24. Gjerstad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 157 ---

Namnet vert i 1310 skrive a Geirastodhum. Det vert no sagt Jèrsta2; han búr pao, è tao, ska tì Jèrsta. Namnet er samansett av mannsnamnet Geirr (i genitiv fleirtal) eller det meir sjeldsynte Geiri (i genitiv eintal) og staðr m. (bustad).

I matrikkelen 1661 er Gjerstad førd upp som heil gard med 9 laup i skyld. Det var vedaskog og humlagard. Matr. 1723 fører upp tri tun. Fyrste tun var 4½ laup, med to brukarar. Der var turvande vedaskog, ein liten humlagard, to flaumkvernar, var årviss for kornavl og sers lettvinn. Andre tunet var 3 laup med tri brukarar, hadde lite skog og ikkje nok vedaskog. Der var ein liten humlagard, ei flaumkvern og elles som fyrste

--- side 158 ---

tun, men noko tungvinn. Tridje tunet var 1½ laup med ein brukar, lite vedaskog, ein liten humlagard og ei flaumkvern. Sers lettvinn. Det var 4 kvernar i 1776 og 1791. Ved matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet 1800 for fyrste tun, 1200 for andre tun og 600 for tridje (indre) tun. Det var meir vedaskog enn til eige bruk på fyrste tun, og på dei andre tuni var turvande vassfall er det sagt. Skyldi var 8 laup 2 pund 12 mark i 1777 og 1838, og vart umskrivi til 23 dalar 4 ort 8 skill. i 1838. Ikring midten av 1800-talet var det 7 kvernar, 3 i


Gjerstad.
Bilete 19. Gjerstad. Fot. P. Braaten 1935.

storelvi og 4 i grovi som renn attmed garden. På kverni i Syrefossen kunde malast året rundt.

Matrikkelen for 1865 syner at der var 58¼ mål åker, 14¼ mål dyrka eng, 112 mål god, 76 mål medels natureng og 116 mål skrapebø. 17 mål var høveleg for dyrking. Det var god vårhamn, men ring sumarhamn, turvande vedaskog og noko lite timberskog. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Bruk 4 var dyrka betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 70 mål åker, 60 mål kunsteng og 111 mål natureng. Folketalet var i 1801 39, i 1865 49 og i 1920 48.

--- side 159 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjerstad.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 6 39 56
1723 5 70 66 68
1865 7 60 131 154 ,5 108
1918 9 39 110

I Rygh, Norske gardnamn fortelst det at Gjerstad er umtala i 1310 i Diplomatariet. Brev av 18. februar 1340 vedkomande stølen Kviting (DN. I. nr. 264) umtalar Bjørn Steinarson, som har ått noko i Gjerstad og som kann henda budde der. Sjå på Finne og um det. Greip Ivarson pantsette i 1383 (DN. III. nr. 451) til Erlend Filippusson, fehirde i Bjørgvin m. a. garden Geirestad på Voss og lovde samtykke av far sin, Ivar Toreson, at garden kunde latast til Erlend, dersom skuldi ikkje vart betalt innan 3 år. Greip er då skriven til Hatteberg, men er i 1388 og 1399 sysselmann på Færøyane og var g. m. Elin Ivarsdr. Gunnhild Sigurdsdr. makeskifte i 1472 (DN. IV. nr. 974) til hr. Alf Knutson og fru Magnhild Oddsdr. ein part i garden «Gyrestad samt Skelleros- og Flageraa-Fiske» og fekk att 5 mmb. i nedre Store Ringheim.

Etter Norske rekneskap og jordbok for 1521 har Tormod på Gjerstad betalt 11 mark i skatt og breffbrot, Andwiid betalte 10 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, og Stenword betalte 3 lodd sylv. Mons budde der 1563 og betalte 1 dalar i skatt for seg. Han var kyrkjeverje og betalte for kyrkja i skatt 40 dalar 1 ort og 12½ lodd sylv. Det var halvparten av innkoma åt kyrkja i 1563. I 1567 brukte Mons 2½ laup 1 hud, som stiftet åtte. Skinnbrev frå 1573 fortel at ved makeskifte fekk Endre, Svein og Marta Torgilsborn m. a. skogteigar i Gjerstadliæ. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 til kongen 3 laup i Gjerstad, som høyrde til Finnegodset. Bjørn og Olav budde på Gjerstad 1591. Den siste hadde bygsla 3 laup av stiftet. Leiglendingar i 1597 var Steffa, som hadde 2 laup og betalte i fyrste bygsel 10 dalar og Oluff som hadde 1 laup. Som umtala på Fletre har Oluf Erlingson på Gjerstad møtt på herredagen i Bergen. Same dag møtte han i ei onnor sak på Bergens rådhus på vegne av Erling eller Eiliv Lund og klaga over, at bisp

--- side 160 ---

Olaf Torkjelson hadde frå Erling sine foreldre «bekommet» 3 mmb. i Vinjar ottung. Gardsnamnet står ikkje.

I 1603 var Steffa og Odd leiglendingar og Oluff var øydegardsmann. Torgeir åtte 3 laup i garden og betalte 6 mark i odelsskatt. Steffa betalte 3 dalar i 1611 til stiftet i tridje års bygsel for 3 laup. Både han og Gudleik er leiglendingar 1611 og 1614. Steffa eig då 2 laup, brukar 4½ laup 1613 og 1616 og betalte båe åri 4½ dalar i tridje års bygsel. Han var lagrettemann i 1622 og kom i 1647 i trette med Torstein Finne um merket millom Gjerstad og Kviting.

I 1621 åtte Steffa ½ laup i Nyre, ½ laup i «Radisdall», 6 mark i Rjodo og 12 mark i Vetla Saude. Ho Jorunn, mor åt Steffa, åtte ½ laup i Flògo og 1 spann i Vetla Saude. Arne åtte 15 mark i Store Rokne og Henrik Kvåle og Gudleik Gjerstad 16 mark i Sygnaberde. Oluff Finne, Knut Sonve og Per Hæve åtte jordgods i Gjerstad. Steffa og Gudleik var brukarar. Steffa og Knut er nemnde som brukarar 1629 og 1636, Anders, Herbjørn og Steffa i 1641.

Leidangsboki for 1624 melder um to bruk på Gjerstad at leidangen for kvart av dei var 1 pund smør og 2 bukkskinn. Steffa og Knut var leiglendingar. Stiftet åtte 3 laup i 1627. Ryttarskatt vart 1627 lagt på tri bruk, nemleg 2 dalar 1 skill. på det eine, 1½ mark smør, 1 kanne «malde» og 2 dalar ½ ort 2 skill. på det andre og 2½ dalar ½ ort på det tridje.

Skattemanntalet 1645 fører upp: Mons Knutson, g. m. Angue, og dotteri Kari, Olav Knutson, g. m. Johanne, Sjur Sveinson, g. m. Marta, Herbjørn Torgisson, g. m. Marta og tenestgjenta Berete. Skattemanntalet for Giskegodset 1648 syner at Finnegodset då åtte to bruk i Gjerstad kvart på 1½ laup. Sjur og Olav var leiglendingar. Lars og Nils var brukarar 1652 og 1659. Hannibal Sehested åtte i 1650 6 laup Finnegods i Gjerstad. 3 laup hadde han kjøpt av kongen 1648 og 3 laup hadde Sehested fått ved makeskifte med kongen. På dette var det 2 pund smør og 3 bukkskinn i leidang, 6 dalar i skatt, 1½ ort i fornødspengar, 1½ ort i arbeidspengar og 2 dalar i avgift til jordeigaren. Bjarne, Sjur og Nils var leiglendingar. Sehested laut lata alle 6 laupi til kongen att i 1651, som i 1657 skøytte det til Gabriel Marselis. Sjur, Anders og Gudleik var då leiglendingar. Skattemanntalet 1657 fører og upp 6 laup som Finnegods. I 1661 høyrde 6 laup til Finnegodset, Lars

--- side 161 ---

Uppheim åtte 1 spann og Lars Torsnes 2 laup 3 spann. Brukarane i 1661 og 1664 var Anders Steffason, Lars Andersson, Hermann Andersson og Sjur Sveinson, som hadde sonen Olav fødd 1649. Klas Miltzow åtte heile Gjerstad i 1680 og 1691. Brukarane i 1691 var i fyrste tun Mons og Gudleik, i andre tun Anders og i tridje tun Sjur og Eirik. Gudleik var lagrettemann 1695 og 1699.

Folketeljingi 1701 har ført upp som brukarar i fyrste tun Magne Jakobson, 52 år og Gullov Jakobson, 58 år, i andre tun Eirik Jørgenson, 34 år, og i tridje tun Eirik Ivarson, 47 år, og Brynjulv Arnfinnson, 42 år. Eirik Ivarson hadde styksonen Erling Erlingson, 24 år, og Brynjulv hadde sønene Knut 13, Arnfinn 9, Oddmund 5 og Styrk 1 år. Gullov hadde vore gift med Bergita Brynjulvsdr. som døydde 1699 og hadde borni Styrk og Ingebjørg. I 1715 er det same brukarar med det undantak at Ivar er komen i staden for Magne. Ivar hadde 1709 bygsla 2 laup av madame Stoud og 1713 1 laup 8 mark av Henrik Miltzow. Det må vera Ivar sin son den Per Ivarson Gjerstad som i dei militære rullar for 1746 er førd upp som korporal ved Vossiske Kompani. Eirik Jørgenson, g. m. Rannveig Eiriksdr., døydde 1719 og hadde borni: Magli, Brita, Jørgen, Marta, Ingebjørg, Anna, Eirik, Gjertrud og Torbjørg i alder frå 21 til 3 år. Ved skifte 1719 etter Eirik åtte buet 14 mark i Løno.

Matrikkelen 1723 fører upp som eigarar: Fyrste tun Henrik Miltzow 2 laup 2 pund 1½ mark og løytnant Jens Nordahl 1 laup 2 pund 10½ mark. Nordahl åtte dessutan båe dei andre tuni. Miltzow bygsla i 1721 noko til Brynjulv Arnfinnson og noko til Knut Arnfinnson. I staden for ein av dei vart Steffa Jonson bygslemann i 1731. Nordahl bygsla 1723 1½ laup, som Eirik Jørgenson si enkja då sa upp, til Knut Torsteinson. Han var brukar til 1744, då Magne Andersson Gjerdskvål kom i staden. Brynjulv som var bygslemann på 1½ laup hjå Nordahl, flytte til Væte i 1730 og Lars Oddson kom so i staden på Gjerstad, men døydde 1732.

Nordahl bygsla i 1739 1½ laup til Knut Olavson Dolve. Han gifte seg 1740 m. enkja Mildrid Gjerstad og døydde 1759, 45 år gl. Dei fekk borni Ingebjørg f. 1740 og Hans f. 1743. Ho Ingebjørg vart g. 1. 1757 m. Steffa Monsson Giljarhus og 2. 1762 m. Jon Knutson Kvåle. Ho Mildrid var gift fyrst med

--- side 162 ---

Hans Gjerstad og fekk med han sønene Olav f. 1727 og Torstein f. 1736. Olav gifte seg 1753 m. Marta Ivarsdr. Bø.

Nordahl selde jordgodset sitt på Gjerstad i 1755 og 1756 til dei som var leiglendingar hjå han då, Olav Vikingson i fyrste tun, Odd Monson og Knut Olavson i andre tun og Torstein Olavson i tridje tun. Han kjøpte 1760 Løysningsretten til 2 laup for 50 rd. Kongen hadde selt det i 1657 til Gabriel Marselis.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjerstad. Nils Gris Alstrup selde på auksjon i 1763 til Arnfinn Halleson 2 pund 1½ mark. Same året har Arnfinn kjøpt meir so han åtte ialt 2 laup 18 mark i fyrste tun og hadde 1761 kjøpt løysningsretten åt 2 laup 2 pund 1½ mark. Han gifte seg 1770 med Marta Sjursdr. Sonve og døydde 1810, 77 år gl. Deira born var: Halle, Sjur f. 1780, Guro, gift 1801 til Leiddal med Styrk Andersson. . Halle var fødd 1774, gifte seg med enkja Ingebjørg Gusskalksdr. Store Røte og døydde 1846. Farsgarden fekk han 1799. Halle og Ingebjørg sine born var: Arnfinn, Olav, Gusskalk og Marta, som vart gift til Vetla Røte med Eirik Jonson. Arnfinn, fødd 1813 og gift med Ragnhild Jonsdr. Vetla Røte, døydde 1858. Han fekk garden i 1839 for 550 spd. Borni deira var: Halle, Jon f. 1846, gardbrukar i Hardanger, og Ingebjørg. Halle var fødd 1838, gifte seg med Marta Bergesdr. Væte og døydde 1927. Han fekk garden i 1862 for 600 spd. Dei hadde to born: Arnfinn og Ragnhild f. 1864, som vart gift med Torstein Dolve. Arnfinn er f. 1863, og g. 1890 m. Brita Jonsdr. Hornve f. 1869 og fekk skøyte på garden i 1901.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 24, lnr. 51 med gamal skyld 2 laup 18 mark, urevidert 5 dalar 4 ort 20 skill. og revidert 5 dalar 7 skill. No er skyldi mark 6,80 etter at bruk 7 er skilt frå i 1935.

Bruk 2. Gjerstad. Nils Gris Alstrup åtte 2 pund 1½ mark som Arnfinn Halleson kjøpte på auksjon 1763 og selde same året 1 pund 7½ mark til Olav Vikingson. Han hadde i 1755 kjøpt av Nordahl 1 laup 2 pund 10½ mark og åtte soleis ialt 2 laup 18 mark i fyrste tun. Olav var frå Ygre, var leiglending på Gjerstad då han kjøpte bruket og døydde der 1782, 75 år gl. Han var gift med enkja Gudve Oddsdr. Sonve og hadde borni Ivar f. 1739, Viking f. 1741 og Odd f. 1745. Ivar gifte seg 1776 med Ingjerd Knutsdr. Raustad og hadde fått farsgarden 1764.

--- side 163 ---

Borni deira var: Olav, Knut, Gudve, gift 1800 til Giljarhus med Knut Brynjulvson, Guro, og Ingjerd. Ho Ingjerd gifte seg 1817 til Bø med Ivar Velomson.

Olav fekk garden, var ute i krigen mot Sverike 1812-14 og døydde ugift 1827. Broren Knut fekk so garden i 1830, var gift med Eli Massdr. Seve, men hadde ikkje born. Systersonen åt Knut, Brynjulv Knutson Giljarhus, fekk so garden 1838, men døydde ugift. Han hadde ei dotter Ingjerd, som han ættleidde 1842. Ho gifte seg 1871 med Knut Nilsson Eide og fekk garden i 1873 for 200 spd. Knut var skulehaldar på Voss 1855-1875. Deira son Brynjulv fekk garden i 1906 for 3800 kronor. Han er f. 1872 og g. m. Marta Eiriksdr. Veka f. 1871.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 24, lnr. 52 med skyld som bruk 1 med det undantaket at den nye skyldi er mark 7,37.

Bruk 3. Gjerstad. Odd Monsson Veka gifte seg 1734 med enkja Ingjerd Vikingsdr. Gjerstad og 1741 med Sigvor Andersdr. Gjukastein. Odd vart leiglending på 1½ laup i andre tunet og kjøpte det i 1756 av Jens Nordahl. Med Ingjerd hadde Odd borni: Anders f. 1760, Marta, g. m. Anders Grovu, Sisselja f. 1750, Ingjerd, g. m. Knut Vestrheim og Anna, g. m. Knut Larsson Gjerstad. Anders fekk garden 1783, gifte seg med Ragnhild Knutsdr. Dolve og hadde borni: Sigvor, g. m. enkjemann Erling Gudleikson Væte, Gudve, Brita, Odd, Marta, Knut og Botolv, g. m. Herborg Monsdr. Borni var fødde 1783-1803. Knut kjøpte gard på Bø.

Odd Andersson var fødd 1788, gifte seg med Dønåt Persdr. Gjerme og fekk farsgarden sin. Han var ein gåverik mann, skreiv fint, var flink til å rekna og var med på utskiftingar og skyn. Dei hadde tri born: Ragnhild, Mari, gift til Dolve med Johannes Knutson, og Anders. Odd vedtok i 1846 at garden skulde skiftast millom dotteri Ragnhild og sonen Anders, men fyrst i 1888 vart det halde skylddeiling. Anders fekk bruk 3 og Ragnhild fekk det fråskilde, som vart bruk 6. Anders døydde ugift 1892, men hadde i 1890 testamentert garden til systerdotteri, Dønåt Sjursdr. Gjerstad. Ho selde garden i 1898 til Olav Askjelson Heimberde, som etter odelssøknad let garden i 1902 til Odd Johannesson Dolve, og kjøpte gard på Vike. Odd var f. 1862, g. m. Josefine Andrine frå Lindås, f. 1878. Han døydde 1934. Odd var lenge lærar i folkeskulen i Haus.

--- side 164 ---

Bruk 3 var mtrnr. 24, lnr. 53 med skyld som bruk 1. No er skyldi mark 3,69 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 4. Gjerstad. Mattis Eirikson, som døydde 1751, hadde vore leiglending i andre tunet hjå Nordahl. Enkja etter Mattis, Abelue Steffadr., sa då upp bygsli og Torstein Olavson kom i staden som leiglending. Han gifte seg då med Marta Monsdr. Giljarhus. Torstein kjøpte i 1755 1½ laup av Nordahl og i 1760 løysningsretten åt 3 laup, men hadde makabytt i 1759 med Jon Davidson. Jon var gift med Ingebjørg Nilsdr. Det var 5 born etter dei, fødde 1765-1778: David, Barbrå, Nils, Knut og Marta. Jon selde garden 1782 til Knut Botolvson Dolve, som i 1783 let han til versonen Steffa Jonson Gjerstad. Steffa Jonson vart gift 1784 med Marta Knutsdr. Dolve, døydde 1809 og hadde 6 born: Ingebjørg, Knut, Jon, Knut, Gudve og Botolv, fødde 1785-1803. Knut d. e. døydde 1813 då han var ute i krigen mot Sverike. Namnet hans står på Veteranbautaen. Jon fekk bruk 5. Botolv vart gardmann på Ullestad.

Knut Steffason d. y., fødd 1795, gifte seg 1832 med Marta Persdr. Gjerme og fekk skøyte frå medervingane sine i 1819 på bruk 4. Han var sylvsmed og massingsmed, arbeidde syljor, ringar, klokkekjedor, ljosestakar, skospenne, selasyljor, knesyljor og anna. Dei hadde to born: Steffa og Ingebjørg. Ho vart gift 1854 med Svein Ivarson Lydvo. Dei kjøpte seg gard på Helleve. Steffa som var f. 1818, gifte seg 1867 med Rannveig Ivarsdr. Lydvo og døydde 1881. Han fekk farsgarden 1867 for 300 spd. Han arbeidde sylvkjedor, både Hamburgarkjedor og andre slag. Utanfor gardsarbeidet dreiv han mest med vevskeibinding. God var han og å hjelpa når noko feilte beisti, serleg med buren åt kyrne. Steffa og Rannveig hadde sonen Nils f. 1858. Han gifte seg 1881 m. Torbjørg Håvardsdr. Røynstrand, fekk farsgarden i 1889 for 1200 kronor og døydde 1925. Sonen Steffa fekk garden i 1905 for 4400 kronor. Han reiste til Amerika og broren Torbjørn f. 1903 fekk garden i 1925 for 3500 kronor.

Bruk 4 var mtrnr. 24, lnr. 54 med gamal skyld 2 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill. og revidert 1 dalar 3 ort 2 skill. No er skyldi mark 2,35.

Bruk 5. Gjerstad. Hans Olavson var leiglending i tridje tunet til han døydde 1739. Enkja etter han, Mildrid Gudleiksdr., gifte seg året etter med Knut Olavson Dolve som då vart leig-

--- side 165 ---

lending. Han kjøpte bruket, 1½ laup, i 1756 av Jens Nordahl. Dei hadde dotteri Ingebjørg, som 1757 gifte seg med trimenningen sin, Steffa Monsson Giljarhus. Same året fekk dei garden hjå foreldri hennar. Steffa døydde 1761 og hadde dotteri Mildrid f. 1760, som vart g. m. Arnfinn Knutson Dolve eller Græe. Ho Ingebjørg gifte seg andre venda med Jon Knutson Kvåle, som då fekk garden. Han døydde 1803 og hadde seks born: Steffa, Knut, Nils, Anders, Brita, Guri, fødde 1763- 1782. Nils vart gardmann på Rjodo. Guri var fyrst gift med ekm. Kolbein Arhelleren og sidan i 1820 med Nils Andersson Hovda og budde på Dolve.

Steffa Jonson f. 1763, gifte seg 1784 med sin skylding, Marta Knutsdr. Dolve, og fekk skøyte hjå far sin på garden i 1800. Sjå under bruk 4 um borni deira. Sonen Jon, f. 1790, fekk skøyte på garden frå medervingane sine i 1819, var g. m. Kari Åmundsdr. Seim og døydde 1843. Dei hadde 4 born: Steffa, Knut, Åmund, Kari. Knut og Kari var husmannsfolk på Gjerstad. Steffa, f. 1818, gifte seg med lensmannsdotteri Ingebjørg Mattisdr. Seim og fekk garden ved skifte etter far sin for 580 spd. Tri born: Kari, Rannveig og Jon. Jon var fødd 1847, g. m. Marta Bjarnesdr. Lisseim, og fekk garden i 1874 for 600 spd. Johannes Bergeson Væte kjøpte so garden på auksjon i 1888 for 6200 kronor. Han var f. 1845, g. m. Brita Mattisdr. Berge og døydde 1902. Sonen Berge har no garden. Han er f. 1883 og vart g. 1906 m. Synneva Oddsdr. Hæve f. 1883.

Bruk 5 var mtrnr. 24, lnr. 55 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill. og revidert 3 dalar 1 ort 5 skill. No er skyldi mark 4,72.

Bruk 6. Gjerstad. Det er i 1888 skilt frå bruk 3. Ragnhild Oddsdr. fekk det hjå far sin i 1846. Ho var fødd 1820, gift 1843 med Knut Sjurson Hornve. Ho skulde vera flink med saum og perlearbeid. Perlepungar laga ho til ho var 80 år. Dei hadde borni: Odd, Kirsti, Sjur, Dønåt. Kirsti gifte seg med Nils Bergeson Gjerstad og ho Dønåt med Arnfinn Eirikson Rekve. Sjur var f. 1855, g. 1890 m. Rannveig Bjarnesdotter Lisseim og fekk bruk 6 i 1888. I 1901 vart garden seld på auksjon til bror hans Sjur, Odd Knutson, for 4395 kronor. Odd var f. 1845, g. m. jordmor Margreta Torbjørnsdr. frå Granvin og døydde på Vangen 1922 der han då hadde huseigedom i Rognsbakkane. Marta Henjum kjøpte so garden i

--- side 166 ---

1914 på auksjon for 9000 kronor og selde att til Jon Jonson Jordalen. Han er f. 1858, g. m. Brita Olavsdr. Deira son Olav fekk garden i 1927 for 4300 kronor.

Bruk 6 var mtrnr. 24, lnr. 53 b med skyld urevidert 2 dalar 2 ort 2 skill. No er skyldi mark 3,69.

Bruk 7. Fagerheim. Skilt frå bruk 1 i 1935 med skyld 57 øre, og gjeve av Arnfinn og Brita til døtterne Marta, Synneva og Ingebjørg.

Husmenn.

Oluff var husmann i 1603 og Arnbjørn Mikkjelson i 1701. Han var då 44 år gl. og hadde sonen Mikkjel, som var 10 år gl. Mikkjel Knutson, g. m. Dønåt Kolbeinsdr. var husmannsfolk i Bjørkehagen på Gjerstad. Ho døydde som enkje 1851. Millom borni deira var den fyrste utlærde gartnaren på Voss, Knut Kvåle, best kjend under namnet Kankelbergen. Han budde nemleg på plasset Kankelberg på Kvåle i Tjukkebygdi. Knut Ivarson Skjerpe var gift 1846 med Kari Jonsdr. Gjerstad og hadde dotteri Marta, f. 1859. Han døydde som husmann på Gjerstad 1865, 45 år gl. Knut Jonson var og husmann, g. 1852 m. Brita Rasmusdr. Skjelde og døydde 1861. Arve Rasmusson, g. m. Marjo Magnesdr. var ei tid i Bjørkehagen, men flytte seinare til Hornveshagen. Husmannskona Ingebjørg Knutsdr. er død 1874, 54 år gl. «Danse-Svein» var lauskar i Bjørkehagen. Han hadde slikt lag med å gjera det morosamt i jolalag og dansar. Berge Nilsson Bø f. 1811, g. 1842 m. Ingebjørg Knutsdr. Giljarhus var husmann på Gjerstad og hadde fleire born. Ein Olav hadde plass i Bjørkehagen. No er det ikkje husmenn på Gjerstad.

Stølar.

Stølen var 1½ mil frå garden heiter det i 1723. Vårstølen er no på Nyaset i Gjerstadliæ. Sumarsstølen er på Hedlo, um lag ei halv mil frå garden. På Hedlo gjekk det i 1918 ei stor snøskride, som tok alle Gjerstadseli. Seli åt Bøjane står eit lite stykke ifrå og gjekk fri.

Offentlege forretningar.

I 1663 var det halde merkeskilsforretning millom Gjerstad og stølen Kviting. 1728 var det sak millom leiglending og eigar. Vidare sak mot Uppheim og fleire gardar 1773, mot Veka 1776

--- side 167 ---

og mot «Møn» um ein teig 1780. Åstadsak var haldi 1814 um febeite og merkesgjerder vedkomande Gjerstad, Dolve, Finne, Brekku og Veka. 1842 var det atter åstadsak um febeite og merkesgjerde. Utskifting var halde 1832-33 millom Finne, Gjerme, Veka, Arhelleren, Gjerstad, Seve og Brekku. Semje vart gjord i 1831 um utskifting og neverflekkjing. Semje med Gjerme i 1854 um merkesgard. Uppgang i 1888 av merket millom Gjerstad, Dolve, Byrkjo og Gjukastein. Utskifting og overutskifting 1886- 89. Bruk 2, 4, 5 og 6 flytte då husi sine. Fyre utskiftingi var bruk 1 og 2 kalla Uppigarden og dei andre bruki Nigarden. Gjerdeskifte var halde 1904. Bruk 4 har kontrakt av 1901 med Bergens Skoglag um skogplanting.

Ymse.

På Krosshaugen er ein merkeleg stein som dei på garden og i grannelaget kallar Krossasteidn. Han ligg på bruk 2, er firkanta og nokso stor og jordfast. På sidone og uppå er hogt inn mange bokstavar og krossar. Formannen for Fortidsminnesmerkeforeningens avdeling i Bergen skriv um steinen i 1930, «at paa eina sida av steinen er årstalet 1736, og elles ei mengd krossar. Etter deira form kann nok steinen gå attende til millomalderen». Steinen vart freda i 1930. Sume har meint at det kanskje er ein minnestein um Heilag Olav, som truleg for forbi um lag her pa reisi frå Vangen til Evanger, og at fyrste krossen vart hoggen i steinen til minne um det. Sidan kann andre som har ferdast forbi steinen, ha hogge bokstaven sin eller ein kross i steinen som ei religiøs dyrking.

Segn.

Gamle segner fortel at det var bygt fyrst på Gjerstad. Seinare vart rudt på Gjerme og dei laut gjerda eigedomen sin inn. Difor kalla dei han Gjerme. Dolve-voren og Gjerstad-voren møttest ein gong på Gjerstad. Dolve-voren hadde eld med seg og vilde brenna upp Gjerstadgarden. Då vart Gjerstad-voren sinna, og det vart eit hardt basketak, som slutta med at Gjerstad-voren tok elden frå Dolve-voren og berga soleis Gjerstadgarden. På Lundgarden innanfor Gjerstad budde Lundgardsfrua. Heimanfor Gjerstad hadde ho aldehage og fekk gatelagt frå Lundgarden til hagen. Plassen der vart heitande Gapenautet. Det segjest at ho gav burt stølen Kviting.

Bumerke teikna på Gjerstad.

Eirik 1709 teikna tavle 1 nr. 101. Eirik 1710, 1715 t. 1 nr. 102. Brynjulv 1710, 1719, t. 1 nr. 103. I 1715 står det på vinstre enden. Jon Davidson 1768 t. 1 nr. 104. I 1773 og 1778 er det ein P som står på hovudet med ein gjenomslyngd S. Ivar 1723, t. 2 nr. 1. I 1724 og 1727 er det litegrand brigda.

--- side 168 ---

Korporal Per 1752, 1757 t. 2 nr. 14. Knut Arnfinnson 1729 t. 2 nr. 2. Jon Knutson 1768 t. 2 nr. 40. Han har brigda merket på mange måtar frå 1769 til 1785. I 1784, 1785 var det sona t. 2 nr. 40. Hans 1734, 1737, t. 2 nr. 3. Olav 1740, 1753, 1772 t. lnr. 4. I 1769 var det utan tverrstrek uppe. Odd 1740 t. 2 nr. 5. I 1750 var det J H P som var samandregne og stod på kant. Merket hans i 1755 skilde seg mykje frå dei andre to. Knut Olavson 1741 t. 2 nr. 6. I 1757 er merket uppreist på vinstre sida. Torleiv 1753 t. 2 nr. 7. Arnfinn Halleson 1782 t. 2 nr. 8. Gudleik 1784 t. 2 nr. 9. Seglet åt Jon Knutson hadde bokstavane I K S med prikk over I'en og nedunder bumerket t. 2 nr. 40 med ei liti stjerne på høgre sida.