25. Dolve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 168 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Daulwin. Det vert no sagt Dolvè2; han búr pao, e tao Dolvè, ska tì Dolvés, sms. Dolvésløypé. Den upphavlege formi er visst Dalvin, samansett av ein dal og vin (beite) og det vart i gamalnorsk til Dolvin.

Dolve er skriven for heil gard i 1661 med skyld 4½ laup og to brukarar. Det er elles um garden berre skrive at der var vedaskog og ein liten humlagard. I 1723 var det og to brukarar og skyldi den same. Garden hadde turvande vedaskog, humlagard og ei flaumkvern, men ikkje fiske. Var viss til kornavling, god til foring og sers lettvinn. Skyldi var den same i 1777. I 1776 og 1791 var der to kvernar med skatt 4 skill. for kvar. Det vanlege elles var 2 skill. Ved matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet for Dolve 1845. Der var nok vedaskog, står det. Skyldi var då og 4½ laup, som vart umskrive til 12 dalar 1 ort 5 skill.

Matrikkelen i 1865 upplyser at det var 38,3 mål åker, 5,8 mål dyrka eng, 49,5 mål god, 40 mål medels natureng og 53,5 mål skrapebø. Ring hamnegang. Der var vedaskog, men ikkje timberskog med undantak på bruk 1 som hadde noko. Garden var tungbrukt, dyrka som vanleg, men var lunnalaus. I 1918 var det 34 mål åker, 22 mål kunsteng og 66 mål natureng.

På Dolve var det 25 menneske i 1801, 30 i 1865 og 37 i 1920.

--- side 169 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Dolve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   22   29          
1723 2   34   36   36      
1865 4   34   70   100   70  
1918 7   25   44          

Kyrkja på Vangen åtte ½ laup i Dolve er det fortalt i B. K. Jon på Dolve betalte i 1518 1 mark til kongsgarden i Bjørgvin som rest på Drotningskatt. Oluff på Dolve betalte i 1521 9½ lodd sylv og ½ mark i skatt og breffbrot. Svein på Dolve skatta 1 dalar i 1563 og var 1567 brukar på 1½ laup 1 spann, som stiftet åtte. Jakob var tenestdreng for full løn i 1563 og betalte 1 lodd sylv i skatt.

Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte i 1582 til kongen ½ laup i Dolve som høyrde til Finnegodset. Jordboki for Vangens prestebol 1585-1616 melder at prestebordet fekk 3 såld korn og 1½ pund smør i årleg landskyld av sin eigedom på Dolve. Pål Dolve var 1591 brukar på stiftet sin part og i 1597 er det Eirik, som då betalte tridje års bygsel for 1½ laup 1 spann med 2 mark 5 skill. Han er nemnd som leiglending fleire gonger til 1614 og som odelsmann på 1 laup i 1611. I 1614 var det dessutan ein leiglending Stenn og ein husmann eller øydegardsmann Sjur.

Diplom nr. 88 i Bergens Museum melder 3. mai 1615 at Laurits Sivertson på Øvre Lid skøytte til Eirik Hermannson sin stykson, Jon Andersson på Dolve, 14 mark i Hefte. I 1621 er Steffa og ei enkje leiglendingar. Det er truleg enkja etter Eirik, med di ho brukar 1½ laup som stiftet åtte. Ho åtte som odelsgods: 1 spann i Fjeli på Vossastrondi, 12 mark i Skjerve og ½ laup i Hefte. Leidangsboki for 1624 syner at leidangen på Dolve var 1 spann smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Ei enkje var brukar. Stiftet åtte 1627 1½ laup 1 spann. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset i Dolve med ½ dalar 6 skill. 1629 og 1636 var enkja og Mons brukarar. Mons Dolve og Hallvard Rykke er i 1628 saman med nokre bønder i Sunnhordland og Sunnfjord mulkta for di dei vilde sjå skattebrevet frå kongen. Mons er einaste brukar i 1640, 1645 og 1655. I

--- side 170 ---

1645 er fortalt at Mons Ivarson var gift med Anna og hadde sonen Steffa og dotteri Kari.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen til Apostelgodset i Dolve 1 spann smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested hadde fått kongeskøyte i 1648 på ½ laup i Dolve som høyrde til Finnegodset. Han åtte dessutan i 1650 1½ laup 1 spann i Dolve, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det 1 spann smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn i leidang, 2 dalar 1 ort i skatt, ½ dalar 6 skill. i


Dolve.
Bilete 20. Dolve. Fot. P. Braaten 1935.

fornødspengar, ½ dalar 6 skill. i arbeidspengar og 3 ort i avgift til jordeigaren. Ei enkje var leiglending. Prestebolet åtte då 2½ laup. Sehested laut skøyta jordgodset i Dolve attende til kongen i 1651. Kongen selde so 1657 dei 2 laup 1 spann til Gabriel Marselis. Eirik var då leiglending på det. I Skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte 2 laup 1 pund i Dolve.

Landkommisjonen skriv 1661 at til Finnegodset høyrde 2 laup 1 spann. Prestebolet åtte 2 laup 1 spann og hadde bygselretten til alt. Det var to brukarar: Eirik Monsson og ei enkje. Det er ført upp ein gut Olav Monsson, 18 år gl., men meir er ikkje fortalt um han. Enkja er i 1659 skrivi for Brita

--- side 171 ---

og åtte då 5 spann i Gjerde. Eirik har vore brukar ogso i 1657 og 1669. Han vitnar i 1669 i skogsaki mot Klas Miltzow, at han hadde hogge 16 tylfter sagtimber i Almenningen i Raundalen. Kirsten Jakobsdr., enkja etter Henrik Miltzow, har i medhald kongelegt påbod fått utlagt 2 laup 1 spann i Dolve, som var friteke for skatt åri 1669-76 og kann henda lenger. Klas Miltzow er i 1680 og 1691 førd upp som eigar av 2 laup 1 spann, men i 1695 åtte Ingjerd Miltzow og Hans Akselson dette, halvparten kvar. Prestebolet er framleies eigar av 2 laup 1 spann. Brukarane i 1691 og 1695 var Olav Monsson på prestegodset og Nils Ivarson. Skifte var halde etter Nils i 1696 millom enkja, Åsa Pålsdr., og deira to born: Olav, som var myndig, og Gunnvor, 20 år gl.

Folketeljingi 1701 har ført upp som leiglendingar: Olav Monsson, 60 år, Botolv Ivarson, 40 år og tambur, Jørgen Jonson, 40 år, med sonen Torleiv, 6 år. I 1714 åtte Lauritz Miltzow 1 laup 9 mark i Dolve, Severin Seehusen 1 laup 9 mark og prestebolet som fyrr 2 laup 1 spann. Botolv Ivarson og Olav Nilsson var leiglendingar. Olav var gift med Ingebjørg Botolvsdr. og døydde 1722. Borni deira var: Kristi, den eldste, f. 1704, Marta, Nils, Lars, Ingebjørg, Ivar, Knut, Johannes, den yngste, f. 1719. Nils Olavson var f. 1709, g. m. Guri Velomsdr. bygsla 1736 2 laup 1 spann av prestebolet.

Då Nils vart sjuk og laut sendast til hospitalet i Bergen, fekk Guri kår på bruket i 1744, og Berge Tormodson Vetla Røte bygsla garden på Dolve. Han gifte seg 1752 med Marta Ingebriktsdr. Lydvo. Skifte etter Berge vart halde 1795 og då er ført upp desse borni: Ingebrikt, Gudleik Bø, Nils, Lars f. 1770, Botolv, Sigvor, g. m. Steffa Torleivson Bryn, Barbrå, g. m. Per Ivarson Skjerpe. Berge har i 1778 late 1 laup 9 mark som sonen Ingebrikt då bygsla av soknepresten i Domkyrkja i Bergen. Det vart bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Dolve. Ingebrikt var fødd 1755, gifte seg 1780 med Sigvor Torleivsdr. Bryn og døydde 1818. Deira born var: Torgeir f. 1782 og Berge f. 1788. Torgeir vart gift 1708 med Brita Nilsdr. Kvåle og i 1816 med Anna Johannesdr. Hovda. Med Anna hadde han borni: Ingebrikt, Sigvor, Brita, Nils, Torgeir, Barbrå, Gjertrud, Anders, fødde 1817-1834. Torgeir

--- side 172 ---

Torgeirson f. 1828 fekk kongeskøyte på garden i 1848 for 600 spd. og jordavgift 2 tunnor 3 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg, men selde alt 1851 til Velom Brynjulvson Dolve for 600 spd. Han var f. 1813, gift 1844 med Soffi Arnvedsdr. og dreiv mykje med handel. Dei hadde borni: Brynjulv f. 1845, Bryttva, g. m. Lars Kristofferson Vassenden, Arnved f. 1852, Erling f. 1854, gardmann på Rue, Rannveig, g. m. Olav Person Nohr, Arnfinn f. 1860, sjå bruk 75 på Lekve. Brynjulv fekk garden i 1866 for 700 spd., var g. m. Marta Larsdr. Vangen og døydde 1898. I 1868 vart skilt ut bruk 9. Velom kjøpte same året bruk 1 attende, og selde 1873 tri partar, som vart bruk 6, 7, 8, og to partar i 1877, bruk 2 og 4. Han let bruk 1 i 1879 til Arnved, son sin, for 2700 kronor. Arnved gifte seg 1878 m. Brita Knutsdr. Rokne og døydde 1893. Ved sida av gardsarbeidet dreiv han mykje med ljåsmiding. Sonen Ivar f. 1893, g. m. Sigvor Styrksdotter Finne, Vossastrondi, fekk skøyte på garden i 1923 for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 25, lnr. 56 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 2 dalar 2 ort 14 skill. Etter at bruki 2-9 var fråskilde er skyldi 84 øre.

Bruk 2. Dolve. Utskilt frå bruk 1 i 1877 med skyld 2 øre. Knut Ivarson Bø kjøpte det i 1879 og det vart selt att 1923 til Arne Olavson Skeie saman med bruk 1 på Bø.

Bruk 3. Dolve. Utskilt frå bruk 4 i 1879 med skyld 22 øre. Arnved Velomson kjøpte det då av far sin. Sonen Ivar fekk det i 1923 saman med bruk 1.

Bruk 4. Dolve. Utskilt frå bruk 1 i 1877. Banevaktar Olav Nohr kjøpte det 1892, men selde det 1895 til Brynjulv V. Dolve. Lars, son hans, fekk bruket i 1907. To partar vart i 1879 utskilde som bruk 3 og 5. På bruk 4 er skyldi deretter 19 øre.

Bruk 5. Dolve. Utskilt frå bruk 4 i 1879 med skyld 7 øre. Lars Kristofferson Vassenden kjøpte det då og selde det 1892 til Olav Larsson Dolve. Dotteri Hilda selde det i 1908 til Ragnhild Torgeirsdr. Gjukastein f. 1878.

Bruk 6. Dolve. Utskilt frå bruk 1 i 1873 med skyld 69 øre. Brynjulv Velomson kjøpte det av far sin i 1877. Lars, son hans Brynjulv, fekk bruket i 1900. I 1918 er gardsnr. 26, bruk 9 Nyhagen lagt saman med bruk 6. Skyldi er deretter 91 øre. Lars er f. 1875, g. 1904 m. Marta Nilsdr. Gjerstad f. 1881.

--- side 173 ---

Bruk 7. Storerynningen. Utskilt frå bruk 1 i 1873. Marta Samuelsdr. Rue kjøpte det då og selde att 1884 til Olav Larsson Dolve. Ragnhild Torgeirsdr. Gjukastein kjøpte so bruket 1908. Skyldi er 13 øre.

Bruk 8. Kisseldur. Skilt frå bruk 1 i 1873. Velom Brynjulvson selde denne stølsparten i 1873 for 50 spd. til Knut K. Raustad d. e. Sonen Knut fekk halvparten av stølen saman med bruk 2 Raustad, sjå bruk 13 Dolve. Den andre halvparten selde ervingane etter Knut d. e. i 1905 til Johannes J. Vangen. Han selde att 1908 til Lars Brynjulvson Dolve for 200 kronor. Skyld 6 øre etter at bruk 13 er skilt frå.

Bruk 9. Dolve. Utskilt frå bruk 1 i 1868. Skyld mark 1,38. Nils Helgeson Gjerstad kjøpte det i 1868 av Brynjulv Velomson for 535 spd. og selde det 1879 til Mattis Nilsson Giljarhus. Han var f. 1843, g. 1. 1870 m. Guro Bergesdr. Gjerstad, 2. 1874 m. Guro Andersdr. Hæve og døydde 1912. Mattis dreiv mykje med handel av krøter og feitevaror. To born: Nils og Guro f. 1877, g. m. Olav Olavson Aldal. Nils er f. 1875, g. 1903 m. Brita Gusskalksdr. Uppheim, Vestb. og fekk garden i 1910 for 2000 kronor. Han driv krambuhandel der.

Bruk 10. Dolve. Knut Knutson Dolve har 1795 fått skøyte på 2 pund 6 mark som faren, Knut Botolvson, hadde ått i bruket og hadde det til 1811, då Knut Larsson Brekku kjøpte det for 200 riksdalar. Frå presten Jersin fekk Knut bygslebrev på overbygsli i 1811 og Johannes Vikingson Gjerme i 1816. Han kjøpte garden av Knut i 1816 og selde att 1817 til Kolbein Larsson Arhelleren. Han døydde 1818 og enkja etter han, Guri Jonsdr., gifte seg med Nils Andersson, som hadde garden, til han døydde 1832, 63 år gl. Lars Kolbeinson f. 1818, har so havt garden. Sjur Erlingson Jernes fekk skøyte på han i 1860 for 571 spd. Han var fødd på Småbrekku i Bergsdalen 1820, gift med Brita Ivarsdr. og døydde 1899. Sonen Erling f. 1857, g. 1886 m. Sigvor Eiriksdr. Veka, fekk garden i 1889 for 2400 kronor. Deira son Sjur Erlingson f. 1890, g. 1925 m. Ingebjørg Kjelsdr. Gjerme fekk i 1929 garden for 3900 kronor.

Bruk 10 var fyrr mtrnr. 25, lnr. 57 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 3 skill., revidert 1 dalar 1 ort 11 skill. Ny skyld mark 1,88.

Botolv Ivarson f. ikring 1661, umtala ovanfor som leiglending i 1701, var gift med Ragnhild Ingebriktsdr. Ved skifte etter

--- side 174 ---

henne i 1739 er det upplyst at han var død tidlegare. Botolv hadde kjøpt i 1718 av Ditlov Miltzow 1 laup 9 mark og i 1725 1 laup 9 mark av stiftamtsskrivar Svanhielm. Kjøpesummen for det siste var 37 riksdalar. Botolv hadde borni: Ivar, Arnfinn, Ingebrikt, Knut og Kari. Ho var g. m. Eirik Rogne. Arnfinn Botolvson som døydde 1733, hadde vore leiglending i 1730-1733 på 2 laup 18 mark som prestebolet åtte. Ivar Botolvson f. 1697 var gift 1720 med Marta Monsdr. Rekve og er 1736 skriven for Skjerpe. Ingebrikt Botolvson f. 1802 var gift 1723 med Brita Larsdr. Lydvo, døydde 1733 på Lydvo og hadde 4 born. Knut Botolvson var fødd 1698, gifte seg fyrst med Brita Eiriksdr. Lydvo og 1752 med Gudve Knutsdr. Gjelland. Sjå um dei i ætteboki um Dagestadætti. Knut bygsla i 1733 2 laup 1 spann av prestebolet, men fekk 1735 skøyte på farsgarden, 2 laup 1 spann, som han sidan hadde. I 1760 fekk han kongeskøyte på løysningsretten til det for 51 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Knut døydde 1783 og hadde med Gudve borni: Knut, Ragnhild som var gift til Gjerstad med Anders Oddson, Marta, g. m. Steffa Jonson Gjerstad, Botolv, død ugift, Arnfinn, gardmann på Græe, Brita gift til Himle med Nils Larsson.

Knut Knutson f. 1753 var gift fyrst 1782 med Guro Eiriksdotter Nyre og andre venda 1796 med Gjertrud Askjelsdr. Seim. Han døydde 1841. (Dette er truleg den same Knut som er umtala ovanfor.) I 1787 fekk han hjå far sin 1 laup 9 mark og kjøpte sidan 1 pund 3 mark so han åtte ialt 1½ laup som vart bruk 11.

Bruk 11. Dolve. Knut hadde med Guro borni: Gudve, g. m. Knut Jakobson, som vart buande i Bergen, Ragnhild, g. 1811 m. Knut Larsson Brekku, Gullfj., Knut f. 1788, Brita, g. 1823 m. Eirik Andersson Seim. Knut sine born med Gjertrud døydde i ung alder. Knut Knutson f. 1788, fekk farsgarden 1807 og 1811. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen. Knut vart gift 1813 med Ingjerd Johannesdr. Raustad og døydde 1835. Deira born var: Knut, som døydde ugift, Guro f. 1815, Marta, død ugift, Johannes, g. m. Mari Oddsdr. Gjerstad, Kirsti, Gjertrud og Gudve. Dei tri siste reiste til Amerika. Guro vart gift 1839 med Lars Larsson (son åt L. Bergeson Dolve) og dei fekk farsgarden hennar. Borni deira var: Knut f. 1843, Olav, som var skomakar og budde

--- side 175 ---

på Gjermestveitæ, Arnfinn, Kari og Ingjerd. Knut vart gift 1868 med Anna Jonsdr. Hornve. Han bleiv i Vangsvatnet 1874. Ho vart uppattgift med Kjel Olavson Skjervheim i Myrkdalen. Knut hadde fått skøyte på farsgarden i 1868. Ho Anna selde garden 1875 til Knut Larsson Stamnes for 1600 spd. I 1881 selde han att for 6500 kronor til Torstein Larsson Skjelde, som vart buande der. Han var f. 1832, gift 1864 med Marta Oleivsdr. Liland og døydde 1908. Sonen Olav fekk garden i 1897 for 1600 kronor og kår. Han er f. 1865 og gift 1890 med Ragnhild Hallesdr. Gjerstad. Ho har på fleire utstellingar fått premiar for einskjefte. Johannes Knutson Grevle kjøpte 1837 på auksjon den lause landskyldi på dette bruket for 35 spd. Ho har sidan skift eigar nokre gonger til dess Olav Torsteinson kjøpte henne i 1925.

Bruk 11 var fyrr mtrnr. 25, lnr. 58 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67.

Bruk 12. Dolve. Lars Bergeson Dolve f. 1770, nemnd ovanfor, bygsla i 1789 av presten Jersin 2 pund 6 mark, som far åt Lars fyrr hadde havt. Han var gift 1790 med Kari Larsdotter Gjerme og døydde 1826. Dei hadde borni: Jon f. 1793, Lars f. 1798, Torleiv g. 1830 med Ragnhild Josefsdr. Byrkjo. Jon bygsla garden i 1826 og fekk 1852 kongeskøyte på 1 pund 3 mark, som prestebolet åt Domkyrkja i Bergen hadde ått. Kjøpesum 200 spd. og jordavgift 7 skjeppor 2¼ fjerdingkar bygg. Jon gifte seg 1830 med Brita Persdr. Gjerme, og døydde 1852. Ho Brita fekk kongeskøyte i 1858 på 2 pund 6 mark, som Vangens prestebol hadde ått. Kjøpesum 500 spd. og 153 spd. for løysing av jordavgifti. Jon og Brita hadde sonen Lars f. 1832. Johannes Knutson Dolve kjøpte garden i 1859 for 700 spd. Han var f. 1827, gifte seg 1854 med Mari Oddsdr. Gjerstad og døydde 1916. Johannes reiste med kram i sine yngre år. Åtte born: Jon, Knut, Odd, Knut, Per, Ingjerd, Dønåt, Gudve. Jon fekk garden i 1904 for 4000 kronor og kår. Han var f. 1858, g. 1893 m. Marta Knutsdr. Raustad og døydde 1928. Sonen Johannes har no garden.

Bruk 12 var fyrr mtrnr. 25, lnr. 59 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,09.

Bruk 13. Kisseldur. Skilt frå bruk 8 i 1926 med skyld 5 øre. Eigedomen har fylgt med bruk 2 Raustad.

--- side 176 ---

Husmenn.

Nils Torkjelson og Kari Sjursdr., kona hans, har fått seg husmannsplass på Dolve etter 1723. Nils døydde 1739. Ho Kari levde att. Olav Jonson frå Hosanger, g. m. Ingebjørg Ivarsdr. hadde plasset Løype på bruk 11. Olav døydde 1905, 74 år gl. No er det ikkje noko plass.

Støl.

Stølen var i 1723 ¼ mil frå garden heiter det i 1723. No er det vårstøl på Bjødnavad og sumarsstøl på Kisseldur åt bruk 6, 10, 11, 12. Bruk 1, 2, 3 selde stølen til Knut Raustad og Johannes Vangen.

Offentlege forretningar.

Dolve hadde sak mot Mølster og fleire um stølsbeite i 1683, åstadsak mot Brekku og fleire i 1759, utskifting 1814, semje med Gjukastein og Byrkjo um gjerde i 1852, åstadsak 1850 og 1851, uppgang av merki 1888 og utskifting 1892. To av bruki laut då flytta husi sine.

Bumerke.

Olav 1715 tavle 2 nr. 10. Merket er snutt på ymse måtar i 1715, 1719, 1720 og 1721. Knut Botolvson 1733- 1746 t. 2 nr. 11. Nils 1736 t. 2 nr. 12. Berge 1766 t. 2 nr. 13. Seglet hans har i 1758 bokstavane B T S og nedunder er bumerket med ei stjerne på kvar side.