61. Flatekvål.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 360 ---

Namnet vert i 1455 skrive paa Flatteqval (avskrift frå 1708). Det vert no sagt Flatékvaol2; han búr pao, è tao Flatékvaol, ska tì Flatékvaols. Namnet er samansett av adjektivet flat og gn. hváll m. (liten haug).

Garden er i 1661 skriven som heil gard på 4 laup 18 mark og hadde to brukarar. Der var vedaskog og ein liten humlagard er det sagt. Skyldi var den same i 1723. Forutan vedaskog og ein liten humlagard var der ei flaumkvern. Garden var tungvinn og årvand. Skyldi er likeins i 1838 og då umskrivi til 12 dalar 2 ort 8 skill. Samanlikningstalet var 1880. Det var god hamnegang og vedaskog til sal.

I matrikkelen 1865 er ført upp 44,5 mål åker, 20,5 mål dyrka eng, 76,5 mål god, 96 mål medels natureng og 83 mål skrapebø. Vårhamni var god, men sumarhamni ring på bruk 1. På bruk 2 var Vårhamni ring, sumarhamni god, men langt burte. Inkje timberskog, men turvande vedaskog. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 36,5 mål open åker, 60,5 mål kunsteng og 29,5 mål natureng.

--- side 361 ---

Folketalet på Flatekvål var 28 i 1801, 26 i 1865 og 100 i 1920. Det er helledrifti som har gjort noko til den store aukingi i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Flatekvål.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 27 2
1723 4 34 36 36
1865 4 38 98 109 ½ 97
1918 3 17 78

Flatekvål.
Bilete 40. Flatekvål. Fot. Ludv. Bru 1920.

Torfinn Henrikson (Fladehval), lagrettemann på Voss, utferda i 1455 brev (DN. XVI nr. 187) um at han gav prestebolet 5 mmb. i Øvre Afdal til eigedom for si og foreldri sine sjeler. Torfinn tok atterhald um bruksretten av eigedomen so lenge han levde. I 1521 var det to brukarar på Flatekvål: Biørnn som betalte 8 skill. i skatt og 6½ lodd sylv i breffbrot, og Laffris, som betalte 2 skill. i skatt. Gunder budde der 1563 og hadde tenestedrengen Jørgen. Aslak var brukar i 1591 og 1611 og Ingebrikt i 1603 og 1611. Han og Knut Ringheim åtte i 1611 tilsaman 2 laup i Flatekvål. Torstein budde der 1614 og 1621.

--- side 362 ---

Han åtte ½ laup i Fletre. Leidangsboki 1624 syner at leidangen på Flatekvål var ½ laup smør og 2 bukkskinn. Det var god avlsgard står det. Ryttarskatt vart i 1627 lagt på odelsgodset i to bruk. På 2 laup var skatten 10 rd. med brukar Svein, og på 16 mark var skatten ½ dalar med Sjur som brukar.

Svein åtte i 1629 2 laup og Sjur 16 mark i garden. I 1635 åtte Svein 4 laup 2 spann. Sjur Knutson, g. m. Anna, og Olav Endreson, g. m. Mari, er ofte nemnde som brukarar 1635-1659. Vangskyrkja åtte i 1661 1 laup 18 mark i Flatekvål og fekk i landskyld 3 såld korn og ½ laup smør av denne eigedomen. 3 laup høyrde til Apostelgodset som Peter Reedtzs kjøpte 1665. Svein og ei enkje var leiglendingar. I 1664 var det Per Mikkjelson og Svein Olavson. Olav Øvre Grovu stemnde Svein i 1662 og gjorde krav på at han skulde lata systri få sin part av pengane for odelsgodset som fyremannen hans, Olav, hadde selt. Svein må altso ha vore son åt Olav Endreson. Svein vitna i 1670 at han hadde hogge timber i Raundalens Almenning.

Borgarmeister Ofue Jensson åtte 3 laup i garden i 1676, som soknepresten i Eidfjord var eigar av i 1680. I 1691 åtte Karen Jensdr. 2 laup 2 spann og Vangskyrkja 1 laup 3 spann. Per brukte då 2 laup 9 mark og ein annan likeins.

Folketeljingi 1701 fører upp to brukarar: Odd Botolvson, 55 år, med sønene Sjur 25 og Anders 9 år, Alv Olavson, 40 år, og sønene Olav Alvson, 12 år, og Anders Person, 7 år. I 1714 åtte Herlaug Øvsthus i Raundalen 3 laup og Vangskyrkja 1 laup 18 mark i Flatekvål. Eigarane i 1723 var Johannes Slen 3 laup og Vangskyrkja som fyrr 1 laup 18 mark. Kongen selde dette jordgodset saman med kyrkja i 1723. Alv var gift 1. med enkja etter Per, Anna Brynjulvsdr., død 1713, 2. med Gjertrud Persdr., død 1739, 57½ år gl. Alv døydde 1732. Ho Anna hadde med Per, fyrste mannen sin, fire born: Brynjulv, Anders f. 1693, Halldis f. 1673 gift 1722 med Ivar Hollgeirson Skylje, Torbjørg f. 1688, gift 1715 med Viking. Alv hadde med Anna sonen Olav og med Gjertrud sonen Eirik f. 1718. Olav vart gift 1720 med Steinvor Knutsdr. Rekve. Eirik gifte seg 1839 med enkja Anna En.

Odd Botolvson var lagrettemann i 1699. Han hadde borni: Botolv f. 1668, død 1773, gift 1721 med Isbjørg Styrkårsdr. Brakestad, Endre, gift 1709 med enkja Gudve Jonsdr. Afdal, Anders gift 1717 med Guri Torgeirsdr. Ullestad. I 1720 vart

--- side 363 ---

det gjort semje millom Botolv og Johannes Herlaugson Slen, at Botolv skulde få ha 1 laup 1 pund på Flatekvål solenge foreldri hans levde, men han skulde sidan lata Johannes få dette jordgodset og i staden få 4 pund i Slen. Johannes åtte 3 laup i Flatekvål i 1723 og Vangskyrkja som fyrr 1 laup 18 mark.

Herlaug Johannesson Øvsthus, umtala ovanfor, var leiglending på Øvsthus i Rd. Sjå ætteboki Tvildeætti. Sonen Johannes f. 1691, var gift 1. 1710 med Åsa Brynjulvsdr. Grovu. 2. 1755 med Ragnhild Olavsdr. Hegle. Han fekk ved skiftebrev 1718 og skøyte 1736 2 laup 9 mark i Flatekvål. Ved skifte etter Åsa i 1753 åtte han 3 laup i garden. Bruttomidelen var 732 rd. Med Åsa hadde han borni Olav, Lars og Jon. Lars var fendrik og gifte seg 1740 med enkja Sigrid Sjursdr. Kvåle og vart gardmann på Kvåle, Gullfj. Jon budde på Alland.

Olav Johannesson f. 1709 var gift 1738 med Kirsti Olavsdr. Ringheim og døydde 1794. Han fekk skøyte i 1754 og 1757 på 3 laup i Flatekvål. Ni born: Herlaug f. 1744, framhald bruk 2, Brynjulv f. 1746, gift 1775 med Anna Larsdr. Øvre Lid, Aslak f. 1755, Jorunn d. e. f. 1739, g. m. Nils Olavson Kvamme, Jorunn d. y. f. 1741, g. 1766 m. Torgeir Davidson Mølster, Anna f. 1753, gift 1771 med Knut Larsson Skulestad, Åsa f. 1753, død ugift 1808, Marta f. 1758, g. 1782 med Johannes Knutson Raustad, Brita f. 1760, g. 1788 med Styrk Larsson Norekvål.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Flatekvål. Aslak f. 1755, var g. 1787 med Ingebjørg Andersdr. Ringheim og døydde 1823. Sjå ætteboki Tvildeætti. I 1779 fekk han skøyte frå far sin på 1½ laup i Flatekvål. Sju born: Olav, Anders f. 1788 var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Han døydde 1821. Herlaug f. 1796, husmann på Nedkvitno, Brynjulv f. 1799, g. 1828 med Marta Knutsdr. Ringheim, budde på Opeland, Ragnhild f. 1791, g. 1819 med Knut Steffason, gardmann på Grevle, Kirsti f. 1793, g. 1820 med Nils Andersson, leiglending på Fitjo, Marta f. 1805 g. 1. 1825 med Johannes Åmundson Himle, 2. 1853 med ekm. Anders Eirikson Himle, båe gardmenn på Himle, Jorunn f. 1809, g. 1833 med gardmann Torbjørn S. Gjerdskvål.

Olav Aslakson f. 1788, var gift 1812 med Ingjerd Oddsdr. Sonve og døydde 1874. I 1815 og 1830 fekk han skøyte på garden. Olav betalte i 1845 avgift for brennevinsbrenning. Sju

--- side 364 ---

born: Aslak, Odd f. 1826, gardmann på Fletre, Ingebjørg f. 1803, vart gift til Olde med Per Torgeirson, Guro f. 1818, gift til Ullestad med Knut Andersson, Ingebjørg f. 1820, g. m. stortingsmann Gusskalk Seim på Dukstad, Kirsti f. 1824, g. m. Anders Knutson Ullestad, gardmann på Repål, Anders f. 1829, død ugift 1878.

Aslak Olavson f. 1813, var g. 1838 med Anna Eiriksdr. Saude og fekk garden i 1840 for 1000 spd. Han var i sine unge dagar dreng og stundom fullmektig hjå lensmann Berg. Aslak døydde 1885. Dei hadde åtte born: Olav d. e., Eirik f. 1842, sjå bruk 3, Ingjerd f. 1840, g. m. Lars Olavson En, sjå bruk 21, Barbrå f. 1845, g. m. Olav Herlaugson Flatekvål på bruk 2, Anders f. 1850, reist til Amerika, Arnfinn f. 1853, sjå bruk 8, Olav d. y. f. 1855, gardmann på Byrkjo, Knut f. 1859, sjå bruk 17. Anders var flink smed, arbeidde pikstolar, byrsor og ymist kunstarbeid.

Olav Aslakson d. e. f. 1838, g. 1905 med Jorunn Aslaksdr. Gjerdskvål og døydde 1913. Ho var gift 2. med Olav Knutson Flatekvålsteigen, sjå bruk 5 og 9. Olav Aslakson fekk skøyte på garden frå mor si i 1885 for 5200 kronor. Han hadde to døtter: Anna f. 1906 og Ingjerd f. 1912. Anna er gift med Lars Knutson Ullestad f. 1902. Ho fekk garden ved skifte etter far sin i 1915 for 12 000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 61, lnr. 127 med gamal skyld 2 laup 9 mark, urevidert 6 dalar 1 ort 12 skill. revidert 5 dalar 2 ort 19 skill. Ny skyld mark 6,23 etter at bruk 21 er skilt frå.

Bruk 2. Flatekvål. Herlaug f. 1744, umtala ovanfor, var gift 1769 med Ingebjørg Olavsdr. Syndve og døydde 1780. Ho Ingebjørg gifte seg att 1782 med Hermund Henrikson Helleve. Herlaug fekk i 1768 skøyte på 1½ laup i farsgarden. Hermund skøytte garden i 1782 på det vilkår at styksonen Olav, eller um han døydde, då eit av syskini skulde få garden i 1795. Ingebjørg hadde med Herlaug tri born: Olav, Kristi f. 1770 og Synneva f. 1777. Ho Kristi gifte seg 1805 med Olav Person En, som kjøpte gard på Helleve. Synneva vart gift 1802 med Per Sjurson, gardmann på Vinjo, Tjukkeb.

Olav Herlaugson f. 1775, gifte seg 1797 med Barbrå Johannesdr. Rogne og døydde 1860. Han fekk skøyte i 1794 på 2 laup 9 mark i Flatekvål. Derav åtte Vangskyrkja laus landskyld av 1 pund 21 mark. Fem born: Herlaug, Johannes f. 1800, g.

--- side 365 ---

1830 med Arngunna Knutsdr. Øvsthus, gardmann på En, Knut f. 1806, g. 1845 med Jorunn Nilsdr. Flatekvål, som kjøpte gard på Dukstad, Torbjørn f. 1816, g. 1844 med Kirsti Tormodsdr. Fletre og fekk gard på Fletre, Ingebjørg f. 1803, g. 1827 med gardmann Per Torgeirson Olde.

Herlaug Olavson f. 1798, var g. 1. 1828 med Anna Knutsdr. En, 2. 1856 med Sigvor Knutsdr. Tvilde. Han fekk farsgarden i 1826. Herlaug døydde 1865 og hadde fire born etter seg med Anna: Olav, Knut f. 1854, Barbrå f. 1841 og Ingebjørg f. 1845. Olav f. 1850 var gift 1872 med Barbrå Aslaksdr. Flatekvål og døydde 1928. Han fekk farsgarden. I 1892 let han ein part av garden, bruk 4, til Knut, bror sin. Etter at Olav hadde skilt frå bruki 3, 4, 5 og 7 bytte han i 1918 resten av bruk 2 til Knut Torsteinson Lirhus uti bruk 15. Knut selde i 1925 til Hans Hansson.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 61, lnr. 128 med gamal skyld 2 laup 9 mark, urevidert 6 dalar 20 skill., revidert 5 dalar 4 ort 8 skill. Ny skyld mark 2,95 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 3. Nedre Flatekvål. Utskilt frå bruk 2 i 1878 med skyld 85 øre og selt til Eirik Aslakson Flatekvål. Han var f. 1842 g. 1876 med Anna Nilsdr. Fitjo. Etter at han hadde skilt bruk 6 frå i 1893, vart skyldi på bruk 3 45 øre og han selde det so til Knut, bror sin. Eirik kjøpte so gard på Brekku, Gullfj. Knut selde att 1910 til Nils Olavson Repål. På bruk 3 var fyrr plasset Hagane.

Bruk 4. Flatekvål. Skilt frå bruk 2 i 1892 og selt til Knut Herlaugson Flatekvål. Han var f. 1854, g. 1. 1878 m. Kirsti Nilsdr. Fitjo, 2. 1886 med Ingebjørg Knutsdr. Hegle. Knut skøytte bruket i 1927 til Lina Trondsdr. som var enkja etter Olav Knutson Flatekvål, for 4000 kronor. Etter at bruk 20 var skilt frå, er skyldi mark 1,85.

Bruk 5. Flatekvålsteigen. Utskilt frå bruk 2 i 1903 og selt til Knut Steffason Høyland. Både bruk 5 og 9 ligg på austsida av Lønavatnet. Knut var tidlegare husmann der. Knut var fødd 1850, g. m. Anna Larsdr. og døydde 1922. Han dreiv mykje med smedarbeid. Sonen Olav kjøpte bruket i 1922 for 2000 kronor. Han er fødd 1885 og er g. m. enkja Jorunn Aslaksdr. Flatekvål. Skyldi er 19 øre.

Bruk 6. Flatekvål. Utskilt frå bruk 3 i 1894 med skyld 40 øre og selt til Voss herad til lærarjord. Eirik Flatekvål hadde

--- side 366 ---

bygt bustadhus og løde medan han budde der. Anders G. Klyve bur der no. Han er f. 1867, g. m. Ingjerd Brynjulvsdr. En f. 1885, og er lærar i Skulestad krins. Klyve er formann i styret for Voss Indremisjonsforeining og i styret for Indremisjonskafeen, medlem av styret for fleire større organisasjonar for misjonen, indremisjonen og avhaldslag. Har vore med i heradsstyret og formannskapet og havt ymse andre tillitsyrke.

Bruk 7. Flatheim. Skilt ut frå bruk 2 i 1905 med skyld 5 øre og selt til Lars Larsson Draugsvoll. Han har selt att i 1921 til Olav Arnfinnson Græe for 8000 kronor.

Bruk 8. Flatekvålshaugen. Skilt frå bruk 1 i 1907 med skyld 60 øre og ervefest til Arnfinn Aslakson Flatekvål. Han var fødd 1853, g. 1878 m. Ingjerd Nilsdr. Fitjo og døydde 1914. Bruk 8 var fyrr husmannsplass og heitte Haugen. Der budde då Viking Torgeirson Græe, død 1873, 86 år gl., g. m. Marta Oddsdr. Sonve, død 1872. Han dreiv noko med blekkmakararbeid. Arnfinn var so husmann til han ervefeste bruket. Ho Ingjerd selde i 1914 til Pål Amundson f. 1877, g. m. Anna Trondsdr. Reime.

Bruk 9. Flatekvålsteigen. Utskilt frå bruk 1 i 1907 med skyld 20 øre og ervefest til Knut Steffason. Sjå bruk 5.

Bruk 10. Haugen. Skilt frå bruk 1 i 1907 med skyld 25 øre og ervefest til Ingebjørg Hollgeirsdr. Skulestad. Ho var g. 1897 med Nikolai Nilsson frå Skjold f. 1855, død 1907. Ho selde i 1910 til Olav Nilsson Veka, som atter selde i 1914 til Lars M. Øvsthus. Han er f. 1871, g. m. Dortea Nilsdr. frå Evanger.

Bruk 11. Nygard. Skilt frå bruk 1 i 1909 med skyld 17 øre og ervefest til Olav H. Brattholo, g. m. Bryttva Larsdr. Han selde att bruk 11, 13 og 14 i 1919 til Johanna Olavsdr. Rekve, f. 1881, enkja etter Olav Larsson Rekve. Sjå bruk 5 på Gjerdskvål.

Bruk 12. Horvei. Utskilt frå bruk 4 i 1911 med skyld 20 øre og selt til Gudleik Helgeson Horvei f. 1872, g. m. Asgjerd Øysteinsdr. Han har drive mykje med hellearbeid.

Bruk 13. Nygard. Skilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 3 øre og ervefest til Olav H. Brattholo. Sjå bruk 11.

Bruk 14. Nygard. Skilt ut frå bruk 1 i 1913 med skyld 2 øre og gjeve til Olav H. Brattholo. Sjå bruk 11.

Bruk 15. Nyheim. Utskilt frå bruk 4 i 1915 og selt til Knut Torsteinson Lirhus. Han bytte med Olav Herlaugson

--- side 367 ---

Flatekvål i bruk 2. Olav skøytte i 1928 til Anna Larsdr. Flatekvål for 3700 kronor. Etter at bruk 17 er skilt frå, er skyldi 30 øre.

Bruk 16. Hagen. Skilt frå bruk 4 i 1915 med skyld 15 øre. Knut Herlaugson åtte det.

Bruk 17. Midtbø. Skilt frå bruk 15 i 1919 med skyld 15 øre. Olav Herlaugson skøytte det til Knut Aslakson Flatekvål. Han var fødd 1859, g. 1890 med Rannveig Gusskalksdr. Flatekvål og døydde 1927.

Bruk 18. Solstrand. Skilt frå bruk 5 i 1920 med skyld 1 øre og ervefest til Salamon Hjørnevik, som i 1927 skøytte til losje Framsteg.

Bruk 19. Indrebø. Utskilt frå bruk 4 i 1921 med skyld 60 øre og skøytt til Lars Jonson Flatekvål for 2300 kronor. Han hadde fyrr butt der som plassmann, var f. 1847 og g. m. Olina Olavsdr. Sonen Lars fekk kjøpekontrakt på eigedomen i 1932 for 1500 kronor.

Bruk 20. Leitet. Skilt frå bruk 4 i 1921 med skyld mark 1,25 og skøytt til Odd Eirikson Norekvål for 7000 kronor. Han er f. 1879, g. m. Kari Kolbeinsdr. og har drive mykje med hellearbeid.

Bruk 21. Melsgard. Skyld 60 øre. Skilt frå bruk 1. Lars Olavson En hadde i 1878 fått husmannsfeste og budde der. Han var f. 1841 g. 1. 1876 m. Ingjerd Aslaksdr. Flatekvål, 2. 1893 m. Sigrid Olavsdr. Ringheim og døydde 1924. Sonen Olav fekk skøyte på bruk 21 i 1925 for 6000 kronor. Han er f. 1896 og g. m. Brita Mattisdr. Ringheim. Sjå bruk 4 på En.

Husmenn.

Sjur Torsteinson, f. 1647, var husmann i 1701 og hadde sonen Per f. 1684. På Flatekvålsteigen har butt: Botolv Oddson (Olavson?) (f. 1684) som i 1762 vitna i ei sak på Leiddal, Eirik i 1760-åri, Rognald Nilsson, død 1784, 64 år gl., g. m. Ågota Kolbeinsdr., som levde etter han, Ragnhild Knutsdr. død 1796, 69 år gl., Nils Jonson død 1799, 49 år gl., g. m. Brita Larsdr., død 1843, 86 år gl., Jon Nilsson død 1871, 88 år gl., g. m. Gjertrud Ivarsdr., død 1857, Lars Nilsson, død 1874, 85 år gl., g. m. Guri Steffadr., død 1879. Dei fekk husmannsfeste i 1858 og hadde borni: Magli, Anna og Steffa. Sjå vidare bruk 5 og 9.

--- side 368 ---

På plasset Hagane budde Gusskalk Rasmusson f. 1835 død 1898 og kona Steinvor Andersdr., som døydde 1901. Gusskalk var son åt husmann Rasmus på Breisdalen på Gjerde. Dotter hans Gusskalk, Rannveig, var g. 1890 m. Knut Aslakson Flatekvål. Sjå bruk 17.

På plasset Tredet har butt Eiliv Henrikson, død ugift 1857 84 år gl., Arne Hansson, g. m. Marjo Nilsdr., som sidan kom til Rjodo, Herbrand Ivarson, død 1869, 71 år gl., g. m. Anna Eiriksdr. Dessutan har på Flatekvål vore desse husmannsfolk: Gudleik Knutson, g. m. Kari Kolbeinsdr., nemnde i 1780-åri, Brita Sjursdr., død 1821, 65 år gl., enkja Gjertrud Ivarsdr. død 1857, 84 år gl. Endre Larsson Uppheim f. 1805, død 1887, g. m. Jorunn Olavsdr., død 1885, og Lars Torbjørnson Gjerdskvål f. 1846, g. 1881 med Ingebjørg Olavsdr. Saude. Han er snikkar og bygningsmann og har dyrka mykje på plasset. Nokre husmenn er og nemnde under sume av småbruki.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden i 1723. Bruk 2 hadde støl i Sødalen i 1780. Olav Herlaugson (f. 1850) selde stølen til Mikkjel Gilbakken, som atter selde i 1901 til Voss Hesteavlsselskap. Botolv Mølster kjøpte so stølen i 1925. Flatekvål har støl på Klepp, men har ikkje brukt han på lenger tid. Bruk 1 har kjøpt sumarsstøl på Vossahaugen på Uppheimsdalen, Vossastrondi.

Kvern.

Flatekvål hadde to kvernar i 1777 og har havt dei til ikring 1850-åri. Dei stod i Gjerdskvålsgrovi. L/l Lønehorgen Skiferbrud fekk ved kontrakt med bruk 1 i 1905 rett til å driva hellebrot på Klepp på Lønahorgjæ og heldt fram med drift i fleire år. Då dette lutlaget slutta, kjøpte l/l Voss Skiferbrud løypestrengen og det som elles høyrde til drifti der. - Ei stor snøskride gjekk ikring 1916 frå Klepp og sopte med seg mykje skog i Flatekvålsberget. - Ein Aslak Flatekvål, som var underoffiser, vart i 1806 tilsett som politibetjent på Kongsberg.

Offentlege forretningar.

Fredlysing i 1782 av markene åt Flatekvål og grannegardane, åstadsak i 1795, utskifting 1837, 1838 og 1866.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Flatekvål.

Laurits 1673 tavle 4 nr. 6. Alv 1709 t. 4 nr. 2 Mykje brigda i 1717 og 1721. Odd 1714, 1720 t. 4 nr. 3. Simon 1730 t. 4 nr. 4. Johannes 1736-1743 og Herlaug 1779 t. 4 nr. 5. Olav 1739-1781 mange gonger t. 1 nr. 42. I seglet åt Herlaug Olavson 1772 står bok-

--- side 369 ---

stavane H O S og derunder bumerket t. 4 nr. 5. Seglet hans Olav har 1750 og 1766 bokstavane O I S og derunder bumerket t. 1 nr. 42. I 1775 har seglet hans Olav bokstavane O A S og derunder bumerket t. 4 nr. 7.