238. Dagestad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 466 ---

Namnet vert i året 1369 skrive Daghastader. Det vert no sagt Dassta1 el. 2; han búr pao, è tao, ska tì Dassta. Namnet er samansett med staðir, fleirtal av staðr m. (bustad). Fyrelekken må vera mannsnamnet gn. Dagr, i genitiv fleirtal Daga-.

Dagestad hadde 1661 2½ laup i skyld, to brukarar og turvande brennefang. I 1723 vart skyldi høgda til 2 laup 1 pund 21 mark. Der var to brukarar då og, skog til brensel og husvøling og humlagard. Garden var sers lettbrukt og hadde god jord både til korn- og høyavling. Skyldi er 1838 umskrivi til 9 dalar 3 ort 9 skill. Der var humlagard, vassfall og fure- og vedaskog til sal. Samanlikningstalet var 1460.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 36,3 mål åker, 6 mål dyrka eng, 67 mål god, 152 mål medels natureng og 208 mål skrapebø. 10 mål var høvelegt til å dyrka. Medels hamnegang. Skog til husbruk, og timber kunde seljast for 10 spd. årleg på bruk 1, 5 spd. på bruk 2 og 16 spd. på bruk 3. Garden var lettbrukt. Bruk 1 og 2 var dyrka som vanleg og bruk 3 mindre godt. Ved uppteljingi 1918 var der 46,4 mål åker, 36,7 mål kunsteng og 65,3 mål natureng.

Folketalet var 16 i 1801, 50 i 1865 og 44 i 1920.

--- side 467 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Dagestad.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   14   15          
1723 2   22   18   24      
1865 4   34   89   87 ½ 66  
1918 5   33   63          

Dagestad
Bilete 60. Dagestad. Fot. P. Braaten 1937.

Eindrid Steinarson kunngjorde 1369 (DN XVIII nr 26) at han hadde selt 3½ mmb. i Dagestad til Orm Halldorson og hadde fatt betalingi. Det er seinare ført til som upplysande merknad at etter gulatingslovi var 2 mmb. likt med 3 bismarpund. Synneva og Arnfinn var brukarar i 1521. Ho betalte 1 mark 2 skill. i skatt, og han betalte 10 lodd sylv. Tormod var leiglending 1563 og Anders 1591. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 1 såld korn og 12 merker smør i landskyld. Jørgen var leiglending 1603, Anders og Knut 1611 og Knut 1614 og 1621. Jørgen var lensmann 1622 og har same år som lagrettemann og vitne skrive under på eit skinnbrev på

--- side 468 ---

Olde. Leidangsboki 1624 upplyser at leidangen var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Det var bondegods og jordi var tolleg god er det sagt. Olav var leiglending 1635 på 2½ laup.

Bjarne Jørgenson, g. fyre 1645 m. Brita, er skriven som leiglending fleire gonger 1640-1655. Han hadde 1645 tenestgjenta Guri. Skyldi er ført upp 1652-1661 med 2½ laup. Jørgen Mosafinn åtte 1652-1659 2 laup 18 mark, og Vangens prestebol 18 mark. Anders var leiglending 1657 og 1659, Anders Jonson og Anders Bjarneson i 1661 og 1664. I 1659 var Anders tiltala for di han hadde gjort for langt brudlaup. Han var 1661 og 1664 lagrettemann. I 1676 og 1680 er 2½ laup 9 mark skrive som Apostelgods. Vangens prestebol var eigar av ½ laup 1661- 1723 og lenger. Resten var bondegods og brukarane har for det meste vore eigarar. Anders og Jon var brukarar i 1691 og Anders hadde 1695 heile garden.

I folketeljingi 1701 er Anders Bjarneson skriven som odelsbonde og Knut Andersson som leiglending. Anders var etterkomar i femte led frå Jørgen som budde på Mosafinn 1563 og på Dagestad 1603. Jørgen hadde sonen Anders, nemnd ovanfor som brukar 1591 og 1611. Ein son eller ei dotter åt Anders hadde sonen Anders Jonson Dagestad, g. m. enkja etter Bjarne Jørgenson. Anders Jørgenson hadde ein son Jørgen, g. fyrr 1645 m. Margreta. Han var lensmann. Dei hadde sonen Bjarne. Han var som fyrr umtala, g. fyre 1645 m. Brita Olavsdr. Då han døydde, er ho, som ovanfor meldt, g. m. Anders Jonson.

Skifte er halde 1654 etter Brita som hadde seks born med Bjarne og tri med Anders: Borni med Bjarne var: a. Anders f. 1635, skriven ofte som leiglending 1661-1714 og døydde ugift 1726, b. Åsa f. 1640, c. Synneva f. 1643, d. Mons f. 1647, død fyre 1670. Han selde 22 mark til Klas Miltzow for 16 rd. Han tilbaud Anders Bjarneson å løysa dette jordgodset etterdi han hadde retten på det. Dei vart samde um at Anders skulde svara 1 rd. årleg solenge Klas åtte det. e. Halldor f. 1648, f. Steffa f. 1651, g. m. Bryttva Sjursdr. Grevle, brukar på Grevle og åtte 3 spann 3 mark på Dagestad. Borni til Brita og Anders var: g. Bjarne f. 1659, g. 1. m. Gudve Øysteinsdr. Tesdal, 2. 1711 m. enkja Sigrid Torgeirsdr. Olde f. 1683. Han var leiglending og eigar på Herre og åtte 2 pund 5 mark på Dagestad etter skøyte 1727. h. Knut f. 1663, g. m. Dønåt Andersdr.

--- side 469 ---

Midtun f. 1670, i. Marta f. 1677, g. m. Isak Arneson Dagestad f. 1673, brukar på Dagestad 1715 og åtte 172/5 mark i garden. I 1726 bytte han med Jørgen Bjarneson uti 1 spann på Olde og vart leiglending på Lirhus.

Jørgen Bjarneson, son til Bjarne og Gudve Herre, bygsla 1726 344/5 mark av farbror sin, Knut Dagestad, fekk ved makabyte same år 34 mark av far sin og 172/5 mark av Isak Lirhus og kjøpte 1739 1 pund 4/5 mark av ervingane etter nemnde Knut, alt i Dagestad. Jørgen åtte ialt 1 laup 18 mark på Dagestad. Han var f 1683, g. 1. 1716 m. Kari Olavsdr. Lirhus og 2. m. Eli Knutsdr. f. 1695. Jørgen døydde 1745 og Eli 1749. På skifte etter han vart jordgodset taksta 120 rd. Fire born: Anders f. 1723, Kari f. 1725. g. 1753 m. Knut Erlingson Jernes, Gjertrud f. 1727 og Gudve f. 1730, død ugift 1751. Anders fekk 1750 skøyte på 1 laup 18 mark. Framhald bruk 3.

Knut Andersson f. 1663, g. m. Dønåt Andersdr. Midtun, umtala ovanfor, bygsla 1695 1 laup 18 mark. Mikkjel Olavson Ringheim, g. m. Marta, dotter åt Steffa Bjarneson Dagestad på Grevle, åtte 2 pund 9 mark i Dagestad. Mikkjel stemnde han Knut i 1703 og gjorde krav på at han skulde avstå 3 spann som Mikkjel åtte, då han var husvill. Domen gjekk ut på at det som Knut hadde bygsla, var for lite til å skifta på to, og han skulde ha det framleies sidan han hadde fyrste retten. Knut kjøpte 1706 2 pund 9 mark av Sjur Steffason som hadde kjøpt det 1705 av Mikkjel O. Grevle. Dønåt døydde 1733, 63½ år gl., Knut 1838, 751/3 år gl. Dei hadde seks born: Brita f. 1697, g. 1725 m. Knut Jonson Kvåle, Gjertrud f. 1698, g. 1724 m. Rognald Rognaldson Stora Saude, budde på Nestås, Mari f. 1700, g. 1. 1727 m. Styrk Erlingson Rekve, 2. 1749 m. David Åmundson Fjose, budde på Rekve, Anders f. 1702, Marta f. 1707, g. 1. 1729 m. ekm. Knut Arnbjørnson Gjelland, 2. 1733 m. Nils Bjarneson Mølster, budde på Gjelland, og Eli f. 1712, g. 1738 m. Nils Oddson Sonve. På skifte etter Knut vart jordgodset verdsett til 1 rd. 3 mark for kvar mark jordskyld og vart skift millom borni so kvar av dei fekk ein part.

Anders Knutson vart g. 1. 1734 m. Anna Sjursdr. Vike, 2. 1741 m. Johanna Tormodsdr. Gjelle, 3. 1748 m. Gjertrud Knutsdr. Hefte. I 1723 fekk han skøyte frå far sin på 1 spann og 1734 på ½ laup frå syskini som hadde ervt det etter mor si. Anders var presten sin medhjelpar. Ein sundags morgon då ei

--- side 470 ---

kone frå Kvåle kom frå stølen med klyv på to hestar, snakte Anders til henne for di ho på ein «sabbatsdag» kom med klyv. Han tok eine hesten, sette klyvi av og slepte hesten på eit træde. Kona reiste vidare med den andre klyvi. Mannen åt kona stemnde Anders, men saki vart utsett. Anders døydde 1782 og Gjertrud 1800. Ved skifte etter han var det eit barn med Anna og åtte med Johanna: Dønåt f. 1735, g. 1755 m. Olav Nilsson Midtun, Jon f. 1745, Knut f. 1750, død ugift 1841, Anna f. 1752, g. 1781 m. Nils Monsson Nesthus, Aslak f. 1755, død i Kjøbenhavn ugift, Johanna f. 1757, g. 1. 1788 m. Eirik Davidson Rekve, 2. 1797 m. Velom Bjarneson Røte, budde på Rekve, Nils f. 1760, g. 1813 m. Borilda Bjarnesdr. Rue, budde på Rue, Herborg f. 1763, g. 1794 m. Knut Ivarson Seim, Gullfj. og Lars f. 1767, død ugift 1790. Jon fekk 1783 skøyte på 2 laup 87/10 mark som vart bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Dagestad. Jon Andersson f. 1745 gifte seg 1775 m. Ingebjørg Knutsdr. Byrkjo og fekk som nemnt bruk 1. Jon døydde 1814 og Ingebjørg 1826, 73½ år gl. og hadde sju born: Anders f. 1776, Johanna f. 1782, g. 1823 m. Mass Rognaldson Nestås, husmann på Ukvitno, Reppen, Guri f. 1784, g. 1818 m. Åmund Bjarneson Hefte, Anna f. 1786, g. 1808 m. Knut Johannesson Raustad, Dønåt f. 1791, g. 1813 m. Knut Knutson Hefte, Aslak f. 1793, g. 1838 m. Sisselja Persdr. Hefte, husmann på Hefte, og Gjertrud f. 1798, g. 1. 1821 m. Nils Olavson Ukvitno, 2. 1835 m. Rognald Masson Nestås, budde på Ukvitno, Reppen.

Anders Jonson fekk 1806 skøyte frå far sin på garden for 380 rd. Han var leiglending på bruk 2 og selde 1833 bruk 1 til systermannen Knut Johannesson Raustad. Han døydde 1838 55 år gl. og Anna 1851, 66 år gl., og hadde sju born: Johannes f. 1808, g. 1842 m. Marta Knutsdr. Røte, Guro f. 1811, g. 1832 m. Torstein Torgeirson Kvåle, Jon f. 1814, skreddar, død ugift 1901, Marta f. 1817, g. 1841 m. Anders Nilsson Brekku, husmann på Raustad, Knut f. 1824, g. 1851 m. Guri Knutsdr. Raustad, Anders f. 1827 (Amerika) og Ingebjørg f. 1830, g. 1857 m. Per Torbjørnson Hommedal.

Torstein Torgeirson fekk 1842 skøyte frå vermori på garden for 1198 spd. Torstein hadde gard på Ukvitno, Reppen, 1830- 1838, på Eimstad 1837-1852 og på Grimastad 1852-1857.

--- side 471 ---

Han budde på Dagestad frå 1842. Ei tid åtte han ein stor gard i Hallingdal. Frå ungdomen av dreiv han handel med hestar og fe som han reiste på Austlandet med. Ofte reiste han med 15-20 hestar og noko krøter. På ein hest hadde han klyv med reiseutstyr: mat, kvitlar, gangklæde og ei svær line. Vanleg reiste han over Vossaskavlen til Finse av di denne vegen var stuttare, men mykje fårlegare enn den andre vegen. Det hende at hestar eller kyr datt ned i sprekkor i fonni. Torstein firte seg då ned, sette lina um dyret, spente ein hest for den andre enden av lina og drog soleis dyret upp att. På Finse-læger låg han ei tid og hamna dyri til dei vart holdige og fine, og reiste so vidare austover med dei. Torstein var ein drivande mann og hardbalen og vart sers velhalden. Han døydde 1859, 67½ år gl. og Guro 1888. Seks born: Torgeir f. 1833, Anna f. 1835, g. 1856 m. Olav Larsson Skjelde, budde på Himle, Knut f. 1838, Johannes f. 1842, g. 1867 m. Brita Nilsdr. Eide, budde i Eieshajen, Guri tvillingsyster til Johannes, g. 1862 m. Sjur Arnfinnson Rekve, umtala på Rue og Ingebjørg f. 1846, død ugift 1865.

Torgeir Torsteinson fekk 1859 garden hjå far sin for 500 spd. og gifte seg 1860 m. Ingebjørg Andersdr. Ringheim f. 1837. Ho var dotter åt gardmann Anders Knutson Indre Ringheim, g. m. Brita Andersdr. frå Øvre Klyve. Torgeir og Ingebjørg fekk dotteri Guro f. 1861. Ho er g. m. Lars Olavson Kindem f. 1856, umtala på bruk 91 av Lekve, tuft 16-25 på Vangen og på Bryn. Torgeir døydde 1864 og Ingebjørg vart attgift med David Halleson Prestegård f. 1838, som styrde garden. Han kjøpte 1866 huseigedomen på tuft 73 på Vangen og dreiv landhandel, hotell og skyssforretning. David døydde 1901 og Ingebjørg 1913. Dei hadde sju born: Anders f. 1868, død ugift 1924, Anna f. 1870, g. m. stasjonsmeister Johannes Særsland, Brita f. 1872, g. m. Hans Tveit, Eidfjord, Nils f. 1874, g. m. Marta Josefsdr. Lid, Ingebjørg f. 1876, død ugift 1922, Helena f. 1879 og Marta f. 1881. Anders hadde hotellet etter faren til sin død. Nils og systeri Marta har det no.

Knut Torsteinson f. 1838, nemnd ovanfor, kjøpte 1877 garden for 8800 kronor. Han var g. m. Olina Jensdr. Rivenes f. 1846. Han var ofte med far sin på handelsreisene austover og dreiv seinare sjølv noko med hestehandel. Knut døydde 1895 og Olina 1925 og hadde seks born: Anna f. 1870, g. m. Olav

--- side 472 ---

Bårdson Lunde, bur på Tyrlingen, Sisselja f. 1872 har syforretning på Vangen, Torstein f. 1875, Guro f. 1877, g. m. Olav Andersson Skutle, budde på Skutle, båe døde, Jens f. 1880, g. m. Gunda Dalholt, og Johannes f. 1888 (Amerika). Jens har vore lærar og folkehøgskulestyrar og havt ymse tillitsyrke der han har butt. Ei rekkje med bøker har han skrive med tittel «Den frilynde ungdomen».

Torstein gifte seg m. Ingjerd Nilsdr. Grimastad f. 1884 og fekk 1911 skøyte på garden for 2800 kronor. Han har vore med i likningsnemndi, fatigstyret, skulestyret, har vore nominasjonsmann, formann i styret for Bulkens landbrukslag, i styret for Reinsdyrlaget og i styret for Bulkens Forbruksforening som han gjorde upptaket til. Torstein har i mange år drive agenturforretning. Elleve born. Sonen Knut f. 1902 er agronom frå Stend og fekk 1924 skøyte på garden for 18000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 239, lnr. 467a med gamal skyld 2 pund 87/10 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 12 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38.

Bruk 2. Dagestad. Som fyrr umtala var Vangens prestebol eigar til 1723 av ½ laup og har seinare og ått det som høyrer til bruk 2. Det har vore bygsla til brukarane på Dagestad frå tid til onnor. Anders Jonson bygsla det 1811, og det er då ført upp i panteregistret som bruk 2. Han åtte bruk 1 til 1838 og fekk 1846 kongeskøyte på bruk 2 for 500 spd. og jordavgift som seinare er løyst. Anders var f. 1776, g. 1812 m. Ingebjørg Knutsdr. Hefte og døydde 1847. Ingebjørg døydde 1843. Dei hadde fire born: Jon f. 1813, død ugift 1890, Ingebjørg f. 1815, død ugift 1843, Knut f. 1818 og Lars f. 1821, død ugift 1877.

Knut Andersson vart g. 1. 1845 m. Marta Sjursdr. Mosafinn, 2. m. Margreta Mattisdr. Jordan, Lærdal, f. 1826. Han fekk skøyte 1848 frå far sin på garden. Knut døydde 1902 og Margreta 1917. Han fekk tri born m. Marta og to med Margreta: Anders f. 1847, Knut f. 1851, død ugift 1893, var bataljonstambur, Ingebjørg f. 1853, g. m. Anders Johannesson Dagestad f. 1859, sjå bruk 16 av Rogne, Marta f. 1861, g. m. Sjur Olavson Hornve og Mattis f. 1864, g. m. Ingebjørg Johannesdr. Dagestad, sjølveigar på Lirhus.

Anders Knutson var g. m. Ingjerd Olavsdr. Tren, og fekk 1877 farsgarden for 1000 kronor. Han var lærar i folkeskulen

--- side 473 ---

1864-1922, medlem av heradsstyret 18 år, og av formannskapet, varaordførar, styremedlem i Forbruksforeningen, meddomsmann, lagrettemann, valmann, varaformann i likningskommisjonen og var mykje med på utskiftingar og takstar. Ingjerd døydde 1928 og Anders 1929 og hadde elleve born: Knut f. 1880, Olav f. 1882, Marta f. 1883, g. 1915 m. snikkar Arne Kaldestad, sjå bruk 34 Indre Haugo, Brynjulv f. 1886, død 1908, Ingebjørg f. 1889, Sjur f. 1891, g. m. Brita O. Grimastad f. 1898, Margreta f. 1894, Ingjerd f. 1896, g. 1919 m. snikkar Hans T. Steine frå Nordre Land f. 1890, Knut d. y. f. 1898, Gudrun f. 1899 og Nils f. 1901. Olav fekk skøyte på garden i 1918 for 3000 kronor. Sjur har no garden.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 239, lnr. 467b med gamal skyld 1 pund 134/5 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 16 skill. revidert 1 dalar 4 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,69.

Bruk 3. Dagestad. Anders Jørgenson fekk som fyrr umtala bruk 3 i 1750. Han gifte seg same år med Kristense Klasdr. Mosafinn. Han var 1747 saman med prestane og femtan bønder og gjorde framlegg til ordning av skulestellet på Voss. Anders døydde 1804 og Kristense 1807, 77 år gl. Dei hadde sønene Jørgen f. 1752 og Klas f. 1755, g. 1786 m. enkja Jorunn Larsdr. Kvåle, og budde på Kvåle. Jørgen fekk 1783 skøyte frå far sin på 1 pund 21 mark og har seinare fått resten av bruk 3. Han vart g. 1783 m. Rannveig Eiriksdr. Nyre f. 1755, som fekk tvillingane Rannveig og Eli f. 1784. Jørgen døydde 1795 og Rannveig, kona hans, 1785. Eli gifte seg 1803 m. Torbjørn Johannesson, gardmann på Rogne, og Rannveig vart g. 1801 m. Halle Johannesson Rogne.

Halle fekk 1801 skøyte på garden frå ervingane etter far hennar. Halle døydde 1857, 80 år gl., og Rannveig 1866. Åtte born: Kristense f. 1803, g. 1828 m. Klas Oleivson, gardmann på Ukvitno, Rannveig f. 1806, g. 1833 m. Nils Knutson, gardmann på Vinsand, Jørgen f. 1811, Johannes f. 1813, g. 1846 m. Brita Sjursdr. Nesheim, Vossastr., budde på Fadnes, Marta f. 1815, g. 1840 m. Knut Tormodson Gjelle, budde på Vinsand, Anders f. 1817, g. 1849 m. Marta Samsonsdr. Grimastad, budde på Vetla Røte, Brita f. 1821, g. 1850 m. Knut Larsson, gardmann på Mosafinn og Jorunn f. 1828, g. 1. 1851 m. Josef Samsonson Grimastad, 2. m. Herlaug Gullbrå. Josef budde på Fadnes då han døydde.

--- side 474 ---

Jørgen Halleson f. 1811 vart g. 1. 1838 m. Guro Klasdr. Jernes, 2. 1860 m. Jorunn Trondsdr. frå Vang i Valdres f. 1836. Jørgen fekk farsgarden åt Guro, bruk 3 Jernes og 1860 skøyte frå far sin på garden hans. Jørgen døydde 1873 og Jorunn 1921. Han fekk tri born med Guro og fire med Jorunn: Halle f. 1839, Anders f. 1849, død ugift 1931 på Jernes, Johannes f. 1852, død ugift 1874, Klas f. 1860, g. 1839 m. Kari Åmundsdr. Flògo (Seattle, Amerika), Guro f. 1863, Jørgen f. 1868, reist frå Voss, og Torstein f. 1871 (Amerika). På skifte 1873 etter Jørgen var garden taksta 1720 spd. og bruttomidelen var 2415 spd.

Halle Jørgenson fekk 1839 bruk 3 på Jernes og farsgarden på Dagestad ved skifte etter faren for 1720 spd. Han budde på Jernes, der han er umtala. Han selde 1878 halvparten av garden på Dagestad, som vart bruk 4, til Jorunn Trondsdr. for 4800 kronor. Bruk 3 selde Halle 1874 til Ivar Vikingson Mestad og Nils Olavson Elje for 2500 spd. Anders Jørgenson tok 1876 garden ved odelssøknad for 2430 spd. Johannes Andersson Holo kjøpte garden på auksjon for 6160 kronor. Han var g. m. Ingebjørg Torbjørnsdr., og hadde åtte born: Ingebjørg f. 1855, g. 1890 m. Steffa Larsson Nedkvitno, Anna f. 1856, g. 1881 m. David Brynjulvson Løno, Anders f. 1859, g. 1885 m. Ingebjørg Knutsdr. Dagestad, sjå bruk 16 Rogne, Per f. 1863, g. m. Brita Olavsdr., sjå bruk 6 Store Ringheim, Ingebjørg d. y. f. 1865, g. 1887 m. Mattis Knutson Dagestad, sjå bruk 4 Lirhus, Viking f. 1867, g. m. Marta Johannesdr., husmann på Leiddal, Ivar f. 1870 og Lars f. 1871.

Knut Andersson Vele, Evanger, kjøpte 1888 garden for 6400 kronor. Han var f. 1838 på Lavik, Eksingdalen, og g. m. Ingebjørg Hallvardsdr. Flatekvål, f. 1840. Ho døydde 1908 og han 1917. Dei hadde borni: Dortea f. 1866, g. m. blekkmakar Karl Ingebriktson, sjå bruk 33 Lekve, Anders f. 1869, g. 1891 m. Anna Nilsdr. Saude, bur på Saude, Maria f. 1873, g. 1904 m. Johannes Knutson Farestveit, sjå bruk 20 Lekve, Hallvard f. 1882, g. 1907 m. Anna Andersdr. Nestås, Anna f. 1877, lærarinne på Voss, og Johan. Hallvard fekk garden i 1905 for 2200 kronor. Han har vore med i heradsstyret.

Brak 3 var fyrr mtrnr. 239, lnr. 468 med gamal skyld 1 laup 22¼ mark, urevidert 4 dalar 4 ort 5 skill., revidert 5 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 7,69, alt fyrr bruk 4 var fråskilt. Derav har bruk 3 mark 3,80 i skyld og bruk 4 mark 3,79.

--- side 475 ---

Bruk 4. Dagestad. Jorunn Trondsdr. fekk som ovanfor nemnt dette bruket i 1878. Ho let det 1904 til Guro, dotter si f. 1863, som 1899 var g. m. Lyder Andersson Møen i Kinn, f. 1872. Han reiste til Amerika. Jørgen Brynjulvson fekk 1919 garden for 4000 kronor. Han er g. m. Anna Klasdr. Hellesnes.

Bruk 5. Solhaug. Utskilt 1903 frå bruk 1 med skyld 15 øre og selt til Olav Bårdson Lunde, som bygde og dyrka der. Han selde att 1912 til Voss herad som har det til lærarjord åt læraren i Viki. Olav flytte til Tyrlingen og bur der. Sjå og Rue bruk 2.

Bruk 6. Viki Skule. Skilt frå bruk 4 i 1910 med skyld 10 øre og selt til Voss herad som har bygt skulehus der.

Bruk 7. Solhaug. Skilt ut frå bruk 1 i 1912. Skyld 2 øre. Olav B. Lunde kjøpte det og selde att saman med bruk 5 til Voss herad.

Husmenn på Dagestad.

Olav Johannesson, g. m. Ingebjørg Arnfinnsdr., fekk sønene Arnfinn f. 1720 og Jørgen f. 1728. Anders Monsson Lisseim f. 1783 vart g. 1817 m. Gudve Knutsdr., enkje etter Nils Nilsson Midtun. Ho døydde 1820, 62 år gl. Klas Otteson Uppheim hadde plass på Husmannatuftna og var den siste som budde der. Han var korporal, var 1812 med i krigen mot Sverike og slutta militærtenesta 1822. Klas var g. 1. m. Sisselja Nilsdr., 2. 1823 m. Jorunn Aslaksdr. Eimstad, døydde 1837 og hadde fire born: Anna, Sisselja, Eli og Anna f. 1831-1835. Eli gifte seg 1854 m. Olav Masson Seim, Ukvitno. Nils Halldorson Glymme hadde plass i Dastahajen. Eigaren Halle stemnde Nils i 1828 og gjorde krav på at han skulde etterkoma kontrakti eller flytta derfrå. Det vart nok so at han flytte.

På Dastaleite budde Jens Knutson Gjerme. Han var g. 1820 m. Rannveig Velomsdr. Bø, var underoffiser og hadde stundom tilsyn med vegane. Han skreiv mykje åt kapteinen på Eimstad. Jens døydde 1871 og hadde fire born: Knut f. 1821, g. m. Blansa Isaksdr. Saude, kommandersersjant og gardmann på Grimastad, Velom f. 1823 var skreddar, g. m. Jorunn Torgeirsdr. Mølster, Eli f. 1831, g. 1854 m. Gusskalk Olavson Eimstad, husmann på Midtun og Sigrid f. 1837, g. 1870 m. Olav Person Mosafinn. Ho hadde sonen Olav Åmundson f. 1860 og døydde 1929.

--- side 476 ---

På Solhaugen som no er bruk 5 og 7 var fyrr eit husmannsplass. Ei gjente som heitte Milda Olavsdr. Apaltun f. 1788 budde der. Ho var ofte hjå barselkonor og var mest like god som ei jordmor. Ho døydde 1871, 83 år gl. Hennar dotter Guri Knutsdr. f. 1811 fekk med Velom Jensson Dagestad dotteri Marta, f. 1846, som gifte seg 1. 1864 m. Mass Magneson Liland, 2. 1876 m. ekm. Andreas Tønneson Listøl. Mass var skreddar og feste plasset i 1869. Marta fekk tri born med Mass og eit med Andreas: Magnus f. 1865, styrar av Kunsthandverkskulen, sjå bruk 6 på Jernes, Knut f. 1867 (Amerika), Velom f. 1869 skreddar, g. 1897 m. Rannveig Johannesdr. Mosafinn, Olina f. 1877, g. 1899 m. Olav Eirikson Narheim. Marta budde på Solhaug til etter utskiftingen då ho flytte til Leite, der ho fekk plass i staden. Mass bleiv i Lilandsosen 1870, 31 år gl., og Marta døydde 1931.

Trond Nilsson budde på plasset Skogen. Han var f. 1804, g. m. Barbrå Olavsdr., båe frå Nordre Aurdal, Valdres. Barbrå døydde 1875, 71 år gl. og Trond 1883. Dei hadde borni: Nils f. 1828, g. 1865 m. Rannveig Johannesdr. Gjerme, budde på Rekve, Olav f. 1838, g. 1864 m. Gudve Knutsdr. Helland og Andreas f. 1847 som budde på Mala. Olav dreiv med handel og hadde 1865 borni Kirsti, Jorunn og Anna f. 1860-1863. Jakob Røyrgo f. 1833 i Evanger, g. m. Ingeleiv Larsdr., f. 1835 i Lærdal feste nytt plass som er kalla Nadl'n. Han var skomakar og elles flink med ymse arbeid endå han var svært halt. Han døydde 1917 og ho 1929, barnlause.

Knut Sjurson f. 1794, g.m. Brita Gusskalksdr. f. 1797 hadde plass i Hògo. Han døydde 1869 og Brita 1881. Staden dei budde på, er vanleg kalla Britatuftæ. Berge Olavson Skjerven hadde som umtala på Vinsand, plass i Budalen, men flytte 1865 til plasset Hògo på Dagestad. Han var f. 1813, g. 1. m. Kari Olavsdr. Vinsand, 2. 1881 m. Kari Styrksdr. Lunde f. 1844. Berge var ein uvanleg dugande arbeidskar, serleg som timberhoggar. På ein dag kunde han gjera ferdig 10-12 store furor, alt med øks. Som døme på at han ikkje stubba høgt, er fortalt at skåli som stod att i fureroti, kunde røma ein aske korn. Berge fekk med andre kona sonen Olav f. 1883 og døydde 1908. Enkja og sonen flytte sidan frå plasset.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden melder matrikkelen 1723. Dagestad hadde støl på Flyane saman med Midtun, Vinsand og

--- side 477 ---

Rue. Dagestad flytte seinare til Øyane som dei no bruker. På Tveitane hadde dei tidlegare vårstøl med butræe der vårflorane stod.

Kvern.

Der var ei flaumkvern i 1723 og to i 1776 og 1791. Dei har òg vore i 1800-talet i Storagroæ, men er no burte for lenge sidan. Bruk 1 har elektrisk sag.

Offentlege forretningar.

Sak 1765 med Saude um stølsbruk. Åstadsak 1796. Utskifting 1826 på Søteigen. Odelssak og odelstakst 1837. Sak 1851 um kår. Dom 1852. Utskifting 1883. Kontrakt 1897 med W. Konow um rettar i Torfinno. Merkeskilforretning 1918 og 1922.

Bumerke.

Isak 1713 tavle 9 nr. 40 og 1742 t. 9 nr. 42. Jørgen 1730 t. 3 nr. 83. I 1730 og 1736 brukte han t. 1. nr. 42. Knut 1735, Anders 1745, 1750 og Anders Knutson fleire gonger 1756-1771 t. 4 nr. 5. Anders Jørgenson 1755, 1756 t. 9 nr. 41. Anders 1773, 1781 og Jørgen Andersson 1786 skreiv ein S på ein A.

Ymse.

Dei gamle har fortalt at husi på Dagestad fyrr stod på ein stad kalla Tuftna. Der var det lite um vatn, og dei flytte so husi til tunet som var fyre utskiftingen 1883, og der husi åt bruk 1 framleies er. Husi stod mest vegg i vegg. Då bruk 2 etter utskiftingi tok til å grava på Tuftna, kom dei på steinar som tvillaust har vore hyrnesteinar og på merke etter 2-3 hus med eldstad. Ei gro som kjem ned på bruk 1, ser ut til å ha vore veitt or Vinsandsgroæ straks utanfor Flyane. Andre ting tyder òg på at Dagestadhusi i gamal tid har stade på Tuftna. Ei segn fortel at garden har fått namnet etter ein mann Dag som fyrst busette seg der. Etter ei onnor melding kjem gardsnamnet av at i sumartidi har Dagestad soli lenger tid um dagen enn nokon annan gard nedanfor Sundet. Um vinteren er soli burte 18 vikor. Eit gamalt ord segjer at «Peter Stol (22 februar) får Dagestad og Glymme sol».

Ein teig Verafeten er i fyrste halvparten av 1800-talet kjøpt av Eimstad og lagd til Dagestad. Fleire segner fortel at det i gamal tid har vore både mykje og stor skog på gardane Dagestad til Nesthus. Store furerøter i myrane vitnar um at høgt uppe i Graosio, der det no berre veks bjørketarr, har vore stor fureskog. Ei bordplate 4 meter lang, 70 cm. breid av ein stokk er enno på bruk 1 og syner at der har vore stor skog. Etter den store branden i Bergen i 1600-åri kom strilar og kjøpte timber på Dagestad. På Langeflòten øvst i marki, der

--- side 478 ---

skogen var serleg stor og tett, hogde dei for trom. Sidan har der vore myr som er kalla Bymyræ. Ikring 1830-åri vart hogge eit mastetre 42 alen langt med 6 toms topp. Det laut 2 hestar og 8 mann til for å føra det åt Vangsvatnet. Som døme på at der var stor og frodig bjørkeskog, er fortalt um ei stor bjørkevidje som dei laga. Ho hekk i fleire mannsaldrar på ein loftsvegg og var velkjend under namnet Dastavijjo. Ho var vridi og gjord ihop som ei vanleg vidje og var so vid at ein mann kunde rida gjenom henne utan at hatten nådde upp i vidja.

I beiti under Graosio var det fyrr ofte bjørn som drap nautskrøter og smale. Ein sumar drap han 30 storfe for gardane Nesthus til Skylje. Bjørnen korn stundom heilt heim i tunet og skremde både folk og beist. I 1850-åri grov dei ned ei daud kyr der kårastova på bruk 1 no er. Natti etter hadde bjørnen grave kyri upp att, og åt henne upp der. Ein gong var ein bjørn komen i kalvahuset. Slåttekaren vilde sjå kva leven der var, og med det same han let upp døri, fór bjørnen ut. Mannen rende ljåen i vombi på bjørnen so tarmane kom ut, men han sprang so lenge mannen såg han, er det fortalt.

Husmannen Klas Otteson dokterte både folk og krøter og kunde stemma blod når nokon var um og forblødde seg. Det skulde vera to slags blodstemmor, dan stora og dan vetla. I ein joladans på Mosafinn vart eit stygt slagsmål, og ein vart so illa faren at han heldt på å blø seg ihel. Klas vart henta, og han sa at det var på høg tid. Prøvde fyrst med dan vetla blodstemmo, men det hjelpte ikkje. «So får me våga til med dan stora blodstemmo, men det kjem til å røyna både han og meg», sa Klas. Både han og den skadde vart bleike som lik, men blodet stogga, den skadde kom seg og vart like god att.

Etter at eigaren av bruk 2 flytte til Tuftna, har han der funne fleire lodd og støypeformer til knappar og spenne, alt av kleberstein. - Ein mann som var i båt på Vangsvatnet såg syn over Dagestad. For å avvenda ulukka gav dei heile budråtten av smør for ein sumar til St. Jørgens Hospital i Bergen. - Austanfor plasset Husmannatuftæ er ein flate kalla Fylshamarflaten. Det er fortalt at der slo dei ihel fyli som dei ikkje vilde ala upp og kasta dei utfor hammaren. Dei kastrerte ikkje hestane då, og når marar og hingstar gjekk saman i marki, vart det meir fyl enn det var umsetnad for.