232. Finnesteigen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 434 ---

Namnet vert i 1695 skrive Fennisteigen. Det vert no sagt Fìnnésteijén2; han búr í, è ór Fìnnésteijè, ska í Fìnnésteigén (eller aot Finnesteijè). Namnet er samansett av gardsnamnet Finne (nr. 43) og teig m.

Finnesteigen er i matrikkelen 1723 ført upp med 12 mark i skyld og ein brukar. Bøndene på Finne var eigarar. Garden var tungbrukt, hadde medels jord og ikkje skog eller fiske. Skyldi var likeins 1838 og vart då umskrivi til 1 dalar. Der var turvande vedaskog og litt fureskog. Samanlikningstalet var 150. I matrikkelen 1865 er ført upp 8 mål åker, 21/3 mål dyrka eng, 6 mål god, 4 mål medels natureng og 14 mål skrapebø. Ikkje noko høvde til dyrking. Ring hamnegang, skog til husbruk og ved kunde seljast for 5 spd. årleg. Garden var lettbrukt, utsett for jordskred og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var der 9,7 mål åker, 10,9 mål kunsteng og 8,3 mål natureng.

Der budde 3 menneske i 1801, 9 i 1865 og 14 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Finnesteigen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     6   6   4      
1865 1   8   19   16 ½ 21  
1918 2   7   30          

Fødnaden i 1657 er førd saman med Finne.

Finnesteigen har alltid vore einbølt gard. Einar var leiglending i 1691 og Klas Miltzow åtte garden som hadde 12 mark i skyld. Kirsten Miltzow var eigar i 1695, og Sjur Olavson var brukar då og i 1701. Laurits Basteson bygsla garden i 1707. Han var g. 1. m. Eli Tormodsdr., 2. 1718 m. Marta Godvinsdr. Tvinno og fekk med Eli dotteri Anngjerd f. 1712. Ivar Torgeirson Ullestad kjøpte 1734 garden av Joakim Friele i Bergen for 40 rd. Ivar selde att 1735 til Olav Åmundson. Han var truleg son til Åmund Olavson Finne, som i 1687 saman med andre soldatar frå Voss var inkvartert på Hadeland. Ivar var g. m. Marta Olavsdr. Olav kjøpte 1759 løysningsretten til Finnesteigen for 63 rd. som G. Marselis hadde ått. Olav døydde 1767,

--- side 435 ---

65 år gl. og Marta 1788, 90 år gl. Dei hadde fire born: Olav g. 1754 m. Ragnhild Olavsdr. Himle, Hallkatla, g. 1760 m. Lars Knutson Haugo, Brita, g. 1766 m. Lars Mattisson Lekve og Anna g. 1783 etter kongelegt løyve med Lars Andersson Svelgane. På skifte 1768 var garden verdsett 150 rd.

Lars Mattisson fekk garden i 1768. Det er fortalt at han og Marta var trulova i 10 år, og han hadde i den tid for det meste vore i garnisonen i Danmark. Lars døydde 1816, 83 år gl. og Brita 1826, 92½ år gl. Dei hadde fire born: Kolbein


Finnesteigen.
Bilete 54. Finnesteigen. Fot. P. Braaten 1937.

f. 1767, Marta f. 1770, g. 1803 m. Rognald Arnbjørnson Haugo, Olav f. 1773 og Ivar f. 1775, g. 1799 m. Brita Olavsdr. Jeraldstveiti, husmann på Glymme. Olav var i skomakarlære i Bergen, reiste ikring 1797 utanlands, var 1826 i Holstein og seinare i Bremen. Kolbein fekk 1794 garden og gifte seg 1798 med enkja Brita Helgesdr. Setre. Han budde seinare på Setre, Arhelleren og Dolve, og døydde 1816, 83 år gl. Systeri Marta og mannen hennar fekk garden i 1802 for 498 rd. Rognald rudde mykje på garden og arbeidde både i tre og jarn det han hadde bruk for. Dei fekk seks born: Lars f. 1804, Anna f. 1805, g. 1830 m. Mons Larsson Setre, gardmann på Haga, Vossastr., Arnbjørn f. 1807, g. 1835 m. Ragnhild Åmundsdr. Himle, gardmann på Hjellen,

--- side 436 ---

Vossastr., Olav f. 1809, død 1817, Nils f. 1811, g. 1848 m. Guri Ivarsdr. Tillung, gardmann på Fjeli, Vossastr., og Knut f. 1814 som reiste til Salten i Nordland. Marta døydde 1815, 44 år gl. og Rognald 1842, 72 år gl. På skifte 1817 var garden verdsett 1800 rd., og bruttomidelen var 3090 rd. (309 spd.).

Lars Rognaldson fekk garden i 1831 for 270 spd. og vart g. m. Marta Nilsdr. Nesthus f. 1808. Han var bygningsmann, arbeidde sko og smidde det som trongst. Marta døydde 1878, 70 år gl. og Lars 1879, 75 år gl. Dei hadde åtte born: Marta f. 1832, g. 1874 m. Gudleik Knutson Jernes, Olav f. 1834, Anna f. 1835, død 1875, Nils f. 1838, Brita f. 1841, død 1857, Marta f. 1845, død 1857, Rognald f. 1848 (Amerika), og Guri f. 1851, g. m. ekm. Åmund Knutson Glymme (Amerika). Olav gifte seg 1864 m. Brita Knutsdr. Brekku, Gullfj., var bygningsmann, hadde garden fire år og reiste 1868 til Amerika. Ein av borni, Lars Teigen, var i lang tid statssenator for Minnesota og medlem av statens universitetsråd. Våren 1868 reiste ikring 30 menneske til Amerika or Teigagardane og Lùtatræe, er det fortalt.

Nils Larsson gifte seg 1868 med Anna Josefsdr. Bjørgo f. 1844 og fekk same året skøyte på garden frå far sin for 500 spd. Han dreiv ei tid med bygningsarbeid. Nils døydde 1897 og Anna 1935. Dei hadde sju born som vart vaksne: Lars f. 1868, Olav f. 1872 (Amerika), Nils f. 1874, g. m. Anna Olavsdr. Midtun, gardmann på Midtun, Steffa f. 1877 er smed, Marta f. 1879, g. m. lærar Lars Brakestad, bur på Bjørku, Brita f. 1887 og Anna f. 1890. Lars fekk 1899 garden for 2000 kronor.

Finnesteigen var fyrr mtrnr. 233, lnr. 458 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar 13 skill., revidert 1 dalar 2 ort 15 skill. Ny skyld mark 2,22.

Støl.

Støl hadde dei ikkje i 1723. Lars Rognaldson fekk 1858 skøyte på støl på Rapjane av Knut Gjelle for 75 spd. Fyrr hadde Finnesteigen støl lenger nede kalla Nerestødl'n og har han no til vårstøl. Der var ofte bjørn i gamle dagar. Ein kveld då ho Brita, kona hans Lars Mattisson, skulde binda inn, kom bjørnen byksande etter ei kyr. Brita tykte det var ein okse og slo til han med fyreklædet og ropte: Vil du gå vekk ditt stygge troll. Bjørnen tutla seg avstad, og då vart ho Brita vis med at det var ein bjørn. Lars Rognaldson hadde ein hest som vart so motig når han kjende teven av bjørnen og fekk han til å røma.

--- side 437 ---

Husmenn.

Mikkjel Styrkson, g. m. Ragnhild Mattisdr., hadde plass på Saganestræe og fekk borni Gunnhild f. 1780, Torleiv f. 1783 og Ingjerd f. 1787. Mikkjel bleiv utanfor Saganeset.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723 eller 1791. Seinare har dei havt kvern i nedste fossen i Vanjolo. Nils kjøpte 1870 kvern og vassrett i Kvålsteigen av Anders Sveinson Kvåle.

Offentlege forretningar.

Sak 1701 um Finnesteigen millom Gjelle og Finne. Forretning vart halde 1737. Sak 1756 um skogen. Semje 1780 og 1803 millom Finne og Finnesteigen. Utskifting 1867. Skilsdom 1804 millom Finne og Finnesteigen. Semje 1899 med Finne um fiskeretten. Semje 1907 med Voss Sagbruksinteressentskap um demme i Vanjolo. Godviljug utskifting 1908 mot Maksam, ein teig ved Vanjolo.

Bumerke.

Lars 1726, 1727 tavle 9 nr. 27, mykje brigda 1784.

Ymse.

På nedsida av stova er høg steintropp med stor helle uppå med trepper til båe sidor. Frå stovehella går trebru inn i loftsgangen. Under trebrui kann ein sovidt køyra millom stovetroppi og bualoftet. Soleis var det på mange gardar fyrr. Rognald tok veit or Ulvaskarselvæ til ei gro som kjem ned i Finnesteigen, og dei har sidan havt stadigt vatn um sumaren.

I Finnesteigen har vore funne ei steinøks med skafthol.

Ei segn fortel at dei som fyrst kom til Finnesteigen var eit ektepar, den eine frå Saude i Viki og den andre frå Saude i Borstrondi.

Ovanfor Finnesteigen er Ulvaskaret i Graosio. I traktene der umkring var det i eldre tid mykje ulv. Det vart so bede i kyrkja um å verta fri ulvaplåga. Då folki kom or kyrkja den sundagen, såg dei at siste ulvane for gjenom skaret er det fortalt, og det vart sidan heitande Ulvaskaret.