93. Endeve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 79 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Endavin. Det vert no sagt Èndévé2; han búr pao, è tao Èndévé, ska tì Èndévés. Namnet er samansett av ein ende (gn. endi m., gen. enda) og vin (beite), og nemner garden som endestykket av eit større stykke som

--- side 80 ---

har vore kalla vin (sml. namnet Miklavin (det store vin) som i 13-1400-talet synest ha vore brukt um alle dei tri gardane Endeve, Melve og Helleve ihop).

Endeve er i 1661 førd upp som halv gard med skyld 2½ laup og ein brukar. Garden var lunnalaus, er det sagt då. Skyldi var den same i 1723, men der var då to brukarar og ikkje skog eller humlagard. Garden hadde steinut og sandig jord og var tungvinn. Skyldi var 2 laup i 1777, som i 1838 vart umskrivi til 5 dalar 13 skill. Der var litt fureskog og noko humleavl. Samanlikningstalet var 640.

Matrikkelen 1865 har ført upp 151/3 mål åker, 22 mål god, 30 mål medels natureng og 34 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk og det kunde seljast timber for 5 spd. på kvart av dei to bruki. Garden var medels lettvinn, utsett for sviding og dyrka som vanleg. I 1918 var det 16,3 mål open åker, 22 mål kunsteng og 10,5 mål natureng.

Folketalet var 12 i 1801, 12 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Endeve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 5 4
1723 2 12 12 12
1865 2 14 32 30 24
1918 3 11 43

Munkeliv kloster åtte 4 mmb. i Miklavin i 1427 (sjå DN. XIII. nr. 189), som i 1463 er ført upp med 1½ laup. I 1480-90 er det ført upp med 6 mmb. i øvre tunet og 2 mmb. i nedre tunet (sjå DN. XII. nr. 257). I dette brevet er og sagt at Munkeliv åtte 1 laup i Endeve. Av Bjørgynjar Kalfskinn ser ein at Vangens prestebol åtte 1 laup i Endeve.

Svein var brukar i 1563 og Halldor i 1597. Han betalte då tridje års bygsel for 2 pund som stiftet og kruna åtte, med 14 skill. og er oftare nemnd som leiglending til 1629. I 1611 åtte Svein 1 laup odelsgods og 1621 1 laup 1 spann i Vike, 9 mark i Schiptl (Skiple?), 9 mark i Berde, 12 mark i Takla og 1 pund i Runtzeberg (Bjørgo i Evanger). Det er betalt

--- side 81 ---

tri års bygsel til kongen i 1619 for 2½ laup, men brukaren er ikkje nemnd.

Rekneskapsboki for Vangskyrkja 1585-1616 syner at ho fekk 3 såld korn og 12 merker smør i årleg landskyld av eigedomen sin på Endeve. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Apostelgodset var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Halldor var leiglending. Apostelgodset åtte 1627 2 pund. Ryttarskatt er då lagt på 2 laup odelsgods med 4½ dalar. Halldor var brukar. Sjur er ofte skriven som leiglending 1635-1661. I 1645 er skrive at Sjur Larsson var g. m. Anna og hadde sonen Mikkjel. Han var friteken for skatt 1655, og fekk avkorting i skatten 1658 av di han var so utarma.

Allehelgens gods åtte 1647 1 pund 1 bukkskinn. Vangskyrkja åtte i 1659 5 spann. Landskyldi til henne var etter kyrkjerekneskapen i 1654 3 såld korn og ½ laup smør. Kongen selde i 1665 2 pund til Peter Reedtzs og 1 pund av Allehelgens gods til Eirik Krag og medeigarar.

Skyldi er førd upp i 1652 og 1661 med 2½ laup. Eigarane var Vangskyrkja 1 laup 18 mark, stiftet 2 pund og Allehelgen 42 mark. Anders Olavson Endeve åtte 2 pund odelsgods i 1659 og var 1664 med og vitna i saki um stølen Krossaset. Han var då brukar og hadde sonen Jakob f. 1648. På tinget i 1675 er upplyst at Endeve låg øyde og vart difor fri for skatt. Lagmann Coch åtte 2 pund i 1691 og borgarmeister Trøyel 1 pund. Hans Akselson åtte 1695 1 laup. I 1714 og 1723 var eigarane Markus Faye av 1 laup 18 mark og framleies Vangskyrkja av 1 laup 18 mark. Lars Arnfinnson og Olav Sveinson var leiglendingar 1691 og 1701. Lars var f. 1643, g. m. Kari Oddsdr. og båe døydde 1715. Ikkje born etter dei. Olav Sveinson f. 1643 var leiglending frå 1683 og til ikr. 1730. I 1701 er ført upp to søner: Gusskalk f. 1689, framhald bruk 2, og Mikkjel f. 1685.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Endeve. Mikkjel Olavson f. 1685, gifte seg 1725 m. Marta Olavsdr. Nedre Rykke og døydde 1739. Han var leiglending etter foreldri sine på halve Endeve og hadde seks born: Olav d. e. f. 1725, g. 1767 m. Ingebjørg Ivarsdr. En, Svein f. 1726, Sjur f. 1728, Olav d. y. f. 1732, Brita f. 1735, Gjertrud f. 1738. Ho Marta gifte seg andre venda 1741 m.

--- side 82 ---

Mikkjel Andersson Endeve. Båe døydde 1789. Ikkje born etter Mikkjel. Dei hadde bruket til dess Sjur Mikkjelson bygsla det. Han var f. 1728, g. 1763 m. Brita Hansdr. Engjaland og døydde 1811. Det var tri born etter dei: Mikkjel f. 1771, Hallstein f. 1776 og Marta f. 1767, død 1815 ugift.

Mikkjel Sjurson f. 1771, g. 1796 m. Barbrå Knutsdr. Hylle, bygsla garden i 1795 og døydde 1828. Sju born: Marta f. 1796, Brita f. 1798, g. 1824 m. Lars Torleivson Graudo, Sjur f. 1800, Ragnhild f. 1803, Knut f. 1806, død 1865, Sigrid f. 1808, g. 1840


Endeve, bruk 1 gamlatunet
Bilete 12. Endeve. Bruk 1 gamlatunet. Fot. P. Braaten 1936.

m. Eirik Knutson Vinjo, Barbrå f. 1811, g. 1851 m. Jon Larsson Graudo. Sjur Mikkjelson f. 1800, gifte seg 1835 m. Ingjerd Åmundsdr. Fjose og bygsla garden i 1835. Han døydde 1851 og let etter seg tri born: Barbrå f. 1835, g. m. Eirik Erlingson Rykke, gardmann på Bø, Ingjerd f. 1843, g. m. Olav Larsson på Hylle, Marta f. 1847, g. 1876 m. Per Knutson Rykke.

Eiliv Olavson Bystølen kjøpte garden i 1865 for 800 spd. og selde att 1868 til Lars Knutson Fenno for 960 spd. Lars var f. 1838, g. 1864 m. Guro Eiriksdr. Bulko og døydde 1876. Dei hadde borni: Brita f. 1868, Knut f. 1870, Eirik f. 1871, Lars f. 1873 og Anna f. 1876. Ho Guro selde garden i 1877 for 4600

--- side 83 ---

kronor til ovannemnde Per K. Rykke, g. m. Marta Sjursdr. Deira son Arnfinn fekk garden i 1925 for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 93, lnr. 187 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 skill., revidert 2 dalar 1 ort 12 skill. Ny skyld mark 3,00.

Bruk 2. Krossateigen. Skyld 12 øre. Skilt frå bruk 1 i 1883 og selt til Eirik Nilsson Vinjo, som bygde der. Dotteri, Guro, fekk eigedomen i 1916 og selde 1925 til Eirik A. Nesheim. Han er f. 1877 og g. m. Margreta Olavsdr. Ygre.

Bruk 3. Slettebøen. Skyld 23 øre. Skilt frå bruk 1 i 1881 og selt til Olav Halvorson Bryn som selde att i 1884 til Ivar Ivarson Lydvo. Han er f. 1849, g. m. Gjertrud Eiriksdr. Graudo og var snikkar.

Bruk 4. Endeve. Gusskalk Olavson f. 1689, nemnd ovanfor, var g. 1712 med Ragnhild Torgeirsdr. Ullestad og døydde 1739. Dei hadde sju born: Guro f. 1712, Synneva d. e. f. 1715, g. m. Hermann Lirhus, Lars f. 1716, Marta f. 1718 g. 1758 m. Tormod Jørgenson Nedre Graudo, Jorunn f. 1724, g. 1778 m. ekm. Styrk Brynjulvson Høyland, Synneva d. y. f. 1727, g. 1764 m. Sjur Nilsson Grytestølen, Kari f. 1732, g. 1765 m. Olav Gitleson Vike.

Lars Gusskalson f. 1716, gifte seg 1745 m. Gjertrud Larsdr. Kvåle og døydde 1778. Han bygsla i 1739 av Jean v. d. Lippe 1 laup 18 mark. Han hadde kjøpt det i 1726 av Markus Faye og selde att 1753 til sorenskrivar Fleischer. Lars og Gjertrud hadde fem born: Ragnhild f. 1748, g. 1773 m. Eiliv Olavson, husmann på Endeve, Anna f. 1750, g. 1778 m. Johannes Andersson Haug, Brita f. 1752, g. 1783 m. Anders Nilsson Nedre Rykke, Synneva f. 1757, g. 1782 m. Olav Styrkson Høyland, Gusskalk f. 1759, g. 1795 m. Kristi Knutsdr. Ullestad, budde i Lydvateigen.

Mons Larsson Lekve f. 1748, g. m. Brita Knutsdr., bygsla bruk 2 i 1786. Han døydde 1828. Fire born: Marta, g. 1809 m. Nils Nilsson Sonve, Sigrid f. 1783, død 1828, Anna f. 1789, g. 1824 m. Sjur Knutson på Flatlandsmoen, Knut f. 1792. Knut Monsson var g. 1. 1814 m. Sigvor Sjursdr. Bø, 2. 1823 m. Ingebjørg Sjursdr. Bø og døydde 1882. Han var brukar på Endeve. Med Sigvor hadde han to born: Olav f. 1814, umtala under husmenn, og Anna f. 1816, og med Ingebjørg tri: Mons f. 1826, Sjur f. 1834 og Lars f. 1843. Mons var fæl til å slåst og reiste til Amerika.

Erlend Jonson Lindberg kjøpte garden i 1865 for 800 spd.

--- 84 ---

Han vert umtala på Lindberg. Dotteri Ingebjørg gifte seg 1877 m. Åmund Styrkson Ronve f. 1846. Dei fekk garden på Endeve for 2800 kronor i 1883. Åmund var skulelærar, lærar i arbeidsskulen for gutar og heradskasserar. Han var millom dei fyrste på Voss som arbeidde for målsaki, for samling av skogtrefrø og dyrking av grønsaker. Han planta mykje frukttre på garden sin. Han døydde 1932 og hadde døtterne: Synneva, Gjertrud, Sigvor, Gudbjørg, Anna og Guri.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 93, lnr. 188 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 10 skill. Ny skyld mark 2,70 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 5. Skyld 40 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 1.

Bruk 6. Skyld 50 øre. Utskilt frå bruk 2 etter oreigning i 1899 til jarnbanen.

Bruk 7. Fagnaheim. Skyld 63 øre. Skilt frå bruk 4 i 1931. Eigarar er Synneva, Gjertrud og Guri Åmundsdøtter Endeve.

Husmenn på Endeve.

Johannes, son til Ingebrikt Øvre Fenno, var husmann i 1720-åri. Mikkjel Arneson døydde 1729. Eiliv Olavson, g. m. Ragnhild Larsdr., nemnde ovanfor, fekk borni Olav f. 1774, Hallstein f. 1776 og Gjertrud f. 1783. Olav Knutson, nemnd ovanfor, var f. 1814, g. 1846 m. Ingebjørg Knutsdr. Opeland hadde døtterne: Anna f. 1846, g. m. Jon Larsson på Alland, Sigvor f. 1848, g. til Fletre m. ekm. Sjur Olavson. På bruk 1 var plasset Høgdæ. Jon Larsson, g. m. Kari Ivarsdr. budde der og hadde fleire born i tidi 1876-1885. Sermerkt med dette plasset er at det har soli 6 timar kortaste dagen. No bur der ikkje nokon. Lars Nilsson Bø, f. 1865 g. m. Ingebjørg Mikkjelsdr. fekk plass på bruk 4 i 1893.

Støl.

Stølen var 1¼ mil frå garden heiter det i 1723. Det må vera stølen Helgaset, der Endeve har støl no og. Per Knutson på bruk 1 eig ogso stølsrett på Potten, som har høyrt til bruk 3 Skjerve.

Offentlege forretningar.

Tingsvitne var teke upp 1668 sidan Endeve då var øydegard. Godviljug utskifting var halde 1827. Semje um beiting i Vinja-åsen 1877. Offentleg utskifting 1888. Merkeskilforretning 1917 i Storåsen millom bruk 1 og 4 og millom bruk 1 og garden Kvåle i utmarki.

--- side 85 ---

Kvern.

Kvern var det ikkje på Endeve i 1723, men der var to i 1777 og 1791. No veit ikkje nokon å fortelja um kvern der.

Ved Ekretræe på Endeve sin eigedom i Storåsen står nokre store steinar i ein ring. Det ser ut som der skal ha vore tingplass.

Bumerke.

Olav 1718 tavle 5 nr. 18. Mykje brigda 1722 og atter noko same året. Guskalk 1726 t. 5 nr. 19, mykje brigda 1729. Mikkjel Endeve teikna M i 1747 og M A E i 1773. Sjur 1778 t. 5 nr. 20.