60. Gjerdskvål.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 352 ---

Namnet vert i 1389 skrive a Gerdishuale. Det vert no sagt Jèrskvaol1; han búr pao, è tao Jèrskvaol, ska tì Jèrskvaols. Namnet er samansett av gn. gerði (gjerde) og hváll m. liten haug.

Landkommisjonen har i 1661 ført Gjerdskvål upp som halv gard på 2 lp. 1 pund 21 mark i skyld med ein brukar. Elles er sagt at det var ringt med vedaskogen. I 1723 var skyldi 2 laup 1 pund 21 mark, og det var to brukarar. Garden hadde vedaskog og ein liten humlagard, var tungvinn, årvand og minder skikka for korndyrking. Skyldi var den same i 1838 og er då umskrivi til 5 dalar 23 skill. Då var der tri brukarar, brennefang og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 780.

Matrikkelen 1865 har to eigarar. Der var 261/3 mål åker, 10 mål dyrka eng, 24 mål god, 64 mål medels natureng og 48 mål skrapebø. Hamni var ring. Der var vedaskog, men ikkje timberskog. Garden var medels lettbrukt, utsett for turk og dyrka som vanleg. I 1918 var det 28,5 mål open åker, 43,5 mål kunsteng og 25 mål natureng.

På Gjerdskvål budde 26 menneske i 1801, 22 i 1865 og 19 i 1920.

--- side 353 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjerdskvål.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   20   15          
1723 2   20   24   20      
1865 2   23   57   58   61  
1918 4   21   38          

Gjerdskvål.
Bilete 39. Gjerdskvål. Fot. P. Braaten 1935.

Bjørgynjar Kalfskinn syner at Vangskyrkja då åtte ½ laup i Gjerdskvål. Erling på Gjerdskvål er i brev frå 1365 (DN. VI. nr. 266) uppnemnd til saman med fem andre å døma i saki mot Valtjov på Rogne um kvernavatnet. Erling Halldorson Gjerdskvål vitnar i 1389 um eit makebyte millom Brekku og Bolstad. Havtor Gjermundson Gjerdskvål var gift med Gunnhild Askjelsdr., dotter åt A. Torsteinson Bjørku og syster åt «Rike Torstein». Ho Gunnhild var truleg fødd etter 1450 og gift etter 1480. Havtor må ha levt 1521, men er ikkje førd upp på Gjerdskvål korkje 1521 eller 1563. På Gjerdskvål må han ha butt

--- side 354 ---

fyre 1521. Seinare har han visst butt i Hardanger, truleg Lofthus. Både Havtor og Gunnhild må vera døde fyre 1555.

Millom borni deira var sonen Gjermund Havtorson, som var gift med Birgit Gudmundsdr. Skattemanntalet av 1563 syner at dei var busette i Indre Ålvik. Han var nærmaste erving til hustru Ingas jordgods eller Rike Torsteins arv etter foreldri sine. I lange tider var det sak um denne arven, og Gjermund vart skulda for at han hadde kara til seg meir enn han hadde rett på. Odelsskifte etter Gjermund og Birgit er halde på Indre Ålvik i 1597 millom dei to sønene Havtor og Olav. Olav fekk då 1 laup 12 mark i Gjerdskvål. Eit diplom frå 1592 i Bergens Museum fortel at Olav etter foreldri sine fekk 1 laup 10 mark i Gjerdskvål, og at Grevle og Gjerdskvål hadde ein timberskog på Håtveit. På Fenno budde Hagtor Larsson f. 1661. Kann henda at han er etterkomar av Havtor og Gunnhild, og at Havtor i so tilfelle er vorte til Hagtor. I diplom frå Valland 1599 er umtala Olav Gjermundson Myklebostad, som må vera ovanfor nemnde Olav Gjermundson.

På Gjerdskvål er ført upp som brukar i 1521 Oluff. Hau betalte 1 mark smør i skatt og 8 mark i breffbrot. I 1563 var det to brukarar, Ivar og Sjur. Kyrkjerekneskapen for 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk ½ pund smør i landskyld av eigedomen sin på Gjerdskvål. Knut var einebrukar i 1591 og 1603. Han har som lagrettemann i 1590 vore med på eit tingsvitne um ein slåtteteig på Lemme. Som brukarar var der to Knutar i 1611, og Knut og ei enkje i 1614. Knut, mannen hennar, hadde ått 1 laup i garden i 1611, som ho åtte i 1614. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Gjerdskvål var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset, 1½ spann, med skatt 3 ort 9 skill.

Jon var einebrukar 1621 og 1629. I 1635 heiter det at Jon var leiglending på 2½ laup og «Haluor» har betalt odelsskatt for 10 laup 18 mark jordgods, som han altso har ått. I 1636 har Halvor betalt denne odelsskatten. Halvor (eller Haluor) må vel vera Halldor Erlingson Indre Ålvik som desse åri må ha butt på Gjerdskvål. Han var son åt E. Halldorson Rogne. Halldor var gift med Anna Havtorsdr. og fekk med henne Indre Ålvik. Ho var sonedotter åt ovanfor umtala Gjermund Havtorson. Lensmannen i Øystese kunngjer i 1612 at Arne Halldorson og Halldor Erlingson som var «svograr», var samde

--- side 355 ---

um noko jordgods. Halldor skulde ha 1 laup og 1 hud i Djønno i Kinsarvik, 1 laup salt i «Agder udenfor Djønne» og 1 pund smør og 1 spann korn i «Overgjerde» på Voss.

Ved makebyte 1649 har Folkvard Broderson late noko i Gjerdskvål til kongen. Knut Ivarson gift fyre 1645 med Kristi, var einebrukar i 1640 og 1645. Han og Jon Lauritsson Såkvitno selde i 1647 si odelsjord i Djønno, Åkre og Indre Ålvik til Gunnar Ivarson Djønno. Knut var frå Djønno og bror til Gunnar. Ho Kristi er truleg dotter åt Halldor Erlingson Indre Ålvik. Knut har visst fått Gjerdskvål med henne. I 1652 og 1659 var Knut og Jon brukarar og hadde kvar 1 laup 22½ mark. Jon var stemnd i 1657 fordi han har forsømt å skyssa og laut bøta 3 lodd sylv. I 1658 er han stemnd for skjellsord, men møtte ikkje då. Det var fire brukarar i 1661: Jon, Håkon Person, Knut Ivarson og Olav Rasmusson. I 1664 var det Knut Hallvorson og Olav Mlkkjelson. Knut hadde då sonen Anders f. 1648.

Kyrkjerekneskapen 1652 syner at Vangskyrkja åtte 9 mark i Gjerdskvål og fekk 9 mark smør i landskyld. Folkvard Broderson åtte 2½ laup. Munkeliv var eigar av desse 2½ laup i 1659 og 1661, deretter Hermann Garmann som kjøpte det i 1662. Ervingane hans har skøytt det 1677 til Klas Miltzow. Hans Akselson åtte det i 1691. Olav har butt der i 1670 og vitna då at han hadde hogge timber i Almenningen. Knut likeins. Rettsboki for 1674 syner at Ivar og Velom budde på Gjerdskvål då. Ivar hadde nemleg slege Velom og kona hans med ein staur i og fekk bøta 2 riksdalar for denne moroen. Velom og Erling var brukarar i 1691. Folketeljingi 1701 fører upp to brukarar: i Johannes Steffason, 42 år, med sonen Anders f. 1689 og enkja Gudve Eiriksdr. Sjå vidare um henne på bruk 3. Boye Ravnsdorfs ervingar åtte 1714 1 laup 6 mark, brukarane 4 pund 6 i mark. Dei åtte i 1723 2½ laup. Vangskyrkja åtte både 1714 og 1723 9 mark. Kongen selde dette jordgodset saman med Vangskyrkja i 1723.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. (Nigarden). Sjur Steffason f. 1678 var gift med Abelone Steffadr. og døydde 1733. Han bygsla i 1705 1 laup 18 mark i Gjerdskvål av Hans M. Rødberg og fekk skøyte på det 1706 frå Hans Flint. Ho Abelone gifte seg att i 1734 med Mattis

--- side 356 ---

Eirikson Afdal. Han kjøpte i 1734 tilsaman ½ laup i garden, Abelone åtte 2 pund 6 mark etter skiftebrev 1734. Mattis er skriven for Gjerstad i 1744 og selde då 1 laup 18 mark i Gjerdskvål til Magne Andersson. Han var fødd 1709, gift 1. med Brita Helgesdr., 2. 1758 med Sigrid Olavsdr. Uppheim og døydde 1790. Med Brita hadde han dotteri Mari f. 1747 og med Sigrid dotteri Brita f. 1759. Mari vart gift 1778 med Ivar Larsson Saude.

Brita Magnesdr. gifte seg 1782 med Lars Larsson Skulestad. Han døydde 1803, 53 år gl. Ho Brita fekk skøyte frå far sin i 1778 på 1 laup 18 mark i garden for 298 rd. Lars selde i 1799 til Sjur Ivarson 1 pund 21 mark. Han selde atter same året til Styrk Jonson Holo. Styrk var gift med Anna Knutsdr. og døydde på Gjerdskvål 1838, 84 år gl. Styrk dreiv noko med jarnvinning. Dei hadde fire born: Knut f. 1799, gift 1. 1824 med Rannveig Larsdr. Setre, 2. 1846 med Sigrid Eiriksdr. Skjerve, Sjur f. 1810, husmann på Teigen, Gjerdskvål, Kristi, gift 1821 med Knut Torleivson Rognås, Nordre Aurdal i Valdres, Guri f. 1806, gift 1837 med Odd Eilivson Hjellen, Vossastr.

Knut Styrkson fekk ikkje gardparten åt far sin av di han var so drikkekjær, er det fortalt, men systri Kristi fekk han. Knut trette ut att systri og Knut Torleivson. Dei reiste so til Nordland. Ein etterkomar av dei, Jakob Knutsen i Lødingen, har skrive i 1931, at Knut Torleivson reiste til England og vart borgar av landet. Då Krimkrigen braut ut, laut Knut gå med i krigen. Der utmerka han seg so at han vart adla då han kom heim att til England. Seinare slo han seg ned som stor skipsreidar i Liverpool. Borni deira skal bu der i gode kår. J. Knutsen har fått greida på ikring 400 etterkomarar etter Knut og Kristi, oldeforeldri hans.

Lars Larsson og Brita Magnesdr. hadde seks born: Magne f. 1787, Lars f. 1792, Olav f. 1794, Gunnvor f. 1784, Brita f. 1789 og Sigrid f. 1801. Lars vart gift 1820 med Barbrå Olavsdr. Ygre. Olav gifte seg 1824 med Barbrå Andersdr. Vætesbøen. Sigrid vart gift 1833 med Knut Oddson Himle. Gunnvor gifte seg 1819 med Olav Andersson Nedre Rykke. Magne var gift med Sigtrud Knutsdr. Rong og døydde 1867. Han fekk skøyte i 1811 frå mor si på 1 pund 21 mark og i 1838 frå Knut Styrkson på 1 pund 21 mark, tilsaman 1 laup 18 mark. Magne dreiv med snikkararbeid ved sida av gardsbruket og skulde vera flink

--- side 357 ---

til å brenna brennevin. Det var fem born etter dei: Lars f. 1819, Knut f. 1821, Svein f. 1828, Olav f. 1830 og Lars f. 1837. Knut døydde ugift 1859. Svein var gift 1855 med Marta Olavsdr. En og budde på En. Olav gifte seg 1867 med Torbjørg Nilsdr. Dukstad og fekk gard på Dukstad. Lars d. y. er umtala på bruk 2.

Lars Magneson d. e. var gift 1869 med Sigrid Brynjulvsdr. Lemme og døydde 1889. Han fekk farsgarden i 1848 for 600 spd. Fire born: Brita, Olav, Guri, som alle døydde ugifte, og Anders f. 1879, som reiste til Amerika. Eirik Oddson Klyve kjøpte garden i 1902 for 8000 kronor, selde att 1916 for 13000 kronor til Olav Larsson Rekve og budde seinare i Almenningen, Rd. Olav Rekve var f. 1877, g. m. Johanna Olavsdr. og døydde 1918. Enkja tok då undav bruk 5, og bruk 1 vart selt same året til Bendik Janson Flæte frå Arnefjord i Sogn og skøyte utferda 1928 for 18 000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 60, lnr. 124, 125 med gamal skyld 1 laup 22½ mark, urevidert 2 dalar 3 ort, revidert 3 dalar 9 skill. Ny skyld mark 3,95 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Gjerdskvålsteigen. Vart utskilt frå bruk 1 i 1889 med skyld 40 øre og selt til Lars Magneson Gjerdskvål d. y. Han var fødd 1837, gift 1869 med Eli Brynjulvsdr. Lemme og døydde 1927. Han dreiv mykje med kardearbeid. Millom borni deira var Knut og Olav. Knut f. 1871, var g. m. Eli Sjursdr. Lid. Han var lærar i Palmafossen og døydde 1904. Olav er fødd 1883, gift 1909 med Kristina Larsdr. Norekvål. Han fekk i 1923 skøyte på eigedomen etter foreldri sine. I lang tid har han drive hellebenk, på Lemmesteigen.

Bruk 3. (Uppigarden.) Laurits Torgeirson var brukar der på slutten av 1600-talet og døydde 1700. Han var gift med Gudve Eiriksdr. som sidan vart attgift med Per Mikkjelson Rong. Dei var fyrst leiglendingar, men i 1714 kjøpte dei 1 laup 18 mark i Gjerdskvål. Både Per og Gudve døydde i 1746, han 75½ år gl. og ho 87 år; Born hadde dei ikkje. Med Laurits hadde ho Gudve borni: Knut f. 1690 og Marta f. 1698. Knut gifte seg 1715 med Marta Larsdr. Ho Marta vart gift med Olav Eirikson. Dei bygsla gardparten åt far hennar i 1732. Olav døydde 1758, 57 år gl., og ho Marta i 1762. Dei hadde borni: Eirik d. e., gift 1751 m. Ragnhild Knutsdr. Gjerdskvål og vart husmannsfolk på Gjerdskvålshaugen under Flatekvål, Per, Sjur

--- side 358 ---

d. e. f. 1734, Sjur d. y. f. 1736, gift 1764 med Guro Sjursdr. Norekvål, Eirik d. y. f. 1738, g. 1774 med Ingebjørg Styrksdr. Afdal, Ingebjørg f. 1725.

Per Mikkjelson selde gardparten sin i 1741 til Sjur Knutson Rong. Fyrrnemnde Sjur Olavson og Guro Sjursdr. var leiglendingar. Ho døydde 1776, 47 år gl. Deira born var: Marta f. 1765, Olav f. 1766 og Anna f. 1770. Mikkjel Sjurson Norekvål «lyste» i 1760 «sin pengemangel» til gardparten som Sjur Rong hadde kjøpt, men det ser ikkje ut til at Mikkjel har fått dette jordgodset. Olav Sjurson Rong har i 1777 og 1785 kjøpt av Sjur Rong og andre 1 laup 18 mark i Gjerdskvål. Olav var fødd 1747, gift 1. 1779 med Sigvor Larsdr. Tillung, 2. 1785 med Marta Olavsdr. Herre og døydde 1838. Dei var barnlause. Olav let garden til brordotteri Ragnhild Knutsdr. Rong. Ho var fødd 1773, gift 1809 med Sjur Person Olde f. 1783, død 1853. Ragnhild døydde 1859. Sjur var underoffiser og var med i krigen. Sjur og Ragnhild hadde borni: Marta f. 1816, som vart gift til Lofthus med Olav Helgeson, Torbjørn f. 1810.

Han Torbjørn gifte seg 1833 med Jorunn Aslaksdr. Flatekvål og døydde 1865. Farsgarden fekk han i 1833. Han er skriven for jeger, då han gifte seg. Dei hadde tri born: Sjur, Aslak f. 1838, som vart buande på Staup, og Lars f. 1846, husmann på Gjerdskvål. Sjur var f. 1834, gift 1889 med Guri Sjursdr. Dukstad og døydde 1923. Han fekk farsgarden i 1861 for 350 spd. og selde i 1917 til Olav Larsson Kyte for 10 800 kronor. Torbjørn Larsson Gjerdskvål tok garden ved odelssøknad i 1918 for 16 300 kronor og selde att 1924 til Olav Andersson Dukstad for 17 000 kronor. Olav er f. 1887 og g. m. Guro Olavsdr. Ukvitno.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 60, lnr. 126 med gamal skyld 1 laup 22½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 23 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 3,61 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 4. Teigen, er skilt ut frå bruk 3 i 1917 med skyld 32 øre og selt til Olav Larsson Gjerdskvål. Det ligg saman med bruk 2 som han og eig.

Bruk 5. Elvestad. Skyld 13 øre. Skilt frå bruk 1 i 1919 og selt av Johanna Olavsdr. Rekve til sonen Olav Olavson Rekve f. 1912. Sjå bruk 11 på Flatekvål.

Bruk 6. Flatland. Skyld 45 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1924. Eigaren er Torbjørn Larsson Gjerdskvål, f. 1881 og g. m. Sisselja Knutsdr. Grønlidi eller Rokne f. 1876.

--- side 359 ---

Husmannsplass.

Bruk 1 og 3 hadde kvar sin teig millom En og Norekvål. No er det bruk 2 og 4. Fyrr var det husmannsplass og heitte Teigen. Segni segjer at det har vore Ens-eigedom. Gjerdskvålane fekk lov til å ha kalvane sine der og eigna soleis teigen til seg. Teigen var vidare fyrr. Han gjekk heilt upp i Småhamrane i Ensmarki og i Breidavadet ved postvegen. Då Gjerdskvålane vilde gjerda det inn til slåttemark, laut dei avstå noko for hamneretten, er det fortalt. På Teigen budde Sjur Person i 1740-åri med borni Brita f. 1743 og Guro f. 1745. So var det Halldor Henrikson, som døydde 1774, 71 år gl. Olav Jakobson, g. m. Marta Olavsdr. har butt der i 1780-åri. Ho Marta døydde 1786. Dei hadde borni: Olav (Nordland), Alv (Bergen), Jorunn f. 1745 og Else f. 1747.

I 1801 var det to husmenn: Olav Jakobson, 78 år gl., gift 2. med Brita Pålsdr., Berge Bergeson, 42 år gl. med kona Mari Larsdr. og sonen Lars, 15 år gl. Lars var far åt kunstnarane Knut og Brynjulv Bergslien, sjå s. 155 Voss Prestegard i band I. Då Lars var liten gut, var han mykje oftare i grannegarden enn foreldi tykte um, er det fortalt, og kom ofte seint heimatt. Ein kveld det var dugeleg myrkt, la faren seg attmed vegen med eit stort plagg over seg og tok til å belja og bura då Lars kom. Lars vart ståande ei stund, men so fann han seg ein gardstaur og lampa laus på faren so han laut røma.

Etter Berge kom Olav, gift med Ingebjørg og sidan Mikkjel Larsson frå Norekvål, gift 1823 med Marta Mikkjelsdr. Knut Kvednahaugen på Dukstad budde der og ei tid. Han var snikkar og døydde 1844, 70 år gl. So var det Sjur Styrkson Gjerdskvål, fødd 1810, død 1897, gift 1835 med Gjertrud Knutsdr. Mølster f. 1811, død 1895. Han dreiv ei tid som hattemakar. Det var Knut som veita ut Hampakjødnæ på Teigen. Namnet på tjørni kjem av at folket der i gardane heldt til ved tjørni og «faodde» eller bleikte hampen sin. Borni åt Sjur og Gjertrud var: Jon, Knut, Styrk, Olav, Anna, Odd, Ingebjørg, Gudve, Anna og Sjur, fødde 1836-1854. Sidan kom Lars Magneson Gjerdskvål på plasset, sjå bruk 2. På Gjerdskvålshaugen under Flatekvål budde husmannen Eirik Olavson, som døydde 1791. Kona hans, Ragnhild Knutsdr. levde etter han og 2 born: Brita, gift med korporal Aslak Olavson og Guri f. 1768.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden er det skrive i 1723. Vårstølen, Hovden, ligg i marki ovanfor garden. Sumarsstølen er i Vao-

--- side 360 ---

dalen, burtum Lønahorgjæ, men har ikkje vore i bruk sidan ikring 1850-åri.

Kvern.

I 1723 var der ei flaumkvern, og 1776 og 1791 var det to kvernar. Bruk 1 og 3 har havt kvar si kvern til i 1880-åri. I Gjerdskvålsgrovi har dessutan eit bruk på Gjerde og gardane Tròdo og Flatekvål havt kvernane sine, men dei er alle burte for mange år sidan.

Gjerdskvål har eigedom i Lønaøyane.

Offentlege forretningar.

Av offentlege forretningar kann nemnast merkeskilsforretning mot Grevle i 1755, sak um kontraktsbrot og åbot 1779, fredlysing i 1782 av markene til Gjerdskvål og grannegardane, odelstakst i 1823.

Ymse.

Ei stor jord- og steinskride skal ein gong ha gått over Utrynningshaugen og over bøjane heilt ned i Storatredet ved Flatekvålsmerket.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Gjerdskvål.

Per 1718-1734 ofte, tavle 3 nr. 102. Sjur 1721, 1722 t. 3 nr. 18, lagt på sida 1724. Mattis 1735-1740 t. 3 nr. 18. Olav 1752 t. 3 nr. 103. Sjur 1771 t. 3 nr. 104. Lars 1785, 1788 t. 4 nr. 1.