123. Fagnastølen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 291 ---

Namnet vert i 1695 skrive Fennistøel. Det vert no sagt Fagnastødl'n2; han búr pao, è tao Fagnastølè, ska pao Fagnastødl'n, eller tè Fagnastøls. Namnet er samansett, etterlekken er støl (gn. stọðull), fyrelekken må vera adj. fagna gild, god (liksom i gamalnorsk fagnafundr). Den gamle formi må då vera Fagnastọðull.

--- side 292 ---

På tinget 1670 er tilført at Fagnastølen var ein øyde plass, men eigaren møtte ikkje. Fyrst i 1676 ser me Fagnastølen førd upp som matrikkulert eigedom med 6 mark i skyld. Han skal tidlegare ha vore støl åt Haugen (gard 125 og 126) er det fortalt. I odelsskattemanntal 1714 er skyldi førd upp med 12 mark. Likeins i matrikkelen 1723. Då er det vidare meldt at der var nok vedaskog, men ikkje noko lunnende elles. I matrikkelen 1838 er sagt at der var turvande vedaskog og vassfall til kvernebruk. Samanlikningstalet var 240. Skyldi er i 1777 12 øre, men i 1828 11 øre og då umskrivi til 1 dalar 3 ort.

Matrikkelen 1865 har ført upp 12 mål åker, 1 mål dyrka eng, 23½ mål god og 32 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. To mål var skikka til dyrking. Det var knapt um ved og ikkje timber. Kornet vart ikkje alltid moge. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Til bygdavegen var det ¼ mil klyvjaveg. Ved uppteljingi i 1918 var det 6½ mål åker, 13 mål kunsteng og 2 mål natureng.

På Fagnastølen budde 14 menneske i 1801, 11 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Fagnastølen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   10   9   3 ½    
1865 1   14   26   22   18  
1918 2   8   18          

Odelsskattemanntalet 1676 og 1680 melder at Klas Miltzow åtte 6 mark i Fagnastølen. Sjur var brukar i 1676, men Lars og Knut Nesheim i 1680. Garden er då førd under Apostelgodset med 12 mark i skyld. Kongen er skriven som eigar av 6 mark i 1691 og Jon Nesten av 6 mark. Endre var leiglending. Askjel Olavson åtte heile garden i 1695 og var brukar. Han var f. 1651, g. m. Brita Olavsdr. og døydde 1726. Brita døydde 1739, 80½ år gl. Dei var barnlause. Bruttomidelen ved skifte etter han var 176 rd. Derav for 12 mark i Fagnastøl etter skøyte 1694 14 rd., 1 spann i Davidhaugen 15 rd. og etter skøyte 1701 12 mark i Brattåker 10 rd. Nils Askjelson f. 1680 tenestgjorde hjå kaptein Jakob Christenson på Mosafinn i 1701.

--- side 293 ---

Arnfinn Andersson har i 1700 på kona sine vegner trett på odelen til 6 mark i Fagnastølen, men det ser ikkje ut til at han har fått det. Matrikkelen 1723 melder at Fagnastølen var ein gamal rudningsplass og lagd i skyld 12 mark. Soldat ved Bergens festning, Olav Jansson, skøytte i 1726 til Jon Olavson Lid 6 mark i Fagnastølen som kona hans Olav hadde ervt etter Askjel. Jon bygsla av henne Brita Olavsdr. 6 mark i 1735, ervde 1739 3 mark og kjøpte 3 mark av Brynjulv Jonson Storegraven, som kona hans hadde ervt. Jon åtte då heile Fagnastølen. I 1736 budde ein Åmund på Fagnastølen.


Fagnastølen
Bilete 36. Fagnastølen. Fot. P. Braaten 1936.

Sjur Steffason kjøpte Fagnastølen 1764 og bytte same året med Mikkjel Ivarson Store Rokne uti 1 pund 4 mark i Øvre Ygre, som då vart verdsett 170 rd. og Fagnastølen 320 rd. Sjur har nok fått att Fagnastølen i 1764 og skøytte han 1768 til Tormod Torsteinson Fagnastølen for 450 rd. Tormod avstod bygsli si til Sjur på eit bruk på Bjørku. Tormod var g. m. Anna Mikkjelsdr., som døydde 1770, 56½ år gl. utan born. Bruttomidelen var 628 rd. Mattis Larsson Øvsthus kjøpte 1771 og makebytte same året med Alver Olavson uti Kvitno, Rd., men har i 1777 kjøpt att 6 mark i Fagnastølen av Viking Johannesson. Mattis var g. m. Kari Sveinsdr. og fekk på Fagnastølen borni:

--- side 294 ---

Dordei i 1772, Svein 1774, Torbjørg 1778 og Dordei d. y. 1781.

Viking Johannesson var g. 1. m. Barbrå Trondsdr., 2. 1781 m. Kari Persdr. Lassahaugen som same året fekk tvillingparet Gudleik og Johannes og døydde nokre månader etter. Barbrå hadde ikkje born. Nils Larsson Dukstad kjøpte 1779 6 mark av Mattis Larsson.

På Fagnastølen budde i 1790 brørne Arnfinn og Sjur Torgeirsøner som kvar åtte 6 mark etter skøyte 1786. Arnfinn hadde bytt seg dertil frå Bauthus. Han vart gift 1792 m. enkja Sigrid Samsonsdr. Brattåker, selde sin part i Fagnastølen 1792 til Eiliv Davidson Hustveit og fekk gard på Brattåker. Eiliv bytte seg til Apaltun i 1793 med Per Arveson Skjeldal, som gifte seg 1. 1781 m. enkja Kari Torkjelsdr., 2. 1800 m. Sigvor Johannesdr. Fagnastølen. Med Kari hadde han dotteri Anna (som fekk sonen Nils Mikkjelson) og med Sigvor tri born: Kari f. 1802, Jorunn f. 1805 og Anders f. 1810.

Ovanfor nemnde Sjur Torgeirson, g. 1790 m. Ingjerd Knutsdr. Grovu fekk på Fagnastølen borni: Torjus i 1791, Marjo 1792 og Olav 1794. Sjur selde i 1796 til Brynjulv Gjerdåk, Knut Rykke og Lars J. Bjørku. Lars kjøpte i 1795 ogso 6 mark ved skifte etter Kari. Framhald bruk 1.

Forutan ovanfor umtala eigarar og brukarar har der butt etternemnde som paktarar: Viking, g. m. Brita Nilsdr., som hadde borni: Gitle f. 1709, Olav f. 1713 og Guro f. 1716. Gitle døydde 1773 og var paktar etter foreldri. Torkjel budde der i 1750-åri. Per Olavson hadde borni Kari f. 1758 og Guri f. 1760. Jon Larsson, g. m. Ingebjørg Sjursdr. fekk 1780 sonen Lars, og ho Ingebjørg døydde same året.

Bruk 1. Fagnastølen. Som eigarar i 1796 er i panteregistret ført upp: Brynjulv Andersson Gjerdåk og Lars Jonson Bjørku. Ein part i Jonsstølen var då skilt frå. Lars Bjørku skøytte i 1801 3 mark til Olav Vikingson Nedre Rykke for 200 rd. Brynjulv Gjerdåk og Olav Rykke bytte i 1801 med Åmund Velumson Vetla Grovu som då kom til Fagnastølen. Han selde 1806 til Sjur Josefson Gavle, g. m. Brita Olavsdr. Sjur døydde 1810, 56 år gl. To born: Olav f. 1793 og Brita f. 1795, g. 1814 m. Brynjulv Torgeirson Mølster. Ved skifte etter Sjur var bruttomidelen 1232 rd., derav for garden 1000 rd. Lars Jonson Bjørku fekk garden ved skifte 1811 etter Sjur for 420 rd.

--- side 295 ---

Olav Sjurson Fagnastølen f. 1793, g. 1812 m. Ragnhild Larsdr. Lid kjøpte garden 1812 for 420 rd. Olav døydde som husmann på Fagnastølen 1847 og Ragnhild 1857 og hadde åtte born: Rannveig f. 1812, g. 1854 m. Sjur Bjarneson Eggjareid, Kari f. 1814, g. 1834 m. Olav Johannesson Eidsvåg, Sjur f. 1816, Styrkar f. 1818, g. 1844 m. Brita Knutsdr. Lid, Josef f. 1820, Lars f. 1822, Anna f. 1825 og Brita f. 1828, g. 1875 m. Per Olavson Gjetlund. Torstein Jonson Heimberde kjøpte 4½ mark i 1823 for 440 spd. og 1½ mark i 1824. Han var g. 1819 m. Kristi Larsdr. Bø. Framhald på Davidhaugen.

Torstein bytte 1839 uti Davidhaugen med Trond Brynjulvson som selde Fagnastølen 1841 til Sylfest Nilsson Eggjareid for 440 spd. Han var g. 1834 m. Brita Persdr. Kårdal og hadde sju born: Nils f. 1835, Ragnhild f. 1836, Guro f. 1838, Lars f. 1844, Anna f. 1847, Marta f. 1850 og Jens f. 1852. Sylfest selde garden 1857 til Hermund Gudleikson, som var f. 1805 og g. 1824 m. Guri Vikingsdr. Nedkvitno. Han døydde 1871 og ho 1874, 90 år gl.

Deira dotter Jorunn f. 1826 gifte seg 1859 m. Steffa Eirikson Lassahaugen f. 1832. Han gifte seg andre gongen 1883 m. enkja Brita Sveinsdr. Graudo. Steffa hadde fyrr butt på Lassahaugen og deretter på Hagen, Rd. Jorunn og Steffa fekk Fagnastølen hjå foreldri hennar for 300 spd. Born med Jorunn: Hermund f. 1859, Lars f. 1862, g. 1881 m. Guri Knutsdr. Skiple, Guri f. 1865, g. m. Knut Kolbeinson Midberde, og Eirik f. 1863. Eirik lærde seg sjølv til å verta sers god smed, mekanikar og snikkar. Han hadde fyrst verkstad på Fagnastølen og bygde 1896 verkstad- og bustadhus ved Palmafossen. Der dreiv han ogso brusfabrikk og har dessutan arbeidt med anlegg av elektrisitetsverk og lagt automatiske vassbryggjor inn i over 30 florar. Hermund Steffason gifte seg 1885 m. Marta Olavsdr. Hegg og fekk farsgarden 1889 for 2780 kronor. Han døydde 1915 og hadde borni: Steffa, Jorunn, Ingebjørg, Olav, Lars, Brita, Ivar, Guri, Anna og Harald fødde 1885-1906. Lars Hermundson f. 1892 fekk skøyte på garden 1916 for 6000 kronor. Han var g. m. Brita Nilsdr. Turvoll og døydde 1936.

Som nemnt ovanfor har Lars J. Bjørku fått skøyte i 1795 på 6 mark i Fagnastølen, men har ikkje butt der. Han selde desse 6 mark i 1806 for 700 rd. til Sjur Josefson Gavle, umtala ovanfor. Enkja og ervingane hans selde i 1811 til Gudleik

--- side 296 ---

Gudleikson Fagnastølen for 700 rd. Han var f. 1760, g. m. Brita Erlingsdr. og døydde 1820. Brita døydde 1839, 72½ år gl. Gudleik selde i 1811 ein dalarsteig til Lars Jonson Bjørku, for 200 rd. Denne slåtteteigen har sidan fylgt bruk 2 og 3 Bjørku til 1922, då Lars Fagnastølen kjøpte han for 2500 kronor. Ved skifte etter Gudleik i 1820 vart hans 6 mark i garden taksta 200 spd. og bruttomidelen var 276 spd. Seks born: Hermund umtala ovanfor, Anna d. e. f. 1791, Eli, g. m. Svein Oddson Davidhaugen, Kari f. 1799, Dønåt f. 1802 og Anna d. y. f. 1809. Sonen Hermund fekk i 1825 eigedomen for 299 spd., som sidan har fylgt med bruk 1 og er seinare førd saman med det.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 124, lnr. 245 og 246 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar 3 ort, revidert 2 dalar 6 skill. Ny skyld mark 3,33 fyrr bruk 3 var skilt frå.

Bruk 2. Jonsstølen. Skyld 18 øre. Skilt frå bruk 1 i 1905. Torstein Larsson Øvsthus var eigar. Olav Gitleson Lid, Kv. kjøpte denne stølsparten i 1907 og sonen Josef fekk han 1924 saman med garden på Øvre Lid.

Bruk 3. Livhaugen. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1933 og selt til Olav Hermundson Fagnastølen f. 1890.

Husmenn.

Det var to husmenn i 1701: Johannes Åmundson f. 1651 og Lars Johannesson f. 1621. Olav Jonson f. 1760, g. m. enkja Jorunn Olavsdr. f. 1743 budde der ikring 1800. På Ragnhildaplasset budde Olav Sjurson og kona hans Ragnhild Larsdr. Lid etter at dei slutta med garden. Olav åt aldri varm mat og difor var han alltid frisk, er det hermt etter han. Plasset vart nedlagt ikring 1850. Ei tid har der og vore plass på Livhaugen.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden i 1723. Vålo og Fagnastølen har i 1760 sett upp semje um beitingi på Jonsstølen. Eine Fagnastølsbruket selde stølsretten sin på Jonsstølen 1796 til bruk 2 Øvre Rykke. Det andre bruket bytte 1881 sin stølspart på Jonsstølen med bruk 2 på Øvsthus, uti støl på Helgaset på Langedalen og kjøpte 1880 av bruk 1 Øvsthus deira part i Helgaset for 360 spd. Skyldi er 29 øre. I 1889 fekk Fagnastølen ogso Haugstræe av Lassahaugen.

I brev skrive på Vossavangen 1564 (DN. IX. s. 817) er nemnt at Gyrid og Sigvor Ivarsdøtter skifter noko jordgods og millom det er 2½ mmb. i «Helgeseters støl» i Langedal i Vinjar åttung. Ein gamal mann på Tøn har fortalt at der låg eit gamalt skinnbrev som gjekk med i ein lauseld. I brevet stod m. a. at Helgaset

--- side 297 ---

hadde vore postgard. Professor Rygh melder og um ein nedlagd gard på Voss som heitte Helgaset.

Kvern.

I 1723 var der ei flaumkvern, som ogso er nemnd i 1776 og 1791 og er der enno. Ho står ved Fagnastølselvæ. Eirik Fagnastølen bygde i 1922 elektrisitetsverk ved kverni og det gjev ljos og drivkraft åt garden.

Offentlege forretningar.

Av offentlege forretningar er umtala: Odelssak i 1757, åstadsak 1811, kommisjonssemje um Jonsstølen 1838 og 1872.

Ymse.

Vegen frå Raundalen gjekk i gamle dagar um Fagnastølen. Frå Skiple gjekk han um Berdestune, Kvåle, Bøjatune, Kolvatune, ovanum Groveberge, um Fagnastølen og Kvitno, attmed Tvagroæ og Singesetvatne, um Raukjeldo forbi stølen Mòrset, nedover bjørgi deira Øvre Kyte, under Svartaberge til Koladikje i Kytesmarki. Ein veg tok av nedanfor Svartaberget og gjekk til Bjørkebruæ, som det er meldt um på Øvre Klyve. På Kyte er fortalt um vegen vidare frå Koladikje til Vangen. Frå Vossastrondi kom veg gjenom Langedalen um stølen Helgaset. Han kom saman med vegen frå Raundalen sør for Singesetvatne.

Frå Fagnastølen er no bygt køyreveg til stølen Furteset. Arbeidet skal halda fram til Jonsstødl'n og Fyrjo.

Ein vår ikring 1880 kom ei jordskrede under berget Hesten, gjekk nedover Vetlestølsberget, Raunetræet og vart liggjande på teigen deira Bjørku. I 1888 brann ei løde på garden. Ei løde har årstalet 1696.

Det er ei gamal forteljing um at i 1669 budde det ikkje folk på Fagnastølen. Det stemmer nokolunde med det me finn i arkivi.

Bumerke.

Askjel 1710, 1715, 1720 tavle 6 nr. 13, noko brigda 1721 og 1722. Viking 1711 t. 6 nr. 14. Jon 1729, 1731 t. 1 nr. 23. Som trulovar 12 gonger i tidi 1732-1754 har han sett bumerket på hovudet. Torkjel 1757 t. 6 nr. 15. Sjur 1765 t. 6 nr. 16. Viking 1779 t. 2 nr. 20.