163. Brurestolen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 527 ---

Namnet vert 1723 skrive Brudestohlen. Det vert no sagt Brúrastól'n2 eller oftast berre Stól'n1; han búr (fram) í, è ór Stólè, ska í Stól'n. Garden er kalla upp etter ein stein der ovanfor husi. Segni segjer Fenna-bruri kvilde seg der. Same namnet finst fleire andre stader i bygdi.

Matrikkelen 1723 melder um Brurestolen at det var ein ring husmannsplass under Opeland som dei for mange år sidan var byrja å rydja, og han vart no lagd 6 mark i skyld. Denne skyldi er umskrivi 1838 til 1 dalar 1 ort. Samanlikningstalet var 180. I matrikkelen 1865 er ført upp 5 mål åker, 4 mål god, 3 mål medels natureng og 25 mål skrapebø. Sumarhamn vantar, Vårhamni var ring, og skog var der til husbruk. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 7,1 mål åker, 3 mål kunsteng og 17 mål natureng.

Det budde 7 menneske på Brurestolen i 1801, 6 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Brurestolen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     3       1 ½    
1865 1   5   13   11 ½ 7  
1918 1   6   18          

Mikkjel Opeland åtte Brurestolen i 1723. Hollgeir Monsson Kvarakvål er fyrste husmannen me veit um. Han fekk 1730 sonen Mons med Åsa Andersdr. Grytestølen. Um ho vart gift med Hollgeir, veit me ikkje. Han hadde seinare sønene: Johannes, g. 1762 m. enkja Dønåt Gitlesdr. Berde, og Mons f. 1743. Johannes budde ei tid på Stuarjo. Lars Trondson f. 1726, g. m. Brita Sveinsdr. budde der eit par år til han døydde 1748 og fekk same året sonen Trond. Brita hadde plasset ei tid og døydde 1798, 84 år gl.

Johannes Henrikson kjøpte 1753 Brurestolen av Mikkjel, bror sin. Johannes var f. 1714, g. 1. m. Gjertrud Steffadr. Skjerve, 2. 1790 m. Hallbjørg Knutsdr. Kvåle. Gjertrud døydde

--- side 528 ---

1788, 62 år gl. og Johannes 1801. Dei hadde ei fosterdotter, Gjertrud Sjursdr., som gifte seg 1784 m. Henrik Anderson Hylle. Han fekk 1783 skøyte på Brurestolen og det er då sagt i heimelsdokumentet at han skulde gifta seg med henne Gjertrud. Henrik døydde 1816 og Gjertrud 1824, 72 år gl. Ved skifte etter han er Brurestolen taksta 300 riksbankdalar. Dei fekk sonen Sjur og dotteri Kari f. 1799, som vart g. 1821 m. Bård Oddson Håtveiti.


Brurestolen
Bilete 67. Brurestolen. Fot. P. Braaten 1936.

Sjur Henrikson var f. 1796 og g. 1816 m. Gjertrud Larsdr. Mala. Han fekk 1820 skøyte på garden frå mori og medervingane. Han arbeidde sylvspenne, ringar, syljor, sylvknappar og annan sylvstas og vølte klokkor. Gjertrud døydde 1867, 82 år gl. og Sjur 1880, barnlause. Sjur selde 1837 garden med halvparten i kvern med kverndemme på Fenno til Lars Andersson Nedre Fenno. Han var g. 1838 m. Elisabet Håvardsdr. Grovu og fekk på Brurestolen borni Brita f. 1839, g. 1865 m. Johan Knutson på Nedre Skutle, og Henrik f. 1843. Lars selde garden 1851 til Olav Nilsson Møn, som selde att 1852 til Lars

--- side 529 ---

Håvardson Bruresolen for 181 spd. Han var g. 1851 m. Ragnhild Nilsdr. Fenno.

Lars Andersson var paktar hjå sorenskrivar Koren på Seim etter at han hadde selt Brurestolen, men 1856 tok han garden att med odel i namnet åt sonen Henrik, som same år fekk skøyte. Lars døydde 1871, 65¾ år gl. og Elisabet 1899, 85 år gl. Henrik gifte seg 1886 m. enkja Anna Persdr. Fenno f. 1844 og fekk dotteri Elisabet. Henrik døydde 1916. Ho Elisabet gifte seg 1908 m. Knut Larsson Fenno f. 1880. Dei fekk i 1910 skøyte på garden frå far hennar. Ho Anna hadde med Olav, fyrste mannen sin, sonen Olav f. 1870.

Brudestolen var fyrr mtrnr. 164, lnr. 315 med gamal skyld 6 mark, urevidert 1 dalar 1 ort, revidert 1 dalar. Ny skyld mark 1,64 fyrr bruk 2 var skilt frå.

Bruk 2. Leite. Utskilt 1899 frå bruk 1 med 12 øre i skyld og selt til Olav Olavson Brurestolen, nemnd ovanfor. Han er f. 1870, g. 1897 m. Ingeleiv Larsdr. Auro f. 1877 og er snikkar. Deira son Olav f. 1902 fekk 1927 bruket for 5500 kronor og gifte seg 1929 m. Maria Nilsdr. Flansås.

Støl.

Støl var der ikkje i 1723. Seinare har Brurestolen havt støl ei tid på Vòkeberg, men er no utan støl.

Kvern.

Kvern har det ikkje vore fyrr i 1800-talet. Ho stod i Røvesløkjen, men er nedlagd for ein mannsalder sidan. Olav bygde 1889 sirkelsag ved hovudvegen nedanfor Veisebruæ, men ho vart seld 1912 og flytt til Kvitno på Bordalen.

Offentlege forretningar.

Odelstakst 1856. Gjerdeforretning 1882. Bruk 2 har 1922 gjeve avkall på beiteretten på Istadmyrane. Bruk 1 sin part i Istadmyrane er skild frå ved skylddeiling 1921 med skyld 7 øre.

Bumerke.

Johannes 1770 tavle 7 nr. 14.

Ymse.

Segner vert fortalt i noko ymse brigde um at Brurestolen skal ha namnet sitt etter Brurasteid'n, som liknar på ein stol. Når det var brudlaup i grendi, skulde bruri setja seg på denne steinen og kjellarmennene kom der med ølkaggen.

Brurestolen skal vera gjeven som fadragåve då han vart skild frå Opeland fortel ei segn. Husi vart fyrst bygde der dei no kallar Tuftahesæ, men då det stundom kom juklaskot or bergi ovanfor husi, vart dei flytte til staden dei no har. Husi på bruk 2 står på Ulvundshaugen, der Ulvund-Synneva budde. Då dei grov ut Kolmilaplassen, var der ein stor haug med trekol. Han gamle Sjur brende kolmil der.