90. Gjerdåk.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 56 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Gærdarakre. Det vert no sagt Jèraok1; han búr pao, è tao Jèraok, ska tì Jèraoks. Namnet er samansett av kvinnenamnet Gjerd og ein åker. Gamalnorsk form Gerðarakr.

Gjerdåk er i 1661 førd upp som heil gard med (sovidt ein kann sjå) 5 laup 6 mark i skyld og to brukarar. Der var ikkje andre lunnar enn to små humlagardar, heiter det. I 1723 var skyldi 4 laup 2 pund 18 mark og tri brukarar. Mange var det som då åtte i garden. Garden var årvand, hadde skrinn og tungvinn jord, turvande vedaskog og ein liten humlagard som var forliten til eige bruk. Skyldi var i 1777 4½ laup, som i 1838 vart umskrivi til 10 dalar 4 ort 8 skill. Då og var det humlagard og turvande brensel. Samanlikningstalet var 1640.

Matrikkelen 1865 upplyser at det var 35 mål åker, 7¾ mål dyrka eng, 44½ mål god, 46 mål medels natureng og 122 mål skrapebø. Hamni var medels, men sumarhamni langt burte. Skog til husbruk. På bruk 1 kunde seljast timber for 7 spd. og på bruk 2 for 6 spd. um året. Bruk 1 var lettbrukt og bruk 2 medels. Båe var utsette for turk og dyrka som vanleg. I 1918 var det 36 mål open åker, 39 mål kunsteng og 22,5 mål natureng.

Folketalet var 22 i 1801, 29 i 1865 og 34 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjerdåk.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 25 51
1723 3 27 26 35
1865 4 29 77 95 ½ 67
1918 4 25 63

Odd Bonde på Gjerdåk kjøpte i 1323 2 mmb. i Saude av Håvard Halleson (sjå DN. I. 171). Odd er oftare skriven for Røte, og var son åt Odd på Rogne. Som umtala på Røte hadde Odd Røte eller Gjerdåk ein son Odd, som var far åt Arnfinn Oddson. Han var sysslemann på Voss i 1392. I diplom utferda i Bergen 1440 (DN. IV. nr. 879) har 6 rådmenn tildømt Ragnhild

--- side 57 ---

Halsdr. garden Gjerdåk, som Halle Torgeirson gjorde krav på. Ho upplyste at hennar avlidne mann Arnfinn Oddson hadde gjeve henne garden. Gudve Gjerdåk sin son betalte i 1521 1 mark i skatt og Erling betalte 8 mark i skatt og 7 mark i breffbrot. Torleiv og Elline var leiglendingar i 1563, Arnfinn og Sjur i 1603, 1611 og 1614. Ivar var og leiglending i 1614. Sjur vart då utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Vangens prestebol fekk etter jordboki 1585-1616 2 askar korn og 12 merker smør i årleg landskyld av sin eigedom på Gjerdåk.


Gjerdåk, bruk 1 til høgre, bruk 2 til vinstre
Bilete 9. Gjerdåk. Bruk 1 til høgre, bruk 2 til vinstre. Fot. P. Braaten 1936.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen av Apostelgodset sine to eigedomar var ½ pund smør og 1 bukkskinn av den eine og 1 spann smør 1 bukkskinn av den andre. Torstein var leiglending på den fyrste og Johannes på den andre. Båe eigedomar hadde god jord, er det sagt. Ryttarskatt vart lagt på odelsgodset i Gjerdåk 1627: av 2 laup skatt 4½ dalar med Anders som brukar og av 2 laup 1 pund skatt 5 dalar 1 ort med Johannes som brukar.

I 1621 var Sjur og Askjel leiglendingar. Sjur åtte 2 laup odelsgods. Ivar og Anna åtte 27 mark i Tillung. Fostersonen

--- side 58 ---

åt Jakob Tillung åtte 9 mark i Gjerdåk og Anders Rykke og Knut Grovu 1½ laup. Anders var brukar i 1629 på 2 laup og Johannes på 2 laup 1 pund. I 1635 hadde Johannes 3 laup, Anders 1 laup 2 pund 18 mark og Torgeir noko. Olav Gjerdåk var eigar av 3 laup odelsgods. Det var 3 leiglendingar ogso i 1645: Olav Torbjørnson, g.m. Brita, Gudleik Tormodson, g. m. Eli og ei enkje med sonen Steffa Johannesson. Torgeir Gjerdåk åtte 2 laup odelsgods 1636 og 1642 og Olav 3 laup. Han var ofte lagrettemann i 1655-1672.

I 1652 var Olav brukar av 1 laup 2 pund 18 mark, som han åtte sjølv med undantak av 18 mark som høyrde til Vangens prestebol. Gudleik brukte 3 laup. Tormod Gjerdåk åtte 2½ laup av det og Torkjel Uppheim i Ulvik ¼ laup. Olav Gjerdåk var dessutan eigar av 1 laup 12 mark i Løno og ½ laup i Røte og Gudleik ½ laup i Tveiti. I 1655 åtte Olav 1 laup 2 pund 12 mark, prestebolet 18 mark, Tormod Vike eller Bjørku 2½ laup og Torkjel Uppheim ½ laup, ialt 5 laup 6 mark. Gudleik brukte alt.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp som eigarar: Prestebolet 18 mark, Tormod Bjørku 3 laup, Olav Gjerdåk 2 laup og Gudleik Gjerdåk 1 laup, tilsaman 6 laup 18 mark. Det stemmer ikkje med den samla skyld som kommisjonen gjev upp med 5 laup 6 mark. Brukarane var Olav og Brynjulv i 1661. I 1664 var det Eirik Olavson (på 3 laup), Olav Gudlaugson og Gudlaug Olavson (båe 7 spann tilsaman). Eirik var lagrettemann nokre gonger 1669-1671. Lars og Jon var brukarar i 1691. I 1695 var eigarane: Vangens prestebol 18 mark, Folkvard Broderson 1½ laup, sokneprest Chr. Weinwich 15 mark, Brynjulv Gjerdåk 27 mark, Olav Hydningen 2 pund og brukaren Lars 1½ laup, tilsaman 4½ laup. Jon var då brukar av 2 laup 1 pund.

Folketeljingi 1701 har som brukarar odelsbonden Viking Larsson f. 1676 og leiglendingen Lars Trondson f. 1641. På tinget 1709 er upplyst at skyldi etter matrikkelen var 4 laup 2 pund 18 mark. Eigarane var Vangens prestebol 18 mark, Viking Larsson 1½ laup, Isak Gjerdåk 1 laup 18 mark, Ullensvang prestebol 6 mark og kommissær Broderson 1 laup 1 pund 21 mark. Det var 15 mark som ingen visste um eigar til. I matrikkelen 1723 er skyldi framleies førd upp med 4 laup 2 pund 18 mark. Eigarane er då ikkje gjevne upp. Viking

--- side 59 ---

Larsson f. 1676, var son åt Lars Nilsson Øvre Ygre, og var g. m. Brita Steffadr. Tvilde. Viking var brukar frå ikring 1796 til ikring 1720, då han flytte til Ygre.

Isak Andersson f. 1677, g. 1. m. Marta Brynjulvsdr., 2. 1717 m. Kari Mikkjelsdr. Lirhus, døydde 1739 på Øvre Kvitno. Han fekk skøyte i 1708 på 1 laup 19 mark i Gjerdåk, som Lars Trondson då brukte. Isak kjøpte 1733 ein part på Øvre Kvitno. Marta hadde ikkje born. Med Kari hadde Isak dotteri Marta f. 1723, g. m. Tormod Sjurson på Gjelle. Isak bygsla i 1738 parten sin på Gjerdåk til Arve Larsson Selheim. Han var f. 1712, g. 1717 m. Synneva Ivarsdr. Lirhus og budde der til 1750-åri, då han flytte til Selheim.

Lars Trondson f. 1641 var leiglending 1701 og hadde då sonen Trond f. 1681. Lars er død ikr. 1716 og var g. truleg med Anna Håkonsdr. Ho var leiglending etter mannen og er etter 1732 g. m. ekm. Odd Jakobson f. 1694 og død 1739. Han hadde seks born frå to tidlegare ekteskap fødde 1719-1732. Lars Sjurson f. 1668 var g. m. Gjøa Larsdr. og døydde 1739. Han var leiglending frå ikr. 1718 og hadde to born: Ingebjørg f. 1711 og Lars f. 1712. Ho Gjøa sa upp bygsli i 1740 og fekk kår. Eirik Helgeson Mølsterteigen bygsla då denne parten. Han var g. 1739 m. nemnde Ingebjørg Larsdr. Gjerdåk. I 1762 kjøpte han 1 laup 45 mark av fru Inger Alstrup. Eirik og Ingebjørg hadde borni: Lars f. 1742, Brita f. 1744, Steffa f. 1745 og kann henda fleire.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjerdåk. Tormod Sjurson Gjelle har ved skifte i 1744 fått 45½ mark i Gjerdåk og let det i 1761 til versonen Olav Vikingson Tvilde. Han var f. 1717, g. 1761 m. Kari Tormodsdr. Gjelle og døydde 1776. Ho gifte seg att 1778 med Per Ivarson Indre Fenno. Olav fekk noko i Gjerdåk ogso i 1762, so han åtte ialt 2 laup 2 pund 11 mark. Ved skifte etter han åtte buet dessutan 2 pund 15 mark i Ronve og part i Raundalens Almenning. Bruttomidelen var 1639 rd. Per fekk ved skifte etter Olav 1 laup 1 pund 5½ mark i Gjerdåk. Kari hadde seks born med Olav: Viking f. 1766, Marta f. 1768, g. m. Olav Nilsson på Ukvitno, Brita f. 1769, g. m. Anders Torsteinson Nedre Kyte, Tormod f. 1771, g. m. Marta Olavsdr. Ringheim, gardmann på Vetle Ringheim og Ronve, Anna f. 1774, gift til

--- side 60 ---

Sonve med Nils Oddson, Kari f. 1777, g. m. gardmann Hallstein Davidson Ringheim. Med Per hadde Kari borni: Olav f. 1779, g. m. Anna Gitlesdr. Øvre Fenno, gardmann på Nedre Fenno, Ivar f. 1782, g. m. Guri Persdr. Skutle, budde på Nedre Fenno, Sjur f. 1786, g. m. Kari Andersdr. Fenno, kjøpte gard på Hildestveiti.

Viking Olavson f. 1766, g. 1800 m. Bryttva Larsdr. Takla, døydde 1825. Olav Person fekk skøyte i 1804 frå far sin. på halve garden, men let han att 1806 til mor si. Viking fekk halve garden i 1789 og den andre halve hjå mor si 1806. Viking og Bryttva hadde sonen Olav f. 1801. Han var g. 1. 1824 m. Steinvor Vikingsdr. Repål, 2. m. Anna Henriksdr. Tundal. Olav fekk halve farsgarden ved skifte etter far sin og resten hjå mor si i 1835. Både Viking og serleg Olav var med på noko av kvart, som det er mange forteljingar um. Olav selde garden i 1850 til David Sveinson Nesheim, Granvin, for 1500 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika.

David var f. 1827 på Mo'o i Granvin, g. m. Anna Nilsdr. og døydde 1893. Fire born: Svein, Ingebjørg f. 1850, g. m. Anders Brynjulvson på Løno, Nils f. 1854, g. m. Gudve Josefsdr. Bjørgo, gardmann på Løno, Anders f. 1863, utskiftingsformann i Sunnhordland. Svein var f. 1848, fekk garden i 1893 og døydde ugift 1912. Ved testamente i 1911 gav han 16 500 kronor til eit legat. Rentene av det skal skiftast ut til fatige på Voss. Brorsonen David Nilsson fekk skøyte på garden i 1911 for 12 000 kronor. Han er f. 1886, g. m. Berta Ivarsdr. Geitle.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 90, lnr. 181 med gamal skyld 2 laup 2 pund 6 mark, urevidert 5 dalar 3 ort 20 skill., revidert 5 dalar 3 ort 20 skill. Ny skyld mark 6,43 etter at bruk 9 er skilt frå.

Bruk 2. Gjerdåk. Olav Gudleikson hadde etter odelssøknad fått skøyte i 1717 på 1½ laup. Det selde han 1720 til Anders Person, g. m. Synneva Gudleiksdr. Anders døydde 1722 og Synneva gifte seg att 1723 med Brynjulv Erlingson Øvsthus f. 1702. Han bygsla same året på levetidi 1 laup 18 mark og åtte 2½ pund i garden. Brynjulv døydde 1739 og ho Synneva gifte seg tridje gongen med Torstein Bergeson Jerald, som fekk skøyte i 1739 på 30 mark i Gjerdåk, og døydde 1748. Synneva hadde med Anders tri born: Barbrå f. 1717, Ingebjørg f. 1719, g. 1744 m. Tormod Larsson Rue og Sigtru f. 1721, g. 1749 m. Olav Sjurson En. Med Brynjulv hadde ho fem: Ingebjørg

--- side 61 ---

f. 1724, g. 1767 m. ekm. Kolbein Larsson Lirhus, Anders f. 1726, Nils f. 1730, g. 1763 m. Ragnhild Hermannsdr. Lirhus (leiglending på Lirhus, seinare på Lid, Rd.), Brita f. 1732, g. 1771 m. Nils Jonson Mæringi, Gjertrud f. 1736, g. 1769 m. Olav Brynjulvson Tundal.

Anders Brynjulvson f. 1726, var g. 1. 1760 m. Gudve Knutsdr. Øvre Rykke, 2. 1773 m. Synneva Brynjulvsdr. Tundal og døydde 1813. Han åtte 1 laup 6 mark i Gjerdåk etter skøyte 1762 og bygsla noko. Han og Gudve hadde to søner: Brynjulv f. 1761 og Knut f. 1765. Knut fekk gard på Øvre Rykke.

Brynjulv Andersson f. 1761 var g. m. Arnbjørg Larsdr. Takla. Han fekk skøyte i 1779, 1799 og 1809 frå bestemori, bror sin og far sin på bruk 2. Brynjulv har vore umtala som den mest upplyste og gåverike bonde på Voss i den tid. Han var vald som tridje representant frå Søndre Bergenhus amt til riks-forsamlingen på Eidsvoll 1814. Brynjulv var presten sin medhjelpar, forlikskommissær, var mykje på takstar og skyn og skreiv dokument åt folk. Han fekk danebrogsorden og døydde 1838. Tri døtter: Gudve f. 1788, Synneva f. 1795, g. m. gardmann Anders Jonson Kyte. Ho skulde vera flink til å dikta vers på ståande fot. Anna f. 1801, g. m. Brynjulv Nilsson på Midberde.

Ho Gudve gifte seg 1810 m. Olav Tormodson Hildestveiti, f. 1786. Dei fekk garden åt foreldri hennar. Olav var skulemeister 1807-1816, var lang tid vaksinatør og hadde ymse tillitsyrke elles. Åtte born: Anders f. 1811, Tormod f. 1815, g. m. Brita Isaksdr. Ygre, Brynjulv f. 1818, død ugift, Arnbjørg f. 1820, g. m. Gudleik Knutson Rokne, Synneva f. 1823, g. m. Bjarne Åmundson Hefte, Herborg f. 1825, g. m. Jon Åmundson Hefte, Lars f. 1828, skreddar og handelsmann i Strandvik, Anna f. 1831, g. m. Ivar Vikingson Grjotland. Arnbjørg, Synneva, Herborg og Anna reiste til Amerika.

Tormod vart drepen i 1841 av Viking Rykke. Dei hadde vorte uvener etter at Tormod var utlagd som far for eit barn som han trudde Viking var far til. Tormod var ei sprek slåsskjempe. Ei natt han var komen til Rykke, skal han ha kasta ein stein gjenom vindauga til Viking. Med ein kniv i handi sprang Viking ut, og kona hans sa med det same: Lat meg no sjå der ikkje er noko kalvahjarta i deg. Tormod var komen burtum husi, der han sat i turvande utretningar, og Viking

--- side 62 ---

stakk han i magen. Det synte seg sidan at det var 7 knivstikk. Tormod levde eit par dagar etter, vart svært angerfull og bad for banemannen at han måtte ikkje verta strengt dømd, sidan han såg seg noko skuldande sjølv. Det vart forhøyr, men Viking gjekk fri for straff. Folk undra seg over domen og det gjekk mange rykte um grunnen til frikjenningi.

Anders Olavson f. 1811 var g. m. Torbjørg Larsdr. Bø og fekk farsgarden. Han bytte i 1843 med Steffa og Mikkjel Torleivssøner uti bruk 1 Bryn, budde seinare på Hornve og reiste so til Amerika. Steffa og Mikkjel bytte att same året med Jon Larsson uti eit bruk i Bø, Tjukkeb. Jon selde so 1850 til Arnfinn Larsson Alland for 1200 spd. og reiste til Amerika. Sønene hans Jon skipa i Chicago den store stolafabrikken.

Anfinn var f. 1813, g. 1851 m. Sigrid Monsdr. Teigen, Vossastr. og døydde 1863. Fem born: Marta f. 1853, Gjertrud f. 1854, Brita f. 1856, Anna f. 1859, g. m. Arnfinn Knutson Rykke, gardmann på Graudo, Jon f. 1862, g. m. Ingebjørg Mattisdr. Dukstad. Han fekk farsgarden i 1891 for 4600 kronor. Jon har vore med i fatigstyret, heradsstyret, forstandarskapet for Voss Sparebank og er der med i kontrollnemndi.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 90, lnr. 182 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 5 dalar 12 skill., revidert 4 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,25 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 3. Nedre Gjerdåk. Skyld 40 øre. Skilt frå bruk 1 og selt 1892 til Nils Davidson Gjerdåk. Han selde att 1902 til Ivar Nilsson Lid. Saman med broren, Knut Lid, bygde Ivar Palmafossens sagbruk og var heile tidi formann for drifti av henne og hyvleriet til han døydde 1922. Han var f. 1853 og gift 1896 med Ingebjørg Helgesdr. Uppheim, Vossastr.

Bruk 4. Palmafossen. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 3 i 1897 og selt til Voss Sagbruksinteressentskap.

Bruk 5. Vasslistraumen. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 2 og selt 1901 til Vossavangens Elektrisitetsverk, som let det att 1919 til Bygningskommunen.

Bruk 6. Skyld 77 øre. Oreigna til jarnbanen frå bruk 1 i 1899.

Bruk 7. Skyld 65 øre. Oreigna til jarnbanen frå bruk 2 i 1899.

Bruk 8. Palmatun. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 1 og selt 1914 til Voss herad som tillegg til skulehustufti.

--- side 63 ---

Bruk 9. Gulshagen. Skyld 40 øre. Skilt frå bruk 1 i 1922 og selt til Ivar Refsdal som har bygt der. Han er f. 1889, g. m. Brita Olavsdr. Bjørgum og er tilsynsmann ved Palmafossens Elektrisitetsverk.

Husmenn på Gjerdåk.

I 1701 var det to husmenn: Ivar Mikkjelson f. 1671, sjå bruk 1 Lirhus, og Olav Brynjulvson f. 1661. Jens Sjurson f. 1686, død 1758, hadde borni Gunnhild f. 1724, død 1758, Sjur f. 1725, død 1765, Knut f. 1726, g. m. Anna Olavsdr. og døydde 1780. Dei budde i Vassliæ og hadde dotteri Mari f. 1766. I Vassliæ budde og Lars Knutson i 1752, då sonen Knut vart fødd. Der døydde og gjenta Gudve Torgeirsdr. i 1754. I 1801 var det to husmenn: Ingebrikt Jakobson f. 1727, g. 2. m. Anna Olavsdr. og døydde 1803, Nils Askjelson f. 1731, g. 2. m. Gjertrud Andersdr. og døydde 1813. Jakob Janson, g. m. Asgjerd Brynjulvsdr. fekk sonen Jan i 1830. Dei budde seinare «i Husæ» på Ullestad. Knut Gudleikson, g. m. Ragnhild Knutsdr. fekk sonen Knut i 1832, som vart husmann på Gjelle. Josef Larsson døydde 1861, 34 år gl. som husmann.

Båe bruki hadde kvart sitt husmannsplass i Vassliæ ved Lundarvatnet. Der budde i 1865: Enkjemann Olav Larsson f. 1793, og. døydde 1876, hadde vore g. m. Barbrå Olavsdr. Dei hadde to born: Brita f. 1827 og Olav f. 1834 og ei fosterdotter Brita Larsdr. f. 1845, som gifte seg 1876 med Torgis Andersson Hæve. Ho var dotter åt skreddar Lars Olavson Gjerdåk i Strandvik, umtala på bruk 2. Olav Olavson var sers god snikkar, arbeidde den nye altarringen, nye kyrkjestolar og anna i kyrkja i 1860-åri. Han døydde ugift 1873. Den andre husmannen i Vassliæ var Olav Nilsson f. på Gjerde 1815, g. m. Brita Larsdr. Kyte og døydde 1892. Han feste plasset i 1830-åri og var lenge feiar på Vangen. Dei hadde fem born: Anna f. 1839, Olav f. 1845, g. 1868 m. Gjertrud Styrksdr. En, Nils f. 1851, Jon f. 1854 og Lars f. 1857. Ho Anna var gift 1859 med presten Edvard Hagen, resid. kapellan på Voss 1844-1854. Olav sin son Olav bur i Rongshjedl'n. Nils har sidan 1880 arbeidt på garden åt Gert Meyer i Bergen. Jon budde på Ringheim og var bakar på Vangen. Lars døydde ugift.

Jakob Kristian Jersin, son til soknepresten, bygsla i 1836 på levetidi Jakobshagen på Gjerdåk ovanfor Tvilde. Det var

--- side 64 ---

då udyrka innmark. Jakob var noko rar av seg, men flittig til å arbeida. Han arbeidde upp Jakobsekro og mykje elles i Jakobshagen. Han for utover Raberget ovanfor Tvilde ein myrk kveld og slo seg ihel. Arnfinn L. Gjerdåk løyste inn att Jakobshagen i 1850-åri. Magne Larsson Tvilde fekk i 1894 husmannsfeste på øvre og vestre parten av Jakobshagen og har bygt der. Magne er f. 1870, g. m. Sigrid Kittelsdr. Norheim i Kvam og har mekanisk snikkarverkstad. Lars O. Tvilde fekk ikring 1881 husmannsfeste på eit stykke av Jakobshagen.

Gjerdåk har fått Vassliæ ved byte med Tvilde, som i staden fekk Tvildesmulane og ein skogteig i åsen, er det fortalt. Det kom til sak som enda med semje i 1797. Steinaforretning skal vera halde 1798.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden, er det fortalt i matrikkelen 1723. Det må vera Breiset, der Gjerdåk no har støl. I gamle selet åt bruk 2 ter enno rosor på veggen som ho Arnbjørg, kona hans Brynjulv, måla. Ho skulde vera sers kunnande på ymse måtar.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Gjerdåk i 1723, men i 1776 og 1791 var der to.

Offentlege forretningar.

Rettsmøte var halde 1727, forretning i 1755 um merki mot Tverberg, Skjerve og fleire, og mot Nedre Graudo i 1807, åstadsak 1855, sak mot Gjerde 1862 um Vassliæ, kontrakt 1882 med forsvarsdepartementet um Vassliæ, og jarnbanetakst 1899.

Ymse.

Husi på bruk 1 har fyrr stade ved same tunet der husi åt bruk 2 er, men vart flytte austover og stod i nærleiken av der kårastova no er til dess jarnbanen kom, då dei atter laut flyttast til plassen som dei no har. På bruk 2 vart i 1876 rive rotstove, eldhus og bu, som stod i ei rekkje på tuftene der stovehuset no er. I rotstova var jarnbjelke. Eldhuset og bui var av rundtimber. I bui var to umfar uppå bjelkane til loft, der det var 3 faste sengjar.

God nataskog har det alltid vore på Gjerdåk. Sume år i eldre tid skulde dei få so mykje neter at dei betalte skatten. Ein som stundom vitja Brynjulv og Arnbjørg, har fortalt at i bui deira stod ein stor så på fleire klyvjar full med neter i hams.

Under jarnbanearbeidet kom dei på ei mura steinkiste med store steinhellor til låk. Kista var ikring 5 m. lang og so stor

--- side 65 ---

at ein kunde krypa gjenom henne. Ein konservator frå Bergens Museum sa at kista hadde vore opna fyrr. No var det berre nokre beinrestar att. I 1928-29 pløygde dei noko bakke ovanfor husi hans Jon, og fann då ein spydodde og ein lang kniv, som båe er i museet på Mølster.

Mulane.

Mulane er no namnet på det hyrna av Storåsen som stikk fram ovanfor Tvilde og Gjerdåk. På Gjerdåk sin part syner etter hustufter og at der har vore åker. Det syner på Tvilde sin part og ein stad noko som kann ha vore hustuft. Desse må ha høyrt til den gamle garden Mula, som er umtala i gamle dokument. Sjå på Tvilde der det er umtala 3 mmb. i Mula 1324 og 4 mmb. i 1543. I Bjørgynjar Kalfskinn er meldt at Vangskyrkja åtte 1 laup i Mula.

Gjeraoksmulane heiter no Gjerdåk sin part og Tvildesmulane er Tvilde sin part. Båe bruki på Gjerdåk betalar kvar 39 skilling årleg til Kinsarvik kyrkja for eigedomen på Mulane. På Gjeraoksmulane er ein gravhaug ikkje langt frå dei umtala tuftene som ein konservator frå Bergens Museum opna i 1905. Der er ei steinkiste noko mindre enn den som er umtala på Gjerdåk. Han fann ein stein fint slipt på alle kantar ikring 10 cm. lang 4 cm. breid og 2 cm. tjukk med ei fint arbeidd reife rundt um på kanten. Ei segn fortel at det var på Mulane der fyrst budde folk. Gjerdåk var då ei skoglid. So vart der gjerda noko inn, rudd upp til åker og derav kjem namnet Gjerdåk.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Gjerdåk.

Lars 1710 tavle 4 nr. 104. I 1712 teikna han merket utan tverrstrik på midten. Viking 1712, 1714 t. 5 nr. 1. Lars 1714 t. 5 nr. 2. Same året teikna han t. 3 nr. 3 og i 1737 eit anna merke. Gullov Trondson til huse på Gjerdåk 1715 t. 5 nr. 4. Arve 1739 t. 2 nr. 78. I 1745 sette han merket på hovudet og 1738 teikna han AL drege saman. I 1754 teikna han merket utan skråstreket til høgre og i 1760 teikna han A. Eirik 1749 t. 5 nr. 5. I 1759 og 1761 er merket noko brigda. Olav 1771 t. 5 nr. 6 og noko brigda i 1776. Anders 1776, 1780 t. 5 nr. 7. I seglet åt Anders Brynjulvson er som bumerke ein kross som står på ein runding med eit lite skråstrek i høgre enden. Over merket står A B S. Per 1780 t. 5 nr. 8.