73. Gjøastein.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 425 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Gøasteini. Det vert no sagt Jøastein2 eller (yngre) Jostein1; han búr pao, è tao Jøastein, ska tì Jøasteins. Namnet er samansett, etterleken er stein, fyrelekken er kann henda same ord som gn. eller gói f. som vert brukt som namn på «gjø månad» (frå midt i februar til midt i mars), men òg kann vera eit kvinnenamn (i segner), og i nynorsk kann tyda nysnø. Namnet har vel Upphavleg vore brukt um ein av dei mange storesteinane der uppe, truleg den som no heiter Jýgrasteid'n. Av folk vert namnet tydt som «steinen som gjøder». Det vert og fortalt ei segn der um ei gygr Jøa, som skulde vera dotter til Jervor, ei gygr på Møn.

Gjøastein er skriven for halv gard i 1661 med skyld 2 laup 2 pund 6 mark og hadde 3 brukarar. Elles er berre skrive at der var brennefang. Det er same skyldi i 1723, men berre to brukarar. Garden hadde då humlagard, vel lite skog til husbruk, var kald, uviss til kornavling og tungvinn. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 7 dalar 4 ort 17 skill. Det var då noko fureskog. Vedaskog var ogso til sal. Samanlikningstalet var 1200.

Matrikkelen 1865 fører upp tri brukarar, 28 mål åker, 2¼ mål dyrka eng, 31 mål god, 27 mål medels natureng og 25,5 mål skrapebø. Vårhamni var medels, og sumarhamn vanta. Vedaskog og noko timberskog. Garden var svært tungvinn og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 26 mål open åker, 34,5 mål kunsteng og 17,5 mål natureng.

Det budde 16 menneske på Gjøastein i 1801, 30 i 1865 og 25 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjøastein.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 17 21
1723 2 24 24 18
1865 4 30 66 69 ½ 58
1918 5 20 46

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 1 spann i Gjøastein. Tormod var brukar i 1521 og betalte 3 lodd sylv

--- side 426 ---

i skatt og 8 mark i breffbrot. Gjøastein er ført upp 1835 i Vincents Lunges jordbok, men det står ikkje um det var heile garden eller berre noko av han. Jon var brukar i 1563, Kåre i 1567 og Oluf i 1591 på 1 laup. Oluf betalte tridje års bygsel i 1597 for 1 laup som stiftet og kruna åtte, med 1 mark 5 skill. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 1½ aske korn og 9 mark smør som landskyld av eigedomen sin i Gjøastein.


Gjøastein.
Bilete 47. Gjøastein. Fot. P. Braaten 1935.

Laurits er skriven som leiglending på 1 laup fleire gonger 1603-1629. Han har betalt odelsskatt for 2 laup i 1611 og 1614. Lasse er nemnd som leiglending 1610, 1614 og 1621. Han betalte odelsskatt i 1621 for 3 laup 1 spann 6 mark. Sverkve Hollgeirson betalte fyrste års bygsel i 1613 for 1 laup med 5 dalar og 3dje års bygsel i 1616 med 1 dalar. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Gjøastein var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Det er tilført at jordi var god. Jon var brukar 1629 saman med Laurits. Åmund var leiglending 1635 og 1641 på 2 pund 21 mark og betalte 1636 odelsskatt for 2 laup. Oluf Olufson Gjøastein og kona hans, Arnbjørg Lauritsdr., selde i 1638 sin odelspart i Hefte 1 pund 6 mark til broren, Jørgen

--- side 427 ---

Olufson Hefte. I 1645 var det to brukarar: Nils Andersson, g. m. Åsa og Arne Lauritsson, g. m. Ingebjørg. Eit brev frå ikring 1830 syner at Arne då og budde på Gjøastein og var stykson åt Lars Sjurson Kvårmo.

Folkvard Broderson har i 1649 ved makebyte med kongen late noko jordgods i Gjøastein til han. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk 2 askar korn og 9 mark smør i landskyld av eigedomen sin på Gjøastein. Hermann Garmann fekk kongeskøyte i 1662 på noko Munkelivgods i Gjøastein. Peter Reedtzs kjøpte i 1665 av kongen 1 laup i Gjøastein.

Skyldi er i 1652 og 1655 ført upp med 2¾ laup 9 mark. Derav åtte F. Broderson 1½ laup, kongen 1 laup og Vangskyrkja 9 mark. Arne Larsson og Nils Andersson var leiglendingar. I 1659 og 1661 var skyldi 2½ laup 18 mark. Munkeliv åtte 1½ laup, kongen 1 laup og Vangskyrkja 18 mark. Arne og Nils var brukarar i 1661 og dertil Knut Jonson. Manntalet 1664 har brukarane Nils Andersson, Arne Larsson og Torgeir Nilsson. Ein laup låg øyde i 1675 og slapp difor skatta.

Klas Miltzow var eigar av 1 laup 33 mark i 1676 og Per Andersson av 1 laup. Hermann, Atle og Olav var brukarar i 1670. I 1691 åtte lagmannen Coch 1 laup, Klas Miltzow 1 laup og Vangskyrkja 3 spann. I staden for Coch var Hans Akselson komen som eigar i 1695 av 1 laup. Hermann og Olav var leiglendingar i 1691 og berre Hermann i 1695. Eigarane i 1714 var Henrik Miltzow 1½ laup, Vangskyrkja 18 mark og Boye Rafnsdorf 1 laup. Kongen selde i 1723 Vangskyrkja saman med jordgodset.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjøastein. Gudleik Hallvardson f. 1651, var leiglending i 1701 på 1 laup 27 mark, som Miltzow åtte, og døydde 1738. Born: Karl f. 1685, g. 1720 med Guri Larsdr. Melve, Hallvard f. 1689, Lars f. 1700, g. 1. 1730 med Brita Larsdr. Henrikstveit, 2. 1749 med Anna Brynjulvsdr. Fenno og døydde 1773, Gjertrud, g. 1725 med Åmund Kristenson Underdal, Anna g. 1728 med Samson Larsson Henrikstveit, Synneva g. 1753 med ekm. Brynjulv Kolbeinson Øvre Kyte, Sigvor f. ikr. 1696. Lars bygsla i 1728 av Henrik Miltzow 27 mark og har havt det til 1761. I 1762 er upplyst av Lars at han var uppalen på Gjøastein, hadde butt der 32 år som jordamann og det

--- side 428 ---

siste året som husmann. Faren hadde butt der 50 år, sa han. Um Lars er det fortalt, at då han ein gong skulde levera skinn i tiend til presten Ruus, gjorde presten narr av Lars fordi skinnet var so lite. Lars svara at skinnet hadde nått um kalven, og kalven var so stor som Vårherre hadde skapt han. Difor gjorde presten Ruus i sitt eige hus narr av Vårherre når han svivyrde kalvskinnet. Fire born med Brita (a-d) og eitt med Anna (e): a. Gjertrud f. 1732, g. 1758 med trimenningen sin Anders Ivarson Norekvål, b. Ingebjørg f. 1738, g. 1776 med ekm. Velom Larsson Himle, c. Brita d. e. f. 1742, g. 1770 med Jon Larsson Grjotland, skriven for Skylje i 1774, d. Magli f. 1744, g. 1784 med ekm. Lars Knutson Rjodo, e. Brita d. y. f. 1752.

Fru Inger Alstrup selde i 1761 til Per Bårdson både den parten han til den tid hadde brukt og den parten Lars Gudleikson hadde brukt, tilsaman 1 laup 9 mark. Per selde att i 1768 til Knut Styrkson Væte, En, g. 1766 med Kristi Erlingsdr. En. Knut døydde 1774, og Kristi gifte seg att 1775 med Olav Monsson Ettesvoll. Ervingane etter Knut skøytte same året til Olav 1 laup 9 mark. Olav og Kristi døydde 1817. Med Knut hadde ho to born (a-b) og med Olav tri (c-e): a. Gjertrud g. 1. 1790 med ekm. Eirik Oddson på Norekvål, 2. 1826 med Olav Eirikson som og budde på Norekvål, b. Ingebjørg f. 1772, g. 1796 med Lars Davidson Saude, c. Knut f. 1782, g. 1805 med Guri Bårdsdr., Meland, d. Synneva f. 1779, g. 1801 med Mikkjel Vikingson Meland, e. Brita f. 1784, g. 1819 med Godvin Åmundson Tvinno.

Knut fekk skøyte frå far sin i 1805 og bytte i 1828 med Viking Kjelson Myrkve. Knut og Guri hadde medan dei budde på Gjøastein borni: Olav f. 1806, Bård f. 1808, Kristi f. 1810, Knut f. 1813, Nils f. 1815, Anna f. 1818, Marta f. 1821, Ingebjørg f. 1824 og Gjertrud f. 1827. Viking var g. m. Guro Larsdr. og døydde 1861, 86 år gl. Åtte born: Kjel, Lars, reist til Nordland, Olav f. 1818, Amerika, Åmund f. 1822, Ivar f. 1827, skulelærar, Gjertrud f. 1808, g. 1829 med Åmund Arneson Dukstad, Gudve g. 1834 med Morten Olavson Hågenstad i Bergen, Anna f. 1825, g. 1. m. lærar Olvik, 2. m. lærar O. Bjordal i Bergen.

Åmund Vikingson, g. m. Anna Munthe, var lærar på Stord seminar. Millom borni deira er Viking, gardmann på Stord, Olav, instrumentmakar i Oslo, Johan, skuledirektør, ordførar og stortingsmann i Stavanger og Ådel, lærar i Bergen. Viking let

--- side 429 ---

bruk 1 til Kjel, son sin i 1829. Han reiste til Amerika og selde i 1838 til Anders Olavson Tveito. Han bytte i 1840 med Sylfest Olavson, som selde til Lars Knutson Kvåle i 1841 for 700 spd. Han var g. m. Kari Knutsdr. og hadde på Gjøastein dotteri Kristense f. 1841. Lars døydde 1872, 76 år gl. Garden selde han 1871 til Lars Olavson Bø, Dyrved. for 800 spd. Han selde att 1878 til Torbjørn Jørgenson Leiddal for 5200 kronor. Han selde i 1919 til Sjur Person Kvårmo og flytte på Tvinno. Sjur er f. 1884 og g. m. Kristi Olavsdr.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 73, lnr. 149 a med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 1 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,53 etter at bruket sin part i Åsbrekkefossen var skilt frå.

Bruk 2. Gjøastein. Åmund Torleivson f. 1667, var leiglending i 1701, og Jon Steffason frå ikring 1714. Han var g. 1. med Dønåt Nilsdr., 2. 1716 med Kari Eilivsdr. Vele og 3. 1728 med Brita Ivarsdr. Store Rokne. 6 born: Steffa f. 1703, Lars f. 1710, g. 1740 med Ingebjørg Sjursdr. Grjotland, Ragnhild f. 1713, g. 1749 med Odd Olavson Holo, Brita f. 1719, Nils f. 1724, Eiliv død ugift 1744. Steffa Jonson bygsla i 1732 av Henrik Miltzow 1 laup 27 mark og hadde borni Jon f. 1733, Dønåt f. 1736 og Brita f. 1739 og kan henda fleire.

Aslak Knutson bygsla garden ikr. 1740. Han hadde borni: Marta, g. 1761 med Lars Knutson Ringheim, Brita f. 1742, g. 1781 med Eirik Alvson Lirhus, Anna f. 1745 og kanskje fleire. Enkja etter Aslak let bygsli i 1761 til versonen Lars Knutson, som kjøpte eigedomen, 1 laup 27 mark, i 1761 av fru Inger Alstrup. Lars og Marta hadde borni: Kristi f. 1763, Sigvor f. 1665, Styrk f. 1767, Knut f. 1770, Aslak f. 1772 og Mikkjel f. 1775. I 1776 bytte Lars med Halldor Glymme uti gard på Tøn. Halldor selde att på Gjøastein i 1777 til konebror sin, Klas Larsson Glymme, som var g. m. Ragnhild Torbjørnsdr. Rogne.

Klas selde att 1794 til Gudleik Larsson Bø. Han var f. 1735, g. m. Sigvor Knutsdr. og døydde 1809. Åtte born: Lars f. 1760, Knut d. e. f. 1764, død 1834 ugift, Arnfinn, busett i Bergen, Olav f. 1773, budde i Bergen, Knut d. y. f. 1776, som hadde to born i Bergen, Anders f. 1782, død ugift 1831, Anna, g. m. Sjur Steffason Bø, Marta f. 1779. Lars Gudleikson fekk garden. Han var g. 1817 med Kristense Sjursdr. Bø. Båe døydde 1822, barnlause. Bruttomedelen var 1682 spd. Garden

--- side 430 ---

vart seld på auksjon til Arnfinn Gudleikson for 700 spd. Han selde i 1823 2 pund 1½ mark til Lars Brynjulvson. Det vart skilt ut som bruk 3.

Kjel Vikingson kjøpte dei 2 pund 1½ mark som var att av bruk 2, og selde det 1839 til David Larsson Saude. Han hadde i 1836 kjøpt 2 pund 1½ mark av Eirik Larsson. David åtte altso 1 laup 27 mark, som no vart bruk 2. David var f. 1810, g. 1. 1834 med Ingjerd Olavsdr. Afdal, 2. 1842 med Jorunn Torsteinsdotter Leiddal. Han betalte avgift i 1845 for brennevinsbrenning. David hadde to born med Ingjerd (a-b) og fem med Jorunn (c-g): a. Ingebjørg f. 1836, g. 1861 med Nils Person Kvårmo, b. Kristi f. 1839, c. Lars f. 1843, g. 1866 med Marta Jørgensdr. Leiddal, d. Ivar f. 1847, e. Torstein f. 1852, Amerika, f. Ingjerd f. 1856, g. 1878 til En med Olav Sveinson, g. Ingebjørg f. 1863, død ugift 1884. Ivar Davidson var g. 1891 med Ingjerd Knutsdr. Øvsthus og døydde 1910. Han fekk skøyte frå far sin på garden i 1890 for 4000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 73, lnr. 149 b og 150 b med gamal skyld 1 laup 27 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 20 skill., revidert 3 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,07 etter at bruket sin part i Åsbrekkefossen er skilt frå.

Bruk 3. Gjøastein. Lars Brynjulvson kjøpte dette bruket i 1823. Han var g. m. Eli Styrksdr. og fekk på Gjøastein borni: Brynjulv f. 1824, Ingjerd f. 1826, Brita f. 1828, Eli f. 1830 og Styrk f. 1833. Lars selde i 1834 til Nils Person, som var g. m. Ingebjørg Eiriksdr. Dei hadde på Gjøastein borni Lars f. 1836, Nils f. 1838, Olav f. 1840. Garden vart seld på auksjon 1842 til Odd Eilivson. Han var f. 1807, g. m. Guri Styrksdr. Born: Ingebjørg f. 1842, Styrk f. 1849. Styrk gifte seg 1874 med Gudve Sjursdr. Gjerdskvål og fekk farsgarden. Ho vart g. 2. 1889 med ekm. Nils Knutson Afdal. Ved skifte etter Styrk i 1889 fekk sonen Odd garden, men selde i 1892 til Anders Person Kvårmo for 3500 kronor. Anders er f. 1865 og g. m. Gurina Monsdr.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 73, lnr. 150 a med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 1 dalar 4 ort 22 skill., revidert 1 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,53 etter at bruket sin part i Åsbrekkefossen er skilt frå.

Husmenn.

Nils Steffason var husmann i 1661. Halldor Olavson f. 1689 var husmann frå 1742. Far hans døydde på Skogstad ikr. 1730.

--- side 431 ---

Gudleik Larsson gjorde semje i 1796 med husmannen Halldor Jakobson um at han skulde få ha plasset Rindeteien. Halldor var f. 1748, g. m. Synneva Larsdr. og bleiv 1813. Åmund Arneson Dukstad, f. 1788, g. m. Gjertrud Vikingsdr. og døydde 1878, var husmann på Haugen. Born: Arne f. 1844, Amerika, Guro f. 1848, g. m. Arnfinn Eirikson Staup. Åmund var med i krigen mot Sverike. Lars Vikingson Gjøastein fekk «frelseseddel» på plass hjå Kjel bror sin, men reiste seinare til Nordland. Eirik Nilsson f. 1791, g. m. Sigtrud Larsdr. hadde plasset Modn (Ruskemodn). Han døydde 1862 og ho 1877. Born: Ragna f. 1827, g. 1852 med Sjur Olavson Skjelde, Odd f. 1835, g. 1864 med Dønåt Knutsdr. Hefte, Knut f. 1837, skomakar, g. 1859 med Marta Andersdr. Bidne, skreddar, budde i Rongshjedl'n, Lars f. 1829, skomakar, g. 1865 med Gjertrud Knutsdr. Fletre, Eirik f. 1840, vevskeibindar, g. 1869 med Kristina Torblå.

Stølar.

Støl var det ikkje til Gjøastein, er det skrive i 1723. Per Bårdson selde i 1768 til Knut Styrkson En fjellstølen Borgen saman med 1 laup 9 mark i Gjøastein. Olav Gjøastein bygsla i 1800 støl hjå Olav I. Syndve i Grøndalsbeite. Bruk 2 har no støl på Vikset på Brekkedalen, men dei andre bruki har ikkje støl. Det er fortalt at Gjøastein ei tid stølte ovanfor Leiddalsstølen, men Leiddalane sette eld på husi, so Gjøasteinane laut slutta. Staden heiter Gjøsteinstuft'na og der ligg brandar endå.

Kvern.

Ei kvern hadde Gjøastein i 1776, og ho har stade på bruk 2 til flaumen tok henne i 1888.

Offentlege forretningar.

Tingsvitne um merket mot Leiddal var teke i 1679. Sak mot Leiddal i 1762 um stølen Helseter. Semje i 1779 um merki på Gjøastein. Steiningsforretning 1798 på Gjøastein og Leiddal. Odelssak 1840. Utskifting 1896.

Segn.

Jygrasteid'n nemnd ovanfor er ein stor stein i Gjøasteinsurdi. Gygri kom berande med han for å leggja han til bru over elvi. Men i det same ho skulde stiga over dalen frå Taulaberje til Leiddalsstød'ln, slitna forklæbandet, og steinen datt ned der han no er. Ringsteid'n er ein annan stor stein. Den som kann kliva upp på han utan noko slags hjelp, skal finna ein gullring. Ormasteid'n er ein stor stein der det skal ha halde seg orm.

--- side 432 ---

Bumerke teikna på Gjøastein.

Gudleik 1716 teikna G. Lars Gudleikson 1731-1742 tavle 3 nr. 35. Halldor, husmann 1742 t. 4 nr. 49. Aslak 1758 t. 4 nr. 50. Han teikna AK samandrege i 1760 og 1762. Per 1766, 1767 t. 4 nr. 51. Klas Larsson 1781, 1786 t. 1 nr. 13. Han brukte anna merke i 1790. Olav 1785 t. 4 nr. 52.