99. Fjose.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 114 ---

Namnet vert i 1490 skrive Fioos. Det vert no sagt Fjósé2; han búr pao, è tao Fjósé, ska tì Fjóss. Formi Fjósé er dativ eintal av eit fjós (fehus).

Landkommisjonen har i 1661 ført Fjose upp som halv gard, 3 laup 18 mark i skyld og to brukarar. Timber- og vedaskog var det til eige bruk og ein humlagard. Likeins var det i 1723 og dessutan ei flaumkvern. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 7 dalar 2 ort 3 skill. Då var der god humlagard, skog til eige bruk og fureskog til sal. Samanlikningstalet var 1120.

Matrikkelen 1865 melder at der var 23½ mål åker, 14 mål dyrka eng, 34 mål god, 44 mål medels natureng og 45 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til eige bruk. Timber kunde seljast for 32 spd. årleg. Der var hellebrot verdsett til 30 spd. årleg. Garden var lettvinn og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var der 23,5 mål åker, 39 mål kunsteng og 20 mål natureng.

Folketalet var 17 i 1801, 18 i 1865 og 22 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Fjose.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 13 21
1723 2 19 30 28
1865 2 25 54 58 ½ 48
1918 4 18 38

Fjose er og har alltid vore einbølt gard, bruk 1.

--- side 115 ---

Munkeliv kloster åtte ikring 1480-90 5 laup i Fjose, som truleg var heile garden, sjå DN. XII nr. 257. Oluf på Fjose betalte i 1521 8 skill. i skatt og 4 mark i breffbrot. Arne var brukar 1563. Leidangsboki 1624 melder at leidangen for Apostelgodset var 1 pund smør, 1 geitskinn og 1 bukkskinn med Guttorm som leiglending. Jordi var toleg god, er det sagt. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 spann med ½ dalar 6 skill. Askjel var brukar. Guttorm er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1621 og Askjel Davidson likeins 1629-1664.


Fjose
Bilete 17. Fjose. Fot. P. Braaten 1936.

Han var g. fyre 1645 m. Dønåt og åtte i 1635 3 laup 18 mark jordgods. I 1661 og 1664 var sonen Åmund brukar saman med Askjel, og var lagrettemann i 1669.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 21 mark smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 3 laup 1 spann Allehelgens gods, som han hadde fått 1649 ved makebyte med kongen. På det var utlogor 21 merker smør og 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar 1 ort i skatt, 3 ort 6 skill. i fornødspengar, 3 ort 6 skill. i arbeidspengar og 1 dalar 8 skill. i avgift til jordeigaren. Askjel var leiglending. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. I matrikelen 1661 er sagt at

--- side 116 ---

Fjose var 3 laup 18 mark som høyrde til Finnegodset. Klas Miltzow åtte Fjose i 1680. Åmund var eigar og brukar 1691.

Åmund Askjelson f. fyre 1645 var g.m. Guro Larsdr. Bygd og døydde ikr. 1692. Ho var attgift fyre 1695 m. Gusskalk Person Vinsand f. 1665 og døydde 1724. Gusskalk døydde 1736. Åmund har kjøpt Fjose i 1690 av Klas Miltzow og var brukar frå fyre 1661 til han døydde. Gusskalk er skriven som eigar av heile Fjose i 1695 og 1701 og av 1 laup 45 mark i 1714 og 1730. Under ei rettssak i 1733 er upplyst at Åmund hadde brukt garden i 29 år og Gusskalk i 40 år. Ved skifte etter Guro i 1724 var Fjose verdsett 97 rd. og bruttomedelen var 340 rd. Borni har då fått kvar sin part i garden. Med Åmund hadde Guro tri born: Styrk f. 1665, Knut f. 1684, g. fyre 1708 m. enkja Ingjerd Klasdr. Miltzow, gardmann på Raustad, Gjertrud, g. m. Knut Aslakson på Hefte.

Styrk Åmundson f. 1665 var g. m. Anna Torsteinsdr. Dukstad, enkja etter Eirik Knutson på Øvsthus. Sjå vidare um Styrk på Dukstad. Han døydde 1737 og hadde borni Gudve og Åmund. Gudve gifte seg med Viking Brynjulvson Dukstad. Knut Raustad mangla på odelsretten til Fjose i 1708, av di far åt kona hans, Klas Miltzow, hadde selt garden. Korleis det gjekk, har eg ikkje set noko um.

Åmund Styrkson f. 1695 var g. 1. 1718 m. Ingjerd Knutsdr. Finne, 2. 1737 m. Barbrå Ivarsdr. Helleve og døydde 1768. Åmund kjøpte i 1720 av Knut K. Finne ein slåtteteig ved Lemme for 17 rd., bygsla i 1725 av far sin og Knut Raustad 1 laup 71 mark i Fjose, av Gusskalk Fjose etter forlik 3 spann i 1729 og av Knut Hefte 37 mark i 1733, som borni hans hadde ervt etter mori og mormori. I 1725 og 1729 hadde Åmund dessutan fått skøyte på 1 laup 54 mark i Fjose. Ved skiftebrev 1737 og skøyte 1751 og 1755 har han fått meir, so han då åtte heile Fjose, 3 laup 18 mark. I 1759 kjøpte Åmund løysningsretten til 3¼ laup i Fjose for 83 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Ved skifte etter Åmund var bruttomidelen 792 rd. Med Ingjerd hadde Åmund fem born: Olav f. 1719, g. m. dotter åt Isak Børve i Hardanger (sjå bruk 6 Dukstad), Kirsti f. 1722, g. 1. 1751 m. ekm. Torgils Olavson Jernes, 2. 1770 m. Mons Andersson Vetla Rokne, budde på Jernes, David f. 1724, g. 1. 1749 m. enkje Mari Knutsdr. Dagestad, 2. 1768 m. Guro Olavsdr. Liland, gardmann på Rekve, Torstein f. 1727,

--- side 117 ---

døde 1741, Guro f. 1732, g. 1752 m. Olav Rikolvson Store Honve, død på Fitjo 1814. Med Barbrå hadde Åmund 8 born: Styrk f. 1738, Knut d. e., g. 1774 m. Sigrid Torgeirsdr. på Vetle Ringheim og fekk gard der, Anders f. 1741, Ingjerd f. 1743, Torstein f. 1747, Anna f. 1752, Knut d. y. f. 1756, var 1794 i Amsterdam, Eli f. 1758. Berre Styrk og båe Knutane vart gifte.

Styrk Åmundson f. 1738, gifte seg 1767 m. Kari Larsdr. Klyve og døydde 1803. Han fekk skøyte i 1758 på 2 pund i Fjose frå Knut Johannesson Fjose, på halve Fjose frå far sin i 1759 og på 1 laup 42 mark frå mor si i 1771 og vart eigar av heile garden med Lemmesteigen. Ni born: Åmund, f. 1763, Lars f. 1766, g. 1. 1788 m. Brita Botolvsdr. Lemme, 2. m. Anna Håvardsdr. Tøn (sjå bruk 2 Lemme), Barbrå f. 1769, død ugift, Ivar f. 1772, g. 1805 m. Eli Gudleiksdr. Vike (sjå bruk 2 Vike), Gudve f. 1774, død ugift, David f. 1777, bleiv i Vosso 1837, Knut f. 1782, g. 1. 1807 m. Marta Jonsdr. Røte, 2. 1813 m. Gudve Jonsdr. Røte, gardmann på Vetla Røte, Anna g. 1802 m. Knut Larsson, gardmann på Uppheim, Vestb., Eli f. 1785, g. 1815 m. Knut Nilsson, leiglending på Rekve. Det er fortalt um David at han hadde vore i Holland og at han planta dei fyrste frukttre på Fjose.

Åmund Styrkson f. 1763, g. 1794 m. Ingjerd Nilsdr. Rekve, fekk farsgarden 1792. Han døydde 1824 og på skifte same år vart garden taksta 800 spd. og skogen 180 spd. Ni born: Brita f. 1794, g. 1830 m. Ivar Ivarson Tøn, Kari f. 1796, g. 1825 m. gardmann Torstein Andersson Nedre Kyte, Guro f. 1798, g. 1818 m. Magne Knutson på Nedre Vinjo, Kristi f. 1802, g. 1831 m. underoffiser Olav Gusskalkson Ronve, Anna f. 1805, g. 1825 m. Torgeir Monsson på Bokkatun, Ingjerd, f. 1809, g. 1835 m. Sjur Mikkjelson, leigl. på Endeve, Styrk f. 1809, Marta f. 1812, Barbrå f. 1817, g. 1839 m. Hermund Kjelson på Helleve.

Styrk Åmundson f. 1809, g. 1833 m. Brita Oddsdr. Nedre Klyve fekk farsgarden ved skiftebrev 1824 og skøyte 1833. Han var ein sers dugande og drivande gardbrukar, braut upp ei mengd stein som dei store fint upplagde røysene vitnar um og dyrka mykje på garden. Styrk bygde av svære materialar ei sers gild og tidhøveleg løe med steinflor ikring 42 alner lang og motting under. Styrk døydde 1881 og hadde seks born

--- side 118 ---

etter seg: Åmund f. 1834, Sigrid f. 1835, g. 1858 m. Olav Nilsson, gardmann på Ygre, Odd f. 1837, g. 1862 m. Gjertrud Eiriksdr. Lemme, gardmann på Tøn, Ingjerd f. 1839, g. 1862 m. gardm. Lars Andersson Hyrt, Nils f. 1841, g. m. Kristi Larsdr. Hylle, gardmann på Nyre, Brynjulv f. 1843, g. m. Margreta Knutsdr. på Afdal og fekk gard der.

Åmund Styrkson f. 1834, g. 1866 m. Marta Nilsdr. Urdland, fekk skøyte på garden i 1872 for 1500 spd. Dei styrde og garden godt og Marta var dessutan framifrå flink med kvinnelegt handarbeid. Åmund døydde 1893 og Marta 1919. Seks born: Brita f. 1867, g. m. Lars Brynjulvson på Melve, Ingebjørg f. 1869, g. m. Brynjulv Brynjulvson på Osgjerd, Styrk f. 1873, Brita f. 1875, Nils f. 1877, g. m. Anna Josefsdr. Lid, gardmann på Nyre, Ingjerd f. 1880.

Styrk Åmundson f. 1873, g. m. Guro Davidsdr. Vestrheim, f. 1883 fekk skøyte på garden 1904 for 7200 kronor. Han har i lenger tid vore med i heradsstyret, formannskapet, soknerådet, forstandarskapet i Voss Sparebank, direksjonen for Voss Veksel-og Landmandsbank, styret for Voss Skiferbrud og for Trelastforretningen og har havt ymse andre tillitsyrke.

Styrk har ei rik kunstnargåve som serleg har synt seg i hans mange treskurd- og biletskjerararbeid. Alt frå han som liten gut var ført til å halda kniv, tok han til å spikka dyr og fuglar og sidan folkefigurar. Han utvikla det etter kvart til å skjera portrettbystor og medaljongar av kjende menn og kvinnor og har skore ut ymse folkefigurar for å syna visse karaktertrekk. Hus og innbu pryder han med treskurd.

Natti til 2. april 1925 hadde garden den tunge lagnad at alle sju husi brann upp. Millom dei var ovanfor nemnde løebygning og eit stort sers verdfullt bualoft frå 1775 bygt av rundtimber. Mykje verdfulle bunadsting strauk og med. Det vart eit tungt tak for Styrk å byggja upp att alle husi på den store garden. Både husi og innbuet er tidsmessige og trauste og hans kunstnarhugmål har her i rik mun lagt sin dåm over hus og bunad. Både utvendes og innvendes i dei einskilde rom og på bunaden har Styrk laga treskurd som med bilete syner kva vedkomande hus, rom eller ting skal tena til. Mange er det som vitjar Fjose for å sjå den store og eineståande samlingen av treskurd og biletskjerararbeid som Styrk har laga. Siste huset Styrk bygde

--- side 119 ---

er bui som er av rundtimber i vakker gamal stil Ho Guro har synt god givnad i kunstveving t. d. eit biletteppe med skogparti i vintertid og eit anna der mori sit med veslebarnet i fanget og gjev det suga.

Fjose var fyrr mtrnr. 99, lnr. 199 med gamal skyld 3 laup 18 mark, urevidert 7 dalar 2 ort 3 skill., revidert 8 dalar 14 skill. Ny skyld mark 11,82. I 1915 er lagt til gnr. 97 bruk 5 med skyld 15 øre, altso ialt mark 11,97.

Husmenn på Fjose.

Knut Olavson, g. m. Marjo Larsdr. fekk dotteri Torbjørg i 1785. Eiliv Olavson, g. m. Ragnhild Larsdr. fekk dotteri Anna i 1787. Lars Halldorson, g. m. Brita Mikkjelsdr. (Mattisdr. ?) fekk to born medan dei budde der: Olav f. 1790 og Brita f. 1796. I 1701 var Arne Person husmann, g. m. Signy Knutsdr. og hadde tri born: Per, Anna og Knut, 13-2 år gamle. Olav Sjurson, g. m. Ragnhild Hallvorsdr. budde på Fjosøyjorna i 1814, då ho døydde, og hadde tri born: Marta f. 1792 med Viking, og Sjur f. 1804 og Anna f. 1807 med Olav.

Knut Gudleikson, g. m. Ragnhild Knutsdr. var husmannsfolk 1845, då dei fekk sonen Anders. Nils Larsson, g. m. Ingebjørg Olavsdr. hadde dotteri Ingebjørg i 1849 og sonen Olav 1853. Svein Håkonson fekk plass på Nedre Øyjoræ ikring 1820 og døydde som husmann 1862, 82 år gl. Han var fødd på Reime, g. 1811 m. Synneva Larsdr. Lid og var fyrst til huse på Reime. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Mons Jonson, 50 år gl. og kona Marta Torsteinsdr. var husmannsfolk i 1865 med dotteri Maria Nilsdr. f. 1851. Likeins enkja Synneva Larsdr., 80 år gl.

På Fjose har i lange tider vore 2 husmannsplassar: Øvre Øyjoræ og Nere Øyjoræ. Me veit ikkje kva plass dei ovanfor umtala husmenn har butt på. Den siste som budde på Nere Øyjoræ var Lars Tøn f. 1851, g. m. Synneva Eiriksdr. og døydde 1906. Han var son til Johannes «mæ Tønademmene» og hadde ei tid vore husmann på Nere Øyjoræ. Lars og Synneva hadde borni: Johannes f. 1873, gardmann på Hegle, Sigrid f. 1877, g. 1897 m. Lars Knutson Byrkjo, Eirik f. 1887, benkjadrivar på Kyte.

Jon Gjerme, g. m. Marta budde på Øvre Øyjoræ i 1860-åri og flytte sidan til Rogne, der bruk 18 no er. Olav Andersson

--- side 120 ---

Kyte f. 1842, g. 1868 m. Gjertrud Ivarsdr. Graudo budde fyrst i Kyteshagen og var sidan husmann på Øvre Øyjoræ. Der døydde han 1909 og hadde fire born: Maria f. 1869, Brita f. 1870, g. 1892 m. Knut Olavson Saude, huseigar på Vangen, Marta f. 1873, g. 1909 m. Nils Eirikson Tverberg, og Anders f. 1876, g. 1912 m. Anna Åmundsdr. Ronve, huseigar i Haugamoen. Nils og Marta har no plasset. Olav var ein dugande gråsteinsmurar og hendig og trufast arbeidsmann.

Støl.

Stølen var 1¾ mil frå garden er det fortalt i 1723. Det var vel same stølen som Fjose har no, som er kalla Fjosstødl'n. Han ligg i heimste luten av Langedalen.

Kvern.

Kvern hadde Fjose i 1723, 1776 og 1791. Ho har stått ved Tønagroæ til i slutten av 1800-talet.

Ymse.

Tingsvitne var halde i 1590 vedkomande nokre eigedomar på Lemmesteigane. Det er då nemnt at Fjose og hadde ein teig der. Olav Person og Eirik Oddson Finne la sak upp med Åmund og Styrk Fjose um Fjose sin eigedom på Lemmesteigane. Olav og Per påstod at dei hadde odelsretten til denne teigen, men dei fekk ikkje medhald korkje ved underretten eller lagtinget. Som ovanfor umtala kjøpte Åmund Fjose i 1720 av Knut Finne ein slåtteteig ved Lemme.

Alt dette må gjelda teigen som Fjose no eig på Lemmesteigane. Det må ha gått til soleis: Då Åmund kjøpte Fjose i 1690 av Klas Miltzow, har Klas halde teigen undan og late han til verson sin, Knut Finne, som selde til Åmund i 1720. Det er to slåtteteigar, Øvreteigen og Nereteigen, ikring 32 mål kvar. På Nereteigen har vore flekt hellor i over 100 år. I matrikkelen 1865 er det årlege verde av helleflekkingi sett til 30 spd. Sidan 1880-åri har det auka sterkt med helledrifti og er i den noverande eigar si tid vorte til ei av dei største eller kann henda den største på Voss. Mange er det som har levebrødet sitt der.

Mot Vinjo var det sak i 1733. Utskifting 1893. Semje 1877 um beiting i Vinja-åsen.

Bumerke.

Gusskalk 1711-1718 tavle 2 nr. 51, brigda 1718, 1720 og 1728. Åmund 1727 t. 5 nr. 35, brigda på 4 måtar i 1729-1757. Styrk Åmundson 1769, 1785 t. 5 nr. 36. Tri andre merke i 1782-1795. Anders Åmundson 1769 t. 5 nr. 38. Knut Åmundson Fjose, Vetle Ringheim 1769 t. 5 nr. 37.