201. Græe.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 239 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Gridini og a Gridin. Det vert no sagt Grèè2; han búr pao, è tao Grèè, ska tì Grèés, sms. Grèés-hòl'na. Namnet er vel samansett med vin (beite). Fyrelekken er uviss; ein kunde tenkja på gn. grið n. (fred, trygd) eller stomnen grið- eller gríð- som ein har i gridug, gridung o. fl. ord.

Matrikkelen 1661 melder at skyldi var 4 laup. Elles er berre sagt at garden var lunnalaus. I 1723 var skyldi 3½ laup. Garden var årvand, noko tungbrukt og hadde vedaskog. Skyldi er 1838 umskrivi frå 3½ laup til 10 dalar 1 ort 18 skill. Samanlikningstalet var 1560.

I matrikkelen 1865 er ført upp 332/5 mål åker, 4½ mål dyrka eng, 39 mål god, 114 mål medels natureng og 66 mål skrapebø. 8 mål høvde til dyrking. Bruk 1 og 2 hadde ring vårhamn, medels sumarhamn, og bruk 3 og 4 ring hamnegang. På alle bruki var det knapt um ved, og dei hadde ikkje timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I strenge vintrar var det

--- side 240 ---

skort på vatn. I 1918 var der 34,5 mål åker, 36 mål kunsteng og 21 mål natureng.

Der budde 27 menneske i 1801, 29 i 1865 og 27 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) pa Græe.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 23 34
1723 2 26 30 28
1865 4 30 74 86 54
1918 7 23 64

Tri menn kunngjorde 13. april 1333 (DN IV nr. 203) at Sigurd Halvardson førde vitne for at han hadde stemnt Halle på Rogn til denne dag, men at han ikkje møtte. Det var i stova på Græe. Siugurdr på Græe har 1339 saman med seks andre kunngjort vitnemål umtala i DN II nr. 231 på Hylle. Oluff var leiglending 1563, Sylfest i 1591, Laurits 1603 og Sylfest og Jon 1611. Sylfest vitna 1590 i ei sak på Lemmesteigane at Arnfinn, far hans, hadde butt på Rogne i 14 år. Jon var leiglending ogso 1614 og 1621. og var 1614 utskriven til Svinesund. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på ein part på Græe var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn, der Jon var leiglending, og på ein annan part 1 geitskinn. Husmannen Knut var leiglending der. Rognald var brukar 1635 og 1640 og åtte 1635 3½ laup. I 1645 var det to brukarar: Rognald Bårdson, g. m. Brita og deira son Knut, g. m. Brønild. Rognald hadde tenestedrengen Samson.

Skyldi er 1652 og 1659 førd upp med 3½ laup. I 1652 og 1655 åtte Laurits Torsnes 3 laup 1 spann, men 1659 var Bård Torsnes eigar av det. Kirsten Bolstad åtte alle desse åri 1 spann. Torsnesgodset var 1661 eigar av heile garden. Rognald og Knut er skrivne som leiglendingar 1652, 1659 og Knut i 1661. I 1664 var det Knut Rognaldson og Anders Knutson. I saki um Krossaset er umtala at Knut hadde sagt seg samd i at husi der skulde rivast. Klas Miltzow åtte 1676 og 1691 1½ laup. Brukarane Jon og Vebjørn åtte 1691 2 laup. Henrik Miltzow er skriven som eigar av 1½ laup 1695 til 1723 og seinare. Skåne-

--- side 241 ---

viksgodset åtte 1695 2 laup. Brukarane åtte 1714 1 laup 2 pund 6 mark og 2 laup i 1723.

Knut Rognaldson umtala ovanfor hadde tri born: Anders som var brukar 1664, Jon og Inga og kann henda fleire. Jon var f. 1648, g. m. Jorunn Olavsdr. og var leiglending til han døydde 1722. Jorunn døydde 1727. Dei hadde fire born: Åsa f. 1694, g. 1724 m. Anders Sjurson Midt Skutle, Gjertrud f. 1698, Sigrid f. 1702, g. 1738 m. Odd Person Stora Saude og Odd f. 1704, g. 1733 m. Kari Isaksdr. Kvåle. Odd døydde 1773.


Græe.
Bilete 29. Græe for 50 år siden. (Etter målarstykke av Nils Bjørgum 1887).

Inga var f. 1660 og g. m. Arnbjørn Larsson som var f. 1657. Han var son til Lars Såkvitno og soneson til Mikkjel Larsson som budde på Såkvitno i 1625. Frå han ættar m. a. stortingsmann Hans Såkvitne.

Arnbjørn var lagrettemann i 1699 og er skriven som odelsbonde i folketeljingi 1701. Han kjøpte 1712 odelsretten til 2 laup av Hans Olavson Ådneland for 12 rd. og 1718 1½ laup 9 mark av Per Torbjørnson Hectander (?). Arnbjørn bygsla 1 spann i 1725. Inga døydde 1735, 75 år gl. og Arnbjørn 1739. Dei hadde to søner: Knut f. 1694 og Rognald f. 1699, g. 1720 m.

--- side 242 ---

Anna Halldorsdr. Tveito. Ved skifte etter Arnbjørn åtte han 1 laup på Græe verdsett 84 rd. Han hadde og ått 1 laup på Haugo som sonen Rognald hadde fått 1735.

Knut Arnbjørnson var g. 1. 1715 m. enkja Gudve Torgisdr. Gjelland, 2. 1729 m. Marta Knutsdr. Dagestad. Knut hadde med Gudve dotteri Sigrid og to born med Marta: Gudve f. 1731, g. m. gardmann Knut Botolvson Dolve og Anders f. 1732 som 1747 fekk skøyte på 1 laup 2 pund 6 mark. Han hadde ikkje born og selde 1791 1 laup til systersonen Arnfinn Knutson Dolve og 1799 1 laup til systerdotten Gjertrud Arnbjørnsdr. Haugo. Ho selde det att 1800 til Arnfinn. Anders døydde 1800. Gudve og Knut Dolve fekk seks born, umtala på Dolve. Millom dei var Arnfinn. Det er fortalt at Anders bad systri på Dolve um å bringa ein av likaste gutane sine upp til han, og ho sende då Arnfinn. Han var ei kjempe, snøgg på foten og hadde uvanleg sterk røyst som høyrdest lang veg når han var på hiven, og det var ikkje so sjeldan. Han var ofte uvyrden av seg, og då han hadde vore ei tid på Græe, sa Anders morbroren: «Æ Arnfinn dan likaste tao sønene henna Gudvæ, syster mi, so Gud bære meg for dei andre.»

Arnfinn gifte seg 1791 m. Mildri Steffadr. Gjerstad. Dei døydde båe 1840, han 73 og ho 80½ år gl. og hadde sju born: Anders f. 1792, Knut f. 1793, død ugift 1877, Gudve f. 1796, g. 1832 m. Knut Andersson Gjerstad, Bø, Jon f. 1797, g. 1826 m. Eli Torsteinsdr. Herre, Steffa f. 1801, g. 1846 m. Gudve Nilsdr. Himle, Botolv f. 1802, g. 1844 m. Brita Nilsdr. Himle, Ingebjørg f. 1805. Arnfinn selde 1809 halve garden som vart bruk 2 til lensmann Mattis Ringheim og den andre halve, bruk 1, til versonen Knut Gjerstad i 1836. Sjå vidare bruk 1 og 2.

Eirik Endreson bygsla 1711 1 pund og 1723 1½ laup av Henrik Miltzow. I 1760 kjøpte Eirik 2 pund 6 mark på auksjon og 1761 1½ laup av fru Alstrup. Eirik er skriven for Øvre Rjodo då han 1723 gifte seg m. enkja Jorunn Olavsdr. Græe. Han vart gift andre gongen 1727 m. Anna Trondsdr. Gjelland. Ho døydde 1749, 42½ år gl. og Eirik 1776, millom 70 og 80 år gl. På den store ljoskruna i kyrkja står m. a. ERICK ENDRESEN GRÆE 1733. Han stemnde 1729 saman med Lars Skutle og andre Henrik Miltzow og løytnant Nordahl for di dei hadde teke for stor avgift. Dei laut betala attende til Eirik 58 rd. Ved skifte etter Anna åtte dei 1 spann i Tesdal og hadde seks born:

--- side 243 ---

Trond f. 1729, død 1776, Jorunn f. 1731, g. 1761 m. Klas Sveinson Fenno, Tesdal, Øystein f. 1734, død 1752, Endre f. 1736, død 1752, Rannveig f. 1744, g. 1770 m. Sjur Nilsson Nedre Graudo, Torgeir f. 1746.

Trond Eirikson f. 1729, g. 1774 m. Rannveig Knutsdr. Rene fekk 1761 skøyte på 2 pund 6 mark. Han døydde 1776 og hadde sonen Knut f. 1775, som døydde ugift 1841. Jordgodset vart på skifte verdsett 260 rd. Rannveig vart attgift 1779 m. grenader Knut Styrkson Mølster og dei åtte 2 pund 6 mark. Rannveig døydde 1821, 76 år gl. og Knut 1825, 72 år gl. Dei hadde fem born: Ingebjørg f. 1780, Trond f. 1783, Styrk f. 1785, Eirik f. 1788, g. 1812 m. Ingjerd Nilsdr. Fære og Torgis f. 1794, død 1875 ugift. Han var flink til å reida skinn til klæde, arbeidde i tre, serleg lagging og dreiv litt med treskurd. Styrk dreiv noko med feitevarehandel. Han vart utkommandert 1812 i krigen mot Sverike og var sers uthaldande under marsar og liknande. Han døydde 1856. Trond fekk garden, sjå bruk 4.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Græe. Knut Andersson Gjerstad fekk som fyrr umtala bruk 1 i 1836 for 900 spd. Han var g. 1832 m. Gudve Arnfinnsdr. Dolve f. 1796. Knut selde att 1836 til Jon Arnfinnson Græe for 524½ spd. og kjøpte bruk 2 Bø, Dyrvd. Som fyrr nemnt var Jon g. m. Eli Torsteinsdr. Herre. Dei fekk sju born: Ingebjørg f. 1826, g. 1855 m. Knut Knutson Vålo, Arnfinn f. 1828, g. 1856 m. Inga Jonsdr. Olde (Amerika), Marta f. 1831, død 1910 ugift, Ingjerd f. 1835, g. 1867 m. Lars Rognaldson Haugo, Eirik (Amerika), Torstein f. 1838, g. 1868 m. Anna Knutsdr. Haug, husmann på Setre, Lars f. 1843, død 1872 ugift. Jon selde garden 1858 til systri Ingebjørg for 700 spd. og var sidan husmann i Græeshuse, der han døydde 1878 og , Eli 1895.

Ingebjørg Arnfinnsdr. gifte seg 1862 m. tidlegare underoffiser Erling Knutson Rjodo. Då ho døydde, vart han attgift 1889 m. Brita Steffadr. Græe og døydde 1905. Brita selde 1909 garden til Olav Nilsson Nummedal frå Vik i Sogn for 4000 kronor. Han var f. 1867, g. m. Gunnhild Arnfinnsdr. Nummedal, Sogn. og døydde 1929.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 203, lnr. 395 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 20 skill. Ny skyld mark 4,35.

--- side 244 ---

Bruk 2. Græe. Lensmann Mattis Ringheim kjøpte 1809 bruk 2 for 990 riksbankdalar og selde att 1815 til Anders Arnfinnson Græe for 840 riksbankdalar. Han var som fyrr nemnt f. 1792 og gifte seg 1823 m. Guri Larsdr. Øvre Herre. Anders døydde 1871 og Guri 1875 (87 år), barnlause. Lars Rognaldson Haugo kjøpte 1867 garden for 500 spd. Han var som fyrr umtala g. m. Ingjerd Jonsdr. og fekk tri born: Anders f. 1868, g. 1893 m. Marta Styrksdr. Haug, gardmann på Helland, Rognald f. 1870 og Guri f. 1875. Lars døydde 1927 og Rognald fekk garden for 2000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 203, lnr. 396 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Græe. Torgeir Eirikson nemnd ovanfor fekk 1774 skøyte frå far sin på 3 spann og gifte seg 1776 m. Sigtru Johannesdr. Helland. Han døydde 1807, ho 1823, 73 år gl. og hadde sju born: Anna, f. 1772, død 1815, Eirik f. 1778, Arngunna f. 1782, g. 1813 m. Brynjulv Eirikson Rjodo, Mørkve, Endre f. 1785, Viking f. 1788, g. 1822 m. Marta Oddsdr. Sonve, Rannveig f. 1790, Guri f. 1793, død 1865. Viking var husmann på Flatekvål, var med i krigen mot Sverike, og hadde sonen Eirik f. 1822. Han gifte seg 1845 m. Brita Nilsdr. Lirhus og døydde 1846. Eirik fekk 1806 skøyte på garden og døydde ugift 1807. På skifte etter han var bruket verdsett 496 rd. Bruttomidelen var 507 rd. Ervingane hans selde 1808 garden til EndreTorgeirson.

Endre vart gift 1811 m. Marta Erlingsdr. Kvitno og fekk tri born: Sigtru f. 1812, g. 1844 m. Nils Andersson Ronve f. 1810, Torgeir f. 1816, g. 1846 m. Anna Andersdr. Kvitno (Amerika) og Erling, f. 1818, som døydde 1904. Han var skomakar og var som vanleg då umkring på gardane og arbeidde sko. Endre døydde 1867 og Marta 1869, 92 år gl. Nils og Sigtru fekk 1877 garden hjå far hennar for 400 spd. Nils var sylvsmed og døydde 1898 og Sigtru 1909. Dei fekk tri born: Anders f. 1845, g. 1874 m. Anna Kolbeinsdr. Skutle, Endre f. 1847, død ugift 1921, skomakar, Marta f. 1851, g. 1883 m. Sjur Olavson Auro, Grovu. Anders fekk 1877 skøyte frå far sin på garden for 1200 kronor og døydde 1915. Anders og Anna, fekk borni: Nils, Sigtru, Kolbein, tvillingane Torgis og Olav, Eirik, Kirsti og Anders. Nils f. 1876 fekk 1906 garden for 1400 kronor, men let han 1908 til Olav, bror sin. Han er f. 1884 og g. 1912 m. Margreta Knutsdr. Seim, f. 1885.

--- side 245 ---

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 203, lnr. 397 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20.

Bruk 4. Trond Knutson fekk som fyrr nemnt bruk 4 i 1823. Han var f. 1783 og g. 1827 m. Brita Eiriksdr. Lydvo. Trond vart utkommandert 1809 i krigen mot Sverik og var med i slaget ved Onstadsund. Han leid svært vondt i krigen og var aldri frisk seinare. Trond døydde 1861 og Brita 1880. Dei fekk åtte born: Knut d. e. f. 1828, Eirik f. 1829 (Amerika), Rannveig f. 1830, død 1889 ugift, Lars f. 1833, g. 1872 m. Anna Ivarsdr. Moe, Valdres, Marta f. 1834, g. 1859 m. Olav Sjurson Skjeldal, Anna f. 1836 (Amerika), Eli f. 1838, g. 1869 m. Olav Olavson Rogne (Amerika), Knut d. y. f. 1842. Han var to år skulehaldar i krinsen Bryn-Vele, reiste so til Kristiansand, tok der eksamen på underoffiserskulen, var inspeksjonsunderoffiser ved skulen til 1870 då han gjekk inn i polititenesta. Vart 1895 overbetjent, tok avskil og døydde nokre år seinare. I 1901 fekk han kongens fortenstmedalje i sylv.

Knut d. e. vart g. 1. 1854 m. Brita Eivindsdr. Uren, 2. 1877 m. Marta Gudmundsdr. Riste frå Vang i Valdres. Han fekk 1859 farsgarden. Knut var kunnande med arbeid både i tre, jarn og måling og var òg med på muring. Fyrr han gifte seg, tente han ei tid på gastgjevarstova. Ho Brita var sers flink til å veva kvitlar, åklæde og liknande, og selde til dei kondisjonerte på Vangen. Knut fekk med Marta borni: Brita d. e., Anna f. 1879, Johan f. 1882, Guro f. 1884, g. 1914 m. telegrafist Per Starheim, Brita d. y. f. 1887 og Knut f. 1889. Knut Trondson døydde 1909 og Marta 1925. På skifte 1877 etter Brita vart garden verdsett 2831 kronor. Bruttomidelen var 3672 kr. Johan fekk 1909 garden for 2400 kronor og gifte seg 1917 m. Anna Knutsdr. Jernes.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 203, lnr. 398 med skyld som bruk 3.

Husmenn på Græe.

Lars Knutson f. 1641 var husmann i 1701. Arnved Torbjørnson, g. m. Mari Helgesdr. fekk borni Guri f. 1736 og Eli f. 1739. Mari døydde 1741 i barnseng og Arnved vart attgift 1742 m. Brita Ivarsdr. Vinjo. Dei fekk borni Mari f. 1743, Jorunn f. 1744 og Sigrid f. 1745. Bruk 1 og 4 hadde kvar sitt plass kalla Græeshuse som låg side um side. Pål, g. m. Synneva Olavsdr.,

--- side 246 ---

budde på det eine. Då Pål var død, fekk ho Synneva dotteri Kari i 1811 m. Svein Andersson Haug. Jon Arnfinnson budde i Græeshuse etter han selde garden. Lars Trondson og kona hans, umtala ovanfor, hadde eine plasset. Han var hjulmakar. Dei fekk borni: Ivar f. 1871, Brita f. 1876, g. m. Nils Olavson Fenno, Istadmyrane, Trond f. 1885 og Ingebjørg f. 1891, g. m. Rognald R. Glymme. Ivar og Trond reiste til Amerika. Lars døydde 1895. Den teigen Lars hadde, kallar dei no vanleg Trond-Las-stykkje.

Steffa Arnfinnson f. 1801, g. m. Gudve Nilsdr. Himle, nemnde ovanfor, hadde plasset Odda ved Himlesmerket. Han døydde 1874 og Gudve 1895. Dei fekk borni: Brita f. 1847, g. 1889 m. ekm. Erling Knutson Græe og Arnfinn f. 1850, g. 1877 m. Guro Olavsdr. Bokkatun. Arnfinn budde ei tid på Oddaplasset, sidan på Takla og bygde so på bruk 205 av Lekve. Dei fekk fleire born. Arnfinn døydde 1925.

Støl.

Stølen var ei mil frå garden er det sagt i 1723. Bruk 1 og 3 har støl på Krossaset og bruk 3 og 4 på Byrsset ved Grønlidi. Bruk 1 og 2 hadde og støl på Byrsset til Arnfinn Knutson kom til Græe. Han selde stølsretten på Byrsset og tok seg utan vidare støl på Krossaset. Haringane prøvde å gjera han leitt der, men han jagde dei soleis at dei kom ikkje att. Det vart ei stor sak um denne stølen og um Almenningen på Bordalen i 1660-åri. Sjå meir um det i stykket Ymse frå Bordalen og Giljane, som kjem etter Rong.

På Krossaset er Tora-Las-haugen. Dette namnet skal skriva seg frå at der budde ein Lars som var g. m. ei Tora. Dei hadde borni Bård og Marta. Ein på Himle som vitja dei ein vinterdag har fortalt, at dei hadde nokre store ramostar (gamalostar) som han sat på. Ein annan stad på Krossaset er Steinkyrkjo. Det er to store steinar reiste upp mot einannan. På Byrsset har vore flekt hellor. Kaorabaoten på Grønahorjæ er ein stor stein som liknar på ein båt. Galtaryggjen er ein fjellrygg på skap som ein galte. Ovn'n er ein stein lik ein omn. I Ormabrekkuna på Byrsset skal fyrr ha vore orm.

Vegen til Byrsset går um Herre og Byrseskaret. I dette er ved vegen ein stor stein kalla sengjæ. Han er flat ovanpå og har tydelege merke etter kroppen åt gygri Hallbjørg at ho har site der og kvilt seg. Ikkje langt derfrå syner det i skarvet

--- side 247 ---

etter skoen hennar, og det er kalla Budeiefoten. Lenger heime ovanfor Haoset er Brøskaope, ein stor stein likt eit brødskåp.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men der var to flaumkvernar i 1776 og 1791. For lenger tid sidan brukte dei å veita Ytregroæ heim i Heimagroæ til kvernevatn og nede på berget syner etter kvernhustuft.

Offentlege forretningar.

Sak 1728 millom eigar og brukar, odelssak 1766, merkeskilforretning 1784 millom bruki på Græe, sak og dom 1798 med Finne, semja 1802 um beiting på stølen, odelssak 1811, utskifting 1811, takst 1822, semje 1828 um ikkje å halda geiter, utskifting 1865, semje 1888 med Himle og Olde um gjerde, utskifting 1890. Fyre utskiftingen stod husi åt alle bruki saman, men etter utskiftingen flytte bruk 1 og 2 husi sine. Fyre utskiftingen kalla dei vanleg bruk 1 for Nistovo, bruk 3 Oppistovo, bruk 3 Heimigaren og bruk 4 Utigaren.

Bumerke.

Arnbjørn fleire gonger 1711-1733 tavle 8 nr. 39. Jon 1721 t. 8 nr. 40. Eirik 1736, 1742 t. 8 nr. 41. Arnved 1737 t. 8 nr. 42, mykje brigda 1738. Torgeir Eirikson 1779 t. 8 nr. 43. Anders Knutson 1779 t. 8 nr. 94.

Ymse.

I 1850-åri var det på Giljane einkvan som «såg syn over Græe», det vil segja at der vilde verta lauseld. På Græe gjorde dei då slik som trui sa, at dei i slike tilfelle skulde, dei la saman pengar til ei gåve og den Spedalske Stiftelsen i Bergen fekk det.

Segn.

Etter det dei gamle fortel, skal Græe ha vore støl fyrr det vart gard og heitte då Grønheim. Namnet kom av at der vert so tidleg grønt um våren. - Hallbjørg Græe var dotter åt gygri i Graosio. Ho Hallbjørg var trulova med ein dei kalla Grungapresten, men han slo upp med henne og tok ei onnor. Då dei skulde på Vangen for å verta vigde, skufla ho Hallbjørg ihop ein stor snøhaug uppå Tillungsstødl'n og demde upp Kvitæ. Med det vilde ho sleppa laus ei skride når brudfylgje kom ridande på Giljasida. Men Grungapresten ottast ille og brudfylgjet reiste Bordalssida. Då gygri såg det, vart ho sinna og grytte ein stor stein etter dei. Han trefte ikkje brudfolki, men vart liggjande attmed vegen ved Himleskrossen. Steinen vart sundskoten og brukt til husmur då dei etter utskiftingi på Himle flytte husi. Det vart mest eit kjellarvyrke av steinen. På Græe er ein åker kalla Hallbjørsaokor'n.