Finne.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 177 ---

I matrikken for Voss har Finne gardsnr. 43. Gardsnamnet Finne vert no uttala "Finnè" i genetiv "(te) Finnes", Namnet er ofte nemnt i gamalnorsk og vert i 1300-talet skrive Finnin. Det er samansett av ordet "finn", som truleg er det

Finnesloftet, Nigarden på Finne til vinstre, Uppigarden til høgre.
Bilete 29. Finnesloftet etter teikning av arkitekt P. Blix i 1888. Nigarden på Finne til vinstre, Uppigarden til høgre.

same som finntopp eller fingras, og "vin", som tyder beite, naturleg eng. Same namnet har dei og på Vossastrand, i Land på Austlandet, og i Skogn og Kolvereid i Nord-Trøndelag.

Finne har i eldre tid vore ein mykje vel kjend gard. Mange gilde menn har butt der på 1300- og 1400-talet. Då er Finnesloftet truleg bygt og Finnegodset skipa og etterkvart auka. Det skal vera etter garden Finne på Voss at Finnegarden i Bergen har namnet sitt. Finnegarden er fyrste gong umtala 1403, då Gudrid Sigurdsdr. åtte han.

Finne er førd upp i 1661 som halv gard med skyld 4 laup 1 spann. Etter denne skyldi skulde han vera full gard, men

--- side 178 ---

skyldi har truleg vore under 4 laup. Elles er sagt at der var ein brukar, og at der var brennefang og ei skvett-kvern. I matrikkelen 1723 er skyldi 3 laup 2 pund 6 mark, og der er ein brukar. Der var ei flaumkvern, men korkje humlehage, brennefang eller fiske. Garden var årvand, hadde turrlend jord og var sers lettbrukt. Der var 2 kvernar på Finne i 1776 og 1791. I 1777 var skyldi 3 laup 2 pund 6 mark og er i 1838 umskrivi til 10 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 1600 i 1838 og der var noko brennefang, heiter det. I matrikkelen 1865 er ført upp 30 mål åker, 4 mål dyrka eng og av natureng 64 mål god, 50 mål medels og 18 mål skrapebø. Dessutan ein slåtteteig på 16 mål. Det meste av det var godt. Hamnegangen var ring. Der var vedaskog og litegrand timber. Garden var tungvinn, utsett for å svida, og dyrka som vanleg. Til bruk 1 høyrde vassfall, som var verdsett til 2 spd. årleg. Elles ikkje noko lunnende. I 1918 var det 29¼ mål åker, 39½ mål kunsteng og 50½ mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Finne.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 2 29 6 36
1865 4 28 66 66 48
1918 5 20 44

For 1657 har ein ikkje uppgåvor for Finne av di garden då høyrde til Finnegodset.

Finnegodset i eldre tid.

Peter Bonde heitte den fyrste mannen på Finne som me har namn på. Han er nemnd fleire gonger i Diplomatariet åri 1298-1319. Han var kann henda av hordalandsk adelsætt, men var vel nærmast ein storbonde. Skjoldmerket hans var ein springande hjort. Peter var kyrkjeverje på Voss. Han er nemnd som vitne i to brev um Byrkjo. Brevi er utan dato, men må skriva seg frå fyre 1303. (Sjå DN. I. nr. 98,99). Saman med mange andre har Peter i 1317 utferda eit skiftebrev (DN. I. nr. 151). Brev av 1319 (DN. I. nr. 159) gjev vitnemål um at Peter på Finne hadde kjøpt av Peter Romundson 1½ mmb.

--- side 179 ---

i Horveids-åi. Forutan garden Finne har Peter på Finne ått noko anna jordgods.

Med dette jordgodset byrjar soga um det sokalla Finnegodset. Til dette høyrde gardar eller gardpartar som mann etter mann buande på Finne har vorte eigar av, sumt ved arv og sumt ved kjøp. Namnet må godset ha fått medan eigarane budde på Finne. I Peter Finne og sønene hans si tid har det vel ikkje vore so mange gardpartar som høyrde til, men det har seinare auka frå tid til onnor.

Peter hadde sønene Orm og Gudbrand. Orm Peterson var gift med enkja Gudrid Audfinnsdotter, truleg dotter åt bisp Audfinn Sigurdson i Bergen. Ho hadde fyrr vore gift med Halle Oddson på Rogne og deretter med Tore Sigurdson. Sjå under Rogne. Tore levde i 1317, og Gudrid er enkja etter Orm i 1326. Som etternemnde brev syner, er det ikkje lenge at Orm og Gudrid har vore gifte. Brev av 13 mai 1326 (DN. I. nr. 186) fortel nemleg um uppgjerd i Bispegården i Bergen etter Orm, som då nyleg må vera død. Umbodsmannen åt Gudrid Audfinnsdr. på eine sida og Gudbrand Peterson på Finne og Eirik Erlendson (Bokke), på den andre vart samde um: Gudbrand skulde betala Gudrid 8 mmb. i Kjalasvik og 2 mmb. i Romsøy, båe i Ølen, for dei 13 mmb. i Ullestad som Orm Peterson hadde gjeve til trygd for tilgifti åt Gudrid, 8 mark i gull. Gudbrand avstod vidare Gudrid 1 mmb. i nemnde Romsøy og 8 mmb. i garden Flæte (Etne) for det ho elles hadde til gode i buet etter Orm. Gudbrand godkjende og gåva på 10 mmb. i Bø, som Orm gav Gudrid på dødssengi. Gudrid og ervingane hennar skulde ha landskyldi av alt dette jordgodset til dess Gudbrand løyste det inn att. Eirik Erlendson (Bokke) samtykte i alt dette.

Gudbrand har vel so overteke Finne, og Gudrid er truleg flytt derfrå. Me finn sidan ikkje noko um henne fyrr 1. oktober 1333, då ho i stova på Rokne selde 3 mmb. i Byrkjo til Odd Oddson (truleg Røte). I eit anna brev frå 1333 er vitnemål um at Odd har betalt Gudrid i Snaregarden i Bergen for dette jordgodset. Ho er nemnd 1334, men døydde fyre 1342. Gudbrand var klerk og har altso vore ein studera mann. Skjoldmerket hans var umlag likt faren sitt, nemleg ein hjort som går til høgre. Han er død seinast 1338. 1321 har Gudbrand underskrive som vitne i eit brev (DN. XV. nr. 5). Brev

--- side 180 ---

av 1326 (DN. I. nr. 187) fortel at Halldor Duk avstod til Gudbrand eit fint sverd, som Orm, bror åt Gudbrand, ved testamente hadde gjeve til Halldor på det vilkår at dersom Gudbrand døydde utan ektefødt barn etter seg, skulde Halldor og ervingane hans få sverdet attende. Til vederlag gav Gudbrand 3 mmb. i Hylle på Voss til Halldor. I brev av 1330 (DN. III. nr. 157) er fortalt at Gudbrand selde til Odd Halleson 3 mmb. i Ullestad, som Gudbrand hadde ervt etter far sin.

I Bjørgynjar Kalfskinn er upplyst, at brørne Orm og Gudbrand på Finne betalte til kyrkja på Vangen ei skuld som far deira hadde, nemleg: I Lunde 1 mmb. for 4 kyr, i Saude 1 mmb. for 10 laup, i Grevle ½ mmb. for 2 kyr, i Fenno 1 mmb. for 4 kyr, i Uppkvitne 1 mmb. og 1 pundsbol for 16 laup, i Uppheim (Ulvik) 2 mmb. for 12 kyr, i Valland (Hardanger) 1 mmb. for 5 kyr.

Eirik Bokke og Ingebjørg Simonsdotter.

Då Gudbrand døydde har Eirik Erlendson med tilnamnet Bokke vorte eigar av Finne. Truleg har han vore verbror eller systerson åt Gudbrand. Eirik levde i mai 1348, men var død i fyrstningi av 1350, kann henda alt i 1349. Han makebytte til seg i 1338 (DN. I. nr. 254) 6 mmb. i Spildo mot 4 mmb. i Løno, som Erlend Karlshofudson fekk i staden. I eit brev frå 1350 er tala um ervingane åt Eirik Bokke sine born. Både han og borni må altso då vera døde. Truleg er det i Svartedauen. Hallstein Josteinson har so teke hand um Finne med buskap og lausøyre som var der. Han var son åt Jostein Hallsteinson på Saude. Hallstein eller kona hans må ha vore i slekt med tidlegare eigarar av Finne, men nokor upplysning um det har ein ikkje. I brev frå 1351 er nemleg umtala, at kona hans Hallstein har fått nokre gåvor hjå ein tidlegare eigar av Finne. Hallstein fekk ikkje lenge ha Finne og det som høyrde til. Ingebjørg Simonsdotter kom nemleg på vegne av barnet sitt med krav på eigedomane. I brev av 6. august 1350 (D N. I. nr. 321) er sagt at det hadde falle dom for at dette barnet var erving etter borni åt Eirik Bokke, men namnet på barnet er ikkje nemnt. Sume ættegranskarar har meint at Eirik har havt dette barnet med Ingebjørg anten som gift med henne eller elles. Andre trur ikkje det, og dei

--- side 181 ---

tykkjest ha beste grunnane for si meining. Visst er det at Ingebjørg hadde ei dotter Elin Vilhjalmsdotter. Ho vart gift seinast 1364 med Botolv Eindrideson og må vera fødd fyre 1349. Det må vera denne Elin som etter domen i 1349 eller 1350 var erving etter borni åt Eirik Bokke. Dei fleste granskarar er visst samde um at det var ved giftarmål med Elin at Botolv vart eigar av Finnegodset. Det må vera gjenom far sin at Elin hadde erveretten på Finnegodset. Hadde det vore gjenom mori, vilde ho ha vore nærmare til arven enn Elin. Far hennar Elin, Vilhjalm, må ha vore ein skylding til Gudbrand Peterson og hadde same våpen som Gudbrand, berre med tillegg av ei seksodda stjerne i venstre hyrna på skjoldet.

Ingebjørg Simonsdr. var 1352 gift med Gunnar Kolbeinson. 1365 var ho gift med Eiliv Brynjulvson. Truleg var dei gifte seinast 1359. Kvar Gunnar og Eiliv var frå, veit me ikkje. Eiliv var kann henda or Hardanger, sidan han hadde jordgods der. Med Eiliv hadde ho Ingebjørg sonen Brynjulv, fødd seinast 1360. Seglet åt Eiliv syner ei lilje i trikanta skjold. Ingebjørg har - truleg tidleg på sumaren 1350 - vendt seg til lagmannen og fått hans orskurd for, at Elin var rette erving og at Hallstein skulde levera frå seg alt det han hadde teke hand um på Finne, men skulde ha godtgjering for arbeid og utlegg. Han hadde vel m. a. sått til garden. I 1350 er utferda to brev av 6. august (DN. I. nr. 321 og 317). I dei er rekna upp det lausøyret Hallstein skulde levera frå seg og den godtgjering han skulde ha. Det vart langvarig sak millom Ingebjørg og Hallstein um denne uppgjerdi. Ho vilde ikkje betala det som var tilkjent Hallstein, av di ho meinte at han ikkje hadde gjeve frå seg alt som høyrde til Finnegodset. Brev av 3. juni 1351 (DN. I. nr. 325) og brev sumaren 1351 syner at saki på nytt lag har vore fyre hjå lagmannen. Brev av 13. september 1351 melder so at Hallstein har gjort eid på at han hadde gjeve alt frå seg. Som brev av 9. juni 1352 (DN. I. nr. 330) melder, vart det likevel ikkje slutt på saki, men me vantar upplysning um endelykti.

Medan Gunnar styrde Finnegodset, og Elin var umyndig, selde han ein part i Spildo (Granvin). Denne parten har mannen åt Elin, Botolv Eindrideson, teke attende (26. februar 1364, DN. I. nr. 383). I brev av 28. mai 1365 (DN. I. nr. 385) kunngjer bispen ei uppgjerd millom Eiliv Brynjulvson og Ingebjørg

--- side 182 ---

kona hans på eine sida, og Botolv Eindrideson og Elin kona hans på den andre sida. Då fekk Ingebjørg til eiga 10 mmb. i Spildo, 4 mmb. i Teigen i Jondal og eplegarden i Hausatveit i Ullensvang. Garden Tolo i Kvam skulde ho og mannen få ha på levetidi. Lagrettedom av 29. juni 1389 syner at alt dette jordgodset kom saman att med Finnegodset medan Åsa og Botolv hadde det. Brev utferda i Kinsarvik 5. august 1371 og eit utferda på Lofthus 27. juni 1380 melder, at Eiliv Brynjulvson selde til Sigurd Ormson 10 mmb. i Lofthus i Ullensvang. Denne Eiliv må vera han som var gift med Ingebjørg. Siste gongen me ser henne umtala, er i fyrr nemnde brev 1365. Ho har vel flytt frå Finne då dotteri Elin vart gift. Kvar ho sidan budde, veit me ikkje, kann henda i Hardanger, der Eiliv hadde jordgods. Ho er død fyre 1389.

Botolv Eindrideson og Åsa Håvardsdotter.

Botolv Eindrideson var son åt Eindride Botolvson i Sogn. I brev frå 1359 (DN. I. nr. 363) er sagt at Botolv åtte noko jordgods i Kalvahage i Hafslo. Brev frå 1383 tyder på, at han har ått fedragarden Kvam i Hafslo. Tri menn kunngjer 1370 på Finne at Botolv Eindrideson forlikte seg med Valtjov Bårdson um det godset som kona åt Valtjov, Brynhild, hadde ervt etter borni sine, soleis at Botolv skulde ha 20 laup. Brev frå 1383 (DN. I. nr. 481) fortel at Botolv kjøpte halve garden Gylten i Bergen for 19 kyrlag. I 1386 fekk Botolv som gåve frå Torer Eilivson 1 laupsbol i Ullestad på Voss.

Det ser ikkje ut til at Elin har livt lenge etter ho var gift, og ho hadde visst ikkje etterkomarar. Botolv er so uppattgift med Åsa Håvardsdotter frå Rogne, truleg dotter åt Håvard Halleson, som var soneson åt Odd på Rogne. Botolv må vera død seinast 1389. I brev 1389 (DN. I. nr. 516) er nemleg fortalt, at Åsa Håvardsdr. på eigne og borni sine vegner hadde sak med Brynjulv Eilivson (halvbror åt Elin Vilhjalmsdr.) um 25 mmb. i garden Tolar, 10 laup i Spildo, 4 mmb. i Teigar og Grasgarden i Hausatveit som Åsa sat inne med på vegner av borni sine. Brynjulv meinte at desse eigedomane var komne frå han på ulovleg vis. Domen tilkjende Åsa på hennar og borni sine vegner nemnde eigedomar og frikjende henne heilt

--- side 183 ---

for tiltala frå Brynjulv. Asa har vore ei drivande kvinne og har auka Finnegodset mykje. Ved gåvebrev har sysselmannen på Voss, Jørund Arnason, gjeve henne 15 mmb. i Helleve. Ved lagtingsdom 1392 fekk ho seg tildømt 1 pund i Ullestad. 1398 fekk Åsa ½ laup i Flògo hjå "si frenke", Herborg Gutormsdr. som var gift med Eirik Eirikson. Sjå under Ullestad um hennar eigedom der. Åsa kjøpte Hos-å (skal vel vera åi i Ho) med fiske og notleige som høyrde til. Etter 1412 høyrer me ikkje meir um Åsa. Ho og Botolv hadde borni Håvard, Odd og Ragna.

To menn kunngjer 1390 (DN. II. nr. 518) at hustru Brynhild avstod sin erverett etter Sigrid Torsteinsdr. til Botolv Eindrideson sine born på Finne: Håvard, Odd og Ragna. Brynhild Josefsdr. gav "sitt frendbarn" Ragna Botolvsdr. eit laupsbol i Kalvahage i 1389 (DN. I. nr. 515). I brev av 25. mars 1402 (DN. I. nr. 580) er vitna at Jørund Arnason gav brørne Håvard og Odd garden Rogne, 20 mmb., som han sa var deira odelsgard. Men 1412 er vitna, at fleire år fyrr Jørund døydde gav han heile Rogne til Odd Botolvson, og kona Åsa Håvardsdr. takka han for det (DN. I. nr. 631). Brørne Håvard og Odd fekk i 1417 etter brev av 8. februar halve tufti av Ottergard i Bergen for eit farty på 6 "lester". Håvard fekk 1417 2½ laup i Nedre Kyte og 6 laup i Bø hjå Sigurd Halldorson mot at Håvard skulde halda han med mat og klæde hans levedagar og kosta jordferdi hans (DN. I. nr. 653). Håvard var 1426 saman med fleire andre i bispegården i Bjørgvin og dømde i ei sak vedkomande Giskegodset (DN. I. nr. 713). 1427 kjøpte Håvard 3 laup i Dale, Bruvik, (DN. I. nr. 719), og 1428 1 laup i Brekke, Gulf j. (DN. I. nr. 719). Brørne Håvard og Odd bytte i 1428 (DN. I. nr. 720) til seg 2 laup i Brekke, Gulfj. mot 2 laup i Lakhusom i Leiddal, Borstr. som Eirik Torfinnson fekk. Håvard døydde 1438 (DN. I. nr. 763). Broren Odd var død ei tid fyrr. På sottesengi let Håvard etternemnde jordgods, som broren Odd - etter det Bothild, kona åt Odd, hadde sagt - ved testamente hadde gjeve for si sjel, nemleg 2 laup i Saude på Borstrondi og 1 laup i Lekve til Vangens prestebol, og 3 mmb. i Nedre Kyte til Vangens kyrkje. Vidare 4 laup i Byrkjo, 1 laup i Gjukastein og 1 laup i Brekke, Gulfj. til Vangens kyrkje og prestebol.

--- side 184 ---

>Håvard Botolvson og Magnus Hogenskild.

Håvard Botolvson var gift med Gjertrud, dotter åt hr. Jakob Fastolvson av ætti Rømer, riddar og Noregs riksråd 1388-1424. Håvard døydde 1438. Han og Gjertrud hadde sonen Peter. Eit dokument frå 1461 (i Bergens Museum) fortel nemleg, at Peter Håvardson kravde landskyld av 2½ mmb. i Tvilde, som mor hans, Gjertrud Jakobsdr. hadde selt til Gard Olavson i 1449 (DN. IV. nr. 906). Peter må vera død straks deretter. Brev utferda i Bergen 1462 (DN. I. nr. 861) melder nemleg at Gjertrud Jakobsdr. (Rømer) pantsette heile Finne på Voss med øydegardar og alle lunnar og Horveid (?) med fiske til riddar Alv Knutson for 3 halve stykke engelsk klæde og 20 Arnaldis gylden. Resten av Finne gods lova Gjertrud ikkje å selja til nokon annan enn hr. Alv og frua hans, Magnhild Oddsdr.

Håvard Botolvson døydde 1438 og Gjertrud vart uppattgift med den danske eller svenske adelsmannen Magnus Hogenskild. Brev utferda på Eide 1447 (DN. II. s. 582) kunngjer at Arnbjørn Eirikson sannkjende at Magnus Hogenskild og kona Gjertrud Jakobsdr. åtte fisket ved "Holandh og Æideslandh". (Sjå på Eide). Gjertrud var død 1472. Hogenskild har truleg butt på Finne i 1449, då vossane valde han til sin sendemann og talsmann hjå kong Karl Knutson, med di dei ynskte Noreg samanbunde med Sverike. Valbrevet er dagsett 21. september og underskrive av soknepresten og 11 lagrettemenn på Voss.

Magnhild Oddsdotter og hr. Alv Knutson.

Odd Botolvson (Håvard sin bror) var gift med ei Bothild. Sovidt ein veit, er det ikkje andre etterkomarar etter han enn ei dotter, nemleg den kjende Magnhild Oddsdotter. Odd levde 1428, men var død fyre 1438, truleg fleire år fyrr. Broren Håvard var formyndar åt Magnhild. Han døydde 1438. Magnhild var gift 3 gonger. Eit brev, dagsett Finne 13. august 1438 (DN, I. nr. 764), syner at ho då var trulova med Benkt Hartvikson. I brevet er og vitnemål um, at Gjertrud Jakobsdr. let til Benkt Hartvikson på jomfru Magnhild Oddsdr. sine vegner, "nemnde Benkts festarmøy", 12 laup i Gjerme og ei

--- side 185 ---

sylvskål, som vog ei lødig mark. Benkt gav so Gjertrud kvittering for all landskyld som Håvard Botolvson hadde teke imot av dei gardar Odd Botolvson hadde late etter seg til dotteri Magnhild, då han døydde. Benkt Hartvikson høyrde heime i Gudbrandsdalen, er sume stader skriven for Gyldenløve, og var riddar og riksråd. Bøndene slo han ihel 1445 eller 1446 då han var høvedsmann i Gudbrandsdalen. Det er ikkje born etter han. Magnhild fekk fjordeparten av den midelen han sjølv hadde vunne, og 1/10 av den ervde midelen hans.

Magnhild var ikkje lenge enkje fyrr ho gifte seg uppatt, og då med Sigurd på Grefseng, Heidmark. Våpenseglet hans syner at han høyrde til ætti Skaktavl. Dei hadde sonen Karl, fødd ikring 1447, som vart bisp på Hamar og styresmann på Akershus. Han døydde 1487. Då han som geistleg ikkje kunde ha ekteborn, ervde mori han. I 1458 ser ein at Magnhild er hr. Alv Knutson si husfrøye. På farssida var han av den svenske ætti Tre Rosor og på morssida av fin norsk ætt. Det var endå kongeblod i årane, då han ætta frå Haftor Jonson og kongsdotteri Agnes Håkonsdotter. Alv var riddar og ei tid høvedsmann på Bergenhus. Etterdi både han og fyrste mannen hennar Magnhild var riddarar, bar ho fruetitelen. Hennar skjoldmerke var skift i 2 felt. I det fyrste var 2 seksodda stjernor over einannan. I det andre feltet var ei halv lilje fest på skiftelina. Ho vart ei av dei fornemste kvinnor i Noreg. Etter ho vart gift, levde ho visstnok meste tidi på Austlandet, men har sikkert mange gonger vitja fødebygdi si. På Bergenhus budde ho medan Alv var lensherre der. Akershus har ho og visstnok vitja medan sønene hennar var lensherrar der.

Alv fekk ved arv etter morfolki sine og ved kjøp mykje jordgods på alle kantar av Noreg. Han ervde Manvikgodset i Berg, Brunlanes, og heldt seg mest på garden Grefsheim ved Mjøsa. Han hadde nemleg, Solør syssel å styra. I 1460 kjøpte Alv Bjørøy og Glasøy i Fosnes med alt Bjørøy gods i Namdal og Trøndelag. I 1477 fekk Alv av syskini sine Giske, som seinare vart herresætet hans. Midelen hans vart mykje auka i 1490, då han ervde Hans, son åt drottseten Sigurd Jonson. Mykje anna jordgods åtte Alv og. I Bergen åtte han Dreggen, som han fekk ved gåvebrev 1472. Noko jordgods fekk han med henne Magnhild, m. a. godset ho hadde fått etter Benkt. Som fyrr nemnt hadde han pant i Finnegodset og har sytt for å

--- side 186 ---

verta eigar av det. Det vart vel ikkje auka etter Alv hadde det. Han var utan tvil den rikaste og mektigaste stormannen i Noreg i siste halvparten av 1400-talet.

Um kjøp eller byte av jordgods som Alv eller Magnhild har gjort her umkring, har me desse meldingane: Magnhild kjøpte 25. august 1454 10 laup i Sausjord. Gard Rikolvson pantsette 1462 til Alv 4 mmb. i Geslen (Gjeitle) med alt fiske på båe sidor for 40 kyrlag. I brev 19. september 1462 er vitnemål um at Alv då i Bergen gjorde ymse tilbod til Gjertrud Jakobsdr. vedkomande Finnegodset. Millom anna baud han seg til å kjøpa det. Ho vilde ikkje innlata seg med han, men sa at ho hadde fått brev frå Hogenskild, mannen sin, og vilde reisa til han i Sverike. Alv forbaud då Gjertrud å selja godset til andre, sidan det var Magnhild og borni hennar sin odel og "ingen andre sitt". Men so har Gjertrud i brev av 22. september 1462 (DN. I. nr. 861) pantsett til Alv Finnegodset på Voss for 3 halve stykke engelsk klæde og 20 Arnaldis gylden i gull.

I 1466 kjøpte Alv og Magnhild det som kona åt Jøsse Jønson hadde ervt i Gjeitle og i Ås og 1468 5 mmb. i Horveid. Av soknepresten på Voss kjøpte Alv og Magnhild dagen etter 4½ mmb. i Nedre Kyte (DN. I. nr. 885) og 6 mmb. i Gjeitle og 2½ mmb. i Ås i Evanger. (DN. I. nr. 886). I 1472 bytte Alv og Magnhild frå seg 5 mmb. i Store Ringheim og fekk att 7 mmb. (minder ½ pundsbol) i Gjerstad, halvparten i "Skjelderos "-fisket og 2 laup i Flaga-åi. Resten av desse fiskerettane åtte Magnhild fyrr. Ho og Alv bytte 1472 til seg 11 mmb. i Kvåle, Gullfj., mot 12 mmb. i Midttunet i Vinsand. Same året bytte dei til seg 15 mmb. i Store Ringheim mot 10 mmb. i Nedre Røte.

Erkebisp Olav i Trondheim og bisp Finboge i Bergen, dekan Svein Eirikson, Trondheim, 2 riddarar, 2 væpnarar, ein lagmann og 3 bergenske rådmenn kunngjer 30. september 1472 frå møte på erkebispegarden i Bergen at det var fyre um arven og godset som Gjertrud Jakobsdr. hadde ervt etter borni sine med Håvard Botolvson, farbror åt fru Magnhild. Der møtte Alv Knutson på eine sida og på den andre "velbyrdige menn" hr. Jakob Matson, kannik i Trondheim, og Otto Matson, væpnar. Båe var dei brorsøner åt Gjertrud, men hadde ikkje odelsrett til Finnegodset. Det vart difor fråkjent dei og tilkjent Alv på vegner av Magnhild. Otto Matson var far åt den kjende fru

--- side 187 ---

Inger til Østråt. - Magnhild kjøpte 1484 1 mmb. i Seim, Granvin (DN. 1 nr. 938) og 1490 6 mmb. i Gjerde. "Fremre" Røte kjøpte ho 1490. I 1496 bytte ho til seg 1 mmb. i Vestrheim av Ivar Ormson, kyrkjeherre på Voss, mot ein kverndam ovanfor Båbrui som han fekk i staden. Det kverndammen var meir verd, gav ho til prestebolet for sjelene åt fedrane sine. Maghild bytte i 1499 burt ein åker på Gjukastein mot ein åker i Byrkjo. Eit brev frå 1469 (DN. I. nr. 988) fortel um ein forretning Magnhild har late halda um nokre merke millom Store og Litle Ringheim.

Alv Knutson levde på Giske den 3. november 1495, men er død fyre 3. juli 1496. Eit par brev syner at Magnhild då budde på Finne, fødestaden sin. Siste gongen me finn henne nemnd, er i eit dokument 1499, og ho er visstnok død i det året eller året etter. Med Magnhild fekk Alv sønene Odd og Knut og dotteri Karina. Ho døydde ugift på Grefseng 1536 eller 1537. Odd døydde som høvedsmann på Akershus 1497.

Knut Alvson var fyrst gift med Gyrvhild Eiriksdr. Gyldenstjerne og 2dre gongi med Metta Ivarsdr. Dyre. Knut har fått Finnegodset millom mykje anna jordgods og var m. a. høvedsmann på Akershus etter Odd, bror sin. Knut kom i unåde hjå kong Hans og vart avsett 1499. Knut drog då inn i Sverike, der han slutta seg til upprøret mot kong Hans. Knut Alvson er mykje umtala i Noregs soga av di han arbeidde trottugt for å riva både Noreg og Sverike laus frå sambandet med Danmark og var den hævaste førar for bøndene i den tid. Han gjorde eit innfall i Noreg, 1501, men det førde ikkje til noko. I fyrstningi av 1502 kom han att og tok då Akershus. Henrik Krummedike kringsette Akershus. For å tinga med han, gjekk Knut umbord til Krummedike, som hadde gjeve han trygdebrev, men det vart ikkje halde, og Knut vart drepen der den 18. august 1502. Vossane hadde og reist seg. Dei var med og tok kongsgarden i Bergen for ei tid. Knut var dømd som lands-svikar. Den danske kongen drog difor alt jordgodset åt Knut inn under kruna.

Finnegodset i 1500- og 1600-talet.

Det var 3 born etter Knut Alvson: Karl, Eirik og Bodil. Karl gjekk i teneste hjå den danske kongen og fekk jordgodset som var teke frå faren. Karl døydde ugift, og Eirik, bror hans

--- side 188 ---

fekk då jordgodset. Han vart avretta i Stockholms blodbad og hadde ikkje born etter seg. Bodil var gift med den svenske adelsmannen Fader Nilsson Sparre. Dei fekk m. a. Finnegodset, og hadde ei dotter Gyrvhild. Ho kom med tidi til å erva ei mengd med jordgods i Sverike og Danmark, men fram for alt i Noreg. Ho vart største jordgodseigaren i 1500-åri ved sida av Eirik Rosenkrans. Gyrvhild var fødd truleg 1508-9 på den svenske herregarden Hjulstad ved Enköping og vart tidleg foreldrelaus. 3 gonger var ho gift: I. med Peder Nilsson Grip, 2. med dansk riksråd Truid Ulf stand, 3. med dansk riksråd Lage Brahe, død 1567. Seinare budde fru Gyrvhild i Skåne, der ho døydde 1605. Einaste sonen hennar, Nils, døydde ung. Storparten av det veldige jordgodset hennar (ikring 600 gardar) og millom det Finnegodset, skøytte ho til kongen i 1582. Til Finnegodset høyrde då jordgods i 32 gardar og nokre fiskerettar.

Kong Kristian den 4de skøytte 1648 Giske gods og millom det Finnegodset til Hannibal Sehested som var stathaldar i Noreg. Til Finnegodset høyrde då jordgods i 48 gardar på heile Voss tilsaman 82 laup 21 mark smør, 1 kalvskinn, 1 hud og 2 bukkskinn. Då Sehested fekk avskil i 1651, skøytte han alt jordgodset til kongen og kruna. Kong Fredrik den 3dje skøytte so i 1657 Finnegodset til Gabriel Marselis med 175 laup 10 mark smør, 1 geitskinn, 1 kalvskinn og 3 bukkskinn i 76 gardar. Sonen, Gabriel Marselis i Kjøbenhavn, har i 1664 skrive på kongeskøytet frå 1657 at han på vegner av far sin hadde selt Finnegodset til "Anders Nilsen Skriver over Øresunds Toldbod Cordt Henrichsen Marcher igjen solgt og afhændet" osf. Finnegodset er i 1661 rekna til 369½ tunnor hartkorn. Det er då ført upp i matrikkelen med 163 laup 20 mark i 69 gardar. Det var i 1680 på 182 laup 1 pund 22 mark smør.

På slutten av av 1600-talet og i 1700-tallet har Finnegodset vore selt noko um senn, sumt til brukarane og sumt til andre som framleis ei tid hadde brukarar på gardane. Men ogso desse brukarane fekk kjøpt gardane, so no er brukarane for lang tid sidan vortne eigarar av alt Finnegodset på Voss.

Bunadsmenn på Finne i 1500-talet og seinare.

Torbjørn var brukar på Finne i 1521 og betalte 3 lodd sylv i skatt. I 1563 var Arnfinn brukar og Oluf tenestedreng. Brev frå 1590 fortel um tingsvitne som då vart halde vedkomande

--- side 189 ---

Lemmesteigane. Der er upplyst at Finne hadde ein slåtteteig på Lemme, og at Strange i Lysekloster var umbodsmann for Finne- og Munkelivgodset.

Oluf var brukar på Finne 1591 og var difor kann henda son åt Arnfinn. Oluf er nemnd fleire gonger seinare som leiglending til 1629. I 1611 åtte han og Oluf Ullestad tilsaman 2 laup i Finne. I 1621 er både Oluf og Arnfinn leiglendingar. Då er Knut Finne eigar av ½ laup i Veka, og Anna Botzels betalte odelsskatt for noko eigedom i Finne på vegner av Torleiv på Fære. Same året åtte Oluf Finne og Knut Sonve tilsaman ½ pund i Store Rokne, 1 spann i Gjerstad, 1 spann i Veka, 1 laup i Fadnes og 6 mark i Seim, Granvin. I 1629 er Oluf brukar av 1½ laup og Torstein av 1 laup. Torstein Lauritson var brukar av 3½ laup i 1635, var gift fyre 1645 med Ragnhild og er skriven for lensmann fleire gonger 1637-1647. I merkegangsforretning 1663 millom garden Gjerstad og stølen Kviting er umtala at Torstein i 1647 hadde hogge noko skog ved merket og kom då i trette med Steffa Gjerstad um merket. Skattemanntalet frå 1647 syner at Torstein åtte ein part i Seim, Granvin. Ragnhild Finne åtte 1652 1 laup i Fadnes og 1 spann i Norekvål.

Vidrik Torbjørnson er nemnd fleire gonger som brukar på Finne i tidi 1661-1676 og har truleg vore det seinare og. Han var sogning og halvbror åt lensmann Mass Sæve. Klas Miltzow på Mosafinn åtte i 1680 2½ laup 1 spann i Finne. Hans Mogenson Rødberg, som var gift med Kristense, dotter åt Klas Miltzow, fekk i 1685 hjå far hennar garden Finne og Seim i Gullfjordungen. Hans budde på Finne 1691 og truleg fleire år sidan. I 1695 var det fleire eigarar, nemleg: Henrik Klasson Miltzow, som åtte 3 spann 13½ mark, Kirsten Miltzow 31¾ mark, Ingjerd Miltzow 31¾ mark og Knut Finne 1 laup 3½ spann. Knut brukte heile Finne. Han var frå Sonve, son åt Nils Knutson og fødd 1672. Han var gift med Margreta Klasdr. Miltzow og døydde 1739. Han skulde bera ei høibyrd over elvi, datt so uti og bleiv. Saman med fleire var han vald på tinget i 1713 til å likna ut dagskatten, men ingen av dei vilde gjera det, for det var stort misnøgje med denne skatteskrivingi. I 1713 er tinglese ein obligasjon frå Knut til David Markusson på 200 riksdalar, der Knut har gjeve pant i 2 laup i Seim, 2 pund 7 mark i Mølster og 18 mark i Finne. I 1714 åtte

--- side 190 ---

Knut 2 laup 2 pund 10½ mark i Finne, Knut Raustad 1 pund 10 mark og enkja etter Klas Miltzow 1 pund 9½ mark. Ved skifte etter Knut 1739 åtte buet 2 pund 19½ mark i Finne. Bruttomidelen var då 214 riksdalar og ved skiftet etter Margreta i 1763 106 riksdalar.

Knut og Margreta hadde 7 born: Nils, Anna, Kirsten, Ingjerd Klas, Kristense og Brita. Nils døydde ugift i Kjøbenhavn som soldat. Klas var gift 1726 med lensmannsdotteri Brita Massdr. Seve og vart gardmann på Mosafinn. Anna var gift 1713 med Svein Mikkjelson Honve og 1737 med Johannes Fenno, gardmenn på Fenno. Kirsten, gm. Brynjulv Torgeirson Hylle i 1719 og 1755 med enkjemann Per Knutson Glymme, gardmenn på Store Rokne. Ingjerd gift 1718 med Åmund Styrkson Dukstad, gardmann på Fjose. Kristense vart gift 1727 til Bø, Dyrvedalen, med Steffa Mikkjelson. Brita vart gift 1737 med Nils Arnfinnson Ringheim. Dei fekk 1736 skøyte frå far hennar på halve garden Finne 1 laup 2 pund 15 mark, for 170 riksdalar. Det vart bruk 1, Nigarden.

Ervingane etter Knut og Margreta selde i 1744 2 pund 19½ mark med slåtteteigen Kvitingshovden til Lars Person Glymme. Han var gift med Ingebjørg, dotter åt fyrrnemnde Klas og Brita Mosafinn. Lars budde på Finne til 1751 og selde då til Olav, bror sin, for 150 riksdalar. Olav fekk kongeskøyte i 1760 på løysningsretten åt 2 pund 19½ mark for 68 riksdalar 48 skilling og kjøpte 1773 2 pund 19½ mark i Finne. Olav åtte då halve Finne 1 laup 2 pund 15 mark. Han vart gift i 1725 med Anna Eiriksdr. Jerald, som var dotter åt Eirik Sonve på Jerald og Ingjerd Knutsdr. fødd Raustad. Olav og Anna hadde 4 born: Ingjerd, gift 1779 med Viking Anderson Gjerme, Kari, gift 1782 med Styrk Masson Seim, Ragnhild, gift 1790 med Olav Sjurson Honve, og Ingjerd, gift 1791 med Nils Olavson Litle Honve. Olav Person bytte i 1774 med Gusskalk Olavson uti Hæve. Slåtteteigen Kvitingshovden på Dyrvedalen og ein part i Raundalens ålmenning fylgde med Finne. Gusskalk bytte att same året med Anders Person Hatlestad. Sjå vidare under bruk 4.

Dei einskilde bruk på Finne.

På Finne er det 2 hovudbruk, som no er bruk 1 (Nigarden) og bruk 4 (Uppigarden). Desse bruki har vore skilde åt sidan 1736.

--- side 191 ---

Bruk 1. Finne. Ovannemnde Nils Arnfinnson Finne var tambur då han gifte seg, var fødd 1707, døydde 1789 og hadde 6 born: Ingjerd, gift 1761 med Ivar Larsson Lydvo, Anna, gift 1768 med Torstein Arnfinnson Ullestad, gardmann på Store Ringheim, Knut, f. 1741, Arnfinn, f. 1743, vart buande i Bergen, Eirik, f. 1746, sjå vidare um han på bruk 4, Margreta, f. 1749.

Knut Nilsson Finne fekk garden i 1770, gifte seg same året med Kirsti Knutsdr. Raustad og døydde 1807. Knut var forliksmann. 8 born: Margreta, gift 1795 til Eide med Gusskalk Knutson, Klas, f. 1772, Guro, gift 1799 med Torstein Tormodson på Hildestveit, Brita, gift 1799 med enkjemann Nils Knutson Eide, Ingjerd, gift 1810 til Gjelland med Nils Bjarneson, Nils, gift 1813 med Rannveig Trå og fekk gard på Lirhus, Anna f. 1792, død ugift 1877. Knut f. 1787, død ugift 1865, var med i krigen mot Sverike og var ei tid fange hjå svenskane.

Klas Knutson Finne, f. 1772, var gift 1809 med Marta Nilsdr. Leiddal og døydde 1831. Han fekk farsgarden i 1806 og 1808, kvar gong halvparten. Dei let etter seg 5 born: Knut f. 1812, Kirsti, gift 1840 med syskinbarnet sitt Knut Nilsson på Gjelland, Ingebjørg, gift 1842 til Gjukastein med Arnfinn Larsson, Guro gift 1849 med Olav Torgeirson Mølster, og Johannes f. 1823, gift 1860 med Guri Hallesdr. Prestegard. Johannes hadde huseigedom på Finne, var skulelærar, direktør i Voss Sparebank, heradskasserar, overformyndar og medlem av skulestyret og av matrikkelkommisjonen for fylket. Han døydde 1879, og sambygdingane reiste minnestein på gravi hans. Johannes og Guri hadde 4 born: Klas, Anna, Nils og Knut. Klas, f. 1861, g. m. Brita Andersdr. Kvåle, er gardmann på Kvåle, Gulfj. Anna, f. 1864, var g. m. lensmann Jens Lillegraven. Nils, f. 1868, var g. 1892 m. Ingebjørg Jonsdr. Lillegraven og 2dre gong 1901 med Ingebjørg Rikolvsdr. Eide, Granvin (sjå vidare bruk 39 av Lekve). Knut var f. 1872, g. m. Marta Knutsdr. Tvilde og døydde 1909.

Knut Klasson Finne f. 1812, fekk farsgarden i 1844 for 700 spd. Han gifte seg 1845 med Brita Gusskalksdr. Eide og døydde 1903. Ei tid var han med i heradsstyret. 3 born: Marta, gift 1870 med Mattis Torbjørnson Gjerde, Margreta, gift 1877 med Knut Arnfinnson Rogne, og Klas, f. 1853.

Klas Knutson Finne fekk skøyte på farsgarden i 1881 for 2000 kronor. Han vart gift 1881 med Sigrid Olavsdr. Skjerve.

--- side 192 ---

Sonen Knut har no garden. Han er f. 1888 og g. m. Marit S. Ulateig.

Bruk 1 var fyrr matrnr. 43, lnr. 96, med gamal skyld 1 laup 2 pund 15 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 1 ort 19 skill. Ny skyld mark 6,35. Etter bruk 24 er fråskilt, er skyldi på bruk 1 mark 5,81.

Bruk 2. Vanjolo, skyld 7 øre. Dette stykket som ligg på sørsida av Vangsvatnet, er utskilt frå bruk 1 i 1889. Voss Sagbruksinteressentskap fekk ervefeste på bruket og bygde nytt sagbruk der med sirkelsag og fleirblada uppgangssag, drive med turbin. Fyrr hadde der vore uppgangssag med eit blad drive av undervasshjul.

Bruk 3. Finsgård, skyld 24 øre, utskilt frå bruk 1 i 1890. Stykket ligg austanfor Kvåle i Gullfjordungen. Guri Hallesdr. Finne fekk då ervefeste på det. Klas Knutson Saude kjøpte eigedomen i 1907. Han selde att til baneformann Karl August Bergstrøm, som har bygt og bur der. Han er f. 1880 og g. m. Kristi Andersdr. f. 1883.

Bruk 4. Dette er det andre hovudbruk på Finne. Anders Person Hatlestad hadde som fyrr umtala kjøpt dette bruket i 1774. Han selde det att 1778 til Eirik Nilsson Finne for 930 riksdalar. Parten i Raundalens Ålmenning fylgde med i handelen.

Eirik Finne var son åt Nils Arnfinnson på bruk 1, var fødd 1746, gift med Marjo Nilsdr. Lydvo og døydde 1822. Eirik var tambur då han gifte seg og dreiv mykje med hestehandel. Det var 5 born etter dei: Brita, gift 1795 med Knut Arnbjørnson Haugo, Arnfinn f. 1776, Nils, gift 1811 med Marta Johannesdr. Rogne, gardmann på Rjodo, Margreta, gift 1800 med gardmann, landmælar og danebrogsmann Odd Knutson Gjelle, Knut, gift 1810 til Ullestad med Gudve Knutsdr., Klas, gift 1821 med Herborg Åmundsdr., husmann på Ullestad.

Arnfinn Eirikson Finne, f. 1776, var gift 1802 med Gudve Massdr. Sæve, trimenningen sin, og døydde 1852. Han fekk farsgarden med slåtteteigen Kvitingshovden og ein part i Raundalens ålmenning. Han var valmann og 3dje stortingsvaramann 1815-16 og var med i ymist kommunalt arbeid. Arnfinn og Gudve hadde 11 born: a. Marjo f. 1803, død 1863 ugift, b. Eirik f. 1803, død 1856 ugift, c. Dønåt, gift 1849 med enkjemann Knut Vikingson Repål, som hadde stove på Finne, d. Mass, gift 1846 med Ingjerd Brynjulvsdr. Eide, gardmann på

--- side 193 ---

Haga, e. Nils, gift 1837 med Rannveig Mattisdr. Mølster, gardmann på Giljarhus, f. Margreta f. 1810, død ugift 1895, g. Brita gift 1851 med Svein Endreson Kjønnagard, h. Eli f. 1813, død ugift 1851, i. Knut, gift 1850 med Åsa Ivarsdr. Lydvo, gardmann på Lydvo, j. Gudve f. 1817, død ung, k. Styrk f. 1820.

Eirik Arnfinnson Finne fekk farsgarden i 1847 for 675 spd. men let han 1851 til Styrk, bror sin, for same pris. Styrk var gift 1859 med Mari Ivarsdr. Prestegard og døydde 1882. Det var 3 born etter dei: Eirik, f. 1858, Gudve, f. 1860, og Ivar sjå bruk 8. Styrk Eirikson hadde fyrr han gifte seg, sonen Arnfinn, f. 1852, sjå bruk 9.

Eirik Styrkson Finne var gift 1884 med Torbjørg Knutsdr. Bjørgås og fekk skøyte på garden i 1884 for 5000 kronor. Dei har havt 8 born. Av dei er desse 6 vaksne: Knut f. 1888, Nils f. 1890 (sjå bruk 19) Olav f. 1892 (sjå bruk 21) Martin f. 1894, g.m. Karolina Sandven, elektrikar i Tyssedal, Ragnvald f. 1900, g. m. Marta Koppen, kasserar i Arne Fabrikkar, Styrk f. 1903, g. m. Hanna Elisabet Bergo. Knut Eirikson Finne f. 1888, g. m. Margreta Knutsdr. Brekku fekk halve garden hjå foreldri. Han døydde 1928, og enkja har no garden.

Bruk 4 var fyrr matrnr. 43, Inr. 97, med gamal skyld 1 laup 2 pund 15 mark. urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,28. Etter bruk 25 er fråskilt, er skyldi på bruk 4 mark 5,67.

Bruk 5. Fridheim, skyld 8 øre. Utskilt 1887 frå bruk 4 og ervefest til Hans Bordrud, som fekk bygt bustadhus der. Maria Borchsenius kjøpte eigedomen 1892, Theodor Fleischer i 1896, lærar Gabriel Sølvberg i 1923 og seinare livstrygdelaget Glitne.

Bruk 6. Lysheim, skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 4 og ervefest til Eirik K. Ullestad i 1887. På eigedomen stod då stova etter Knut Vikingson Repål, nemnd ovanfor. Martin Nilsson kjøpte eigedomen 1889, sporskiftar Hans Hansen i 1899, og dotteri Petra Hansen i 1924.

Bruk 7. Finheim, skyld 4 øre, utskilt frå bruk 4 og ervefest i 1887 til David K. Ullestad, som fekk flytt eit tohøgda bustadhus dertil frå Basteryggen. Anders L. Belsnes kjøpte eigedomen 1893 og bakar Sivert Monsson Husum i 1917. Han døydde 1927 og enkja har sidan havt eigedomen.

--- side 194 ---

Bruk 8, Lysgård, skyld 6 øre, utskilt frå bruk 4 og ervefest 1887 til Ivar Styrkson Finne, som har bygt og bur der. Han er snikkar, er f. 1863 og g. m. Soffi Johannesdr. Skjerve.

Bruk 9, Litle Finne, skyld 3 øre, utskilt frå bruk 4 og ervefest 1887 til Arnfinn Styrkson Finne, som har bygt der. Han er fødd 1852, g. 1. 1878 m. Kari Knutsdr. Ullestad, 2. m. Marta Brynjulvsdr. Rekve, Arnfinn er snikkar og bygningsmann og har arbeidt mykje med å samla sogeminne og med ættegransking og har i 1926 gjeve ut ei bok um Miltzowætti.

Bruk 10, Finne, skyld 12 øre, utskilt frå bruk 4 i 1890 og selt til Gusskalk Masson Lydvo.

Bruk 11, Finne, skyld 1 øre, utskilt frå bruk 4 i 1887 og late til Guri Hallesdr. Finne.

Bruk 12, Finne, skyld 10 øre, utskilt frå bruk 4 i 1899 og selt til Voss herad som leikeplass for Gullfjordungen skule.

Bruk 13, Bruflat, skyld 3 øre, utskilt frå bruk 1, og selt 1905 til Mons Eirikson Almenningen, som bygde bustadhus der. Under arbeidet med å tufta på bruk 13 fann dei i Smidjehaugen 2 urnor med ei helle over. Urnone gjekk sund i småbitar under gravingi. Mons var f. 1839, g. m. Gudve Nilsdr. Skiple og døydde 1916. Mons var ofte med som førar på fjellet millom Raundalen og Hallingdal ved etterrøkjingane for jarnbanen. Seinare var han banevaktar på Bergensbanen.

Sonen Eirik kjøpte eigedomen i 1910.

Bruk 14, Skjerve, skyld 1 øre, utskilt frå bruk 1 i 1903 og late til Gyrid O. Skjerve, som bygde stovehus der. Ho var f. 1856 og døydde ugift 1922. Telegrafist Ivar Hunderi f. 1896 er no eigar.

Bruk 15, Kløverheien, skyld 2 øre, utskilt frå bruk 4 og i 1909 ervefest til Nilsina Brekke, som har bygt der. Ho er f. 1858 og har tidlegare i mange år drive kafeen på Breidablikk.

Bruk 16, Lindehaugen, skyld 3 øre, utskilt frå bruk 4 og selt til Theodor Fleischer i 1917 som tillegg til bruk 5.

Bruk 17, Finneshaugen, skyld 6 øre, utskilt frå bruk 1 og selt 1917 til frk. Marta Lampe frå Bergen, som har bygt der.

Bruk 18, Finneshaugen, skyld 6 øre, utskilt frå bruk 1 i 1918. Frk. Marta Lampe er eigar.

Bruk 19, Finne, skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1921 og selt til Nils Eirikson Finne, som har bygt seg bustadhus der. Han er heradsagronom, f. 1890 og g. m. Ingjerd B. Gjerstad.

--- side 195 ---

Bruk 20, Finne, skyld 1 øre, utskilt 1926 frå bruk 4 og late til Nils Eirikson Finne, sjå bruk 19.

Bruk 21, Finnestråi, skyld 2 øre, utskilt 1926 frå bruk 4 og selt til Olav Eirikson Finne, som har bygt seg stovehus på eigedomen. Han er f. 1892 og g. m. Ingebjørg Larsdr. Dymbe.

Bruk 22, Finnebu, skyld 3 øre, utskilt frå bruk 1 og selt 1928 til Ivar Hunderi.

Bruk 23, Lunheim, skyld 1 øre, utskilt frå bruk 1 i 1928 og late til Knut E. Dolve.

Bruk 24, Brubakken, skyld 4 øre, utskilt 1930 frå bruk 1 og 4 og late til ingeniør Peter Berg, som har bygt bustadhus. Han er f. 1891, og er driftsstyrar for Voss herads elektrisitetsverk.

Bruk 25, Kabelhustomten. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 4 i 1932. Eigar er Rikstelegrafen, som har kabelhus der.

Husmannsplass på Finne.

Jon Steffason var husmann i 1661 og Åmund Olavson i 1700. Han var då 40 år gl. Ikring 1710 var skomakar Johannes og Sygni husmannsfolk på Rinden, på holmen i groi millom Seim og Finne. "Jakob skomakar" budde der ei tid. Eit av borni fekk plasset "Huse" på Ullestad. Plasset Rinden har vore i bruk til i 1850-åri, då det vart nedlagt, er det fortalt. Husmannen Ivar Monsson døydde 1725, men kona hans, Torbjørg Levorsdr., levde etter han. Ikkje born etter. dei. Ivar Andersson døydde som husmann 1791, 67 år gl. Kona hans, Sigvor Jonsdr., levde etter han. 2 born: Jon og Anna. Mikkjel Styrkson var i 1780-åri husmann på Sagatræet i Finnesteigen.

I 1801 var Sjur Mattisson, 46 år gl., og kona hans, Brita Rasmusdr., 41 år gl., husmannsfolk på Grjotateigen. Han døydde 1843. Dei hadde borni: Mattis, Rasmus, Knut og Marta. Jan Jakobsen var husmann på Finne i 1801 og var då 72 år gamal. 3dje kona hans, Kristi Botolvsdr., var då 52 år gl. 2dre venda var han gift 1765 med Marta Torsteinsdr. Skjelde og hadde med henne tri born: Åmund f. 1763, Torstein f. 1768 og Jakob f. 1771. Torstein var skulehaldar og gardmann på Hellesnes. Med Kristi hadde Jan sonen Botolv, f. 1792. Jan selde i 1786 til sersjant Henrik Lind stova og florshus. Til husi var 2 jordstykke, heiter det. Det er fortalt at Lind budde

--- side 196 ---

nedanfor vegen på austsida åt Lindehaugen, som ein trur har fått namnet sitt etter han. Haugen heitte visseleg fyrr Strindarhaugen. Jan må altso ha butt der fyre 1786, men er då truleg flytt til plasset Rinden. I Finnetråi, umlag der bruk 8 no er, var Klas Eirikson husmann frå 1820-åri til 1848, då husi vart tekne av ei skride. Klas døydde 1851, 64 år gl. Han var gift med Herborg Åmundsdr. Gudleik Arveson, død 1853, 62 år gl. og kona hans, Ingebjørg Jørgensdr. var husmannsfolk frå ikring 1845 og hadde borni: Knut, f. 1845, Anders, f. 1848 og Kari, f. 1851. Enkja Marta Sjursdr. hadde plasset på Grjotateigen i 1860-åri. Ho hadde ei dotter Brita, ikring 30 år gamal. Marta døydde i 1869, 75 år gamal. Sist budde på Grjotateigen skomakar Knut Johannessen Rokne, gift 1867 med Torbjørg H. Igdetveit. Plasset vart nedlagt ikring 1885. Marta Olavsdr. Brekke har stove på Finne.

Stølane.

Finne har frå gamal tid havt støl på Kviting på Dyrvedalen. I 1340 kunngjer tri lagrettemenn (DN. I. nr. 264) at Bjørn Steineson og Eirik Erlendson hadde ført vitne som upplyste at dei var tilstades på Finne, då Bjørn og Eirik "vart samde um ei sæterbu som heiter Kvittingen og ligg til Finnen". Bjørn lovde, at Orm og etterkomarane hans og dei som eig Finne skulde eiga buhamni til evig eigedom med ved og alt som til stølsbruk var turvande. Til Kviting skulde ein fara straks det var "farande" frå Heggjavad, og vera der i fred til det var "farande" i Torvedalen. Vart der ikkje "farande" i Torvedalen, skal mannen på Finne "sitja i ro og fred" for dei som bur på Gjerstad til dess han vil fara burt.

3. juli 1663 var halde merkegangsforretning millom Gjerstad på eine sida og Vidrik Finne sin fjellstøl Kviting på den andre. Uppsitjarane på Gjerstad stemnde i 1708 Knut Finne for å ha brukt den hamnegang dei hadde ved sin fjellstøl Kviting. Dei la fram dom av 1663 og skogskiftebrev av 1665. Knut Finne stemnde i 1712 Eirik Lydvo til å prova si åtkome til stølen Kviting. Eirik la fram i retten "revers" frå Hans Rødberg til Eirik på part i stølen Kviting og selet der so mykje som han trong åt bufeet på garden sin. Han hadde betalt 4 riksdalar for det. Stølen vart tilkjend Knut Finne "hel og

--- side 197 ---

udelt". Knut hadde nemleg skøyte av 1697 på stølen frå Hans Rødberg. Stølen er ¾ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. I 1732 hadde Knut Finne sak med Odd Torgeirson og Lars Bergeson Brekke um vårstølen Heggjavad. Det er fortalt at i gamal tid hadde Finne vårstøl på Sturvingjen i utmarki ovanfor Finne. Då det i 1630-åri budde 2 syster på Brekku og Finne, vart dei samde um at Finne skulde få vårstøl på Heggjavad mot at Brekku fekk sumarstøl på Kviting. Då Knut Sonve kom til Finne, la han upp sak mot Brekku, at dei skulde vika frå Kviting, men han vilde framleis ha vårstøl på Heggjavad. Ved lagrettesdom i 1732-33 vart dømt, at både Brekku og Finne skulde ha sumarstøl på Kviting og vårstøl på Heggjavad. Brekku skulde svara årleg leige til Finne, men det har seinare falle burt. Finne har framleis sumarstøl på Kviting, men har flytt husi på vårstølen inn i lidi i utmarki ovanfor Finne.

Offentlege forretningar.

Offentlege forretningar utanfor dei som ovanfor er umtala vedkomande Finne, har vore: 1654 forretning mot Seim um ein skogteig, åbotsforretning 1655 på Finnesloftet, 1766 og 1787 sak mot Fjose vedkomande Lemmesteigane, 1773 sak mot Gjerstad, 1798 og 1800 åstadsak, sak mot Uppheim um kår 1795, sak mot Græe 1798, åverksak 1828, takstforretning 1844, åstadsak um Kvitingstølen 1854, semje med Seim um demming i elvi 1850, fredlysing av hamnegang for bruk 4 i 1851, jarnbanetakst 1878 og 1903. Dessutan for bruk 1: Utskifting med Lydvo 1895, semje med Nils Finnesteigen um fiske ved Saganeset 1878 og skilsdom um grensa og fisket ved Vanjolo 1896.

Sag og kvern.

Vassag var det på Finne i 1701, der bøndene sjølv skar bord til turvande husbruk, heiter det i rettsboki. I matrikkelen 1723 er fortalt at Knut Finne hadde bygt ei flaumsag. På henne vart skore berre åt bygdafolk til husavøling. Ikkje noko vart skore til sal utor bygdi. Enkja etter Knut upplyste på tinget 1739 at sagi hadde dei for lenge sidan selt til versonen Nils Arnfinnson. Han har so gjeve upp på tinget i 1740, at det var skore 11 tylvter bord, og han betalte 7 skill. i sagskatt. I 1760 vart skore 1303 bord, i 1780 1868 bord. Knut N. Finne hadde då sagi. Han fekk i 1789 etter søknad kongeleg løyve til på sagi si å skjera bord åt andre i bygdi til deira eige bruk so lenge skogane ikkje vart hogne til skade. Alle bord skulde skjerast med vannkant og ikkje noko førast ut or bygdi. Sagskatt skulde betalast etter dei påbod som til kvar tid vart

--- side 198 ---

gjevne. Det er ikkje nemnt kvar sagi stod, men truleg var det i Vanjolo på sørsida av Vangsvatnet. Der har det vore vassag heilt til Voss Sagbruksinteressentskap i 1889 ervefeste vassfallet, sjå bruk 2. Kvernane som er nemnde ovanfor i 1661 og 1723, har vel stade i Finnesgroi millom Seim og Finne til siste halvparten av 1800-talet.

Finnesloftet.

Det skal vera ein av dei eldste trebygningane i Noreg. Ein veit ikkje når det er bygt og heller ikkje kva bruk det frå fyrst av er etla til. Fagmenn har sagt at loftet kann etter byggjemåten ikkje vera eldre enn frå umlag 1250. Fyrste høgdi er laftbygd og har to rom med ein trong gang millom.

Finnesloftet.
Bilete 30. Finnesloftet. Fot. K. Knudsen 1890.

Andre høgdi er av stavverk med eit stort og eit mindre rom, og på båe sidone av dei eit smalt rom som ei sval langs etter heile huset. Ymse meiningar har kome fram um kva bruk huset var etla til frå fyrst av. Bisp Neumann finn det truleg, skriv han i 1842, at loftet har vore bygt og innreidt for å tena til millombils kyrkje, og at det har vorte til "herresal" då steinkyrkja var ferdig. Soknepresten Gjert Miltzow har i si

--- side 199 ---

Prestehistorie fortalt at etter segni var det halde messe stundom i Finnesloftet og stundom i eit loft på Prestegarden medan "Vangskyrkja vart bygd i 1270-åri. Riksantikvaren, Harry Fett, segjer i boki "Norske hjem", at i fyrste høgdi i Finnesloftet har vore upplagsrom, og at romi i andre høgdi har vore til å bu i. Professor Johnsen har skrive i boki "Norges bønder", at Mikaelsgildet på Voss har truleg halde til i Finnesloftet fyre 1418, då presten ved Apostelkyrkja gav tuft på Vossavangen til byggjing av gildestove. Den store salen i loftet må den mektige gardeigaren ha brukt til gjestebodhall, segjer Johnsen, og romi i fyrste høgdi til upplagsrom (bu).

Knut Øvsthus og medervingane hans vart i 1655 tilplikta "at bordklæde det store loft omkring". Foreldri hans hadde nemleg vore leiglendingar der ei tid. Sidan Finne vart skift i 2 bruk, har dei ått loftet ihop til 1891, då Den norske Fortidsmindesmerkeforening kjøpte loftet og i 1894 hadde ei storvøling på det. Det vart då teke ned og sett inn mange nye stykke i staden for dei gamle som var øydelagde. Sidan 1895 har det vore samla gamle ting i bygdi og utstelt i Finnesloftet. Vossabygdi eig denne samlingi, som no har ikring 1100 nummer.

Bumerke på Finne.

Knut 1726 tavle 2 nr. 100. I 1744 har Knut teikna F K samanslengt, bokstavene snur upp ned. Nils 1739 t. 3 nr. 3. Nils Arnfinnson 1740 t. 3 nr. 69. Likeins 1744-1773. Lars 1749, 1750 t. 1 nr. 13. Olav 1761-1770 t. 3 nr. 4. Nokre gonger har han i den tidi brigda lite grand på merket. Gusskalk 1774 t. 1 nr. 45. Ivar Andersson 1780 t. 3 nr. 5. Det er brigda mykje i 1780 og atter 1786. Sjå bumerketavla side 11.