212. Fære.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 314 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Færini. Det vert no sagt Fèrè2; han búr pao, è tao Fèrè, ska tì Fèrés, sms. Fèrés-stødl'n. Namnet er samansett med vin (beite). Fyrelekken er uviss,

--- side 315 ---

det kann vera gn. far n. (farveg, føring), fár n. (naud, fåre, ulukke), eller kann henda helst gn. fár n. (sau, «får»).

Fære har alltid vore einbølt gard. Han hadde 1661 1½ laup i skyld, ein brukar og turvande vedaskog. Det var likeins i 1723. Garden var noko tungbrukt og hadde god jord er det då sagt. I 1777 var skyldi 1 laup 2 pund som 1838 er umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill. Då og var det fullnøgjeleg vedaskog og dessutan eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 900. I matrikkelen 1865 er ført upp 15¼ mål åker, 1 mål dyrka eng, 19 mål god, 33 mål medels natureng og 52 mål skrapebø. 2 mål var høvelegt til dyrking. Der var god hamnegang og skog til husbruk. Garden var tungbrukt, dyrka som vanleg og hadde stort gjerdehald. Ved uppteljingi 1918 var der 8,3 mål åker og 14 mål natureng.

Der budde 5 menneske i 1801, 11 i 1865 og 7 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Fære.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   15          
1723 1   11   10   10 ½    
1865 2   13   30   38   16  
1918 3   9   19          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup. Sjur var leiglending 1563 og Arnfinn brukte 1563 10 mark stiftsgods. Sjur Steffason møtte 1578 for herredagen i Bergen og hadde stemnt høvedsmannen på Bergenhus, Hans Person til Sem. Sjur påstod at biskop Olav Torkjelson for 45 år siden med urette hadde teke 9 mmb. i Jernes og 3 mmb. i Fære frå avlidne Steffa Halldorson som var far hans Sjur. Det var klaga til mester Geble um denne uretten, og Steffa hadde då fått nokre ting som er upprekna for Jernes, men ikkje noko for Fære. Sjur gjorde difor krav på å få att jordgodset i Fære.

Oluf var leiglending 1591 og betalte 1597 tridje års bygsel for 1 spann med 5¼ skill. Prestebolet fekk etter jordboki 1585-1616 2 askar korn og 12 merker smør i landskyld. Mons og Oluf var leiglendingar 1611 og Svein er ofte skriven som

--- side 316 ---

leiglending 1614-1655. I 1645 står det Svein Halldorson og at han var g. m. Guri. I 1614 var han utskriven til Svinesund. Leidangen var etter leidangsboki 1624 9 merker smør og 1 geitskinn. Stiftet åtte 1627 1 spann. F. Broderson let 1649 noko på Fære til kongen ved makabyte.

Som eigarar er 1652 og 1655 ført upp Anders Soele ½ laup, stiftet 1 spann, presten 1 spann og F. Broderson 1 spann. I 1661 åtte kongen 1 spann, Munkeliv 1 spann, prestebolet 1 spann og bøndene resten (3 spann). Hermann Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 spann Munkelivgods og Peter Reedtzs i 1665 på 1 spann. Per Anderssons ervingar var 1680 eigarar av 1 spann. Maren Søfrensdr., enkja etter Arnold de Fine, åtte då og 1691 2 spann. Prestebolet åtte 1691 2 pund og Fatighuset i Bergen 1 pund. I 1695 var Fatighuset eigar av 1 spann, prestebolet 1 spann, Hans Akselson 1 spann og enkja de Fine 2 pund, som ho sidan selde til Laurits Miltzow.

Torstein Sveinson har vore leiglending 1655-1695. Prestebolet og Fatighuset åtte 1714 og 1723 det same som fyrr og resten åtte brukarane. Eirik, son hans Torstein, f. 1657, g. m. Eli Larsdr. var 1701 odelsbonde. Han har fått jordgodset etter faren og kjøpte 1709 1 spann av Hans Jonson Flint. Eirik vart 1682 saman med Eirik Rong og tri andre stemnde til rådstova i Bergen, som det er fortalt um på Rong. Eirik Fære var soldat då og hadde ikkje gard; difor vart saki for hans part send krigsretten til avgjerd. Eirik vart dømd til «at løbe igjennem spidtz Roed», gå millom to rader soldatar som skulde slå. Eirik er død fyre 1710, for då gifte ho Eli seg att med Jakob Eilivson Kvåle i Gullfj., f. 1681. Eirik og Eli fekk sju born: Torstein, g. 1720 m. Marta Larsdr. Helland, Svein Rong, Ivar, g. 1734 m. Brita Monsdr. Bø, som budde på Bø, Dyrved., Knut, g. 1739 m. Kari Olavsdr. Vele, Torilda, g. 1711 m. ekm. Berge Larsson Jerald, Mari, g. 1722 m. Lars Gudleikson Uppheim, Dyrv. og Guri, g. 1731 m. Helge Olde.

Jakob var leiglending og kjøpte 1732 2½ pund av rådmann Montagne og sorenskrivar de Fine. Jakob gjekk 1724 umkring i ein part av Bordalen og samla inn pengar for reisi åt Lars Skutle og Kjel Berge til kongen. Jakob fekk med Eli sonen Eirik f. 1712. Eli døydde 1738, og Jakob vart gift att 1743 m. Anna Sjursdr. Han hadde bytt 1734 med Torstein Helland, stykson sin, uti 2 pund 15 mark på Helland, og Torstein fekk

--- side 317 ---

1 pund 15 mark på Fære. Han hadde 1727 fått noko og fekk 1735 noko so han åtte i alt 1 laup.

Torstein døydde 1754, 65 år gl. Marta 1774, 77 år gl. og hadde seks born: Nils, Torilda f. 1729, g. 1759 m. Lars Larsson Litlere, Brita f. 1732, g. 1770 etter kongelegt løyve med Lars Monsson Lofthus, Lars f. 1734, g. 1763 m. Gunnvor Olavsdr. Veka, sjå um dei på Helland, Eli f. 1738, g. 1768 m. Bjarne Nilsson Herre, skriven for Helland i 1774, og Guri f. 1742, g.


Fære
Bilete 37. Fære. Fot. P. Braaten 1937.

1776 m. Knut Masson Seim. Ved skifte etter Torstein åtte dei 1 laup på Fære verdsett 144 rd. og 1 spann på Gjelland verdsett 12 rd.

Nils Torsteinson gifte seg 1764 m. Brita Eiriksdr. Jerald, og fekk ved skiftebrev 1755 og skøyte 1764 tilsaman 1 laup. Nils døydde 1791, 69¼ år gl., Brita 1810, 75 år gl. og hadde fire born: Marta f. 1765, g. m. Torgeir Person Olde, Ingjerd f. 1767, g. 1812 m. Eirik Knutson Græe, Torstein f. 1770, g. 1815 m. Dordei Knutsdr. Rong, og Eirik f. 1772, g. 1808 m. Torbjørg Mikkjelsdr. Jerald. Ved skifte etter Nils åtte dei 1 laup taksta 400 rd. og 3 mark i Mestad. Bruttomidelen var 744 rd.

--- side 318 ---

Torstein Nilsson fekk 1796 og 1808 skøyte på 1 laup. Bergens Fatighus åtte framleies 18 mark og Vangens prestebol 18 mark i garden. Torstein døydde 1843, Dordei 1857, 73 år gl. og hadde to born etter seg. Brita f. 1818, g. 1843 m. Eirik Knutson Rjodo og Nils f. 1821, g. 1845 m. Ingebjørg Larsdr. Haug. Han fekk skøyte 1841 på garden, let han 1861 for 700 spd. til Torstein, son sin, og reiste 1864 til Amerika. Ingebjørg døydde 1876, 48½ år gl. og hadde med Nils borni: Torstein f. 1845, Anna f. 1847, g. 1874 m. Erling Knutson Kvitno, Gudve f. 1849, g. 1879 m. Eirik Bårdson Olde, Lars f. 1854, død ugift 1879 og Ingjerd f. 1856.

Torstein Nilsson vart g. 1876 m. Marjo Knutsdr. Sonve f. 1856 og døydde 1895. Dei fekk borni Ingebjørg f. 1879, g. 1900 m. Ivar Hallvardson Helland, Hosanger, f. 1871, Nils f. 1880, død ugift 1927, Anna f. 1883 og Kirsti f. 1887. Ivar fekk 1902 skøyte på garden for 4000 kronor og døydde 1906. I 1910 vart fråskilt bruk 2 Vetla Fære med skyld mark 1,04, men det vart ført saman att i 1910.

Fære var fyrr mtrnr. 214, lnr. 422 med gamal skyld 1 laup 2 pund, urevidert 5 dalar 4 ort 20 skill., revidert 4 dalar 1 skill. Ny skyld mark 5,94.

Husmenn.

Laurits, g. m. Anna var husmann i 1645. Endre Torgeirson døydde 1823, 61 år gl. og hadde to gifte døtter, men namnet deira står ikkje. Anders Mikkjelson fekk 1849 tinglese husmannsfeste og døydde 1858, 70 år gl. Husmannskona Rannveig Torgeirsdr. døydde 1854, 63 år gl. Eirik Knutson f. 1815, g. m. Brita Torsteinsdr. f. 1818, nemnde ovanfor, fekk borni Brita f. 1848 og Gudve f. 1852, g. 1874 m. Hermund Hermundson, Skutle. Eirik dreiv med vevskeibinding. Brita, kona hans, døydde 1877 og han sjølv 1881. Anders Larsson Jerald f. 1852, hadde plass på Bulægo og var skomakar. Han var g. 1881 m. Ingebjørg Knutsdr. Litlere f. 1850. Båe er døde, barnlause.

Støl.

Stølen var 1¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Stølen no er kalla Færesstødl'n, men er ikkje i bruk.

Kvern.

Kvern var der 1661, 1723, 1776 og 1791, men no er der ikkje nokor.

--- side 319 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1761 saman med fleire mot Grovu. Tvist 1804 med Olde um skog og same år åstadsak. Semje 1828 um ikkje å halda geiter.

Bumerke.

Jakob nokre gonger 1716-1727 tavle 8 nr. 65. Torstein 1735 t. 8 nr. 61.

Ymse.

Stova på Fære er bygd av 6 umfar fint tillaga rundtimber. Ho er 2,36 mtr. høg frå golvet til sperrone på båe sidor. Stokken over døri er 45 cm. i klenenden og 55 cm. i tjukkenden. På båe sidor åt døri er utkrotingar både utvendes og innvendes. Stova har halvlem, har årstalet 1705 og bokstavane E T S F innskore i veggen. I nordaustre hyrna har vore røykomn. Einkvan av huslyden hadde vanleg soveplassen sin på han. I stova var jordgolv og ljore til dess fyrr nemnde Ingebjørg Larsdr. frå Haug tekte over ljoren, sette inn vindaugo og la tregolv uppå jordgolvet. Det skal vera ubrigda med ljorehella under ljoren. Seinare er noko større vindaugo innsette. Eldhuset er og av rundtimber. Det har årstalet 1727 og bokstavane T E S F samanfletta. Knut Bergslien har laga målarstykke av stova. Ei segn segjer at stovetimbret skal vera kome frå Gjelle.