22. Giljarhus.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 149 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Gilliarhusi. Det vert no sagt Jiljarús; han búr pao, e tao, ska tì Jiljarús. Namnet er samansett av gil f. (=gil n. bergkluft) og hus n. Upphavleg form: Giljarhús.

Matrikkelen i 1661 melder um Giljarhus, at det var halv gard på 2½ laup, at der var vedaskog og bekkekvern, og at der

--- side 150 ---

budde to leiglendingar. I 1723 er garden 2½ laup, hadde to brukarar, turvande vedaskog, men ikkje timberskog, hadde 2 kvernar, var årviss for korn og sers lettvinn. Det var to kvernar i 1776 og 1791. Ved matrikkelen i 1830-åri var Samanlikningstalet for Giljarhus 1250. På garden var fureskog til husavøling, vedaskog og turvande vassfall. Skyldi var 3 laup i 1777 og 1838, umskrivi i 1838 til 8 dalar 1 ort 10 skill.

Etter matrikkelen 1865 var der 20,5 mål åker, 17,5 mål dyrka eng, 24,5 mål god, 40 mål medels natureng og 69 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Det var medels vårhamn, ring sumarhamn, nok vedaskog og timberskog til sal for 8½ spd. årleg. Garden var lettbrukt og betre dyrka enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 er tilført at der var 17,7 mål åker, 15 mål kunsteng og 38 mål natureng.

På Giljarhus budde 13 menneske i 1801, 18 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Giljarhus.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   19   33          
1723 2   26   18   24      
1865 2   20   50   48   48  
1918 4   12   38          

Bjørgynjar Kalfskinn har førd upp 1 laup i Giljarhus som høyrde til prestebolet på Vangen. Etter jordboki 1585-1616 var landskyldi til prestebolet ½ pund smør for året. Norske rekneskap og j ordbok for 1521 fortel at Oluff på Gilderas betalte 1½ lodd sylv 1 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. I 1563 var Styrk og Torleiv leiglendingar. Torleiv er mange gonger sidan førd upp som brukar til 1621. Han betalte ½ dalar tridje års bygsel i 1597 for 1½ laup og i 1613 2 dalar 1 mark i tridje års bygsel og «landboudredsel» for 2 laup 1 spann av stiftets jordgods. Som eigar er Torleiv førd upp 1603 og 1614 av 3½ laup jordgods. I 1621 heiter det at han åtte 1 laup i Grimastad, 1 laup i Nedre Klyve, 3 spann i Istad, ½ laup i Ronve og ½ pund i Hyljarås. Av andre leiglendingar på same tid er nemnde Gudleik i 1610, og Trond i 1611. Gudleik er òg førd upp som brukar av 1½ laup 1 spann 1629, av 2½ laup

--- side 151 ---

1635 og 1642. I 1645 er ei enkje brukar, truleg enkja etter Gudleik. Ho har dotteri Berete.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen av Giljarhus var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart lagt på Giljarhus i 1627 med 3½ dalar 1½ ort 6 skill. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 1 spann smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset i Giljarhus. H. Sehested åtte i 1650 1½ laup 8 mark i Giljarhus, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På denne eigedomen var det 1 spann smør, 1


Giljarhus.
Bilete 18. Giljarhus. Fot. P. Braaten 1935.

bukkskinn og 1 geitskinn i leidang, 2½ dalar i skatt, 2½ ort i fornødspengar, 2½ ort i arbeidspengar og 3 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Knut og Nils var leiglendingar. Sehested laut lata dette jordgodset att til kongen i 1651. Han selde det i 1657, 1½ laup, til Gabriel Marselis. I skattemanntalet for Finnegodset 1657 står at det var på 2½ laup i Giljarhus. Knut og Arnbjørn var leiglendingar. Peter Reedtzs fekk kongeskøyte i 1665 på 2 pund av Apostelgodset.

I 1661 og 1664 heitte brukarane Knut Andersson og Arnbjørn Sjurson. Knut var lagrettemann i 1668. Arnbjørn hadde ein son Torgeir, som i 1670-åri vart utkommandert til Kjøben-

--- side 152 ---

havn og døydde der ikring 1707. To av syskini hans, Olav og Anna Himle, var då ilive. Per Andersson eig 1676 2 pund 8 mark i garden. Klas Miltzow kjøpte 1677 av Hermann Garmanns ervingar 1 laup 2 bukkskinn og arbeidspengar 4 mark. Han åtte 1680 i Giljarhus 1½ laup 8 mark og Per Andersson sine ervingar 2 pund 4 mark. I 1691 åtte lagmann Coch 2 pund 4 mark, Klas Henrikson (Miltzow) 1 laup 8 mark og Vangskyrkja 2 pund. Isak og Knut var brukarar, kvar av 1½ laup. I 1695 og 1714 eig Vangskyrkja berre 12 mark. Hans Akselson eig 2 laup 1 pund i 1695, som Hans Davidson åtte i 1714. Åmund og Olav var brukarar i 1695.

Brukarane i 1701 var Åmund Knutson f. ikring 1651, og Endre Torsteinson f. ikring 1661. Åmund hadde i 1701 sønene Mons, 11 år, Tormod, 1 år og styksonen Olav Knutson, 4 år. Endre var gift med Guri Monsdr., døydde 1744 og hadde borni Nils f. 1700 og Ingebjørg. I 1723 er Åmund og ei enkje brukarar. Han var lagrettemann i 1700. Nikolay Eggers har 1727 bygsla 1 laup 12 mark til Mons Åmundson, framhald bruk 1, og 1 laup 12 mark til Nils Endreson, framhald bruk 2. Voss prestebol åtte no 12 mark i Giljarhus.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Giljarhus. Mons Åmundson som bygsla 1 laup 12 mark i 1727, fekk skøyte på det 1729. Han var gift 1718 med Herborg Mikkjelsdr., døydde 1737 og hadde sju born: Olav Vetla Hornve, Steffa Gjerstad, Erling Urdland, Åmund (i Kjøbenhavn 1759), Marta, g. m. Torstein Gjerstad, Brita, g. m. Mikkjel Gjukastein og Kari. Ho Herborg gifte seg att 1740 med Knut Brynjulvson Eimstad som fekk skøyte på bruket 1745 og kjøpte 1760 saman med Anders Nilsson løysningsretten til 1½ laup for 55 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt dette jordgodset av kongen i 1657. Knut og Herborg hadde sonen Brynjulv f. 1742, som gifte seg 1769 med Petriche Hallvardsdr. Bolstadøyri og fekk farsgarden i 1773 og 1777. Deira seks born var: Knut, Hallvard f. 1780 (som flytte til Bergen), Steffa f. 1782 (som døydde i krigen), Herborg f. 1769, Ingebjørg f. 1773, g. m. korporal Gusskalk O. Ronve, Marta f. 1775, g. m. Mass E. Haga og Torbjørg f. 1777. Knut Brynjulvson f. 1771, gift 1800 med Gudve Ivarsdr. Gjerstad, fekk garden hjå foreldri sine 1797 og 1799. Dei hadde 8 born: Brynjulv f. 1803,

--- side 153 ---

Knut, Ivar, Steffa, Ingjerd, g. 1838 m. Lars Kjelson Bø, Olav f. 1817, Ingebjørg, g. 1842 m. Berge Nilsson Bø, og Knut som reiste til Amerika.

Ivar Knutson var fødd 1810, gifte seg 1832 med Anna, Olavsdr. Hæve og fekk farsgarden i 1839 for 500 spd., men selde han 1845 til Erling Masson Haga for 800 spd og reiste til Amerika. Erling gifte seg 1852 med Ingjerd Isaksdr. Vestrheim og døydde 1875, 60 år gl. Fire born: Marta f. 1854, Sisselja f. 1856, Mass, Knut f. 1864. Han Mass var fødd 1859 og fekk garden. Han var «ein furar» og flink med alt slag arbeid, svarva rokkar og andre ting, laga seg dampmaskine og eit orgel. På stovelemmen sette han upp to strenger og laga små vogner som han fekk til å gå på strengene. Det var fyrr nokon her hadde greida på jarnbanen. Ein gong laga han ein veng på kvar arm, kleiv upp på taket og vilde prøva fjuka er det fortalt. Han reiste til Amerika og let garden i 1884 for 3200 kronor til systri Marta f. 1854, som var gift med Johannes Aslakson Veka, f. 1845, død 1918. Deira born var: Aslak f. 1883, Erling f. 1885, Mass f. 1888, Ingjerd f. 1892 og Marta f. 1897. Aslak gifte seg 1905 m. Eli Larsdr. Væte f. 1885. Dei har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 22, lnr. 49, med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 13 skill. og revidert 3 dalar 1 ort 2 skill. No er skyldi mark 4,75.

Bruk 2. Giljarhus. Fyrrnemnde Nils Endreson bygsla dette bruket 1727 og kjøpte det 1729. Han var gift med Guri Monsdr., døydde 1744 og hadde borni Nils og Ingebjørg. Nils fekk garden 1729, men let han 1735 til systeri Ingebjørg som var gift med Bård Olavson Fenno. Han døydde 1736, og ho Ingebjørg gifte seg same året uppatt med Lars Olavson Dolve. Dei fekk garden, men bytte seg 1744 til Veka, med Anders Nilsson, som vart buande på Giljarhus til han døydde 1795. Han kjøpte i 1760 saman med Knut Brynjulvson løysningsretten til 1½ laup for 55 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt eigedomen i 1657 av kongen. Anders var gift med Anna Sjursdr. og hadde 7 born: Sjur, Jon, Marta, Gjertrud, g. m. Lars Ivarson Hylle, Torbjørg, g. m. Viking Olavson Ygre, Herborg, g. m. David Larsson Helland og Brita.

Sjur Andersson fekk garden i 1794, vart gift 1796 med Marta Larsdr. Veka og døydde 1848, 89 år gl. Dei hadde 6 born: Anders f. 1798, Anna, Lars, Gunnvor, Nils og Olav, fødde 1800-1814. Anders fekk garden i 1839, selde han 1843

--- side 154 ---

til Nils Arnfinnson Finne og reiste til Amerika. Nils var gift 1837 med Rannveig Mattisdr. Mølster og døydde 1861, 52 år gl. To born: Arnfinn og Mattis f. 1843. Mattis vart sjølveigar på Dolve. Arnfinn var fødd 1840, gifte seg med Brita Larsdr. Veka og døydde 1885. Garden fekk han i 1870 for 300 spd. Deira dotter Gudve, f. 1863, vart gift 1885 med Odd Eirikson Veka f. 1859, død 1902. Dei fekk garden. Sonen Lars er flink treskjerar.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 22, lnr. 50 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 21 skill., og revidert 3 dalar 1 ort 7 skill. Ny skyld mark 3,50 etter at bruk 3 var skilt frå.

Bruk 3. Indre Giljarhus. Skilt frå bruk 2 i 1927 med skyld mark 1,25. Eirik Oddson, f. 1886, kjøpte det i 1928 og har bygt og bur der. Han er snikkar.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden, heiter det i 1723. Sumarsstølen er på Fangdalen og bruk 2 har vårstøl på Buneld. Bruk 1 har vårflor i markagarden. Tidlegare hadde bruk 1 vårstøl på Øyjoræ og bruk 2 på Sjursstølen.

Offentlege forretningar.

Sak mot Hæve og Vetla Bøte i 1787. Saman med Hæve, Veka, Gjerme og Vetla Bøte sak mot Arhelleren um beite i 1876. Utskifting 1894, husi på eine bruket vart då utflytte.

Ymse.

Øyjoræ i Giljarhusliæ skal i tidi fyre svartedauen ha vore eige bruk er det fortalt. Det høyrer no til bruk 1. På Øyjoræ skal ha butt ein mann som heitte Reinar. Elvi der er stundom kalla Reinaraonæ (i gamle dokument Reinaråen) og stundom Øyjordselvæ. Erling Masson som kjøpte bruk 1 i 1845, hadde 2 morbrør, Hallvard og Steffa B. Giljarhus, som var med i krigen mot Sverike og har namni sine på Veteranbautaen. Båe var namngjetne som spreke karar. Hallvard kom heim att, men ikkje Steffa. Ein gong han var forfylgd av fienden, laut han springa på ei elv og sumde tri gonger over henne. Dei skaut på han so han fekk skade i eine foten og eine handi og laut då gjeva seg over. Han vart førd inn i Sverike til eit stort fangehus og miste seinare armen. Det er mange forteljingar um kor sprek og sterk han Steffa var. Herborg, syster hans, hadde sonen Knut «Herboren». Han var felespelar, spelte i mange brudlaup, var ein meister til å mura og skulde vera ein av dei fyrste til å mura kvelvingsbruer. Det er han som har murt Rekvesbruæ. Brørne hadde og ei syster eller brordotter, Inge-

--- side 155 ---

bjørg som var uvanleg sprek. Ein dag det var um å koma regn i turrhøyet, bykste ho over hesjane, då ho for nedover bøjane.

I «Bergens Adressekontors Efterretninger» 14. november 1774 er fortalt, at Lars Styrkårson Giljarhus hadde laga modell til sag, kvern og «valke-mølle» som var samla i eit hus og kunde drivast alle på ein gong eller kvar for seg. Han fekk 30 rd. i premie av eit selskap i Bergen mot at det fekk modellen. -Torgeir Asbjørnson var i 1680-åri utkommandert til Kjøbenhavn og døydde der.

Det er to kvernhus på Giljarhus, men dei har ikkje vore i bruk på mange år. Båe gardmennene hadde òg kvar si treskjemaskine, som gjekk med vatn.

Bumerke.

Mons 1734, 1736 tavle 1 nr. 94. Knut 1742, 1754 t. 1 nr. 95. Bumerket er teikna utan det loddbeine striket i 1752. Anders 1753 t. 1 nr. 96. Anders Nilsson har 1783 same merke med det undantak at der er eit tverrstrik i fyrste parten, so det er ein A. Erling 1755 t. 1 nr. 97. Brynjulv 1772, t. 1 nr. 98 med litevetta brigde i 1775 og 1785. Seglet til Knut har i 1757 bokstavane K B S og derunder bumerket t. 1 nr. 95 med ei stjerne på kvar sida.