31. Gjukastein.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 207 ---

Namnet vert i 1300-talet (i Bjørgynjar Kalfskinn) skrive i Guikustæini og i 1438 i Giukastein. Det vert no sagt Júkastein; han búr pao è tao Júkastein, ska tì Júkasteins. Namnet er samansett av eit ord gjúki og stein. Gjúki finn ein som namn på ein burgundisk segnkonge, og heile namnet Gjúkasteinn har difor sume meint skulde vera ei uppkalling etter den tyske borgi Giebichenstein ved Halle (tysk Giebich = gn. Gjúki).

Gjukastein var heil gard i 1661 med skyld 5 laup 6 mark og hadde to brukarar. Elles er ikkje sagt noko um garden. I 1723 var det to tun. Det eine tunet hadde i skyld 2 laup 6 mark med ein brukar. Der var vedaskog og humlagard til eige bruk, men ikkje kvern eller fiske. Garden var tungvinn og årvand og hadde skrinn jord. Skyldi på det andre tunet var 2 laup 2 pund 6 mark med to brukarar. Der var vedaskog og humlagard. Garden var årvand for kornavl og tungvinn. Skyldi er 1777 og 1838 førd upp med 4 lp. 2 pd. 6 mrk. Ny skyld i 1838 11 dalar 13 skill. Samanlikningstalet for Gjukastein er då 1675. Der var noko vedaskog og noko lite fureskog.

Matrikkelen av 1865 fører upp 31½ mål åker, 142/3 mål dyrka eng, 63 mål god, 33 mål medels natureng og 21 mål skrapebø. Det var ring vårhamn og ikkje sumarhamn, men skog til husbruk. Garden var lettvinn, hadde ingen lunnende og var dyrka som vanleg so nær som bruk 1, som var dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det 27,5 mål åker, 37,5 mål kunsteng og 25 mål natureng.

Folketalet på Gjukastein var 17 i 1801, 20 i 1865 og 14 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Gjukastein.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 29 26
1723 3 33 30 40
1865 4 33 59 83 64
1918 5 18 53

Vangskyrkja åtte etter Bjørgynjar Kalfskinn 2½ laup i Gjukastein. I brev av 1438 (DN. I. nr. 763) er fortalt at Håvard Botolvson hadde gjeve 1 laup i Gjukastein for «si sjel» til Van-

--- side 208 ---

gens prestebol. Diplom av 1499 (DN. IV. nr. 1032) melder at fru Magnhild Oddsdr. bytte ein åkerpart i Gjukastein til Gudleik Vikingson og Torfinn Eilivson og fekk att ein liknande part i Byrkjo. Tri lagrettemenn kunngjer 1499 (DN. X. nr. 286) at Åsa Gardsdr. selde til Torfinn Eilivson 2 mmb. i Gjukastein for 6½ kyrlag, som vart betalt. I 1521 betalte Gutorm 2 mark i skatt og 7 lodd sylv og 1 mark i breffbrot. 1563 var det to brukarar, Endre og Styrk. Solue var leiglending i 1567 på 1 spann som stiftet åtte. Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 ½ laup Finnegods i Gjukastein til kongen. Torfinn var brukar av ½ laup 1591 og 1597, og betalte tridje års bygsel i 1597 til stiftet og kruna med 11 skill. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 2 såld korn og ½ laup smør i landskyld av sin eigedom i Gjukastein.

Sjur er førd upp som leiglending fleire gonger i tidi 1603-1635 og brukte 1611 ½ laup, 1629 1 laup og 1635 3 laup. Han åtte i 1621 odelsgods 1½ spann, truleg i Gjukastein. Sigvard er nemnd som brukar 1611 og 1614. Sigmund er og nemnd i 1611. Jon var øydegardsmann i 1611, var 1614 leiglending på 1½ laup og betalte 8 dalar i leiga, hadde 2 laup 6 mark i 1635 og ½ laup i 1641. Jon var 1614 utkommandert til Svinesund med øks og sverd.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen på det eine bruket på Gjukastein var ½ pund smør og 1 geitskinn med Jon som leiglending. På det andre var leidangen 1 spann smør og 1 kalvskinn med Sjur som leiglending. Um den siste parten er tilført at den var «temmelig til avl og intet andet». Meiningi er vel, at den var god til avling, men ikke hadde nokon lunnar. For 1627 vart lagt ryttarskatt på odelsgodset med 1 ort 3 skill. Jon var brukar. Torstein var brukar 1635, 1636 og åtte 1642 ½ laup odelsgods. I 1645 er det to brukarar: Nils Olavson, gm. Marta og Arnbjørn Sjurson, gm. Ingebjørg. Han budde der og 1640. I 1652 åtte Per Gubaas 1½ laup og Mikkjel Undal i Hardanger 1 laup i garden. Då var det fire brukarar: Arnbjørn, Per, Ingebrikt og Sjur. Arnbjørn var fatig so han slapp skatta. Per og Tormod var brukarar i 1657 og 1659. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk to såld korn og ½ laup smør som landskyld av sin part i Gjukastein.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen av Apostelgodset i Gjukastein 2 pund smør og 4 bukkskinn. Sehe-

--- side 209 ---

sted åtte 1650 1 laup 6 mark i Gjukastein og Apaltun. Ein halv laup hadde han fått ved makebyte med kongen og ½ laup 6 mark hadde han fått av Finnegodset ved kongeskøyte i 1648. På dette jordgodset var det ½ pund smør, 1 geitskinn i leidang, 2 dalar 8 skill. i skatt, ½ dalar 2 skill. i fornødspengar, ½ dalar 2 skill. i arbeidspengar og ½ dalar 182/3 skill. i avgift til jordeigaren. Ingebrikt var leiglending. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som selde det 1657 til Gabriel Marselis. Skattemanntalet for Finnegodset 1657 melder at det åtte 2 laup 6 mark i Gjukastein.

Eigarane av garden var i 1661: Astrid Bu 1 laup, Per Gubaas 2 laup, Vangskyrkja 1 laup og Finnegodset 1 laup 6 mark. Per og Finnegodset hadde bygsleretten. Det var to brukarar: Ingebrikt og Olav Andersson. Han var brukar og i 1664, men i staden for Ingebrikt var då komen Torfinn Arneson. I futerekneskapen 1672-73 er skrive at ein løytnant på Voss hadde fått utlagt noko av Gjukastein til bruk. I 1680 er ført upp desse eigarar: Klas Miltzow 1 laup 6 mark, Johannes Ekaas 1 laup 1 spann, Hallstein Blindern 1 laup, Albert Person Gubaas 1 pund, Bergitte Angeltveit 16 mark og ervingane etter Mons Ekasse 16 mark. Desse 5 var frå Arne skipreide. I 1691 var det tri brukarar: Eiliv, Sjur og Mattis. Eiliv og Anders var leiglendingar i 1695.

Folketeljingi 1701 fører upp tri leiglendingar: Anders Nilsson, 38 år, Knut Ivarson, 49 år og Laurits Jonson, 35 år. Laurits hadde sonen Olav Larsson f. 1698 og døydde 1736. Eigarane av Gjukastein var i 1714 og 1723: Vangskyrkja 1 laup, Henrik Miltzow 1 laup 6 mark og Mons Blindern 3 laup. Vangskyrkja sin part vart selt av kongen 1723 saman med kyrkja. Brukarane var 1715: Lars i fyrste tunet, Anders og Nils i andre tunet. Dei budde der òg 1723. Ein Lars Ivarson bygsla 1 laup 3 mark i 1730 av H. Miltzow og Per Monsson bygsla i 1738 1½ laup av Blindern, men dei har ikkje vore der lenge. Per som var enkjemann, gifte seg 1738 med Ragnhild Larsdr. Gjukastein og hadde to born: Hallvard f. 1739 og Sigrid f. 1742.

Ovanfor nemnde Anders Nilsson var gift fyrst med Sigvor Oddsdr. og andre venda 1712 med Sisselja Arvesdr. Rene og døydde 1733. Ho vart attgift med Knut Olavson, som atter gifte seg 1750 med Marta Knutsdr. Gjukastein og døydde 1765.

--- side 210 ---

Marta gifte seg upp att 1766 med Olav Larsson Lydvo. Anders hadde bygsla 1½ laup i 1694 og fekk 1721 ny bygselsetel frå Blindern. Med Sisselja hadde han 2 born, Nils og Sigvor. Ho var gm. Odd Gjerstad. Knut Olavson bygsla dei same 1½ laup i 1734. Med Sisselja hadde han sonen Lars f. 1738 og med Marta to døtter: Sisselja f. 1753, gm. Hans Olavson Bø og Ingebjørg f. 1758, g. 1791 med Lars Ivarson Lydvo. Olav Larsson hadde med Marta sonen Knut f. 1771, som døydde 1788. Olav kjøpte i 1774 1½ laup i garden for 350 riksdalar og let han 1791 til Lars Ivarson Lydvo. Framhald bruk 2.

Nils Sjurson f. 1704, gifte seg 1728 med trimenningen sin Brita Tormodsdr. Helland og døydde 1749. Ho Brita gifte seg att 1750 med Nils Olavson Giljarhus. Han gifte seg andre venda 1769 med Ragnhild Persdr. Vinsand og døydde 1779, 72 år gl. Ho gifte seg andre gongen etter kongelegt løyve med sin skylding Johannes Eirikson Vetla Røte. Nils Sjurson hadde med Brita fem born: Åmund f. 1729, gm. Sigrid Knutsdr. og budde på Bø, Sjur f. 1737, gm. Ingjerd Steffadr. Bø, Torbjørg f. 1721, gm. Eirik Røte, Kari f. 1735, gm. Olav Vetla Hornve og Ragnhild f. 1740. Nils Olavson hadde med Ragnhild sonen Nils f. 1774.

Ovannemnde Nils Sjurson var leiglending i andre tunet og deretter Nils Olavson. Han kjøpte i 1774 4 pund 12 mark i garden for 347 riksdalar. Johannes Eirikson fekk skøyte på det i 1780. Han let 1790 til styksonen Nils 1½ laup og ein part i Raundalens Almenning, som Nils Olavson hadde kjøpt i 1766. Nils Nilsson døydde 1792 og Johannes selde då garden til Torgeir Sjurson Bø. Framhald bruk 3.

Knut Nilsson Fletre gifte seg 1725 med Hallkatla Larsdr. Gjukastein, truleg dotter åt Lars, som var leiglending i 1715 og 1723. Knut bygsla 1 laup 3 mark i 1725 av Henrik Miltzow og kjøpte 1759 av kongen løysningsretten til 1 laup 6 mark i 1ste tunet for 44 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Knut døydde 1760, 61 år gl. og hadde to born: Marta f. 1726, gift 1750 med Knut Olavson Gjukastein, umtala ovanfor, og Mikkjel f. 1732. Han gifte seg 1755 med Brita Monsdr. Giljarhus og kjøpte i 1763 1 laup 6 mark på auksjon etter Nils Gris Alstrup for 167 riksdalar 5 mark 8 skill. Medan Mikkjel og Brita budde på Gjukastein, hadde dei 5 born: Ragnhild, Lars, Steffa, Herborg og Brita, fødde 1755-1766. Mikkjel bytte

--- side 211 ---

i 1767 med Kjel Larsson uti ein part i Lid i Raundalen. Kjel bygsla dessutan av Fleischer 1 laup i Gjukastein og kjøpte det i 1780.

Kjel var av Villandætti, fødd 1710 og døydde 1787. Han var gift 1731 med Ingjerd Torleivsdr. Bø, Rd., 1736 med Gudve Eiriksdr. Gjerde og 1750 med Anna Herbrandsdr. Lindberg. Berre med Anna hadde Kjel born som vart vaksne: Lars, Olav f. 1759, Gudve f. 1757, gm. Per Knutson Haga eller Tren, og Eli f. 1766. Lars Kjelson døydde 1800, 45 år gl. og var gift 1783 med enkja Guri Nilsdr. Haga. Lars fekk skøyte frå far sin 1781 på 1 laup 6 mark i garden og ein part i Raundalens Almenning. Born: Lars, Kjel f. 1788, Knut f. 1791, gm. Brita Knutsdr. Ullestad. Kjel var med då dei vølte kyrkjetårnet og var den som kleiv upp og feste lina i tårnet. Han var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Lars Larsson f. 1785, gm. Brita Arnfinnsdr. Hornve, døydde 1855. Han fekk farsgarden bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Gjukastein. Lars og Brita hadde 4 born: Guri f. 1812, gm. Nils Nilsson Nesthus, Arnfinn f. 1815, Nils f. 1817, gm. Guri Olavsdr. Seim, gardmann på Seim, Lars f. 1826, gm. Johanna Andersdr. Hellesnes, kjøpmann i Haugesund. Arnfinn gifte seg 1842 med Ingebjørg Klasdr. Finne og døydde 1889. Han fekk garden hjå foreldri sine i 1841 for 600 spd. Seks born: Brita f. 1843, gm. Anders Torgeirson Ronve, Marta, Kari f. 1848, gm. Knut Sjurson Ringheim, Lars f. 1851 død ugift 1917, Kirsti f. 1854, gm. Anders Torgeirson Kvåle, Klas f. 1860 gm. Brita Andersdr. Bø. Lars fekk garden i 1882 for 2400 kronor og let han til Klas, bror sin i 1917 for 8000 kronor. Klas Gjukastein har vore med i heradsstyret og arbeidt mykje for indremisjonen. Han døydde 1931, og sonen Arnfinn f. 1898 g. 1926 m. Steffina Eiriksdr. Nesse frå Sogn fekk garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 31, lnr. 73 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 2 ort 9 skill., revidert 3 dalar 4 ort 21 skill. Ny skyld mark 5,79.

Bruk 2. Gjukastein. Lars Ivarson Lydvo, som var gift med Ingebjørg Knutsdr. og døydde 1857. 89 år gl. fekk i 1791 dette bruket som fortalt ovanfor. Dei hadde fire born: Knut f. 1792, Olav f. 1793, Ingjerd f. 1795 og Marta f. 1800. Ingjerd

--- side 212 ---

vart gift med Olav Hansson Bø og Marta med Trond Brynjulvson Davidhaugen. Knut gifte seg 1816 med Sigrid Gudleiksdr. Bø, 1822 med Marta Hansdr. Rjodo, og døydde 1869, 77 år gl. Han fekk farsgarden i 1812. Med Sigrid hadde han to born: Ingebjørg f. 1816 og Gudleik f. 1819. Med Marta hadde Knut fem born: Lars f. 1823, Sisselja f. 1827, Hans f. 1830, Olav f. 1838 og Knut f. 1867. Ingebjørg var gift med enkjemann Knut Andersson Bø. Sisselja gifte seg med Hallstein Johannesson Vetla Hornve. Hans Gjukastein hadde hotell og landhandel på Vossavangen og døydde ugift 1912. Olav reiste med kram. Knut gifte seg 1867 med Anna Monsson og hadde landhandel på Evanger.

Gudleik Knutson gifte seg 1849 med Marta Andersdr. Hellesnes, fekk farsgarden i 1852 for 450 spd. og døydde 1892. Sju born: Knut, Sigrid, Anders, Margreta, Lars, Olav, Marta, fødde 1850-1867. Sigrid var gm. Nils Larsson Vangen på Gjerme. Margreta er gm. Jon Halldorson Bø og Marta med Ivar Håvardson Grovu, Møn. Gudleik selde garden 1892 til Knut Bårdson Olde for 6100 kronor. Han var f. 1856 og g 1889 m. Synneva Olavsdr. Hornve. Olav Aslakson Flatekvål kjøpte garden på auksjon i 1900 for 5720 kronor. Han var f. 1855, g. 1888 m. Marta Knutsdr. Hegle og døydde 1921. Deira son Knut f. 1892 fekk garden i 1923 for 3000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 31, lnr. 74 med gamal skyld 1 laup 1 pund 3 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill. og revidert 2 dalar 4 ort 21 skill. Ny skyld mark 4,09 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 3. Gjukastein. Torgeir Sjurson fekk dette bruket, som fyrr fortalt, i 1792. Han var gm. Magli Johannesdr. Skiple, døydde 1857, 81 år gl. og hadde fire born: Ragnhild f. 1808, Herborg f. 1811, Guri f. 1813 og Brita f. 1818. Ragnhild var gm. Nils Torgisson Eimstad, Herborg gm. Eirik Torgeirson Brekke, Guri gm. Arnfinn Torgisson Eimstad og Brita gm. enkjemann Lars Halleson Store Ringheim. Ragnhild og Nils fekk garden hjå foreldri hennar i 1846 for 400 spd. Det fylgde med ein part i Raundalens Ålmenning. Dei hadde sonen Torgeir f. 1850, som gifte seg 1872 med Sigvor Sjursdr. Rekve og fekk garden i 1872 for 200 spd. Garden vart seld på auksjon til Klas A. Gjukastein og Lars K. Hernes i 1896. Frå bruk 3 vart i 1901 utskilt bruk 4, 5 og 6. Lars fekk resten av bruk 3. Sjå um han bruk 2 Vetla Røte.

--- side 213 ---

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 31, lnr. 75 med skyld som bruk 2. Etter at bruk 4 5 og 6 var fråskilde, er den nye skyldi mark 1,95.

Bruk 4. Gjukastein. Utskilt frå bruk 3 i 1901. Klas A. Gjukastein vart eigar av det i 1896. Skyldi er 90 øre.

Bruk 5. Gjukastein. Fråskilt bruk 3 i 1901. Johannes H. Hornve kjøpte det i 1902 av Klas Gjukastein og Lars Hernes. Skyld mark 1,04.

Bruk 6. Gjukastein. Skilt ut frå bruk 3 i 1901. Banevaktar Alfred Bergstrøm kjøpte det i 1901 av Klas Gjukastein og Lars Hernes. Bergstrøm var f. 1852, gm. Johanna Maria og er død. Sonen Anders fekk skøyte i 1919 på eigedomen. Skyld 44 øre.

Bruk 7. Apaltun. Utskilt frå bruk 2 i 1901. Johan I. Apaltun åtte det. Enkja hans selde det i 1911 til Sigvor Nilsdr. Røte. Skyld 24 øre. Framhald gardsnr. 32 Apaltun.

Bruk 8. Stølen Sveindalen. Skyld 17 øre. Skilt ut frå bruk 3, 5 og 6 i 1912. Lars Hernes, Johannes Hornve og Alfred Bergstrøm selde denne stølsparten for 185 kronor til Klas K. Saude, Hellesnes. Han let det i 1929 saman med bruk 2 Hellesnes til sonen Knut.

Husmannsplass.

Henrik Aslakson var husmann i 1661.

Støl.

Stølen var 2½ mil frå garden er det sagt i 1723. Bruk 1 og 2 har vårstøl på Ingjetveitna og sumarsstøl i Sveindalen ved Hamlagrøvatnet. I 1828 hadde Gjukastein og Eimstad åstadsak med Flatabø og Ola Fykse som åtte stølen Sunngrø. Det var strid um merket millom stølane, og det vart då utskifting. Brynjulv Liland stemde 1711 dei tri brukarane på Gjukastein og Olav Hornve fordi dei hadde stølsdrift over bøen hans.

Offentlege forretningar.

Gjukastein med fleire hadde sak mot Yksnabjørg um beite, godviljug utskifting 1837, åstadsak 1851, semje um veg 1852, semje um gjerde 1856, jarnbanetakst 1878, uppgang av merke 1888, utskifting og steiningsforretning av Søteigen 1902, utskifting 1913-14. Bruk 2 flytte då ut husi sine. For bruk 1, 2, 4 og 8 vart halde ekspropriasjonsskyn i 1929 um regulering av Hamlagrøvatnet, gjeve konsesjon 1928 for regulering av Bergsdalselvi og Torfinno og Overskyn um denne reguleringi 1930.

Ymse.

I april 1892 brann stova og bualoftet med innbuet på bruk 3. Løda og floren stod att.

Segn.

Ei gamal segn fortel: Etter svartedauen var det anten på Gjukastein eller Byrkjo at dei såg ei kvinne, som kom gåande

--- side 214 ---

på isen. Dei ropte på henne. Ho kom upp til dei og vart buande der. Det skulde då vera berre fem rjukande skorsteinar frå Stavanes til Stalheim.

Bumerke.

Lars 1712, 1730, tavle 2 nr. 45, har sett det på hovudet 1721, og brigda det noko i 1725. I 1736 og 1739 er det samanfletta av bokstavane LNS. Nils 1773 t. 2 nr. 43. Anders 1719-1725. I 1730 er det ein V på hovudet og ein A. Nils 1721, 1723 t. 2 nr. 48. Knut 1735-1741 t. 2 nr. 49. Knut Olavson teikna det i 1745, 1750. Knut teikna t. 6 nr. 46 i 1738, 1758, 1762. I 1754 teikna Knut t. 1 nr. 23. Knut Olavson 1738 t. 2 nr. 50. Knut Nilsson 1750, 1758 t. 2 nr. 51. Lars 1750 t. 2 nr. 52. Kjel 1768 t. 2 nr. 53. Olav Larsson 1770, 1783 t. 2 nr. 54. Sjur Nilsson 1770 t. 2 nr. 55. Nils 1774 t. 2 nr. 56. Johannes Eirikson 1790 t. 2 nr. 57. Seglet åt Knut var 1745 bokstavane KOS med bumerket i t. 6 nr. 46 under.