Graudo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 226 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Graudum. Det vert no sagt øvré og nèré Grauó2; han búr pao, è tao Grauó, ska tì Graua, sms. Graualund'n. Namnet er truleg fleirtal av eit ord grauði m., som ikkje meir finst i norsk, men er attfunne i angelsaksisk (Gréado, m.) med tyding bringe, brjost.

Orm (Borgarson) Kavle på Graudo levde 1300-1339. Skifte var halde etter han i 1339. Han har visst vore av ei stor og rik adelsætt. Sume meiner at både bror hans og farbroren har vore norske riksråder. Orm har brukt to ulike skjoldmerke. For det er lite truleg at det på Voss då har levt to Orm Kavle. Under eit diplom frå 1304 fører han i skjoldmerket ein skråbjelke med venglaus drake. Ovanfor er ei lilje med frøstylk og nedanfor er ei seksblada rose. Under eit diplom frå 1319 er skjoldet av kvit og svart «skaktavlet» bjelke. I båe segli er Umskrifti «Ormeri filii Borgari».

I 1306 var Orm tilstades ved eit skifte på Øvrebø i Fjellberg etter Torkjel Bonde sin son Askjel, som hadde vore g. m. Ingjerd Torgautsdr. frå Aga. Ho vart visst andre kona åt Orm Kavle og hadde med han sonen Sørkver Ormson. Orm hadde med fyrste kona sonen Hallstein. Øvre Graudo har gått i arv til Hallstein Ormson. Sjå på Hylle um Ingjerd og Sørkver. Det er eit spursmål um Sisselja og Ragnhild Ormsdøtter var døtter åt Orm på Graudo. Ho Sisselja var g. m. Kalle eller Karl. Ragnhild var g. m. Eindride Olavson 1337. Orm har ikring 1303 saman med 7 andre vore tilstades i Buagard i Bergen då Einar Pinnung lovde to menn jordgods i Kyte for at dei skulde vitna i ei sak um Byrkjo (DN. I. 1313 nr. 98).

Orm Kavle og Svein Bjarneson har i 1317 saman med 10

--- side 227 ---

andre kunngjort at dei høyrde på ein avtale som Tore Sigurdson gjorde med Odd på Røte og systri Ingebjørg um 20 mmb. i Rogne. I 1319-1320 har Orm Kavle saman med to andre utferda eit brev med vitnemål um ei sak millom Peter på Finne og Peter Romundson um 1½ mmb. i Horveids-Åen. Fredrik prest på Vangen, Orm Kavle, Bjørn Steineson og Svein på Graudo vitnar i brev skrive på Vossavangen 22 mai 1323 (DN. I. nr. 171) at Odd, bonde på Gjerdåk, kjøpte 2 mmb. i Saude av Håvard Halleson. Orm Kavle og Svein på Graudo har saman med tri andre i brev 4. november 1324 (ND. I nr. 178) meldt um uppgjerd for jordgods som Torgeir på Tvilde hadde selt til Odd Oddson.

Brynjulv Brynjulvson, lensmann på Voss, og Jørund Asbjørnson på Berge vitnar i brev 10. mars 1340 (DN. III. nr. 200) at Eirik Erlendson (Bokke på Finne) gav Bjørn Steineson lovleg fullmakt til å saksøkja Hallstein Ormson (son til Orm Kavle på Graudo) vedkomande Nedre-Åen frå Gryvja upp til Vassenden. Den 9. september har Botolv, prest på Evanger, Brynjulv Brynjulvson, lensmann på Voss og Jørund (Asbjørnson) på Berge kunngjort (DN. I. nr. 268) at dei i 1340 var tilstades i fjøra millom Gryvja og Vassenden då Bjørn Steineson førde vitni sine. Dei upplyste, at dei var i stovedøri på Øvre Graudo, då Bjørn på vegne av Eirik Erlendson og seg sjølv hadde stemnt Hallstein, son til Orm Borgarson Kavle, til å møta ved Nedre-Åen millom Gryvja og Vassenden med dei prov og vitne som han hadde. Hallstein åtte visst Hjørnevik og har kann henda drive fiske i større mun enn Bjørn og Eirik tykte han hadde rett til.

Jon Torsteinson på Helland skøytte 6. oktober 1386 (DN. I. nr. 500) til Svein Ivarson på Graudo ½ spannsbol i Bolstad, Evanger. Han kjøpte vel dette serleg for laksafiske si skuld. Munkeliv kloster åtte i 1480-åri 12 laup i Øvre Graudo (sjå DN. VIL nr. 257). Orm Kavle på Gjerde i 1456 må vera av same ætti som ovanfor umtala Orm Kavle.

I 1521 var det fem brukarar på Graudo: a. Harlog som betalte 3 lodd sylv i skatt og 1 mark 1 skill. i breffbrot, b. Åmund med 4 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, c. Herborg, ei gjente, 2½ lodd 1 kvintin sylv, truleg i skatt, d. Erling 8 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, e. Oluf på Nedre Graudo 5 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. I riksarkivet er eit brev frå 1539

--- side 228 ---

skrive på Hallene (må vel vera Hylle) av Mats Kavle. Han har vore Svante Nilsson sin fut på Øresten i Bohuslen i 1505.

Det var fire brukarar i 1563, som kvar betalte 1 dalar i skatt: Gudleik, Svein, Laurits og Marta. Dei tri siste var på Nedre Graudo. Laurits betalte dessutan landskyld med 2 mark 4 skill. Ein tenestedreng med full lønn, Laurits, skatta ½ dalar. Laurits har i 1573 som lensmann på Voss saman med 5 andre utferda eit skinnbrev på Vossavangen um makebyte av Veka og Styve. Brevet er i Bergens Museum. På Graudo budde tri leiglendingar i 1590: Gitle, Laurits og Gudleik. I tingsvitne uppteke i 1570 um Lemmesteigane er upplyst at Laurits Øvre Graudo var død og hadde vore ein vel betrudd lagrettemann. Gitle og Gudleik har då vitna um merki. Etter kyrkjerekneskapen 1585-1616 fekk bispestolen i Bergen 2 laup smør og 2 huder og Vangskyrkja 1 aske korn og 4 merker smør i årleg landskyld av eigedomane sine på Graudo.

Gitle, Knut, Laurits og Oluf var leiglendingar 1603, Gudleik. Gitle, Oluf, Lasse og Knut i 1611. Gitle var eigar av 3 spann, Oluf Nedre Graudo av 1 laup 1 spann, Knut 1 laup og Laurits 3½ spann. I 1614 var Lasse, Gitle, Knut og Olav leiglendingar. Gitle åtte då ½ laup og Knut Øvre Graudo 1 laup. Knut Gudleikson, g. m. Arngunna Torgeirsdr. selde 1620 til Bård Johannesson Sponheim, Ulvik, jordparten hennar Arngunna 6 mark 1 sauskinn i Indre Bu, Eidfjord, for 6 gode gamle riksdalar, kvar dalar 6½ mark.

Det var same leiglendingar ogso i 1621. Oluf Nedre Graudo åtte då 1 spann i Ygre, 1 spann i Kvåle, Rd. Knut Graudo og Anders Rykke åtte 1½ laup i Gjerdåk, 1 laup 9 mark i Bygd, ½ laup i Mykkeltveit, 42 mark i Mestad, ½ laup i Langeland, 54 mark i Sefflestad, 5 mark i Århus, 1 laup i Berge, 20 mark i Vike, 1 spann i Haug, Rd., 45 mark i Skjerve og 5 mark i Hirt. Oluf Nedre Ygre var eigar av ½ laup i Veka (Vike?), 2½ spann i Rekve og ½ spann i Skorvu. Gitle åtte 1 spann i Haug, Rd., 1 spann i Ronve og 1 spann i Grimastad. Marta En åtte 28 mark i Graudo.

Leidangsboki for 1624 fortel at på Nedre Graudo var leidangen ½ laup smør og 2 bukkskinn med Olav og Lars som brukarar og på Øvre Graudo 2 pund smør, 2 bukkskinn og 2 geitskinn der Gitle og Knut var brukarar. Det er ført til at jordi båe stader var «temmelig til avl», men der budde mange

--- side 229 ---

bønder og der var ikkje noko lunnar. I 1627 var lagt Ryttarskat på odelsgodset i fem bruk soleis: På 3½ laup 9 mark skatt 8 dalar 1½ ort 6 skill., på 1½ laup 6 mark skatt 3½ dalar 1½ ort. Angunn var brukar på båe. På 1 laup skatt 2 dalar 1 ort med Gjertrud som brukar. På 14 mark i Øvre Graudo skatt 1½ ort 6 skill. og på 1 laup 1 spann i Nedre Graudo skatt 2½ dalar 1 ort 6 skill. Brukarane heitte Olav på dei to siste.

Skattemanntalet 1635 har som leiglendingar på Nedre Graudo Olav på 2½ laup, Åmund likeins og på Øvre Graudo


Graudo
Bilete 27. Graudo. Fot. P. Braaten 1936.

Oluf 4 laup og Laurits 4 laup. Åmund var so arm at han slapp fri for pendingsskatt. Brukarane på Øvre Graudo i 1645 var: a. Olav Ivarson, g. m. Marta, med borni Gitle og Anna og tenestgjenta Dordei, b. Laurits Arneson, g. m. Guri, med borni Olav og Anna. På Nedre Graudo var det: Olav Gullbranson, g. m. Gundelle, Eirik Olavson, g. m. Berete og Jon Eilivson, g. m. Gyrid. Per og Jon er umtala som leiglendingar på Nedre Graudo ikring 1657. Jon var stemnd i 1655 for åbot på eit stort loft på Finne, som må vera det gamle Finneloftet. Jon må difor

--- side 230 ---

ha vore brukar der ei tid. Øvre Graudo er ikkje ført upp i skattemanntali 1652, 1655 og 1659.

I 1661 og seinare er skilt millom Øvre Graudo og Nedre Graudo.

114. Øvre Graudo.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Øvre Graudo under Finnegodset med 8 laup i skyld, fire brukarar og at der var vedaskog og humlagard til husbruk. I matrikkelen 1723 er det same skyldi med fem brukarar. Der var litt fureskog til å vøla husi med, turvande vedaskog og humlagard. Garden var sers lettvinn og hadde god kornjord. Matrikkelen 1838 fører upp same skyldi og fem brukarar. Dei var sjølvhjelpne med skog og samanlikningstalet var 3000. Skyldi vart då umskrivi til 19 dalar 4 ort 13 skill.

Matrikkelen 1865 har 5 gardmenn som tilsaman hadde 49 mål åker, 5½ mål dyrka eng, 86½ mål god, 85 mål medels natureng og 189 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Bruk 1 og 2 hadde knapt um ved, men kvart av dei kunde selja timber for 1 spd. um året. Bruk 3, 5 og 7 hadde noko skog og kvart kunde selja timber for 10 spd. Alle bruki var sers lettbrukte, hadde ingen sers lunnar og var dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 34 mål åker, 3 mål kunsteng og 72 mål natureng.

Folketalet på Øvre Graudo var 45 i 1801, 37 i 1865 og 40 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Graudo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4 43 59
1723 4 66 72 68
1865 5 45 95 123 104
1918 5 26 57

Allehelgens gods åtte 8 laup i Øvre Graudo i 1647. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 2 pund 2 bukkskinn og 2 geitskinn. Same året fekk Sehested ved makebyte

--- side 231 ---

med kongen 8 laup i Øvre Graudo. På dette var det 2 pund smør 2 bukkskinn og 2 geitskinn i leidang, 8 dalar i skatt, 2 dalar i fornødspengar, 2 dalar i arbeidspengar og 2½ dalar 16 skill. i avgift til eigaren. Sehested laut skøyta dette jordgodset attende til kongen i 1651, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 for Finnegodset melder at til det høyrde 8 laup i Øvre Graudo og at leiglendingane var Olav, Olav og Lars.

Olav, Gitle, Lars og Olav var brukarar i 1661 og betalte tilsaman 12 rd. i skatt. Lars vart utskriven or soldattenesta i 1660. I 1664 var der seks brukarar: Olav Ivarson, Gitle Olavson, Knut Olavson, Lars Arneson, Olav Larsson og Olav Sjurson. Som nemnt på Flatekvål stemnde Olav Øvre Graudo i 1662 han Svein Flatekvål. Gitle vitna i den store skogsaki 1670 at han hadde hogge timber i Raundalens Almenning i 1677. Åmund var lagrettemann i 1669 og har då vore leiglending på Graudo. Klas Miltzow var 1680 og 1691 eigar av heile Øvre Graudo. Knut brukte 3 laup, Torstein 2 og Gitle 1 laup. Eigarane i 1695 var Henrik Miltzow av 4 laup og Hans Nilsson 4 laup. Torstein brukte 2 laup, Viking 4 og David 2 laup.

Folketeljingi 1701 har fire brukarar: Gitle Olavson f. 1624, David Vikingson f. 1665, Torleiv Brynjulvson f. 1669 og Viking Brynjulvson f. 1657. Sjur, Olav, Torleiv og Viking var brukarar i 1715. I 1723 var det seks brukarar: Sjur, Olav, Torleiv, Viking, Brynjulv og Viking.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Graudo. Viking Knutson Øvre Skutle f. 1699 vart gift 1730 m. Guri Sjursdr. Øvre Graudo f. 1707, som døydde 1751 og han døydde 1779. Ho Guri var dotter åt Sjur Jonson, som var brukar frå fyre 1706 og fekk skøyte på garden, 2 laup, i 1706 frå Hans Flindt. I 1730 var tinglese bygslesetel til Viking og 1734 kjøpte han bruk 1. Ved skifte etter Guri 1751 var det fem born: Knut f. 1730, Jon f. 1740, Marta f. 1733, Anna f. 1737 og Sigvor f. 1744. Døtterne døydde ugifte. Jon gifte seg 1766 m. Kari Gudleiksdr. Nedre Graudo.

Knut Vikingson f. 1730 vart g. 1760 m. Torbjørg Monsdr. Kvarakvål, som døydde 1790 og Knut døydde 1804. Han fekk skøyte på garden, 2 laup, i 1759 og kjøpte løysningsretten til

--- side 232 ---

det 1761 for 32 rd. 72 skill. Dei hadde tri born: Viking f. 1760, Mons f. 1768 og Guri f. 1765, død ugift 1806. I 1790 skifte Knut garden i to like partar, kvar på 1 laup, millom sønene, so Mons fekk bruk 1 og Viking bruk 2. Mons f. 1768 vart g. 1799 m. Sigvor Torsteinsdr. Kyte, døydde 1825 og hadde sju born: Ingjerd f. 1801, Torstein f. 1807, båe døydde ugifte, Guri f. 1809 (Amerika), Knut f. 1812, g. 1836 m. Marta Knutsdr. Ukvitno, enkja etter Eirik Andersson, husmann på Helleve, Viking f. 1812, Jon f. 1815 og Torbjørn f. 1819.

Kristoffer Åmundson kjøpte garden i 1824. Han var f. 1799, g. 1824 m. Guri Ivarsdr. Melve og hadde to born: Åmund f. 1828 og Anna f. 1833. Kristoffer selde garden 1851 til Knut Larson Bolstad for 670 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika. Knut selde att same året til Knut Andersson Sygnaberde for 700 spd. Han var f. 1817 og g. 1850 m. Gjertrud Persdr. Bø. Dei fekk gard på Øvre Rykke i 1864 og selde garden sin på Graudo i 1872 til Knut Andersson Sygnaberde d. y., som var f. 1835 og g. 1864 m. Ingebjørg Persdr. Bø. Dei let garden i 1890 til Arnfinn Knutson Rykke for 3400 kronor. Han var f. 1855 og g. 1883 m. Anna Arnfinnsdr. Gjerdåk f. 1860.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 115, lnr. 227 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 2 ort 11 skill., revidert 2 dalar 4 skill. Ny skyld mark 2,96.

Bruk 2. Øvre Graudo. Det er skilt ut frå bruk 1 i 1790 og Viking Knutson fekk skøyte på det frå far sin. Viking var f. 1760, g. 1791 m. Kristi Larsdr. Tøn og døydde 1809. Han var lagrettemann i 1799. Kristi døydde 1826. Sju born: Torbjørg f. 1791, g. 1843 m. ekm. Magne Arneson, husmann på Liland, Marta f. 1793, Guri f. 1794, Lars f. 1799, Knut død 1872 på Nedre Graudo 69 år gl. ugift, Anna f. 1801, Aslak f. 1804. Guri og Anna døydde ugifte. Aslak var reist til Nordland 1833 då det skulde drivast inn uppfostringshjelp for ei dotter Ingebjørg han hadde fått med gjenta Kirsti Brynjulvsdr. Opeland. Ved skifte etter Viking 1808 vart garden utlagd til Lars Mæringi og fleire for 520 rd. Dei selde att til henne Kristi i 1811 for same pris.

Lars Vikingson fekk garden ved skifte etter mori 1827 for 400 spd., men selde att same året til Olav Jonson Dukstad eller Lirhus for 500 spd. Han vart g. 1811 m. Arnbjørg Nilsdr. Dukstad som døydde ikring 1843, og han døydde 1857, 70 år gl.

--- side 233 ---

Olav selde bruk 2 i 1846 til Styrk Larsson Kvåle for 620 spd., som atter selde 1852 for 600 spd. til Torstein Larsson Tverberg. Torstein gifte seg 1855 m. Anna Aslaksdr. Helleve, selde bruk 2 i 1856 til Styrkår Sveinson Fjose og fekk gard på Helleve med kona si.

Styrkår Sveinson f. 1822 gifte seg 1854 m. Marta Aslaksdr. Helleve og døydde 1896. Fem born: Nils død ugift, Svein f. 1859, Anna f. 1861, g. 1855 m. emissær Ingebrikt Bø frå Valdres, Synneva f. 1862 og Aslak f. 1867. Svein vart g. 1885 m. Brita Jonsdr. Graudo f. 1862 og bur på Kvitno, Rd. Styrkår selde garden 1878 til Jon Andersson Kvitno, Rd. for 4400 kronor. Han var f. 1830, g. 1855 m. Brita Aslaksdr. Helleve, døydde 1910 og hadde to døtter: Anna f. 1856 og Brita f. 1861, som var g. m. Svein Styrkårson. Anna gifte seg 1887 m. Olav Olavson Knapskog frå Fjell og fekk garden åt hennar foreldre på Graudo i 1903 for 2600 kronor. Knut Farestveit kjøpte garden i 1918 for 10 000 kronor og selde att 1924 for 20 000 kr. til Olav B. Valldal.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 115, lnr. 228 med skyld som bruk 1 men den nye skyldi er sett ned til mark 2,90 etter at bruk 9 er skilt frå i 1917.

Bruk 3. Øvre Graudo. Viking Brynjulvson f. 1657, g. m. Synneva Larsdr. hadde 1691 bygsla 2 laup. Ho døydde 1713 utan born og Viking gifte seg att 1714 m. Gudve Styrksdr. Dukstad. Han fekk ny bygslesetel i 1720 frå Henrik Miltzow på dei 2 laupi. Per Knutson Glymme kjøpte desse 2 laupi i 1726 for 260 rd. Han var frå Store Ringheim f. 1698, gift fyrst med enkja Marta Larsdr. Glymme, andre gongen 1755 m. enkja Kristi Knutsdr. Store Rokne. Per let garden på Øvre Graudo att i 1733 til Per Larsson Glymme, bror til fyrste kona hans Per Knutson.

Per Larsson f. 1681, g. 1711 m. Gjertrud Eilivsdr. Kvåle, Gullfj., hadde vore paktar på Møn i 20 år då han kom til Graudo. Han døydde 1735, og Gjertrud 1739. Dei hadde fire bora: Eiliv f. 1712, Olav f. 1717, død ugift, Sjur f. 1725 og Ragnhild f. 1720, g. m. Gitle Olavson Øvre Graudo, sjå bruk 5. Eiliv Person f. 1712, g. m. Ranveig Persdr. Lid, fekk 1739 2 pund 15 mark i Helland etter Olav, bror sin, og skøyte i 1742 på 1 laup 46½ mark i Graudo. Eiliv selde same året til Olav Torgeirson Berde, som hadde kjøpt noko i 1741 og no åtte heile bruk 3. Han var g. 1720 m. enkja Ranghild Eilivsdr., morsyster hans

--- side 234 ---

Eiliv. Ho var f. 1694, gift 1714 med Ivar Johannesson Opeland, og døyddel744. Ved skifte etter Ragnhild var garden verdsett 240 rd. Det er ført upp ein son Johannes f. 1718 med Ivar, og seks born med Olav: Ivar f. 1721, Sjur f. 1725, Torgeir f. 1729, Eiliv f. 1732, Soffi f. 1736 og Eli f. 1738. Olav selde garden i 1751 til Nils Ivarson Bø for 300 rd.

Knut Sjurson Tøn har fått skøyte på garden i 1766 og 1769. Han var g. m. enkja Ingerid Brynjulvsdr. Olav Torgeirson hadde selt garden til Nils Bø med atterhald um å få bruka garden si livstid. Nils fekk 1760 kongeskøyte på løysningsretten til 2 laup for 32 rd. 72 skill., som Gabriel Marselis hadde kjøpt i 1657. Knut Tøn gjorde i 1770 krav på at Olav skulde vika frå garden. Dei vart forlikte soleis at Knut skulde få trø til garden straks. Han selde 1 laup att i 1779 til stykson sin, Brynjulv Åmundson som gifte seg 1780 etter kongelegt løyve m. Steinvor Andersdr. Gjerde.

Olav Nilsson har i 1783 ved makebyte fått 1 laup og straks etter kjøpt den andre laupen i bruk 3. Han var f. 1724, g. m. Marta Åmundsdr. og døydde 1812. Ho døydde 1792, 66 år gl. Sju born: Johannes, Åmund g. 1791 som grenader m. Anna Rasmusdr., budde på Nedre Graudo, Lars, Steffa, Olav f. 1770, g. 1800 m. Marta Torleivsdr. Øvre Graudo, Jon f. 1772, g. 1796 m. Kristi Sjursdr. Bø, Bryttva f. 1767, g. 1802 m. ekm. Eirik Magneson Nedre Rykke.

Johannes Olavson f. 1758 vart g. 1786 med Asgjerd Jørgensdr. Haugo. Han fekk skøyte 1785 på 1 laup frå far sin og i 1793 på 1 laup frå syskini sine. Asgjerd døydde 1820 og Johannes 1827. Ved skifte etter Asgjerd 1821 var garden taksta 600 spd. Bruttomidelen var 811 spd. Åtte born: Synneva f. 1787, g. 1823 m. Halldor Sjurson Tverberg, husmann på Bjørku, Olav f. 1789, Jørgen f. 1791, Anna f. 1797, Gjertrud f. 1800, Nils f. 1802, g. 1826 m. Guri Brynjulvsdr. Graudo, Ingebjørg f. 1805 og Sigrid f. 1807. Olav vart g. 1821 m. Inga Bårdsdr. Osgjerd og fekk skøyte på bruk 3 i 1823. Ho døydde 1839 og Olav 1857. Borni deira var: Asgjerd f. 1821, Gjertrud f. 1823, g. 1847 m. Anders Styrkson Tøn, Marta f. 1825, Arngunna f. 1829 og Anna f. 1832.

Asgjerd Olavsdr. f. 1821 gifte seg 1841 m. Knut Oleivson Ukvitno f. 1814. Ho fekk garden ved skifte 1840 etter mor si for 650 spd. Medan dei var på Graudo, hadde dei sonen Olav

--- side 235 ---

i 1842. Knut selde garden 1850 til Heine Nilsson Brekke i Granvin for 1100 spd. Kona hans var Magli Pålsdr. som døydde 1865, 75 år gl. Heine døydde 1856, 61 år gl. Magli skøytte garden i 1858 til sonen Nils for 1200 spd. Han var f. 1829, g. 1853 m. Ingebjørg Olavsdr. Tundal, døydde 1905 og hadde tri born: Nils f. 1853, g. 1878 m. Anna Larsdr. Jernes (Amerika), Malena f. 1856 og Olav f. 1865. Malena gifte seg med Kristoffer Larsson frå Eidfjord. Dei fekk skøyte frå far hennar på garden i 1886 for 3200 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 115, lnr. 229 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 3 ort 3 skill., revidert 3 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,69.

Bruk 4. Utskilt frå bruk 3 i 1880. Eigar: Kristoffer L. Graudo, som i 1932 selde det til sonen Olav saman med bruk 3 for 8000 kronor.

Bruk 5. Øvre Graudo. Gitle Olavson f. 1624 var son til Olav Ivarson og Marta som i 1635 og seinare var leiglending på 2½ laup. Gitle var leiglending frå ikring 1660, er død 1707 og hadde sju born: Ivar, Olav, Viking, Ingebjørg, Guri, Marta og Gudve. Olav var f. 1674. Ivar, Guri, Ingebjørg og Marta døydde fyre 1742. Ingebjørg var g. m. Olav (og hadde fire born: Knut, Ragnhild f. 1681, g. m. Olver, Guro f. 1689, g. m. Nils Oddson, David f. 1691). Guri, g. 1. m. Mons Heggland, 2. med Jon (og hadde fire born: Olav, Viking, Guro, g. m. Olav Ingebriktson og Ingebjørg, g. m. Knut Auro). Marta, g. m. ekm. Knut Nilsson Repål, leiglending på Repål. Gudve døydde ugift 1742. Etter frådrag ved skifte 1707 av heimagjerd til sume av borni som ikkje hadde fått det, vart det att til å skifta 42 rd.

Viking og Olav Gitlesøner har i 1703 fått skøyte frå Edvard Hansson på 2 laup. Viking stemnde Olav, bror sin, i 1707 og påstod at han skulde bygsla eller selja til han i laup. Viking var då soldat og hadde difor krav på å få jord i bygsel eller til kjøps. Saki vart utsett, men det ser ut til at Viking har fått noko, for i 1727 selde han ½ laup til Olav, bror sin. Olav f. 1674, var gift fyrst m. Maria Brynjulvsdr., og i 1741 m. enkja Sigrid Nilsdr. Nyre og døydde 1744. Ved skifte åtte dei 1 laup i Øvre Graudo og 2 pund 5 mark i Nyre. Med fyrste kona hadde Olav tri born: Gitle, Lars og Guro, g. m. Knut Almenningen.

Gitle Olavson f. 1709 var g. 1736 m. Ragnhild Persdr. Glymme (Kindem: Glymmeætti nr. 146) f. 1720 og døydde

--- side 236 ---

1765. Gitle kjøpte 1 laup av Nils Vikingson i 1734, 3 spann av syskini sine i 1737 og 1 spann i 1744. Han åtte då ialt 2 laup. Seks born: Maria f. 1738, g. m. Knut Knutson på Store Grovu, Gjertrud f. 1740, g. 1. 1772 m. Olav Knutson på Bø, 2. 1795 m. Lars Ivarson på Kolvu, Olav f. 1745, g. m. Marta Knutsdr. Bø, leiglending på Store Grovu, Per f. 1748, g. m. Ingebjørg Knutsdr. Bø, budde på Bø, Rd. Brynjulv f. 1754, g. m. Kari Knutsdr. Hegg, gardmann på Hegg, Lars f. 1759 (i Bergen). Gitle selde bruk 5 i 1754 til Lars Monsson Øvre Fenno.

Knut Olavson, stykson åt Lars M. Fenno, kjøpte bruk 5 i 1757 og fekk 1758 kongeskøyte på løysningsretten til 2 laup for 32 rd. 72 skill., som Gabriel Marselis hadde kjøpt i 1657. Knut gifte seg 1757 m. Sigrid Knutsdr. Øvsthus og døydde 1795, 65 år gl. Sigrid døydde 1809, 78 år gl. Dei hadde tri born: Knut f. 1759, Nils f. 1767, g. 1. 1805 m. Ragnhild Ivarsdr. Urdland, 2. 1847 m. Anna Gudleiksdr. Fagnastølen, Jon f. 1774. Brørne Knut, Nils og Jon var tiltala for tjuvskap i 1804. Jon vart dømd til 2 års straffarbeid i Bergens tukthus for di han hadde stole ei skinnbukse frå Lars Vinsand. Dei andre vart. frikjende. Nils fekk skøyte 1790 frå far sin på garden og døydde 1857. Born m. Ragnhild: Olav f. 1805, Sigrid f. 1806, g. m. Olav Andersson Kyte, Brita f. 1808, g. 1838 m. Per Larsson Heimberde, Anna f. 1812, g. 1841 m. Sjur Andersson Grønlidi (Amerika).

Nils selde i 1803 halve garden til Knut, bror sin, men har i 1831 selt heile garden til verson sin, Olav A. Kyte, for 600 spd. Han reiste i 1843 med huslyden sin til Amerika og selde då garden for 1400 spd. til Torstein Hermundson Ygre som selde att 1845 til Nils Eirikson Saude, Borstr. for same pris.

Nils Eirikson var f. 1825, g. 1844 m. Brita Torsteinsdr. Leidal f. 1819, døydde 1909 og hadde seks born: Barbrå f. 1845, Eirik f. 1847, Brita f. 1850, Torstein f. 1852, sjå bruk 6, Ingebjørg f. 1856 og Nils f. 1859, g. 1900 m. Ragnhild Knutsdr. Graudo. Eirik gifte seg 1871 m. Anna Nilsdr. Midberde og fekk farsgarden i 1887 for 3500 kronor. Han hadde døtterne Guri f. 1872 og Brita f. 1882, g. 1912 m. lærar Sjur O. Lote. Guri vart g. 1899 m. gardmann David Andersson Øvre Klyve. Eirik, son deira, fekk skøyte frå bestefaren på bruk 5 for 5000 kr.

--- side 237 ---

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 115, lnr. 230 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,13, som er sett ned til mark 5,36 etter at bruk 11 er skilt frå.

Bruk 6. Vetla Graudo. Skilt frå bruk 5 i 1887 og late til Torstein Nilsson Graudo. Han var f. 1852, g. 1886 m. Johanna Olavsdr. Brekku, Rd. og døydde 1930. Torstein dreiv mykje med hellebenk.

Bruk 7, Øvre Graudo. David Vikingson f. 1665, g. m. Brita Johannesdr., døydde 1704 og hadde vore leiglending på 2 laup sidan i 1690-åri. Ved skifte 1704 åtte dei 1 laup 1 pund i Vivås, verdsett 26 rd. som vart utlagt til enkja. Millom eignelutene er ei byrse taksta 2 rd., 2 pund humle 2 rd. og 100 rd. i reide pengar. Bruttomidelen var 309 rd. og der var ingi skuld. Fire born: Kari f. 1693, Brita f. 1698, Ingebjørg f. 1700, og Viking f. 1703.

Torleiv Brynjulvson f. 1669, g. andre gongen 1720 m. Brita Davidsdr., bygsla 2 laup i 1720 av Henrik Miltzow. Torleiv må fyrst ha vore gift med ei enkje etterdi det i folketeljingi 1701 står at han hadde to styksøner: Josef Olavson f. 1686 og Viking Olavson f. 1689. Torleiv døydde 1745 og Brita 1772, 75 år gl. og hadde fire born: Brynjulv f. 1723, Anna f. 1727, Sigvor f. 1729 og Katla f. 1736, g. m. Knut Sjurson Ronve.

Brynjulv Torleivson g. m. Ingebjørg Jonsdr. Kyte, døydde ,1807 og Ingebjørg døydde 1783, 61 år gl. Ved skifte etter henne åtte dei bruk 7 på 2 laup etter auksjonsskøyte 1763 og løysningsretten etter kongeskøyte 1759, alt verdsett 500 rd. Buet eigde og 11/3 mark i Tufto, Vossastr., etter skøyte 1779. Bruttomidel 771 rd. Brynjulv hadde betalt 100 rd. for løysningsretten. Fire born: Torleiv f. 1751, Jon f. 1753, David f. 1755 og Kari f. 1760, g. 1788 m. Steffa Mikkjelson på Skjerve. Jon var sinnssjuk. David døydde fyre 1808 og det var fire born etter han: Ingebjørg f. 1794, Ingerid f. 1797, Kari f. 1800 og Brynjulv f. 1803.

Torleiv Brynjulvson f. 1751 vart g. 1776 m. Barbrå Jonsdr. Store Hornve og døydde 1827. Torleiv fekk skøyte i 1787 på garden og 11/6 mark i Tufto. Barbrå døydde 1836, 87 år gl. Ved skifte etter henne var det seks born: Marta f. 1777, g. m. Olav Olavson Graudo (i Sunnfjord), Brita, g. 1803 m. Nils Larsson på Selheim, Sigvor f. 1781, g. 1807 m. Mikkjel Mik-

--- side 238 ---

kjelson Klyve, Brynjulv f. 1783, Ingebjørg f. 1786, g. 1816 m. Lars Torsteinson Tverberg, Mæringi, Lars f. 1791 (i Nordland). Brynjulv var med i krigen mot Sverike.

Brynjulv Torleivson, g. 1808 m. Ingerid Brynjulvsdr. Tveiti, fekk skøyte frå far sin 1807 og 1821 på garden. Seks born: Barbrå f. 1809, g. 1828 m. Rasmus Åmundson Graudo, Torleiv f. 1816, Steinvor f. 1819, David f. 1822, Jon f. 1825 og Åmund f. 1829. Brynjulv hadde dotteri Guri i 1805 m. Gjertrud Larsdr. Selheim. Guri vart g. 1826 m. Nils Johannesson Grovu (Rd.?). Brynjulv bytte i 1825 m. Anders Torgeirson uti bruk 2 på Nedre Graudo. Han var f. 1787, g. 1813 m. Brita Isaksdr. Gjelle f. 1776 og døydde 1844. Tri born: Marta f. 1813, g. 1835 m. Lars Johannesson Møn (Amerika), Guri f. 1816, g. 1842 m. Nils Larsson Skjerve (Amerika) og Sisselja f. 1819, g. 1840 m. Lars Larsson Bjørku f. 1816. Han gifte seg andre gongen 1856 m. Ingebjørg Larsdr. Mæringi. Båe døydde 1908. Anders Torgeirson var med i krigen mot Sverike.

Lars Bjørku fekk i 1845 skøyte hjå Anders, verfar sin for 950 spd. Med Sisselja hadde han borni Ingebjørg, Brita, Ragnhild, Anders, Anna og Lars. Ingebjørg og Lars hadde borni: Sisselja, Nils, Johannes, Brynjulv og Ingebjørg. Alle borni hans Lars reiste til Amerika sonær som Anders og Nils. Nils er f. 1860, g. m. Trina Nilsdr. Kvåle, Tkb., sjå bruk 4 Eggjareid. Anders Larsson f. 1848 gifte seg 1875 m. Marta Eiriksdr. Nedre Graudo og fekk skøyte på farsgarden i 1895 for 3200 kronor. Anders skøytte 1933 garden til Lars, son sin, for 10 000 kronor. Lars er f. 1878 og g. 1908 m. Anna Oddsdr. Tøn f. 1882.

Bruk 7 var fyrr mtrnr. 115, lnr. 231 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,13, sett ned til mark 5,62 etter at bruk 8 var skilt frå, men dette bruket er i 1908 atter ført saman med bruk 7 og skyldi er difor mark 6,13.

Bruk 8. Øvre Graudo. Det var skilt frå bruk 7 i 1895, men vart ført saman med hovudbruket att 1908.

Bruk 9. Midtmyri. Skilt frå bruk 2 i 1917 med skyld 6 øre. Eigar Lars K. Graudo.

Bruk 10. Graudo. Skilt frå bruk 3 i 1922 med skyld mark 2,75. Eigar: Martin Kristofferson Graudo f. 1891, g. 1916 m. Helga Larsdr. Vik, Øystese, f. 1893.

--- side 239 ---

Bruk 11. Langereina. Skilt frå bruk 5 i 1932 med skyld 14 øre og selt til Anders Ure.

Bruk 12. Langereina. Skilt frå bruk 5 med skyld 7 øre og selt til Arnfinn Markusteigen.

115. Nedre Graudo.

Nedre Graudo var i 1661 på 5 laup og hadde tri brukarar. Der var vedaskog og 2 humlagardar. I matrikkelen 1723 er det same skyldi og tri brukarar. Garden var sers lettvinn og hadde god kornjord. Etter matrikkelen 1838 var det fire brukarar, vedaskog og humlagard. Det var same skyldi som då vart umskrivi til 10 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 1600. Matrikkelen 1865 upplyser at der var 292/3 mål åker, 2 mål natureng, 50 mål god, 35½ mål medels natureng og 41 mål skrapebø. 3½ mål høvde til uppdyrking. Bruk 1-3 hadde ringe hamnar. På bruk 4 var Vårhamni ring, men sumarhamni medels. Skog til husbruk, og bruk 1-3 kunde kvart selja timber og ved årleg for 1 spd. og bruk 4 for 3 spd. Garden var lettbrukt, hadde ingen sers lunnar og var dyrka som vanleg. Uppteljingi 1918 syner at der var 40,7 mål åker, 28 mål kunsteng og 39 mål natureng.

Folketalet på Nedre Graudo var 25 i 1801, 21 i 1865 og 40 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Graudo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 11 14
1723 4 38 36 40
1865 4 29 78 89 64
1918 4 23 54

Allehelgens gods åtte 2 laup i Nedre Graudo 1647. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 1½ pund 1 bukkskinn. I 1649 fekk han ved byte med kongen 2 laup i Nedre Graudo. På dette var det ½ pund smør i leidang, 2½ dalar i skatt, 2½ ort i fornødspengar, 2½ ort i arbeidspengar og 3 ort

--- side 240 ---

8 skill. i avgift til jordeigaren. Leiglendingar var Olav og Lars. Sehested laut lata dette jordgodset til kongen att i 1651. Han selde det so 1657 til Gabriel Marselis. Bispen åtte etter skattemanntali 1652, 1655 og 1659 2½ laup. Jon var leiglending 1652, 1655 og Eirik 1659.

Jon, Eirik Olavson og Per Jonson var leiglendingar i 1661 og betalte tilsaman 7½ rd. i skatt. Bispen åtte 3 laup, og 2 laup var Finnegods. Kvar av dei bygsla burt halve garden. Berre Eirik og Per var brukarar i 1664. Under Apostelgodset er i 1676 ført upp 2½ laup i Nedre Graudo og som Finnegods 2½ laup. Klas Miltzow åtte i 1680 1½ laup og Knut brukte 2½ laup. Bispestolen åtte 2½ laup i 1691 og 3 laup i 1695. Henrik Miltzow hadde fyre 1695 kjøpt dei andre 2 laupi. Mattis og Sjur var brukarar i 1691 og Mattis og Anders i 1695.

Folketeljingi 1701 har ført upp tri brukarar: a. Anders Andersson f. 1665 med sønene Anders f. 1689 og Gudleik f. 1697, b. Hallvard Aslakson f. 1669 og styksonen Olav Sjurson f, 1690, c. soldat Nils Larsson f. 1673 (gift). Anders, Odd og ei enkje var brukarar i 1715.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Graudo. Olav Sjurson f. 1690 bygsla 1 laup 18 mark og gifte seg 1721 m. Anna Monsdr. Norekvål. Båe døydde i 1725 og hadde ikkje born. Korporal Styrk Aslakson. f. 1686, bygsla då garden og var g. for andre gong 1749 m. enkja Marta Larsdr. Då han døydde, gifte ho seg att 1753 m. Mons Hallsteinson Tveito, som då vart leiglending. I 1759 vart han forlikt med eigaren Nils Griis Alstrup um å flytta mot å få ein annan gard i staden. Alstrup skøytte då bruk 1 til Henrik Erlingson Skutle for 250 rd. Same året kjøpte han løysningsretten til garden av kongen for 62 rd. 48 skill. Henrik var fødd 1729, g. 1758 m. Synneva Mikkjelsdr. Tveiti. Han var skulemeister og skulde vera overlag god til å rekna. Ein gong rekna han soleis ut kor mange dropar det var i Skutleskjødnæ, er det fortalt. På Graudo fekk dei borni: Kari 1759, Erling f. 1763 og Brita f. 1761.

Kolbein Larsson f. 1718 kjøpte i 1770 54 mark og vart sidan eigar av heile bruket. Han var g. andre gongen m. Ingebjørg Brynjulvsdr. f. 1724, døydde 1806 og ho døydde 1813 utan born. Med fyrste kona hadde Kolbein to born: Per og Lars. Per var

--- side 241 ---

f. 1773, g. m. Brita Olavsdr. Kvitno og døydde fyre 1807. Dei hadde seks born: Olav, Lars, Sjur, Kolbein, Olav og Brynjulv f. 1786, som 1807 var i bøkkarlære i Bergen. Lars Kolbeinson var på Breivik i Strudshamn i 1807, og var g. 1. 1779 m. Brita Sjursdr. Mosafinn, 2. 1794 m. Steinvor Monsdr. Repål.

Lars Person Graudo fekk i 1805 skøyte på garden frå bestefaren. Lars var f. 1775, g. 1806 m. Sigvor Jonsdr. Klyve og døydde 1864. Tri born: Per f. 1808, Jon f. 1810 og Per f. 1816. Jon fekk garden i 1843 for 400 spd. og gifte seg 1875 m. Brita Sveinsdr. Tverberg f. 1841, men hadde ikkje born. Ho gifte seg andre gongen 1883 m. ekm. Steffa Eirikson Fagnastølen, som døydde 1889. Sjå elles um han på Fagnastølen. Ho Brita selde garden 1882 til Jon Monsson Nedkvitno for 5400 kronor. Jon var f. 1846, g. 1876 m. Marta Persdr. Vinjo og døydde 1925. Seks born: Mons f. 1877 (snikkar i Amerika), Per f. 1881, g. m. Johanna Larsdr. Flatekvål, gardmann på Nedkvitno, død, Halldor f. 1884, Kristi (Amerika), Maria f. 1886 og Marta f. 1891. Halldor vart g. 1917 m. Kirsti Nilsdr. Gjelland f. 1888 og fekk farsgarden i 1920 for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 116, lnr. 232 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 4 skill. Ny skyld mark 3,84, som er sett ned til mark 3,61 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Nedre Graudo. Anders Andersson f. 1665 var leiglending i 1695 på 2½ laup og fekk ny festesetel i 1718 på 2 laup i fyrste tun som Vangskyrkja åtte. Han var son til Anders Torgeirson som budde på Bryn 1657 og 1664. Anders Andersson døydde 1736 og hadde seks born: Anders, Gudleik, Kari, g. m. Viking Rykke, Brita, g. m. Lars Ivarson på Indre Takla, Mari, g. m. Mons Kolbeinson Dale, og Ragna. Anders f. 1686, g. 1718 m. enkja Torbjørg Rasmusdr. Rokne, budde på Lae og Hylle. Gudleik f. 1697, g. 1723 m. Rannveig Larsdr. Bjørku, bygsla Ytre Takla i 1738, som endå er i same ætti.

Henrik Miltzow bygsla i 1738 noko til Lars Gudleikson og noko til Gudleik Larsson. Lars var g. m. Herborg Larsdr. og døydde 1745. Fire born: Gudleik, Tormod, Dordei, g. m. Per Steine, og Marta f. 1718. Som enkje har Herborg sagt upp bygsli i 1749 og fått kår, då Styrk Johannesson Fenno bygsla i staden. Styrk var g. m. Marta Larsdr. og døydde 1750, 50 år gl. Ei dotter Kari var f. 1749. Styrk åtte 3½ spann i Nedre Fenno. Um ovanfor nemnde Gudleik Larson er berre funne at

--- side 242 ---

han hadde desse seks borni: Gjertrud f. 1739, Lars f. 1741, Sjur f. 1744, Olav f. 1751, g. 1780 m. Kari Mikkjelsdr. Seim, Anna f. 1751, og Johannes f. 1754. Jon Olavson har so vorte leiglending og kjøpte 1760 2 pund 6 mark av fru Inger Worm Alstrup og likeins løysningsretten til det.

Sjur Nilsson Nedre Graudo kjøpte 1763 bruk 2, 1 laup 18 mark. Han vart g. 1770 med Rannveig Eiriksdr. Græe og båe døydde 1777, han 47 og ho 34 år gl. Dei hadde to born: Guri f. 1772 og Nils f. 1774. Jon Bjørku kjøpte i 1777 garden på auksjon for 700 rd. Han bytte so med Anders Jonson Kvitno uti 3 mark i Kvitno, Rd. Anders var g. m. Marta Oddsdr. og døydde 1782, 44 år gl. Ved skifte etter Anders var garden med part i Raundalens Almenning taksta 590 rd. Buet åtte og 3 mark i Kvitno, Rd. Fire born: Ivar f. 1770, Odd f. 1777, Gjertrud f. 1781 og Eirik f. 1783. Marta gifte seg upp att 1784 m. Torgeir Torgeirson Løno, som fekk skøyte i 1787 frå kaptein Nils Dahl på bruk 2 med løysningsretten, ein part i Raundalens Almenning og 3 mark i Kvitno, Rd. Torgeir døydde 1818, 58 år gl. og hadde tri born: Marta f. 1785, g. 1807 m. Torleiv Olavson Kyte, Anders f. 1787, g. 1813 m. Brita Isaksdr. Gjelle, og Brynjulv f. 1791. Anders fekk skøyte på farsgarden i 1808 og 1818 og bytte 1825 med Brynjulv Torleivson uti bruk 7 Øvre Graudo. Han skøytte garden med 2 mark i Kvitno til Torleiv, son sin, i 1839 for 400 spd.

Torleiv Brynjulvson f. 1816, g. 1840 m. Kari Hallsteinsdr. Ringheim hadde to born: Ingerid f. 1843 og Brynjulv f. 1844. Torleiv og far hans reiste til Amerika med folki sine. Garden vart seld 1848 til ervingane etter Jon Larsson Alland for 900 spd. Jon var g. 1834 m. Marta Brynjulvsdr. Skjerveggen og hadde butt nokre år på Vike, då dei kom til Graudo. Dei selde att 1863 til Knut Andersson Lae for 1300 spd. og flytte til Tvinno.

Knut Andersson var fødd på Himle 1824, g. 1847 m. Guri Knutsdr. Lae og døydde 1920. Ei tid dreiv han med timberhandel og på sine gamle dagar dreiv han med hellebenk. Seks born: Knut f. 1848, Kirsti f. 1850, g. m. Johannes Erlendson på Lindberg, Anders f. 1852, g. 1885 m. Brita Bjarnesdr. Løno, gardmann på Kinne, Guro f. 1853, g. 1878 m. Eirik Klasson Selheim på Vålo, Sisselja f. 1859, Ragnhild f. 1863, g. 1900 m. Nils Nilsson Øvre Graudo (Amerika). Knut fekk garden hjå

--- side 243 ---

foreldri sine i 1885 for 2400 kronor, var g. 1878 m. Gudve Brynjulvsdr. Kyte og døydde 1926.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 116, lnr. 233 med gamal skyld 1 laup 18 mark. urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 2 skill. Ny skyld mark 3,81, som vart sett ned til mark 3,58 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 3. Nedre Graudo. Hallvard Aslakson f. 1669 var leiglending 1701 på 1 laup 18 mark som bispen åtte. Hallvard var g. m. Ingebjørg Olavsdr. og hadde dotteri Marta og to stykborn Olav Sjurson f. 1690 og Kari Sjursdr. Hallvard sa upp bygsli i 1726 og Jørgen Olavson Hildestveiti bygsla då garden. Han var f. 1698 og g. m. Dønåt Steffadr. Bryn og døydde 1757. Ho døydde 1759, 55½ år gl. Jørgen var lagrettemann i 1737. Dei hadde etternemnde seks born: Dordei f. 1726, Rasmus f. 1728, Tormod f. 1730, Steinvor f. 1734, Brita f. 1736 og Kristi f. 1746. Dordei vart g. 1773 m. Sjur Steffason Bjørku. Tormod gifte seg fyrst 1758 m. Marta Gusskalksdr. Endeve og andre gongen 1776 m. Anna Torleivsdr. Graudo og budde på Brattåker. Steinvor vart g. 1763 m. Askjel Torgeirson Vetla Rokne. Kristi gifte seg 1. 1777 m. Mikkjel Andersson, gardmann på Nedre Lid, Kv., 2. m. Magnus Sjurson Spildo.

Rasmus Jørgenson f. 1728 gift fyrst 1759 m. Gjertrud Arvesdr. Selheim, f. 1738 og vart andre gongen g. 1780 m. enkja Torunn Monsdr. Kvarakvål f. 1725. Ho hadde med fyrste mannen sin, Ivar Knutson, borni Mons, Nils og Lars f. 1770. Rasmus bygsla bruk 3 av bispen. Torunn døydde 1785 og Rasmus 1806. Han vitna i ei sak på Bokkatun i 1790, der det er upplyst at han i 3. og 4. ledd var i slekt med Mons Bokkatun. Med Gjertrud hadde Rasmus fire born: Dønåt f. 1760, død ugift, Jørgen f. 1765, død fyre 1790, Brita f. 1775, g. 1800 m. Torleiv Olavson Bø, Anna f. 1764, g. 1791 m. Åmund Olavson Øvre Graudo f. 1760, som bygsla garden etter foreldri hennar. Åmund bleiv i Bolstadfjorden 1820 og hadde fire born: Olav f. 1793, Jørgen f. 1797, g. m. Barbrå Nilsdr. Selheim f. 1804, budde på Gjelbòrdo, Kristoffer f. 1799, g. 1824 m. Guri Ivarsdr. Melve og Rasmus f. 1804, g. 1828 m. Barbrå Brynjulvsdr. Graudo, husmann.

Olav Åmundson f. 1793, g. 1822 m. Margreta Nilsdr. Nedre Graudo f. 1797, bygsla garden etter foreldri og fekk kongeskøyte på han 1835 for 400 spd. og jordavgift 4 tunnor 5 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg. To born, Jørgen og Olav, er førde upp på skifte etter Olav. Skuldi var større enn midelen. I 1849

--- side 244 ---

kjøpte Lars Larsson Kolvu garden på auksjon for 615 spd. og selde att same året for same pris til Ingebrikt Olavson Vålo. Han gifte seg 1849 m. Rannveig Olavsdr. Midtun, selde garden att 1857 til Guro Olavsdr. Graudo for 780 spd. Ingebrikt kom 1860 til Rjodo.

Isak Larsson Skjelde kjøpte bruk 3 i 1858 for 1100 spd. Han var g. 1854 m. Guro Olavsdr. Liland f. 1828 og døydde 1876, 48 år gl. Guri døydde 1912. Sju born: Lars f. 1856, Olav f. 1858, Brynjulv f. 1862, g. 1895 m. Marta Larsdr. Graudo, Anders f. 1865, Anna f. 1868, g. 1892 m. Nils Nilsson på Fitjo, Knut f. 1871 og Lars f. 1874, g. 1900 m. Kristi Gusskalksdr. Rong, snikkar og huseigar på Graudo. Olav gifte seg 1883 m. Ragnhild Knutsdr. Ygre, fekk garden i 1889 for 2000 kronor, og døydde 1918. Deira son Ivar fekk garden i 1917 for 2400 kronor og gifte seg same året m. Marta Nilsdr. Kvitno f. 1883.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 116, lnr. 234 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 9 skill. Ny skyld mark 4,19, som er sett ned til mark 4,01 då bruk 7 var skilt frå.

Bruk 4. Odd Gudleikson bygsla i 1702 1 laup 18 mark av bispen og budde der og i 1723. Sonen Gudleik f. 1704 fekk garden i bygsel etter faren og gifte seg 1735 m. Gjertrud Olavsdr. Tverberg. Han døydde 1757 og hadde seks born: Arve f. 1736, død ugift, Hallvard f. 1745, gift fyrst 1782 m. Jorunn Arnvedsdr. Nedkvitno og andre gongen 1788 m. Rannveig Ivarsdr. Ygre (Hallvard døydde fyre 1797 og hadde borni Ivar, Olav, Jorunn og Kari, fødde 1785-1797), Lars f. 1747, Olav f. 1751, død 1792 på Seim i Gullfj., Brita f. 1741, død ugift, Kari f. 1743, g. 1766 m. Jon Vikingson Øvre Graudo, skriven for Lirhus 1797. Gjertrud Olavsdr. gifte seg att 1758 m. Lars Kolbeinson Hirt f. 1728. Han døydde 1821 og ho 1792 og hadde ikkje born med han.

Lars Gudleikson f. 1747, g. 1788 m. Inga Olavsdr. Bidne bygsla garden då stykfaren slutta med han. Lars Gudleikson døydde 1830 og hadde fem born: Gjertrud f. 1790, Brita f. 1792, Gudleik f. 1797, Brita f. 1800, g. 1824 m. Sjur Steffason Ygre, og Olav f. 1805. Gudleik bygsla bruk 4 etter foreldri sine og fekk kongeskøyte på det 1832 for 400 spd. og jordavgift 2 tunnor 5 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg. Gudleik vart gift 1824 m. Marta Steffadr. Ygre f. 1801 og døydde 1882. Marta døydde 1847 og ved skifte etter henne var garden verdsett 400 spd.

--- side 245 ---

og nettomidelen var 199 spd. Fem born: Lars, Steffa, Gudleik og Marta, som alle reiste til Amerika, og Inga f. 1814. Ho vart gift 1850 m. Eirik Gudleikson Bø f. 1815. Dei fekk farsgarden hennar i 1852 for 400 spd. Seks born: Marta f. 1851, g. 1875 m. Anders Larsson på Øvre Graudo, Gudleik f. 1853, Gjertrud f. 1856, g. 1883 m. Ivar Ivarson Lydvo, som bur på Bø, Tkb. bruk 3, gardsnr. 109, Lars f. 1858, Eirik f. 1862, g. 1901 m. Gjertrud Johannesdr. og fekk garden Lindberg med henne, Brita f. 1865, g. 1898 m. Åmund Janson Skjerve på Rene. Gudleik vart g. m. Brita Knutsdr- Lirhus, fekk skøyte på farsgarden i 1910 for 2000 kronor og døydde 1928. Deira son Eirik f. 1879, g. 1901 m. Guri Johannesdr. Lindberg fekk garden i 1923 for 4000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 116, lnr. 235 med skyld som bruk 3. Den nye skyldi er sett ned til mark 3,96 etter at bruk 8 er skilt frå.

Bruk 5. Skilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 23 øre etter oreigning av jarnbanen.

Bruk 6. Skilt frå bruk 2 i 1910 med skyld 23 øre etter oreigning av jarnbanen.

Bruk 7. Skilt frå bruk 3 i 1910 med skyld 18 øre etter oreigning av jarnbanen.

Bruk 8. Skilt frå bruk 4 i 1910 med skyld 23 øre, etter oreigning av jarnbanen.

Husmenn på Graudo.

Styrk Aslakson f. 1686 er førd som husmann i 1701. Faren må ha vore husmann og var vel nyleg død. Sjå um Styrk på bruk 1 Nedre Graudo. Torgeir Olavson f. 1761, g. m. Brita Knutsdr. hadde i 1801 borni Knut f. 1791, Olav f. 1793 og Torbjørn f. 1796. Rasmus Åmundson, g. m. Barbrå Brynjulvsdr. hadde døtterne Anna f. 1828, Ingerid f. 1830 og Marta f. 1837. Anders Jonson, g. m. Gjertrud Nilsdr. fekk sonen Nils i 1850. Svein Knutson var g. m. Ranveig Knutsdr. og hadde sonen Knut f. 1854. På plasset Syningane på Øvre Graudo budde Anders Larsson og kona hans Synneva Olavsdr. Deira son Viking f. 1819 g. m. Anna Mikkjelsdr. Markusteigen f. 1816 og død 1892 hadde plasset Grauahagen like ved Syningane. Deira son Anders var f. 1850. På Nedre Graudo bruk 4 har vore plasset «Ner i Haugo».

--- side 246 ---

Stølar åt Graudagardane.

Øvre Graudo hadde ikkje støl i 1723. Øvre Graudo bruk 1-3 og 7 har gamal stølsrett på Longereino ovanfor Tufto, Vossastr. og bruk 5 har støl på Graoset tett ved. Desse stølane har ikkje vore brukte på lenge. Berre bruk 3 hamnar smalen sin der. Bruk 1 har Tverbergsstølen, som det er fortalt um på Øvre Rykke. Bruk 2 stølar på Kytesstølen på Langedalen, som Nedre Kyte fyrr åtte. Bruk 5 har kjøpt støl på Grytestølen og bruk 7 på Eggjareid.

Fyrste og andre tunet på Nedre Graudo hadde kvar sin støl ei mil frå garden er det sagt i 1723. Nedre Graudo bruk 1, 3 og 4 har no støl i Moldaliæ og bruk 2 på Kvitno, Rd.

For burt imot 300 år sidan fekk Nedre Graudo løyve hjå Smaogaringane (Grovegrendi) i Raundalen å byggja seg støl på eggi ovanfor Moldaliæ. I kalde sumrar var det surt og ufyse der. Dei fekk då lov til å flytta seli sine ned i Moldaliæ mot at Smaogaringane skulde få kyrkjedauren på Graudo (middag når dei kom or kyrkja). Det førde til at Smaogaringane vart meir og meir inntrøngde, og ved ei stor rettssak ikring 1800 vart fastslege at Smaogardane skulde få lov å beita nokre dagar haust og vår nede ved elvi. Vetlestølen ovanfor Fagnastølen høyrer til bruk 1, 3 og 4, og vert brukt til smalahamn.

Hans og Bjarne Kjønnagard og Botolv Hemre stemnde i 1703 Gitle, Viking og Torleiv Graudo for neverflekkjing i stølsskogen åt saksøkjarane. Graudamennene påstod at nevri var flekt i deira eigen skog. Saki vart vist til åstadrett. Olav Gitleson, Per Knutson, Torleiv Brynjulvson og Viking Knutson reiste i 1732 sak mot Ivar Eirikson og Halldor Kollbeinson Kjønnagard. Graudamennene påstod at dei var eineeigarar av stølen Longereino, og dei fekk medhald i domen. I 1733 har atter vore sak med Kjønnagard um stølsbeite.

Det skal ha vore ein fæl strid millom vossane og strendingane i gamle dagar um hamni på Langedalen, er det fortalt. Vossane bygde seg stølshus eit stykke ovanfor der Vetlestølen no er. Strendingane reiv husi ned att og brende dei upp. Graudane bygde sel midt nedi Kjønnagardslidene, men han Ingebrikt Kjønnagard fekk grannane med seg og reiv seli ned og brende dei. Graudane bygde sidan lenger uppe.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Graudo i 1661 eller 1723, men i

--- side 247 ---

1776 og 1791 var det 4 på Graudo og 1 på Nedre Graudo står det. Ein av Graudamennene hadde for ikring 150 år sidan kvern i Tønagroæ. Alle bruki på Øvre og Nedre Graudo har havt kvern i Svinaonæ til slutten av 1800-talet.

Gravhaugar.

På Graudo skal der ha vore 13 gravhaugar. På bruk 10 Øvre Graudo skal vera ein sers forvitneleg gravhaug. Ein gravhaug på Nedre Graudo skal vera freda.

Offentlege forretningar.

Åstad- og synsforretning over åker og eng var halde 1713 på Øvre Graudo og merkeskilforretning 1771. Hagen vart då skift og husi på garden skift millom Knut Vikingson og Knut Olavson. Den eine fekk stova og den andre eldhuset og loftet. I 1778 og 1779 har og vore forretning. Forretning um stølsmarki åt Nedre Graudo 1760, og sidan sak med Dukstad um stølen Longereino. I 1782 gjorde Gitle Knutson Repål semje med Knut Olavson, Knut Vikingson og Brynjulv Øvre Graudo um vegar og gjerde i utmarki millom Repål og Graudo. På Øvre Graudo var steiningsforretning 1805. Sak um stølen Moldaliæ i 1806. Bruk 2 Nedre Graudo hadde i 1798 gjort semje um beiting på stølen, og bruk 3 hadde i 1801 fredlyst Vetlestølen og Moldaliæ. Seinare var det sak mot Gjerdåk, 'godviljug utskifting på Øvre Graudo 1827 og på Nedre Graudo 1832, overtakst 1848, semje um merkesgjerde 1851, odelstakst 1855 og utskifting 1895. På Nedre Graudo var jarnbanetakst 1899 og utskifting av innmarki 1903 og 1905.

Ymse.

Knut Vikingson som skifte garden millom to av sønene sine i bruk 1 og 2 på Øvre Graudo, skulde vera ein velhalden mann. Han bad mennene som skulde skifta garden, ned i kjellaren for å traktera øl på dei og tappa av ein uvanleg liten kagge. Då mennene hadde fått noko i toppen, gav dei fintord til Knut for di at han som var so gild ein mann hadde so liten ølkagge. Knut lest ikkje gå, berre tappa og dei drakk til dei vart liggjande. Då dei vakna att, spurde Knut um dei enno tykte kaggen var for liten. Det hadde seg so at Knut hadde eit stort ølkjer gøymt i veggen attum den vesle kaggen. Det er fortalt at det var so stort at sidan ein gong tok dei den eine gjordi og sette i eit grindastøde på Osgjerd og eit heilt brudefylgje reid gjenom henne.

Dei gamle har fortalt at det vart bygt fyrst på Øvre Graudo. Seinare vart etterkvart skilt frå Nedre Graudo, Tundal og Osgjerd.

Det skulde vera eit tak sist på 1700-talet at ungdomen på Graudo skulde vera so fæle til å spela kort og sat uppe heile natti. Ein kveld dei sat og spelte på florslemmen, datt eit blad gå golvet. Det kom ein katt og tok til å spela seg med kortbladet.

--- side 248 ---

Då dei skulde ta bladet att, tok det til å loga og frasa av katten og so kvarv han burt. Det sette støkk i dei, og «Grauakjetto» vart mykje umtala i bygdi.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Graudo.

Olav Øvre Graudo 1738 tavle 5 nr. 90. Viking Øvre Graudo 1717 t. 5 nr. 91. I 1750 er teikna eit anna bumerke. Anders Nedre Graudo 1725 t. 5 nr. 35. Torleiv Øvre Graudo 1726 t. 5 nr. 92, noko brigda i 1727. Gudleik 1736 t. 5 nr. 93. Gitle Olavson 1750 t. 5 nr. 94, brigda i 1751. Jørgen 1753 t. 5 nr. 95. Mons Nedre Graudo 1758 t. 5 nr. 96. Jon 1759 t. 5 nr. 97. Ivar Nedre Graudo 1766, 1771 t. 5 nr. 98. Brynjulv Øvre Graudo 1766, 1780 t. 5 nr. 99. Sjur Nedre Graudo t. 5 nr. 100. Rasmus Nedre Graudo 1776, 1784 t. 5 nr. 87, mykje brigda 1786. Lars Nedre Graudo 1780 t. 5 nr. 88. Knut Olavson Øvre Graudo 1780 t. 3 nr. 81. Knut Sjurson 1781 t. 5 nr. 89, brigda 1782. Knut Vikingson 1784 t. 5 nr. 101.