206. Gjelland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 281 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Getland og Giellenn. Det vert no sagt Jèdland2; han búr pao, è tao Jèdland, ska tì Jèdlands. Namnet kunde koma av Geiraland eller Geirland, som finst i

--- side 282 ---

landnåmstidi på Island, og er samansett av geirr m. spjot eller geiri m. kile, trikanta strimmel (jord), og land n.

Gjelland hadde 1661 2 laup 2 pund i skyld, ein brukar og har alltid vore einbølt gard. Der var vedaskog til husbruk. Det var likeins 1723 med tillegg at der då var humlagard. Garden var sers lettbrukt, hadde god jord og skog til brensel. Skyldi er 1777 ført upp med 2 laup 2 pund 18 mark som 1838 er umskrivi til 7 dalar 4 ort 18 skill. Samanlikningstalet var 1200. Der var vassfall og nok brennefang.

I matrikkelen 1865 er ført upp 24 mål åker, 4 mål dyrka eng, 32 mål god, 24½ mål medels natureng og 24½ mål skrapebø, 3 mål var skikka til dyrking. Vårhamni var medels, men sumarhamni var ring. Garden hadde vedaskog, noko timber, var tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 29,6 mål åker, 21 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Der budde 9 menneske i 1801, 16 i 1865 og 34 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjelland.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   13   14          
1723 2   21   24   24      
1865 2   20   55   59 ½ 43  
1918 5   18   55          

Der var to brukarar i 1521, Bodil som betalte 4 lodd sylv i skatt og Laffritz. Han betalte 1 kvintin sylv 2 skill. i skatt og 2 lodd sylv og 6 mark i pengar som breffbrot. Oluff var leiglending 1563 og 1567, då han hadde ½ laup stiftsgods. Sone tente 1563 for full løn og betalte ½ rd. i skatt. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebord fekk 16 askar korn og ½ laup smør i landskyld. Anders og Endre var leiglendingar i 1611. Arne Gjelland og Eirik Ringheim åtte då 2 laup og Endre 1 pund. Ivar var tenestdreng.

Endre er ofte førd upp som leiglending 1614-1645, og er 1645 skriven for Endre Torsteinson, g. m. Brita. Han åtte ½ laup i 1621 og laut 1636 betala 2½ rd. for di kona hans fekk barn for tidleg. Det er ikkje sagt noko um det var fyre eller etter dei var gifte. I 1635 er tilført i Skattemanntalet at det

--- side 283 ---

hadde brunne hjå han, men meir er ikkje sagt um det. Leidangen var etter leidangsboki 1624 18 merker smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 18 mark med 1 dalar 1 ort 6 skill. og på 2 mark skatt 6 skill. Endre var brukar.

Rasmus åtte 1621 1 pund 8 mark på Hefte. Per var leiglending 1636. Eirik tente 1640 for halv løn og Jørgen 1645. Eigarane 1652 og 1655 var: Sanders Jansen 2 pund, Vangens prestebol 3½ pund, Torgeir Helland 1 pund og Jon Rein 1 pund. Det var likeins 1659 med den skilnad at prestebolet då åtte 2½ pund. Jørgen var leiglending 1652, 1657 og Lars 1659. Prestebolet åtte 1661 garden med undantak av 1 pund som var bondegods. Jørgen Halldorson var leiglending 1661 og 1664. Han var fleire gonger lagrettemann 1664-1671 og var 1663 med og reiv selet på Krossaset. Eiliv Vele er 1676 skriven som eigar av 23 mark og 1680 av 18 mark.

Vangens prestebol er 1691 skrive som eigar av 21/3 laup og 1695 av 2 laup 30 mark. Lars Helland åtte båe åri 18 mark. Trond Person var leiglending då og 1701. Han var f. 1631, g. m. Gudve Torgeirsdr. Olde f. 1677 og døydde 1715. Sokneprest N. Weinwich møtte på registreringi, og enkja tok då på seg å halda alt ved lag på garden. Trond og Gudve hadde tri born: Torgeir f. 1699, g. 1727 m. Ingjerd Oddsdr. Nedre Himle og budde på Olde, Guri f. 1704, g. 1727 m. Knut Erlingson Berge og Anna f. 1708, g. 1727 m. Eirik Endreson Græe. Gudve vart attgift 1715 med Knut Arnbjørnson Græe f. 1694. Ho døydde 1728, 51½ år gl. og han gifte seg 1729 m. Marta Knutsdr. Dagestad. Knut døydde 1732, 38½ år gl. og Marta vart 1733 g. m. Nils Bjarneson Mølster f. 1705.

Nils bygsla 1739 Gjelland av soknepresten og fekk same år skøyte frå far sin på 1 pund i Rue for 16 rd. Nils skulde vera ein drivande gardbrukar, utvida både åker og slåttemark og alt arbeid gjekk med fart. Ein dag i skurden tok han, drengen og tenestgjenta på um morgonen å skjera kvar si salså (eit vossa-mål) åker. Nils vart ferdig til daurs, drengen til nons og tenestgjenta og so tidleg at alt kornet vart fest same dagen. Nils var presten sin medhjelpar. Det er ymse forteljingar um kor kraftig Nils var. Marta døydde 1758 51 år gl. og Nils 1789, 83 år gl.

Marta fekk to born med Knut og åtte med Nils: Gudve f. 1731, g. 1752 m. ekm. Knut Dolve, Anders Græe f. 1732,

--- side 284 ---

Bjarne f. 1737, Knut d. e. f. 1739, g. 1794 m. Eli Knutsdr. Jernes, gardmann på Rue, Anna f. 1740, g. 1762 m Arnbjørn Rognaldson Haugo, Knut d. y. f. 1742, g. 1770 til Gjerme m. Ingebjørg Steffadr., Dønåt f. 1744, død ugift 1829, Erling f. 1748, g. 1772 m. Kristi Arnvedsdr. Kvitno, budde på Nedre Kvitno, Inga f. 1751, g. 1773 til Nedre Himle med Odd Tormodson, Eli f. 1752, g. 1776 til Seve med Gudleik Torbjørnson. Skifte 1759 etter Marta syner at dei stod seg betre enn folk vanleg elles. Dei åtte 1 pund i Rue, og m. a. 3 hestar, 25 naut, 49 smalar, 31 kvitlar, 15 ølkjengjor og ausor o. s. b. Reide pengar var 64 rd. og uteståande 314 rd.

Bjarne gifte seg 1770 m. Soffi Arnvedsdr. Nedre Kvitno og bygsla prestebolet sin eigedom, halvparten 1770 og resten 1776. I 1777 kjøpte Bjarne 18 mark. Han døydde 1796, Soffi 1830 og hadde fem born: Marta f. 1771, g. 1812 m. Eiliv Olavson Jernes, Anna f. 1776, g. 1801 m. Håvard Olavson Nyre, Nils f. 1781, Guri f. 1785, g. 1810 m. Sjur Knutson Rong og Rannveig f. 1790, g. 1813 m. Anders Jørgenson Kvitno.

Nils vart gift 1810 m. Ingjerd Knutsdr. Finne. Han bygsla 1802 og 1812 av soknepresten og kjøpte 1812 garden Rue for 600 rd. av enkja etter Knut, farbror sin, og selde att 1856 til Nils Jæger. Nils Gjelland var presten sin medhjelpar og var med i skulekommisjonen. Han var to år ute i krigen mot Sverike. Ingjerd døydde 1836 og Nils 1870. Seks born: Bjarne f. 1811 (Amerika), Knut d. e. f. 1813, Nils f. 1816, død ugift 1843, Anna f. 1819, g. 1842 m. Josef Ivarson Lid, Knut d. y. f. 1823, død i Chicago, og Anders f. 1826 som var tambur og reiste til Amerika.

Knut d. e. vart g. 1840 m. Kirsti Klasdr. Finne f. 1815. Han fekk 1856 kongeskøyte på garden for 1600 spd. og jordavgift som er løyst. Knut døydde 1881 og Kirsti 1904 og hadde sju born: Ingjerd f. 1842, død ugift 1923, Nils f. 1847, Soffi f. 1850, død ugift 1915, Klas f. 1852, Kirsti f. 1853 (Amerika), Ingebjørg f. 1856, g. 1886 m. Gabriel Martinusson Keilen og døydde 1928, Marta f. 1860, g. 1888, m. skreddar Johannes Vikingson Uppheim, Rogne, sjå bruk 5 av Lekve. Klas fekk halve garden og let han 1931 til brorsonen Lars. Klas var med i skulestyret og heradsstyret og døydde 1932 ugift.

Nils fekk den andre halvparten av garden og gifte seg 1882 m. Synneva Kjelsdr. Takla f. 1853. Nils var ei tid ettersynsmann

--- side 285 ---

for rekneskapane for heradskassa, var ein kunnskapsrik mann som las mykje og fylgde godt med i det som gjekk for seg. Under ein sjukdom i barneåri tok han skade på høyrsli so det fall vanskeleg å samtala med han, men han var med i ordskiftet i bladi um ymse saker. Synneva døydde 1916 og Nils 1932. Fem born: Knut f. 1886, død 1902, Kirsti f. 1888, g. m. Halldor Jonson Graudo, Lars f. 1894, Anna f. 1896, g. m. David Arnvedson Spildo på Grovu og Anders f. 1899 som er landmælar. Lars fekk 1931 faren sin halvpart i garden og den andre halvparten av farbroren Klas, og gifte seg med Guro Knutsdr. Jernes f. 1899. Han er agronom, og har vore med i fatigstyret, liknings-og overlikningsnemndi, skogrådet, heradsstyret, formannskapet, er kasserar for vegbygget Haugamod'n-Kvitnaflåten, formann i Sokneselskapet, skynsmann og domsmann.

Gjelland var fyrr mtrnr. 208, lnr. 410, 411 med gamal skyld 2 laup 2 pund 18 mark, urevidert 7 dalar 4 ort 18 skill., revidert 6 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 9,42.

Husmenn.

Bård, g. m. Ingebjørg var 1645 husmann. Nils Sveinson Jerald fekk 1858 feste på plasset Leite. Han var f. 1812, g. 1841 m. Marta Gudleiksdr. Helland og var rådsmann på Jerald fyrr han kom til Gjelland. Nils døydde 1888 og Marta 1902. Seks born: Gudleik f. 1841, g. 1871 m. Ingebjørg Knutsdr. Helland, gardmann i Mølsterteigen, Svein f. 1843 (Nordland), Ivar f. 1849, g. m. Marta Persdr. Olde, husmann på Olde, Ingjerd f. 1851, død ugift 1909, Brita f. 1854, g. m. Olav Larsson Skjelde, Himle, og Synneva f. 1867, g. m. Lars Ivarson Himle, bur i Tungeteigen. Ingjerd hadde jordstykke og bygde stove i Hagane. Ved utskiftingen 1892 kom plasset Leite under Litlere.

Utanfor groi i Kvednhushagane er fire husmannsplass, Torstein Larsson Jerald fekk det eine. Han var f. 1848 og g. m. Anna Davidsdr. Tveito. Han var bygningsmann og 7 år dyragjætar i Bordalsfjelli. Fyrr dei kom til Gjelland hadde dei havt plass i Velesliæ (sjå på Vele), deretter på Hadland (millom Helland og Fære) og pakta sume tider gard. Dei fekk åtte born: Lars f. 1874, g. m. Brita Gusskalksdr. Rong, Brita f. 1875, g. m. Lars Johannesson Tveito, Ingjerd f. 1877, Anna f. 1880, g. m. Knut Person Vike, Nils f. 1882 (Amerika), Eirik f. 1883, Ingebjørg f. 1890, g. m. skreddar Sivert Torbjørnson Nesheim,

--- side 286 ---

Granvin, og Ragnhild f. 1892. Torstein døydde 1931. Snikkar Lars Larsson Jerald, bror hans Torstein, fekk det andre plasset. Fyrr hadde han plass på Hadland. Han var f. 1865, g. 1900 m. Gudve Larsdr. Rong. Eirik Torsteinson f. 1883, nemnd ovanfor, har det tridje plasset, er g. m. Jørgina Aslaksdr. Lote f. 1888. Lars Eirikson f. 1879 g. m. Ragnhild Gudleiksdr. Nesheim har det fjorde plasset. Han hadde fyrr plasset Leite som ved utskiftingen vart Litlere sin eigedom. I 1909 vart late tuft av Gjelland til Bordalens Bedehus som då vart bygt der.

Støl.

Det var ei mil til støls heiter det 1723. Gjelland hadde fyrr støl på fjellet ved Rebbingane i Gjellandsteigen utanfor Jerald. Sidan det var so bjørnsgjengt der, flytte dei til Skaondalen ved Grønlidvatnet, der Gjelland no stølar saman med Herre. Ovanfor Skaondalen er Tuftna med to hustufter. Der skal stølshusi ha stade fyrr, er det fortalt. Ved vegen til stølen står ein stad fire store steinar etter kvarandre. Eit gamalt herme segjer at den som går forbi skal kasta ein stein på dei. Vart steinen liggjande, skulde det verta fint ver.

Kvern.

Ei flaumkvern er umtala 1723, 1776 og 1791. Gjellandskverni stod fyrr hjå Langagroæ, men Gjelland fekk 1833 kontrakt med Haug um kvernastøde ved Gjellandsflyane og bygde kvern der. Ho vart rivi 1935.

Offentlege forretningar.

Forretning 1725 med Haug og Litlere um stølsbeite. Dom 1761 i sak mot Grovu um beiting. Sak 1767 mot Litlere, 1775 mot Herre og Olde og 1792 mot Helland. Dom 1821 um grensa mot Vele. Åverkssak 1821. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Godviljug utskifting 1856. Utskifting 1892. Kontrakt 1901 med Bergens Skoglag um skogplanting. Bit fredskogsfelt i Gjellandsliæ er utveitt og inngjerdt. Der er planta fura og gran.

Bumerke.

Knut 1725, 1727, 1731 tavle 8 nr. 52. Nils mange gonger 1735-1773 t. 2 nr. 51. Bjarne Nilsson 1789, 1795 t. 8 nr. 53.

Ymse.

Gjelland har to teigar ytst på Bordalen. Den eine er utanfor Rong, kalla Tungateigen, og den andre millom Jerald og Rong sine eigedomar. Teigen går frå elvi og upp i fjellet. Under bergi er utslåttar. Medan Gjellandsfolki onna i teigen, fekk dei mjølk på Kulset hjå Roknane mot at dei fekk

--- side 287 ---

beita krøteri i teigen um hausten når dei var på Nyestødl'n. Nokre stader i Gjellandsteigane er merke etter hustufter og jordarbeid. - Ovanfor bøjagarden ligg Hovhovden. Gjelland har store teigar millom Herre og Litlere sine eigedomar. Frå gamal tid er fortalt at Haug skulde vera vårstøl til Gjelland. Sermerkt med merki til Gjelland er at dei fyl nokolunde etter grøver.

I 1657 var det nervefeber på Gjelland, og fire menneske i same stova døydde då, er det fortalt. Våren 1896 var det lauseld. Stova med eldhus, to buer med loft og nautafloren brann og mykje innbu og matvaror. Berre løda med stall og smalflor stod att.

Nedanfor tunet har vore gravhaug som vart utgraven 1850. Der var flerre gravrom med reiste steinar ikring og dekk over, er det fortalt. Ei leirkrukke som vart knust, våpen og andre ting vart funne. På Gjelland var fyrr stridsøkser, sverd, halsprydnad og ymse andre ting frå eldgamal tid.

Segn.

Etter dei gamle er fortalt at Gjelland skal ha namnet sitt frå Gjelle. Ein frå Gjelle skulde nemleg vera den fyrste som busette seg på Gjelland og kanna då til seg so mykje land der umkring, og namnet på det vart Gjelland.