59. Fitjo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 349 ---

Namnet vert i 1611 skrive Fiidtie. Det vert no sagt Fìkkjó2; han búr pao, è tao Fikkjó, ska tì Fìkkja, sms. Fíkkja-èlvè. Namnet Fikkjó svarer til gn. Fitjum, dativ fl. av fit. f. (fl. fitjar) fit, flat eng, helst attmed vatn.

Fitjo er einbølt gard og er i 1661 ført upp som øydegard med skyld 1 laup og ein brukar. Det var inkje lunnar til garden, heiter det. I 1723 var det same skyldi. Garden var tungvinn og hadde mager jord. Det var knapt um ved, ein liten humlagard, men ikkje nok til eige bruk. Skyldi var likeins i 1777 og 1838. Samanlikningstalet i 1838 var 260 og skyldi er då umskrivi til 1 dalar 3 ort 15 skill. Eit vassfall høyrde då til garden, er det sagt.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 7 mål åker, 3,5 mål dyrka eng, 9 mål god, 17 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. Ring vårhamn og ikkje sumarhamn. Der var um lag ein tridjepart av den veden ein trong, og ikkje timberskog. Garden var tungvinn, leid sume tider av turk og var dyrka som vanleg.

Folketalet på Fitjo var 6 i 1801, 12 i 1865 og 16 i 1920.

--- side 350 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Fitjo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 7 8
1723 1 7 6 8
1865 1 7 18 18 10

Bruk 1. Fitjo. Fyrr bruk 2 vart fråskilt i 1901, var det berre dette eine bruket på Fitjo.

Torgeir var leiglending på Fitjo i 1597 og betalte då tridje års bygsel til stiftet og kruna for 1 laup med 1 mark 5 skill. Rasmus budde på Fitjo i 1611. Han var i 1614 utkommandert til Svinesund. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Fitjo var 4 mark smør og 1 kalvskinn. Oluf budde på Fitjo 1629 og Sjur 1635, men båe var so utarma at dei slapp skatta. Gudmund Sveinson, g. m. Kari, er fleire gonger førd upp som leiglending 1645-1664. Ved makebyte i 1649 har Folkvard Broderson. late noko i Fitjo til kongen. I 1652 åtte Prestebolet 3 spann og Broderson 1 spann. Landkommisjonen skriv i 1661 at skyldi var 1 laup. Derav åtte Munkeliv 1 spann og Prestebolet 3 spann. Kongen selde i 1662 dette Munkelivgodset til Hermann Garmann. Peter Reedtzs kjøpte 1665 2 pund i Fitjo. Klas Miltzow åtte 1 spann 1680 og 1691, men hadde late det 1695 til Manufakturhuset i Bergen. Vangskyrkja var då eigar av 3 spann. Det var same eigarar ogso i 1735. Anders var brukar i 1695 og Per Jonson i 1701. Han var då 54 år gl. og hadde styksonen Sjur Hermundson, 14 år gl. Per var brukar til han døydde 1718. Kona hans, Gunnhild Sjursdr. levde att. Ikkje born.

Knut Larsson Gjerdskvål bygsla Fitjo i 1718. Han var g. 1. m. enkja Marta Larsdr., 2. 1721 m. Gjertrud Eiriksdr. Øvre Himle, 3. 1737 m. enkja Ingebjørg Mikkjelsdr. Rekve. Knut døydde 1767 og hadde med Marta tri born: Lars f. 1716, Lussi f. 1715 og Gudve f. 1718. Lars var gift 1742 m. Gjertrud Eiriksdr. og budde på Leiddal. Ho Lussi var 1767 i Nordhordland. Ingebjørg Mikkjelsdr. hadde fyrr vore gift med Rikolv og hadde fire born med han: Mikkjel, Lars, Olav og Svein. Mikkjel gifte seg 1748 m. Brita Johannesdr. Gjerde. Svein var husmann på Leiddal 1767.

Olav Rikolvson f. 1717, var g. m. Guri Åmundsdr. og døydde

--- side 351 ---

1814. Han bygsla 2 pund 6 mark av Voss prestebol i 1760. Seks born: Rikolv f. 1756, Viking f. 1758, Mikkjel f. 1764, Åmund f. 1768, Ingjerd f. 1753, Anna f. 1761. Ho Ingjerd gifte seg 1787 m. Anders Nilsson Midtun. Han var fødd 1753 og døydde 1823. Dei bygsla Fitjo etter hennar foreldre. Born: Nils, Olav og Lars. Lars var fødd 1795, g. m. Brita Andersdr. Gjerde og kjøpte gard på Grevle. Nils f. 1789, gift 1820 m. Kirsti Aslaksdr. Flatekvål bygsla Fitjo i 1823 og døydde 1869. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Seks born: Ingjerd, Anders, Ingebjørg, Aslak, Olav, Anders. Ingjerd f. 1820, gifte seg 1843 m. Eirik Eirikson Nedkvitno og reiste til Amerika. Anders d. e. f. 1833 var gift 1878 m. Sigrid Johannesdr. Myrland, og var husmann på Hegle. Aslak, Olav og Anders d. y. reiste til Amerika.

Ingebjørg Nilsdr. f. 1826, var g. m. Nils Nilsson Gilbakken, Vossastr. Dei bygsla Fitjo etter foreldri hennar og fekk i 1870 kongeskøyte på garden for 600 spd. og jordavgift 2 tunnor 1½ fjerdingkar bygg. Born: Anna f. 1855, g. m. Eirik Aslakson Flatekvål, Amerika. Kirsti f. 1856, gift til Flatekvål m. Knut Herlaugson. Ingjerd f. 1858, g. m. Arnfinn A. Flatekvål, Brita f. 1861 g. m. enkjemann lærar Henrik Helleve, gardm. på Helleve. Ingebjørg f. 1860, Jorunn f. 1863, Nils f. 1868 g. m. Anna Isaksdr. Graudo. Han hadde farsgarden frå 1897 til 1902, men selde då til Anders Eirikson Prestegard for 5000 kronor og reiste til Nordland. Anders er f. 1882 og g. m. Ingebjørg Johannesdr. En f. 1887.

Fitjo var fyrr mtrnr. 59, lnr. 123 med gamal skyld 1 laup, urevidert 1 dalar 3 ort 15 skill., revidert 1 dalar 3 ort. Ny skyld mark 1,53 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Holme. Skyld 80 øre. Skilt frå bruk 1 i 1901 og selt til Lars Gudmundson Holme, som bygde der. Han var bygningsmann, var f. 1861, g. m. Margreta Simonsdr. Vangen, og døydde 1927.

Husmenn.

Sjur Sjurson f. 1644 var husmann i 1701. På Fitjahaugen var Olav Andersson husmann ikring 1850- og 1860-åri. Han var snikkar, f. 1795 og døydde ugift 1876. Arnfinn Nilsson Ringheim var der so nokre år til han kjøpte seg gard på Skogstad, Vossastr. Sidan kom Olav Nilsson f. 1830 g. 1. 1857 m. enkja Sigvor Mattisdr. Ukvitno, 2. m. Marta Brattholo. Han flytte på Vossastrondi.

--- side 352 ---

Støl.

Garden var utan støl i 1723. Gamle folk fortel at Fitjo har havt vårstøl ved Kasethaugane i nord for Tròstølen, og hadde truleg sumarsstøl lenger uppe på fjellet, der det endå syner etter gamle hustufter. Sumarsstølen er i Fitja-Torvedalen, men dei har ikkje støla der seinste åri. Vårstøl er der ikkje.

Kvern.

Kvern var der ikkje i 1661, men i 1723 var der ei, og likeins i 1776 og 1791. Både kvern og stampe har Fitjo havt attmed Fitjaelvi til ikr. 1890.

Offentlege forretningar.

Kommisjonsforlik um kvernavatn i 1823. Forretning um merket mot Skjerpe 1869. Semje um bruk av ein veg 1905.

Bumerke teikna på Fitjo.

Knut 1736 tavle 3 nr. 100. Knut teikna eit anna merke 1750. Olav 1764, 1786 t. 3 nr. 101.