54. Gjerde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 315 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Gjerði. Det vert no sagt Jéré2; han bur pao, è tao Jéré, ska tì Jérés, sms. Jéréshaujén. Endå uttalen no er ulik, må det likevel vera same ord som eit gjerde (jèré), inngjerding.

Det er fortalt at i gamal tid låg husi lenger nede, og at garden då heitte Lunde. Seinare flytte dei husi upp til bøgarden og frå den tid har garden heitt Gjerde. Namni Lundarvatnet, Lundaraokrane, slåtteteigen Lundamyrane og Lundarhovden på Gjerde tyder på, at der har vore ein gard som heitte Lund eller Lunde. Noko av Ringheim, visseleg av Indre Ringheim, er i gamal tid nokre gonger skrive for Lund. Det kann henda at Gjerde eller noko av garden òg då har høyrt til garden Lund. Namnet syner kanskje at der i heiden tid har vore offerlund. På dette tyder og ein liten plass på haugen ovanfor Gjerdeshusi, umhegna med kultestein.

Gjerde var i 1661 heil gard med skyld 6 laup 6 mark og hadde fire brukarar. Landkommisjonen har elles berre sagt at det var ringt med brennefang. I matrikkelen 1723 er skyldi førd upp med 5 laup 2 pund 12 mark og der var fire brukarar. Der var vedaskog til eige bruk og humlagard. Jordi var medels til kornavling og garden var tungvinn. I 1777 var der tri flaumkvernar.

--- side 316 ---

Ved matrikkeleringi 1838 var samanlikningstalet 2500. Det var noko Ute vedaskog og fureskog, er det sagt. Skyldi var likeins som i 1723. Ho vart 1838 umskrivi til 16 dalar 2 ort 20 skill.

I matrikkelen 1865 er for Gjerde ført upp 58,5 mål åker 34,5 mål dyrka eng, 119 mål god, 121 mål medels natureng og 88,5 mål skrapebø. Vårhamni var ring. Sumarhamni var medels, men låg langt burte. Vedaskog, som låg noko ulaglegt og noko timberskog. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 82 mål open åker, 122 mål kunsteng og 85 mål natureng.

På Gjerde budde 36 menneske i 1801, 44 i 1865 og 92 i 1920. Den store aukingi i 1920 kjem av Heradsgarden og Barneheimen.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjerde.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4 28 36
1723 4 49 54 52
1865 5 55 125 146 121
1918 10 45 94

Alf i Gjerde har 9. juni 1326 saman med to prestar på Vangen og ein annan mann utferda eit brev um sverdet som Halldor Duk avstod. Eine seglet i brevet syner eit trikanta skjold og i det ein dyrefot som held eit sverd. Umskrifti um skjoldet ser ut til å vera Anfinn Anfinnson. Underfehirden i Bergen sannkjenner i brev av 1329 (DN. XV. nr. 13) at Alfin i Gerde og Ogmund Ivarson hadde kome med leidangen av Voss til kongsgarden. Det var livdyr, slakt, skinn, smør, salt, korn og anna som er upprekna. Alfin Brynjulvson, som 1396 var sysslemann (kongens umbodsmann) på Voss, var visstnok soneson åt ovanfor umtala Alfin. I 1330 høyrde Alfin på Gjerde og Halldor Duk vitnemål um noko jordgods på Ringheim (DN. II. nr. 176). I brev av 1456 (DN. I. nr. 835) er upplyst at Torleiv Gunnarson og Orm Kavle åtte kvar sin part i Gjerde. Sjå på Graudo um Orm Kavle.

Riddar Jon Smør vitnar i brev frå 1467 (DN. II. nr. 866) at i 1465 avstod Eidrid Sigurdson ein part av Gjerde til Torgunna Eilivsdr., kona åt Arnfinn Isakson. Fire lagrettemenn kunn-

--- side 317 ---

gjer i brev 1460-70 (DN. IX. nr. 358) at ho Torgunna gav Brynjulv Besseson 3 kyrlag i venegåve fordi han stadfeste sitt tidlegare sal av 6 mmb. i Gjerde til mannen hennar. Seks lagrettemenn kunngjer 1475 (DN. VI. nr. 580) at Eiliv Arnvidson og kona hans, Ingerid Gudmundsdr., løyste inn frå Orm Pålson hennar Ingerid sitt jordgods 2½ mmb. i Gjerde og 5½ mmb. i Haugo, Bordalen. I brev av 1490 (DN. VIII. nr. 427) er meldt at Torgunna Eilivsdr. selde til fru Magnhild Oddsdr. 6 mmb. i Gjerde, som Torgunna og mannen hennar, Arnfinn Isakson,


Gjerde.
Bilete 35. Gjerde. Fot. P. Braaten 1935.

hadde kjøpt. Stykson åt Torgunna, Isak Arnfinnson, stadfeste salet.

Oluf budde på Gjerde i 1521 og betalte 1½ mark i skatt og 7 lodd sylv og 1 mark i breffbrot. Halle Atleson har 1562 saman med fleire andre lagrettemenn utferda brev um jordgodset åt Laurits Eilivson Hefte. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte i 1582 1 laup 1 spann Finnegods i Gjerde til kongen. Gullbrand og Halle var brukarar på Gjerde i 1563, Oluf i 1591 og Ivar og Mons i 1603. Eirik åtte 1611 3½ spann i garden. Oluf og Halle var leiglendingar. Mikkjel var øydegardsmann eller husmann. I eit brev utferda på Sandven 1612 er

--- side 318 ---

meldt um eit jordbyte, der Halldor Erlingson Indre Ålvik «formedelst svogerskab» fekk hjå Arne Halldorson, buande på Berge, 1 pund 1 spann i «Overgjerde» på Voss.

Leidangsboki melder i 1624 um to bruk på Gjerde som betalte leidang. Det eine betalte 1 spann smør og 1 bukkskinn med Arnbjørn som leiglending. Det andre betalte 1 pund smør og 1 bukkskinn, der Oluf var leiglending. Etterpå er tilført at jordi var tolleg god til avling. Ryttarskatt er 1627 lagt på odelsgodset i båe bruki. Det eine med odelsgods 4 pund fekk i skatt 3 rd. Det andre med odelsgods 30 mark laut skatta 3½ ort 6 skill.

Sjur åtte 1614 1 laup i Gjerde. Oluf og Arnbjørn er oftare nemnde som leiglendingar 1614-1640. Oluf Løno åtte 1621 1 laup 2 pund 18 mark i Gjerde. Skifte er halde 1637 på Gjerde etter Synneva Persdr. som hadde ått dette jordgodset: 3 spann i Gjerde, 1 spann i Nedre Lemme, 3 mark i Rekve og 3 mark i Staup. Det vart skift millom ein bror og to syster. Hallbjørg Alfsdr., kona åt Viking Brynjulvson, fekk 2 spann i Gjerde og 3 mark i Staup på vegne av far sin, Alf Olufson, som var den nemnde broren. Det er upplyst at ho Hallbjørg hadde «for rum tid» sidan ervt etter far-far sin, Oluf Halleson, 1 pund i Gjerde. Eit brev frå 1647 melder at Sigrid Olavsdr. Lirhus hadde selt 2 spann i Gjerde til Oluf Lauritsson på Gjerde, som var gift med Brita, syster åt Sigrid. Oluf kjøpte og 16 mark av Mikkjel Henrikson, g. m. Ingerid Aslaksdr. og 7 mark av Knut Arneson. Det var to brukarar på Gjerde i 1645: Olav Larsson, g. m. Brita og Knut Knutson, g. m. Ragnhild, som hadde dotteri Barbrå.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset i spann smør og 1 bukkskinn. I 1650 åtte Sehested 4 pund 6 mark Finnegods i Gjerde, som kongen hadde skøytt til han i 1648. På dette var det 1 spann smør 1 bukkskinn i leidang, 1 dalar 1 ort 16 skill. i skatt, 1 ort 10 skill. i fornødspengar, 1 ort 10 skill. i arbeidspengar og 1 ort 211/3 skill. i avgift til jordeigaren. Arnbjørn var leiglending. Apostelgodset åtte dessutan 2 laup ½ pund i Gjerde. Sehested laut skøyta attende til kongen Finnegodset i 1651. Han selde det i 1657 til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 melder at Finnegodset åtte 4 pund i Gjerde, men i Skattemanntalet 1648 står 4 pund 6 mark.

--- side 319 ---

I ei sak um 2 laup på Gjerde i 1655 er upplyst at Margreta Massdr., enkja etter Mass Jensson, sokneprest på Voss, fyrst på 1600-talet hadde ervt 2 laup i Gjerde. Mannen hennar, Jesper Ingebriktson, pantsette det til Anders Lauritsson i Luster. Då han døydde, gjekk dei 2 laup i arv til etterkomarar og vart so selde til Kirsten, enkja åt Jens Schive, fritt for odel. Futen i Ryfylke, Laurits Pederson og kona hans, Helle Jokumsdr., gjorde krav på å få eigna til seg desse 2 laup. Saki vart utsett, og eg har ikkje funne kva utgangen vart.

Det er ført upp to tun på Gjerde i 1655: Midtun og Austretun. Kirsten, enkja etter Schive, åtte 2 laup 6 mark i Midtunet. Brukar var Arnbjørn. Eigarane i Austre tun var: Viking Tvilde 1 laup 9 mark, Nils Giljarhus 1 laup 4 mark, Knut Knutson 6 mark, Olav Jerald 3 mark og Olav Gjerde 1 laup 2 mark. Brukarane var då Knut og Olav. Båe var postbønder. Det var tri brukarar i 1657: Arnbjørn, Steffa og Torstein. Det er nemnt i 1662 at Arnbjørn då åtte jordgods i Eide. På tinget 1671 er han umtala som ein av dei eldste på Voss og som kyrkjeverje «for lang tid sidan i mange aar». I presten sitt manntal 1664 er ført upp desse bønder på Gjerde: Arnbjørn Knutson, Knut Arnbjørnson, Torstein Larsson og Sjur Monsson.

Landkommisjonen har 1661 ført upp: Skyld 6 laup 6 mark. Derav høyrde til Finnegodset 1 laup 1 pund 6 mark og til Apostelgodset 2 laup 12 mark. Johannes Seve åtte 1 laup 3 mark og Klas Miltzow 1 laup 21 mark. Det var ringt med vedaskog. Brukarane var: Arnbjørn, Knut, Torstein og Sjur. Eigarane av Midtunet i 1691 og 1695 var kommissarius Risbrecht 2 laup og Knut 2½ laup. Knut brukte alt. I det andre tunet budde Knut, som åtte 1 laup 1 pund der.

Folketeljingi 1701 har som odelsmann Knut Arnbjørnson f. 1634 og som leiglending Anders Eirikson f. 1664. Som sønene hans er uppskrivne Johannes Sjurson f. 1689 og Sverkve Andersson f. 1695. Sverkve som døydde ugift 1774, var halvbror åt Johannes Sverkveson, umtala på bruk 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjerde. Knut Arnfinnson f. 1727, gift 1753 m. Torbjørg Steffadr. Skjerve, døydde på Store Rokne 1817. Han fekk skøyte 1751 frå mor si på 1 laup 1 spann og kjøpte 1759 av kongen løysningsretten til 1 laup 1 pund 6 mark for 34 rd.

--- side 320 ---

Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. I 1781 bytte Knut med Torgeir Brynjulvson uti 1 laup 4½ mark i Store Rokne og flytte dertil. Torgeir bytte att 1784 med Eirik Bergeson uti ein part i Espeland i Granvin. I 1791 let Eirik garden, 1 laup 1 pund 6 mark, til Lars son sin, og døydde på Gjerde 1813. Lars selde 1801 til Sjur Oddson. Han bytte 1804 med Nils Knutson Tveiti, som var gift med Guri Monsdr. Deira son Knut f. 1796, gift 1838 m. Brita Gitlesdr. Norheim, fekk garden i 1836 og budde der til 1850. Då selde han til Erlend Jonson Lindberg, som selde att 1851 til Lars Nilsson Gjerde. Nils Asbjørnson Tofte kjøpte so garden i 1853 for 1400 spd. Sjå um han på bruk 5. Han selde i 1872 til Knut Torsteinson Dagestad for 1000 spd.

Etter odelssøknad fekk Georg Tofte skøyte på garden i 1875 for 1800 spd. Han var fødd 1850, gift 1877 med Sigvor Andersdr. Kvåle og døydde 1929. Georg var kommandersersjant, medlem av heradsstyret, skulestyret, direksjonen for Voss Veksel- og Landmannsbank og hadde fleire andre tillitsyrke. Då dei ikkje hadde born, let han garden til brorsonen Lars Bartolemeusson Gjerde for 6000 kronor. Han er fødd 1879 og gift 1906 m. Arngunna Brynjulvsdr. En. Lars er snikkar og bygningsmann, har sagbruk, hyvleri og trelasthandel, har vore formann i styret for Voss Handelslag, for Hordaland Meieri sin avdeling på Vangen, medlem av formannskapet og er med i ymse anna kommunalt arbeid.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 54, lnr. 116 med gamal skyld 1 laup 1 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,60.

Bruk 2. Motredet. Skyld 52 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1872 og skøytt til Nils N. Tofte, som bygde og bur der. Motredet var tidlegare husmannsplass. Plasset var overgrott med skog og jordi var full av stein då Nils flytte dertil. Han har dyrka upp heile eigedomen og har vore med på gardsarbeidet til han no er over 90 år gamal. Nils har fått Landbruksselskapet si fortentsmedalje for sitt nybrotsarbeid. Nils er f. 1844 g. m. Rannveig Gusskalksdr. Dukstad f. 1845 som er død. Deira dotter Ingebjørg f. 1868 var g. m. lærar Martin Thorsen, f. 1868, død 1907.

Bruk 3. Arneskåræ. Skyld 12 øre. Det ligg millom Afdal og Taulen og var i gamal tid husmannsplass. Vart utskilt frå

--- side 321 ---

bruk 1 i 1868 og selt til Jon Sjurson Meland. Han selde att til Nils N. Tofte.

Bruk 4. Gjerde. Knut Arnbjørnson fødd 1634, nemnd i 1701 som odelsmann på Gjerde, var gift med «Gunve» Larsdr., som døydde 1715. Knut døydde 1716. Knut må vera son åt den Arnbjørn som ovanfor oftare er nemnd som brukar på 1600-talet. Gunve var g. 1. m. Endre. Ved skifte 1715 åtte Knut og Gunve 4 pund 6 mark i Gjerde etter makabyte i 1696 med Klas Miltzow, og 2 laup 12 mark i midtunet etter skøyte 1708 frå kommissarius Risbrecht, tilsaman 3 laup 1 pund 18 mark, verdsett til 215 rd. Knut og Gunve åtte dessutan 2 laup 2 pund i Bokkatun og 1½ laup 9 mark i Veka. Nettomidelen til å skifta var 404 rd. 4 mark 10 skill. Knut var ofte lagrettemann i tidi 1671-1702. Han bygsla i 1708 4 pund til Knut Larsson. Ho Gunve hadde med Endre sonen Eirik og dotteri Gjertrud som vart gift med Mons Andersson Ukvitno. Eirik g. m. Ingebjørg Hallesdr., var leiglending på Gjerde 1714, 1723 og seinare. Han døydde 1741 og hadde borni: Endre, Askjel, Brita, g. m. Styrk Norekvål, Gudve, g. m. Kjel Lid, Rd., Kari f. 1716 og Ragnhild f. 1722. Med Knut hadde Gunve dotteri Ragna, g. m. Mons Larsson Fenno. Dei hadde tri born: Sigtru, Brita, g. m. Knut Larsson Bø og Synneva f. 1695, g. m. Knut N. Kvitno.

Sigtru Monsdr. Fenno f. 1687, var g. 1. m. Arnfinn Åmundson Bokkatun f. 1679, død 1733, 2. 1738 m. Knut Mattisson Ringheim død 1749. Arnfinn bygsla 1719 av Hans Risbrecht og «kjæresten» hans, Elsa Maria Lillienskjold, 2 laup 12 mark og kjøpte av dei odelsretten til dette jordgodset. Ved skifte etter Knut åtte buet 1 laup 1 pund 206/7 mark i garden. Han hadde ein «frillesøn» Sjur Knutson, som han ættleidde i 1745. Arnfinn og Sigtru hadde desse borni: Åmund, Knut, Jorunn f. 1718 og Ragna f. 1731. Båe gjentone døydde ugifte. Framhald um Knut på bruk 1. Åmund Arnfinnson f. 1711, var gift 1736 m. Brita Arnfinnsdr. Skulestad og døydde 1755. Ved skifte 1755 åtte dei 2 laup 12 mark etter skøyte 1736, 1739 og 1753, men hadde late noko av det til sonen Arnfinn. Fire born: Arnfinn f. 1736, Olav f. 1741, Ingebjørg f. 1739, Ingebjørg f. 1741. Olav døydde ugift i Kjøbenhavn 1763. Ingebjørg d. e. var gift 1772 m. ekm. Lars Hallsteinson Fenno. Ingebjørg d. y. gifte seg 1779 m. ekm. Ivar Andersson Flatlandsmoen.

--- side 322 ---

Arnfinn Åmundson var g. 1. 1758 m. Ragnhild Mattisdr. Mølster, 2. 1780 m. Ragnhild Nilsdr. Jerald og døydde 1795. Han fekk skøyte 1754, 1758 og 1761 på tilsaman 2 laup 6 mark. Med fyrste kona var det fem born: Mattis f. 1761, Åmund f. 1765, Olav f. 1770, Sigtru f. 1760, Brita f. 1768. Med andre kona fire born: Nils f. 1786, Arnfinn f. 1790, Ragnhild f. 1781 og Ingebjørg f. 1784. Åmund var gift 1799 m. enkja Ragnhild Olavsdr. Store Hornve. Sigtru gifte seg 1812 m. ekm. Erlend B. Sivlesøynæ. Brita var gift 1812 m. Kolbein Larsson Rogne. Nils var med i krigen mot Sverike. Namnet hans står på Veteranbautaen. Ragnhild var g. 1820 m. ekm. Nils Masson Bauthus. Ingebjørg gifte seg 1810 m. Åmund Øyelson Ulven.

Mattis Arnfinnson gifte seg 1. 1792 m. Guri Brynjulvsdr. Øvsthus, 2. 1796 m. Ingebjørg Bjarnesdr. Mølster. Han fekk skøyte 1790 og 1796 på tilsaman 2 laup 12 mark i Gjerde. Med Guri fekk han sonen Arnfinn f. 1792 og med Ingebjørg fire born: Bjarne f. 1809, Guri f. 1797, Brita f. 1799, Ragnhild f. 1804. Arnfinn bleiv i Vossavåkjæ 1828 på ein køyretur saman med seks andre ungdomar. Bjarne døydde ugift 1844. Brita var gift 1849 m. ekm. Nils Ivarson Rekve («Rynningjen»), Ragnhild gifte seg 1854 m. Knut Bjarneson Røyrlidi. Guri gifte seg 1835 med Torbjørn Gitleson Bø f. 1801. Ho fekk skøyte 1829 på farsgarden. Ho døydde 1881 og han 1885. Born: Arnfinn f. 1835, Gitle f. 1837 og Mattis f. 1844. Arnfinn og Gitle reiste til Amerika. Mattis gifte seg 1870 m. Margreta Knutsdr. Finne og døydde 1889. Farsgarden fekk han 1868 for 700 spd. Dei hadde sonen Torbjørn f. 1870. Han gifte seg 1891 m. Kristi Johannesdr. Rekve, fekk farsgarden og døydde 1917. Deira son Mattis f. 1891, gift 1916 m. Berta Sjursdr. Bjørgo or Evanger, fekk garden etter foreldri sine. Han døydde 1929 og garden vart seld 1931 for 29 000 kronor til lektor Andreas Leiro. Han er f. 1892 og g. m. Ingebjørg Eiriksdr. Ringheim.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 54, lnr. 117 med gamal skyld 2 laup 12 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,98 etter at bruk 14 er skilt frå.

Bruk 5. Gjerde. Johannes Sverkveson, leiglending på Seve i midten av 1600-talet, åtte 2 laup 1 pund i Gjerde. I odelssak 1763 på Gjerde er upplyst at Johannes hadde to søner: Sverkve J. Gjerde og Lars Johannesson Seve. Sverkve fekk 1 laup 1 pund i Gjerde. Etterkomarane hans har sidan butt der og

--- side 323 ---

budde der framleies 1763. Han var farfar åt mor til Kristi Johannesdr., som var gift med Anders Halleson Gjerde. Sjå um dei nedanfor. Lars J. Seve eller Vinjo fekk 1 laup i Gjerde. Dette jordgodset var det dei hadde sak um. Lars budde på Gjerde til han fanga hevd på jordi. Son hans, Johannes L. Berge, som var far åt Brita, bytte til seg 1 laup i Berge og let 1 laup i Gjerde, som Erling Rognaldson fekk i 1730. Han selde til Velom Nilsson Langeland i 1732, som i 1733 bygsla 1 laup 6 mark til nemnde Erling og i 1737 til Knut Olavson.

No skal me gå attende til sonason åt ovanfor nemnde Johannes Sverkveson. Han heitte og Johannes Sverkveson, var fødd 1689, gift 1714 m. Brita Jakobsdr. Høyland og døydde 1737. I kyrkjeboki står at han «havde i 13 aar ligget fra sin forstand sluttet i jern, men døde nogenlunde med forstanden». I 1709 fekk Johannes skøyte på 1 laup i Gjerde. Han og Brita hadde tri born: Kristi f. 1715, Brita f. 1716 og Begga f. 1720. Ho Brita gifte seg 1748 m. Mikkjel Rikolvson Fitjo. Som fyrr nemnt var Kristi Johannesdr. g. m. Anders Halleson frå Lid. Dei fekk skøyte 1734 frå mor hennar på 4 pund og i 1741 frå Velom N. Langeland 1 laup som Kristi hadde odelsretten til, tilsaman 2 laup 1 pund. Anders døydde 1779, 80 år gl. Dei hadde fem born: Halle, Johannes f. 1745, Ingebjørg f. 1742, Brita f. 1752, Steinvor f. 1756. Johannes budde i Bergen. Ingebjørg var gift 1776 m. Anders Sjurson Davidhaug. Brita gifte seg 1. 1769 m. Torbjørn Knutson Løno, 2. 1781 m. Anders Eirikson Osgjerd. Steinvor fekk kongeløyve til å gifta seg 1780 m. Brynjulv Åmundson Graudo, skriven for Tròdo i 1794.

Halle Andersson f. 1735, vart gift 1. 1768 m. Barbrå Knutsdr. Løno, 2. 1771 m. Gunnvor Åmundsdr. Graudo. Han fekk skøyte frå far sin i 1763 på 1 laup og 1777 på 1 laup 1 pund. Halle døydde 1778. To born med Gunnvor: Barbrå f. 1776 og Anders f. 1773. Anders gifte seg 1796 m. Brita Torsteinsdr. Ringheim og døydde 1797. Dei hadde dotteri Gunnvor f. 1797. Ho Brita var gift 2. 1798 m. Anders Torbjørnson Løno. Brita døydde 1803 og Anders gifte seg 1805 m. Margreta Ivarsdr. Lydvo. Anders Halleson fekk garden i 1787 og Anders Torbjørnson i 1798 og 1806. Ved skifte etter Anders Halleson var garden verdsett 690 rd. Bruttomidelen var 914 rd. Anders Torbjørnson døydde 1866 og hadde med Brita fire born: Anders f. 1799, g. 1825 m. Kari Brynjulvsdr. Vetla Grovu, budde

--- side 324 ---

på Taulen. Torstein f. 1800 g. 1847 m. Magli Larsdr. Alland. Torbjørn f. 1801, g. 1844 til Melve med enkja Brita Nilsdr., Nils f. 1803 g. 1832 m. Brita Arnfinnsdr. Ringheim, husmann i Spelarehaugen på Ringheim.

Med Margreta hadde Anders Torbjørnson seks born: Ivar f. 1806, g. 1841 m. Sigrid Tormodsdr. Ringheim, gardmann på Vike, Brita f. 1807, g. 1832 m. Lars Andersson Fitjo, gardmann på Grevle. Ingjerd f. 1811, g. 1838 m. Knut Ingebriktson Ringheim, gardmann på Afdal, Anna, g. m. Eirik Nilsson


Heradsgarden.
Bilete 36. Heradsgarden. Fot. P. Braaten 1935.

Gilbakken, Vossastr. Kari f. 1812 g. 1846 m. Rognald Olavson Stalheimsøynæ, Kristi f. 1814, g. 1863 m. ekm. Lars Ivarson Ringheim.

Gunnvor Andersdr. f. 1797 gifte seg 1820 m. Torbjørn Andersson Tròdo. Ho fekk skøyte på farsgarden i 1819. Torbjørn fekk farsgarden sin på Tròdo. Sjå meir um dei på Tròdo. Eldste sonen deira, Anders f. 1832 fekk garden på Gjerde ved skifte etter far sin 1854. Anders reiste til Amerika og Nils Jæger kjøpte garden 1860 og skøytte han på sonen Emanuel. Nils Jæger dreiv ut timberskogen og selde so garden til Nils Asbjørnson Tofte. Han var frå Hallingdal, var g. m. Elisabet

--- side 325 ---

Bergitte Jørgensen og døydde 1877, 72 år gl. N. Tofte dreiv 15 år i Bergen som fargemeister, hadde so garden Fet i Kvinnherad i 10 år og kom deretter til Voss. Born: Sara f. 1838, Nils f. 1844, Bartolemeus f. 1846, Katrina f. 1847, Georg f. 1850, Elisabet f. 1853 og nokre som er reiste frå Voss. Sara vart gift 1865 m. Johannes N. Lutro i Ullensvang. Katrina gifte seg til Lydvo i 1870 m. Gusskalk Masson. Georg sjå bruk 1. Elisabet var gift 1881 m. Kolbein Kolbeinson Tveito på Vossastr. Nils gifte seg 1867 m. Rannveig Gusskalksdr. Dukstad og fekk skøyte på garden i 1866 for 1700 spd. Han bur no på Motredet, bruk 2. Broren Bartolemeus fekk garden for same pris i 1876. Han var g. 1. 1870 m. Kristense Larsdr. Gjøastein, 2. 1887 m. Steinvor Brynjulvsdr. Ringheim og døydde 1920. Sonen Lars fekk bruk 1 i 1906.

Voss Heradsgard. Voss herad kjøpte bruk 5 i 1898 for 10 750 kronor. Heradet bygde nye hus på garden etter utskiftingi. Dei gamle husi stod fyrr saman med husi på dei andre bruki. På Heradsgarden får over 30 gamle menn og kvinnor som ikkje kann syta for seg sjølve, upphald. Styrar no er Anders Rude.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 54, lnr. 118 med gamal skyld 2 laup 1 mark, urevidert 6 dalar 3 skill., revidert 5 dalar 2 ort 16 skill. Ny skyld mark 7,42.

Bruk 6. Lundarhovden. Skyld 15 øre. Skilt ut frå bruk 5 i 1881 og selt til kaptein F. O. Ingvoldstad. Voss Barneheim kjøpte eigedomen i 1910. Sjå bruk 9.

Bruk 7. Gjerde. Skyld 29 øre. Utskilt frå bruk 5 i 1879 og selt til Per Person Gjerde. Han var frå Egdetveit, g. m. Brita Larsdr. Gjøastein. Dei hadde fyrst husmannsfeste på jordstykket, rudde det upp frå nyo og bygde der. Knut Arnfinnson Møn kjøpte eigedomen i 1914. Medan det var plass, var det vanleg kalla Tornehaugen. Knut er f. 1868 g. m. Brita Torsteinsdr. Herre og har tidlegare drive hellebenk.

Bruk 8. Kvitheimsåsen. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 5 i 1871 og selt til Mattis T. Gjerde og Knut T. Dagestad. Olav Andersson Kvåle kjøpte eigedomen i 1901 og bur der. Olav er f. 1843 og g. m. Kristense Torsteinsdr. Seim, Gullfj. Kvitheimsåsen var fyrr husmannsplass • og var kalla Sjedikane. Likeins bruk 10. Segni fortel at det er kome under Gjerde ved byte med Øvsthus, som i staden fekk noko i Nesheimsøyane.

--- side 326 ---

Gjenta Kristi Olavsdr. f. på Nyre kring 1775 budde på Sjedikane. Ho var uvanleg flink til å veva og sy nastdukar, bringklutar skjortor, fyreklæ o. l.

Voss Barneheim. Bruk 9. Lundarhovden. Skyld 20 øre. Skilt ut frå bruk 4 i 1893 og selt til kaptein Frants O. Ingvoldstad. Sjå bruk 6. Han bygde husi der og dyrka mykje. Ingvoldstad var f. 1845, g. m. Josefine Hansen og døydde 1909. Voss Barneheim kjøpte bruk 6 og 9 i 1910 for 13 000 kronor. Kjøpesummen for eigedomane er gjeven av vossar i Amerika. Ved friviljuge gåvor på Voss er kome inn det som har gått med til innbu og til turvande vølingar på husi. Til Barneheimen er gjeve legat på tilsaman ikring 130 000 kronor. Noko av det er gjeve på Voss, men mesteparten er frå vossar i Amerika. Sume har gjeve upp til 5000-7000 kronor, Anders Kvåle og kona har gjeve ikr. 90 000 kronor. Rentone av desse legat vert nytta til drifti. På heimen plar det vera ikring 20 born i alderen frå 2 til 15 år. Styrar no er syster Eldrid Sindre.

Bruk 10. Kvitheimsåsen. Skyld 40 øre. Skilt frå bruk 1 og 4 i 1895 og selt til Olav A. Kvåle. Sjå bruk 8.

Bruk 11. Gjerde. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 5 i 1898 og selt til Eirik N. Ringheim, som i 1904 har late det til Nils, son sin.

Bruk 12. Motredet. Skyld 45 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1909 og selt til Brita Johannesdr. Rekve. Det var tidlegare husmannsplass. Ho er g. m. Lars Andersson Dukstad f. 1879.

Bruk 13. Vasslihagen. Skyld 13 øre. Skilt frå bruk 4 i 1931 og selt til Brita J. Dukstad.

Bruk 14. Nytun. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1931 og selt til Berta Sjursdr. Gjerde f. 1893. Ho var g. m. Mattis Torbjørnson Gjerde f. 1891, død 1929.

Matrnr. 54, lnr. 118 b. Taulen. Skyld 3 ort. Skilt ut frå bruk 5 i 1861 og selt til Torkjel Person Kvårmo. Ved kongelegt vedtak 1869 er denne parten førd over til Vossastrondi. Båe bruki i Taulen har i eldre tid høyrt under Gjerde. Gjerde eig nokre slåtteteigar i Nesheimsøyane.

--- side 327 ---

Husmenn på Gjerde.

Per Olavson døydde som husmann på Gjerde i 1779. Kona hans, Kari Eliasdr., levde att. Ikkje born. På plasset Gjerdesteigen budde Lars Jensson, som døydde 1788. Kona hans, Herborg Vikingsdr. levde etter han. Barnlause. Lars Knutson g. m. Magli Larsdr. budde på Sjedikane. Båe døydde 1804. Born: Lars f. 1786, Knut f. 1788. Lars var med i krigen mot Sverike og døydde ugift 1841. Namnet hans står på Veteranbautaen. Husmann Åmund Torgeirson døydde 1810. Han var g. m. 1. Barbrå Nilsdr., 2. m. Torunn Sjursdr. Med Barbrå hadde han sonen Torgeir og dotteri Brita f. 1781. Olav Larsson g. m. Gudve Larsdr. var husmannsfolk på Gjerdesteigen 1786 og 1801 og hadde dotteri Brita f. 1786. Husmann Nils Arnfinnson Gjerde gift 1825 m. Gudve Knutsdr. Lid er død 1846, 60 år gl. Dei hadde borni Knut f. 1828, Åmund f. 1830 og Ragnhild f. 1835.

I folketeljingi 1865 er skrive upp som husmenn på Gjerde: På Motredet under bruk 1 Olav Andersson (døydde 1871) med kona Marta og søner Ingebrikt f. ikr. 1841 og Olav. I Hagen var Anders Hallesson, 44 år gl., med kona Marta Hallsteinsdr. og son Anders. På Motredet under bruk 4 Lars Olavson (som døydde 1908) med kona Anna Nilsdr. Dette plasset er no bruk 12. På Kvitheimsåsen (Sjedikane) var Åmund Nilsson (som døydde 1892) med kona Ragnhild Nilsdr.

På bruk 5 har no bygningsmann Ivar Ukvitno plass. Mikkjel Larsson frå Lassahaugen hadde fyrst plass på Eggjane, deretter i Rongshagen, so i Breisdalen på Vetle Ringheim 4 år og sidan på Graos-teigen. Han var felespelar, spelte ofte i brudlaup og i jolalag på Vangen hjå dei kondisjonerte. Mikkjel var god skreddar og sers flink til å arbeida skinnklæde. Han døydde 1898, var g. m. Guri og hadde mange born. Foreldri hennar Guri, Rasmus og Bryttva, hadde fyrst plass på Grevle, men seinare i Breisdalen på Gjerde. Rasmus var staotar, d. v. s. han hadde å jaga framande tiggarar ut or bygdi.

Stølar.

Det var ikkje støl til garden er det skrive i 1723. Fyrr i tidi skal alle på Gjerde ha støla på Føyningen. Der syner endå hustufter. Vårstøl har dei havt i vest for Bavadl, men bruker

--- side 328 ---

han ikkje no. Bruk 1 har ikkje støl no. Bruk 4 og 5 har sumarsstøl på Kvitanòsæ, men har ikkje brukt han sidan ikring 1860. Bruk 5 har sumarsstøl på Mulen i Brekkedalen, Vossastr. som Nils A. Tofte kjøpte.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Gjerde i 1661, men i 1723 var det to flaumkvernar og i 1776 og 1791 var det tri kvernar. Eit bruk har havt kvern i Gjerdskvålsgrovi som nolevande folk kann minnast.

Offentlege forretningar.

Odelssaker var fyre i 1655 og 1763, sak 1698 millom Ringheim, Gjerde og Tròdo um fjellstølen Føyningen, åstadsak 1755, kommisjonsforlik 1836 um beiting, utskifting 1842, 1895, sak um tiendi 1850 og mot Gjerdåk um plasset Vassliæ 1862. For bruk 1 og 5 var kontrakt sett upp um bruk av Grjotlandsbrui, utskifting med Grjotland 1900 og skilsdom 1910 um merki i Lønaøyane. For bruk 5 er og å merka fredlysing i 1814. - Ved utskiftingi 1895 laut bruk 5 flytta husi sine. Fyrr var det 29 hus i ei klyngje som høyrde dei 3 hovudbruki til.

Ymse.

Gamle folk har fortalt at Gjereshaugen har vore gravhaug. Der skal vera funne ei steinkiste. Hellene frå henne vart nytta til tropp- og dørhellor. Ein har ikkje høyrt um noko anna fund der. - Gjerde har frå gamalt havt ein samanhangande forskot-åker på ikring 22 saldså som var namngjeten av di han kunde gjeva god avling korleis veret arta seg i vokstertidi. Eit gamalt herme etter ein mann fortel, at han meinte å kunna bu utan onnor lukke, dersom han berre åtte Gjerdes-aokùren.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Gjerde.

Knut 1710, 1711 tavle 3 nr. 73. I 1714 er det brigda. Johannes 1715 t. 3 nr. 74, brigda noko i 1727. Eirik 1715, 1717 t. 3 nr. 75. Anders 1722 t. 3 nr. 76. Anders Eirikson har 1737-1752 brukt 3 ymse merke. Anders 1756-1766 har brukt 3 ymse merke. Arnfinn 1724, 1727, 1728 t. 3 nr. 77. Det er snutt um i 1732. Åmund 1747, 1750 t. 3 nr. 77. Arnfinn 1769-1784 t. 3 nr. 77. Arnfinn Åmundson teikna dette merke med litt brigde i 1789. Erling 1734, 1736 t. 3 nr. 78. Knut 1738 t. 1 nr. 5. Åmund 1752, 1753 t. 3 nr. 79. Knut 1767-1776 t. 3 nr. 80, noko brigda i 1769. Halle 1773, 1776 t. 3 nr. 81. Knut Andersson 1781 t. 3 nr. 82. To andre merke i 1782 og 1783. Eirik Bergeson 1784-1789 t. 3 nr. 83.