170. Bulko.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 15 ---

Namnet vert i 1695 skrive Bolchen, i 1723 Bolken. Det vert no sagt Bùlkó2; han búr pao, è tao Bùlkéné, ska pao Bùlkó, sms. Bùlkù-hajén. Namnet Bulka f., må vera avleidt av ordet bulk m. som enno vert brukt um klump, knute, kul (i shetlandsk ogso bryst, barm), og kann her vera brukt um bergklump eller høg bakke (jfr. stasjonsnamnet Bùlkjén).

Landkommisjonen 1661 har ikkje umtala Bulko. I matrikkelen 1723 er sagt at der budde ein brukar, og at skyldi var 2 pund, som vart nedsett til 1½ pund. Garden låg høgt til fjells, var tungbrukt og det var misleg med kornavlingi. Skyldi vart 1838 umskrivi til 2 dalar. Samanlikningstalet var 300. Garden var frostnæm og hadde mest nok vedaskog,

I matrikkelen 1865 er førd upp 14½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 25 mål god, 13 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels for alle tri bruki og låg lagleg til for bruk 1 og 2. Dei hadde turvande vedaskog, men det var knapt nok for bruk 3. Bruk 1 og 2 var lettbrukte, men bruk 3 var svært tungbrukt. Alle tri var dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 11,7 mål åker og 35 mål natureng.

På Bulko budde 17 menneske i 1801, 16 i 1865 og 23 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bulko.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   8   6   3      
1865 2   15   34   30 ½ 39  
1918 3   11   23          

Bulko er 1624 og 1695 førd upp straks etter Bokkatun og det stydjer segni um at Bulko har høyrt til Bokkatun. Bulko var 1624 Apostelgods og er skriven for øydegard, men er ikkje nemnd i matrikkelen for 1661. Klas Miltzow var eigar 1662 og stemnde då leiglendingen Ivar for landskyld som han stod til rest med. Ivar bad um utsetjing, men vart dømd til å flytta og betala landskyldi. På tinget 1668 er upplyst at garden låg

--- side 16 ---

øyde og var ikkje tilsådd. Skyldi er førd upp med 1 pund i 1680 og 1691. Klas Miltzow var då og eigar og Isak var brukar 1691. Margreta Finne åtte garden 1695 og Eirik var brukar.

Torbjørn Olavson f. 1645 var odelsmann og brukar 1701 og g. m. Dønåt Gitlesdr. Bø. Han døydde 1718 og let etter seg seks born: Gjertrud f. 1686, g. 1718 m. Nils Andersson Vivås f. 1689, Brita f. 1690, Gitle, Olav f. 1693, Knut f. 1696 og Guri f. 1699. Nils fekk 1717 skøyte på 1½ pund som ved skifte etter han 1739 vart taksta 33 rd. Gjertrud døydde 1745 og hadde med Nils fem born: Anders f. 1719, Torbjørn f. 1721, Olav f. 1723, Dønåt f. 1725, g. 1748 m. ekm. Odd Tormodson Helland, Guri f. 1727. Anders gifte seg 1740 med Ragnhild Andersdr. Nedre Graudo og kjøpte i 1744 18 mark på Bulko, men selde att same år til Per Arnbjørnson Kinne. Per var som ekm. g. m. Marjo Gudleiksdr. og døydde på Bulko. Marjo levde etter han. I skiftet er upprekna tri born etter to ekteskap: Olav f. 1722, Sjur f. 1728 og Synneva, g. m. Endre Oddson Hatlestad i Bergsdalen. Torbjørn vart g. 1741 m. Eli Mikkjelsdr. Lindebrekke og fekk 1745 hjå mor si 18 mark, men selde att 1746 til Mons Larson Kvarakvål.

Olav Nilsson, g. 1748 m. Barbrå Torgeirsdr. Bjørku f. 1726, kjøpte 1746 1 spann av medervingane sine for 36 rd. og 1753 1 spann av enkja etter Mons Kvarakvål. Olav døydde 1802, Barbrå 1806 og hadde åtte born: Gjertrud f. 1749, g. 1771 m. Olav Knutson Opeland, på Grovu i 1806, Eli f. 1751, g. 1772 m. Lars Andersson Hereid, Eidfjord, Brita d. e. f. 1754, g. 1787 m. Olav Person Nedre Ygre, som budde i Bergen 1806, Brita d. y. f. 1756, g. 1787 m. Olav Person Hereid, Nils f. 1759, Torgeir f. 1763, g. 1786 m. Brita Knutsdr. Ygre, husmann på Bjørku, Olav f. 1767, g. 1789 m. Marta Persdr. Ygre, budde 1802 i Bergen, Barbrå f. 1770, g. 1795 m. Hermund Eirikson Vetla Saude. Dei fekk 1794 halve farsgarden hennar, 18 mark, som vart bruk 1. Nils Olavson fekk den andre halvparten som vart bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Bulko. Hermund Eirikson fekk som nemnt bruk 1 hjå verfaren i 1794. Hermund døydde 1812, 54 år gl., Barbrå 1840 og hadde seks born: Eirik f. 1795, Olav d. e. f. 1798, g. 1832 m. Inga Torsteinsdr. Herre, sjå bruk 2 Grønlidi, Tor-

--- side 17 ---

bjørn f. 1802, g. 1828 m. Gudve Knutsdr. Tungeteigen, Hermund f. 1804, g. 1837 m. Synneva Olavsdr. Fenno, gardmann på Skutle, Gudve f. 1806, g. 1833 m. Olav Olavson Jørdre, Olav d. y. f. 1809, g. 1829 m. Kristi Nilsdr. Uppheim, husmann på Grovu og sidan gardmann på Jerald.

Eirik Hermundson var g. 1. 1823 m. Guro Sjursdr. Rogne, 2. 1838 m. Sigrid Olavsdr. Lid og 3. 1857 m. enkja Sigrid Andersdr. Skutle. Eirik fekk bruk 1 i 1822 og 1832. Med Guro fekk Eirik borni Hermund f. 1832, Sjur f. 1826 (Amerika),


Bulko
Bilete 4. Bulko. Fot. Johannes Lid 1926.

Ingebjørg f. 1830 og med Sigrid Olavsdr. dotteri Guro f. 1839 som vart g. m. Lars K. Endeve. Eirik let garden 1857 til sonen Hermund som døydde ugift 1902.

Hermund let garden 1878 til brorsonen Hermund Olavson Grønlidi for 2800 kronor. Han var f. 1833, g. m. Sigrid Kolbeinsdr. Hylland f. 1833 og fekk borni Olav og Kristina. Olav f. 1866, g. m. Marta Knutsdr., er skomakar og har stove ved Palmafossen. Kristina er f. 1871 og g. 1898 m. Lars Åmundson Takla f. 1870. Han dreiv lenge med hellebenk, og fekk 1899 skøyte hjå verfaren på garden for 700 kronor. Deira dotter Marta, f. 1899, er g. 1924 m. Johannes Erlingson Klyve, Granvin. Dei fekk garden i 1926 for 4000 kronor.

--- side 18 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 191, lnr. 365 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar, revidert 1 dalar 1 ort. Ny skyld mark 1,75.

Bruk 2. Bulko. Nils Olavson f. 1759, var g. 1. m. Helga Persdr. f. 1756, 2. 1801 m. Anna Jonsdr. Alland. Det er fortalt at han var gift ein gong til med ei frå Hardanger. Nils fekk 1790 halve farsgarden, 18 mark, og selde 1799 2 mark til Karl Larsson Stuarjo. Nils og Helga fekk borni: Barbrå, Jorunn, Olav, Anna og Per f. 1788-1796. Ved skifte 1799 etter Helga vart jordgodset taksta 200 rd. Nils selde 1802 bruket til Gudleik Gudleikson Vele og var sidan husmann på Dale og døydde der 1840.

Nils fortalde at då han i syttanårs alderen var i kiperlære i Bergen, korn eit engelsk krigsskip og skaut på byen. Det sette ein fæl skrekk i folk og dei rymde ned i kjellarane. Nils dreiv noko med husbyggjing og spelte litt på fele. Sonen Per, f. 1797, vart uppalen i Hardanger. Han hadde uvanleg god musikalsk gjevnad, skriv Olafson i boki um Ullensvang, og Per sitt kjæraste arbeid var å spela fele. Per vart g. 1825 m. Ingeleiv Olavsdr. Sekse, dotter åt gardmann og lensmann Olav Sveinson Sekse, budde på Isberg og døydde der 1876. Han dikta slåttar og hadde elevar frå alle kantar. Ein son Olav, som reiste til Amerika, var og god felespelar.

Gudleik Gudleikson var g. m. Brita Erlingsdr. Dei fekk på Bulko borni Dønåt f. 1803, Hermund f. 1806 og Anna f. 1809. Gudleik selde bruket 1811 til Olav Nilsson Bulko, nemnd ovanfor. Han var f. 1792, g. m. Marta Aslaksdr. og fekk borni Knut, Arngunna, Nils og Ragnhild f. 1810-1822. Nils var f. 1817, g. 1849 m. Eli Andersdr. Kolvu, og fekk farsgarden 1845, Nils døydde 1853, 35 år gl., og Eli vart uppattgift 1862 m. Knut Larsson Bulko.

Ervingane etter Nils selde 1855 bruket for 150 spd., til systerdotter hans Nils, Anna Knutsdr., som selde att 1862 til Sjur Larsson Trå for 210 spd. Han selde att 1866 til Karle Brynjulvson Bulko for 250 spd. Han var f. 1829, g. 1. m. Synneva Olavsdr. Nesheim, Granvin, 2. 1886 m. Brita Styrksdr. Hildestveiti f. 1847, og døydde 1912. Karle og Synneva fekk borni Brynjulv f. 1853, Anna f. 1855 og Ivar f. 1876, alle tri i Amerika. Karle selde garden 1880 til Mass Ivarson Veiken for 1600 kronor, kjøpte bruk 3 i 1889 og selde det att 1894.

Olav Karleson Bulko kjøpte bruk 2 i 1883 for 1720 kronor

--- side 19 ---

og selde att 1886 til Nils Olavson Grønlidi for 1500 kronor. Han var f. 1849 og g. m. Ragnhild Øysteinsdr. Osa, Ulvik og døydde 1921. Deira son Olav, g. m. Larssina Gudmundsdr., fekk garden i 1904 for 1000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 191, lnr. 366 med gamal skyld 16 mark, urevidert 4 ort 8 skill., revidert 1 dalar. Ny skyld mark 1,46.

Bruk 3. Bulko. Utskilt frå bruk 2 i 1799. Det var fyrr kalvehage. Nils Olavson skøytte det til Karle Larsson Stuarjo f. 1762, som var g. m. Sisselja Ivarsdr. Dei har vore på Bulko då sønene Lars og Brynjulv var fødde. I folketeljingi 1801 er meldt um tri born: Lars f. 1791, Ivar f. 1795, g. 1830 m. Gjertrud Mikkjelsdr. Nyre, husmann i Krokjæ på Sonve, Brynjulv f. 1799, g. 1821 m. Anna Larsdr. Bø. Brynjulv var kalla Bulkebjødn av di han var so sterk. Ein dag han gjekk forbi Skrumpen på Vangen, treiv Jon Gjerstad som stod der, strytehuva av Brynjulv og trakka henne i ei søyle. Brynjulv treiv då Jon i trøyekragen og broki, drog han i søylo, rulla han dugeleg i henne, og gjekk so roleg sin veg. Karle døydde 1817 og Sisselja vart uppattgift 1821 m. ekm. Per Knutson Tren. Han er skriven for Haga då han 1783 var gift fyrste gong m. Gudve Kjelsdr. Gjukastein. Per hadde gard på Tren, men ho Sisselja kunde ikkje trivast der, er det fortalt. Sidan budde dei i kvar sitt fjell. Per vitja henne kvar haust.

Lars Karleson var g. 1. 1822 m. Marta Olavsdr. Grønlidi, 2. 1825 m. Marta Knutsdr. Himle og 3. 1840 m. Helga Olavsdr. Bulko. Lars fekk bruk 3 i 1820 og døydde 1846. Han hadde med Marta Olavsdr. sonen Karle f. 1823, med Marta Knutsdr. sonen Knut f. 1826 og med Helga borni Marta f. 1841, g. 1864 m. Torbjørn Gudleikson Seiland, Granvin og Olav f. 1843, død ugift 1870. Karle gifte seg 1847 m. Brita Oddsdr. Tesdal og fekk dotteri Marta f. 1847. Knut f. 1826, nemnd ovanfor, vart g. 1862 m. enkja Eli Andersdr. Bulko.

Karle Larsson fekk 1824 og 1846 skøyte på bruk 3 og selde det att 1850 til Nils Olavson for 100 spd. Ho Eli, enkja hans, selde det 1889 for 1200 kronor til Karle Brynjulvson, som atter selde det 1894 til Torleiv O. Belgum for 1400 kronor. Han er f. 1869 og g. 1893 m. Brita Larsdr. Rokne f. 1869. Torleiv selde att 1913 til far sin, Olav Torleivson Belgum f. 1839, g. 1868 m. Marta Karlesdr. Bulko f. 1847, nemnd ovanfor. Olav selde 1916 til Knut Larsson Fenno for 2000 kronor. Han er f. 1870, g. 1.

--- side 20 ---

1894 m. Kari Mikkjelsdr. Veiso f. 1854, 2. m. Kristina Johannesdr. Haugland frå Sunnhordland og 3. 1927 m. Torbjørg Larsdr. Berge, Ulvik. f. 1897.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 191, lnr. 367 med gamal skyld 2 mark, urevidert 16 skill., revidert 1 ort 6 skill. Ny skyld 36 øre.

Bruk 4. Bulkegjeli. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1915 og selt til Voss herad for 450 kronor.

Kvern og sag.

Ei flaumkvern var der i 1723, 1776 og 1791. Kverni er i Bulkelvæ, der det og er sag, som Hermund sette upp i 1890-åri.

Støl var der ikkje, er det sagt i 1723.

Offentlege forretningar.

Utskifting 1807 og 1839. Utskifting på Moaliæ 1843. Semje 1905 med eigarane av Stuaset um veg og bru. Utskifting 1919.

Bumerke.

Olav Nilsson 1790 tavle 7 nr. 28.