Fenno.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 539 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a eller i Fennum (i eit brev ogso Fernom ved sida av Fennom), i 1427 Fennar. Det vert no sagt Fènnó2; han búr pao, è tao Fènnó, ska tì Fènna, sms. Fennanut'n. Namnet er ei vanleg hokynsavleiding i fleirtal av gn. fenni n. snøfonn. Garden er sermerkt med snøfenner langt fram over våren. (Formi Fernom i eit einaste brev må vera misskrift, den måtte no ha gjeve ein uttale «Fèdnó», som ikkje finst.) Ei onnor forklåring av namnet Fenno er nyleg framsett av Magnus Olsen. Han tolkar det som ei avleiding av gn. fen blautmyr, dike, med tanke på Istadmyrane, «garden som ligg ovanum myrane».

Oddr a Fennum og Oddmundr a Fennum er nemnde som vitne i ei notisbok frå fyre 1300 som er funne i den gamle Hoprekstad kyrkja i Sogn (DN. XIII nr. 2). Brev utferda 1310 i Stavanger (DN. IV nr. 85) syner at Torgeir Peterson på Sponheim i Ulvik då åtte 16 mmb. på Fenno. Torgeir låg sjuk i Stavanger og utferda sitt testamente, der han gav millom anna 10 mmb. på Fenno til frigjering av Jødeland frå dei vantruande. Dei andre 6 mmb. skulde gå til nokre upprekna kyrkjor og menn. Det er ført til at dersom Torgeir vart frisk att, skulde testamentet gjerast um inkje. Korleis det gjekk med det, har me ikkje set noko um.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at brørne Gulbrand og Orm på Finne gav Vangskyrkja for far deira si skuld m. a. 1 mmb. i Fenno. Munkeliv åtte 1427 4 mmb. i Fenno, i 1463 1 pund og 1480-90 ½ laup i Nedre tunet. Noko øyde jordgods på Fenno som låg under Kvåle, høyrde 1535 til Vincents Lunges jordgods.

I 1563 er ført upp tri brukarar: Magne, Anders og Mons og ein tenestedreng Anders. Lars og Gudleik var brukarar 1591. Diplom av 1592 i Bergens Museum umtalar skifte etter Gjermund Havtorson og Brita Gudmundsdr. og melder at deira son Olav Gjermundson fekk m. a. ½ laup smør og 1 geitskinn i Nedre Fenno.

Som umtala på Gjerdskvål var Gjermund etterkomar av Gunnhild, syster hans Rike Torstein på Bjørku og var g. m. Havtor. Etterdi Gjermund Havtorson og Brita hadde eigedom på Fenno, er det godt truleg at etterkomarar av dei har butt der. Namnet Havtor er vorte til Hagtor, som det har vore fleire av på Fenno.

--- side 540 ---

Olav var leiglending 1603 på Nedre Fenno. I 1611 er som leiglendingar skrivne Lars, Gudleik, Håkon, Olav, Eirik og Hallstein og i 1614 Olav, Håkon, Eirik, Johannes og Hallstein. Dei to siste var øydegardmenn eller husmenn. Olav åtte ½ laup på Øvre Fenno 1614 og 1621 og Sverkve Bø åtte 27 mark på Fenno i 1621. Håkon og Gitle var leiglendingar 1621 og Johannes og Rasmus øydegardmenn eller husmenn.

Knut brukte 1635 2 laup, Eirik 1½ laup og Håkon 1½ laup. Eirik var eigar av 4 laup i 1635 og 3½ laup i 1642. Snare åtte då 1 laup. I 1645 var der fem brukarar: Eirik Josefson, g. m. Anna, Tormod Håkonson, g. m. Sigvor, Torgeir Torgeirson, g. m. Guri, Snare Håkonson, g. m. Gunnvor, og enkja Gunnvor Knutsdr. Snare hadde dotteri Synneva. Der var to tenestegjentor, Synneva og Anna.

I skattemanntalet 1652 og seinare er skilt millom Øvre Fenno og Nedre Fenno.

166. Øvre Fenno.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 1½ laup, som brukaren åtte, og at der var skog til husbruk. Matrikkelen 1723 melder at der var to brukarar, turvande vedaskog, noko skog til husvøling og at skyldi var 2 laup 1 pund. Ho vart umskrivi 1838 til 9 dalar 1 ort 9 skill. Samanlikningstalet var 1400. Der var vassfall og skog til eige bruk.

Etter matrikkelen 1865 var der 29¾ mål åker, 3 mål dyrka eng, 26½ mål god, 20 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. 1 mål var skikka for dyrking. Hamnegangen var god og meir enn dei trong. Skog til husbruk. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet vart ikkje moge i kalde sumrar. Ved uppteljingi 1918 var der 14,7 mål åker og 16 mål natureng.

Folketalet var 20 i 1801, 24 i 1865 og 27 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Fenno.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   18          
1723 2   28   24   15      
1865 4   32   75   64 ½ 74  
1918 2   10   19   (på bruk 2)

--- side 541 ---

Lars budde 1611 på Øvre Fenno. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 laup odelsgods med 2 dalar 1 ort. Knut var brukar av det. Lars åtte 2 laup i 1652 og 1655, og styrde då garden sjølv. Lars kom under tiltale i 1656 for di han ikkje hadde møtt på Bolstad for å skyssa futen. Lars var lagrettemann 1671. I 1679 forlikte han seg med versonen Sjur Møn, umtala på Møn. I 1659 åtte Lars 1½ laup og Tormod Håkonson var leiglending. Tormod fekk halde tingsvitne 1662 for å få upplysningar um ætti si. Tri såmne har då vitna at på Vinjo, Tjukkeb.


Øvre Fenno
Bilete 70. Øvre Fenno. Fot. P. Braaten 1936.

hadde butt ein mann, Galte, som hadde sonen Magnus og han hadde dotteri Sonue, som var g. m. Arnbjørn Nilsson. Ho døydde barnlaus. Galte hadde ein bror Lars Hæve, som hadde dotteri Ragnhild. Ho var mor hans Tormod Håkonson, som var g. m. Sonue.

Brukarane i 1661 åtte garden, men namni står ikkje. Nils Erlingson var brukar 1664. Ingebrikt var leiglending 1668 og i 1670-åri og var nokre gonger lagrettemann 1668-1672. Klas Miltzow åtte ½ laup 1676 og 1680. Mons Larsson var eigar og brukar 1691 og 1695 av 2 laup 1 pund og betalte 1691 3 mark 8 skill. i ryttarskatt.

Folketeljingi 1701 har to odelsmenn: Mons Larsson f. 1650

--- side 542 ---

og Hagtor Larsson f. 1661 og dei brukte kvar sin gard. Dei var søner åt fyrr nemnde Lars, som dessutan hadde ei dotter g. m. Sjur. Møn, umtala ovanfor, og kann henda fleire born. Mons var g. 1. m. Ragna Knutsdr. som døydde 1702, 2. m. Gunnbjørg Tormodsdr., nemnd ovanfor. Mons har 1690 kjøpt 1 laup av Klas Miltzow for 54 rd.

I 1701 har Mons og Hagtor halde rettslegt skifte av åker og eng millom seg. Brørne har vore nokre gonger for retten for slagsmål og usemje. Mons døydde 1725 og Gunnbjørg 1756. Han og Ragna hadde tri born: Sigtru f. 1687, g. m. Arnfinn Gjerde, Brita f. 1691, g. m. Knut Bø og Synneva f. 1693, g. m. Knut Nedkvitno. Med Gunnbjørg hadde Mons fem born: Lars f. 1705, Brynjulv f. 1707, g. 1732 m. Marta Gitlesdr. Mala. Sjur f. 1716, Gunnvor, g. 1736 m. ekm. Lars Larsson Fenno, umtala nedanfor, Ragna f. 1714, g. 1750 m. Sjur Olavson Grovu, husmann på Fenno.

Lars Monsson, f. 1705, g. 1733 m. enkja Brita Knutsdr. fødd på Tveiti 1697. Ho hadde vore g. 1. 1720 m. ekm. Olav Brynjulvson Store Grovu og dei fekk tri born: Jon Kyte, Knut Øvre Graudo og Gudve, g. m. Eiliv Skiple. Lars fekk 1727 skøyte på 1 laup. Han døydde 1771 og Brita 1779 og dei hadde etter seg tri born: Mons, Magli f. 1734, g. m. Viking Alland og Kari g. m. Brynjulv Øvsthus. Mons f. 1741, vart g. 1763 m. Guro Olavsdr. Hylle og fekk 1759 og 1771 skøyte frå far sin på tilsaman 1 laup 12 mark. Framhald bruk 1.

Hagtor Larsson f. 1661, g. m. Brita Asbjørnsdr. har fått noko av garden fyre 1701. Han stemnde 1723 Mons, bror sin, med krav på å få overlate 1 spann av garden. Mons vart dømd til å etterkoma dette kravet og skøytte året etter 1 spann til Hagtor for kjøpesum 36 rd.

Brita døydde 1748 og hadde med Hagtor tri born: Lars, Arne, g. 1723 m. Torilda Torbjørnsdr. Løno og Helga, g. 1714 m. Knut Nilsson Midt Fenno. Lars gifte seg 1725 m. Guri Steffadr. Midt Ringheim og fekk på Fenno borni: Anna, Mons, Steffa, Ingebjørg og Knut, fødde 1727-37. Lars bytte 1738 m. Styrk Johannesson uti 2½ pund i garden Kleivdal i Alversund. Styrk kjøpte 1739 1 spann av Lars Monsson og bytte 1749 med Lars Larsson uti garden hans på Nedre Fenno.

Lars Larsson f. 1698 var g. 1. m. Brita Davidsdr. Bø, 2. 1736 m. Gunnvor Monsdr. Øvre Fenno, nemnt ovanfor. Lars

--- side 543 ---

døydde 1754 og Gunnvor gifte seg att 1755 m. Torbjørn Ivarson. Han fekk same året skøyte på 2 pund 5½ mark. Gunnvor døydde 1796, 85 år gl. og Torbjørn døydde som husmann 1803, 76 år gl. utan born. Lars og Brita hadde dotteri Ingebjørg f. 1730. Med Gunnvor hadde Lars seks born: Marta f. 1737, død 1809, Brita d. e. f. 1739, g. 1777 m. Hermund Magneson Rykke, på Litlere i 1796, Lars f. 1741, Brita d. y. f. 1742, g. 1786 m. Styrk Brynjulvson Edal, Gunnbjørg f. 1748, g. etter kongeleg løyve 1792 m. Styrkar Johannesson Mo'o, Mons f. 1750. Lars Larson fekk 1760 skøyte på garden. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Fenno. Mons Larsson, g. m. Guro Olavsdr. Hylle fekk som ovanfor umtala skøyte på bruk 1. Ho døydde 1815, 78 år gl. og Mons 1821. Dei hadde sju born: Lars f. 1764, død ugift, Anna f. 1767, Brita f. 1769, g. 1789 m. Anders Knutson på Nedre Fenno, Guro, g. 1796 m. Nils Knutson Tveiti, på Gjerde 1822, Olav f. 1771, Nils Uppheim f. 1776, Sjur f. 1778.

Olav f. 1771, g. 1810 m. Katla Hallsteinsdr. Løn, Vossastr. fekk skøyte frå far sin 1805 på garden. Olav døydde 1815 og hadde to born etter seg: Guro f. 1812, g. 1831 m. Anders Nilsson Vetla Rokne og Synneva f. 1814, g. 1835 m. Mons Kolbeinson på Dale. Jordgodset vart ved skifte 1815 taksta 850 rd. og bruttomidelen var 2373 rd. Ho Katla gifte seg uppatt med Olav Ingebriktson og fekk borni Bryttva f. 1818 og Olav f. 1820. Olav døydde 1850, 70 år gl. og Katla 1857, 77 år gl. Sjur Monsson kjøpte 1805 halve garden av Olav, bror sin, men selde att til han 1809.

Anders Nilsson f. 1799 som var g. m. Guro Olavsdr. har 1839 fått skøyte frå Olav Ingebriktson på halve garden, og Guro hadde fyrr fått den andre halve ved skifte etter far sin og ved skøyte frå systri. Anders døydde 1887 og hadde seks born etter seg: Olav f. 1832, sjukleg, Bryttva f. 1836, g. 1869 m. Lars Magneson Istad, Kirsti f. 1839, g. 1860 m. Sjur Larsson på Tveiti, Katla f. 1841, g. 1879 m. Olav Davidson Vivåsliæ, Ingebjørg f. 1844, g. 1875 m. skreddar Olav Nilsson Møn, Anna f. 1848, som var sjukleg og døydde ugift 1881. Lars Magneson f. 1842, fekk skøyte 1873 frå verfaren på garden for 550 spd. Bryttva døydde 1920 og Lars 1926. Deira son Anders

--- side 544 ---

f. 1869 har no garden og vart g. 1. 1909 m. Ingjerd Larsdr. Fenno f. 1888, 2. 1927 m. Sisselja Sjursdr. Fenno.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 167, lnr. 319 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 4 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,45.

Bruk 2. Øvre Fenno. Lars Larsson f. 1741, gifte seg 1763 m. Brita Monsdr. Bokkatun, og fekk 1760 skøyte på 1 pund 12 mark. Brita døydde 1801, 64½ år gl. og Lars 1809, 66 år gl. og hadde borni: Lars, Nils f. 1775, umtala under husmenn, Ivar f. 1778, g. 1807 m. Rannveig Olavsdr. Jernes, og Torbjørg f. 1766, g. 1789 m. Åmund Johannesson Mo'o. Ivar og Rannveig reiste til Vesterålen, Nordland. Lars var f. 1769, g. m. Sigrid Nilsdr. f. 1774 og fekk skøyte på farsgarden 1809. Sigrid døydde 1852 og Lars 1858. Dei hadde seks born: Gjertrud f. 1799, død ugift 1822, Lars, Nils, David f. 1807, Ragna f. 1809, g. 1835 m. Olav Gudleikson Veiso, Sigrid f. 1812, g. m. Olav Olavson Vetla Grovu, Ivar f. 1819. Alle i Amerika med undantak av Lars og Gjertrud.

Lars Larsson f. 1801, g. 1829 m. Kari Sjursdr. Tveiti f. 1803, fekk skøyte 1828 på garden. Ho døydde 1880 og han 1887. Deira dotter Sigrid f. 1834 gifte seg 1858 m. Anders Oddson Skulestad f. 1830. Dei fekk farsgarden hennar i 1867 for 400 spd. Han døydde 1899 og ho 1918 barnlause. Olav Ivarson Helland or Modalen kjøpte garden 1882 for 4200 kronor. Han var g. m. Ragnhild Jonsdr. Deira son Ivar f. 1880, g. 1913 m. Margreta Sjursdr. Tveiti f. 1877 fekk garden i 1932 for 6000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 167, lnr. 320 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 3 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,04 etter at bruk 4 var skilt frå.

Bruk 3. Fagerbrekkone. Utskilt frå bruk 2 med skyld 1 øre og selt til Brynjulv Nilsson Hildestveiti for 64 kronor. Han let det 1886 saman med Hildestveiti til Nils, son sin.

Bruk 4. Stølen Dalset. Skilt fra bruk 2 i 1899 med skyld 50 øre og selt til Erling Halgrimson og Erling Hansson Klyve, Granvin. Erling skøytte 1932 parten sin til dottersonen Erling M. Ringen, som selde att 1933 til son sin, Hans Erlingson.

Bruk 5. Fennateigen. Utskilt fra bruk 2 i 1915 med skyld 85 øre og selt til Olai O. Løkkebø for 2000 kronor. Han er f. 1878 og g. 1907 m. Dortea Olavsdr. Fenno f. 1885.

--- side 545 ---

Husmenn på Øvre Fenno.

Berge var husmann 1649 då han vart stemnd av di han ikkje vilde vera med og føra fram timbret til slottet i Bergen. Nils Larsson f. 1775, nemnd ovanfor, gifte seg 1802 m. Jorunn Johannesdr. Vassenden og fekk seks born: Brita f. 1802, død på Jørdre der ho var gift, Johannes f. 1805, Marta f. 1807, reist til Nordland, Lars f. 1810, Gunnvor f. 1812, Nils f. 1816. Jorunn døydde 1820 og Nils gifte seg att 1823 m. Brita Gitlesdr. Nedre Fenno og fekk sonen Gitle f. 1825, som g. seg 1851 med Brita Herbrandsdr. Takla og var husmann på Helgaset. Johannes Nilsson f. 1805, g. 1835 m. Brita Knutsdr. Haugen hadde fyrst plass på Fenno og frå 1843 på Tveiti.

Det har vore tri husmannsplass på Øvre Fenno: Hedlebrekkone og to som heitte Fennateigen. Det eine av dei heitte fyrr Langemyrteigen. Der budde Nils f. 1816, nemnd ovanfor, g. 1845 m. Ingebjørg Sjursdr. Fenno. Dei reiste til Amerika og hadde då borni Nils, Brita, Sjur og Lars f. 1846-1858. So kom Knut Johannesson f. 1843, g. m. Brita Magnesdr. og døydde 1931. Deira son Johannes f. 1866, g. 1887 m. Ingebjørg Jonsdr. Myster or Brudvik, hadde plasset til han kjøpte bruk 6 og 11 på Nedre Fenno. Olai O. Løkkebø fekk so plasset og kjøpte det, sjå bruk 5.

På Nedre Fennateigen budde Nils Eilivson som feste plasset 1828. Som ekm. gifte han seg 1858 m. Gjertrud Bårdsdr. Håtveiti. Han døydde 1875 og hadde med fyrste kona si borni: Eiliv Opelandshagen, Ragnhild, g. m. Lars Håvardson Opeland og Ivar som reiste til Amerika. Johannes Eliasson Hillevåg, g. m. Elisabet Olavsdr. Bjørku hadde plasset sist. No har dei bruk 5 på Opeland.

Lars Eilivson Mala, g. 1869 m. Sigrid Persdr. Skutle f. 1840 var fyrst husmannsfolk på Vetla Tveitæ til 1887, då dei flytte til plasset Hedlebrekkone. Sigrid døydde 1911 og Lars 1920. Lars Knutson budde og på Hedlebrekkone. Nils Lillegraven budde der i seks år. Sidan har der ikkje butt nokon.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden heiter det 1723. Stølen til Øvre Fenno er Dalset, som ligg ved Skaftedalselvæ.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723 og to i 1776 og 1791. Det har vore kvern til ikring 1915, då ho vart nedlagd. I

--- side 546 ---

Nere Øyane har vore uppgangssag, men no står berre murane att.

Offentlege forretningar.

Forretning 1701. Grensetvist 1812 millom Øvre og Nedre Fenno. Steiningsforretning 1805. Godviljug utskifting 1844.

Ymse.

Ingebrikt Øvre Fenno bad på tinget 1672 um å sleppa skatten av di alle husi hans sonær som smidja hadde brunne um våren. Han laut be godt folk um hjelp til å få hus upp att. Våren 1885 var det lauseld på Ovre Fenno og fleire hus gjekk med.

Bumerke.

Hagtor 1720, 1725 tavle 7 nr. 21. Lars Hagtorson 1736 t. 7 nr. 23. Mons 1777 t. 3 nr. 92.

167. Nedre Fenno.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp skyldi på fyrste tun med 1½ laup 27 mark, på andre tun 3 spann og på tridje tun 1½ laup, tilsaman 4 laup 9 mark. Der var skog til husbruk. I matrikkelen 1723 er fyrste tun 2 laup, andre tun 2 pund 6 mark, som vart høgda til 1 laup og tridje tun 1 laup 2 pund som vart sett upp til 1 laup 2 pund 6 mark, tilsaman 4 laup 2 pund 6 mark. Alle tri tuni hadde turvande vedaskog og litt skog til husvøling og hadde kvar sin humlagard. Fyrste tun var sers lettbrukt og kornavlingi var årviss. Andre og tridje tun var noko årvande.

Skyldi 4 laup 2 pund 6 mark vart 1838 umskrivi til 15 dalar 3 ort 9 skill. Samanlikningstalet var 1000 for fyrste, 500 for andre og 865 for tridje tun, tilsaman 2365. Der var vedaskog til eige bruk, vassfall og fureskog jamvel til sal. Matrikkelen 1865 melder at der var 51,6 mål åker, 2,5 mål dyrka eng, 62 mål god, 71,5 mål medels natureng og 102 mål skrapebø. 2 mål var skikka for dyrking. Hamnegangen var medels og låg lagleg til. Timber kunde seljast på bruk 1 for 6 spd., på bruk 2 for 6 spd., på bruk 3 for 12 spd., på bruk 4 for 10 spd., på bruk 5 for 3½ spd., på bruk 6 for 3½ spd. og på bruk 7 timber og ved for 3 spd. Ved uppteljingi 1918 var der 53 mål åker, 22 mål kunsteng og 79 mål natureng.

Folketalet var 37 i 1801, 58 i 1865 og 49 i 1920.

--- side 547 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Fenno.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   31   27          
1723 3   39   39   33      
1865 7   69   119   133 ½ 113  
1918 11   43   154          

I 1657 vantar det uppgåve for ein brukar.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen på tri eigedomar var tilsaman 1 pund 17 mark smør, 1 bukkskinn, 2 geitskinn og 2 sauskinn. Leiglendingar var Håkon, Jon, Hallbjørn, Knut og Eirik. Ryttarskatt vart 1627 lagt på to odelsgods: a. 4½ laup, skatt 10 dalar ½ ort med brukar Eirik, b. 1 laup 4 mark, skatt 3½ ort, brukar Knut på vegne av Mons sine born. Giskegodset åtte 1647 1 spann og Munkeliv åtte 1646 og 1648 ½ laup, 1 geitskinn. Hannibal Sehested fekk 1648 kongeskøyte på 1 spann Giskegods, men laut levera 9 mark attende til kongen i 1651. Han selde det 1657 til Gabriel Marselis.

Skattemanntalet i 1652 og seinare skil på Nedre Fenno millom tri tun, fyrste, andre og tridje tun. Me vil difor føra dei einskilde tun i same rekkefylgje fram til dei einskilde gardsbruk er skipa og sidan halda fram med dei.

Fyrste tunet, Heimetune.

Fyrste tun er 1652 og 1655 ført upp med 6½ spann i skyld. Derav åtte brukaren Eirik 1 pund 21 mark og Munkeliv ½ laup. Skyldi er 1659 førd upp med 2 laup og den same brukar og eigar. I matrikkelen 1661 står at skyldi var 1½ laup 27 mark. Munkeliv åtte ½ laup, Finnegodset 9 mark og resten var bondegods. Ei enkje var brukar. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 12 mark 1 geitskinn, og selde att same året til Klas Miltzow. Han åtte 1676 1 laup 9 mark, Josef Lid 27 mark, David Mo'o 1 laup 1 bukkskinn. Eigarane i 1680 var David Mo'o 1 laup 1 bukkskinn, Gjert Miltzow 3 spann og Klas Miltzow 1 laup 1 spann. I 1691 åtte Krosskyrkja 3 spann og Klas Miltzow 1 laup 1 spann. Jørgen og Albrekt var leiglendingar. Vangens prestebol åtte 1695 3 pund og Ingjerd Miltzow 1 laup 18 mark.

--- side 548

Bård Torgeirson var leiglending, han var g. m. Helga Persdr. og døydde 1697. Meir um dei på Håtveiti.

Folketeljingi 1701 melder at Olav Rasmusson f. 1662 var leiglending. Han gifte seg med enkja Helga Persdr. og fekk med henne tri born: Rannveig f. 1699, g. 1727 m. Nils Endreson Giljarhus, Bård f. 1704, og Marta f. 1711, g. m. Lars Indre Fenno. Vangens Fatighus var 1714 eigar av 2 pund 6 mark og Knut Finne av 1 laup 18 mark med Olav som leiglending.

Svein Mikkjelson Hornve, g. 1713 m. Anna Knutsdr. Finne fekk hjå far hennar 1 laup 18 mark som han åtte i første tun. Svein døydde 1735, 50½ år gl. og Anna gifte seg att 1738 m. Johannes Ivarson Skår. Anna døydde 1762, 66½ år gl. og Johannes 1769, 52½ år gl. Ved skifte etter Svein var garden taksta 120 rd. Bruttomidelen var 272 rd. Anna fekk åtte born med Svein: Nils f. 1716, Kirsti f. 1719, g. 1745 m. Viking Davidson Kjønnagard, Vossastr., Anna f. 1722, død ugift 1794, Dordei f. 1724, g. 1745 m. ekm. Olav Øvre Grovu, Margreta f. 1728, død ugift 1752, Mikkjel f. 1728, g. 1757 m. Sigrid Steffadr. Skjerve, budde på Skjerve, Gjertrud f. 1731, død 1746, Klas f. 1734, g. 1761 m. Jorunn Eiriksdr. Græe, budde på Tesdal. Med Johannes hadde Anna dotteri Synneva f. 1738, g. 1775 m. Nils Knutson Voll.

Nils Sveinson f. 1716, g. 1743 m. Brita Hallsteinsdr. Istad fekk skøyte frå stykfaren på 1 pund 21 mark og kjøpte 1760 1 pund 21 mark av medervingane, so han åtte i alt 1 laup 18 mark. I 1761 fekk han kongeskøyte på løysningsretten til 9 mark for 65 rd. som Gabriel Marselis hadde kjøpt 1657. Det er fortalt at Nils gav burt som fadragåve ein teig kalla Ygresteigen (bruk 11 på Ygre). Nils skulde vera ein kraftig kar. Ein gong han laut kjøpa ei tunne frøkorn hjå presten på Vangen, kom Nils i vågemål med presten at dersom Nils greidde å bera korntunna til Fenno og kvila berre ein gong, skulde han sleppa betala kornet. Drengen til presten fylgde med for å sjå etter, og kom attende med melding at Nils hadde greidt det.

Ho Brita døydde 1778, 69 år gl. og Nils 1804, 88 år gl. og hadde to born etter seg: Svein f. 1746 og Herborg f. 1750, g. 1777 m. Gitle Samsonson Auro. Svein vart gift 1768 m. Rannveig Jonsdr. Kyte og fekk 1768 skøyte på 2½ spann. Han døydde 1778 og Rannveig 1804, 73 år gl. og hadde sonen

--- side 549 ---

Nils f. 1770. Han fekk 1788 skøyte frå far sin på 2½ spann. Sjå vidare bruk 3.

Gitle Samsonson Auro f. 1746, gift som ovanfor meldt med Herborg Nilsdr., fekk 1777 skøyte frå verfaren på 2½ spann. Gitle døydde 1810 og Herborg 1838. Jordgodset vart taksta 500 rd. på skifte etter Gitle. Fem born: Torbjørn, Samson f. 1794, Brita f. 1782, g. 1823 m. ekm. Nils Larsson Øvre Fenno, Marta f. 1784, død 1867 ugift, Anna f. 1787, g. 1813 m. Olav Person Fenno. Torbjørn var f. 1777, gifte seg 1807 m. Kristi Eiriksdr. Afdal og fekk 1810 skøyte på 2 pund 10½ mark. Han selde 1819 ½ laup til Samson, bror sin, sjå vidare bruk 1, og 22½ mark til Sjur Ivarson Rene i 1822, sjå bruk 2.

Andre tunet, Midttune med Johagen.

Skyldi på andre tunet er i skattemanntalet 1652, 1655 og 1659 førd upp med 3 spann som Kirsten Bolstad åtte. Torgeir var leiglending 1652, Knut 1655 og 1659, og Anders Larsson 1661 og 1664. I 1776 og 1680 er under Apostelgodset ført upp 1 laup. F. Broderson åtte det 1691 og 1695. Nils Jakobson f. 1638 var brukar 1691, 1695 og 1701 og kjøpte 3 spann i 1703 av Broderson. Nils var g. m. Synneva Andersdr. og hadde fem born: Jakob som budde i Luster, Knut, Ingebjørg f. 1673, Sigrid f. 1681 og Gjertrud f. 1690.

Knut Nilsson fekk 1713 eigedomen og gifte seg 1714 m. Helga Hagtorsdr. Øvre Fenno. Han døydde millom 1730 og 1733. Helga gifte seg att m. Anders Ivarson, som døydde 1747, 46 år gl. Knut og Helga hadde borni Nils f. 1715, g. 1740 m. enkja Anna Flatlandsmoen, Synneva f. 1720, død 1736 og Sigrid f. 1727, g. 1749 m. Knut Andersson Flatlandsmoen. Anders og Helga fekk sonen Ivar f. 1733. Anders åtte 2 spann 15½ mark og hadde 1739 kjøpt odelsretten til 3 spann av Filip Nicoll sine born.

Sigrid Knutsdr. f. 1727 kjøpte 1747 2 spann 15 mark av ervingane etter Anders. Som ovanfor meldt gifte ho seg med Knut A. Flatlandsmoen. Han kjøpte 1777 1¾ spann av Ivar Jonson, som hadde kjøpt det 1773. Knut døydde 1798, 77½ år gl. og hadde sju born etter seg: Brita f. 1749, g. 1780 etter kongelegt løyve med ekm. Mons Larsson Store Ringheim, Anna f. 1753, g. 1789 m. Olav Olavson Håtveiti, skriven for Flatlandsmoen i 1798, Synneva f. 1755, g. 1771 m. Olav Knutson Lekve,

--- side 550 ---

Anders f. 1557, Knut f. 1760, g. 1801 m. enkja Andri Larsdr. Nedre Vinjo, Sjur f. 1763, Trond f. 1766. Anders Knutson f. 1757, g. 1789 m. Brita Monsdr. Øvre Fenno fekk 1787 skøyte frå far sin på 3 spann og åtte i alt 1 laup. Sjå vidare bruk 4. Knut Andersson selde 1780 1 pund 7½ mark til Olav Johannesson, som selde att 1790 til Berge Sveinson, framhald bruk 7.

Tridje tunet, Eirikstune.

Tridje tun er i skattemanntalet 1652 og 1655 ført upp med skyld 1½ laup og 1659 med 1½ laup 1 spann. Tormod og Suane åtte 3 spann i 1652 og 5 spann i 1655 og 1659, F. Broderson 1 spann 1652, 1655 og Munkeliv 1 spann i 1659. Tormod var brukar alle desse åri og likeins 1661 og 1664. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 spann i Munkelivgods som Garmann selde att same året til Klas Miltzow. I 1676 er ført upp 1 laup 3 spann under Apostelgodset. Klas Miltzow åtte 1 spann 1680 og 1691. Vangens Fatighus åtte då ½ laup og 1 laup var bondegods. I 1695 var Ingjerd Miltzow eigar av 1 spann og Dagfinn Mo'o og Lars Spildo 1½ laup. Brukaren heitte Håkon.

Eirik Sjurson f. 1661 var leiglending 1701. Han bygsla på nytt 5 spann i 1720 av Per Spildo og Viking Tvilde, og kjøpte same året 1 spann av Baltzer Miltzow. Eirik var g. m. Marta Larsdr. som døyde 1742, 86 år gl. og Eirik døydde 1748, 88 år gl. Dei hadde fem born: Ingebjørg, g. 1. 1709 m. Odd Ivarson, 2. m. Sone Nilsson Tøn, Sigtru, g. 1717 m. Mikkjel Arnbjørnson Haga, Marta, g. 1718 m. Arne Eirikson Vinsand, Gunnvor, g. 1725 m. Odd Knutson Osgjerd, skriven for Tveiti i 1742. Eirik selde 1743 9 mark til Per Larsson Nedre Spildo.

Lars Larsson ervde 1730 noko og kjøpte noko av dei umyndige syskini sine Svein, Ragnhild og Bryttva, tilsaman 2½ spann i tridje tun og åtte dessutan etter tingsvitne i 1743 18 mark, i alt 2 pund 15 mark. Lars bytte 1749 med Styrk Johannesson uti hans eigedom på Øvre Fenno. Styrk vart som ekm. gift 1749 m. enkja Marta Larsdr. Graudo og dei fekk same året dotteri Kari. Styrk døydde på Graudo 1750, 50 år gl. Ivar Isakson Brekke har ved makebyte 1773 fått 31½ mark på Nedre Fenno og selde det 1774 til Ivar Person Fenno, som i 1778 let det til Per, son sin.

Lars Person Spildo fekk 1743 som gåve frå far sin 2 pund 15 mark i tridje tun på Nedre Fenno. Lars har selt det 1747

--- side 551 ---

til Ivar, bror sin. Ivar var f. 1725 og g. m. Guro Johannesdr. Ho døydde 1796, 72 år gl. og Ivar 1802, 77 år gl. Ved skifte 1796 var jordgodset taksta 350 rd. og bruttomidelen var 558 rd. Sju born: Per f. 1750, Johannes f. 1753, død fyre 1832 utan etterkomarar, Lars f. 1756, g. 1812 m. Anna Andersdr. Skutle og døydde 1832 utan born som husmann på Nedre Fenno, Lisbet f. 1759, død ugift, Sjur f. 1763, død ugift, Ingebjørg f. 1770, g. 1800 m. Hans Larsson i Kolskår, Guro, død fyre 1796 utan born.

Per Ivarson var f. 1750 og g. 1. 1778 m. enkja Kari Tormodsdr. Gjerdåk, 2. 1811 m. Magli Knutsdr. Vetla Rokne f. 1760. Han fekk med fyrste kona 1 laup 1 pund 8 mark i Gjerdåk og åtte 1 laup 22 mark på Fenno. Per skifte garden på Fenno i to jamstore partar millom sønene Ivar og Olav so Ivar fekk bruk 5 og Olav bruk 6. Per døydde 1826, 77 år gl. og Magli 1837, 77 år gl. Bruttomidelen ved skifte etter dei var 30 spd.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Fenno. Bruk 1, 2 og 3 er ofte med eit sams namn kalla Heimetune. Samson Gitleson kjøpte som ovanfor umtala bruk 1 av Torbjørn, bror sin. Samson var f. 1794, g. 1833 m. Anna Bårdsdr. Skutle og døydde 1858. Ho døydde 1842, 37 år gl. og hadde to born: Gitle, og Kirsti f. 1835, død 1916 ugift. Gitle var f. 1837, gifte seg 1861 m. Eli Magnesdr. Vinjo f. 1824 og fekk ved skifte etter faren garden for 300 spd. Gitle døydde 1867 og Eli gifte seg att med Sjur Mikkjelson Veiso f. 1849. Gitle og Eli fekk borni Nils, og Anna f. 1862, g. 1892 m. Arnt Johnson f. 1855, huseigar på Nyre. Eli og Sjur fekk sonen Gitle f. 1870, sjå um han og faren på Veiso. Nils Gitleson f. 1865, g. 1887 m. Maria Kolbeinsdr. Skutle f. 1862, fekk farsgarden på skifte etter faren for 350 spd. Deira son Johannes f. 1887, g. 1924 m. Marta Knutsdr. Hildestveiti f. 1902 fekk garden i 1927 for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 321 a med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort. Ny skyld mark 2,62.

Bruk 2. Nedre Fenno (Heimetune). Sjur Ivarson Rene kjøpte som nemnt ovanfor bruk 2 av Torbjørn Gitleson i 1822. Sjur var g. 1802 m. Gudve Olavsdr. Kinne og fekk på Rene borni: Ivar f. 1803, død 1824, Guro g. 1829 m. Olav Arneson Skiple, Brita f. 1813, g. 1837 m. Nils Herbrandson Takla,

--- side 552 ---

Ingebjørg f. 1815, g. 1845 m. Nils Nilsson Øvre Fenno, Eli f. 1821. Sjur døydde 1846, 66 år gl. og Gudve 1855, 75 år gl. Olav Arneson fekk 1828 skøyte på garden frå Sjur. Olav og Guro fekk borni: Sisselja f. 1830, g. 1848 m. Johannes Sjurson Fenno, Gudve f. 1838, g. 1862 m. Nils Johannesson Tveiti, og Ivar f. 1846. Han var g. 1. 1865 m. Anna Larsdr. Såkvitno, 2. 1878 m. Sisselja Knutsdr. Flatlandsmoen og fekk 1866 skøyte på farsgarden for 200 spd. Ivar selde garden 1892 til Sjur


Nedre Fenno, Heimetunet
Bilete 71. Nedre Fenno. Heimetunet. Fot. P. Braaten 1936.

Knutson Fenno for 4000 kronor, budde so nokre år på Vangen og reiste sidan til Amerika med huslyden sin.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 321 b med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Nedre Fenno (Heimetune). Nils Sveinson fekk som ovanfor meldt skøyte på bruk 3 i 1788 frå far sin. Nils var f. 1770 og g. 1807 m. Anna Ivarsdr. Fenno. Han døydde 1827 og Anna 1836, 76 år gl. Dei hadde dotteri Rannveig f. 1808 som gifte seg 1827 m. Knut Sjurson Rogne. Rannveig fekk i 1826 skøyte på garden. Knut døydde 1840, 44 år gl. og hadde fem born: Nils f. 1829, g. 1849 m. Brita Eiriksdr. Himle, Anna f. 1830, g. 1849 m. Nils Knutson Midt Fenno, Ingebjørg f. 1832, Sjur f. 1834, Guro f. 1839, g. 1865 m. Arnfinn Sjurson Møn.

--- side 553 ---

Garden vart taksta 450 spd. og skogen 60 spd. på skifte etter Knut. Nils og mor hans fekk garden utlagd på skifte og selde han 1849 til Knut Erlingson Rykke for 1000 spd.

Knut var f. 1812, g. 1848 m. Ingjerd Knutsdr. Tvilde f. 1815. Knut døydde 1898 og Ingjerd 1897. Dei hadde fem born: Lars, Knut f. 1851, Gjertrud f. 1855, g. 1873 m. Sjur Johannesson Fenno, Anders f. 1857, g. 1876 m. Sigvor Monsdr. Fenno, Sjur f. 1860, Lars f. 1849, g. 1877 m. Ingebjørg Olavsdr. Fenno f. 1853, fekk farsgarden i 1882 for 2400 kronor. Han døydde 1889 og ho 1929. Deira son Olav fekk garden i 1903 for 3000 kronor. Han er f. 1879 og g. 1902 m. Sisselja Larsdr. Auro f. 1880.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 322 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 3 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,26.

Bruk 4. Nedre Fenno. I grendi vert dette bruket oftast kalla Midttune. Anders Knutson f. 1757, g. m. Brita Monsdr. Øvre Fenno fekk som fyrr fortalt bruk 4 hjå far sin i 1787. Dei fekk sju born: Knut f. 1789, Kari f. 1793, g. 1830 m. Sjur Person Øvre Fenno, Anna, g. 1812 m. Lars Ivarson Nedre Fenno, Mons f. 1799, Sigrid f. 1802, g. 1824 m. Ivar Nilsson Skutle, Lars f. 1805, g. 1838 m. Elisabet Håvardsdr. Grovu, Anders f. 1809. Knut gifte seg 1825 m. Eli Nilsdr. Skutle. Han vart 1829 uppnemnd til presten sin medhjelpar. På tinget 1830 synte han fram hudi av ein vaksen bjørn som han saman med andre hadde skote i Tveitsmarkjæ um sumaren. Ved skifte etter Knut var det åtte born: Anders f. 1826, g. 1847 m. Marta Håvardsdr. Mala, Nils f. 1828, g. 1849 m. Anna Knutsdr. Fenno (Amerika), Mons f. 1830, g. 1856 m. Gudve Eiriksdr. Himle (Amerika), Knut, Lars f. 1838, g. 1864 m. Guro Eiriksdr. Bulko (Amerika), Ivar, Brita og Sigrid.

Anders Knutson fekk garden ved skifte etter faren og selde halvparten 1847 til Arnfinn Larsson Vestrheim, Ulvik, som selde att 1848 til Kolbein Kolbeinson Dale. Han og Anders selde heile bruk 4 i 1849 til Lars Herbrandson Tveiti, som 1869 bytte med Mons Nilsson uti Tveiti. Mons var f. 1811, g. m. Guri Knutsdr. og døydde 1879. Ho døydde 1873, 42 år gl. Dei hadde sju born: Sigvor f. 1855, g. 1876 m, Anders Knutson Fenno, Nils f. 1856, Knut f. 1858, Mons f. 1860, Kari f. 1865, g. 1887 m. smed Anders Johannesson Langedal, Guro f. 1870, g. 1894 m. Brynjulv Halldorson Veiso f. 1866, Guri f. 1873.

--- side 554 ---

Nils var g. 1879 m. Anna Knutsdr. Veiso, f. 1855 og fekk garden ved skifte etter faren for 5800 kronor. Olav Nilsson Hylle kjøpte garden på auksjon i 1904 for 5500 kronor. Olav var f. 1862, g. 1887 m. Ingebjørg Knutsdr. Veiso f. 1860. Han var snikkar og er død. Deira dotter Guro f. 1887 gifte seg 1914 m. Johan Andersson Eikefjord frå Kinn f. 1883. Dei fekk garden hjå far hennar i 1916 for 4500 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 323 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 2 ort 3 skill. Ny skyld mark 4,99.

Bruk 5. Nedre Fenno. Bruk 5 og 6 vert ofte kalla med sams namn Eirikstune. Bruk 5 er stundom kalla Sjursbrukje. Ivar Person fekk som ovanfor nemnt bruk 5 hjå far sin i 1817. Ivar var f. 1782, g. 1825 m. Guri Persdr. Skutle og døydde 1839. Ho døydde 1850, 62 år gl. utan etterkomarar. Ivar let i 1827 garden til Sjur, bror sin. Han var f. 1786, g. 1820 m. Kari Andersdr. Midt-Fenno, som døydde 1856, 63 år gl. Han døydde 1869. Dei hadde borni: Johannes f. 1825, Kari f. 1820, g. 1842 m. Per Olavson Fenno og Ivar f. 1833, død 1870 i Haugesund. Sjur var med i krigen mot Sverike og er då skriven for Gjerdåk.

Johannes Sjurson f. 1825, g. 1848 m. Sisselja Olavsdr. Fenno f. 1830 fekk garden i 1851 hjå far sin for 300 spd. Sisselja døydde 1885 og Johannes 1887 og hadde borni: Sjur f. 1849, Kari f. 1852 og Guro f. 1855. Sjur gifte seg 1873 m. Gjertrud Knutsdr. Fenno og fekk i 1888 garden på skifte etter far sin. Dei fekk borni: Sisselja, Johannes, Ingjerd, Knut, Olav, Sjur og Anders f. 1873-1889.

Olav Håvardson Grovu kjøpte 1899 garden for 3600 kronor. Han var f. 1845 i Granvin, g. 1887 m. Anna Knutsdr. Flatlandsmoen f. 1845 og døydde 1916. Han dreiv ei tid mykje med handel og åtte bruk 1 på Grovu som han selde 1877. Brynjulv Davidson Vivås kjøpte garden i 1900 for 1800 kronor. Han er f. 1859, gifte seg med Helene Mo'o, enkje etter Styrkar Mo'o. Hans M. Hjølmo frå Eidfjord kjøpte bruk 5 i 1933 for 5000 kronor.

Brak 5 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 324 a med gamal skyld 1 pund 23¼ mark, urevidert 2 dalar 18 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20.

Bruk 6. Nedre Fenno (Eirikstune). Olav Person fekk som ovanfor umtala, bruk 6 hjå far sin i 1817. Olav var f. 1779, g. 1813 m. Anna Gitlesdr. Fenno. Ho døydde 1825, 38 år gl.

--- side 555 ---

og Olav 1846. Deira jordgods vart taksta 130 spd. og skogen 30 spd. på skifte 1826. Fem born: Kari f. 1813, død ugift 1832, Synneva f. 1814, g. 1837 m. Hermund Hermundson Bulko, gardmann på Skutle, Per f. 1818, Kirsti f. 1820, g. 1846 m Kolbein Kolbeinson Dale, gardmann på Skutle, Gitle f. 1823, g. m. Anna Johannesdr. Hereid or Eidfjord, f. 1825, gardmann på Opeland. Per vart gift 1842 med syskinbarnet sitt, Kari Sjursdr. Fenno, og fekk garden på skifte etter mori og skøyte 1833 frå far sin. Per døydde 1849 og Kari vart uppattgift 1853


Nedre Fenno, Eirikstunet og Midttunet
Bilete 72. Nedre Fenno, Eirikstunet og Midttunet. Fot. P. Braaten 1936.

m. Olav Olavson Vivås. Per og Kari hadde to born: Anna f. 1844, g. 1. m. Olav Larsson Bulko, 2. 1886 m. Henrik Larsson Brurestolen, og Olav, f. 1847. Olav Vivås skulde vera sers god til å øksa takspon, som då var noko i bruk. Han fekk med Kari dotteri Ingebjørg f. 1853 som gifte seg 1877 m. Lars Knutson Fenno på bruk 3.

Olav Person f. 1847, g. 1871 m. Marta Nilsdr. Ygre fekk garden 1849 på skifte etter faren for 460 spd. Dei fekk sju born: Per, Kari, Brita, Anna, Nils, Marta og Olav f. 1874-1886. Nils f. 1880, g. 1904 m. Brita Larsdr. Græe f. 1876, fekk 1903 skøyte frå far sin på garden for 3500 kronor. Johannes Knutson Øvre Fenno kjøpte garden på auksjon i 1914 for 6400 kronor.

--- side 556 ---

Han er f. 1866 og g. 1887 m. Ingebjørg Jonsdr. Myster frå Brudvik.

Bruk 6 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 324 b med skyld som bruk 5.

Bruk 7. Nedre Fenno. Dette bruket vert ofte kalla Johagen. Berge Sveinson har som ovanfor nemnt kjøpt bruk 7 i 1790. Han var g. 1. m. Marta Sjursdr. som døydde 1790, 39 år gl. utan born, 2. 1791 m. Ingebjørg Hallsteinsdr. Istad. Jordgodset vart 1790 taksta 235 rd. Brynjulv Jonson kjøpte bruket i 1793. Han var g. m. Anna Gusskalksdr. og døydde 1830, 78 år gl. Ho døydde 1845, 85½ år gl. og dei hadde seks born: Jon, Anna, g. m. Nils Olavson Selland, Åsa, g. m. Valdemar K. Eikeland i Kinn, Sigtru, g. m. Sjur Larsson Såkvitno, Granvin, Marta f. 1796, g. m. Olav Nilsson Nesbø, Ingebjørg f. 1800, g. m. Eirik Monsson Gavle. Brynjulv og sonen Jon vart 1821 mulkta 25 spd. og kostnader for brennevinssal.

Jon Brynjulvson, g. 1827 m. Ingebjørg Eiriksdr. Rekve f. 1787, fekk skøyte frå far sin på garden i 1827. Jon døydde 1869, 83 år gl. og Ingebjørg 1880 og hadde sønene Brynjulv f. 1829, som reiste til Amerika, og Eirik f. 1831. Jon selde garden 1856 til Knut Sjurson Flatlandsmoen, men Eirik tok garden att ved odelssøksmål i 1857. Eirik gifte seg 1856 m. Ingjerd Olavsdr. Eide, Granvin f. 1830, og fekk borni: Jon f. 1857, g. 1885 m. Brita Eiriksdr. Saude, Torleiv f. 1864, Olav f. 1867, Ragnhild f. 1869, Ingebjørg f. 1871 og Lars f. 1874. Eirik døydde 1910 og Ingjerd 1914.

Jon Eirikson fekk garden 1888 hjå far sin for 2000 kronor, selde att 1894 til Per Nilsson Saude, Borstr. for 3000 kronor og reiste med huslyden sin til Amerika. Syskini hans var reiste til Amerika fyrr. Per selde garden att 1899 til Brynjulv D. Vivås, umtala på bruk 5, for 5000 kronor. Han bytte 1899 med Olav Josefson Bø uti bruk 3 på Indre Takla og fekk 2000 kronor i millomlag. Olav var f. 1860, g. 1892 m. Marta Knutsdr. Rogne f. 1863. Han hadde fyrr bruk 12 på Rogne og dreiv som byggmeister. Sonen Josef f. 1898 vart g. 1928 m. Anna Olavsdr. Brurestolen f. 1898 og fekk garden hjå far sin i 1929 for 6000 kronor.

Brak 7 var fyrr mtrnr. 168, lnr. 325 med gamal skyld 1 pund 7½ mark, urevidert 1 dalar 2 ort 3 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91.

--- side 557 ---

Bruk 8. Tròteigen. Utskilt frå bruk 2 i 1891 med skyld 66 øre og selt til Nils Gitleson Fenno.

Bruk 9. Hadlaset. Skilt fra bruk 4 i 1897 med skyld 18 øre og selt til Sjur Mikkjelson Veiso, og er no støl til Veiso.

Bruk 10. Fenno. Skilt ut frå bruk 5 i 1900 med skyld mark 1,00. Olav H. Grovu var eigar. Han selde 1907 til Per Andersson Løno som selde att 1914 til Olav Larsson Auro.

Bruk 11. Fenno. Utskilt fra bruk 5 i 1900 med skyld 70 øre og selt til Olav Person Fenno. Sonen Nils Olavson kjøpte det 1911, og det fylgde med bruk 6 som Johannes Knutson kjøpte 1914.

Bruk 12. Kleivane. Skilt ut frå bruk 5 i 1900 med skyld 15 øre og selt til Knut S. Flatlandsmoen, som selde att 1920 til Lars Sjurson Flatlandsmoen. Knut Flatlandsmoen kjøpte det på nytt lag 1925.

Bruk 13. Løipesteigen. Skilt ut frå bruk 10 i 1901. Skyld 12 øre. Selt til Knut Jonson Mo'o.

Bruk 14. Postmyrteigen. Utskilt frå bruk 10 i 1901. Skyld 16 øre. Olav Josefson Bø kjøpte det og det fylgjer med bruk 7.

Bruk 15. Fossateigen. Skilt ut frå bruk 10 i 1901. Skyld 12 øre. Det vart selt til Olav Josefson Bø og fylgjer med bruk 7.

Bruk 16. Kleiveland. Utskilt frå bruk 7 i 1903 med skyld 12 øre og selt til Kristian Torgrimson Seim, som selde att 1911 til byggmeister Anders Løno. Blekksmed B. N. Lekven kjøpte det 1916, og selde att 1933 til Jakob Skorve. Arnfinn N. Møn kjøpte det same året.

Bruk 17. Isakshjellen. Skilt ut i 1904 frå bruk 10. Skyld 4 øre. Arnved D. Spildo kjøpte det. I 1917 vart det selt på auksjon til Knut Endeve og Olav K. Rykke. Knut selde sin part 1926 til Oskar Myklebust. Han selde att 1934 saman med bruk 3 og 7 på Kinne til Gurina Vidme.

Bruk 18. Forvòteigen. Utskilt frå bruk 4 i 1911 og selt til Knut Arnfinnson Møn. Skyldi er 45 øre.

Bruk 19. Nystova. Skilt ut frå bruk 6 i 1912 med skyld 1 øre og selt til Olav Olavson Fenno, som selde att 1916 til Nils, bror sin.

Bruk 20. Fredheien. Skilt ut frå bruk 7. Skyld 34 øre. Eigar etter skylddeilingi var Olav J. Bø.

--- side 558 ---

Husmenn på Nedre Fenno

Lars Nilsson var husmann 1664. Olav Knutson f. 1636 med sonen David f. 1691 og Åmund Larsson med sonen Tormod f. 1690 var husmenn i 1701. Knut Jørgenson, g. 1722 m. Torbjørg Knutsdr. fekk 1728 dotteri Marta. Trond Olavson, g. m. Anna Larsdr. fekk borni Inga f. 1729 og Marta f. 1735. Brita Jensdr. døydde 1838, 79 år gl. som husmannskone. Ivar Sjurson Fenno f. 1833 gifte seg 1859 m. Eli Ivarsdr. Skutle f. 1837, og fekk borni Kari f. 1859 og Sigrid f. 1865. Ivar døydde 1870. Lars Larsson Bø f. 1837, g. 1. 1858 m. Rannveig Nilsdr. Ygre, 2. 1881 m. Lisbet Aslesdr. Hegg og døydde 1907. Lars fekk fire born med Rannveig: Lars f. 1861, Nils f. 1865, Torstein f. 1867 og Sigrid f. 1873. Anna Ivarsdr. Græe fødd i Valdres 1846 døydde som husmannskone 1917. Nils Johannesson Hylle f. på Tveiti 1830 g. 1862 m. Gudve Olavsdr. Fenno var fyrst husmann på Hydleshagen og sidan på Nedre Fenno, der han døydde 1915.

Brynjulv Knutson Opeland f. på Repål 1807, g. 1831 m. Brita Knutsdr. Ringheim var fyrst husmann på Opeland, sidan på Fennaplasset Tangen til dei flytte til sonen Knut på Grovu, der Brynjulv døydde 1887. Han var navrasmed. Dei hadde borni Kari f. 1831, g. 1854 m. Olav Ingebriktson Gjerde, Knut f. 1833, gardmann på Grovu, og Kristense f. 1839. Husmannsplass har det vore i Isakshjedlane i 1700-talet, på Tuft'na i utmarki og på Graoskodlatræ'e (eller Roleheitæ som det og er kalla). To valdrisar budde der. Nils Herbrandson Takla, g. m. Brita Sjursdr. Fenno var den siste som budde der.

Støl.

I matrikkelen 1723 heiter det at fyrste og tridje tun hadde ¼ mil til stølen og andre tun ¾ mil. Stølen åt Nedre Fenno er vanleg kalla Fennastødl'n eller Kjyrald og ligg i Kjyraldsdalen.

Kvern.

Kvern var det 1723 på fyrste og tridje tun og likeins 1776 og 1791. På bruk 1 og 6 er det no og kvern som dei bruker.

Offentlege forretningar.

Forretning um merkeskil 1722 på fyrste tun. forretningar var halde 1723 og 1747. Åstadsak 1805. Steiningsforretning 1805. Forretning 1807 um skoggrensa. Åstadtingsvitne 1808. Dom 1811 og 1814. Åstadsak 1828 og 1843. Odelstakst 1857. Gjerdeforretning 1882. Utskifting 1902. Semje 1929 um gjerdehald ved Hardangervegen. Skilsdom 1916 um grensa millom bruk 4 og 5.

--- side 559 ---

Ymse.

Nils Gitleson fann 1921 i Nygjerdslo vestanfor gardshusi ei stridsøks som låg umlag ein halv meter nede i jordi, og gav henne til Voss Folkemuseum.

Bumerke.

Olav 1709, 1715 tavle 7 nr. 18. Svein fleire gonger 1717-1772 t. 7 nr. 19. Knut 1718 t. 7 nr. 20. Eirik 1722, 1723 t. 7 nr. 22. Anders Midt-Fenno t. 7 nr. 24. Lars Indre Fenno 1740, 1745, 1752 t. 2 nr. 31. Lars Fenno eller Finne 1749 t. 1 nr. 42. I 1765 teikna han t. 2 nr. 37. Johannes t. 7. nr. 25. Gitle 1780 t. 7 nr. 26.