239. Eimstad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 479 ---

Namnet er i 1500-talet skrive Emstad. Det vert no sagt Eimstò2; han búr pao, è tao, ska tì Eimstò. Namnet er samansett med staðr m. (-stò av dativ fleirtal stọðum). Fyrelekken er truleg eit mannsnamn, kann henda Eimundr = Øymundr (Eimundar staðir).

Eimstad hadde 1661 og 1723 2 laup 18 mark i skyld med ein brukar og hadde turvande vedaskog. I 1723 er sagt at der


Eimstad
Bilete 61. Eimstad. Fot. P. Braaten 1937.

var humlagard, at garden var sers lettbrukt og hadde midlungs jord. Skyldi vart umskrivi i 1838 til 6 dalar 2 ort 12 skill. Det var vassfall, litt humla-avl, noko fureskog og turvande vedaskog. Samanlikningstalet var 980. I matrikkelen 1865 er ført upp 24½ mål åker, 1½ mål dyrka eng, 38 mål god, 50 mål medels natureng og 110 mål skrapebø. 2 mål var høvelegt til å dyrka. Medels vårhamn og ring sumarhamn. Skog til husbruk, og båe bruki kunde selja ved for 4 spd. årleg kvar. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 25,6 mål åker, 40,1 mål kunsteng og 27 mål natureng. Der budde 10 menneske i 1801, 10 i 1865 og 28 i 1920.

--- side 480 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Eimstad.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   13   27          
1723 1   16   12   16      
1865 2   20   34   60   28  
1918 3   19   44          

Jon heitte mannen som budde på Eimstad i 1521. Han betalte 3 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. For eit stykbarn betalte han 3 mark i skatt. Mons var leiglending 1563 og 1567, Karl 1591 som hadde 1½ laup og Johannes i 1597. Han betalte 16 dalar til kongen og stiftet i fyrste bygsel for 2 laup. Jordboki for 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 2½ aske korn og 12 merker smør i landskyld. Anders var leiglending i 1602. Knut er ofte skriven som leiglending 1611-1636 og hadde 2 laup i 1611. Han vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Knut betalte 1616 tridje års bygsel for 2 laup 1 spann med 2 dalar 1 mark. Enkja Sigrid Knutsdr. var leiglending 1620 då ho betalte 6 dalar i fyrste bygsel for 1 laup som då hadde vore øyde. Ho budde der og 1629. Toris er nemnd som leiglending 1635 og 1636.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør, 1 bukkskinn. Stiftet åtte 1627 2 laup som Knut og ei enkje brukte. Nils Jernes leigde 1636 5 spann som var øyde og betalte 4 rd. Torgeir Jonson, g. fyre 1645 m. Ragnhild var leiglending 1640 og 1645. H. Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 1 spann smør 1 bukkskinn. I 1650 åtte Sehested 2 laup som han hadde fått ved makabyte med kongen. På det var leidangen 1 spann smør 1 bukkskinn, skatten 2 dalar 1 ort, fornødspengar ½ dalar 6 skill., arbeidspengar likeins og 3 ort som avgift til jordeigaren. Gudleik og Torgeir var leiglendingar. Vangens prestebol åtte 1 spann. Sehested let jordgodset sitt 1651 til kongen som 1657 selde det til G. Marselis. Gudleik og Eirik var då leiglendingar, Gudleik i 1661 og Sjur Mikkjelson i 1664.

Klas Miltzow åtte 1680 2 laup som Henrik Miltzow var eigar av 1691-1725. Prestebolet åtte framleies 1 spann. Anders

--- side 481 ---

var leiglending 1691 og 1695 og Brynjulv Person i 1701. Han var f. 1671, g. m. enkja Nilsdr., som fyrste gong var g. m. Anders. Brynjulv bygsla 1700 heile garden 2 laup 18 mark og fekk 1721 ny bygslesetel. Marta døydde 1737, 78 år gl. og Brynjulv 1743, 69 år gl. Ho fekk seks born med Anders og to med Brynjulv: Nils Kvåle f. 1690, Gjertrud, g. m. Håvard Skjeldal, Olav død ugift 1719, Klas død ugift 1716, Anders Narheim f. 1799, Marta f. 1701, Guri Brynjulvsdr. f. 1703, g. 1747 m. Lars Olavson Seim, og Knut Brynjulvson, g. 1740 m. enkja Herborg Giljarhus.

Olav Knutson Mosafinn kjøpte 1725 av Henrik Miltzow 2 laup på Eimstad og 1 laup 18 mark på Nestås for 295 rd. Olav vart utatt-trett på Mosafinn og kjøpte 1732 gard på Nedre Ringheim der han sidan budde. Sonen Svein f. 1721 fekk 1743 skøyte på 2 laup på Eimstad og gifte seg 1. 1744 m. Asgjerd Rognaldsdr. Haugo f. 1721, 2. 1751 m. Anna Knutsdr. Midt Ringheim. I 1760 kjøpte han løysningsretten til 2 laup som G. Marselis hadde ått. Anna døydde 1794, 67½ år gl. og Svein 1795. Han fekk tri born m. Asgjerd og tri med Anna: Arnbjørn f. 1744, Olav f. 1747, g. 1774 m. Kari Eiriksdr. Nyre, budde på Nyre, Aslak f. 1749, g. 1. 1780 m. Eli Nilsdr. Seim, 2. 1812 m. Eli Torgeirsdr. (sume stader står Andersdr.) Kvåle, kjøpte gard på Seim, Knut f. 1758, g. 1781 m. Kari Eiriksdr. Vetla Saude, leiglending på Ullestad, Lars f. 1765, g. 1800 m. Kari Josefsdr. Byrkjo og Jorunn f. 1770, g. 1805 m. ekm. Sone Nilsson En.

Arnbjørn Sveinson gifte seg 1780 med Guri Nilsdr. Seim. Han fekk 1779 skøyte på 1 laup og bytte 1785 med Aslak, bror sin, uti 1 laup 1 pund 3 mark på Seim. Aslak fekk 1791 1 laup hjå far sin og åtte då 2 laup. Aslak døydde 1824 og Eli, andre kona hans, døydde 1827, 59 år gl., barnlaus. Med fyrste kona hadde Aslak seks born: Torgis f. 1780, Anna f. 1786, g. 1819 m. Samson Halleson Kinne på Jeraldstveiti, Sisselja f. 1788, g. 1818 m. Knut Andersson Væte, Guri f. 1790, g. 1834 m. ekm. Eirik Andersson Evanger, Jorunn f. 1794, g. 1823 m. ekm. Klas Otteson Dagestad og Olav f. 1797. På skifte 1811 etter fyrste kona hans Aslak var jordgodset 2 laup taksta 650 rd. Bruttomidelen var 963 rd. Torgis fekk 1811 skøyte på halve garden, sjå bruk 2. Olav fekk 1813 den andre halvparten som vart bruk 1.

--- side 482 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Eimstad. Olav Aslakson gifte seg 1. 1819 m. Marta Brynjulvsdr. Løno, 2. 1855 m. enkja Brita Olavsdr. Brekku. Olav var flink smed og smidde mykje åt andre. Han selde garden 1828 til kaptein P. M. Blytt for 750 spd. og tok seg kår på garden. Han vart sidan vanleg kalla Kåren av di han vart kårmann i so ung alder. I 1832 flytte han til Frydenlund på Askøy, men kom seinare til Eimstad att og døydde der 1872. Ho Brita vart attgift 1873 m. husmann, ekm. Knut Knutson Rekve. Olav fekk åtte born med Marta: Aslak f. 1820, Brynjulv f. 1824, Eli f. 1826, g. m. bakar Eriksen i Bergen, Per f. 1829, Ingjerd f. 1833, død ugift 1860, Knut f. 1836, Nils og Lars f. 1844, som reiste til sjøs.

Aslak var gift to gonger med systrer til slaktar Stokmann Olsen i Bergen. Aslak var krank på båe føtene, sat nokre år på gata i Bergen, skar kambar og selde. Han arbeidde kunstig fot til to rikmannssøner i Bergen og kunstig arm til ein stril so han kunde ro. Nokre Bergensarar som vart merksame på kunstnargivnaden åt Aslak, kosta han til Kjøbenhavn for å gjeva han utdaning. Han kom deretter til Bergen att og dreiv som kirurgisk instrumentmakar og vart kjend som sers dugande i faget. Brynjulv, bror hans, dreiv eigen handelsforretning i Strandgata. Knut, Nils og Per dreiv med barbering i Bergen og reiste seinare til Amerika.

Kaptein P. M. Blytt, f. 1788, g. 1820 m. Marie Finde Fleischer var sjef for Vossastrands kompani frå 1818, ei tid veginspektør og døydde 1835 i Oslo. Han bygde nytt bustadhus på Eimstad. Det vart halde auksjon på garden i 1837. Baron Hoff Rosenkrone kjøpte 2/29 partar av bruket med hus for 1000 spd. Sonen Markus Rosenkrone fekk det 1840. Det nye bustadhuset vart selt og flytt 1846 til Basteryggen på Ullestad. Olav Mikkjelson Eimstad kjøpte 1848 dei 7/29 partar av garden for 233 spd. og selde 1854 til Mons Isakson Saude for same pris. Torstein Torgeirson Dagestad kjøpte på auksjonen resten av bruk 1 for 715 spd. Han bytte 1852 med Josef Samsonson uti eit bruk på Grimastad. Mons Isakson Saude vart so eigar av det og selde heile bruket til bror sin, Lars Isakson. Oberstløytnant Amund Weigh f. 1784, sjef for Sogns Musketerkorps, budde ei kortare tid på Eimstad i 1840-åri.

Lars var f. 1822 i Kvam, g. m. Marta Hallvorsdr. Eide,

--- side 483 ---

Hosanger f. 1836. Han var snikkar og bygde eit orgel sona var ei tid i Ulvik kyrkje. Marta døydde 1892, Lars 1893 og hadde borni: Isak f. 1862, Hallvard, Synneva f. 1866, g. m. Anders Knutson Uppheim, Brita f. 1871, g. m. Olav Person Dymbe og Kristi f. 1873, g. m. Jakob Skorve på Lekve. Isak fekk garden i 1884 for 3200 kronor og gifte seg med Marta Knutsdr. Bjørgås, Evanger.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 240, lnr. 469 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 6 skill., revidert 3 dalar 13 skill. Ny skyld mark 4,53, fyrr noko var skilt frå.

Bruk 2. Eimstad. Torgis Aslakson fekk som fyrr umtala bruk 2 i 1811. Han var f. 1780, g. 1812 m. Ragnhild Arnfinnsdr. Rogne. Torgis vart utkommandert 1811 i krigen mot Sverike. Han døydde 1854, 75 år gl. og Ragnhild 1873, 89 år gl. Dei hadde fire born: Aslak f. 1813, død ugift 1842, Arnfinn f. 1814, Nils f. 1815, g. 1849 m. Ragnhild Torgeirsdr. Gjukastein og Eirik f. 1824, g. 1858 m. Ingebjørg Klasdr. Skjeldal. Arnfinn vart g. 1849 m. Guri Torgeirsdr. Gjukastein og fekk farsgarden for 200 spd. Guri døydde 1863, 49 år gl. og Arnfinn 1893. Dei fekk dotteri Ragnhild f. 1851 som 1869 fekk garden hjå far sin for 200 spd. Ho gifte seg same år med Olav Knutson Ukvitno. Han bytte 1871 med far sin uti Ukvitno.

Mikkjel Knutson Tungeteigen kjøpte 1871 bruket for 1200 spd. Han var f. 1827 på Skjeldal, g. 1. m. Sigvor Brynjulvsdr. Lid, 2. 1857 m. Gudve Knutsdr. Vossabakken, Jernes. Mikkjel var både smed og snikkar. Han døydde 1909, Gudve 1901 og fekk borni: Knut f. 1858, Olav f. 1861, g. m. Rannveig Torsteinsdr. Seim (Amerika), Brita f. 1864, død ugift 1893, Guro f. 1866, g. 1899 m. ekm. Olav Person Dymbe, Kari f. 1869, g. 1889 m. Olav Åmundson Dagestad og Nils f. 1872. Knut gifte seg 1. 1883 m. Ingebjørg Knutsdr. Tren, 2. 1891 m. Gjertrud Olavsdr. Dolve, 3. 1894 m. Anna Knutsdr. Mosafinn f. 1863 og er død. Knut var smed og har drive noko med ljåarbeid. Sonen Olav f. 1887 fekk 1911 garden for 5000 kronor. Han er underoffiser og g. m. Brita Knutsdr. Olde.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 240, lnr. 470 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Solbakken. Utskilt frå bruk 2 i 1897 med skyld 23 øre og selt til Olav Åmundson Dagestad som har bygt og rudt og bur der. Han er fanejunker og har vore med i skule-

--- side 484 ---

styret, heradsstyret, likningsvesenet, heradsrevisor i lang tid, medlem av skulehusnemndi og ymse andre nemnder.

Bruk 4. Eimstad. Utskilt 1899 frå brak 1 med skyld 18 øre og selt til Olav Larsson Saude. Han er f. 1863 og g. m. Marta Monsdr. Saude. Han selde eigedomen til Ingebjørg Persdr. Draugsvoll, og er død.

Bruk 5. Øvre Eimstad. Skilt frå bruk 1 i 1902. Skyld 43 øre. Johannes Josefson Mosafinn kjøpte det. Johannes er død og enkja har no eigedomen.

Bruk 6. Indre Eimstad. Skilt ut frå bruk 1 i 1904. Skyld 43 øre. Selt til Olav Person Dymbe. Han var skreddar, f. 1866, g. 1. m. Brita Larsdr. Eimstad, 2. m. Guro Mikkjelsdr. Eimstad, 3. m. Anna Knutsdr. Mosafinn, f. 1880, og er død. Enkja selde 1933 eigedomen til Ivar P. Hosås d. y.

Bruk 7. Vetla Eimstad. Utskilt 1908 frå bruk 1 med skyld 39 øre. Helge G. Århus kjøpte det og selde att 1919 til Olav K. Eimstad.

Bruk 8. Vetla Eimstad. Skilt ut frå bruk 2 i 1910 med skyld 13 øre og selt til Helge Gudleikson Århus, som selde det 1919 til Olav K. Eimstad.

Bruk 9. Nygjerdslo. Skilt 1923 frå bruk 7 med skyld 4 øre og selt til Lars Olavson Saude, som 1931 selde att til far sin, Olav Larsson Saude. I 1937 er Nygjerdslo saman med bruk 4 selt til Ingebjørg Persdr. Draugsvoll for 3000 kronor.

Husmenn.

Hallstein, g. m. Tora var husmann i 1645 og Knut Helgeson i 1664. Anders Andersson, g. m. Brita Andersdr., hadde dotteri Anna f. 1728. Eirik Oddson fekk 1749 dotteri Ingjerd. Endre Oddson fekk døtterne Marta f. 1752 og Kari f. 1755. Knut Sveinson, g. m. Kari Eiriksdr., fekk dotteri Anna f. 1782. Nils Gunnarson, g. m. Magli Mikkjelsdr., fekk sonen Mikkjel f. 1830. Ein som heitte Rasmus budde på Eimstadleite.

Olav Olavson f. 1794, g. 1818 m. Ingebjørg Botolvsdr. Bystølen budde på plasset Rinden. Dei flytte seinare til Sundsteijen på Midtun. Gjermund Torbjørnson Botnen, g. m. Guro hadde so plasset 1873-1899 og flytte då til Hardanger att. Jon Jonson Botnen frå Fyksesund, g. 1866 m. Eli Arnvedsdr. Berge fekk plass på Fureteijen, bygde der og var der til ikring 1900. Denne teigen er og kalla Torsteins-Nygjerdslo, Jongjerdslo, Johans-Nygjerdslo. Desse namni er truleg etter husmenn

--- side 485 ---

som har butt der eller slege der som svarelse for plasset. Det same gjeld vel Rasmus-Hajen.

Olav Mikkjelson, g. m. Gjertrud Gusskalksdr., var ei tid paktar og ei tid husmann og hadde seks born: Gusskalk Midtun f. 1825, g. 1854 m. Eli Jensdr. Dagestad, husmann, Marta f. 1829, g. 1874 m. Johan Sødermann, sjå bruk 24 Rogne, Brita g. m. Anders Knutson Bø, Kristi f. 1832, g. 1852 m. Lars Styrkson Lunde, Nils død ugift 1875, 47 år gl. og Mikkjel f. 1841. Mikkjel hadde ei tid landhandel på Vangen og reiste seinare til Amerika.

Støl.

Stølen var 2 mil frå garden, er det skrive i 1723. Stølen heiter Sveindalen og ligg ved Hamlagrøvatnet. Bruk 1 kjøpte 1914 stølen Grøno bruk 2 Vinsand.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Folk no hugsar um to kvernar, men no er der berre ei. Uppgangssag har det vore tak um tak til ikring 1920. Eimståelvæ er i si tid veitt or Mosafinnselvæ. Det har vore mykje strid um dette. Ei gamal semje skal gå ut på at Eimstad skal ha rett på sagvatn mot som vederlag å skjera all bordskur åt Mosafinnane.

Offentlege forretningar.

Forretning er halde 1741. Semje 1805 og 1836 um sagbruk og kverndam. Dette gjeld vel fyrr nemnde semje. Dom 1817. Semje 1823 um utskifting. Steiningsforretning 1826 vedkomande Søteigen. Utskifting 1828 på stølen Sveindalen. Godviljug utskifting 1833. Åverkssak 1836. Skynsforretning 1852. Merkeskilforretning 1857. Likeins 1889 vedkomande merket mot Mosafinn. Semje millom bruk 2 og 3 um skoghogst. Utskifting 1932 av innmarki.

Bumerke.

Brynjulv 1721, 1734 tavle 1 nr. 42. Han teikna to andre merke 1722 og 1739. Svein 1746 t. 9 nr. 43 og noko brigda 1754 og 1762.

Ymse.

I eldre tid brende dei mykje brennevin på Eimstad, og det førde med seg drikking og usemje i grannelaget. I joletidi gjekk dei i jolalag, dei kalla, byrja på Mosafinn og heldt på fleire dagar frå gard til gard heilt til Nesthus. Mangt løglegt fann dei då på, men det vart for mykje av sviring og elles det som lite dugde, og ofte usemje. I dei fleste grender på Voss var det likeins, og brennevinsbrenning var det på mange gardar.

Ved vegen til stølen stod ei stor gamal bjørk der det var tett i tett med krossar på leggen. Lenger ute er Budeielyftæ. Der er fleire større og mindre steinar, som dei lyfte på når dei fór til støls og likeins når dei fór heim att. Dei skulde sjå kor

--- side 486 ---

mykje dei hadde sterkna medan dei var på stølen. Noko lenger ute er ein stor stein Klokkar'n. Til han skulde dei ofra ved at dei på viss avstand kasta tri steinar på han. Vart alle tri steinane liggjande på Klokkar'n, skulde vedkomande få den dei vilde ha. Endå lenger ute er Krosshaugane. Der skulde setjast ein kross både når dei drog til støls og når dei for heim att for å verja seg mot trollskap. - Når dei i gamle dagar fyrste gong um våren løyste beisti, sette dei ein tjørekross på kvart dyr og på florsdøri og kveikte so i turr kumyk som dei la attmed døri. I kvar bås la dei ein kross når krøteri var slepte ut. - Ho Kåra-Brita kunde «gjera åt». Ein på Saude som hadde vrengla foten, sende son sin til henne. Ho Brita kukla med ein svart tråd, sette mange knutar på han og las. Sonen skulde ta tråden med heim so faren fekk binda han um foten. Ho forbaud sonen å prata med nokon på heimvegen, ja han måtte ikkje svara ein gong um han vart spurd noko. - I 1840 vart funne eit spjotblad av jarn på Eimstad.