk 26. Moen. Skyld 2 øre. Utskilt 1926 frå bruk 1 og selt til Karl Brekku.

Bruk 27. Bjørkheim. Skyld 4 øre. Skilt ut frå bruk 21. Ivar L. Kvarakvål er eigar.

Husmenn.

Olav Mikkjelson f. 1757, nemnd på bruk 1, var g. m. Johanna Ulriksdr. og budde på eine plasset på Brekkestødl'n. På tinget 1813 er upplyst at dei då hadde brukt plasset 16-17 år. I 1828 døydde husmannskona Ingebjørg Torbjørnsdr. 57 år gl. Torgils Sverkveson hadde plasset Brekkuna og døydde 1849, 67 år gl. Knut Håkonson g. m. Marta Levorsdr. hadde eine plasset Brekkestødl'n. Dei fekk 1845 sonen Asle og 1848 sonen Nils. Både Knut og Marta døydde 1856, han 38 og ho 49 år gamle. Anders Brynjulvson Øvsthus f. 1790 var g. m. Brita Vidme frå Flåm og døydde 1863. Dei hadde plasset Haugen som er ovanfor det andre plasset Haugen.

Husmannskona Sigrid Hallsteinsdr. døydde 1863, 82 år gl. Hallstein Nilsson, g. m. Anna Taraldsdr. fekk sonen Lars 1865. Knut Kolbeinson g. m. Magli Olavsdr. budde på eine plasset Brekkestødl'n. Ho døydde 1843, 64 år gl. og han 1871, 88 år gl. Dotteri Brita f. 1815 styrde huset for faren i 1860-åri. Olav Torsteinson f. 1842, sjå bruk 2, var g. 1865 m. Ingebjørg Larsdr. Hagen (frå Tunshelle, Aurland) og døydde 1881. Dei hadde plasset Haugen straks ovanfor gardshusi og fekk borni: Johannes f. 1868, Torstein f. 1871, Lars f. 1873, Olav f. 1877 og Ragnhild f. 1879. Nils Gudleikson Veka f. 1845, døydde 1904.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden i 1723 står det i matrikkelen. Brekku har støl saman med Øvsthus på Brekkestødl'n som ligg ovanfor desse gardane.

--- side 404 ---

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. Bruk 1 og 2 har havt kvar si kvern i Brekkeelvæ. Den fyrste er no heilt burte og den andre er til nedfalls.

Offentlege forretningar.

Styremaktene førde sak mot Klas Miltzow i 1677, der Brekku og er umtala. Steiningsforretning er halde 1796, jarnbanetakst 1896 og 1900, semje 1907 med jarnbanen um veg til Reimegrend stasjon og 1909 um sal av noko jord, utskifting 1917.

Ymse.

Då han Magli-Knut ein gong var forkjøla, korn det seg av, sa han, at han for so gale med at han gjekk ut utan å bera stål på seg. Det hadde hjelpt um det ikkje hadde vore anna enn ein syl. Ho Gamla-Marta Brekku sa at det var stor synd å snu seg mot nord når ein vaska seg. Sundagsklypte neglo å noratvægje haor, du synda ikkje so mykje i tusen aor, sa ho. Huldahole i Huldanutane er pålag ½ times gonge ovanfor Brekkestødl'n. Ytst er holet ikring 90 cm. høgt, men er høgre lenger inne so ein kann stå umlag uppreist. 3 meter inne er holet berre 30 cm. i tverrmål. I ei to høgre uppe i berget er eit hol pålag 50 cm. i tverrmål som går på skrå nedover.

Han Tora-Lars reiste ein gong inn i Huldahole, er det fortalt, og kom ut att ei tid etter i Grytebot'n ovanfor Grytestødl'n. På vegen hadde han då vore i sju brudlaup hjå huldafolki. Ho Hauga-Brita, kona åt husmannen Anders Brynjulvson, var budeie på Brekkestødl'n. Ein gong kom det ei fin blå kyr og vilde inn i floren, ho Brita jaga kyri burt, men ho kom att. Då høyrde Brita at det ropte burte i ein haug: Kom Fløyma, kom Fløyma, Skjete hadde ikkje vet til å gøyma, og dermed vart kyri burte.

Bumerke.

Lars 1736 tavle 4 nr. 92, Knut 1738, 1758 t. 6 nr. 68. I 1767-1776 er merket mykje brigda på tri måtar. Mikkel 1752, 1770 t. 6. nr. 69.