251. Gilbakken.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 581 ---

Gamle skriftformer vantar. Det vert no sagt Jìlbakkjén2; han búr pao, è tao Jìlbakka, ska pao Jìlbakkjén. Namnet er samansett av gil (bergrive) og bakke m.

Gilbakken var husmannsplass eller bygsla burt til han 1810 vart skild frå bruk 3 Skjeldal. Skyldi vart 3 mark, som 1838 vart umskrivi til 1 ort. Elles er berre sagt at der var vedaskog. Samanlikningstalet var 30. I matrikkelen 1865 er ført upp 4½ mål åker, 8½ mål god, 4 mål medels natureng og 9 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Knapt var det um brensel og ikkje timber. Garden var dyrka som vanleg, men var svært tungbrukt. Kornet frys sjeldan, heiter det. Dei fødde 1 hest, 7 storfe og 12 småfe og avla 9

--- side 582 ---

tunnor korn og 8 tunnor potetor. Ved uppteljingi 1918 var der 1,3 mål åker og 30 mål natureng, og dei fødde 2 hestar, 5 storfe og 8 småfe.

Folketalet var 9 i 1865 og 7 i 1920.

Styrkår Mikkjelson bygsla 1726 6 mark på Gilbakken av prestebolet. Etter han budde etternemnde der truleg som husmenn: Arne Torsteinson, g. 1. 1769 m. Brita Sjursdr. Ronve, 2. 1776 m. Torbjørg Brynjulvsdr. Tundal. Han hadde dotteri Katla som 1788 fekk sonen Torstein med drengen Olav Gjerløv frå Aurland. Olav Nilsson Ukvitno gifte seg som ekm. 1793 m. Synneva Magnesdr. Gilbakken. Sjur Magneson, g. m. Marjo Knutsdr. Gjerdåk fekk 1795 sonen Knut. Knut Hansson, g. m. Marta Sveinsdr., fekk sonen Svein f. 1817.

Bruk 1. Gilbakken. Olav Larsson på bruk 3 Skjeldal åtte Gilbakken i 1811. Han skøytte den då til son sin, Lars d. e. for 100 spd. Han var f. 1786 og g. 1821 m. Gjertrud Sjursdr. Gilbakken. Dei fekk borni: Olav f. 1820, Sjur og Knut f. 1830. Han var skulehaldar. Lars døydde 1864, 77 år gl. og Gjertrud 1874, 80 år gl. Olav fekk garden i 1838 og gifte seg same år med Inga Davidsdr. Saude. Helge Gudbrandson Garatun kjøpte 1845 garden for 400 spd. og selde att 1848 til Lars Nilson Skjeldal for 365 spd.

Lars var f. 1814 på Mosafinn, g. 1843 m. Arnbjørg Knutsdr. Skjeldal f. 1824 og døydde 1891. Arnbjørg døydde 1894. Dei hadde ti born: Arnbjørg f. 1845, g. 1884 m. Olav Jørgenson Leiddal som var snikkar, Magli f. 1847, død ugift 1896, Nils f. 1849, skreppekar, død ugift i Strandvik, Knut f. 1851, Olav f. 1853, g. 1887 m. Jorunn Nilsdr. Grimastad, budde på Grimastad, Mikkjel f. 1856, Lars f. 1858, g. 1887 m. Anna Helgesdr. Svanga, Sjur f. 1861, g. 1890 m. Brita Persdr. Dymbe, Eirik f. 1864, g. 1893 m. Marta Persdr. Dymbe, snikkar, og Lars d. y. f. 1868. Sjur var snikkar og bygningsmann, styrar av Bulkens Forbruksforening, var med i heradsstyret og hadde andre tillitsyrke. Knut Larsson gifte seg 1886 m. Marta Knutsdr. Svanga og fekk 1896 skøyte på garden for 2500 kronor. Olav Monsson Steinsland kjøpte garden i 1911 for 4000 kronor, men selde att 1934 til Sjur P. Narheim for 8500 kronor og flytte til Høyland.

Gilbakken var fyrr mtrnr. 252, lnr. 497 med gamal skyld 3 mark, urevidert 1 ort, revidert 2 ort. Ny skyld 58 øre.

--- side 583 ---

Bruk 2. Hamlagrø. Utskilt 1897 frå bruk 1 med skyld 3 øre og selt til Lars Arveson Skjeldal, som selde att 1897 til Knut Olavson Skjeldal. Han let eigedomen til Nils, son sin, i 1910.

Bruk 3. Hamlagrø. Utskilt 1897 frå bruk 2 med skyld 1 øre. Eigaren Lars Arveson Skjeldal selde eigedomen i 1924 til Nils son sin.

Bruk 4. Torfinno. Utskilt frå bruk 1 i 1899. Skyld 1 øre. Selt til W. Konow i 1900 som selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruket vart 1934 ført saman med bruk 5 Eide.

Der har vore eit husmannsplass kalla Tuftna. Ein Sjur skal ha butt der og kann henda fleire. Stølen var på Nore Hamlagrø til 1897, då han vart seld til Skjeldal. Kvern hadde dei i Storagroæ på Narheim til 1895 då kverni vart nedlagd. Gilbakken har ei utslåtte Hansaliæ vestum Torfinno. Det er fortalt at slåtta høyrde til Tren og vart gjevi som fadragåve til Grimastad. Dei selde henne til Gilbakken.

Offentlege forretningar.

Utskifting 1882 på Hamlagrø. Kontrakt 1896 med W. Konow um Torfinno. Merkeskilforretning 1899. Utskifting 1919 på Sauesliæ.