226. Gjelle.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 397 ---

Namnet vert i 1342 skrive a Gellini. Det vert no sagt Jèdlè2; han búr pao, è tao Jèdlè, ska tì Jèdlés, sms. Jèdlés-tveitè. Namnet er samansett med vin (beite). Fyrelekken er truleg gn. gjallr adj., her truleg med tydingi ljos, Mår: «det ljose beitet» (jfr. Dymbe, nr. 224).

Både 1661 og 1723 var det 2 laup i skyld på Gjelle, to brukarar og det dei trong av brennefang. Dessutan var det humlagard i 1723. Garden var tungbrukt og kornavlingi var årviss. Skyldi var 1777 2½ laup som 1838 vart umskrivi til 9 dalar 1 ort 14 skill. Der var vassfall, never- og vedaskog. Samanlikningstalet var 1500. I matrikkelen 1865 er ført upp 36,5 mål åker, 3 mål dyrka eng, 50 mål god, 69 mål medels natureng og 68 mål skrapebø. 4 mål var høvelegt til å dyrka. Bruk 1 hadde ringe hamner og bruk 2 ring vårhamn og ikkje sumarhamn. Skog til husbruk og båe bruki kunde kvar selja ved for 5 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Dei var ofte vasslause. I 1918 var der 36,8 mål åker, 30 mål kunsteng og 42 mål natureng.

Folketalet var 20 i 1801, 30 i 1865 og 31 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjelle.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   16   24          
1723 2   24   24   21      
1865 4   36   79   92 ½ 72  
1918 7   26   61          

Gudbrand Gjelle har saman med 16 andre bønder på Voss i 1342 forklåra for lagmannen i Bergen um vegarbeidet på Voss. I 1343 har Gudbrand saman med 5 andre atter gjeve upplysning til lagmannen um vegarbeidet (sjå DN I nr. 281 1342 og IV nr. 167 1343). Hoffward var 1521 leiglending og betalte 1 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Nils var leiglending 1563 og 1567 då han brukte 2 laup. Nils har 1590 saman med 5 andre lagrettemenn og lensmann Viking Tvilde utferda eit ope brev um noko jordgods.

--- side 398 ---

I 1591 var Nils og Rasmus leiglendingar, og 1597 betalte Rasmus tridje års bygsel for 2 laup med 2½ mark 22/3 skill. Han er ofte skriven som leiglending 1603-1636. Han var son. åt Arne på Setre og truleg g. m. dotter åt Nils Gjelle. Rasmus betalte tridje års bygsel 1610, 1613, 1616 og 1619 for 2 laup, kvar gong med 2 dalar. Han åtte ½ laup rug 8 mark smør i 1611 og 1 pund i 1614. Rasmus hadde borni: Anna, g. fyre 1645 m. Tormod Torgeirson Glymme, Gundele, g. fyre 1645 m. Brynjulv Styrkson Rokne, Sjur og truleg fleire.

Leidangen var 1624 etter leidangsboki 1 spann smør og 1 bukkskinn på ein part og 1 kalvskinn på ein annan part av Gjelle. Stiftet åtte 1627 2 laup. Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ laup odelsgods med 1 dalar ½ ort. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen ½ pund smør 1 bukkskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 2 laup som han hadde fått ved makabyte med kongen. På det var det 12 merker smør 1 bukkskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar og ½ dalar i arbeidspengar. Sjur var leiglending. Sehested let dette jordgodset att 1651 til kongen som 1657 selde det til G. Marselis.

Sjur Rasmusson var g. fyre 1645 m. Mari og er ofte skriven som leiglending 1635-1661. Sjur hadde borni: Anna truleg g. m. Jon Bårdson, Odd f. 1633 og truleg to til: Barbrå, g. m. Per Larsson på Seve, og Odser Seve. I 1645 hadde Sjur tenestedrengen Nils, og der budde ei huskone Asgjerd Sjursdr. Jon var leiglending saman med Sjur i 1661, og i 1664 var det Jon og Odd. Jon hadde ein son Arnfinn f. 1648. Gjelle høyrde til Finnegodset både 1676 og 1680, men 1691 åtte Hans Akselson 1 laup og Vangskyrkja 1½ laup. Skyldi er 1691-1723 ført upp med 2½ laup. Derav åtte i 1691 Hans Akselson 1 laup, Vangskyrkja 1½ laup, i 1695 Hans Akselson 2 laup, i 1714 Boye Rafnsdorff 2 laup og i 1723 åtte brukarane garden. Tormod var leiglending i 1691 og Odd i 1695.

I folketeljingi 1701 er skrive to leiglendingar: Odd Sjurson og Tormod Nilsson. Odd var f. 1633. Namn på kona hans har me ikkje. Då han døydde, vart ho g. m. Sjur. Odd hadde fire born og Sjur to: Sjur f. 1661, g. m. enkja Anna Eiriksdr. Rjodo, busett på Rjodo, Lars skriven for Rjodo i 1726, Brita f. 1673, g. 1. m. Tormod Nilsson f. 1653, 2. 1710 m. Sjur Larsson Glymme f. 1685 og Guri f. 1678, g. m. Viking Person Jernes. Borni

--- side 399 ---

til Sjur var Rasmus og Asgjerd. Tormod var truleg etterkomar av Nils som budde på Gjelle fyre Rasmus. Viking kjøpte 1715 1 laup, sjå vidare bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjelle. Sjur Larsson Glymme f. 1685 var som nemnt g. 1710 m. enkja Brita Oddsdr. Gjelle og var leiglending. I 1715 kjøpte han 1 laup. Han samla inn pengar i 1724 i grendi til reisi åt Lars Skutle og Kjel Berge. I 1747 har båe prestane


Gjelle
Bilete 48. Gjelle. Fot. P. Braaten 1937.

på Voss saman med Sjur og femtan andre bønder gjort framlegg til ordning av skulestellet på Voss. Det skulde sendast stiftsbefalingsmannen og biskopen til avgjerd. Sjur var då presten sin medhjelpar. Brita døydde 1747 og Sjur 1756. Brita fekk to born med Tormod og tri med Sjur: Nils f. 1700, g. 1727 m. enkja Rannveig Larsdr. Glymme, budde på Midtun, Johanna f. 1704, g. 1741 m. ekm. Anders Dagestad, Arngunna f. 1711, g. 1740 m. Nils Sonneson Himle, Anna f. 1713, g. 1735 m. Mikkjel Ivarson Gjerdåk, Vivås, og Tormod.

Tormod Sjurson f. 1714 vart g. 1. 1739 m. Marta Isaksdr.,

--- side 400 ---

Øvre Kvitno, 2. 1745 m. lensmannsdotteri Sisselja Vikingsdr. Tvilde. Tormod fekk 1738 skøyte på 1 laup 18 mark på Øvre Kvitno og budde der ei tid. Han kjøpte 1748 og 1756 tilsaman 1 laup og kjøpte 1761 saman med andre løysningsretten til 2 laup for 52 rd, alt på Gjelle. Gabriel Marselis hadde ått dette jordgodset. Tormod flytte på dei tider til Gjelle. Der ligg ei notisbok etter han med uppteikningar um han og huslyden. Tormod døydde 1770 og Sisselja 1807, 83 år gl. Tormod fekk ei dotter med Marta og sju born med Sisselja: Kari f. 1744, g. 1. 1761 m. Olav Vikingson Tvilde, 2. 1778 m. Per Ivarson Fenno, budde på Gjerdåk, Marta f. 1746, g. 1770 m. Eirik Godvinson Rasdal, Myking i Manger, Isak f. 1748, Brita f. 1751, g. 1775 m. ekm. Olav Nilsson Midtun, Olav f. 1754, g. 1788 m. Brita Åmundsdr. Jernes, paktar 1801 i Sunds prestegjeld, Brita d. y. f. 1759, g. 1803 m. Sjur Jonson Vossabakken, Johanna f. 1762, g. 1796 m. Torstein Janson Finne, Hellesnes, og Anna f. 1764, g. 1800 m. Eirik Olavson Øvre Kyte. På skifte etter Tormod var deira 1 laup verdsett 216 rd. Bruttomidelen var 463 rd.

Isak Tormodson gifte seg 1773 m. Guri Ivarsdr. Helland f. 1742. Han fekk 1773 skøyte på ½ laup frå syskini og 1788 på ½ laup frå mor bi. Både Isak og Guri døydde 1818 og hadde seks born: Tormod f. 1774, Brita f. 1776, g. 1813 m. Anders Torgeirson Øvre Graudo, Sisselja f. 1779, død fyre 1818, Arngunna f. 1782, død 1819, Ingebjørg f. 1786 død ugift 1862 og Ivar f. 1789, død 1862. Tormod vart g. 1803 m. Brita Knutsdr. Vinsand og fekk 1801 og 1814 skøyte frå far sin på garden. Brita døydde 1839, 64 år gl. og Tormod 1855. Dei fekk sju born: Guri f. 1804, g. 1825 m. Odd Nilsson Sonve, Marta f. 1806, g. 1835 m. Anders Torgeirson Jernes, Hæve, Isak f. 1808, Knut f. 1810, g. 1840 m. Marta Hallesdr. Dagestad, budde på Vinsand, Ragnhild f. 1814, g. 1834 m. Bjarne Torsteinson Herre, Sisselja f. 1817, g. 1846 m. Bjarne Torgeirson Røte og Lars f. 1819 som bleiv 1844 nedanfor Vosso i Vangsvatnet. Han var skulehaldar. Isak fekk farsgarden i 1837 og døydde 1896 ugift.

Halle Knutson Vinsand, brorson hans Isak, fekk 1876 skøyte frå Isak på garden for 4400 kronor. Halle var f. 1854 og gifte seg 1878 m. Marta Aslaksdr. Himle. Han gjekk på Stend Landbruksskule, var med i likningsvesenet, fatigstyret, heradsstyret, formannskapet, forstandarskapet for Voss Sparebank og var

--- side 401 ---

rekneskapsførar for den nye Giljavegen. Halle døydde 1918 og Marta 1934. Dei hadde åtte born: Isak f. 1879, Marta f. 1881, g. m. Brynjulv Løno, Malena f. 1884, g. m. Nils Larsson Nyre, Aslak f. 1886, g. m. Kristi Hansdr. Sekse, Ullensvang, og døydde 1936, Brita f. 1889, g. m. Johannes Brynjulvson Hylle, Kristi f. 1892, g. m. Torstein Hansson Skjervheim, Vossastr., Rannveig f. 1894 og Anna f. 1896, g. m. skulestyrar Øystein Eskeland. Ho døydde 1936. Aslak var meieristyrar og hadde sidan eigen handelsforretning i Odda. Isak er g. m. Marta Johannesdr. Hylle og fekk 1918 skøyte på garden for 6000 kronor. Han er agronom på Stend, direktør i Voss Sparebank, medlem av heradsstyret og formannskapet, varaordførar, og har vore med i skulestyret, formann i Sokneselskapet og har havt og har andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 228, lnr. 450 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 3 ort 21 skill. Ny skyld mark 6,95, fyrr noko var skilt frå.

Bruk 2. Stølen Rapjane. Utskilt 1869 frå bruk 1 med skyld 18 øre og selt til Mikkjel Knutson Tungeteigen. Stølen har sidan fylgt med Tungeteigen til 1884, då Anders Monsson Saude selde stølen til Eirik Knutson Gjelle for 400 kronor. Sidan har stølen fylgt med bruk 3 Gjelle og vart førd saman med det i 1929.

Bruk 3. Gjelle. Viking Person Jernes var som fyrr nemnt g. m. Guri Oddsdr. Gjelle f. 1678. I 1715 kjøpte han 1 laup på Gjelle. Guri døydde 1734 og Viking 1739, 64 år gl. Dei hadde seks born: Sigtru f. 1704, g. 1727 m. Sjur Knutson Rong, Arngunna g. 1. 1732 m. Ivar Tormodson Helland, 2. 1747 m. Johannes Olavson Væte, 3. 1757 m. Eirik Oddson Tøn, budde på Helland, Marta, g. 1734 m. Johannes Tveito, Sonne f. 1706, død ugift 1728, Gjertrud f. 1718, g. 1743 m. Olav Ivarson Lirhus og Odd f. 1726. Ved skifte etter Viking åtte dei ½ laup som vart verdsett 36 rd. Jordgodset vart som vanleg då skift millom ervingane so kvar av dei fekk ein part.

Odd Vikingson gifte seg 1739 m. Bryttva (Brita?) Sjursdr. Nesheim, truleg frå Myrkdalen. I 1738 og 1744 fekk han skøyte på tilsaman 1 laup med løysningsretten til det. Odd døydde 1761, og Bryttva vart attgift 1762 m. Eirik Person Lid, som same år kjøpte 1 laup etter Odd og døydde 1775, 35 år gl. Ho fekk ni born med Odd, men berre fire vart vaksne, og ingen

--- side 402 ---

med Eirik: Guri f. 1744, Bryttva f. 1746, g. 1782 m. Jørgen Andersson Kvitno, Sigtru f. 1751, g. m. Endre Oddson Tesdal og Marta f. 1757, g. m. Ivar Helland. Jordgodset 1 laup vart på skifte etter Odd taksta 300 rd.

Guri Oddsdr. gifte seg 1786 m. Knut Brynjulvson Rokne d. y. som 1768 og 1776 hadde fått skøyte på tilsaman 1 laup. Han skulde vera vera god smed og arbeidde med treskjering og sylvsmedarbeid. Knut døydde 1789, 49 år gl. og Guri 1821. Dei fekk åtte born: Odd f. 1769, Margreta f. 1770, død ugift, Brynjulv f. 1772, død 1801, Eirik f. 1777, g. 1817 m. enkja Kristi Mikkjelsdr. Saude, Viki, budde på Saude, Bryttva f. 1780, g. 1809 m. Kolbein Ingebriktson Syndve, var 1826 i Vesterålen, Kirsti f. 1782, død ugift 1817, Dordei f. 1786, g. m. Lars Davidson Humlabrekke og Kristense f. 1788, g. 1816 m. underoffiser Lars Bergeson Bergslien. Han var son åt B. Bergeson, g. m. Mari Larsdr., husmannsfolk på Gjerdskvål. Lars og Kristense var foreldre til kunstnarane Knut og Brynjulv Bergslien og besteforeldre til Nils Bergslien. Brynjulv Gjelle var mykje saman med Odd, bror sin, og arbeidde med sjølvupplæring i ymse fag og arbeid. Lars Humlabrekke var med i krigen mot Sverike. Eirik hadde med Rannveig Torsteinsdr. dotteri Ragnhild f. 1815 som 1837 vart g. m. Odd Nilsson, husmann på Himle. På skifte 1789 etter Knut vart garden taksta 400 rd., og bruttomidelen var 572 rd.

Odd Knutson f. 1769, gifte seg 1800 m. Margreta Eiriksdr. Finne, f. 1781 og fekk 1799 skøyte på garden frå mor si. Folkebladet skreiv 1898 um Odd m. a. at han var ein av dei merkelegaste sjølvlærde menn som er fostra i vårt land. Ved sjølvstudering eigna han til seg stor innsikt i astronomi, rekning, matematikk, kjemi, fysikk, navigasjon, framande språk og lovkunne. I landmæling øvde han seg upp so han vart tilsett som landmælar for Hordaland fylke og helt ei mengd utskiftingar. Mange kart har han teikna t. d. av Voss, Sandviki ved Bergen, Tyssefjell, Vindeggi og av Nordhordland skrivardøme etter tinging av president Christie.

Odd var god stempel- og biletskjerar og laga m. a. mange signet til framståande menn og til offentleg bruk. Ein meister var han til å arbeida i tre, jarn og metall og laga alt han trong, m. a. landmælingsinstrumenti sine. Sylvsmed var han òg. Sume instrument og bøker som han har skrive og teikna um

--- side 403 ---

matematikk og astronomi er i museet på Mølster. Odd skreiv ofte dokument åt folk og møtte stundom i retten som bygdeprokurator etter fullmakt frå fylkesmannen. Odd var valmann, men det ser ikkje ut til at han elles har vore med i det offentlege stell. Han fekk Danebrogsorden og var vanleg skriven for landmælar og danebrogsmann. Odd døydde 1840 og Margreta 1862, 80½ år gl. Ved skifte etter Odd var nettomidelen ikring 30 spd. Fire born: Margreta f. 1801, g. 1825 m. Odd Larsson Svelgane, budde på Ullestad, Knut f. 1802, Eirik f. 1807, død ugift 1886, Brynjulv f. 1817, g. 1841 m. Inga Knutsdr. Rjodo (Amerika). Eirik var ein gåverik kar, men vilde ikkje arbeida. Han var god signetstikkar og lausedansar og dikta smedevisor. Nokre gonger var han for retten skulda for å ha laga pengesetlar, men han gjekk alltid fri. Det var dei som hadde gjeve pengane ut, som fekk straff.

Knut Oddson, g. m. Sisselja Sjursdr. Eggjareid f. 1809, fekk farsgarden i 1827 for 200 spd. Knut døydde 1860 og Sisselja 1889. Dei fekk fem born: Odd f. 1832, død 1860 ugift, Anna f. 1835, Guro f. 1837 (båe i Amerika), Eirik f. 1842 og Knut f. 1854 (Amerika). Eirik fekk garden i 1870 for 800 spd. og vart g. 1871 m. Marta Arnesdr. Rjodo. Eirik døydde 1900 og Marta 1921. Dotteri Guri f. 1876 fekk 1900 garden for 3300 kronor. Ho døydde ugift 1905 og syskini hennar var døydde fyrr ugifte. Olav Knutson Uppheim Gullfj. kjøpte 1905 garden på auksjon saman med bruk 2 for 8450 kronor. Han selde att 1909 til Ingebrikt O. Haukanes frå Fresvik f. 1844, død 1937, som let att til sonen Botolv. Han er f. 1885 og g. m. Margreta Hermannsdr. Vele. Bruk 7 er fråskilt i 1929.

Brak 3 var fyrr mtrnr. 228, lnr. 451 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 3 ort 7 skill. Ny skyld mark 6,79, alt fyrr noko var skilt frå.

Mtrnr. 228, lnr. 451b. Rapjane utskilt 1859 frå bruk 3 med skyld 13 skill. og selt til Lars Rognaldson Finnesteigen for 75 spd. Denne stølen er 1868 førd saman med gnr. 233 Finnesteigen.

Bruk 4. Gjelle. Skilt ut frå bruk 3 i 1879 med 67 øre i skyld. Det var fyrr husmannsplass kalla Natafløtna. Brynjulv, g. m. Anna Knutsdr., f. 1808, død fyre 1865, budde der og hadde sønene Knut f. 1831, Mons f. 1843 og Knut d. y. f. 1843. Knut d. e. var g. 1861 m. Ingebjørg Johannesdr. Grevle

--- side 404 ---

og fekk borni Ivar, Brynjulv, Ingebjørg, Anna og Per f. 1859- 1867. Eirik Oddson Himle f. 1844 budde der i 1870-åri og seinare på bruk 7 Ytre Nyre, der han er umtala. Johannes Nilsson Haugo kjøpte 1879 bruket for 2800 kronor. Han selde att 1886 for 2000 kronor til Torbjørn Larsson Jernes og flytte til Nedre Rjodo. Torbjørn var f. 1855, g. 1885 m. Sigvor Kolbeinsdr. Rjodo og døydde 1909. Sigvor døydde 1919. Deira son Lars f. 1890 fekk 1917 garden for 2000 kronor og let han 1928 til Anders, bror sin, for 5100 kronor. Han er f. 1894 og g. 1926 m. Sigvor Olavsdr. Rjodo.

Bruk 5. Gjelle. Utskilt 1921 frå bruk 3 med skyld 30 øre og selt til Jens Ingebriktson Bjørnetun. Plasset Harahaujen var der i eldre tid. Enkja Torbjørg budde der sist. Jens er f. 1896 og g. m. Jorunn Olavsdr. Lunde. Han har bygt og dyrka upp det meste av bruket.

Bruk 6. Natafløtna. Utskilt 1921 frå bruk 1 med skyld 45 øre og selt til Olav S. Bystølen. Han er f. 1887, g. 1. 1909 m. Marta Johannesdr. Røte, 2. m. Brita L. Himle. Der var fyrr husmannsplass. Torstein Sveinson budde der. Han var g. 1. m. Rannveig Larsdr., 2. 1817 m. enkja Guro Knutsdr. Jerald og døydde 1837 barnlaus. Seinare kom Knut Knutson der. Han var f. 1832, g. 1. 1863 m. Anna Persdr. Nesthus og 2. 1877 m. Anna Nilsdr. Dymbe. Ho døydde 1878 og han 1885. Med fyrste kona fekk han sønene Knut f. 1864 og Per f. 1867, g. 1893 m. Anna Endresdr. Jerald, som budde på Jerald.

Knut Knutson var g. 1886 m. Bergitta Karlsdr. Oldervik i Rødøy f. 1862 og døydde 1937. Dei fekk sju born. Han var lærar fleire stader i Nordland sidan 1884, frå 1888 i Alstahaug. Der var han dessutan kyrkjesongar, organist og gardbrukar, ordførar, overformyndar, forlikskommissær, kommunerevisor, revisor i sparebanken, formann i skulestyret, i fatigstyret, i sparebankens forstanderskap, i bibliotekstyret og har havt ymse andre tillitsyrke. Knut Gjelle var og mykje med i misjonsarbeidet. For fødebygdi var han levande interessert, vitja henne fleire gonger og fylgde godt med i det som var fyre her.

Etter Knut kom Lars Simonson Nygard frå Modalen, g. m. Margreta Sjursdr. Midtun f. 1835. Han var f. 1836 og døydde 1909. Ho døydde 1918. Dei hadde døtterne Brita (Amerika) og Olina, g. m. skomakar Nils Ekanger. Olina synte god givnad som skodespelar då ho var med i spellaget åt Voss Ungdomslag

--- side 405 ---

som hadde framsyning m. a. i Oslo. Soneson hennar Margreta, Olav S. Bystølen, kjøpte som ovanfor umtala plasset.

Bruk 7. Gjelle. Skilt frå bruk 3 i 1928 med skyld 3 mark. Per L. Jordalen kjøpte det for 13500 kronor.

Bruk 8. Kalvatræet. Utskilt 1932 av bruk 1 med skyld 2 øre og selt til Nils J. Brekku.

Husmenn.

Torfinn Herbjørnson, g. m. Ragnhild Oddsdr., fekk dotteri Dønåt f. 1779. Ivar Larsson f. 1776, g. m. Brita Olavsdr. f. 1777 fekk dotteri Borghild f. 1800. Torgeir Olavson f. 1754, døydde 1827. Husmannskona Guro Nilsdr., døydde 1821, 75 år gl. Ivar Karlson, g. m. Gjertrud Mikkjelsdr. fekk 1830 sonen Karl. Ivar Torgeirson, g. 1839 m. Kari Larsdr. Liland, hadde døtterne Marta f. 1842 og Anna f. 1844. Knut Arnvedson, g. m. Ingebjørg Andersdr., fekk dotteri Marta f. 1852. Dei hadde seinare plass på Fjorungamod'n på Haugo. David Knutson, g. m. Magli Halldorsdr., hadde dotteri Sisselja f. 1860. Gitle Nilsson Fenno, g. m. Brita Herbrandsdr. Takla fekk på Gjelle sonen Nils f. 1861. Dei budde seinare på Helgasetplasset åt Lid (ovanum Dale). Eli-Lars, g. m. Guro, var av Jeraldsfolk og var ofte kjømeister og talsmann. Brynjulv Sjurson døydde 1863, 68 år gl. På Jolahagen er merke etter hustufter. Der skal ha butt ein som heitte Tor, g. m. Ragnhild. Dei fostra upp åtte søner som alle vart store og sterke. Seinare vilde ikkje nokon bu der av di huldafolki heldt ting der kvar jol.

Lars Eirikson Nåsen f. 1739, g. 1829 m. Torbjørg Torbjørnsdr. Gjelle hadde plasset Gjedlestveitæ på bruk 2. Han døydde 1869, 74 år gl. og ho 1874, 77 år gl., barnlause. Olav Ivarson Prestegård kom der 1877. Han var f. 1832, g. 1867 m. Ragnhild Torsteinsdr. Gavle. Olav var ordhittig, ofte råkande og snøgghugsig, men var stundom vel dryg i munnen. Der er mange strofar um og etter han. Plasset er no lagt til garden att.

På Natafløtna har vore to husmannsplass, eit på kvart gardsbruk. No er det småbruk 4 og 6. Der er ført upp dei som me har greide på kva plass dei budde på. Etternemnde har og butt på Natafløtna, men me veit ikkje kva plass kvar hadde. Botolv Larsson var g. 1. 1809 m. Marta Herlaugsdr. f. 1739, 2. 1810 m. Guro Nilsdr. Gjelle og 3. m. Rannveig Sjursdr., Botolv bleiv 1852, 72 år gl. i Vangsvatnet, barnlaus. Per

--- side 406 ---

Nilsson Saude, g. 1. 1827 m. Rannveig Sjursdr. Gjelle, som bleiv, 2. 1833 m. Gudve Bjarnesdr. Røte, som døydde 1841, 49 år gl. Brynjulv Oddson Gjelle f. 1817, g. 1841 m. Inga Knutsdr. Rjodo var husmannsfolk nokre år, fekk 1855 dotteri Anna og reiste til Amerika. Per Nilsson, g. m. Anna Gudleiksdr. fekk sonen Olav f. 1866.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Han låg øvst i utmarki og staden heiter no Nyestølstuftna. Seinare støla dei på Rapjane i Graosio, men då der vart noko trongt um beite, selde bruk 1 sin part, sjå bruk 2, og kjøpte støl av Tesdal i Almenningen. Stølshusi låg fyrr lenger nede der dei andre husi er, men vart ikring 1830 flytte upp der dei no er. Bruk 3 kjøpte stølen Steinset av Lydvo og støla der fleire år, selde stølen Rapjane til Finnesteigen, sjå mtrnr. 228, lnr. 451b og kjøpte 1884 Rapjane, sjå bruk 2. Voss Reinsdyrlag kjøpte 1889 stølen Steinset og let han 1928 til Voss herad. Etter Nils Bergslien er fortalt at farbroren Knut Bergslien måla eit bilete av stølen Rapjane. Jørgen Moe skreiv diktet «På solen jeg ser» til biletet. Ved ei samkome i München der K. Bergslien, Gude, Tidemand og Ole Bull var saman, sette Bull tone til diktet.

Kvern.

Der var to flaumkvernar i 1723, 1776 og 1791. Bruk 1 hadde kvern i Jerneselvæ saman med bruk 4 Jernes, men det er no fråskilt som bruk 5 Jernes. Bruk 3 hadde kvern til i 1890-åri i Tomasso millom Natafløtna og Tungeteigen. Bruk 3 har elektrisk sag.

Offentlege forretningar.

Sak 1701 mot Finnesteigen um skogmerke. Semje 1777 um merke. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Odelssak 1843. Merkeskilforretning 1857. Utskifting 1867. Godviljug utskifting 1908 på Maksam. Ikring 1890 flytte bruk 1 husi som fyrr stod saman med husi på bruk 2.

Bumerke.

Viking 1714, 1717, 1720 tavle 9 nr, 11, brigda på tri måtar 1724, 1727 og 1728-1730. Odd Vikingson 1752 t. 9 nr. 11. Sjur fleire gonger 1734-1750 t. 9 nr. 12. Tormod 1762-1768 t. 9 nr. 13. Isak Tormodson 1775-1782 t. 9 nr. 13, mykje brigda 1781. Eirik 1767 t. 9 nr. 14 og mykje brigda i 1773. I 1772 teikna han t. 1 nr. 26 utan tverrstrik nede. Knut 1773 t. 9 nr. 15. Han teikna det med eit tverrstrik til over det andre i 1775 og 1782.

--- side 407 ---

Ymse.

Utmarki gjekk i eldre tid mest ned til husi. Mjølstølen er ikkje so langt frå husi. Fleire gonger har bøjagarden vorte flytt uppover. Fyrr i tidi slo dei i Styggagjelæ. Dei laut bruka stigar for å koma ned i slåtta. Same vegen bar dei høyet upp. Siste mannsalderen har der ikkje vore slege. - Ei segn fortel at mannen som sist åtte heile Gjele, sat på stovehella og skifte garden millom to av sønene. - I ein gravhaug vart ikring 1846 funne eit stykke av ei steikepanne, eit spjotblad, noka av ein skjold, stykke av eit sverd, av ei saks, av beitlamilar og av fleire reidskap elles, alt av jarn. Fem ljåsteinar og ein utkrota steinring vart og funne.

Segn.

Kola Gjelle var dotter åt gygri i Graosio og hadde systerne Hallbjørg Græe og Gjervor Møn og ein bror Torald Tillung. Kola og Hallbjørg hadde bryne ihop. I skurden steig dei over gjell for å bryna sigden når systeri hadde brynet.

På stølen vart dei ofte ute for huldafolk. Ein morgon det var slikt ståk av krøteri i floren, og budeia kom for å mjølka, var der kome ei smellande fin blåsidut kyr med store horn. Bjøllekyri som stod attmed henne, var ikkje frisk, og då budeia skulde mjølka henne, kom det berre blod. Ho sette seg til å gråta. Best det var kom ei huldur inn i floren. Fagrare kvinne hadde ikkje budeia set. Håret låg som ein gullkrans kring hovudet, og det glitra og ringla av sylgjor og ringar. Huldri smurde noko på juret åt bjøllekyri og sa at no skulde ho verta god att. Heretter skal den nye kyri vera bjøllekyr, sa huldri og kvarv burt. Huldakyri vart verande i bølingen.