26. Gjerme.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 176 ---

Namnet vert umkr. 1300 skrive a Germini. Det vert no sagt Jèrmè2, han búr pao, è tao Jèrmè, ska tì Jèrmés. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite). Fyrelekken er truleg eit ord garm, ei sideform til gorm og gurm, brukt um snøsurpe. Gjermesgrovi skal vera fæl til å føra med seg snjogyrje (snøgyrme) som vert liggjande der og hindrar ferdsla.

Gjerme var i 1661 heil gard med skyld 4 laup og hadde to brukarar. Elles har landkommisjonen då berre sagt at der var vedaskog og ei liti flaumkvern. I matrikkelen 1723 er det same skyldi, men tri brukarar. Det var då knapt um ved. På garden var ein humlagard og ei flaumkvern. Kornavlingi var årviss, men garden var tungvinn. Skyldi var den same òg i 1777. Ved matr. i 1830-åri var samanlikningstalet for Gjerme 1600. . Der var vedaskog og turvande kvernavatn. Skyldi var framleies 4 laup som då vart umskrive til 10 dalar 3 ort.

I matrikkelen av 1865 er for Gjerme ført upp 311/3 mål åker, 18,5 mål dyrka eng, 54,5 mål god, 58 mål medels natureng og 88 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Det var vedaskog,

--- side 177 ---

men ikkje timber. Garden var lettbrukt, hadde ingi lunnende og var vanleg godt dyrka so nær som bruk 3, som var betre dyrka. I 1918 var det 30 mål open åker, 39 mål kunsteng og 67 mål natureng.

Folketalet på Gjerme var 24 i 1801, 35 i 1865 og 37 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjerme.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 17 24
1723 3 33 30 32
1865 3 ½ 32 54 68 112
1918 3 27 58

Arne og Kollr på Gjerme er umtala som vitne i eit diplom um lag år 1300 (DN. XIII. nr. 2) vedkomande Veiken i Granvin. Brev frå um lag 1320 (DN. II. nr. 141) fortel at presten på Vangen og to mann vitnar: Peter Bonde på Finne i prestestova på Vangen krov livøyre av godset ho Ingjerd åtte i Arne sin gard på Gjerme. I brev frå 1343 (DN. VI. nr. 167) um vegarbeidet på Voss er Gjermesbrui umtala. To menn kunngjer i brev av 1375 (DN. V. nr. 281), at Ingegerd Torgautsdr. um lag 30 år tidlegare hadde late til Haavard Buk 7 laup i Gjerme for skuld. Året etter, nemleg 1376 (DN. V. nr. 297) vitnar Jørund Arneson på Rogne at han korkje hadde gjeve eller selt dei 7 mmb. i Gjerme, som Ingjerd åtte.

To lagrettemenn kunngjer 1378 (DN. VII. nr. 301), at dei høyrde Eindrid Eirikson og Sigrid Arnfinnsdr. vitna for Botolv Eindridson, at dei var til stades på Ringheim i «setstova i Væromp-tunet» då Ingegerd Torgautsdr. gav Haavard Ulfson 7 mmb. i ein av Gjermesgardane etter sin død. To lagrettemenn vitnar i 1438 (DN. I. nr. 764) at Beinkt Hartvikson på vegne av si festarmøy, jomfru Magnhild Oddsdr., hadde motteke av husfrua Gjertrud Jakobsdr. på Finne 12 laup i Gjerme og ei sylvskål. Beinkt sannkjende at han hadde motteke heile arven åt Magnhild etter Odd Botolvson.

Knut på Gjerme betalte i 1563 1 dalar i skatt, og lauskar Torstein ½ dalar. Gyrvild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 til kongen 4 laup ½ pund av Finnegodset i Gjerme. Odd var brukar i 1591. Eirik er nemnd som leiglending mange gon-

--- side 178 ---

ger 1603-1635. Han åtte i 1621 2 pund i Tvilde, 3 spann i Eimstad og 1 pund i Runtzeberg (d. e. Bjørgo i Evanger). Torgeir har i 1614 ått 1 pund odelsgods, truleg i Gjerme. Lasse var dreng for halv løn i 1621 og betalte 1 ort i skatt. Eirik betalte då leiglendingsskatt 1 dalar og odelsskatt 3 mark 12 skill. Otte var brukar av noko i 1611. Leidangsboki syner 1624 at leidangen i Gjerme var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Det er tilført at jordi var «temmelig god» til avling, men at der ikkje var skog til gardsbruk eller andre lunnar. Ryttarskatt var lagt på Gjerme i 1627 med 3 dalar ½ ort. Brynjulv Eirikson, truleg son åt fyrrnemnde Eirik, er so brukar 1635-1664. Han var gift fyre 1645 med Torbjørg.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen av Gjerme 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested hadde 1648 fått kongeskøyte på 4 laup i Gjerme som høyrde til Finnegodset. På dette var det 1 pund smør, 1 bukkskinn, 1 geitskinn i leidang, 4 dalar i skatt, 1 dalar i fornødspengar, 1 dalar i arbeidspengar og 1 dalar 1 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Brynjulv var leiglending. Hannibal laut i 1651 skøyta eigedomen attende til kongen, som selde att i 1657 til Gabriel Marselis. Brynjulv var då og leiglending. Skattemanntalet 1657 melder at Finnegodset åtte 4 laup i Gjerme. I 1661 er Styrk, son åt Brynjulv og Torbjørg, vorten leiglending saman med faren. Klas Miltzow har kjøpt heile Gjerme millom 1676 og 1680. Mikkjel og Nils var leiglendingar, kvar av dei hadde 2 laup i 1691, men i 1695 brukar Nils heile garden. Henrik Miltzow er då eigar.

Folketeljingi 1701 fører upp tri brukarar: Nils Erlingson, 53 år, Sjur Knutson, 39 år, og soldat Hermund Andersson, 33 år. Nils var gift med Ingebjørg Persdr., enkja etter Eiliv. Med Eiliv hadde ho sønene Lars og Jon. Jon vart i 1719 gift med Kari Olavsdr. Øvre Kyte. Ho Ingebjørg døydde 1715 og Nils 1727. Sjur Knutson var gift med enkja etter ein Nils, som med henne hadde sønene Torstein f. 1688 og Botolv f. 1698. Hermund Andersson var gift fyrst med Rannveig Hermannsdr. og andre gongen 1715 med Torbjørg Persdr. Flatekvål. Med Rannveig hadde han tri born: Guro f. 1700, Isak f. 1703 (som vart gift 1737 med enkja Brita Massdr. Mosafinn og fekk med henne gard på Mosafinn), Torbjørg f. 1707. Hermund døydde 1715.

--- side 179 ---

I 1715 var Nils, Lars og Anders leiglendingar og i 1723 var det Lars, Anders og Viking. Lars Eilivson vart gift 1727 med Magli Eiriksdr. Gjerstad og døydde 1736, 59 år gl. og hadde tri born: Eirik f. 1729, Ragna f. 1731 og Eiliv f. 1736. Anders Håvardson bygsla ½ laup i 1708, var gift med Ragnhild Andersdr. og døydde 1725. Dei hadde dotteri Synneva f. 1704. Viking Gusskalkson var gift med enkja Torbjørg Persdr. og døydde 1726 utan born.

Henrik Miltzow bygsla i 1734 til Eirik Monsson ½ laup


Or Gjermestunet.
Bilete 21. Or Gjermestunet 1917. Fot. Ludv. Bru.

og i 1737 til Torleiv Olavson 2 laup. Eirik var frå Veka og var tambur då han 1727 gifte seg med Torbjørg Persdr. Gjerme. Han døydde 1770, 72½ år gl. Ho Torbjørg hadde vore gift fyrst 1715 med Hermund Andersson og andre gongen med Viking Gusskalkson, båe umtala ovanfor, og døydde 1776, 88 år gl. Ikkje born.

Torleiv Olavson var frå Tvinno, gifte seg 1738 med Magli Eiriksdr., enkja etter Lars Eilivson, nemnd ovanfor, og døydde 1777, 70 år gl. Torleiv kjøpte i 1759 løysningsretten til 2 laup i Gjerme for 110 rd. og kjøpte desse 2 laup i 1764 av Nils G. Alstrup for 310 riksdalar. Kongen hadde selt dette jordgodset i

--- side 180 ---

1657 til Gabriel Marselis. Son hans Torleiv, Lars, var fødd 1741. Han gifte seg 1764 med Marta Persdr. Rekve og døydde 1803. Lars fekk ½ laup i garden ved skiftet etter far sin og 1½ laup ved, 2 skøyte i 1777. Dei hadde seks born: Per f. 1767, Olav f. 1768, gm. Gjertrud Erlingsdr. Flògo, Ivar f. 1789, som var overjeger då han i 1819 gifte seg med lensmannsdotteri Anna Gusskalksdr. Ringheim, Kari f. 1765, gm. Lars Bergeson Dolve, Magli f. 1774, gm. Josef Samsonson Byrkjo og Brita f. 1783, gm. Olav Eilivson Store Røte. Framhald um Per Larsson under bruk 3.

Anders Knutson Kvåle vart gift 1754 med Ingebjørg Steffadr. Gjerme og døydde 1769, 43 år gl. Ho gifte seg uppatt 1770 med Knut Nilsson Gjelland. Anders kjøpte 2 laup i 1763 på auksjon etter Nils G. Alstrup for 310 riksdalar og løysningsretten til det hadde han kjøpt 1759 for 110 rd. Kongen hadde selt desse 2 laupi i 1657 til Gabriel Marselis. Anders kjøpte 1760 2 laup 1 pund 6 mark i Kvåle, Gullfj. Knut fekk garden på Gjerme etter Anders. Ho Ingebjørg hadde med Anders fem born: Viking, Guri f. 1760, Brita f. 1762, Anna f. 1764 og Torbjørg f. 1766. Med Knut hadde ho Ingebjørg dotteri Marta f. 1772. Ho Guri vart gift 1780 med Torgeir Bjarneson Røte, Brita vart gift 1789 med Knut Ivarson Kvåle, Anna gifte seg 1791 med Mons Erlingson Småbrekku, Torbjørg vart gift 1794 med Eirik Bergeson Væte og Marta gifte seg 1794 med Eirik Larsson Veka. Viking var fødd 1756, gifte seg fyrst 1779 med Ingjerd Olavsdr. Hæve, andre gongen 1783 med Mari Jensdr. Ullestad, og døydde 1826. I 1768 fekk han skøyte på faren sin gard i Kvåle og 1795 og 1797 farsgarden på Gjerme, bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjerme. Viking hadde med Ingjerd dotteri Marta f. 1780 og med Maria fire born: Anders f. 1785, Ingjerd f. 1789, Johannes f. 1792 og Ingebjørg f. 1795. Ho Marta vart gift 1799 med Olav Henrikson Nedkvitne, Ingjerd gifte seg 1813 med Torbjørn Gudleikson Seve, Johannes vart gift 1815 med lensmannsdotteri Brita Gusskalksdr. Ringheim og Ingebjørg gifte seg 1819 med Kristoffer Larsson Rekve. Anders gifte seg 1812 med Marta Gudleiksdr. Seve og døydde 1874. Han fekk skøyte på farsgarden i 1808 og 1822. Dei hadde ikkje born.

Brorson hans Anders, Gusskalk Johannesson, fekk difor

--- side 181 ---

garden, halvparten i 1847 for 600 spd. og resten ved skiftet 1875 for 1100 spd. Gusskalk var fødd i Arhelleren 1820, gifte seg 1867 med Ingebjørg Botolvsdr. Ullestad og døydde 1893. Born: Johannes f. 1868, Viking, Brita, Botolv, og Anders. Johannes gifte seg 1907 med Ingebjørg Hallesdr. Væte og andre gongen 1911 med Berta Johanna Olavsdr. Hopnes og har fått skøyte på farsgarden i 1927 for 4280 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 26, lnr. 60 a og 61 a med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill. I 1876 vart fråskilt bruk 2. Deretter var den reviderte skyldi 4 dalar 6 skill. og ny skyld mark 5,32 etter at bruk 8 var skilt frå.

Bruk 2. Gjerme. David Johannesson kjøpte dette bruket i 1877 av Gusskalk, bror sin, for 1200 kronor, bygde hus der og dyrka mykje. Han dreiv og mykje med vevskeiarbeid. David var fødd 1829, gift med Brita Nilsdr. Skylje og døydde 1911. Born: Nils, Brita og Anna. Nils var fødd 1861, døydde 1894 og var gift med Brita Olavsdr. Ygre. Ho hadde garden til 1904, då sonen David fekk skøyte på han. David f. 1893, er gift med Bergljot, f. Flora, 1892. Han er bladstyrar for «Hordaland». Broren Nils, f. 1894, gm. Brita Arnfinnsdr. Gjerstad, styrer gardane bruk 2 og 4.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 26, lnr. 60 b og 61 b med revidert skyld 2 ort 6 skill. I 1898 er fråskilt bruk 6. Deretter er den nye skyldi 63 øre på bruk 2.

Bruk 3. Gjerme. Per Larsson, nemnd ovanfor, fekk dette bruket, nemleg 1 laup ved skøyte frå far sin i 1799 og 1 laup ved skøyte i 1806 frå medervingane sine. Per var fødd 1767, og gifte seg 1796 med Maria Massdr. Seve. Han døydde 1846. Dei hadde ni born: Lars f. 1797, Dønåt f. 1798, gift 1820 med Olav Andersson Gjerstad, Marta f. 1800, gift 1825 med Anders Styrkson Rekve, Ragna f. 1801, gift 1832 med Jørgen Gitleson Hornve, Amerika, Gudve f. 1803, gift 1825 til Flògo med Ivar Person, Mass f. 1809, gift 1847 med enkja Rannveig Torbjørnsdr. Leiddal, gardbrukar på Seve, Brita f. 1805, gift 1830 med Jon Larsson Dolve, Styrk f. 1811, Anna f. 1812, gift 1834 med Sjur Styrkson Rekve, Amerika.

Lars Person gifte seg 1821 med Asgjerd Rognaldsdr. Glymme og fekk farsgarden i 1829 for 630 spd. I 1845 selde han garden til systermannen, Anders Styrkson, for 1400 spd. og reiste med huslyden til Amerika. Anders dreiv mykje med handel. Han

--- side 182 ---

og Marta hadde sønene Styrk og Per. Styrk var fødd 1825 og busette seg i Ålesund som handelsmann. Han var sers velvaksen, uvanleg sprek og var i sine beste dagar ikkje god til å leggja på ryggen. «Vetle-Styrk» var han vanleg kalla på Voss til skilnad frå han «Store-Styrk» Rekve. Per f. 1827, død 1887, gifte seg fyrst 1854 med Anna Ivarsdr. Kvåle og andre gongen med Brita Sjursdr. Bygd. Per fekk garden hjå foreldri sine i 1856 for 600 spd. Han var mykje brukt som prisdomar på utstellingar og var ei tid med i heradsstyret. Born med Anna: Anders, Guro, Marta, Anna, Ivar, Lars. Anders f. 1855, gift med Ingjerd Knutsdr. Raustad, fekk garden i 1884. Anders Knutson Raustad hadde so garden frå 1901 til 1906, då Kjel Larsson Brattholo kjøpte han for 10 250 kronor. Kjel var f. 1861, g. m. Brita Eiriksdr. f. 1873 og døydde 1921. Enkja har no garden.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 26, lnr. 62 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 2 ort 13 skill., ny skyld mark 6,57. I 1893 er utskilt bruk 4 og 5 og i 1907 bruk 9. Deretter er skyldi på bruk 3 mark 4,95.

Bruk 4. Gjerme, utskilt frå bruk 3, selt til Nils Davidson Gjerme i 1893. Skyld mark 1,10. Enkja, Brita, eig no garden.

Bruk 5. Øvre Gjerme, utskilt frå bruk 3, selt til Nils Bergeson Gjerstad i 1893. Han var f. 1843, g. 1871 m. Kirsti Knutsdr. Gjerstad og døydde 1928. Dotterdotten Brita Brynjulvsdr. Gjerme f. 1889 fekk i 1928 skøyte på bruk 5 frå bestefaren. Skyldi er mark 0,30.

Bruk 6. Gjerme, utskilt frå bruk 2 og selt til Voss herad i 1899 til leikeplass åt skulehuset. Skyld 3 øre.

Bruk 7. Stølen Tvarafjedle, som enkja etter Gusskalk Johannesson Gjerme kjøpte i 1901 av Arnfinn O. Rekve. Johannes Gusskalkson på bruk 1 eig no bruk 7. Skyld 20 øre.

Bruk 8. Nedre Gjerme, utskilt frå bruk 1 i 1904 og late til Botolv Gusskalkson Gjerme. Skyld 38 øre. Botolv er f. 1876 og g.m. Gyrid Persdr. f. 1878. Han var flink smed og mekanikar, bygde sag ved Gjermeselvi, verkstad med fleire arbeidsmaskinor, og i 1919 eige elektrisitetsverk. Han arbeidde um lag alt sjølv med undantak av dynamoen, som han laga til av ein brukt elektrisk motor. Lokkemaskina og automatisk sjølvtrekk åt sirkelsagbenken er hans eigi uppfinning. Han dreiv mykje med å laga hestesko, køyregreider og potetplogar av eigen konstruksjon. Han er reist sidan til Amerika.

--- side 183 ---

Bruk 9. Øvre Gjerme, utskilt frå bruk 3 i 1907 med skyld 22 øre og selt til Lars Herlaugson Kvilekvål som bygde der. Han selde bruket 1917 til Lars Brynjulvson Dolve, som fekk bruket ført saman med bruk 6 på Dolve.

Husmenn.

På plasset Jensahaugen var Knut Jensson, gift med Sigrid Eilivsdr. Skår, husmannsfolk i slutten av 1700- og fyrstningi av 1800-talet. No høyrer det til bruk 8. Sonen Johannes budde ei tid i Helgehaugen. Han var smed, ein «furar» og kunnande med ymse slag arbeid. I grovi ved Helgehaugen sette han upp slipestein, smidjehammar og smidjebelg, som alt gjekk med vatn. Lars, bror hans Johannes, fekk i 1826 husmannsfeste på Gjermeshaugen. På Tveiti under bruk 1 fekk skomakar Olav Larsson Dolve plass i 1882. Han var f. 1850, gm. Kari Knutsdr. og døydde 1922. Tidlegare hadde «Andres-guten» stove der på «Andres-gutabakkjen».

På bruk 3 var tri husmannsplass. To av dei heitte Haugen og det andre Nyhagen. «Lars i Haugo» var på eine Haugaplasset og etter han kom skreddar Nils Larsson Vangen (Skomakar-Nils) gm. Sigrid Gudleiksdr. Gjukastein. Han var f. 1847 og døydde 1933. På det andre Haugaplasset budde Nils Larsson Rekve, død 1878, 68 år gl. Han dreiv med å gjelda hestar, hundar og kattar og gjekk difor mykje under namnet «Gjeldkaren». Etter han budde Jon der ei tid, men flytte til Rogne ved Båbrui. So kom Nils Bergesen der. Han kjøpte plasset. Sjå bruk 5. På Nyhagen bygde og budde Lars Kvilekvål, som seinare kjøpte det. Sjå bruk 9. Det har og vore ein husmann Olav Eirikson på Gjerme som døydde 1875, 68 år gl.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden, heitte det i 1723. Heimre Dale er no vårstøl og Tvarafjedle sumarsstøl åt Gjerme. Sjå bruk 7.

Offentlege forretningar.

Eine leiglendingen la upp sak mot eigaren i 1728. Steiningsforretning var halden 1764 både innan- og utangjerds. Mot Saude var det sak um stølsbruket i 1765. Skyldsetjing var haldi 1847 og takstforretning 1848. Mot Veka, Giljarhus, Hæve og Vetla Rote var det sak i 1876. For bruk 1 semje um merkesgjerde av 1823, semje um merkesgjerde av 1854 og 1855, fredlysing av beite i 1851, og utskifting av heite på Indre Dale i 1886.

Ymse.

Distriktslækjar H. G. Wille søkte i juni 1842 til formannskapet um yting til ein sjukepassar på Gjerme. Våren fyrr

--- side 184 ---

hadde der vore 10 menneske sjuke av nervefeber, og no hadde sjukdomen teke seg upp att so 6 var sjuke. Søknaden vart imøtekomen. Den 15. august s. a. melde Wille, at no hadde sjukdomen teke av so det trongst ikkje sjukepassar lenger. På bruk 3 brann løda med avling 23. desember 1895.

Bumerke.

Lars 1717 tavle 2 nr. 14. I 1722-1727 har han snutt upp ned på det. Torleiv Gjerme 1746 t. 1 nr. 23. Han. brukte 1758 ein kross med rund ring på nedste enden. Likeins 1761, men då var det og eit stutt strek til vinstre frå enden nede på krossen. Eirik 1728-1751 t. 2 nr. 15. Sidan har Eirik brigda merket fleire gonger fra 1754-1768. Torleiv 1751 t. 2 nr. 16. Anders 1761 t. 2 nr. 17. Knut Nilsson 1775 t. 2 nr. 18. Merket er noko brigda i 1778 og atter 1778, 1783, 1784.