231. Glymme.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 424 ---

Namnet vert i 1610 skrive Glemme, i 1723 Glimme. Det vert no sagt Glỳmmè2; han búr pao, è tao Glỳmmè, ska tì Glỳmmés, sms. Glỳmmés-líè. Namnet er samansett med vin (beite), fyrelekken er uviss, men heng vel saman med ordet glum m. som kann tyda «dun, brak» eller «myrk dal».

Glymme er 1661 ført upp med 1½ laup i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt at der var brennefang. Det var likeins 1723 med det tillegg at der var skog til husvølingar og humlagard. Garden var sers lettbrukt og kornavlingi årviss. Skyldi er 1838 umskrivi frå 1½ laup til 5 dalar 3 ort 20 skill. Der var never og fureskog til husvøling, ved til sal og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 870.

I matrikkelen 1865 er ført upp 25 mål åker, 2½ mål dyrka eng, 24½ mål god, 94 mål medels natureng og 96 mål skrapebø. 11 mål høvde til å dyrka. Ring hamnegang. Skog til husbruk, og båe bruki kunde selja timber og ved for 4 spd. kvar. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg Ved uppteljingi 1918 var der 24,2 mål åker, 31 mål kunsteng og 20 mål natureng.

Der budde 14 menneske i 1801, 23 i 1865 og 12 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Glymme.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   6          
1723 1   13   12   14      
1865 2   20   47   60   47  
1918 3   17   40          

Guenty heitte brukaren på Glymme i 1591. Torgeir (stundom skrive Torgis) er skriven som leiglending i tidi 1603-1645. I leidangsboki er leidangen 1624 førd upp med 9 merker smør

--- side 425 ---

og 1 geitskinn. Ryttarskatt var 1627 lagt på 1 spann med 6 skill. Torgeir Sjurson, g. m. Marta, var leiglending 1645 og åtte 1621 1 spann på Rokne og Eide og 1629 2 spann på Glymme. Sonen Tormod Torgeirson var g. fyre 1645 m. Anna Rasmusdr. Gjelle og var leiglending 1645-1664 og lenger. Skyldi er 1652- 1661 ført upp med 1½ laup. Apostelgodset åtte 1 laup og Vangskyrkja ½ laup som klokkaren fekk innkoma av. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 1 laup av Apostelgodset. Borgarmeister Offue Jensson åtte det 1676, sokneprest Per


Glymme
Bilete 53. Glymme. Fot. P. Braaten 1937.

Hansson, Eidfjord 1680, Annanias Wrangel 1691, kaptein Stoud 1695, Kristense Miltzow 1714 og Jens Nordahl 1723. Vangskyrkja åtte heile tidi ½ laup som klokkaren fekk innkoma av.

Tormod og Anna hadde borni Hallvard, nemnd i militærrullane 1670, Lars, Halldor, og fleire som eg ikkje har funne namn på. Lars var f. ikring 1742, g. m. Ragnhild Olavsdr., og var leiglending etter foreldri sine. I ei sak på Nesthus i 1708 er upplyst at Lars var syskinbarn til Rasmus Arneson Nesthus. Lars døydde 1732 og Ragnhild levde etter han. Dei hadde seks born: Per f. 1681, g. 1711 m. Gjertrud Eilivsdr. Kvåle, Gullfj., gardmann på Øvre Graudo, Sjur f. 1685, g. 1710 m. enkja Brita

--- side 426 ---

Oddsdr. Gjelle, budde på Gjelle, Anna g. fyre 1705 m. Odd Nilsson Himle, Marta f. 1687, g. 1. 1713 m. ekm. Lars Sjurson Møn, 2. 1720 m. Per Knutson Store Ringheim, Gjertrud, g. 1717 m. Magne Sjurson Setre og Rannveig f. 1693, g. 1718 m. ekm. Anders Nilsson Midtun.

Lars sa upp bygsli i 1720 og versonen Per Knutson bygsla då garden av Henrik Miltzow. Major Stephan de Barckley kjøpte 1724 1 laup for 270 rd. av løytnant Jens Nordahl. Per påstod at han hadde kjøpt av Nordahl for 250 rd. Barckley fekk på ekstrating 6. april 1724 dom for at Per skulde flytta frå Glymme. Johannes Glymme fortel i boki si um Glymmeætti at Per då reiste til kongen i Kjøbenhavn og klagde over den urett som han og verfaren leid ved at Barckley fekk kjøpa gardparten. Kongen utferda då eit brev, dagsett 30. september 1724, til stiftsbefalingsmannen at Per skulde få fri sakførsel til å prøva saki i retten.

Under saki er upplyst at Per hadde lote betala ulovleg høg bygsel til Nordahl i 1720 med 52 rd. Nordahl vilde berre betala attende 15 rd. til Per. Vidare er upplyst at Per si slekt i mange led hadde site på garden, fyrst Torgeir, so Tormod, so Lars, og dotter hans hadde ekta Per. Dei visste ikkje um nokon av slekti hadde rudt upp garden frå fyrst av, men dei nemnde menn hadde utbetra garden ved rydjing. Lars hadde rudt mest, um lag halvparten. Den endelege domen har eg ikkje funne, men han har nok gått ut på at Per skulde flytta. Han kjøpte nemleg i 1726 bruk 2 Øvre Graudo og budde der til 1733 då han fekk skøyte på 1 laup på Glymme frå styret for skifte etter Barckley og flytte dertil.

Marta døydde 1750 og fekk med fyrste mannen sin, Lars Sjurson, fire born og med Per fem born: Dei fire med Lars var Gjertrud f. 1706, g. 1. 1724 m. Åmund Olavson Seim, 2. 1736 m. Jon Ukvitno, Herborg f. 1708, g. 1738 m. ekm. Per Eirikson Vinsand, Sjur f. 1715, død ugift 1736 og Magne f. 1717, g. 1758 m. Gjertrud Olavsdr. Rekve. Per sine born var: Lars f. 1721, Knut f. 1723, g. 1744 etter kongelegt løyve med syskinbarnet sitt Guri Oddsdr. Himle, budde på Indre Kvormo, Olav f. 1725, g. 1752 m. Anna Eiriksdr. Jerald, budde fyrst på Finne, sidan på Hæve, Anders f. 1727, død 1741, Ragnhild f. 1730, g. 1752 m. Anders Knutson på Indre Ringheim. Per vart attgift 1755 m. Kristi Knutsdr. Stora Rokne, fødd på Finne, enkja etter Bryn-

--- side 427 ---

julv Torgeirson Hylle. Per budde då på Rokne, og var både då og fyrr fleire gonger lagrettemann. Han døydde 1766, 69½ år gl., og Kristi 1772, 73½ år gl. Ved skifte etter han åtte buet 1 laup 6 mark på Rokne og ½ laup på Glymme. Vangskyrkja åtte framleies ½ laup som klokkaren hadde innkoma av.

Lars Person var g. 1745 m. Ingebjørg Klasdr. Finne. Ho var etterkomar av Smørætti gjenom to linor og av Dalætti. Lensmann Mass Seve var godfar hennar og sokneprest Henrik Miltzow hennar godfars godfar. Lars kjøpte 1744 2 pund 19½ mark på Finne, og budde der 1744-1751 då han selde til Olav, bror sin, og flytte til Glymme. Der åtte Lars ½ laup etter skøyte 1751 og døydde 1766. Både han og faren vart gravlagde sette sundag etter påske. Lars og Ingebjørg fekk fire born: Klas f. 1751, Anders f. 1753, g. 1773 m. Rannveig Knutsdr. Staup, budde i Tungeteigen, Per f. 1757, g. m. Brita Andersdr., budde på Haga og Margreta, g. 1764 m. Halldor Rognaldson Haugo. Ingebjørg vart attgift 1768 m. David Knutson Lunde og fekk dotteri Brita, f. 1769, g. 1788 m. Mons Torsteinson på Lunde f. 1761. Ingebjørg døydde på Lunde 1799, 72 år gl.

Klas Larsson gifte seg 1773 m. Ragnhild Torbjørnsdr. Rogne f. 1750 og fekk 1769 skøyte frå mori og syskini på 2 pund 16 mark. Han bytte 1777 med systermannen Halldor Rognaldson uti 1 laup 27 mark i Gjøastein. Han kjøpte 1788 8 mark av David Lunde og åtte då 1 laup på Glymme. Halldor hadde butt på Rue, so på Tøn og deretter på Gjøastein. Halldor var både smed og snikkar. Margreta døydde 1797 og Halldor 1804, 69 år gl. Dei hadde elleve born: Knut f. 1765, Lars f. 1767, Asgjerd f. 1769, Rognald f. 1772, Anna f. 1775, g. 1793 m. Knut Larsson Mosafinn, Synneva f. 1776, Per f. 1778, Klas f. 1782, død 1814, Ingebjørg f. 1785, død 1837, Ragnhild f. 1787, g. 1814 m. Knut Olavson Skjeldal og Marta f. 1790, g. m. Nils Olavson Nesheim, Granvin. Per og Synneva døydde 1797 i nervefeber. Klas var med i krigen mot Sverike og fall på kyrkjegarden på Onstadsund. Um morgonen hadde han sagt: Eg tek visst likskjorta på meg i dag.

Knut Halldorson gifte seg 1798 m. Torilda Larsdr. Uppheim, Gullfj., og fekk 1 laup etter far sin. Han døydde 1813 barnlaus. På skifte etter Knut var jordgodset (1 laup) taksta 700 rd. og stølen Svòrtegjelæ 50 rd. Bruttomidelen var 1172 rd. Torilda

--- side 428 ---

gifte seg att 1814 med Ivar Person Tillung, som flytte til Medås i Granvin. Knut selde halve garden, bruk 1, til Lars, bror sin og den andre halve, bruk 2 til broren Rognald.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Glymme. Lars Halldorsson fekk som nemnt skøyte 1798 frå Knut, bror sin, på bruk 1 for 616 spd. Lars vart g. 1799 m. Marta Endresdr. Uppheim, Gullfj. og fekk seks born: Margreta f. 1799, g. 1. 1819 m. Per Bårdson En, 2. 1828 m. Styrk Olavson Høyland, Synneva f. 1802, g. 1. 1829 m. Olav Mattisson Lunde, 2. 1835 m. David Monsson Lunde, Endre f. 1805, Brita f. 1810, g. 1841 m. husmann Eirik Styrkson Hegle, Asgjerd f. 1814, g. 1835 m. Lars Gusskalkson Lydvo, husmann på Grjotland og Anna f. 1815. Anna fekk to born: Endre (Amerika) og Knut Steffason som budde på Flatekvålsteigen.

Endre Larsson vart g. 1828 m. Jorunn Olavsdr. Høyland f. 1804. Han fekk garden for 300 spd., selde han 1839 til verbroren David Monsson for 800 spd. og budde sidan på Uppheim, Gullfj. Endre og Jorunn fekk sju born: Lars f. 1829 (Kabelvåg), Synneva f. 1831, Marta f. 1834, båe døydde ugifte, Olav f. 1838 (i Kabelvåg), Styrk Høyland f. 1842, flink smed, Ingebjørg f. 1846 død 1864 og Knut f. 1850. Knut gifte seg 1876 m. Ingebjørg Bergesdr. Svanga, var snikkar og hadde stove i Haugamoen. Båe er døde og har born etter seg. David og Synneva fekk fem born: Marta f. 1835 (Amerika), Brita f. 1837, g. 1856 m. Nils Olavson Ygre, Olav f. 1840, Ingebjørg f. 1843 (Amerika), og Margreta f. 1846 (Amerika). David døydde 1850, 53 år gl. Han datt utfor Jernesbrui. Synneva døydde 1877, 75 år gl. På skifte etter han var garden verdsett 500 spd.

Olav Davidson gifte seg m. Ingebjørg Arnvedsdr. Rjodo og fekk garden ved skifte etter faren for 500 spd. Ho døydde 1893, Olav 1902 og hadde sju born: David f. 1866, g. m. Jakobina Jansen, køyrar i Bergen, Marta f, 1867, g. m. Gjert N. Eggjareid, sjå bruk 13 av Indre Haugo, Synneva f. 1869, g. m. ein Nilssen på Bodø og er død, Johannes f. 1872, g. m. Ingebjørg Rue, bur på Rjukan, Anna f. 1874, g. m. Gustav Rogne frå Valdres, Lars f. 1876, g. m. Ingebjørg Petersen, huseigar i Bergen og Knut f. 1882, død 1900.

Gudleik Andersson Horvei kjøpte garden i 1887 for 6000 kronor. Han er f. 1858, g. m. Kristina Johannesdr. Fadnes.

--- side 429 ---

Gudleik dreiv ei tid med rokkearbeid og har ofte vore prisdomar ved tråvlaup. Dei har fire born: Kari f. 1881, g. m. Jakob Håheim, bur på Kvåle, Gullfj., Marta f. 1889, g. m. Samson Rondestveit, Ulvik, Brita f. 1895 og Anders f. 1899, g. m. Guro Larsdr. Sæd, Eidfjord. Han fekk 1923 skøyte på garden for 3000 kronor.

Bruk 1 rar fyrr mtrnr. 231, lnr. 456 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38.

Bruk 2. Glymme. Rognald Halldorson fekk 1798 som fyrr nemnt skøyte frå Knut, bror sin, på bruk 2. Han var f. 1772 og g. 1799 m. Margreta Endresdr. Uppheim. Han dyrka og vølte mykje på garden, hadde jarnstaur med på slåtteteigen for å bryta upp steinsnybbor som stod i vegen for ljåen. Rognald døydde 1835, Margreta 1838, 63 år gl., og hadde sju born: Margreta f. 1799, g. 1821 m. Halldor Brynjulvson Løno f. 1788 (Amerika), Asgjerd f. 1801, g. 1821 m. Lars Person Gjerme (Amerika), Marta f. 1806, g. 1831 m. Lars Olavson Jernes f. 1802, Synneva f. 1803, g. 1830 m. Anders Eirikson Himle f. 1804, Anna f. 1813, g. 1840 m. Olav Person Nesthus, Ingebjørg f. 1816, g. m. Ivar Johannesson Steine frå Aurland, og Knut f. 1820.

Knut Rognaldson vart g. 1840 m. Brita Johannesdr. Himle f. 1819 og fekk garden på skifte etter faren. Knut var med i skulestyret, heradsstyret, formann i likningskommisjonen og bibliotekar i Folkeboksamlingen. Knut døydde 1874, Brita 1895, og hadde ni born: Rognald f. 1840, Johannes f. 1842, g. m. Helmine Schelderup, Margreta f. 1845, g. m. Knut Henderson f. 1835 (Amerika), Per f. 1847, g. m. Madli Hansdr. Spildo, Granvin, Åmund f. 1850, g. 1. m. Anna Spildo, Granvin, 2. 1880 m. Guri Larsdr. Finnesteigen, Anders f. 1853, g. m. Ågota Ivarsdr. Steine, Anna f. 1856, g. m. ekm. stortingsmann Nils Skår, Norheimsund, Odd f. 1858, g. m. Emma Endresdr. Nedkvitno og Synneva f. 1862, sjå bruk 5. På skifte etter Knut vart garden verdsett 400 spd. og skogen 50 spd.

Johannes var lærar og sidan ikring 1870 telegrafist, telegrafstyrar i Nordland og telegraffullmektig i Stavanger, der han døydde 1932. Han hadde mykje å gjera med etterrøkjing og byggjing av nye telegraflinor. Flerre tillitsyrke hadde han både i Lødingen, Hammerfest og Stavanger. Knut Løno, eller

--- side 430 ---

Knut Henderson som han skreiv seg for i Amerika, dreiv målarforretning i Chicago til han tok mot farmen etter faren i Wisconsin. Han var og musikar, gav ut koralbok og songbøker, var fyrste formannen i Vossalaget og arbeidde mykje for innsamling av gåvor til Voss Barneheim. Til Voss Folkemuseum har han gjeve ei bok med 80-90 songar som han har dikta og skrive inn i boki. Per og Åmund var snikkarar og bygningsmenn i Amerika. Anders var lærar og seinare postmeister i Minnesota. Anna var fyrst meierske og sidan lærarinne i handarbeid ved den praktiske gjenteskule på Onarheim, medlem av styret for husmorskulane i fylket og av ei departements-nemnd for utgreiding um husmorskolar. Odd hadde urmakarforretning i Madison.

Rognald Knutson gifte seg med Margreta Styrksdr. Hildestveiti f. 1844, og fekk farsgarden for 3200 kronor. Han var tambur, seinare underoffiser og steig til fanejunker og kompanikommandør ved Hardanger Landstormbataljon. Var med og skipa Voss Avhaldslag og lenge formann i styret for det. I 1900 fekk han kongens fortenstmedalje i sylv. Margreta døydde 1911 og Rognald 1922. Fire born: Rognald f. 1867, Johannes f. 1872, g. m. Anna Kvamme, Vossastr., urmakar i Chicago, Olina f. 1875, g. m. Arne Stuland, overlærar på Stord lærarskule og Knut f. 1881 som har urmakar- og juvelerforretning i Washington. Rognald var ei tid i Amerika, kom heim att, fekk 1920 skøyte frå far sin på garden for 3000 kronor og gifte seg med Ingebjørg Larsdr. Græe f. 1890. Sonen Rognald Rognaldson fekk garden i 1937.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 232, lnr. 457 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill., revidert 3 dalar 11 skill. Ny skyld mark 4,50.

Bruk 3. Almenningen. Denne stølen er utskild 1904 frå bruk 2. Skyld 15 øre. Selt til Lars O. Kindem. Etter at bruk 4 var fråskilt, selde han bruk 3 til Anders Helland som har bygt stølshus der.

Bruk 4. Almenningen. Skilt ut frå bruk 3 i 1904 med skyld 5 øre. Kindem selde det til arkitekt Bull, meklar Martens og disponent Kuhnle i Bergen. Ingeniør P. Berg har seinare kjøpt denne parten.

Bruk 5. Fredheim. Skilt frå bruk 2 i 1911 med skyld 2 øre og selt til Synneva Knutsdr. Glymme, som har bygt stovehus

--- side 431 ---

der. Ho er f. 1862, har i vel 30 år vore lærarinne ved handverksskulen for gjentor på Voss, var med og skipa fyrste fråhaldslaget på Voss og er heidersmedlem av Voss Kvinnelag. Synneva har i lenger tid vore med i skulestyret, heradsstyret, verjerådet, styret for Voss Ungdomsforening og styret for Bergens Krins Ungdomsforening. Ho fekk 1935 kongens fortenstmedalje for langt og trufast arbeid i skulen.

Bruk 6. Olateigen. Skilt frå bruk 1 i 1930 med skyld 50 øre og selt til Knut Rognaldson Glymme. Olav Olavson Nes frå Valdres fekk 1875 feste på plass på denne eigedomen. Han var f. 1849, g. 1872 m. Magli Klasdr. Mosafinn, f. 1837. Då Olav døydde, vart ho attgift 1886 m. Pål Nilsson Lunde og selde husi på plasset.

Husmenn på Glymme.

Anders Larsson, g. m. Marta Knutsdr., døydde 1746, 47 år gl. og hadde fire born: Guro, Knut, Gitle og Sigrid f. 1737-1744. Sjur Knutson budde der då han fekk borni: Lars, Ingebjørg og Knut f. 1758-1765. Knut var g. 1790 m. Gjertrud Andersdr. Tyrlingen. Mons Larsson, g. m. Sigrid Andersdr., som døydde 1778, 332/3 år gl., hadde plasset Glymmeshaugen. Dei fekk dotteri Marta i 1776. Anders Larsson, g. m. Rannveig Knutsdr., fekk sonen Lars f. 1776. Knut Knutson, g. m. Torbjørg Larsdr., fekk 1778 sonen Knut. Odd Masson, g. m. Anna Persdr. fekk sonen Klas f. 1779.

Torbjørn Herbjørnson, g. m. Ragnhild Oddsdr., døydde 1785 og hadde tri born: Marta, Gjertrud og Dønåt f. 1774-1782. Nils Halldorson Glymme f. 1785, g. 1820 m. Ingebjørg Andersdr. Øvre Rasdal, var paktar på Glymme og andre stader og hadde ei tid plass på Glymme. Dei hadde borni: Per f. 1822, Gjertrud f. 1824, Ragnhild f. 1826, Anders f. 1829, Knut f. 1830, Brynjulv, Margreta, Johannes f. 1840. Nils fekk 1818 med Marta Olavsdr. Væte ein son Anders som 1837 gifte seg med Ragnhild Larsdr. Brekku. Dei reiste til Chicago der dei vart rike folk. Han skreiv seg der for Anders Brekke. Knut Olavson, g. m. Ragnhild Mikkjelsdr., fekk dotteri Anna f. 1834. Kona Sigvor Brynjulvsdr., døydde 1857, 38 år gl.

Ivar Larsson Finnesteigen f. 1775, g. 1799 m. Brita Olavsdr. Jeraldstveiti budde på plasset Rynningshaujen på bruk 2. Han var oftast kalla Ivar Rynningen. Jordeigaren stemnde

--- side 432 ---

Ivar i 1818 og vilde at han skulde flytta, men fekk ikkje medhald i domen. Ivar døydde 1820, Brita 1860, 71 år gl., og hadde åtte born: Olav f. 1804, Lars f. 1807, g. 1841 m. Marjo Knutsdr. Haugo, budde på Kinne, Olav d. y. f. 1811 (Vesterålen), Nils f. 1813, g. 1837 m. Bryttva Larsdr. Rekve, budde på Rekve, Ivar f. 1816, g. 1845 m. Brita Olavsdr. Brekku, Borghild, g. 1822 m. ekm. Håvard Olavson Nyre, Marta, gift i Vesterålen og Brita f. 1820, g. 1846 m. Ivar Mattisson Ringheim, husmann på Helland. Olav d. e. og systeri Marta reiste 1825 til Lofoten. Olav har sidan rudt og bygt på Myrvang eller Vosserommet i Balsfjorden og budde seinare i Tromsø. Olav var best kjend under namnet Olav Voss. Biskop Bang umtalar Olav i boki «Kirkehistoriske småstykker» og segjer m. a.: Olav høyrde til den haugianske retning og har «ved sin stille færd og sit livs vidnesbyrd vakt adskillig opmærksomhed og været et salt» o. s. fr.

Lars Olavson Jernes f. 1802, g. 1831 m. Marta Rognaldsdr. Glymme, nemnd ovanfor, fekk ikring 1835 plasset Glymmeshaugen på bruk 2 og bygde og rudde der. Dei fekk 1833 sonen Olav. Lars kjøpte 1845 bruk 2 Kinne og 1869 bruk 2 på Bryn, der dei er umtala. Gitle Monsson, g. som ekm. 1829 m. Brita Olavsdr. Nesthus hadde plasset Glymmeshaugen på bruk 1. På stampa si i Vanjolne dreiv Gitle mykje med stamping av vadmål. Eigaren av plasset stemnde 1826 Gitle at han skulde flytta, men ved domen fekk Gitle lov til å sitja der framleies. Dei ol upp ein gut som heitte Mikkjel. Han vart g. 1857 m. Gudve Knutsdr. Vossabakken og kjøpte gard på Eimstad. Gitle døydde 1842, 72 år gl.

Brynjulv Nilsson Seim, Viki f. 1817, g. 1850 m. Brita Olavsdr. Glymme f. 1829, fekk 1872 husmannsfeste på Glymmeshaugen som Gitle hadde havt. Brynjulv dyrka mykje på plasset og dreiv elles med skinnreiding, batt fiskenøter og fiska saman med Finnesteigane. Folki brukte den tid mykje skinnklæde og skinnhitar til å ha korn og mjøl i. Brynjulv reiste ei tid med kram. Han døydde 1906. Dei hadde to søner: Olav f. 1855, g. m. Sigvor Josefsdr. Lid (Amerika), og Nils f. 1864, g. m. Helena Birkelid. Han var preparant ved Bergens Museum og seinare vaktmeister ved den Biologiske Stasjon på Herdla. Han fekk rosande umtale av fleire vitskapsmenn for sers dugleik og fekk kongens fortenstmedalje. Han døydde 1934.

--- side 433 ---

Johannes Glymme fortel i boki si um Glymmeætti at major Barckley fyrr han kjøpte garden, hadde stove på Glymmesflaten nær ein høl for kvernhusdammen i Setresgroæ. Dei gamle tala ofte um Glasstovehølen og kalla baret nedanfor flaten Glasstovebare. Majoren skulde vera so sterk at han med berre hendene retta ut ein hestesko. Barckley døydde 1732. Han var fyrste sjef for Vossiske kompani. I ei militærliste 1767 står at sonen Johan f. 1708 var premierløytnant og budde i fatige umstende i faren sine hus på Voss. Kann henda det var på Glymme. Um Olateigen sjå ovanfor.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Ved skifte 1813 etter Klas Halldorson er tilført at han åtte ein støl kalla «Svartegjellen» som tidlegare hadde lege under Setre. Svortegjelæ er sidan seld til Mølsterteigen og Nesthus. Glymme har i gamal tid havt stølen Glymmesbot'n uppe under Graosio. Det syner endå etter seli. Halldor bytte 1791 med Jernesmennene soleis at dei fekk Glymmesbot'n og han fekk deira støl i Almenningen. Bruk 2 har framleies støl i Ålmenningen. Bruk 1 har selt sin støl, sjå bruk 3 og 4.

Kvern.

Der var ei flaumkvern i 1723, 1776 og 1791. Bruk 1 har havt kvern i Kvednushòlo ved groi millom Setre og Glymme. Bruk 2 hadde kvern i Vanjolne og leigde grunn av Kvåle. Stampa hans Gitle Glymmeshaugen stod i Stampehòlo ved Vanjolne på Kvåle sin eigedom. I 1890-åri bygde Rognald stampa ved kvernhuset og dreiv stamping der nokre år.

Offentlege forretningar.

Sak 1712 med Kvåle um ein skogteig i Glymmesliæ. Sak 1724 og 1725 um salet av garden til Barckley. Odelstakst 1843. Åstadsak 1850. Utskifting 1853 og 1932.

Bumerke.

Per mange gonger 1739-1764 tavle 1 nr. 13. Same merke brukte Lars 1758, 1763 og 1766 og Klas 1775. David 1772 t. 9 nr. 26.

Ymse.

«Peter Stol får Glymmesmannen sol,» er eit gamalt herme. Den dagen skulde solstrålane kunna smelta smør på stoveveggen. Husi har visst havt andre tufter i eldre tid, som der er merke etter, og det har vel då slege inn med smørsmeltingi. - I gamle dagar skulde det vera godt laksefiske ved Trollfetæ. - Inntil 1850 heldt ein flokk hjort seg mykje i skoglidi ovanfor Glymme. Knut Rognaldson hogde av og til ned ei osp um vintrane åt dyri. Til hans store sorg vart ein dag heile flokken nedskoten. - Uppe på Gjelhamrane er ein stor merkeleg sprake.