2. Eide.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 26 ---

Namnet vert 1342 skrive a Eidi. Det vert no sagt Eié; han bur pao, è tao Eié, ska tì Eiés, sms. Eiéshajén. Det er same ordet som eit eide, gn. eiði n. = eid n., og er upphavleg og enno namn på vegstykket frå garden Eide gjenom Eideshagen til Geitle i Evanger.

Eide var heil gard, skriv Landkommisjonen 1661. Der var timberskog og vedaskog til garden, noko «ringe» fiske um


Eide.
Bilete 3. Eide. Fot. Ludv. Bru 1919.

hausten og ein liten humlagard. Den samla skyldi er ført upp med 5 laup 1 pund 4 mark, medan upprekningi for dei einskilde eigarar syner 5 laup 2 pund 16 mark. I 1723 er skyldi 5 laup 1 pund 18 mark. Då er det skog til husvølingar og turvande vedaskog, ikkje fiske, to flaumkvernar og der var humlagard til husbruk. Garden var lettvinn og hadde medels jordkynd. Eide var postgard både i 1701 og 1723 og truleg i lang tid både fyrr og seinare. I 1776 og 1791 var det 2 kvernar. Eide fekk samanlikningstalet 2050 ved matrikkeleringi i 1830-åri. Vidare er då tilført at der var vedaskog og unøydes fureskog til sal. Dessutan laksefiske og turvande kvernbruk. Skyldi var den

--- side 27 ---

same som i 1723, men er 1838 umskrivi til 13 dalar 2 ort 23 skill. På bruk 2 var ein husmannsplass. Av ei rettssak i 1711 ser me at Eide hadde båtnaust på Vassenden.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 27,5 mål åker, 20 mål dyrka eng, 54,5 mål god og 50 mål medels natureng og 45,5 mål skrapebø. 8 mål var høvelegt til uppdyrking. Medels hamnegang, skog til husbruk, timberskog til sal for 59 spd. årleg, medels lettbrukt og vanleg godt dyrka. Årleg innkome av fiske 20 spd. på bruk 2, men ikkje noko på bruk 1.

I 1918 var det etter uppteljingi 38,25 mål open åker, 22 mål kunsteng og 102,4 mål natureng.

Folketalet på Eide var i 1801 23, i 1865 47 og i 1920 36.

Fødnad og avling (i tunnor) på Eide.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 27 31
1723 4 40 30 40
1865 5 39 109 91 ,3 93
1918 12 31 72

Den fyrste mannen på Eide me har namn på, er Sigurdr a Eidi, nemnd 1342 i eit brev i Diplomatarium Norvegicum um vegarbeidet på Voss. Bjørgynjar Kalfskinn fortel at Vangens prestebol åtte 2 laup i Eide. Tradisjonen segjer at den fyrste mannen som vart buande på Eide etter Svartedauen, skulde vera ein halling som heitte Gusskalk. I brev av 19. desember 1446 kunngjer Sune Eriksen, sokneprest på Voss, og fem lagrettemenn at fyre jol hadde hustru Gjertrud Jakobsdr. på Vangen ført tri vitne for kongen sin umbodsmann, Erik Thorgilson. Dei vitna at Sigurd Anbjørnson på Hernes åtte og hadde etter far sin ervt 3 mmb. i «Hoos-Aaen og paa Hoos-Landet med Fiskeri og Garnpladse», som der nærmare er umtala. Sigurd selde dei 3 mmb. til hustru Åsa Håvardsdr.

Askjel Torsteinson (truleg far til «Rike-Torstein» på Bjørku) og Eirik Torgilsson kunngjer 10. mars 1447 at dei var på Eide og såg og høyrde at Magnus Hogenskjold og Gjertrud Jakobsdr. på eine sida og Arnbjørn Eirikson på den andre vart samde um at Hogenskjold og Gjertrud og hennar ætt «skal have og besidde saameget fiskeret, som de eie og har besiddet på Ho-

--- side 28 ---

Landet og paa Eides-Landet, og dertil at hugge al Kyrringveden i Eideskogen». Med Hoos-Aaen og Hoos-Landet må vera meint elvi og landet i Ho.

Miltzow fortel i si Prestehistorie, at ikring 1454 «levede blandt os Magnus Hogenskjold fra Eide, som viste sig meget gavmild mod sin fødebygds kirke og hvis forfædre havde gjort sig meget fortjent under kong Haakon og hans efterfølgere». Um Hogenskjold har butt på Eide, som sume har sagt, er vel uvisst. Sjå elles um han på Finne i band 1. - Brev av 26. mars 1653 fortel at Ragna Eiriksdr., g. m. Viking Simonson Bø, ved skifte 21. oktober 1652 fekk noko jordgods i Eide.

I manntalet 1521 er Mattis på Eide og drengen Torgers førde upp og skulde båe tilsaman betala 6½ lodd 1½ kvintin sylv og 2 mark 2 skill. i skatt og 8 mark i breffbrot. Likeins 2 mark for mor hans (truleg Mattis si). Torall på Eide betalte 16 lodd sylv i skatt. I 1585 var presten si landskyld av Eide 3 såld korn og ½ laup smør. Jordboki av 1563 syner at då budde Byrrie (Berge) på Eide, og drengen Bjarne tente for halv løn. Berge er nemnd som leiglending på garden i 1603 og 1611 saman med Olav, men i 1614 er Olav brukar åleine.

Hermann er brukar 1621 og betalte 1 dalar i leiglendingskatt. Per tente for halv løn. Anders Olde åtte då 2 laup 4 mark i Eide, Eirik Norheim 2 pund, Jon Vinsand 1 pund og Toris Glymme noko. Leidangsboki syner at det i 1624 var 1½ spann smør, 1 bukkskinn og 1 kalvskinn i leidang av Eide. Um garden er i boki sagt at han var «god til avl og havde liden laksefiskeri». Guri var leiglending. Ho var einaste brukar i 1635 av 5 laup 2 pund og betalte garnisonsskatt 3½ ort 6 skill. og penningsskatt 1 dalar. Ivar Eide er brukar i 1640 og Velom Nilsson, g. m. Ågota, i 1645. Dordei er då huskone og Kari tenestgjente. Johannes Seve eig 2 pund i Eide i 1652, Viking Ygre ½ laup i 1655, Viking Ygre og Gyri Rekve kvar eit pund i 1659. Mattis Eide er i 1660 frigjeven som soldat. Me kann ikkje sjå noko um at han har vore brukar på garden.

Finnegodset åtte i 1647-48 ½ laup i Eideselvi, men der var då ingen brukar som betalte landskyld. Kongen skøytte i 1648 til Hannibal Sehested laksefangsten ½ laup av Giskegodset. Ved makeskifte i 1649 med kongen fekk Sehested leidangen av Apostelgodset i Eide ½ laup smør, 1 bukkskinn og 1 kalvskinn. Sehested åtte i 1650 2½ laup 8 mark i Eide

--- side 29 ---

etter makebyte med kruna. Etter kongeskøytet åtte Sehested ogso ½ laup, som i gamle dagar var for ein liten holme i elvi. For mange år sidan hadde elvi rive burt holmen, og landskyld var ikkje betalt, vart det upplyst ved tingsvitne. På denne eigedomen var det ½ laup smør, 2 bukkskinn og 1 kalvskinn i leidang, 2½ dalar 102/3 skill. i skatt, 2½ ort 25/6 skill. i fornødspengar, 2½ ort 25/6 skill. arbeidspengar og 3 ort 11½ skill. i avgift til jordeigaren. Voss prestebol åtte då 2 laup, og bøndene 16 mark i Eide.

Hannibal laut i 1651 skøyta att til kruna dei 2½ laup 8 mark som han hadde fått. Gabriel Marselis fekk so skøyte på det frå kongen i 1657. I Skattemanntalet 1657 over Finnegodset står at det åtte 5 laup i Eide. Velom var leiglending. Folkvard Broderson let til kongen ved makebyte i 1649 noko i Eide saman med anna jordgods og fekk att Gravdal gard og myln.

Landkommisjonen skriv 1661 at Voss prestebol åtte 2 laup med bygsel, Finnegodset 3 laup og bondegods 2 pund 16 mark. Velom Nilsson var leiglending då og til etter 1695. Åmund Andersson f. 1649 var tenestedreng i 1664. Eigarane i 1676 var Finnegodset av 5 laup 1 pund 4 mark, Sjur Hylle 1 pund og Klas Miltzow 1 pund. I 1691 åtte Klas Miltzow 2½ laup 8 mark, Vangens prestebol 2 laup 1 pund 9 mark, brukarane 8 mark og Sjur Hylle 1 spann. Leiglendingane var Velom og sonen Gusskalk som kvar hadde halvparten av garden. Matrikkelen 1695 har desse eigarar: Prestebolet 2 laup 14 mark, Ingjerd Miltzow 1 pund, mag. Jens Kielderup (Schielderup?) 2½ laup 8 mark, Sjur Hylle 1 pund og Rasmus Rokne 8 mark. Velom var då og brukar av halve garden. Han åtte dessutan 1 pund i Hatlestad (Bergsdalen).

Sokneprest Henrik Miltzow stemnde i 1662 Velom Eide for landskyld og tredjetage av øydejordi Ho og la fram åstadbrev frå 6 mann, futen og skrivaren, dagsett 1634. Då var røkt etter m. a. kva kvar luteigar åtte, landskyld o. m. Miltzow la vidare fram presten Buck si jordbok, som synte at landskyldi var 2 laup og dertil 2 mmb. i Ho. Dessutan åtte Rannveig Olavsdr. Olde 2 laup og 1 aske korn (selt til Isak Lunde), Giskegodset ½ laup, Endre Seve ½ pund, Isak Lunde (kjøpt av Jon Mutuen) 1 pund og Arnbjørn Gjerde 1 pund 1 mmb. og 1 aske korn. Alt dette samanlagt var landskyldi av Eide og Ho. Framlagt vart og ein 12-manns dom av 26. juni 1620

--- side 30 ---

som synte at prestebolet då åtte 2 laup i Eide og dessutan 1 mmb. i Ho. Velom sa at han hadde fest garden, visste ikkje um domen og hadde i 19 år betalt landskyldi for Eide utan at Miltzow hadde kravt noko meir. Velom vart dømd til å betala.

Velom sin son Gusskalk var leiglending 1691 på halve Eide til han døydde 1699. Han var gift med Synneva Persdr. som døydde 1746, 81 år gamal. Dei åtte 1 pund i Hatlestad. Gusskalk var postbonde i 1690-åri med løn 2 rd. 4 mark og fekk noko avkorting i skatten. Han Velom, far hans Gusskalk, var postbonde i 1680-åri og fekk då avkorting i skatten 2 spann smør og 2 bukkskinn. Ikring 1716 var Nils Eide postbonde med løn 2 rd. 4 mark og munderingspengar 5 mark 3 skill. for året. Ved skifte etter Gusskalk var m. a.: ei sylvskål verdsett til 4 riksdalar, eit sylvbelte 4 rd., ei byrse 2 rd. Gusskalk og Synneva hadde desse seks borni: Velom f. 1692, Guro f. 1685 (var enkje i 1746), Anna f. 1687, g. m. Arne, Brita f. 1690, g. m. Eiliv Flògo, Ågota f. 1695, g. m. Mons Larsson Tveito, og Kari f. 1697, g. m. Olav Uppheim, Vestb.

Ho Synneva vart gift uppatt med Nils Larsson, truleg frå Staup, f. 1680. Dei fekk skøyte i 1700 og 1704 på 3 laup 1 pund 4 mark og brukte heile garden. Ved skifte etter Nils 1737 var bruttomidelen 686 rd. Nils og Synneva hadde fire born: Gusskalk f. 1707 (sjå bruk 2), Ragnhild g. m. Anders Mikkjelson Lid, Kv., Ingebjørg gift til Mølster med Mattis Bjarneson, og Kari, g. m. Knut Person Seim. Frå no av vert det to gardbrukarlinor på Eide, bruk 1 og 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Eide. Fyrrnemnde Velom Gusskalkson, som var fødd 1692, gifte seg 1712 med Rannveig Bjarnesdr. Mølster og døydde 1746. Han tente seg fri frå militærtenesta som postdreng på Eide. Sokneprest Weinwich feste i 1712 til Velom 2 laup 9 mark i Eide og ½ pund i Kolle. Av mor si bygsla Velom i 1738 1 laup 2 pund 4½ mark i Eide og kjøpte av dette i 1742 2 pund 14½ mark, som ved skifte i 1746 vart verdsett 125 rd. Han åtte og 1 pund i Hatlestad. Velom og Rannveig sine born var: Gusskalk f. 1710, Bjarne f. 1723 (kom til Røte), Guri (g. m. 1. Nils Olavson Dolve, 2. m. Lars Bø), Brita (g. m. korporal Per Ivarson Rekve), Anna f. 1726 (g. m. Anders Andersson Vestrheim på Store Røte), Sigvor f. 1728 (g. m. Eiliv Johannes-

--- side 31 ---

son Berge). Ervingane etter Velom selde dei 2 pund 14½ mark han hadde kjøpt, til Knut Gusskalkson.

I 1739 har Velom late halvparten av det bygsla prestegodset til Gusskalk, son sin, som hadde det til han døydde 1743. Han var g. m. Barbrå Oddsdr. Hatlestad og hadde dotteri Ingebjørg f. 1742. Ho Barbrå gifte seg att 1744 med Hermund Ivarson Helleve f. 1707, død 1749.

Torstein Hermundson Røte er vorten leiglending på prestegodset 1750. Han var gift fyrst med enkja Barbrå Oddsdr. nemnd ovanfor, deretter 1762 med Steinvor Kristensdr. Rogne og 3dje gong 1777 med Gudve Knutsdr. Berge. (Meir um dei i ætteboki Lidætti, nr. 178.) Torstein døydde 1783, 64 år gl. Ho Barbrå hadde som fyrr nemnt fyrst vore gift med Gusskalk Velomson og i 1744 med Hermund Ivarson, som døydde 1749. Han har og vore leiglending på prestegodset på Eide.

Nils Knutson vart leiglending på prestegodset etter Torstein. Nils var soneson åt fyrnemnde Gusskalk Nilsson, fødd 1707. Nils Knutson var fødd 1763, gifte seg 1787 med enkja Gudve Knutsdr. Eide og i 1787 med Brita Knutsdr. Finne. Nils hadde born berre med henne Brita: Knut f. 1800, død 1819, Nils f. 1803, Gudve f. 1805, gift til Veka med Knut Eirikson, Anna f. 1810, død ugift, Kirsti f. 1813, gift til Flògo med Berge Monsson, Olav f. 1816, g. m. Gudve Andersdr. Skjerven, Evanger, Knut d. e. f. 1820, død i Nordfjord, Knut d. y. f. 1822, g. m. Anna Gusskalksdr. Ronve.

Nils Nilsson som var fødd 1803, gifte seg med Kristi Johannesdr. Lisseim og døydde 1881. Han bygsla i 1827 garden med stølen på Indre Kolle som var Voss prestebolgods og fekk i 1859 kongeskøyte på det. Dei hadde sju born: Nils f. 1833, Johannes f. 1835 kom til Rekve, Knut d. e. f. 1838 var skulemeister og kom til Gjerstad, Brita f. 1842, g. m. Johannes Torsteinson Dagestad, husmann i Eideshagen, Marta f. 1845, Olav f. 1847 var skulemeister og gardmann ei tid på Himle, Knut d. y. f. 1850, kjøpmann i Vatsøy.

Den eldste av borni, Nils, fekk garden på Eide med Indre Kolle. Nils var gift med Sisselja Ivarsdr. Bø og døydde 1914. Deira born var: Nils, Kristi, Ivar, Olav, Ingjerd, Johannes, Sisselja, Nils og Ragnhild, fødde 1862-1885. Eldste sonen Nils f. 1862 gifte seg med Helga Varberg frå Vardøy, var ei tid kjøpmann i Vardøy, men har sidan styrt farsgarden. Deira

--- side 32 ---

son Nils fekk skøyte frå bestefaren i 1896 på bruk 1. Broren Anders fekk garden i 1921. I 1893 vart skilt frå bruk 3, i 1896 bruk 4, i 1899 bruk 6 og 1916 bruk 8.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 2, lnr. 3, med gamal skyld 2 laup 9 mark, urevidert skyld 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 5 dalar 16 skill. Etter at bruk 3, 4, 6, 8 og 9 er fråskilde, er skyldi på bruk 1 no mark 2,88.

Bruk 2. Eide. Fyrr nemnde Gusskalk Nilsson fødd 1707 var gift med Anna Knutsdr. Raustad og døydde 1735. Ho Anna gifte seg andre gongen med Knut Oddson Sonve og tridje gongen med Torbjørn Sjurson Vike, som budde på Tvilde. Gusskalk fekk 1 laup 2 pund 4½ mark i farsgarden Eide i 1733 og hadde sonen Knut, f. 1734.

Knut fekk ved skifte etter far sin det som han åtte i garden og kjøpte i 1751 av ervingane etter Velom Gusskalkson 2 pund 14½ mark. 14 mark kjøpte Knut i 1755 og noko i 1762 og åtte då ialt 2 laup 2 pund 11½ mark i Eide. Han kjøpte i 1760 løysningsretten til 2½ laup 8 mark for 286 rd. G. Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Ved skifte etter Knut i 1780 var jordgodset verdsett 652 rd. 3 mark. Bruttomidelen var 917 rd. Knut var gift med Anna Olavsdr. Liland og døydde 1780. Dei hadde åtte born: Gusskalk f. 1762, Nils f. 1763, Lars f. 1765, Sjur f. 1768, Olav f. 1772, David f. 1776, Knut f. 1780 og Guro f. 1770. Nils var fyrst gift 1787 m. Gudve Knutsdr. Eide og sidan i 1799 m. Brita Knutsdr. Finne. Lars gifte seg 1794 m. Barbrå Olavsdr. Geitle. David var g. 1808 m. Brita Andersdr. Berge. Guro gifte seg med Olav Ivarson Nedre Skjerven.

Eldste sonen Gusskalk Knutson fekk skøyte på garden 1789, 1792 og 1793. Det var ialt 3 laup 1 pund 9 mark. I 1811 kjøpte han stølsbeitet Torvneset på Småbrekku i Bergsdalen. Ved skifte etter Gusskalk var alt jordgodset verdsett 1000 spd. og skogen 200 spd. Han var gift med Margreta Knutsdr. Finne, døydde 1825, og hadde sju born: Knut d. e. f. 1801, Olav f. 1804, gift til Liland, Nils f. 1806, gift til Flògo med Kari Monsdr., Knut d. y. f. 1813, død i borgarkrigen i U. S. A., Anna f. 1796, gift til Lydvo med Mass Eirikson, Kirsti f. 1799, gift til Veka med Lars Eirikson, Brita f. 1809, gift til Finne med Knut Klasson.

Eldste sonen Knut Gusskalkson fekk i 1839 skøyte frå mori og syskini på farsgarden for 1100 spd. Knut var gift fyrst med

--- side 33 ---

Brita Knutsdr. Røte, andre gongen 1842 med Brita Johannesdr. Hovda og døydde 1885. Med fyrste kona hadde Knut dotteri Margreta f. 1832, og med andre kona tri born: Brita d. e. f. 1845, Brita d. y. f. 1848, gift til Seim, Viki, med Nils Eirikson, Anna f. 1850, gift til Seim med Olav Nilsson.

Eldste dotteri Margreta vart gift 1860 med Ivar Ivarson Bø. Dei fekk garden i 1864 for 900 spd. Ho Margreta døydde 1904 og han Ivar 1910. Dei hadde sonen Ivar f. 1868. Han og halvbroren Gusskalk Steffason, som var son hennar Margreta, fekk kjøpekontrakt på garden i 1905. Ivar Ivarson gifte seg med Elisabet Hansdr. Såkvitno og døydde 1922. Gusskalk f. 1856 var gift med Ingebjørg Gusskalksdr. Uppheim og døydde 1922. Ho fekk i 1923 skøyte frå buet etter Ivar på hans part i garden for 3750 kronor.

Bruk 2 hadde laksekjer i Buldringsfossen. Um lag 1880 datt det ein stor stein ned or Klevabergje, knuste kjeret og vart liggjande midt i elvi. Steinen har sidan vorte heitande «Storesteidn». Eidesmannen bygde nytt kjer på Eidessida åt steinen og fiska svært godt i det til dess ein flaum tok kjeret. Sidan har det ikkje vorte bygt upp att. Fleire gonger har det vore sak um dette kjeret. Fyrr Storesteidn kom, var det sterk dun frå Buldringsfossen når elvi var stor. «Han gaula fælt Buldringsfossen idag,» sa dei. Buldringshølen er straks nedanfor Storesteidn.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 2, lnr. 4 med gamal skyld 3 laup 1 pund 9 mark, urevidert skyld 8 dalar 4 ort 18 skill., revidert 8 dalar 14 skill. Ny skyld etter at bruk 5 er fråskilt i 1899 mark 11,29. Dertil kjem for Torvneset 42 øre og for Eidesteigen i Evanger 6 øre.

Bruk 3. Eide. Det er skilt frå bruk 1 i 1893 og gjeld fiskerett som Mr. Sturdy i London kjøpte i 1894 av Nils Eide for 6000 kronor. Sturdy hadde leigt fiskeretten sidan 1874. Sturdy selde det i 1906 saman med fleire bruk for 90625 kronor til Mr. Henry Charrington, som i 1913 let det til Mr. Percy Barlow for 5400 engelske pund. Skyldi er mark 1,08.

Bruk 4. Eide, skilt frå bruk 1 i 1896 og selt av eigaren Nils Nilsson til sonen Johannes i 1896. I 1902 er skilt frå bruk 8, i 1911 bruk 7, i 1922 bruk 10 og 11. Nils Johannesson Eide fekk bruk 4 i 1922. Skyldi på det er no mark 2,56 etter at bruk 11 er skilt frå. Til dette bruket høyrer bruk 3 på Indre Kolle. Heile eigedomen er i 1934 seld til Dagfinn Nesheim.

--- side 34 ---

Bruk 5. Ho, skilt frå bruk 2 i 1899. Det er rettar i Torfinno som Ivar Eide selde til brukseigar W. Konow for 1000 kronor og årleg avgift 50 kronor frå den tid retten vert teken i bruk. Skyldi er 5 øre.

Bruk 6. Torfinno, utskilt frå bruk. 1 i 1899. Det er vassrett i Torfinno som vart selt til W. Konow for kr. 100,00 i 1901. Bergen og Voss kommunar fekk skøyte på bruk 6 i 1929. Skyldi er 1 øre.

Bruk 7. Eidesmoen, skilt frå bruk 4 i 1911. Johannes Nilsson selde det til bror sin, Nils Nilsson d. y. i 1911 for 1500 kronor.

Skyldi er 29 øre etter at noko av bruk 1 og 4 er skilt frå. Då Nils døydde, kjøpte Ivar Nilsson Eide eigedomen i 1928.

Bruk 8. Eide-Fanadalsavsnittet, utskilt 1917 frå bruk 1, 4 og 7. Bergens kommune har fått skøyte på dette i 1917 frå Nils Nilsson d. y. for 15 000 kronor, frå Johannes Nilsson for 6000 kronor og frå Nils Nilsson d. y. for 2000 kronor. Skyldi er 12 øre.

Bruk 9. Eidesmoen. Skyld 25 øre. Skilt frå bruk 1 i 1922 og skøytt til Nils Nilsson Eide for 2000 kronor. Ivar Nilsson Eide fekk skøyte i 1925 for 4300 kronor etter odelstakst.

Bruk 10. Storøyna. Skyld 20 øre. Skilt frå bruk 4 og skøytt i 1922 til Johannes Ivarson Geitle, som i 1927 selde til Nils N. Eidesmoen. Johannes I. Geitle kjøpte eigedomen i 1928.

Bruk 11. Storøyna. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 4 og har vore selt saman med bruk 10.

Husmannsplass på Eide.

Brynjulv Hollgeirson Kvarakvål f. 1700, gift andre gongen 1754 med Marta Andresdr. Njåtveit, var husmann i Eideshagen. Johannes Larsson som i 1801 var 36 år gamal, var då husmann, gift med Gjertrud Olavsdr. og hadde dotteri Liva f. 1800. I 1865 var det fire husmenn på Eide. Hermund Olavson, då 74 år gl., g. m. Barbrå Larsdr., hadde plasset Nedre-Modn. Olav Hansson, 46 år gl., g. m. Gudve Brynjulvsdr. hadde plasset Heiæ. På Leite eller Kjerbrekko var to plass. Odd Vikingson, 52 år gl., g. m. Ingebjørg Knutsdr. Bjørndalen, hadde det eine. Dei hadde fire born: Viking f. 1840, gardmann på Uppheim Vestb., Knut f. 1849, sjå bruk 23 på Lekve, Olav f. 1853, gardmann på Upp-

--- side 35 ---

heim, Vestb., Eli f. 1855, g. m. Helge Ullestadteigen. Enkja Marta Steffadr., 70 år gl., hadde det andre plasset på Kjerbrekko. Mannen hennar, Jakob Erlingson, var frå Væte, hadde fått husmannsfeste i 1852 og døydde 1861. Både han og sonen Steffa dreiv mykje med bjøllearbeid og selde både innan- og utanbygds. Odd og Jakob rudde plassi sine frå nyo. Steffa Jakobson var gift 1869 med Sigrid Larsdr. Uppheim, Vestb. og døydde 1908. Dei hadde 10 born: Jakob, Lars, båe fødde 1870, Erling, Marta, Gusskalk, Brita, Nils, Anna, Steffa og Knut. Jakob og Lars har no plasset. Andre husmannsplass er det ikkje no på Eide. I 1881 har Magne Jakobson Mugås fått plass på Nedre-Modn og i 1883 Brita Nilsdr. Eide på Øvre-Modn i Eideshagen.

Stølar.

Nils Eide har på hausttinget i 1702 klagt over at han laut betala skatt for vårstølen Indre Kolle, som låg under garden hans på Eide, og som i over 20 år hadde lege øyde og vore brukt berre til støl. Han var lagd i skyld 12 mark. Med noko brigde tok Nils klagen upp att på hausttinget i 1710, men noko retting har ikkje vorte gjort. Det heiter i 1723 at det var ¼ mil til stølen. Eidestødna er no vårstøl. Bruk 1 og 4 har sumarsstøl på Øvre-Fanadalen halvonnor mil nord um garden, og bruk 2 på Torvneset, ved Småbrekkevatnet i Bergsdalen. Bruk 2 støla og fyrr på Øvre-Fanadalen, men det er fortalt at ho Margreta miste alle kyrne sine der i ein flaum, og sidan har dei ikkje kome der med krøteri. Dette må altso vera fyre 1811. I 1902 er stølen på Torvneset skilt frå Småbrekku med 42 øre i skyld. Samstundes er ein teig i Eidesteigen skild frå Skjerven med 6 øre i skyld. Båe er i Evanger herad.

Offentlege forretningar på Eide.

I 1702 var det sak um vårstølen Indre Kolle. Åstadrett vart halde i juli 1712 på Eide for å skifta innan- og utangjerds millom prestegodset og leiglendingen på den eine sida og Nils Eide som sjølveigar av 3 laup 1 pund på den andre. 1772 var det sak um stølen Fanadalen, åstadsak 1800, steiningsforretning mot Uppheim 1801, takstforretning 1839, jarnbanetakst 1878 og utskifting på innmarki 1887-88. Bruk 2 har 1885 vedteke kontrakt um bru ved Saghaugen. Skyn var halde 1921 um midtstraumslina i Vosso ved Storesteidn under Eide.

Ymse.

I 1846 brann det på Eide. Nokre hus stod att. På plasset Nedre Modn brann husi i 1893. Skaden var 1590 kronor.

--- side 36 ---

Bumerke åt bunadsmenn på Eide.

Nils Eide i 1718 tavle 1 nr. 1. Velom 1722-1742 tavle 1 nr. 2. I 1746 er i staden for dei to styttene nede sett ein boge. Gusskalk 1742, sjå t. 1 nr. 3. Knut 1762 t. 2 nr. 3. Torbjørn 1754 t. 1 nr. 4. Torstein 1754-1774 t. 1 nr. 5. Nils Knutson hadde i seglet sitt 1792 N. K. og derunder bumerket t. 2 nr. 3.