Folketal og leveveg på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 36 ---

Som fyrr umtala budde det i 1801 ialt 79 menneske på Vangen. Ved folketeljingi 1865 var det:

På Ålmenningen 18 bustadhus med 23 huslydar, ialt 121 menneske. I Prestegarden og på Prestegardens grunn tett ved Ålmenningen 9 stovehus med 8 huslydar, ialt 56 menneske.

--- side 37 ---

I Kapellansgarden 2 stovehus med 1 menneske. (Kapellaniet var ledigt det året). På heile Vangen 29 stovehus med 32 huslydar, ialt 178 menneske. Dersom ein reknar dei 32 skulesveinane på lærarskulen med, vert det 210 menneske. Desse uppgåvone syner at det har vore bygt etter måten ikkje so fåe bustadhus i tidi 1801 til 1865. Dertil kjem ymse slags uthus, som har auka umlag tilsvarande. Dessutan var det kome fleire hus i denne tidi utanum sjølve Vangen. Meldingane um dei einskilde eigedomane vil syna dette.

Indredepartementet skriv i 1883 at ved folketeljingi i 1875 «bodde der 165 Personer paa Vossevangen». Det må vel vera berre dei som budde på Gamle Vangen, ikkje medrekna det som høyrde til Prestegarden og Kapellansgarden. Etter eit nytt overslag av representantskapet i 1885 skulde det då vera ikring 700 menneske på Vangen. Her må vera medteke Prestegarden og Kapellansgarden og dei som då hadde bygt nærmast ved Gamle Vangen. I året 1900 var folketalet på Vangen 1278. Or boki um Vossavangen utgjevi av bygningsstyret i februar 1920 tek eg her denne tabellen, som syner folketal og leveveg i 1801, 1865, 1890 og 1920 innanfor dei grensor som bygningskommunen hadde fått i mai 1888 (sjå tabellen side 38).

Etter utvidingi av grensa for bygningskommunen ved kgl. res. 7. mai 1920 kom det til 545 menneske, so folketalet i heile bygningskommunen då vart 2504.

I tabellen er ført til eit utdrag or folketeljingi for 1. desember 1930 som syner dei tilsvarande tal for Vangen innanfor dei nye grensone frå mai 1920. Det var då 2725 menneske busette på Vangen, og 2809 til stades.

Som ovanfor umtala var det 10 handelsmenn på Vangen i 1870. I 1900 var det 27 krambuer. Derav var 5 brødutsal, 2 urmakarar og 1 gullsmed, 1 bokhandel og 1 butikk med garverivaror. I bygdi var det 9 krambuer. I 1920 var det auka til 41 krambuer på Vangen og 11 i bygdi. Av dei på Vangen var 4 brødutsal, 1 bokhandel, 3 skovaror, 1 gullsmed, 2 slaktarar, 2 sportshandlarar, 3 urmakarar 1 garveri og 1 tobakkshandel. Sume av dei andre hadde spesialhandel, t. d. med manufaktur eller kolonial. Dei fleste hadde ymse varesortar.

I 1925 var i Vossavangens Bygningskommune av embetsmenn, umbodsmenn, offentlege kontor og innretningar, industrielle verksemder, verkstader, handels- og andre forretnin-

--- side 38 ---

Folketalet på Vangen
Leveveg 1801 1865 1890 1920 1930
Gardbrukarar eller paktarar 12 9 11 8 11
Kårfolk 1 6 7 5 14
Husmenn 3 15 3 - 1
Gardsarbeidarar 14 9 22 10 16
Prestar 3 2 3 2 2
Sorenskrivar - - 1 1 1
Lækjarar og tannlækjarar - 1 2 7 11
Lektorar og adjunktar - - - 9 13
Andre embetsmenn 2 1 - 2 1
Lærarar - 4 9 12 15
Andre umbods- og tenestemenn 2 9 20 71 88
Snikkarar og timbermenn 1 4 29 31 54
Smedar 1 4 14 9 13
Murarar - - 5 4 6
Skreddarar og syerskor - 7 30 45 51
Skomakarar 1 9 11 10 23
Garvarar - 1 2 1 1
Bakarar - 6 13 10 13
Urmakarar - - 4 7 5
Strikkarar, vevarar - - 7 17 47
Fargarar - - 5 - 3
Andre handverkarar - 5 19 46 87
Andre arbeidarar 13 8 36 112 194
Jarnvegsfolk - - 14 75 95
Vognmenn og sjåfførar - - 8 13 34
Hotellvertar (gastgjevarar) 1 1 5 4 4
Handelsmenn - 3 17 33 34
Andra handlande - 4 9 14 29
Handelsdrenger - 3 18 48 65
Pensjonistar og rentenistar 2 3 13 24 72
Skuleelevar - 32 11 249 170
Tenarar 30 40 90 191 243
Utan uppgjeven leveveg 22 46 61 174 65
Konor 35 55 153 250 433
Born (under 15 år) 63 120 328 440 781
Lemer av stiftelse, fatiglemer 12 14 10 25 30
Tilsaman 218 421 990 1959 2725

--- side 39 ---

gar: Sokneprest, residerande kapellan, sorenskrivar, distriktslækjar, 2 dokterar, 3 tannlækjarar, 3 sakførarar, lensmann, Landsgymnas med rektor, 15 lektorar og lærarar, millomskule med 4 lærarar, folkeskule med 7 lærarar, teknisk kveldskule, kyrkjesongar, 3 kunstmålarar, postkontor, kontor for Rikstelegraf og telefon, jarnbanestasjon med telegrafkontor, kontor for heradskasserar og likningsvesen, kontor for Rikstrygdeverket og sjuketrygd, kontor for Vossavangens Bygningskommune og Elektrisitetsverk, 2 bankar, apotek, 3 sjukehus, 3 hus for ungdomslag og losjar, 2 bedehus, 4 blad, 3 prenteverk, elektrisitetsverk, ullvarefabrikk, hårdukveveri, bad, dampvaskeri, korn- og beinmyln, sagbruk, mekanisk verkstad, 3 smidjeverkstader, verkstad for vøling av automobilar, 7 snikkarverkstader, 2 hjulmakarar, 2 blekkmakarar, koparslagar, 2 garveri, 6 skomakarverkstader, 10 skreddarverkstader, 5 systovor, 1 vevstove, 4 strikkeverkstader, 2 fotografar, 5 urmakarverkstader, 2 bokbinderi, 2 gartneri, 13 kafear, 4 hotell, 5 pensjonat, 7 forretningar med automobilskyss, 2 barberar og 1 frisør, bokhandel, gullsmed, 2 materialutsal, jarnvarehandel, glasmagasin, 6 serleg manufaktur- og 5 serleg kolonialhandlarar, 2 manufaktur- og kolonialhandlarar, 9 handlarar med fleire varesortar, 2 musikk-, 2 sports-, 2 mode- og 3 frukthandlarar, 4 delikatesse- og 2 tobakshandlarar, 4 bakeri, 2 meieri, ysteri, 5 mjølkeutsal, 4 slaktarar, 1 handel med skinn, kjøt- og feitevaror, 3 fiskehandlarar på torget, 2 kommisjonsforretningar for petroleum og bensin. Sidan 1925 er talet på sume av desse verksemder brigda noko lite, men stort set er det umlag likeins i 1930.

Etterkvart folketalet auka, byggjingi tok til og næringane drog seg, vart det naudsynleg å få til rådgjerder på ymse umkverve. Bygningsstyret med sine organ er det som har plikt til å ordna med sume ting, men deira rett til utlikning av skatt er ved lovi avgrensa til visse fyremål. Det andre som trengst og krev skatteutlikning, ligg det til heradsstyret å ta seg av. Eg skal no gå over til å melda noko um kva som er gjort i so måte.