191. Bryn.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 152 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Bryn, i genitiv Brynar. Det vert no sagt Brýn; han búr pao, è tao Brýn, ska tì Brýna, sms. Brýnalunden. Namnet må vera samansett av ei brú og vin (beite).

Bryn er 1661 ført upp med 3 laup i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt at der var vedaskog. I matrikkelen 1723 er det skilt millom Bryn i Kvitlar og Bryn i Bordals åttungar, kvar med 3 laup i skyld og ein brukar. På båe var vedaskog og humlagard, og båe var tungbrukte. Um den fyrste er sagt at dei sådde blandkorn, men ikkje bygg og havre kvar for seg. Kornavlen var årviss. Um det andre bruket er sagt at det var årvandt. Skyldi var 5 laup 12 mark i 1777 og likeins 1838, då ho vart umskrivi til 11 dalar 3 ort 19 skill. Samanlikningstalet var 1774. Der var turvande vedaskog, noko fureskog og bruk 2 og 4 hadde litt humleavl.

I matrikkelen 1865 er ført upp 43½ mål åker, 17 mål dyrka eng, 46 mål god, 175 mål medels natureng og 130½ mål skrapebø. 18 mål høvde til dyrking. Medels hamnegang. Bruk 1 hadde skog til husbruk og kunde selja timber for 6 spd. um året. Bruk 2 hadde vedaskog, men ikkje timber. På bruk 4 var for lite brensel og ikkje timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 83,3 mål åker, 173 mål kunsteng og 19 mål natureng.

Der budde 31 menneske i 1801, 38 i 1865 og 180 i 1920. I 1920 er medrekna dei som budde på Palmafossen på Bryn sin eigedom.

--- side 153 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Bryn.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   43   30          
1723 4   41   42   44      
1865 4   37   87   101 ½ 98 ½
1918 10   40   62          

Bryn
Bilete 21. Bryn. Fot. P. Braaten 1937.

Jørundr og Narve på Bryn var vitne i ei sak på Veiken umtala i ei notisbok av seks vokstavlor frå stutt tid fyre 1300 (DN XIII nr. 2) som er funne i Hoprekstad kyrkje. Narve på Bryn har i kring 1303 saman med sju andre vitna um gåve av jordgods på Kyte (DN I nr. 98). Fyre 1303 var Narve med og utferda eit brev vedkomande trette um Byrkjo. I 1501 var der fire brukarar: Viking som betalte 2½ mark i skatt og 8 mark i breffbrot, Torstein 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, Ase 3 mark i skatt og Jon 52/3 skill. i skatt. Det var to leiglendingar i 1563: Oluff som hadde gardparten i Kvitlar åttung og Arn-

--- side 154 ---

finn som budde i Bordals åttung. Fenhalle og Oluff var leiglendingar 1591. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 2 askar korn og 1 pund smør i landskyld.

Ivar er skriven som leiglending på Kvitlarparten 1603, 1611 og 1614 og åtte 1611 2½ spann på Bryn, 1621 1 spann på Vike, 5 mark på Stora Rokne og 15 mark i Helgeland (Helland?). Oluff var leiglending 1611 og Laurits er nemnd fleire gonger 1603-1640 son leiglending på Bordalsparten. Arnbjørn var leiglending 1621 og åtte saman med syskini sine 1 laup på Ransze i Nærøyni og 8 mark på Brekku.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var på eine gardparten 1 spann smør og 1 bukkskinn med Ivar og Arnbjørn som leiglendingar og på den andre parten 18 mark smør og 1 kalvskinn der Ivar var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 5 mark odelsgods med ½ ort 3 skill. Ivar var brukar. Anders Guttormson Tved i Strandebarm skibrede selde 1629 2 pund odelsgods på Bryn til Isak Velomson Kjerviken på Varaldsøy for 52 spd.

Mons var leiglending 1635, men slapp betala pengeskatt på grunn av fatigdom. I 1645 var Laurits Knutson leiglending på Kvitlarparten og Anders Knutson på Bordalsparten. Laurits var g. m. Herborg og hadde tenestdrengen Adam og tenestgjenta Ragnhild. Anders var g. m. Kari og hadde tenarane Brynjulv og Barbrå. Frå 1652 er i manntali ført upp i Kvitlar åttung det som vart bruk 1 og resten av garden i Bordals åttung.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bryn. Hr. Samuel på Os åtte 1652 og 1655 2 laup 2 pund 15 mark og Vangskyrkja 9 mark. Lars var leiglending. Det var likeins 1659 so nær som at Samuel då var eigar av 3 laup 2 spann. I 1661 var det desse eigarar: Kongen 1 laup, Vangens prestebol 9 mark og Lindås prestebol 1 laup 2 pund 15 mark. Lars Knutson var då brukar og 1664 var det han og Sjur Larsson. Sjur var lagrettemann 1677.

Lars er ofte nemnd som lagrettemann 1648-1670, var lensmann 1668, 1669 og vitna 1664 i saki um stølen Krossaset. Han hadde sonen Knut som var g. m. dotter hans Eirik Løno. Lars var stemnd 1669 for 3½ rd. i landskyld, men påstod at det var betalt til Hans Reff som hadde lege lenge hjå Lars. Han hadde og skyssa Reff til Strondi der han skulde ta tiendi.

--- side 155 ---

Kongen var 1691 eigar av 1 laup, presten Mons Hammer 1 laup og Fatighuset ½ laup. I 1695 åtte Anna Olavsdr. «på Haugs» 1½ laup og kongen 1 laup.

Torleiv Torgeirson, g. m. Steinvor Askjelsdr. er skriven som leiglending 1691 og 1695 og døydde 1700. Kona hans døydde 1715. Dei hadde seks born: Steffa f. 1671, Knut død fyre 1715, Askjel f. 1685, Nils f. 1689, som 1715 var i kongstenesta, Synneva, g. m. Mikkjel Arnfinnson Haugo og Gjertrud, g. m. Brynjulv Arneson Jernes. Nils vart 1706 stemnd til tings av di han heilagtrekongersdag skreid på skeisor og ikkje kom i kyrkja fyrr preika var mest slutt. Nils vart forlikt med futen um å betala 1 lodd sylv. Nils var stemnevitne i 1739. Kongen åtte 1614 1 laup og Nils Hjermanns ervingar 2 laup.

Steffa Torleivson f. 1671, g. 1706 m. Marta Rasmusdr. Rokne var leiglending etter foreldri sine. Han kjøpte 1721 1 laup av stiftsprost Olav Storm og har elles kjøpt 2 pund 15 mark som han og åtte i 1723. Dei andre eigarane då var kongen som hadde 1 laup og Vangens prestebol 9 mark. Anna Hjermann lyste 1728 på tinget at ho vilde løysa av Steffa 1 laup, som bror hennar hadde selt, men ho vanta no pengar til å løysa det med. Steffa døydde 1732 og Marta 1764, 86 år gl. Dei hadde fem born: Torleiv, Knut, g. 1736 m. enkja Kari Nilsdr. Seim og budde 1765 på Øvre Skutle, Brynjulv f. 1713, død 1772, Torgeir f. 1718, g. 1752 m. Barbrå Josefsdr. Lid, og Dønåt, g. 1725 m. Jørgen Olavson Hildestveiti. Torgeir dreiv med handel og laut difor betala serskatt 2 rd. i 1740 og 4 rd. i 1745. Barbrå døydde 1753, 29 år gl. på Bryn og hadde dotteri Sigvor som 1780 vart g. m. Ingebrikt Bergeson Dolve. Torgeir døydde 1779.

Torleiv Steffason gifte seg 1737 med Lussi Tormodsdr. Lid, bygsla 1732 2 laup av Jens Mønichen, g. m. Anna Hjermann. Torleiv kjøpte det 1736 og kjøpte same år odelsretten til 1 laup av dei same. Torleiv kjøpte og noko i 1742 so han då åtte ialt 2 laup 2 pund 15 mark. Lussi døydde 1774, 59 år gl., Torleiv same år, 66 år gl. og hadde fire born etter seg: Marta f. 1742, g. 1763 m. Torgis Olavson, skriven for Ullestad i 1775, Kristi f. 1745, Steffa f. 1755 og Nils f. 1758, g. 1796 m. enkja Marta Larsdr. Haugo. Marta døydde 1830. Ved skifte etter Lussi åtte dei 3 laup som vart taksta 900 rd. Bruttomidelen var 1196 rd.

--- side 156 ---

Steffa Torleivson var g. 1778 m. Sigvor Bergesdr. Dolve og fekk 1775 skøyte på 2 laup. Steffa har same dag pantsett 3 laup til Viking Ivarson Havås og Rasmus Jørgenson Nedre Graudo. Steffa selde 1786 til Nils bror sin, Sveateigen, men fekk eigedomen attende i 1789. Sigvor døydde 1816, 63 år gl., Steffa 1840 og hadde åtte born: Lussi f. 1779, Torleiv f. 1780, Torgeir f. 1781, Brynjulv f. 1782, g. 1815 m. Marta Knutsdr. Ullestad, husmann i Sveona på Bryn, Knut f. 1784, g. 1811 m. Ingebjørg Monsdr. Øvre Lid, Marta f. 1787, g. m. Anders Mikkjelson Lid, Berge f. 1789 og Brita f. 1793. Brynjulv var ute i krigen mot Sverike.

Torleiv Steffason vart g. 1805 m. Gudve Mikkjelsdr. Lid og fekk skøyte 1801 og 1817 frå far sin på garden. Dei fekk sju born: Steffa f. 1808, g. 1. 1839 m. Brita Larsdr. Istad, 2. m. Anna O. Sonve, 3. m. Guri D. Rekve, Kristi f. 1810, g. 1839 m. Sjur Ivarson Vike, Sigvor f. 1813, g. m. John Simonsen, Mikkjel f. 1815, g. 1843 m. Guro Andersdr. Flògo, Josef f. 1817, g. 1843 m. jordagjenta Brita Larsdr. Bjørgo, Brita f. 1820, g. m. Olav Rognaldson Haugo, Nils f. 1824, g. m. Brita Gudleiksdr. Bø, Tjukkeb. Alle reiste til Amerika i 1843 so nær som Josef. Torleiv skifte 1835 garden millom sønene Steffa og Mikkjel og dei bytte 1843 med Anders Olavson uti bruk 2 Gjerdåk. Anders selde att 1845 til Ivar Tormodson Oppedal og Samson Hemmingson Helleland frå Ullensvang for 2000 spd. Ivar selde 1853 sin part til Samson for 600 spd.

Samson var f. 1795, og g. 1836 m. Guro Endresdr. Helleland f. 1807. Medan han budde i Hardanger hadde han jekt som han reiste med til Tyskland, førde med seg skinn og ull som han selde og kjøpte att salt, korn og andre tyske varor, som han selde i Hardanger. Samson døydde 1872, og Guro 1888. Fire born: Hemming f. 1838, Endre f. 1840, g. 1864 m. Ingebjørg Klasdr. Saude, skreddar i Chicago, Knut f. 1845 (Amerika) og Brita f. 1847, g. 1872 m. Anders Davidson Øvre Klyve. Hemming yart g. 1865 m. Guro Andersdr. Kvitno, Bord. og fekk 1860 skøyte på garden for 700 spd. Guro døydde 1923 og Hemming 1927. Dei fekk borni Guro f. 1869 og Samson f. 1879, som vart g. 1920 m. Torbjørg Vikingsdr. Grindaland. Samson fekk farsgarden og døydde 1928. Deira dotter Guro fekk garden på skifte etter Samson utan vederlag. Torbjørg vart attgift 1935 m. Styrk Sjurson Gjøastein.

--- side 157 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 170, lnr. 327 med gamal skyld 2½ laup, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 5 dalar 1 ort 5 skill. Ny skyld mark 7,64.

Bruk 2. Bryn. Lars Haukås åtte 1652 og 1655 2½ laup og Vangens prestebol 9 mark og Anders var leiglending. I 1659 var det likeins med tillegg at Isak Øvsthus då åtte noko på Bryn og Lars Bryn åtte 1 spann på Haugo. I 1661 åtte Aksel Maat 1 pund, prestebolet 9 mark og bønder åtte resten 2 laup 1 pund 15 mark. Anders Torgeirson var brukar då og 1664. Han kjøpte 1685 1 laup 3 mark av Hans Halldorson og var 1677 lagrettemann. Sjur var eigar og brukar 1691 av 2 laup 2 pund. I 1695 åtte Pål Halurvar(?) 1¾ laup og ei enkje 1 laup 1 pund 18 mark. Ho brukte alt.

Torgeir Andersson f. 1668, son til A. Torgeirson, er 1701 skriven som odelsbonde. Han bygsla 1695 1½ laup og hadde borni: Brita g. 1726 m. David Jonson Mølster, Knut, g. 1735 m. Gyrid Knutsdr. Norheim, Anders, g. 1735 m. Brita Larsdr. Rognsgarden, Arngunna, g. 1739 m. Lars Kjelson Ringheim og Torbjørg som fekk dotteri Marta i 1733 med Olav Andersson Bryn. Sjur Sponheim åtte 1614 4 pund, brukaren 4 pund, Vangens prestebol 9 mark, men dei visste ikkje um eigar til dei andre 15 mark. Arnfinn Ringheim kjøpte 1711 4 pund av Sjur Sponheim. Halle Andersson Midtun bygsla 1713 av verfaren Arnfinn Store Ringheim 1 laup 2 pund og skulde få 1 laup 15 mark til når Arnfinn sjølv ikkje hadde bruk for det. Arnfinn åtte 1723 2 laup 2 pund 15 mark og Vangens prestebol 9 mark. I 1720 var 1 laup løytnantsgard.

Halle var g. 1711 m. Guro Arnfinnsdr. Store Ringheim og brukte 1723 heile garden. Han døydde 1746, 61 år gl. og Guro levde etter han. Dei fekk fem born: Anders f. 1712, g. 1752 m. enkja Borghild Oddsdr. Veka, Brita f. 1716, g. 1739 m. Olav Knutson Ringheim, Anna f. 1726, Mari f. 1729, g. 1750 m. Lars Sjurson Vike og Arnfinn f. 1733. Knut Arnfinnson Store Ringheim, bror hennar Guro, har 1728 ved skiftebrev og skøyte fått 5 pund, og har 1756 fått noko so han då åtte 2 laup 66/7 mark på Bryn. Torgeir Torgeirson Tvinno kunngjorde 1754 at han meintest vera odelsmann til 4 pund som Knut brukte og vilde løysa det innan lovleg tid. Knut vart g. 1719 m. enkja Marta Knutsdr. Gjerstad og døydde 1757, 63 år gl. Marta levde etter Knut. Dei hadde ikkje born.

Arnfinn Andersson Ringheim f. 1737, g. 1759 m. Anna

--- side 158 ---

Mattisdr. Mølster, har 1758 og 1759 fått skøyte på tilsaman 2 laup 2 pund. Anna døydde 1805, Arnfinn 1823 og hadde åtte born: Mattis f. 1761, Marta f. 1763, g. 1797 m. Josef Erlingson Grovu, Synneva f. 1765, Ingebjørg f. 1770, g. 1799 m. Lars Danielson Ljono, Ulvik, Knut f. 1774, Sisselja f. 1775, g. 1815 m. Lars Larsson Haugo, Kristi f. 1780 og Bjarne f. 1782 som var skulehaldar og døydde ugift 1822. Mattis fekk skøyte 1795 og 1805 frå far sin på garden med part i Raundalens Almenning. Han gifte seg 1815 med Guri Larsdr. Haugo og døydde 1838 utan etterkomarar. På skifte etter Mattis var garden verdsett 600 spd. Bruttomidelen var 1560 spd. Derav kom til skiftes millom ervingane 594 spd.

Knut Arnfinnson kjøpte 1814 halve garden, men selde att 1835 til Mattis. Ved skifte 1841 etter han fekk enkja ein part av garden, bruk 4, for 200 spd. og Knut fekk resten av bruk 2 for 700 spd. Han selde same år bruket til Arnfinn Josefson Grovu, tok seg kår og døydde 1843. Han er umtala på Grovu. Sonen Josef f. 1819, g. 1840 m. Brita Magnesdr. Rykke budde saman med foreldri sine på Bryn og fekk der borni Marta, Lars og Anna f. 1840-1848. Arnfinn selde garden 1852 til Hallvard Olavson Torblå, Ulvik, for 1180 spd. og både Arnfinn og Josef reiste med huslyden sin til Amerika. Hallvard let 1854 garden til sonen Olav for 600 spd. og budde sidan på Ronve. Olav selde att 1858 til Daniel Danielson Ljono, Ulvik, for 1434 spd. Han let garden 1860 til bror sin, Lars Ljono, for 1400 spd. Lars var f. 1827 og g. m. Kari Gunnarsdr.

Lars Olavson Jernes kjøpte 1869 bruk 2 for 2000 spd. Han var f. 1802 på Jernes og g. 1831 m. Marta Rognaldsdr. Glymme f. 1806. Frå 1845 budde han på Kinne og skreiv seg seinare for Kindem, slik som gardnamnet då vart skrive. Lars dreiv mykje med snikkararbeid og husbyggjing både på Vangen og i bygdi. Han var med i fatigstyret, lang tid brandtakstmann og ofte på andre takstar. Lars var mykje brukt som talsmann i gravferder og var kjømeister i over 100 brudlaup. Lars byrja med to tome hender. Ved arbeid og sparsemd tente han so mykje at han betalte garden på Bryn kontant og hadde endå 800 kronor over. Marta døydde 1864 og Lars 1889. Dei fekk sonen Olav.

Olav Kindem f. 1833, g. m. Ingebjørg Larsdr. Takla f. 1831, fekk skøyte på bruk 2 då far hans kjøpte det. Olav var semina-

--- 159 ---

rist, lærar på lærarskulen og folkeskulen på Vangen, kyrkjesongar, organist, postopnar, valmann, stortingsvaramann, medlem av skulestyret og heradsstyret, varaordførar, og hadde mange andre tillitsyrke. Olav arbeidde mykje både i tale og skriv for upplysning og framsteg på ymse umkverve, for sedskap og avhaldssak. Han var den fyrste på Voss som ikkje hadde brennevin i brudlaupet sitt. Han dyrka og mykje på garden. I lang tid budde han på Vangen der han hadde huseigedom (tuft 89 og 90). Han døydde 1883 og på gravi hans er reist minnesmerke av skulelærarane og andre bygdafolk. Seks born: Lars f. 1856, Johannes f. 1859, død 1877, Margreta f. 1861, g. m. gardmann Sjur Ivarson Jørdre, Granvin, Olav f. 1864, g. m. Eli N. Bø, naturlækjar i Amerika, Larssina f. 1866, g. m. kontorist Simon O. Sellevold, Martin f. 1870, g. m. Mathilde Eekhoff, oberstløytnant, Bergen. Ingebjørg vart attgift med Sjur Rue, hadde då bruk 22 av Lekve og døydde 1908.

Lars Kindem gifte seg med Guro Torgeirsdr. Dagestad f. 1861 og fekk skøyte frå far sin på eigedomen på Vangen i 1882 for 10 000 kronor og 1883 på garden for 6000 kronor. Lars dreiv lenge handelsforretning på Vangen, har vore ordførar i Voss herad og i Vossavangens Bygningskommune, valmann, overformyndar, organist, direktør i Voss Veksel- og Landmandsbank, formann i styret for Vossavangens Elektrisitetsverk, Voss Ullvarefabrikk, Voss Skiferbrud, Barneheimen, Sogelaget, Bygdeboknemndi, medlem av Bergensbanens tilsynskommisjon, skipa Voss Folkemuseum og har havt ymse andre tillitsyrke. Lars og Guro har dotteri Ingebjørg f. 1883, g. m. Torleiv Farnes, som var sokneprest i Strandebarm då han døydde 1933. Lars døydde 1938 (3. april).

Olav Jonson Lid, Rd. kjøpte 1886 garden. Han var f. 1838, g. m. Marta Askjelsdr. Heimberde. Olav dreiv lang tid handel med kram, krøter og hestar. Han kjøpte mykje krøter og hestar i Nordfjord og dreiv til Austlandet og selde dei der. Marta døydde 1920 og Olav 1923. Dei hadde ni born: Askjel, Johan, Torgis, Olav, Martin, Brita, Jon, Anna, Torgis, f. 1874-1900. Johan f. 1878 er gift og er stasjonsmeister på Rjukan, ordførar, stortingsvaramann og har ymse tillitsyrke elles. Askjel f. 1874, g. 1896 m. Marta Andersdr. Nedkvitne, fekk 1901 skøyte på garden for 5000 kronor. Askjel skøytte garden 1913 til sonen Olav f. 1898 for same pris og døydde 1927. Olav selde att 1921

--- side 160 ---

til Anders, bror sin for 16 000 kronor. Johannes Ivarson Bindingabø kjøpte garden 1922 for 25 650 kronor, derav for lausøyre 8000 kronor. I 1932 kjøpte Arnfinn Nilsson Møn garden for 19 500 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 170, lnr. 369 med gamal skyld i laup 2 pund 8 mark, urevidert 4 dalar 10 skill., revidert 3 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,55.

Bruk 3. Bruland. Utskilt frå bruk 2 i 1886. Skyld 36 øre. Skøytt 1934 til overkonduktør Johannes Berget. Sjå bruk 14.

Bruk 4. Bryn. Guro Larsdr., enkja etter Mattis Arnfinnson på bruk 2, fekk bruk 4 på skiftet etter han. Ho vart attgift 1841 m. Lars Torsteinson Rjodo. Dei selde 1843 eigedomen til Josef Arnfinnson for 350 spd. I 1850 har Lars skøytt eigedomen til Hallvard Torblå for 400 spd. Sonen Jørgen Hallvardson fekk 1869 skøyte på garden for 300 spd. Han var f. 1836, g. 1862 m. Guri Ivarsdr. Prestegård og fekk dotteri Guro. Etter at bruk 5 var skilt frå, selde Jørgen bruket i 1878 til distriktslækjar Torstein Nesheim for 8400 kronor.

Eirik Torgeirson Kvåle kjøpte 1887 garden for 5700 kronor. Han var f. 1854, g. m. Arngunna Knutsdr. Møn og døydde 1930. Fyrr han kom til Bryn hadde han huseigedom på Vangen (bruk 4 av Prestegarden) og var snikkar. Han arbeidde garden mykje upp og fekk premie frå Hordaland Jordbrukslag. Sonen Torgeir f. 1885, g. m. Kari Andersdr. Otternes, Aurland, fekk 1919 garden hjå foreldri for 10 000 kronor, derav for lausøyre 4000 kr.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 170, lnr. 370 med gamal skyld 2 pund 16 mark, urevidert 2 dalar 5 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91 fyrr bruk 5 var skilt frå.

Bruk 5. Bryn. Skilt ut frå bruk 4 i 1878. Skyld 29 øre. Jørgen Hallvardson budde der til 1893 då han selde til Lars Johannesson Fadnes for 3500 kronor og reiste med huslyden til Amerika. Lars selde att 1898 til kyrkjesongar Johannes Skjærven for 4000 kronor. Han var f. 1855 i Evanger, var lærar nokre stader til han 1898 vart lærar og kyrkjesongar på Voss. Skjærven var varaformann i skulestyret, formann i styret for Voss Avhaldslag og hadde ymse andre tillitsyrke. Han var g. 1. m. Anna Fagernes, 2. m. lærarinna Kristina Bondevik, Sogndal, og døydde 1920. Enkja selde garden 1928 til lærar Flugum.

--- side 161 ---

Bruk 6. Palmamoen. Skilt ut 1892 frå bruk 1 med skyld 4 øre og ervefest til Nils Davidson Gjerdåk som bygde der og dreiv handelsforretning. Han selde bruket 1902 til Gjertrud Andersdr. Ringheim (Gavle), som selde att 1907 til Rosa Selliset. Knut N. Draugsvoll kjøpte eigedomen i 1916. Alle har halde fram med forretningen. Knut var f. 1869, og døydde 1926. Enkja selde eigedomen 1936 til sonen Nils. Der er rikstelefonstasjon og Palmafossen postopneri.

Bruk 7. Arneberg. Utskilt 1894 frå bruk 4 med skyld 4 øre og selt til Arnt Jonson, som selde att 1898 til Karl Kristianson. Han selde 1904 til Kristian Karstensen. Brita Klasdr. Tillung kjøpte eigedomen i 1913. Ho er f. 1868 og g. m. Gudleik Ivarson Tillung f. 1872. Bruk 7 høyrer til Vossavangen Bygningskommune.

Bruk 8. Lidås. Utskilt frå bruk 2 i 1901. Skyld 44 øre. Olav Jonson Lid skøytte det til sonen Johan, som selde att 1936 til Torgis, bror sin.

Bruk 9. Palmamoen. Skilt frå bruk 6 i 1904. Skyld 1 øre. Eigar: Gjertrud A. Ringheim som sette upp bustadhus. Ho er død.

Bruk 10. Utskilt 1904 frå bruk 1. Skyld 4 øre. Ervefest til Anders Larsson Bryn. Knut K. Brakestad kjøpte eigedomen i 1913. Han har skomakarforretning.

Bruk 11. Skogheim. Skilt ut 1906 frå bruk 1. Skyld 2 øre. Ervefest til Knut Draugsvoll. Anders L. Bryn kjøpte 1925 bruket.

Bruk 12. Fredly. Utskilt 1909 frå bruk 1 med skyld 2 øre. Ervefest til Lars Olavson Tren. Jakob Nilsson Ekse kjøpte bruket 1918 og selde det året etter til Johan Moberg.

Bruk 13. Bratland. Skilt ut 1911 frå bruk 3 med skyld 18 øre og selt til Johannes E. Lindberg som selde att 1912 til Per Oddson Eltrevåg eller Tillung.

Bruk 14. Stamstad. Utskilt 1911 frå bruk 3. Skyld 14 øre. Eirik Stamstad kjøpte det. Han var f. 1854, g. 2. 1900 m. Brita Tomasdr. Himle og er død. Ein son av fyrste ekteskap, konduktør Johannes Berget, kjøpte bruket i 1920.

Bruk 15. Bryn. Utskilt 1912 frå bruk 2. Skyld mark 1,48. Aksel Selberg kjøpte bruket og har bygt der. Han er f. 1875 g. m. Ingebjørg Larsdr. Lydvo og driv med murararbeid.

--- side 162 ---

Bruk 16. Fagerbryn. Utskilt 1912 frå bruk 2. Skyld mark 1,10. Ingebrikt Bjørnetun kjøpte bruket og selde att 1915 til Olav Grøneng. Han er f. 1884 og g. m. Ingebjørg Andersdr. Ronve.

Bruk 17. Lidås. Skilt ut 1912 frå bruk 2. Skyld 25 øre. Olav Jonson Lid kjøpte det 1913 og selde att 1921 til sonen Johan.

Bruk 18. Grøntoft. Utskilt 1915 frå bruk 16. Skyld 56 øre. Selt til Stenert Kvinnesland. Enkja etter han selde bruket 1915 til Olav Grøneng.

Bruk 19. Hadlaberg. Skilt ut 1916 frå bruk 4. Skyld 26 øre. Knut Larsson Bryn fekk skøyte på det. Fyrr var det husmannsplass.

Bruk 20. Ågård. Utskilt 1916 frå bruk 4. Skyld 60 øre. Eirik T. Kvåle skøytte det til sonen Knut, som har snikkarverkstad på Vangen, sjå bruk 140 av Lekve. Dette bruket ligg i Vossavangen Bygningskommune (sjå band 1 side 281).

Bruk 21. Skogheim. Utskilt frå bruk 12 i 1918. Skyld 1 øre. Skøytt frå Jakob Ekse til Anders L. Bryn.

Bruk 22. Palmafossen. Skilt ut frå bruk 6 i 1922. Skyld 1 øre. Skøytt til l/l Trelastforretningen.

Bruk 23. Stølane Gudmundset og Fyrjo. Utskilt 1925 frå bruk 15 og selt til distriktslækjar B. Lærum.

Bruk 24. Bryn. Utskilt 1925 frå bruk 1. Skyld 75 øre. Gjertrud Samsonsdr. Bryn fekk 1933 skøyte på bruket.

Bruk 25. Bryn. Utskilt 1932 frå bruk 1. Skyld 97 øre. Gjertrud Samsonsdr. Bryn fekk 1933 skøyte på bruket.

Bruk 26. Elvestad. Skilt ut 1933 frå bruk 1. Skyld 3 øre. Ervefest 1933 til Sigurd og Einar Dragesund.

Bruk 27. Småbrekke. Utskilt 1934 frå bruk 1. Skyld 2 øre. Ervefest til Olav Småbrekke.

Bruk 28. Brynalid. Skilt ut frå brak 24 i 1936 med skyld 28 øre. Gjertrud Bryn er eigar.

Husmenn på Bryn.

Hans Jørgenson, g. m. Sigvor Nilsdr., fekk 1717 sonen Nils. Ekm. Erling Hansson, g. 1745 m. Guro Eliasdr. Istad fekk borni Sigrid, Hans og Asgjerd f. 1746-1750. Båe huslydane var til hus på Bryn. Knut Olavson Brynahagen gifte seg 1781 med Marjo Larsdr. Bø. Anders Haugateigen fekk borni Gudve

--- side 163 ---

f. 1763 og Ingjerd f. 1769. Olav Larsson fekk 1781 feste hjå Arnfinn Andersson på plasset Træe. Lars Knutson Bø, Rd. g. 1782 m. Brita Eilivsdr. Skiple hadde fyrst plass på Bø og sidan i kring 1790 på Bryn. Seinare vart han sluttar på Vangen og var stemnevitne til 1813. Dei fekk borni: Marta f. 1782, Gudve f. 1785, g. m. Nikolay Kasper Jæger, snikkar, som budde på Vangen, Knut f. 1787, gardmann og smed på Vetla Rokne, Eiliv f. 1789, hestahandlar og hestaskjerar, Torleiv Vangen f. 1795 og Jon som var smed og reiste til Nordland.

Knut Nilsson f. 1761, g.m. Guro Vikingsdr. hadde 1801 borni: Viking f. 1791, Gudve f. 1792 og Anders f. 1795 som vart g. 1824 m. enkja Ingjerd Persdr. Tvilde og budde på Tvilde. Lars Giljarhus frå Vossastr., g. m. ei frå Slen, hadde i fyrstningi av 1800-talet plasset Brynahagen og fekk borni: Inga, Lars, Synneva, Ragnhild og Anna. Inga var f. 1798 og g. 1828 m. Herbrand Kjelson, husmann i Taklahaga.

Nils Mikkjelson, g. m. Synneva Olavsdr. fekk borni Mikkjel f. 1812, umtala nedanfor, Olav f. 1819 og Knut f. 1822. Synneva hadde og ein son Nils Larsson, g. m. Guro. Han arbeidde fyrst hjå ein engelsmann Sterling i Fana og hadde seinare smidje på Store Midtun i Fana. Nils var altmogelegmann, meistersmed, arbeidde byrsor, rokkar, vølte klokkor, støypte metall o. 1. Nils Mikkjelson døydde 1843, 70 år gl. og Synneva 1853, 79 år gl. Knut Oddson, g. m. Inga Steffadr. hadde plass frå 1828 til 1850 og fekk borni Steffa, Gjertrud og Marta f. 1829-1836. Knut Gudleikson, g. m. Ragnhild Knutsdr. hadde sonen Lars f. 1839.

Plasset Sveona høyrer til bruk 1. Segni segjer at Brynamannen skulde brenna kolmil uppe i skogen, og so kom han til å svida av eit skogstykke for Lidane. So måtte han ta stykket og lata Lidane få att eit tilsvarande stykke ved Palmafossen, det som sidan har vorte bruk 2 og 4 på Øvre Lid. Brynjulv Steffason hadde Sveona, men der hadde butt folk fyrr. Han var f. 1782, g. 1815 m. Margreta Knutsdr. Ullestad og fekk fire born: Brita f. 1813, g. 1842 m. Olav Nilsson Møn, Sigvor f. 1819, Steffa f. 1821 og Knut f. 1826. Olav Masson fekk 1845 feste på plasset. Han var f. 1802 i Asker, g. m. Kari Larsdr. f. 1803 i Vardal. Båe døydde 1872 og hadde borni: Mass Grovu, Kv., f. 1824 og Olina, g. m. Karl R. Hellerø.

Anders Halldorson Lunde var paktar på Kinne, sidan på bruk 2 på Bryn og fekk deretter plasset Sveona. Han var f. 1832,

--- side 164 ---

g. m. Steinvor Erlingsdr. Væte, f. 1827, og døydde 1903. Steinvor døydde 1898. Dei hadde borni Gudleik f. i kring 1864 (Amerika) og Kari f. 1867. Ho vart g. m. Brynjulv Oddson Bø, Rd. f. 1859, og dei fekk plasset. Kari døydde 1915 og Brynjulv 1922. Sonen Odd f. 1894, g. m. Ingebjørg Olavsdr. Løyningen, Øystese, har no plasset. Plasset vart ved siste utskiftingen flytt or Sveona og inn til Brynamerket.

Mikkjel Nilsson f. 1812, nemnd ovanfor, g. m. Ingjerd Ingemannsdr. frå Bergen, hadde plasset Hadlabergje frå 1850, der dei båe døydde 1881. Han var mange år feiar på Vangen og gav seg ofte til å spå um været. Lars Tormodson f. 1835 på Vålo, g. m. Gudve Olavsdr. (syster hans Gudleik på Skjerpe), budde sidan på Hadlabergje. Lars var mange år tilsett som reingjerar etter smittsam sjuke. Han døydde 1917 og Gudve 1919. Sonen Knut kjøpte plasset, som no er bruk 19. Anders Erlingson Rykke f. 1823, g. 1853 m. Eli Eilivsdr. Setre fekk 1854 plasset Brynahagen og hadde det til i kring 1902. Anders dreiv mykje med helletekkjing. Eli døydde 1890 og Anders 1912. Ei Synneva frå Kvam budde so nokre år på plasset. Ho hadde sonen Lars Håkonson Mo, f. 1867, som gifte seg med Brita Arvesdr. Hornve.

Sjur Jakobson Grovu f. 1826, g. 1. 1850 m. Karen Nilsdr. Uppheim, 2. 1877 m. Guro Knutsdr. Jernes budde frå 1850 på Brynateigen eller Haugateigen som plasset oftast var kalla. Sjur døydde 1907 og Guro 1916 barnlause. Peter Karlson f. på Vangen 1832, g. m. Marta Torgeirsdr., budde frå 1850-åri på Brynateigen og hadde borni Margreta, Gudve, Karl, Kristina og Hermann f. 1850-1864. Peter dreiv med slakting og kjøthandel. Marta døydde 1904, og Peter og borni reiste til Amerika so nær som Gudve. Ho vart g. m. Jens Velomson Dagestad som er død, og Gudve har no stove på bruk 58 av Rogne. Synneva Olavsdr. Ulvund, Vossastrondi, f. 1809 hadde stove ved merket mot Haugo og døydde 1895. Dotteri Anna Larsdr., f. 1849, budde der og til ho døydde 1929, og hadde sonen Lars, som er forretningsmann i Chicago.

Støl.

Stølen var 2 mil frå garden heiter det i matrikkelen 1723. Bryn har vårstøl på Gudmundset nokre kilometer nordanfor Fagnastølen og sumarstøl på Fyrjo som ligg lenger ute i same leid. Bruk 15 har selt sin stølsrett og kjøpt att på Veskre. Mennene på Bryn og Ronve stemnde 1679 Steffa Tvilde, Olav

--- side 165 ---

og Arve Bø for di dei beitte på stølen og gav lov til andre og. Olav og Arve møtte og påstod at dei hadde rett til å bruka stølen. Sjur Bryn la fram eit pergamentbrev frå 1456 som synte at stølen tilkom Bryn, Tvilde og Ronve. Mennene på Lid har 1777 fått semje med Brynamennene um Brynastødln Hodlna. Det er fortalt at i gamal tid hadde Bryn støl på Håtveit. Skogteigen Brynahodl'na høyrer no og til Bryn.

Kvern.

På bruk 1 er ikkje umtala kvern i 1723, men bruk 2 hadde ei flaumkvern. I 1776 og 1791 var det og berre ei kvern på Bryn. På skifte 1841 etter Mattis er umtala at dei åtte kvern og kvernedam i Palmafossen. Nolevande folk hugsar ikkje um kvern på Bryn.

Offentlege forretningar.

Sak 1679 med Tvilde og Bø um stølsbeite. Merkeskilforretning 1762 mot Nedre Lid. Steiningsforretning 1799. Utskifting 1815. Semje 1828 um beiting. Utskifting 1837. Overtakst 1839 og 1842. Odelssak 1842. Semje 1846 um beiting på stølen Fyrjo. Odelstakst 1856. Eigedomstakst 1857. Semje um utskifting 1865. Semje 1863 um beiting. Utskifting 1885 av innmarki. Oreigning 1900 på bruk 1 for åtkoma til Tvildemoen. Gjerdeskifting 1906 mot Øvre Lid. Semje 1909 millom militærvesenet og bruk 4 um bru over elvi til Tvildemoen. Ved utskiftingen 1885 millom bruk 2, 4 og 5 flytte bruk 4 husi sine nærmare Vangen.

Bumerke.

Steffa 1711 tavle 7 nr. 93. Halle 1717 t. 7 nr. 99. Torleiv 1755 t. 7 nr. 95, noko brigda 1761, 1773. Arnfinn t. 7 nr. 96.

Ymse.

Bryn har den nemnde skogteigen Brynahodl'na som grensar til Liastølen Løkjane. Bruk 4 på Bryn har kjøpt halvparten av skogteigen til Indre Nyre i Svelgane. - Lødebygningen med høiavling og reidskap på bruk 2 brann i 1911. - Bjørnen var fyrr ofte nærsøkjen. Han drap soleis i Liahaga ved Palmafossen ein kalv som J. Lid hadde kjøpt av Johan Fleischer på Lekve i kring 1830.

I ein gravhaug er 1838 funne øks, sverd, stykke av eit sverd, tri piloddar, kniv, sigd, eldstål og beitlemilar alt av jarn. På Haugateigen i ein haug med gravkammer var etternemnde ting: 2 skal av hjartemusling, oval bronsespenne og gul glasperle. Alt skal vera frå yngre jarnalder. Ymse andre oldsaker er og funne på Bryn.

Ålmugen i Bordals og Kvitlar åttungar har 2. januar 1739 gjort semje om Brynabruæ. Ny bru vart bygd i 1738 for ferdsli med vegane frå båe åttungar. Det vart vedteke at Bordals åttung skulde halda ved lag brukjeret på sørsida og Kvitlar

--- side 166 ---

åttung brukaret på nordsida av elvi. Kvitlarane skulde og halda treverket på brui. Med vedlikehaldet fylgde og plikt til å byggja nytt um det vart turvande.

Det har då vore reidsleveg til brui både frå Kvitli og frå Bordals åttung. Ein veg har truleg kome um Rokne, Sonve, Ronve, Haugo og Bryn og ein veg Giljane og frå Viki um Jernes, Nyre og Haugo, der han kom saman med den fyrste vegen. Kvitlarvegen tok av frå vegen millom Bjørkebruæ og Svelgane ved gamle Steinbruplasset på Møn, gjekk over elvi der til Taklaeigedomen og vidare um Takla, Rene, Nedre Lid og Brynabruæ. Heldt so fram på nordsida upp på Lòkaredalen, der vegen kom saman med vegen frå Tjukkebygdi. I kring 1847 vart den noverande steinbru ved Steinbruhaugen bygd i staden for den gamle. I dei tider vart vegen frå Steinbruhaugen til Lòkaredalen upparbeidt til køyreveg, for det meste etter den tidlegare reidsleveg.