125. Davidhaugen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 302 --- Bilete sjå Urdland ---

Namnet vert i 1695 skrive Dauidzhougen. Det vert no sagt Daoahaujén2; han búr pao, è tao Daoahaujè, ska pao Daoahaujén, eller tì Daoahaugs. Namnet er samansett av mannsnamnet Daoé (vanleg skrive David) og gardsnamnet Haugen (nr. 126).

Landkommisjonen skriv 1661 at Haugen hadde i skyld ½ laup og to brukarar. I 1670-åri er garden skift i Davidhaugen og Lassahaugen. Matrikkelen 1723 melder at skyldi på Davidhaugen var 18 mark med ein brukar. Der var ikkje skog, humlagard eller kvern. Garden var tungbrukt, hadde kald jord, og det var ymist med kornavlingi. Skyldi var 1 pund i 1777 og 1838 og vart det siste året umskrivi til 1 dalar 3 ort 7 skill. Samanlikningstalet var 250. Der var då vedaskog og vassfall, men lite humlaavling.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 9 mål åker, 3 mål dyrka eng, 5½ mål god, 14 mål medels natureng og 38 mål skrapebø. Vårhamni var medels og Sumarhamni var god. Det var knapt um vedaskog og ikkje timberskog. Garden var sers tungbrukt, men dyrka betre enn vanleg. Kornet fraus ofte. Ved uppteljingi 1918 var det 7,6 mål åker, 6 mål kunsteng og 7 mål natureng.

Det budde 7 menneske på Davidhaugen i 1801, 10 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Davidhaugen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   4   6          
1723 1   6   6   3      
1865 1   8   20   19   21  
1918 2   5   11          

--- side 303 ---

Uppgåva for 1657 er for Haugen fyrr garden var skift.

Brev av 1564 (DN. IX s. 817) umtalar 9 mark i «Heug», Rd. som Gunnhild Ivarsdr. selde saman med anna jordgods til systerne sine Gyrid og Sigvor (sjå på Lydvo). Sume har sagt at med Heug er kann henda meint Hegg. Sidan har me ikkje funne Haugen umtala fyrr 1621. Då melder manntalet at Knut og Gitle Graudo (eller Grovu, Rd.) åtte 1 spann kvar i Haugen, men det står ikkje um nokon brukar. I 1655, 1657 og 1659 heiter brukaren på Haugen Knut, i 1661 var det David og Knut og i 1664 Mikkjel Arneson og Knut Larsson som brukte kvar sin halvpart av Haugen. Lars Bryn åtte 1661 9 mark, Jon Graudo (eller Grovu) 9 mark og David Møn 1 spann.

I 1680 er Davidhaugen førd upp ser og det er sagt at han høyrde til Apostelgodset. Folkvard Broderson åtte i 1691 Davidhaugen som då er førd upp med 1 spann og med Johannes som brukar. Matrikkelen 1695 upplyser at Broderson åtte 18 mark og at Sjur var leiglending. Odelsbonden på Fagnastølen hadde Davidhaugen står det i folketeljingi 1701 og i matrikkelen 1714. Viking Davidson var leiglending i 1715 og 1723. Han kjøpte 1727 9 mark av Johannes Lillegraven.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Davidhaugen. Gitle Vikingson har 1735 kjøpt lO½ mark i Davidhaugen av Endre Afdal og Knut Haga og 1742 7½ mark åv Gjertrud Larsdr., Kari Larsdr., Dorta Larsdr., Sjur Alverson og Lars Nilsson Himle. Gitle gifte seg 1733 m. Ågota Sveinsdr. Bokkatun. Han selde i 1747 9 mark til bror sin, Nils V. Lid og 9 mark til Viking Johannesson Vetla Grovu. Jon Olavson Fagnastølen har so 1748 kjøpt heile Davidhaugen (18 mark) og selt att 1752 til Sjur Alverson. Han var g. m. Rannveig Olavsdr. og døydde 1774, 55 år gl. Ho døydde 1794, 83 år gl. Fem born: Olav, Lars, g. 1765 m. Anna Herbrandsdr. Eggjareid, budde på Eggjareid, Anders Lae, g. 1776 m. Ingebjørg Andersdr. Gjerde, Ragnhild, g. 1774 m. Olav Knutson Voll og Ingebjørg, g. 1779 m. Jon Larsson Brekku.

Olav Sjurson fekk skøyte i 1767 frå far sin på garden. Olav vart gift 1770 m. Brita Sveinsdr. Øvsthus og døydde 1818, 82 år gl. Ho Brita døydde 1811, 64 år gl. Bruttomidelen ved skifte etter henne var 770 rd. To born: Svein f. 1772 og Marta f. 1774, g. 1805 m. Torgis Nilsson Haga, skriven for Voll i 1811

--- side 304 ---

Davidhaugen.

og 1819. Svein fekk skøyte 1812 på garden og gifte seg s. å. m. Eli Gudleiksdr. Fagnastølen. Han bytte 1825 m. enkja etter Sjur Jonson uti eit bruk på Kolvu. Sjur var død same året barnlaus. Enkja selde att 1825 til Trond Brynjulvson Kolvu for 500 spd. Trond gifte seg 1826 m. Marta Larsdr. Gjukastein og fekk på Davidhaug borni: Sjur f. 1827, Lars f. 1829, Marta f. 1831 og Brynjulv f. 1836. Trond vart seinare husmann i Stampehaugen på Klyve.

Torstein Jonson Fagnastølen, fødd på Heimberde, kjøpte 1839 Davidhaugen. Han var g. 1819 m. Kristi Larsdr. Bø og døydde 1862, 68 år gl. Kristi var fødd 1799 og døydde 1883. Åtte born: Brita f. 1819, g. 1841 m. Knut Nilsson Lirhus, Lars f. 1821, Jon f. 1824, g. 1854 m. Kirsti Tormodsdr. Fletre, budde på Fletre, Sigrid, f. 1827, g. 1852 m. Lars Torsteinson Lofthus, Kari f. 1829, g. 1856 m. Brynjulv Nilsson Nesthus, Synneva f. 1832, g. 1853 m. Styrk Larsson Midtun, Anders f. 1835, g. 1. 1869 m. Brita Kjelsdr. Fenno, 2. 1871 m. Brita Larsdr. Ullestad, Olav f. 1843, g. 1872 m. Brita Knutsdr. Hefte, gardmann på Midtun.

Lars Torsteinson f. 1821 gifte seg 1845 m. Arnbjørg Brynjulvsdr. Midberde som var f. 1824. Han døydde 1903 og ho 1902. Lars fekk 1844 skøyte frå far sin på garden for 400 spd. og hadde borni: Kristi f. 1845, g. 1878 m. Nils Helgeson Øvstedal og budde i Tungeteigen, Anna f. 1848, g. 1878 m. Per Oddson Bø, Anna f. 1850, Torstein f. 1853 (Amerika), Brynjulv f. 1857, Brita f. 1861 og Endre f. 1864.

Anna Larsdr. f. 1850 vart g. m. Olav Andersson Kvåle, Rd. Dei fekk 1884 skøyte på garden frå far hennar for 1800 kronor. Olav var smed og dreiv ei tid mykje med ljåsmiding. Han og kona var nokre år i Amerika. Då dei kom heim att, sette han upp vasshamar serleg for ljåsmiding. Millom borni deira er Alfred L. Olsen f. 1877, som er dokter i Stoughton, Amerika. Han var med i verdskrigen som dokter. Fylkeslækjar B. Lærum kjøpte bruk 1 i 1919 for 18000 kronor, bygde nye hus, dyrka mykje på garden og selde att til Olav Johannesson Øvstedal.

Davidhaugen var fyrr mtrnr. 126, lnr. 248 med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 1,95 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Urdland Skule. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 1 i 1901 og skøytt til Voss herad til tuft og leikeplass åt skulehuset.

--- side 305 ---

Bruk 3. Vetla Davidhaug. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1919. Olav Andersson tok denne eigedomen med stovehuset undan, då han selde til Lærum i 1919.

Husmenn.

I 1723 var der ikkje husmenn. Styrk Styrkson Hegg som var f. 1783 og g. 1815 m. Brita Andersdr. Rykke, feste plasset Leite i 1821 av Svein Olavson. Dei fekk sonen Anders i 1822. Han gifte seg 1851 m. Maria Eilivsdr. Vele, hadde ei tid plasset etter foreldri, men vart sidan husmann på Vele. Styrk var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden heiter det i 1723. Det er fortalt at Moldalistølen i gamle dagar har høyrt til Davidhaugen, Lassahaugen og Vetla Grovu, og dei har framleies ei skoglid langs med elvi, og har hamnerett der ei kort tid um våren. Seinare har Nedre Graudo teke til å støla i Moldaliæ. Som nemnt på Graudo skulde «Smaogardane» ha kyrkjedauren hjå Graudane, sidan Nedre Graudo fekk støla i Moldaliæ. Raundalsvegen gjekk fyrr gjenom tunet på Nedre Graudo. Det var sak um stølen ikring 1800. Utfallet vart at Graudane fekk halda fram med å støla i Moldaliæ. Davidhaugen har sumarsstøl på Jonsstølen.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men i 1776 og 1791 var der ei flaumkvern.

Offentlege forretningar.

Kommisjonssemje um Jonsstølen 1838 og 1872, jarnbanetakst 1896 og 1900, kontrakt 1902 med Bergens Skogselskap, og utskifting 1916 på Jonsstølen.

Ymse.

Torstein Jonson som kom til Davidhaug 1839, skal ha funne eit spyd, noko kopar- eller bronsesaker i Rundehaugen, som er ovanfor husi.

Segn.

Davidhaugen har namnet sitt etter ein mann David som fyrst rudde garden. Han skal vera gravlagd i Rundehaugen. Øvst på Leitna, sør for husi, er det ein flate som heiter Kyrkjeflòten. Der samla Raundølene seg ofte til gudsteneste og var tenkte til å byggja kyrkja der.

Bumerke.

Viking 1735 tavle 6 nr. 19. Gitle 1746 t. 6 nr. 20. Olav 1776 t. 6 nr. 21.