224. Dymbe.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 387 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Dymbini og i Dymbinn. Det vert no sagt Dỳmbè2; han búr pao, è tao Dỳmbè, ska tì Dỳmbés, sms. Dỳmbésflòt'n. Namnet er samansett med vin

--- side 388 ---

(beite). Fyrelekken er dumbr adj., her truleg med tydingi myrk: «det myrke beite» (jfr. Gjelle).

Dymbe hadde 1661 ein brukar, 1½ laup i skyld og turvande brennefang. I 1723 var det og ein brukar, men skyldi var då høgda til 1 laup 2½ pund. Dei hadde humlagard og noko lite vedaskog. Garden var årvand og tungbrukt. I 1777 var skyldi 2 laup som 1838 vart umskrivi til 7 dalar 4 ort 4 skill. Der var vassfall, neverskog og det dei hadde bruk for av vedaskog. Samanlikningstalet var 1180.

I matrikkelen 1865 er ført upp 26 mål åker, 6 mål dyrka eng, 26 mål god, 60 mål medels natureng og 40 mål skrapebø. 4 mål høvde til dyrking. Ring hamnegang, turvande vedaskog og namn til timber. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 28,5 mål åker, 39 mål kunsteng og 5,5 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 21 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Dymbe.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   12          
1723 1   19   12   16 ½    
1865 2   20   46   66   40  
1918 3   17   39          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 2 laup på Dymbe. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 1 hud og 1 laup smør i landskyld. Oluf var leiglending i 1591 og 1611. I leidangsboki 1624 er leidangen ført upp med 10 merker smør og 1 geitskinn. Bård Tomson er ofte skriven som leiglending 1603-1645. Han var g. fyre 1645 m. Ingjerd og hadde borni Anders og Marta. Vangens prestebol er skrive som eigar av 1½ laup 1652-1661 og lenger.

Lasse var leiglending 1621, Laurits 1652, 1657 og 1659, Åsa i 1655 og Laurits Bårdson 1661, 1664 og 1671. Han var lagrettemann i 1671. Knut var tenestedreng i 1655. Dymbe er ført under Apostelgodset i 1676 og 1680 med 2 laup i skyld. Prestebolet har ått heile garden etter 1661 og til ut i 1800-talet. Skyldi er ført upp med 2 laup i 1691 og 1695, 1½ laup i 1714 og

--- side 389 ---

1 laup 2½ pund i 1723. Lars og Sjur var leiglendingar 1691, og Sjur og ei enkje i 1695.

Sjur Nilsson er skriven som leiglending ved folketeljingi 1701. Sjur har fått ny festesetel frå soknepresten i 1721. I 1723 var han lagrettemann ved matrikuleringi. Han var f. 1661, døydde 1745 og hadde tri born: Nils f. 1684, g. 1716 m. Guri Sjursdr. Himle, busett på Himle, Bård f. 1686, død ugift 1765 og Anna g. 1728 m. Anders Sveinson Fære, skriven for Dymbe i


Dymbe
Bilete 46. Dymbe. Fot. P. Braaten 1937.

1765. Sjur sa upp 2 pund 6 mark i 1728 som versonen Anders fekk, og i 1733 bygsla han 3 spann. Anders døydde 1769, 66½ år gl. og Anna 1779, 80 ¼ år gl. barnlause. Sjur var bror åt Steffa, Hovda.

Lars Olavson Ronve bygsla 1748 1½ laup. Han var g. m. Rannveig Nilsdr. og fekk tolv born: Marta f. 1749, g. m. Nils Torleivson Haugo, Guri f. 1750, g. m, Eirik Larsson Tillung, Ragnhild f. 1751, g. m. Torstein Larsson, husmann på Jeraldsteigen, Marta d. y. f. 1754, g. 1796 m. Arne Eirikson Vinsand, Ingebjørg f. 1756, g. 1790 m. Olav Eirikson Himle, kjøpte gard på Kinne, Rannveig f. 1754, død 1800, Olav f. 1759, Anna f. 1761, g. 1794 m. Rasmus Person Kvitno, skriven for Vassenden

--- side 390 ---

i 1801, Brita f. 1763, Gudve f. 1765, g. 1796 m. Jon Eirikson Vinsand, sjå bruk 2, Nils f. 1768, g. 1794 m. Guri Sjursdr. Kvitno og Anders f. 1772, g. 1814 m. Torbjørg Bjarnesdr. Rue. Det er tilført 1785 i kyrkjeboki at Nils Larsson var «konfirmeret bekvem til skoleholder». Dei fekk 1795 dotteri Rannveig. Lars døydde 1780, 59 år gl. og Rannveig, kona hans 1814, 85 år gl. Olav bygsla 1 laup, bruk 1, og verbroren Jon Eirikson 1 laup i 1695 som vart bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Dymbe. Vangens prestebol var eigar, og Olav Larsson vart leiglending. Han gifte seg 1789 m. Marta Arnbjørnsdr. Haugo. Olav skulde vera mykje lovkunnig. Når nokon kom i ugreide, kom dei til han for å få hjelp til å ordna det. Han vart difor kalla «den allmektige Dymben». Olav og Marta fekk tri born: Lars f. 1789, Arnbjørn f. 1791, g. 1826 m. Ingjerd Eiriksdr. Himle, skriven for Himle 1836 og 1855, og Nils f. 1797, g. 1827 m. Rannveig Jonsdr. Dymbe. Marta døydde 1836, 72 år gl. og Olav 1839, 80 år gl. Lars bygsla garden i 1823, gifte seg 1. 1819 m. Ingjerd Oddsdr. Himle, 2. 1828 m. Anna Nilsdr. Nesthus og fekk sonen Odd f. 1821, g. 1853 m. Guro Isaksdr. Nyre, sjå bruk 1 Sonve. Anna døydde 1829 og Lars 1831.

Brørne Lars og Torleiv Larssøner Dolve fekk 1832 kongeskøyte på bruk 1. Bruket vart då pålagt jordavgift 1 tunne 5 skjeppor 2½ fjerdingkar bygg. Torleiv var g. 1830 m. Ragnhild Josefsdr. Byrkjo og fekk på Dymbe borni Gudleik f. 1839 og Nils f. 1842. Lars var g. 1839 m. Guro Knutsdr. Dolve. Brynjulv Person Medås kjøpte 1844 garden for 600 spd. Han var g. m. Gjertrud Eiriksdr. Brynjulv selde garden 1864 til Ingebjørg Larsdr. Uthus for 870 spd. og døydde 1869, 75 år gl. Gjertrud døydde 1877, 73 år gl. Dei hadde sju born: Lars f. 1828, g. 1. 1856 m. enkja Brita Nilsdr. Vele, 2. 1869 m. Soffi Sjursdr. Rong, budde på Vele og seinare på Vangen, Per Haugen, Granvin f. 1845, Ingebjørg Haugen, Granvin, Rannveig, Ingeleiv, Anna f. 1838, død ugift 1920 og Brita f. 1848. Lars Uthus, far hennar Ingebjørg, var det som styrde garden. Han er umtala på Stuarjo der han budde ei tid. I 1866 bytte Ingebjørg med Viking Bårdson uti Selje, Vossastrondi. Han er umtala på Rue.

Per Nilsson Steine kjøpte garden i 1867. Han var f. 1834, g. 1860 m. Anna Gudleiksdr. Holo, Vossastrondi. Per dyrka

--- side 391 ---

mykje på garden, ol seg til framifrå gode krøter og stjorna betre enn folk flest. Som kraftfor brukte han drank laga av malt, potetor og myse. Frå Røldal kjøpte han ein okse som fleire gonger fekk fyrste premie. Der var 11 salsåer åker då Per kom der, og han avla fyrste åri ikring 40 tunnor korn, men la snart att noko til eng. Per selde mjølki på Vangen og hadde ei tid utsal der. For å få mjølki heim frå stølen Roset, la han løypestreng dit. Per var kunnande både med tre- og jarnarbeid og dreiv mykje både som skreddar- og skomakar. Karahuor sydde han mykje og selde hjå handelsmennene på Vangen. God var han og til å lækja dyr. I sine unge dagar reiste han med kram. Anna døydde 1916 og Per 1924 og hadde ni born: Ingebjørg f. 1861, Nils f. 1862, g. 1890 m. Kristi Styrksdr. Midtun, sjå bruk 11 av Indre Haugo, Gudleik f. 1864, Olav f. 1866, g. 1893 m. Brita Larsdr. Eimstad, sjå bruk 6 Eimstad, Brita f. 1868, g. 1890 m. Sjur Larsson Grimastad, Marta f. 1872, g. 1893 m. Eirik Larsson Grimastad, Anna f. 1875, g. 1895 m. Anders Johannesson Liland, Synneva f. 1877, Sjur f. 1880, g. 1906 m. Olina Hermannsdr. Vele, sjå bruk 24 av Ytre Haugo.

Gudleik Person vart g. 1. 1890 m. Guri Mikkjelsdr. Setre, 2. 1922 m. Ingebjørg Knutsdr. Hyrt. Han fekk 1910 skøyte frå far sin på garden for 4500 kronor, selde att 1919 til Johannes Ivarson Bindingsbø for 21000 kronor, og bur no på bruk 3 Seim, Gullfj. Per L. Jordal kjøpte so garden i 1921, men let han etter odelssøknad 1924 til Per Larsson Dymbe for 17000 kronor. Han hadde 1912 kjøpt bruk 3 av bestefar sin, Per Nilsson. Per Larsson er f. 1886, har gått på Hjeltnes Hagebruksskule og Norsk Kunsthandverksskule, har vore heradsgartnar i Vardal og på Voss og er krinssekretær i Voss krins av Noregs Bondelag sidan 1920. Var med og skipa Voss Hagebrukslag der han er formann. Styresmedlem i Voss Fjørfelag og Voss Mållag. Var den fyrste som tok til med kulturbeite på Voss.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 226, lnr. 447 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 14 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,24.

Bruk 2. Dymbe. Vangens prestebol åtte det, og Jon Eirikson bygsla det i 1795. Han var som fyrr nemnt g. 1796 m. Gudve Larsdr. Dymbe f. 1765. Dei fekk dotteri Rannveig f. 1803. Jon døydde 1843, 77 år gl. og Gudve 1838, 74 år gl. Rannveig gifte seg 1827 m. Nils Olavson Dymbe, som 1826 bygsla garden. Han dyrka mykje nyland og bygde nye hus. Stova hans skulde

--- side 392 ---

vera millom dei fyrste tohøgda husi på Voss og vart ofte kalla slottet. Nils var kunnig med alt slags arbeid og gjorde sjølv mykje av arbeidet med husebyggjingi. I 1836 vart han presten sin medhjelpar. Dei fekk tri born: Anna f. 1828, g. 1853 m. Tomas Helgeson frå Eidfjord, sjå på Himleshagen, Lars f. 1832 og Marta f. 1837, død ugift 1909. Nils døydde 1839, 43 år gl. og Rannveig 1856.

Lars Nilsson gifte seg 1874 m. Torbjørg Larsdr. Tesdal f. 1850. Han fekk 1857 kongeskøyte på garden for 900 spd. og jordavgift 1 tunne 5 skjeppor 2½ fjerdingkar bygg. Lars dyrka mykje på garden og var ført med ymse slags arbeid. Ei tid reiste han med kram i Hardangerbygdene. Han selde 1891 garden til Ivar Vikingson Selje og døydde 1908 barnlaus. Ivar gifte seg med Brita Persdr. Taulen og fekk borni: Ingebjørg, g. m. Oddmund Torson frå Øyer, Gudbrandsdalen, busette i Oslo, Brita, Per (Amerika), Lars f. 1890, Ivar f. 1894 (Amerika), Vilhelm f. 1898, g. m. Anna Midtbø, huseigar ved Rognsbakkane på Vangen, Knut f. 1901, g. 1923 m. Ragnhild Gustavsdr., bur på Dukstad, Sjur f. 1904 (Amerika). Ivar selde garden 1925 til Knut K. Farestveit for 21000 kronor. Ivar var mange år paktar i Prestegarden til han 1926 kjøpte gard på Dukstad. Knut er g. m. Ågota Otterstad, båe er or Modalen. Han har vore styrar av ymse handelslag. Har på Voss vore med i heradsstyret, jordstyret, forliksrådet og prestegardstilsynet. Elleve born.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 226, lnr. 448 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Haugasund. Utskilt 1910 frå bruk 1 med skyld 50 øre. Per Nilsson bygde og budde der etter at han let bruk 1. Dottersonen Per Larsson kjøpte det i 1912 for 1000 kronor.

Stølen.

Til støls var det ¼ mil er det sagt i 1723. Stølen heiter Roset og er i bruk.

Kvern.

I 1723, 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. Bruk 1 hadde kvern til ikring 1895 ved Dymbesbykse, der Rueselvæ renn ut i Bordalselvæ. Ei snjogyrja tok ikring 1837 kvernhuset på bruk 2.

Offentlege forretningar.

Semje 1816 med Tillung um merke. Åstadsak 1817 mot Tillung. Godviljug utskifting 1815, 1841 og 1877. Utskifting 1882. Bruk 1 flytte husi sine etter denne utskiftingen.

Bumerke.

Sjur 1710 tavle 9 nr. 6. Ein part av dette merke brukte han 1713 og 1724 og eit anna merke i 1728. Anders mange gonger 1739-1761 t. 2 nr. 64. Lars 1762 t. 9 nr. 7.

--- side 393 ---

Ymse.

I 1860-åri budde der ein smed Olav Mikkjelson f. 1793, g. m. Guri Gusskalksdr. f. 1795. - I gamle dagar då det berre budde ein mann på Dymbe, skulde han eiga alt millom Ruesgroæ og Tveitagroæ er det fortalt. - Bøjagarden skal i eldre tid ha gått etter hamrane um Kleivæ og utgjenom etter Røvstegsvegen. Seinare vart gjerdet flytt ovanum Flatane der det syner etter det. Ikring 1880 er so gjerdet flytt upp der det no er. - Utanfor kårastova hans Lars Nilsson skal ha vore kalvatræde og smalatræde. Det var so fælt med bjørn dei tider og stundom kom han heim og jagde smalen or trædet deira.